Viser arkivet for stikkord jordbruk

Coop sitt samfunnsansvar?

Frå Coop.no:

Coop tar samfunnsansvar
Presset på naturressursene øker, miljøproblemene vokser og forskjellen mellom fattig og rik blir større. Disse utfordringene må varehandelen forholde seg til.

Som en stor samfunnsaktør og leverandør av varer og tjenester kan Coop påvirke alt fra produksjon til markedsføring. Vi har derfor et ansvar for å gjøre vårt for å påvirke samfunnsutviklingen i riktig retning.

Bærekraftig utvikling
Det er nedfelt i vårt verdigrunnlag at Coop skal vise omtanke for mennesker, dyr og miljø, og arbeide for en bærekraftig samfunnsutvikling. Alle våre valg og handlinger skal være knyttet til dette løftet. For at en virksomhet kan kalles bærekraftig, må tre forhold tilfredsstilles:

1. Økonomisk sunn drift
2. Miljøriktig og miljøtilpasset opptreden
3. Etisk og sosial hensyntagen, for eksempel overfor medarbeidere eller produsenter i utviklingsland

(…)

Eg registrerar at økonomisk sunn drift vert nevnt først. Jordøyding burde skurre kraftig mhp. punkt nr. 2.

Kvifor ikkje heller satse grunnleggande på bærekraft, være eit føregangsføretak, og sjå på kjøpekrafta som handlekraft, i alle dets tydingar – evna til å handle bærekraftig (ikkje berre kjøpekraftig) handlar om haldningar – aktive haldningar som utgangspunkt for handlingane.

Kvifor ikkje sette seg føre å vise verda eit grundig og godt eksempel på handlekraftig bærekraft med utgangspunkt i sunn, heilheitleg forvalting av kjøpekrafta?

Eg er ikkje motstandar av handel, men veldig for at vi skal handle med aktive haldningar, mtp. både varehistorikk og føretakslogikk.

Om Coop er litt ditt, så kan du seie nei, om samfunnsansvaret er i ferd med å svinne hen.

Kvar vil vi med jordbruket?

«Kjøp jord, dei lager ikkje meir av det» lyder eit kjent sitat frå Mark Twain. Og i det er sjølvsagt ein grunnleggjande sanning med ein lokal aktualitet: Den jorda vi bygg ned får vi ikkje att. I det moderne Noreg har vi kanskje og gløymt andre sanninger: at maten vi et kjem frå jorda, og at føresetnadane for alt menneskjelig liv her i landet startar med at nokon snur, sår og dyrker jorda. Vi kan ikkje leve på olja aleine.

Her på vestlandet dyrker ein ikkje menneskjemat, ein dyrker gras til dyrefôr. Difor har eg av pedagogiske årsaker ein minikjøkkenhage i ein kasse slik at poden skal lære at salaten ikkje veks ut av hylla på Rema 1000. Det er naudsynt når den jorda som ein gong fødde vestlendingene med korn og potet no vert slått til silogras, og alt anna enn kjøt og melk blir produsert i andre deler av landet eller i utlandet. Menneskje vert fjerna fra sitt eige eksistensgrunnlag, og den livgjevande dyrkbare jorda vert uten omsut lagt under betong og asfalt for (i den store samanhengen) kortvarige vinster. Dette er resultat av statlege føringer, og ein trugsel mot matsikkerheten i store deler av landet.

Men også husdyrproduksjonen står i fare. Gardsbruk etter gardsbruk vert lagd ned, og bøane gror att. Miljøpartiet Dei Grøne vil ikkje være med på den statleg administrerte nedbygginga av det vestlandske jordbruket. Dei etablerte partia på stortinget har svikta. Kva har senterpartiet eigentleg gjort for den vestlandske gardbrukaren gjennom snart åtte år i landbruksdepartementet anna enn å være med på å akselerere nedlegginga? Problemet med SP er at dei har låst seg til ein forelda tankegang og utdaterte perspektiv. Miljøpartiet Dei Grøne representerer ein ny grøn kraft i norsk politikk, med eit heilskapleg og nyskapande syn på alle politikkfelt. For oss er solidaritet med komande generasjonar, med natur og dyr og med menneskje i andre land bærande prinsipp som styrer politikken. Det betyr mellom anna at samfunnet og økonomien må byggja på reell berekraft som tek utspring i naturressursane og naturens evne til å halde oppe menneskjeleg aktivitet over tid. Og alt startar med maten vi et.

Matproduksjonen må være berekraftig. Det løyser vi best ved å dyrke mat etter økologiske prinsipp. Det gjer også den beste kvaliteten og smaken på maten. Maten vi et er elles ofte full av plantevernmedel og andre giftsstoffer, og kunstgjødsel tømmer lagra av fosfor som vi kan råke tom for i vår levetid. Difor vil vi fjerne merverdiavgiften på økologiske varer, og sette som mål at offentlege matinnkjøp skal innehalda 50% økologiske varer innen 2017. Økologisk produksjon betyr også strengare krav til dyrevelferd. Det er ein sentral sak for MDG. Vi har ikkje rett til å påføre dyr unødig liding for å dekke behov som ofte er meir innbilte enn reelle. Miljøpartiet Dei Grøne meiner vi som forbrukarar må betale meir for maten for å sikre ein berekraftig produksjon som tek dyrevelferd på alvor. Men staten skal og bidra med styrka overføringer til dei bøndene som driv berekraftig og som steller godt med dyra. I område som er utsatt for rovdyr, ynskjer MDG å bruke store penger på å sikra sameksistens mellom rovdyr og beitedyr. Rovdyrgjerde i utmark og gjeting er tiltak vi ynskjer å satse på. Det vil og auke sysselsettinga i landbruket.

For Miljøpartiet Dei Grøne er matvareberedskap ein viktig sak. Vi meiner dagens beredskap står til stryk, for vi er berre sikra i den grad transport av matvarer kan gå som normalt på vegene. Beredskapen er ikkje berekna på å handtere større vanskar enn langvarig streik, noko regjeringens utval for matvareberedskap sjølv seier. MDG er bekymra for livsgrunnlaget her vestpå om ufred, økonomisk krise, miljøkatastrofer eller naturkatastrofer skal råke landet. Vi overlev ikkje lenge på silogras, og kornlagra har myndighetene avvikla. Miljøpartiet Dei Grøne vil auke selvforsyningsgraden av korn, poteter, frilandsfrukt og grønsaker, melk, kjøt og egg. Fôr, gjødsel og såfrø må med i berekningsgrunnlaget for selvforsyningsgraden. Vi vil attinnføre beredskapslagring av korn for minst eitt års forbruk. For å nå dei måla, må mykje av den beste dyrkingsjorda i vår landsdel leggjast om frå grasproduksjon til korn og grønsaksdyrking. For å kompensere må melk- og kjøtprodusentane belønnast for å ta i bruk utmarka att.

Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer å attskape ein meir naturleg knytning mellom konsument og maten han et. Vi vil fremme nye driftsformer som andelslandbruk, der kunden investerer i avlinga til bonden om våren og kan være med å hauste avlinga direkte. Det kuttar fordyrande mellomledd, og gjer bonden sikring mot dårlege avlingar. Vi har og trua på at etterspurnaden etter parsellar til eigen grønsaksdyrking vil auke om støtteordningar kjem på plass. Utleige av slike parsellar kan verte ein attraktiv attåtnæring for mange bønder, og kaste meir av seg enn dyrking av gras på same areal. Vi ynskjer å starte med dei små og gje alle skoler og barnehager tilgang på parseller til grønsaksdyrking. Men viktigst er Miljøpartiet Dei Grønes generelle politikk for jordbrukssubisidier som er langt meir offensiv enn den som Sp forfekter og vi er ikke redde for å skryte av det. Vi veit vi må snu utviklinga for jordbruket om vi skal sikre livsgrunnlaget her i landet, koste hva det koste vil. Difor vil vi ha som mål med landbruksoverføringane at eit årsverk i landbruket skal avlønnast tilsvarande ein årsløn for andre fagarbeidarar. Det handler om å sikre maten vi et, det handler om å sikre jorda mot nedbyggjing og attgroing, det handler om å skape levedyktige vilkår for vestlandsjordbruket.

For Miljøpartiet Dei Grøne er ikkje landbruket noko vi kan velje vekk. Det er den viktigste næringa vi har, og vi må vakte og styrke han mot kortsiktige interesser. Nei sel ikkje jorda, og bygg han ikkje ned. – Dei lagar ikkje meir av det.

Tor Øyvind Westbye
1. Stortingskandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane.

Verdas største takfarm på Brulandsvellene?

( Billedtekst: Hengande hagar på Hafstad? Montasje: Bjørn-Are Vollstad. Basert på modellfoto av Asplan Viak, tidlegare presentert i Firda )

Coop Vest ønskjer å etablere ein omfattande handelspark på Brulandsvellene i Førde. Fleire fortvilar over stadig nedbygging av matjorda, og mange fryktar for utarming av sentrum. Målet er mellom anna å stagge handelslekasjen ut av fylket, til Ålesund og Åsane.

Kva med om ein byggjer matjorda opp istaden? Rett og slett hevar jorda opp på takflatene, som ein likevel kan tenke seg vert liggande ubrukte? Kva med å anlegge verdas største takfarm på Brulandsvellene, midt i fylket?

Brooklyn Grange Farm i New York hevdar å ha verdas største takfarm, på ca. 6500 kvm. Ved hjelp av Førde kommune sitt kartverktøy på nett finn eg at Coop Extra sitt takareal åleine utgjer 7500 kvm. Sjølvsagt er ikkje alle takareal dimensjonert for å tåle all slags bruk, men om dette vert tatt med i planlegginga, så kunne Coop Vest sin handelspark, om den blir realisert, faktisk bli unik.

Det skal seiast at New York City Economic Development Corporation (à la Sunnfjord Næringsutvkling?) jobbar for å etablere ein endå større takfarm, på heile 20000 kvm, 20 mål, på taket til eit matvaredistribusjonssenter i Bronx, New York. Her held 119 private grossistar til, som forsyner eit omland på 23 millionar mennesker, med kjøtt, fisk, grønnsaker etc. Og etterkvart kanskje eigenprodusert frukt og grønt rett frå taket, kun ein heistur unna.

I ein heilt anna skala, men likefullt med eit viktig omland, kan prinsippet godt overførast til Sunnfjord. Det samstemmer godt med Coop sine visjonar om nytenking og samfunnsansvar, bærekraft, nærleik til marknaden og forbrukarane. Coop kunne drive takanlegget, eller bøndene sjølv. Slik kan ein gi tilbake det arealet som går med til bygningar og parkering.

Ein kunne tenke seg at det kunne etablerast ein Folkehage i tillegg, som nevnt i Firda for ei tid sida, med hageparsellar for både fastbuande, køyrande og syklande gartnarspirer. Avstanden til Kronborg Ressurshage er kort, og Førde Camping ville komme betre ut. Kva med å anlegge sykkelstiar som klyv opp på takflatene? Dette er gjort før, er slett ingen umulighet, og ville gi nye perspektiv.

Det er ikkje slik at ein må velge enten handelspark eller jordbruk, det går an å få til begge deler. Dei hengande hagane på Hafstad er innanfor rekkevidde. Brulandsvellene treng ikkje forseglast fullstendig med asfalt og takpapp, det er faktisk muleg å forvalte området annleis.

Samvirketanken er sterk, den må ikkje forsvinne, men stadig dyrkast vidare!

Bjørn-Are Vollstad
Arkitekt & kjartanistansk sakshandsamar

Vi treng ei ny landbrukspolitikk

Sidan den raud-grøne regjeringa overtok i 2005 har det blitt 5000 færre bønder i Noreg. Det bør være klårt for dei fleste at Senterpartiet i regjering verken har hatt ambisjoner eller evne til å stanse denne utveklinga. Senterpartiet er blitt Austlandsbondens parti (og knapt nok det), på tross av alle fagre løfter til småbrukarane på Vestlandet.

Miljøpartiet Dei Grøne ser på nedlegginga av bruk på Vestlandet som ei katastrofe. Landsdelen gror att, og mykje av grunnlaget for turismen står i fare for å forsvinne om fjordlanskapet gror att meir. Vi i Miljøpartiet er opptekne av at grunnlaget for sjølvforsyning ikkje må forvitre. Vekstøkonomien i verda er ikkje bærekraftig, ei heller oljenæringa. Tida vil komme før ein anar det då vi her i Noreg vil få bruk for all den jordbruksproduksjonen vi kan mønstre.

Primærnæringane er nettopp det: den primære næringa. Jordbruket er grunnlaget for liv her i landet, det verker det som om folk har gløymt. Det er ikke slik at vi i Noreg kan kjøpe oss ut av alle problemer. Klimaendringane som kjem kombinert med befolkningsauke vil mellom anna få konsekvenser for verdas matproduksjon. Vi ser at land som Russland stansar eksporten av korn i år med dårleg haust, som i 2008 da det vart opprør over matvareprisane i mange av verdas land. Neste gong hausten vert dårlig, tydar alt på at vi vil oppleva det same igjen. Då har vi gått på limpinnen så det suser om vi ikkje kan fø eiga befolkning på maten vi sjølv produserar.

Miljøpartiet Dei Grøne ser med bekymring på særleg nedbygginga av jordbruksjord. Tilgrodd mark er det mogleg om enn kostbart å rydde til dyrkbar mark att, men nedbygd jord får en ikkje att. Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer ei langt strengare fredning av dyrka mark, og serleg den beste jordbruksjorda under marin grense. Den er det ikkje mykje av her i fylket, og det er den som er hardast utsett for attbyggjingspress. Miljøpartiet Dei Grøne vil kreve at utbyggjarane må erstatta nedbygd mark med det doble arealet av same kvalitet ein annan stad.

Miljøpartiet Dei Grøne vil gjere det lønsamt å drive i jordbruket, gjennom ei total omlegging av støtteregimet. Systemet vi jobber for er målretta mot å auke løna for eit årsverk i jordbruket opp til industriarbeidarnivå. Det er den mest offensive jorbrukspolitikken noko parti går inn for. Vi ser at jorbruket er naudsynt for å gi livsgrunnlag til bygdene og grendene utøver landet, og vil gjera det som trengs for å sikre bonden ei anstendig løn for arbeidet.

Tor Øyvind Westbye
Stortingskandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane.

Laksekakser og andre bønder

På Firdas framside 19. mai får vi sjå ein «spent og øsen eigar bak rattet på ein 106 år gammal Maxwell». Deretter får vi vite at lakseoppdrettar Alex Vassbotten i Eikefjord har over 30 eksklusive veteranbilar i garasjen. Redaksjonen i Firda synast tydeligvis at det er gode nyhende å la Vassbotten få demonstrere kor latterlig rik han har blitt av å selge oppdrettslaks, samstundes som fylkets bønder aksjonerer for ein levelig avkastning fra sin næring. Ei melkebonde kunne i morgensendinga til NRK Sogn og Fjordane fortelle at ho kunne ta ut 15.000 kr i månadslønn frå det toppmoderne samdriftsfjøset til 9 millioner kroner som nylig vart satt opp. Det kan synast som ein veldig dårleg investering. Kanskje vi skal spørre Vassbotten kva for avkastning ein hadde fått for 9 millioner om ein hadde investert det i oppdrettsnæringa? Mon tro kva han har i månadslønn? Nok til å kjøpe nok ein 106 år gammal Maxwell? Nei, vent! Han vil ikkje ha to biler frå same år. Den måtte blitt noko eldre den neste da.

Kvifor denne sammenligninga kan du spørre. Er den ikkje åpenbar? Begge produserer jo mat og tilhører primærnæringa. Samstundes står dei overfor totalt ulike vilkår i sine næringer. Bøndene har mista kontroll over verdikjeda og står att med omtrent same råvarepris nå som i 1985 for sine varer. Fortjenesta er det matindustrien og butikkjedene som tek. Lakseprisen på si side har svingt mykje, men det har vore svært mange gode år for næringa, og svært mange oppdrettseigarar har blitt rike. Men der tradisjonell landbruksnæringa særleg på Vestlandet stort sett er bærekraftig og ikke overbelaster naturen, har oppdrettsnæringa vekse på bekostning av miljøet og det biologiske mangfoldet. Villaksen er truga av utrydding som genetisk rein art, og produksjon av fôr til oppdrettslaksen har ført til en overbeskatning av mange villfiskarter. Vi er kort sagt i ferd med å ete oss ned i næringskjeden i havet. Rømming av oppdrettsfisk, sykdom og lus samt kloakkslam som legg seg på havbotn er fleire av dei problematiske sidane ved oppdrettsnæringa. Dette er det ikkje eg som finn på, men det er blant konklusjonane i ein rapport fra Norsk Riksrevisjon (jmf. Riksrevisjonens undersøkelse av havbruksnæringa, dokument 3:9 (2011-2012))

Poenget er at i Noreg tjener man ikkje penger på å drive bærekraftig. Det er om å gjøre å hente opp mest muleg ressursar frå havet på kortast muleg tid, enten det dreier seg om olje og gass, eller oppdrettslaks. Begge næringane har store avkastningar og er viktige for det norske handelsoverskottet, men begge næringane utarmar naturen på kvar si måte. Og den som trur at vi kan leve på oppdrettslaks i ein internasjonal matvarekrise tek grundig feil. Før den tid vil truleg næringa ha fiska hava tomme for småfisk, og være nøydd til å fore fisken med erter og soya, nett slik vi forar slakteoksane. Då vil dei måtte importere kraftfôr frå dei same marknadene som anna kjøttproduksjon, og den importen vil opphøre om eksportlanda ser seg nøydde til å heller ete maten sjølv. Mange undersøkelser tydar dessuten på at kvaliteten på fisken vil bli mykje dårlegare med vegetabilsk fôr. Laksen er jo frå naturen ein rovfisk. Ikkje rart Vassbotten og dei andre i næringa hentar ut det dei kan. Om nokon år kan det være slutt på billig fôr i form av småfisk i sjøen, og da er det greit å ha tatt ut den avkastninga som er mogleg.

Så kva skal vi med lakseoppdrettarane? Kva er det vi ofrar villaksen og småfiskbestandane i havet for? At vi skal ha ein kakse på annenkvart nes langs kysten som kan bygge seg opp sine private veteranbilsamlingar? Om 50 år kan heile næringa være borte, truleg er den det. Men jorbruksproduksjonen vil være der. Så kan bøndane gå saman og spleise på drifta av Eikefjord veteranbilmuseum, om ikkje arvingane til Vassbotten heller vel å selje bilane slik at dei kan sette potet, mjølk og brød på bordet.

Tor Øyvind Westbye
Fylkesleder i Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane.

Gjennomslag på landsmøtet for endring av Høgres landbrukspolitikk!

Bjørn Lødemel

Det er svært oppmuntrande å sjå at godt politisk handverk gjev resultat! Sogn og Fjordane Høgre fekk gjennomslag for at Høgre skal støtte ordninga med jordbruksforhandlingar – samt ein landbrukspolitikk som m.a. strekar landbrukets viktige rolle for busetting og næringsverksemd landet over.

Vi har sendt inn endringar til programmet ved alle høve og nytta sentrale konferansar til å samle støtte til vårt syn. Etter å ha hatt tett kontakt med andre fylkeslag fekk vi fullt gjennomslag på landsmøtet. No har Høgre ein god og heilskapleg landbrukspolitikk, og det blir ei god sak å ha med seg i valkampen, seier stortingskandidat og fylkesleiar Bjørn Lødemel.

- Sogn og Fjordane Høgre har gjennom fleire år jobba langsiktig med fokus på politisk arbeid med landbrukspolitikken. Blant tiltaka er eige landbrukspolitisk seminar i Naustdal desember 2006, og landbrukspolitisk utval innan fylkeslaget. Vi har også hatt ein god dialog med landbruks-organisasjonane i fylket, sluttar Bjørn Lødemel av.

SJÅ DESSE NETTSAKENEDEN FRÅ ABC-NYHETER ER MED HARALD KVAME, NAUSTDAL:
ABC Nyheter
http://www.nationen.no/landbruk/article4318642.ece


DOKUMENTASJON: * Konkret går dette på desse tinga:

01. Landsmøtet vedtok ei positiv formulering om landbrukspolitikken:
Landbruket utgjør et viktig fundament for bosetting og kulturlandskap i Norge, men legger også
grunnlaget for annen næringsvirksomhet landet over. Derfor må næringen og statlige myndigheter legge til
rette for fortsatt modernisering av driften slik at næringen blir best mulig rustet for fremtiden. Høyre mener staten fortsatt skal gi økonomisk tilskudd til landbruket, men slike tilskudd må være mer målrettet og mindre byråkratisk enn i dag.

- Denne er nesten identisk med innsendt framlegg frå Sogn og Fjordane Høgre.

02. Vidare strekpunktet om jordbruksforhandlingane:
Høyre vil
- erstatte de årlige landbruksforhandlingene med en konsultasjonsordning mellom myndighetene og
landbrukets organisasjoner.

Dette punktet vart stroke i ei spennande røysting. Dette er difor ikkje lenger gjeldande politikk for Høgre – jfr. klare innspel frå m.a. Sogn og Fjordane Høgre.

FOR FLEIRE KOMMENTARARKONTAKT DESSE LANDSMØTE-UTSENDINGANE:
- Stortingskandidat og fylkesleiar Bjørn Lødemel (er ordførar i Hornindal kommune) har tlf. 917 77 488
- Leiar i landbrukspolitisk utval/1. fylkesnestleiar Arve Harald Mjømen tlf. 905 48 175
- Nestleiar i landbrukspolitisk utval/varaordførar i Naustdal Harald Kvame tlf. 950 80 294