Viser arkivet for stikkord kapstad

Kapstad tek feil om miljøkonsekvensar.

Eg hadde bestemt meg for at eg hadde sagt mitt om fjorddeponiet. Men straumen av feilinformasjon ser ikkje ut til å ha nokon ende. Bjarte Kapstad skriv her i avisa 17/1-14 om “millionar av tonn med miljøskadelege massar i Førdefjorden”. Eg utfordrar Kapstad på å underbyggje denne påstanden. Kva miljøskadelege komponentar er det han tenkjer på? Kva slags miljøskader er det han ser for seg? Kan han vere meir konkret?

Eg meiner at Kapstad tek grundig feil. Det finst ikkje faktagrunnlag for påstandane hans. Når han skriv at sjødeponiet kjem til å skade andre næringar i regionen, er dette og ein påstand som eg trur han slit med å dokumentere. Det same gjeld konsekvensane for reiselivsnæringa. Det er reine spekulasjonar.

Eg trur eg vil vere litt for siktig med å bruke den britiske marinbiologen Callum Roberts som ekspert i denne samanhengen. Måten han uttalar seg på, tyder på at han ikkje har sett seg godt nok inn i saka. Han uttalar seg svært lite konkret og lite nyansert. Saman med den sterke ordbruken hans meiner eg at dette svekkar truverdet hans kraftig. Det er flinke vitskapsfolk med langt betre kunnskap om dette konkrete prosjektet som meiner noko heilt anna.

Kapstad byggjer påstandane sine og standpunktet sitt på sviktande grunnlag.

Faktum i denne saka er at vi langt på veg kan dokumentere at dei negative konsekvensane av fjorddeponiet ikkje vil bli spesielt store. Det kan leggjast konkrete rapportar på bordet som viser dette. Kvar er rapportane som underbyggjer motstandarane sine påstandar?