Viser arkivet for stikkord klima

Fremtiden tilhører superbonden

På verdens matdag 16. oktober lanserer Utviklingsfondet en kampanje vi har kalt: Superbonden. I den sammenheng oppfordrer Inger Jangård oss til å fortelle verdens fattige småbønder at de like godt kan gi opp før de har begynt, i Firda Posten fredag 11. oktober. Med sin kommentar kan det virke som hun tror at Utviklingsfondet ønsker at fattige småbønder skal forbli fattige. Dette er milevis unna sannheten.

Det finnes omkring en halv milliard småbønder i verden. Mange av dem er fattige og driver under trange kår. Som så mange andre bønder klarer de ofte ikke å leve av det de produserer på gården, men må forsøke å skaffe andre inntektskilder. Noen av småbøndene er avhengige av mathjelp for å ha nok mat til seg og familien i løpet av et år. Klimaendringene har de senere årene skapt ekstra utfordringer for denne gruppen bønder. Småbøndene i Utviklingsland er blant dem som merker ekstremværet best på kroppen. Uforutsigbare regntider og voldsom tørke kan ødelegge livsvilkårene for småbonden.

Utviklingsfondet har rundt 60 prosjekter rettet mot fattige småbønder i Etiopia, Somalia, Malawi, Nepal og Mellom Amerika. I prosjektene våre jobber vi med klimarobuste og bærekraftige landbruksmetoder. Vi ser at avlingene øker og at bonden blir bedre rustet i møtet med klimaendringene.

Utviklingsfondet har lang erfaring med å jobbe med kooperativer. I flere av våre prosjekter går bønder sammen i kooperativer hvor det organiseres gunstige lånesystemer eller videreforedling og salg av det som produseres. Det er viktig for oss at bøndene selv kan tjene på det de produserer så det blir penger til alt fra skolegang til helsetjenester. Vi jobber også med å styrke bondeorganisasjoner både lokalt og internasjonalt. For oss handler kampen mot fattigdom både om økt produksjon for den enkelte, men også om å styrke småbondens rettigheter slik at de kommer ut av fattigdommen.

Så hvorfor velger Utviklingsfondet å nominere verdens småbønder til de nye superheltene?

Småbønder i fattige land produserer i dag en stor del av maten til sin egen befolkning samtidig som de merker de dramatiske klimaendringene bedre enn mange andre. I arbeidet med å utvikle et klimarobust landbruk som kan stå i mot ekstremværet og klimaendringene, er småbøndene viktige endringsagenter både for å bekjempe fattigdom og for å sikre at det fortsatt blir produsert nok mat.

Fattige småbønder er ofte åpne for bærekraftige jordbruksmetoder blant annet fordi de ikke har råd til dyre maskiner, kunstgjødsel eller plantevernmidler. Det betyr at de ofte benytter billige metoder som beskytter jordsmonnet, lagrer klimagasser i jorda og tar vare på økosystemet rundt dem. Bærekraftig landbruk er arbeids- og kunnskapsintensivt, men kan allikevel gi gode inntekter, samtidig som det gir motstandskraft mot klimaendringer og trygghet mot avlingssvikt.

Når vi spør superbonden Fitsumbran fra Etiopia kan hun fortelle at hun nå dyrker grønnsaker og frukttrær i åkeren sin. Hun samplanter forskjellige sorter og har også fått husdyr i form av geit og ku, ved hjelp av et lånefond. Hun har lært å kjenne markedet i den nærmeste byen og tjener penger på produktene sine. Det samme gjelder Francisco i Nicaragua. Han er med i et kooperativ og dyrker også etter bærekraftige metoder, hvor han etterligner naturens eget mangfold, og har over 30 ulike sorter på gården sin. Dette er en arbeidsintensiv metode som gir resultater.

Internasjonale rapporter peker på at jordbruket er en del av klimaløsningen. Men for å innføre bærekraftige jordbruksmetoder kreves det kunnskap, jordbruksveiledere og internasjonal satsing. Småbøndene må vite hvilke arter som gir nitrogen til jorda, hvilke sorter som utnytter næringsstoffene best og hvilke sorter som ikke konkurrerer med hverandre. I deler av Asia har noen bønder fått denne typen opplæring, og har sluttet å sprøyte avlingene sine med dyre plantevernmidler. De bruker i stedet ender eller fisk i risåkeren som tar seg av innsekter og ugras. Disse kan også selges og avføringen fungerer som gjødsel. Disse bøndene har fått opp til 20 % høyere avling, mindre gift i nærmiljøet og opp til 80 % høyere inntekt.

Med høyere inntekter på avlingene og større trygghet mot ødeleggende klimaendringer vil fattige bønder verden over – og barna deres – få nye valgmulighter. Deres innsats er med på å skaffe sunn, ren og trygg mat. Det er derfor vi sier at fremtiden tilhører småbonden, matprodusenten og økologien. Superbonden er rett og slett morgendagens helt.

Høgt spel med klima og velferd

Jens Stoltenberg spelar eit høgt spel med både norsk økonomi og verdas klima.

Vi er viss på at Jens Stoltenberg pleier å lese tidsskriftet The Economist. Difor er vi også sikre på at han har lest artikkelen «Yesterday’s fuel» som er denne ukas hovudsak. Artikkelen handlar om olje, og den er illustrert med ein dinosaur ved en bensinpumpe. Artikkelen konkluderer med at den globale etterspurnaden etter dei sorte dråpane kan byrje å falle i løpet av eit par år. Vi trur at Stoltenberg satte kaffen i halsen da han las artikkelen. Han har jo satsa alt på at dette ikkje skulle skje. Norske politikare har gjort velferda avhengig av oljepenger og gambla på at vi kan halde fram å leve i lykkelig oljerus. 

Men nå er det ingen tvil om at det energipolitiske verdsbilete er i ferd med å endrast. I forrige uke skreiv tidligare Høgre-rådgiver og oljedirektør Terje Osmudsen i Stavanger Aftenblad om at “reisen ut av oljealderen må starte nå”. Om lag samstundes skreiv avisa Nationen om den tyske energirevolusjonen “Die Energiewende” som har bidratt til å skipe to millioner fornybare arbeidsplasser. Kor lenge skal Noreg halde fram å satse alt på oljeindustrien?

Ingen protestar frå Stortingspartia
Oljemeldinga som vart vedteke av Stortinget i 2011 gjekk gjennom utan protestar frå nokon av stortingspartia. Meldinga peiker i ein heilt anna retning enn både The Economist, og Angela Merkels energipolitikk. I praksis låser den Noreg til fortsatt oljeavhengighet i tiåra fram mot 2040, og slår fast at enorme ressursar skal brukast på å leite etter meir olje og gass. Dei årlege investeringane på norsk sokkel er allereie i ferd med å passere 200 milliarder kroner og de dyktigaste ingeniørstudentane har lenge utdanna seg til å jobbe i petroleumsnæringa. Samstundes forvitrar konkurranseevna i det landbaserte næringslivet. Den etablerte fastlandsindustrien, med Sødra Cell Tofte som nyeste eksempel, tapar kampen mot det skyhøge oljesmurde kostnadsnivået. Regjeringen spelar eit høgt spel med norsk økonomi.

Det er ikkje overraskande at stadig fleire ser nytta av ein kursendring. Forrige sommer fekk artikkelen “Global Warming’s Terrifying New Math” stor oppsikt. Tala syner at atmosfæra ikkje tåler meir enn 565 nye gigatonn CO2, før vi bryt med det internasjonalt anerkjende togradersmålet. Den same artikkelen syner at verdas olje- og energiselskaper har funne reservar som inneheld fem ganger meir CO2 enn klimaet tåler. Det betyr at omkring åtti prosent av dei kjende reserva av fossil energi må bli liggjande i bakken. Det betyr også at vi allereie har funne meir olje og gass enn vi kan ta opp. Då ser vi utfordringa som Jens Stoltenberg burde tatt stilling til for lenge sida: Kva er meininga med å leite etter enda meir olje og gass – når verda allereie har funnet alt for mykje? Vi utmanar særleg Høgre og Arbeiderpartiet til å svare oss på dette spørsmålet.

Ein ny energipolitikk
Dei Grøne vil iverksette ein norsk Energiewende. Vi vil føre ein politikk som planlegger for eit scenario der verda lykkes i å løyse klimakrisa. Kva er alternativet? I ein grøn framtid vil omstillinga til fornybare løysninger for transport, matproduksjon, energiproduksjon, og andre sektorer bli den viktigaste vekstnæringa av alle. Difor er vi opptekne av å finne næringar som tek vare på kompetansen frå petroleumsindustrien inn i ein bærekraftig økonomi. Slik kan Noreg halde fram å være verdsleiande på fleire områder, også etter at oljealderen er slutt.

Men då må vi starte omstillinga umedelbart. Ved å stanse åpning av nye felt, med sikte på full utfasing av oljeindustrien innan 20 år, vil vi skape stabile forventningar og redusere kostnadspresset i økonomien. Bare eit mangfold av nye ideer, teknologier og verksemder kan settje oss i stand til sette i verk ein rekke grep som bedrer foresetnadene for gründere, småbedrifter og entreprenører.

Noregs hodeløyse satsing på olje og gass kan sende både norsk økonomi og verdas klima i grøfta. I åtte har har den sittjande regjeringa gjort Noreg meir oljeavhengig. At høgresida, med Erna Solberg i spissen, går til valg på å fortsette langs det samme blindsporet understreker behovet for eit grønt gjennombrot i norsk politikk.

Tor Øyvind Westbye
1. kandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane.

Å styre unna det varmare, våtare og villare

Verda og menneskeætta står ovanfor enorme problem som til tider kan sjå uløyselege ut. Kva gjer ein? Kva gjer ein når havnivået stig, når verda mest liknar eit grått hôl og når forbruket til oss egoistiske menneske aukar meir enn aldri før? Me kan ikkje lene oss tilbake og tru at reddande englar skal hjelpe oss ut av klisteret. Eit kvart menneske på denne jorda har sitt ansvar, og det må me skjøne.

Innan 2050 må verda redusere klimagassutsleppa med 50-85 prosent dersom me skal hindre konsentrasjonen av CO2 i atmosfæren å overstige 450 ppm. Kun slik kan me hindre ei verdsomspennande oppvarming på meir enn 2 grader °C. Dette vil krevje store teknologiske framsteg.

Noreg sine utslipp av klimagassar på om lag 12 tonn CO2-ekvivalentar per innbyggjar er mellom dei høgaste i verda. Norsk energibruk per innbyggjar ligg over gjennomsnittet i OECD-land. Det er òg eit faktum at 20 prosent av befolkninga brukar 80 prosent av jorda sine ressursar. Allereie her startar det urettferdige. I kva tunnel skal ein sjå framover?

Fornybart. Ordet er “fornybart”. Bruke energi slik at atmosfæren ikkje vert som fleire dundyner rundt jorda – jorda må få puste. Kvifor ikkje nytte meir fornybar energi? Er me redde for å tenkje nytt og ta i bruk nye metodar? Er det nye farleg for oss? Noreg har dei beste tilhøva for å verte eit leiande fornybart energi-land. Men likevel ligg me bakpå og nyttar oss av ein liten del av det me kan nytte oss av.

Vindenergi, ofte i form av vindmøller, kan hjelpe oss å produsere straum for befolkninga – ei evig energikjelde. Men det kostar å konstruere, og vindmøller skapar ofte ein ubalanse i det biologiske mangfaldet.

Bylgjeenergi er eit godt alternativ. Ved å utnytte dei store rørslene i havet, kan me produsere store mengder med elektrisk energi – sett vekk frå at bylgjeenergi er særs krevjande og dyrt. Høgdeskilnaden mellom flod og fjære kan ofte variere frå fem centimeter, ti meter og opp til heile femten meter. Desse høgdeskilnadene kan me utnytte for å produsere elektrisk energi.
Ein kan òg utnytte den frigjeringa av store mengder av energi når ferskvatnet frå elvane møter havet – denne utnyttinga kallast saltkraft. Sjølv om Noreg har nokre av dei beste tilhøva til å drive med saltkraft, er det framleis på prøvestadiet.

Sola er kjelda til alt liv, og sola er ein viktig faktor i naturprosessar på Tellus. Men ein kan òg ta i bruk sola direkte. Stader der det ofte er eit temperert klima og behaglege varmegrader, har ein byrja å nytte seg av solcellepanel. Solcellene har den eigenskapen at når dei vert trufne av sollys, så vert det frigjort elektron frå materialet. Då er det sjølvsagt at solcellepanel produserer mest straum når det er varmast. Framtida for solcellepanel i Noreg er då ikkje så lønnsam her, sidan Noreg ikkje har så sterkt sollys.

Drivstoffet som me nyttar her i verda kan, på sikt, ikkje halde fram med å vere fossilt brensel. Det er gode alternativ til det fossile. Eg meiner at ein burde gjere det endå meir populært og attraktivt med biodiesel og det å bruke hydrogen som brennstoff. Forsking og innovasjon på dette området kan hjelpe oss fleire store steg i klimautfordringane me står ovanfor. Eit tiltak som òg må realiserast, er og i større grad å leggje opp skatte- og avgiftssystemet slik at det kostar å forureine og er lønnsamt å opptre miljøvenleg. Avgiftsfordelane i dag ved kjøp og bruk av nullutsleppsbilar må førast vidare, og avgiftssystemet for køyretøy må i større grad stimulere til låge utslepp.

Det er mange alternativ – difor meiner me i Høgre at me må byrje å tenkje bêrekraftig – med nye idear og betre løysingar. Høgre ynskjer å styrkje forskinga på miljø og klima, særleg innanfor fornybare energikjelder, energiøkonomisering, karbonfangst og -lagring. Me meiner òg at Noreg skal ta eit særleg ansvar for utvikling av klimavennleg teknologi.

Egoisme er vår verste fiende, men me veit ikkje det endå. I dette tidspunkt nyt me egoismen. Har me tenkt på kva ilt den gjer oss og våre etterkommarar? Klimautfordringane me står ovanfor er som når me skal velje kva me skal studere – ein har eit hav av moglegheiter som gjer at du vil lukkast. Eller du vel å ikkje sjå havet med moglegheitene, og berre sitje der med skjegget i postkassa og ikkje utdanne deg. Me er utanforståande, global oppvarming og ein øydelagd drivhuseffekt er altfor abstrakt for oss menneske. Me veit ikkje kva det er godt nok til å kunne forandre vår levemåte – og me veit ikkje kva som kjem til å møte oss. “Framtida” – eg får frysningar nedover ryggen. For eit skummelt ord.
“It is too late to be a pessimist.”

Lise-May Sæle
Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre

Klimaseminar i Sogndal

I eit avis referat frå seminaret går det fram at klimaforskarane vil ha folk til å tru at mengda CO2 menneska slepper ut i lufta bestemmer temperaturen på jordkloden. Tiltak mot auka CO2 utslepp skal etter påstander frå forskarane føre til at temperaturen på jorda berre skal auke med to grader dei neste 100 åra. Det vart også i avisa hevda at me hadde hatt dramatiske endringar i klimaet dei siste 100 åra. Særleg dei siste åra. Me må 3,2 milliardar år attende for å finne eit tilsvarandes klima.

Kva er dette for tøv?

Det har ikkje vore noko dramatisk endring i klimaet dei siste 100 åra. For tre tusen år sidan var her så varmt klima at det vaks ein stor eikeskog her eg bur på Massnes. Eg har funne restane av den i ei myr og har fått dette datert. Me veit også at det har vore så mildt klima i Norge at det har vore skog på Hardangervidda. Og at Jostedalsbreen var heilt vekksmelta. Den kom attende ved den kuldeperioden som kom på 16 og 1700 tallet og vart kalla den vesle istida. Etter dette har isbreane gått attende.

Det har aldri vore påvist at temperatursvingingane på jorda har noko med menneskeskapte CO2 utslepp å gjere eller mengda CO2 som finst i lufta eller vatn. Det forundrar meg derfor mykje at professorar og forskarar vil skjemme ut sitt gode navn og rykte med å prøve å innbille vanlige folk at storting og FN kan vedta kva temperatur me skal ha dei neste 100 åra.

Det må no vere påtide å fatte vedtak om å få slutt på pengestraumen til desse forskarane. Og få slutt på klimakvotesvindelen og alle CO2 avgiftene som tek knekken på både naturen og næringslivet i landet vårt.

Asbjørn Massnes
Kystpartiet i Sogn og Fjordane

Magne Dvergsdal om klima, tru og vitskap

Korleis kan ein tru at vi kan pøse ut i atmosfæren millionvis av tonn CO2 og andre drivhusgassar, år etter år, i aukande takt, utan at dette får konsekvensar?
Samansetjinga av atmosfæren har vore målt sidan 50 talet og ved å analysere mange tusen år gamal is frå Grønland og Antarktis, kan ein finne ut korleis atmosfæren og klimaet har endra seg gjennom svært lang tid. Som ein kunne vente har innhaldet av CO2 i atmosfæren auka i nyare tid i takt med aukande forbrenning av fossilt brensel. Krinsløpet mellom dyr som pustar oksygen og gir frå seg CO2 og plantar som brukar CO2 og gir frå seg oksygen, er frå naturen si side i balanse, men når vi i løpet av ein kort historisk periode brenn opp kol og olje som har lagra seg gjennom millionar av år, kjem systemet i ubalanse og konsentrasjonen av CO2 i lufta aukar. Endå meir skremmande er det at havet, som tek opp store mengder CO2, også kjem i ubalanse. Det er registrert auka surheitsgrad i havet, noko som kan bli svært alvorleg for livet på jorda. Dette er ikkje spekulasjonar, Magne Dvergsdal, dette er målingar som stemmer overeins med teoriane til klimaforskarane og med sunn fornuft: Korleis kan ein tru at vi kan pøse ut i atmosfæren millionvis av tonn CO2 og andre drivhusgassar, år etter år, i aukande takt, utan at dette får konsekvensar? Når vi så kan konstatere at temperaturen på jorda aukar i takt med auka innhald av CO2 i atmosfæren, så skal ein vere meir enn skeptisk om ein ikkje vil sjå at det er ein samanheng. Magne Dvergsdal påstår at temperaturen på jorda aukar ikkje, men det gjer den og raskare enn tidlegare klimaendringar som ein kan sjå spor av. Sidan rundt 1970 har temperaturkurva stige brattare enn før. Vi kan også registrere andre teikn på klimaendring: Isen rundt Nordpolen og på Grønland smeltar raskare enn ein hadde rekna med. Permafrosten i Sibir og Nord-Amerika tinar og slepp ut store mengder metan som er ein endå farlegare drivhusgass enn CO2. Vi ser auka frekvens og auka styrke i ekstremvær fleire stader på kloden, osv.

FN har samla dei fremste vitskapsfolka frå mange land i sitt ”klimapanel” som med få års mellomrom går gjennom forskingsrapportar frå heile verda, og trekkjer konklusjonar. Ein ny rapport frå klimapanelet er venta i år og vil endå tydelegare enn før konkludere at stigande temperatur på jorda er menneskeskapt. Vitskapsfolk er varsame med å påstå noko som dei ikkje kan prove 100%. Difor heiter det at det er ”overveiende sannsynlig” at global oppvarming har samanheng med menneskeleg aktivitet. Magne Dvergsdal meiner at vi ikkje kan godta forklaringa før den er ”100% sikker”, men då er det for seint. 100% sikre prov har ein kanskje ikkje før ein har målt temperatur og registrert verknader over lang tid, kanskje hundrevis av år. Då er det kan hende ikkje så mange som har nytte av kunnskapen. Tiltak må setjast inn no og det går smått. Mest kritisk er det å få med dei største utsleppsnasjonane, Kina og USA, men også her i landet går det sakte. Det er grunn til å etterlyse sterkare engasjement både frå politikarar, presse og folk flest. Klimaskeptikarar som Magne Dvergsdal gjer så godt dei kan for å få folk til å stikke hovudet i sanden: ”Kanskje blir det ikkje så gale, – i alle fall ikkje i vår tid.”

Dvergsdal hevdar på den eine sida at temperaturen ikkje stig. Det er feil. Så hevdar han at dersom temperaturen stig likevel, så er det bra for matproduksjonen! Det er også feil. Berre nokre få grader auka medeltemperatur vil auke spreiinga av ørken og føre til meir ekstremvær og flaum til stor skade for matproduksjonen på jorda. Mange hundre mill menneskje bur i utsette områder t.d. i dei store elvedeltaene i varme klimasoner. Når havet stig, vert dei klimaflyktningar. Kanskje vil Nord-Europa oppleve ein straum av innvandrarar som er større enn det vi nokon gong har sett og ganske mykje større en det som flokken til Magne Dvergsdal vil setje pris på?

Men heldigvis har vi oljen?

I torsdagens utgave av Dagbladet fikk vi vite at SSB venter rekordinnvesteringer i olje- og gassektoren i 2013. På fredag fulgte kommentator Stein Aabø opp med en artikkel der jubelen over den fabelaktige norske økonomien står i taket. Vi burde selvsagt være glade for at Norge ikke er i Spanias sko men Aabøs ukritiske hyllest av den norske oljeøkonomi er allikevel en skivebom. For hvilke konsekvenser har det egentlig når norsk velferd i store trekk er basert på en boom i oljeindustrien og økt privat forbruk?

Olje, olje og enda mere olje
Etter en uke med halleluja-stemning under oljemessen i Stavanger og Ola Borten Moes uansvarlige utspill om oljeboring helt opp til nordpolen skulle man tro at det var på tide med en liten pause i oljeeuforien Så feil kan man ta. Vi har knapt rukket å fordøye forargelsen over forrige ukes ukritiske mediedekning av oljemessen før SSB legger frem tallene om framtiden til norsk økonomi. I 2013 vil investeringene i olje- og gassektoren være på rekordhøye 204 milliarder kroner. I stedet for å undres over at miljønasjonen Norge ser ut til å ha blitt oljenasjonen Norge velger Stein Aabø nærmest å omtale oljenæringen som en forutsetning for et velfungerende samfunn. Det er et faresignal.

Velferd nå og i fremtiden
Vi er glade for at Norge ikke har 50 % ungdomsledighet og for at den norsk stat ikke trues av å drukne i sin egen gjeld. Vi erkjenner også at aktiviteten i oljesektoren har bidratt til at Norge idag er i en bedre finansiell situasjon enn de fleste andre land i verden. Det vi reagerer på er mangelen på refleksjon over faremomentene ved at norsk økonomi blir stadig mer avhengig av en fossil ressurs. At det er farlig å basere økonomien sin på en enkelt næring har mange land illustrert gang på gang. Dersom oljeindustrien fortsetter å vokse i dagens tempo vil Norges økonomi bli ekstremt utsatt for svingninger i verdens oljemarked. De færreste synes å ville innse er at oljen vil ta slutt. Både klimapolitikk og sunn fornuft tilsier at en fossil ressurs har en utløpsdato. Derfor kan dagens oljepolitikk komme til å koste Norge, og verden, dyrt.

Ola Borten Moe gambler med både miljøet og norsk økonomi.

Medan Statoil jublar over enda eit oljefunn i Nordsjøen, møtes oljebransjen i Stavanger for å diskutere moglegheitene for olje- og gassutvinning i Arktis. På gjestelista står, blant andre, olje og energiminister Ola Borten Moe. Ola Borten Moe vil åpne dørane på vidt gap for oljeselskapar som ynskjer å utvinne olje og gass i de sårbare havområda i Arktis. Det er høgt spel ettersom forsikringsselskap som Lloyds ikkje ynskjer å forsikre selskap som vil drive petroleumsvirksomhet så langt mot nord, på grunn av risikoen for ulykker.

Ein ulykke vil være øydeleggjande for det maritime økosystemet, og dei utfordrande værforholda vil gjere det svært vanskelig å stoppe oljesøl. I tillegg vil Statoil kunne lide store økonomiske tap og, aksjeverdien på selskapet stupe på børsen. Norske skattebetalere vil bli sittande med regninga. Det er svært uansvarlig av Ola Borten Moe å ikkje ta innover seg konsekvensane av eit oljebonanza i nordområda.

Borten Moe spelar russisk rullett med både miljøet og fellesskapets verdier. Verda har allereide funne langt meir olje og gass enn klimaet tåler. Ein internasjonal klimaavtale som hindrar farlege klimaendringar vil difor fjerne etterspørselen etter den dyre arktiske olja. Det er skremmende at regjeringa er villig til å investere milliarder av kroner i prosjekter som forutsetter at vi mislykkes i løse klimakrisen!

Issmeltinga av Arktis vil gjere det mogleg for oljeselskap å utforske og bore etter olje og gass stadig lenger nord. 25% av verdens uoppdagede olje- og gassforekomster ligger i Arktis-regionen. Ifølge Lloyds vil det investeres 580 milliarder kroner i arktiske farvann de neste ti årene.

Oppblåst klimakrise

I Firda fredag 11. mai har fylkesleiaren i Miljøpartiet Dei Grøne et innlegg som angriper Magne Dvergsdal for å ”reprodusere gammalt tøys fra andre klimaskeptikarar”. Som andre rettroende i klimadebatten truer fylkesleiaren med ragnarokk på linje med atomkrig om vi ikke følger anbefalingene til majoriteten av verdens klimaforskere. Han etterlyser fakta i debatten og her skal han få fakta som forhåpentligvis han redusere skråsikkerheten han uttrykker i diskusjonen med Dvergsdal.
Det er klimamodellene som spår katastrofale temperaturøkninger, ikke virkelige målte temperaturdata. Modellene har feilet fullstending i sine forutsigelser. På tross av rekordhøye CO2-utslipp har ikke global temperatur økt i det hele tatt i det årtusenet vi nå er inne i. Når observerte data ikke stemmer med modell, så er modellene feil. Dette er et grunnprinsipp i all vitenskap. Direkte økning av global temperatur som følge av dobling av CO2-innhold i luften, er beregnet til ca. 1 grad. Laboratorieforsøk viser mye mindre økning, men det er omstridt om de er overførbare til jordens klimasystem. Klimamodellene opererer med mange ganger høyere effekt av CO2 på temperatur, typisk 3-6 grader. Dette oppstår via såkalt positiv tilbakekobling i modellene som multipliserer opp effekten av CO2. Andre klimaforskere mener det er negativ tilbakekobling som vil føre til høyst en halv grads oppvarming ved dobling av CO2. En slik negativ effekt kan komme fra mer skydekke siden høyere temperatur gir mer vanndamp i luften. Dette samsvarer med at et hvert system som utsettes for forandring, vil motsette seg dette (LeChatelier´s prinsipp).
Den manglende effekten av CO2-økningen tyder på at klimakrisen er modell- og medieskapt heller enn en reell krise. Den er jo også nyttig for de politikerne som har skapt seg en velgerplattform på klimaspøkelset.
Det virkelig uheldige med fokuset på en innbilt klimakrise er at den tar vekk fokus fra de alvorlige utfordringene menneskeheten står foran. Den mest alvorlige er den eksplosive befolkningsøkningen som fører til store miljøødeleggelser, avskoging, sosial uro, folkevandringer og krig om ressurser. Reint vann er allerede en mangelvare, olje og gass vil om et par tiår være en mangelvare, og matforsyning kan når som helst bli et globalt problem. Også i vår norske boble fører klimafokuset til mange dårlige beslutninger som bruk av milliarder til testsenteret for CO2 på Mongstad, elektrifisering av sokkelen, vindmølleparker og skogplanting i unike fjordområder osv. Spørsmålet man bør stille seg er: Hvor lenge skal man bær havre til en død hest?

Vannkraftplan for Sogn og Fjordane – et uferdig produkt?

”Regional plan for vannkraft” er for tiden til behandling i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Høringsfristen er formelt ute, og planen er nå til administrativ behandling. En første politisk drøfting vil trolig skje i fylkesutvalget i desember mens endelig politisk behandling vil trolig skje rett over nyttår. Etter å ha gått gjennom planen vil jeg gjerne peke på tre grunnlegende svakheter ved planen: (1) Planen klarer ikke å gripe fatt i den viktigste miljøutfordringen knyttet til småkraftutbygging; nemlig sumeffekten. (2) Planen har ikke tatt hensyn til mulige virkninger av klimaendringer. (3) Planen omtaler ikke (og godtgjør derfor ikke) mulige effekter av økt utbygging ifht reduksjon av klimagassutslipp.
Planen gir ingen vurdering av sumeffektene. Her er virkelig ordtaket ”mange bekker små…” relevant. En viktig del av miljøproblematikken rundt småkraftutbygging vil være å få belyst nettopp sumeffekten. I de fleste tilfeller vil de enkeltvise effektene være svært små, mens det er sumeffekten av mange utbygginger som er den viktige problematikken. Det å utvikle en metodikk og så utnytte denne til å gjøre systematiske vurderinger framstår som den viktigste miljøutfordringen knyttet til småkraftutbygging. I dag fins det ingen slik metodikk og det gjøres ingen slike systematiske vurderinger. Nasjonale myndigheter (NVE) har erkjent dette problemet, og på sett og vis skjøvet utfordringen ”nedover” i systemet. I planen er tematikken om sumeffekter drøftet, men det er ikke gitt noen anvisning om hvordan dette skal vurderes. Også her skyves ansvaret for å vurdere sumeffekter ”nedover” ved at det overlates dette til kommunene, men da har man redusert sumeffekter til en lokal problematikk. Dermed mister man den vesentligste siden ved sumeffekten; nemlig de sumeffektene som kan oppstå ut over det lokale nivået (eks langs Sognefjorden, eller for fylket sett under ett).
Sumeffekter er et flerdimensjonalt begrep. Det gjelder i første omgang summen av de fenomener som studeres (altså summen av vannkraftutbygginger) over et relativt stort geografisk område (og da oftest større enn en kommune). Videre gjelder dette summen av de fenomener som studeres og andre beslektede inngrep; i dette tilfellet summen av inngrep som i dag gjøres i mer eller mindre urørt natur: nemlig vannkraftutbygginger, vindkraftverk på land, de nye store hytteutbyggingsprosjektene og de nye kraftledningene (”monstermaster” og liknende). Dette er en sumeffekt som virkelig er langt unna å bli vurdert systematisk.
Klimatilpasning er nylig satt på den nasjonale dagsordenen gjennom ”Flæteutvalget” og deres NOU om klimatilpasning. Temaet er også aktualisert gjennom Fylkesdelplan for klima og miljø. Innen vannkraftutbygging er klimaendringer også et viktig tema. Spørsmålet her er hvordan klimaendringer kan tenkes å påvirke vilkårene for vannkraftproduksjon. Småkraft er i stor grad er styrt av smelting av snø (og i noen grad breer) og nedbør om sommeren og høst. Dette er faktorer som kan endre seg relativt mye. Og her er det svært viktig å være klar over at for Vestlandet er det er stor variasjon mellom like sannsynlige framskrivinger av nedbør. Forventa nedbørsendring om vinteren i 2050sammenlignet med perioden 1961-1990 varierer for eksempel mellom – 5,8 % og + 14,7 . Om sommeren varierer anslagene mellom – 8,2 % og + 9,9 %. Grunnen til den store variasjonen er usikkerhet om hvordan det dominerende lavtrykksmønsteret kan komme til å bli. Dette er en grunnleggende usikkerhet som raffinering av klimamodeller sannsynligvis aldri vil kunne klare å fjerne; det er en usikkerhet vi må leve med og planlegge i forhold til. For temperaturframskrivinger er variasjonen mindre. Her varierer anslagene mellom + 0,7 grader og + 2,5 grader om vinteren og + 1,2 grader og + 2,5 grader om sommeren.
Disse endringene vil påvirke flere forhold som er viktig for vannkraftproduksjon, først og fremst usikkerheten omkring framtidig produksjonspotensial. Umiddelbart framstår tallene over som et økt potensial for vannkraftproduksjon, men dette bildet må justeres ut fra lokale forhold og ut fra type vassdrag. Bresmeltingen vil øke såpass mye at enkelte mindre breer eller brearmer kan forsvinne, som igjen vil endre den direkte avsmeltingen og lokale nedbørsforhold (mindre lokal nedbør knyttet til nedkjøling fra isbreer). Vassdrag som produserer hovedsakelig om sommeren vil kunne få mindre vanntilførsel, mens det motsatte kan skje for vassrag med mye produksjon om høsten og vinteren. Disse forholdene er altså ikke vurdert i planen. Slik sett kan man også hevde at vannkraftplanen ikke er i tråd med Fylkesdelplan klima og energi, som har som ett av sine mål at fylkeskommunen nettopp skal innarbeide hensyn til klimaendringer i all sin planlegging.
Et mer overordnet problem, som riktignok ikke omtales eksplisitt i plandokumentet, er spørsmålet om den klimapolitiske legitimiteten til fornybar energiutbygging. Det blir ofte vist til at fornybar energi vil kunne føre til reduserte klimagassutslipp ved at den erstatter fossil energi. Det er imidlertid i dag ingen virkemidler som sikrer dette. Tvert om kan det hevdes at økt tilførsel av energi til samfunnet vil gjøre utfordringen å omstille til et karbonfritt samfunn enda vanskeligere. Det er berettiget grunn til å hevde at det ikke er nok tilgjengelig energi innenfor akseptable miljøhensyn som både kan erstatte dagens fossil energibruk innen de tidsfrister som klimaforskerne gir oss og samtidig tillate oss en fortsatt vekst i energibruken. Denne erkjennelsen ligger til grunn for at EUs klimapolitikk også har et mål om redusert energiforbruk (- 20
), ikke bare reduserte klimagassutslipp og økt produksjon av fornybar energi. En slik erkjennelse er så langt ikke del av norsk klimapolitikk. Inntil virkemidler etableres som garanterer at hver ny kwh fornybar energi tilført samfunnet faktisk erstatter eksisterende fossil energibruk, risikerer vi derfor at ny tilført mengde fornybar energi bare kommer i tillegg til – ikke istedenfor – dagens fossil energibruk. Dermed blir den klimapolitiske legitimiteten for utbygging av ny fornybar energi i Norge svekket.

Utsatt månelanding er ingen skandale

I leder i Firda 15. mai omtales Stoltenberg-regjeringens utsettelse av CO2-rensingen på Mongstad som en miljøskandale. Det er det ikke. Skandalen er at prosjektet ble startet opp. I tillegg til de astronomiske økonomiske og teknologiske utfordringene forbundet med rensing, komprimering, transport og lagring av CO2-gassen, taler også de miljø- og ressursmessige aspektene mot prosjektet. Naturgass er en begrenset og ikke fornybar ressurs. Overalt utenfor Norge betraktes naturgass som en svært miljøvennlig energibærer fordi den bare gir tredjeparten så stort CO2-utslipp som samme energimengde produsert fra kull. Rensing, komprimering, transport og lagring av CO2 fra gasskraftverket krever så mye energi at effektiviteten til kraftverket omtrent halveres. Man må derfor doble forbruket av naturgass for å produsere nok energi. Teknologien representerer således et gigantisk misbruk av begrensede og ikke-fornybare ressurser og vil aldri bli anvendt utenfor Norge. Lagringen representerer også mange uløste teknologiske problemer. Rein CO2 i væskeform lagret under høyt trykk og temperatur under Nordsjøen, er en agressiv kjemisk substans som vil reagere med mineraler i omgivelsene. Dette kan føre til kraftig redusert lagringskapasitet gjennom tilklogging av porene i bergartene som CO2-en skal lagres i og i verste fall nedbryting av skallet som skal holde CO2-en på plass. Vattenfall i Sverige, BKK og andre industrielle aktører har lagt vekk sin satsning på gasskraftverk basert på naturgass med CO2-rensing. Månelandingen på Mongstad har vært begrunnet med hensynet til global oppvarming, men ”Climategate”-affæren og ny forskning har avdekket at bidraget fra CO2 for den globale oppvarmingen både er overdrevet og usikkert. Observerte temperaturdata underbygger heller ikke forutsigelsene om mange graders oppvarming i vårt århundre. Utsettelsen på Mongstad er således en seier for fornuften og miljøet og regjeringen, og oljeministeren fra Sp spesielt, fortjener ros for sin avgjørelse. Neste skritt bør være at Mongstad-prosjektet skrinlegges. Vi bør heller bruke våre ressurser på å delta i utviklingen av nye energiformer som gradvis kan redusere behovet for verdens begrensede gass- og oljeressurser.

Olav M. Kvalheim, Standnes, Gaular.

Sprekker klimaboblen ?

Sprekker klimaboblen?

Olav M. Kvalheim, Standnes

Den såkalte klimakrisen er en av de store valgkampsakene i år. Man kan knapt åpne en avis eller se en nyhetssending på TV uten at man får et innslag som skal underbygge at menneskeheten er på sikker vei mot dommedag som en følge av CO2-utslipp. I et leserinnlegg i Firda på torsdag hevder Jon Farestveit fra Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane at ”Det er ikkje tvil om at klimaet er i endring og at temperaturen på jorda stig.” Lenger nede i innlegget konkluderer han med at ”klimaendringene trugar heile vår eksistens.” Her er Naturvernforbundet på linje med miljøvernminister Erik Solheim som nylig uttalte at klimaendringene utgjør en dødelig trussel. En usannhet blir ikke sannere om den gjentas mange ganger. Faktum er at global temperatur (GT) ikke har økt de siste 8-9 årene. Data fra alle klimasentrene som beregner GT viser samme trend: GT steg fra slutten av 70-tallet, men flatet ut i 2001 og har de siste årene vist svak nedgang. Det har vært stadig stigning i CO2 både i årene før og årene etter oppvarmingsperioden 1979-2001. Naturlige klimavariasjoner må altså være betydelig sterkere enn virkningen av økt innhold av CO2 i atmosfæren. I følge klimamodellene til FNs klimapanel skulle vi hatt en stigning på ca. 0.3 grader siden 2001, mens vi nå altså i stedet er på vei nedover. Det store avviket mellom teori og observasjoner har ført til at stadig flere setter spørsmåltegn ved påstanden om at vi er på vei inn i en menneskeskapt klimakrise. I Geophysical Research Letter forklarer den verdensberømte klimaforsker og professor i meteorologi Richard Lindzen ved Massachusetts Institute of Technology (MIT) det store avviket mellom teori og observasjon med at klimaets følsomhet for CO2 kun er en sjettedel av det FNs klimapanel har operert med i sine modeller. I klartekst betyr dette at en dobling av CO2 i vårt århundre kun gir en økning på en halv grad i GT! Dette står i sterk kontrast til Klimapanelet som opererer med anslag på 3 grader og oppover. Klimapanelets modeller feiler bl.a. fordi de ikke har klart å inkludere naturlige endringer i skydannelse (vanndamp) på en riktig måte. Betydningen av skydannelse (relatert bl.a. til variasjon i kosmisk stråling) har vært påvist eksperimentelt av den danske astrofysiker Henrik Svensmark, men Klimapanelet har vært lite villig til å gå inn i problemstillingen. Men nå innrømmer selv klimaforskere som har vært sterkt engasjert i utarbeidelsen av rapportene fra Klimapanelet, at deres modeller ikke har vært gode nok. På en konferanse i Geneve arrangert av World Meteorological Organization (WMO) forrige uke der mer enn.1500 klimaforskere var samlet, uttalte Mojib Latif fra Leibniz Institute of Marine Sciences, Kiel Universitet at GT vil fortsette å falle i 10-20 år fremover fordi naturlige variasjoner i klima dominer over effekten av økt CO2. Lindzens sensasjonelle forskning som viser den lave klimafølsomheten for CO2 og diskusjonen på klimakonferansen til WMO står i sterk kontrast til det bilde som er skapt av den norske klima-(tre)enigheten av politiske journalister (nesten alle), fremtredende politikere (de fleste) og norske klimaforskere (nesten alle). Det virker som om det viktigere å fremstå som politisk korrekt enn å gi et sannferdig bilde av nyansene i klimaspørsmålet. I augustnummeret av tidsskriftet GEO oppsummerer Per Arne Bjørkum som er dekan ved Det teknisk-naturvitenskapelige fakultet ved Universitet i Stavanger, klimadebatten på en fremragende måte: ”formen den vitenskapelige debatten har hatt de siste ti årene, og måten man har forholdt seg til alternative forklaringer på, og ikke minst samrøret mellom politikk og forskning, gjør at vi kan være vitne til vitenskapshistoriens største kollektive (selv)bedrag”. Politiske partier og miljøorganisasjoner som har gjort klima til sin hovedsak, kan snart måtte foreta en total omlegging av sin agenda.

Det store miljøSViket

Den globale oppvarminga er vår tids største utfordring. Venstre vil ta steget over i lågutsleppssamfunnet og gjere Noreg om til ein føregangsnasjon på klimaområdet.

Mange av oss var særs uroa då dei raudgrøne kom til makta etter valet i 2005. Med det ideologiske utgangspunktet til dei tre nye regjeringspartia (eller for somme: Mangelen på dette) stod det klart at Noreg no ville verte ført i ei anti-liberal og lite nyskapande retning. Men på eitt område var det likevel mogleg å ikkje vere fullt så uroa: Klima og miljø. Rett nok er Arbeidarpartiet verste guten i klassen på dette området – og Senterpartiet kunne knappast brydd seg mindre – men det var von om at i det minste SV ville våge å styre den raudgrøne skuta i klimavenleg retning. Partiet har jo gjennom åra i opposisjon markert seg som eit standhaftig og progressivt miljøparti. Vonbrotet var difor desto større då det synte seg at eit samla regjeringskollegium har gjeve blanke blaffen.

Lat meg først slå fast utgangspunktet til regjeringa: Dei raudgrøne har reint fleirtal og kan gjere akkurat kva dei vil på Stortinget. Vidare har dei hatt meir pengar til rådvelde enn noka anna regjering i norsk historie – dei enorme krisepakkane kjem i tillegg. Og sist men ikkje minst: Dei har hatt meir kunnskapar om klimaendringane enn noka anna regjering. Lat meg vidare slå fast fasiten: Norske klimautslepp har aldri vore høgare enn under dei raudgrøne, og dei har aldri auka meir enn i inneverande regjeringsperiode.

Kvar på vegen gjekk det gale? Den første feilen SV gjorde var nok å gå til sengs med Ap og LO – den mest daudbringande kombinasjonen i norsk klimapolitikk. Vidare er det sjølvsagt slik at SV har vunne nokre miljøslag gjennom dei siste fire åra. Problemet er berre at tapslista er så mykje, mykje lengre.

Det mest openberre sviket er sjølvsagt «månelandinga» på Mongstad. CO2-reinsing av gasskraftverket skulle vere på plass frå dag éin – lova SV på tru og ære. Planen er no utsett til dag eittusenfirehundreogtrettiéin, om den ikkje vert utsett på ny. Planane om reinsing på Kårstø vart utsett i same handvending. Og når ein først er inne på CO2-utslepp: Dei kvotene Noreg faktisk har til overs har regjeringa no gått inn for å selje til andre land – slik at dei totale utsleppa ikkje går ned. Kvotene burde i staden vore sletta.

Mange har fått det verre under den raudgrøne regjeringa, men éin industri har levd livets glade dagar: Oljeindustrien. Regjeringa har rundhåna delt ut 178 leiteløyve til oljeselskapa, noko som er ein solid noregsrekord. Dessutan har dei sårbare havområda i Barentshavet og utanfor Jan Mayen for første gong vorte opna for petroleumsindustri. Dette kjem på toppen av regjeringa (Statoil) sine investeringar i det ekstremt forureinande oljesandprosjektet i Canada.

Av plassomsyn vil eg til sist nøye meg med å nemne skrinlegginga av 9 av 10 vindmølleprosjekt, motstanden mot etablering av ei ordning med grøne sertifikat – som ville sett fart i utviklinga av fornybar energi – samt utsetjinga av Ringeriksbana – som ville korta ned reisetida mellom Oslo og Bergen med ein time og lagt grunnlaget for høgfartsbane. Og sist, men ikkje minst: Klimaforliket på Stortinget, der SVs Inga Marte Thorkildsen fekk i oppgåve å prute ned Venstre, KrF og Høgre sine ambisiøse og klimavenlege framlegg, til føremon for regjeringa sitt stusselege førsteutkast. Heldigvis fekk vi pressa regjeringa til å vedta meir ambisiøse mål og konkrete tiltak enn dei først kom med.

Alt er likevel ikkje heilsvart. Den 9. juli vart det gjeve finansiering til opninga av 4 nye vindmølleparkar. Dette er veldig bra! Det skal likevel seiast at finansieringa ikkje kom på plass før regjeringa fekk ei finanskrise i fanget som gav høve til å dele ut meir midlar. For øvrig vart det gjeve finansiering til heile 16 vindmølleparkar under førre Venstre-regjering.

Denne mangelen på miljøsatsing er ein av dei viktigaste grunnane til at Noreg treng ei ny regjering, ei regjering som vågar å ta klimautfordringa på alvor og å ta radikale grep i miljøpolitikken. Ei slik regjering får ein berre med eit stort Venstre. Kan vi likevel hevde å ha meir truverde enn SV i miljøpolitikken? Ja, det vil eg definitivt seie. Venstre har tidlegare synt at vi er viljuge til å setje regjeringsdeltaking på spel i viktige miljøsaker. Vi har tidlegare gått av på grunn av forureinande gasskraftkraftverk (sentrumsregjeringa, år 2000), og vi seier nei til å sitje i ei regjering som opnar for oljeverksemd utanfor Lofoten og Vesterålen. I tillegg har våre føretrukne samarbeidspartnarar Høgre og KrF synt seg å vere langt meir miljøvenlege enn Arbeidarpartiet, sist gjennom klimaforliket i Stortinget. I alle tilfelle vil Venstre aldri selje miljøsjela si for å klamre seg fast til statsrådslimousinane. Det er meir enn ein kan seie om SV.

Miljø- og klimapolitikken er for viktig til å la dei raudgrøne administrere landet i fire nye år. Difor vonar eg du vil gje meg og Venstre høve til å ta dei grepa som må til i neste stortingsperiode.

Gunvald Ludvigsen
Stortingsrepresentant og 1. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre

Naturvernforbundet er ein klimabremse

Erling Sande

Naturvernforbundet meinar at utbygging av småkraft trugar det biologiske mangfaldet. Senterpartiet vert skulda for å ikkje greie å ha to tanker i hovudet samstundes.

Sjølv har leiaren i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, mange tankar – men det nyttar lite når dei står i direkte motstrid med kvarandre. Han markerer seg både med krav om auka satsing på fornybar energi, samstundes med protest mot anlegga som skal produsere energien.

STIKK KJEPPAR I HJULA
Naturvernforbundet har berre dei siste åra markert motstand både mot vindkraftverk, vasskraft og mot bioenergi i skog gjennom å gå mot utbygging av skogsvegar. Dei protesterar også mot kraftliner som skal føre straumen fram. Det vert lite utbygging av ny rein og fornybar energi av slikt.

Senterpartiets politikk tek omsyn både til miljøet og til ny fornybar energi. Vi og Naturvernforbundet er begge tilhengarar av opprustning av eksisterande kraftverk. Haltbrekken meinar at utbygde og ”øydelagde” område kan utnyttast, mens urøyrd natur må sparas. Her tek han feil på to punkt.

SMÅ INNGREPSTOR VERDI
Først er det viktig å presisere at sjølv om eit område er utbygd, er det ikkje øydelagt. Dagens utbyggingar tek store miljøomsyn. Småkraftverk er ofte små utbyggingar som gjer minimale inngrep i naturen. Samstundes produserer dei verdifull og rein kraft. Vindturbinar må stå på stader der det bles. Slike område er ofte ikkje bygd ut. Med andre ord blir det særs vanskeleg å få fullt trøkk på vindkraftsatsinga om ein skal følgje Haltbrekkens råd.

Dersom vi ikkje skal få bygge anlegg til å bygge fornybar energi, så kjem det heller ikkje meir fornybar energi på marknaden. Dermed får vi heller ikkje erstatta den forureinande energiproduksjonen.

Senterpartiet tar trugsmålet om tap av biologisk mangfald på alvor. Nettopp difor må vi satse vidare på småkraft og anna ny fornybar energi. Vi er einige i at nokre naturområde og vassdrag skal skjermast mot utbygging, men Naturvernforbundet rundt om i landet protesterer mot nær sagt alle prosjekt.

GRØN ENERGI MOT KLIMAENDRING
Haltbrekken har grunn til å frykte tap av biologisk mangfald – men for å få gjort tiltak som verkeleg monner, må han løfte blikket litt. Klimapanelet til FN (IPCC) har anslått at ved en temperaturauke på til dømes 4 grader, vil over 40 % av dagens kjente arter utryddast.

Fortsetter dagens utvikling i forhold til CO2-utslipp, kan utfallet bli dystrare. Det aller største trugsmålet mot verdas biologiske mangfald, er klimaendringane. Dersom vi ikkje lukkast i å få frem meir grøn fornybar energi, lukkast vi ikkje i klimakampen.

Av Erling Sande, energi- og miljøpolitisk talsperson for Senterpartiet.