Viser arkivet for stikkord kommune

Utflytting av statlege arbeidsplassar er eit krav til kommunereformen

Sogn og Fjordane KrF meiner løyvingar til infrastruktur og samferdsel, samt vedtak om utflytting av statlege arbeidsplassar må vere ein sjølvsagt del av verkemidlane når kommunereformen skal gjennomførast.

Sogn og Fjordane KrF meiner Stortinget først må vedta at det framleis skal vere tre forvaltningsnivå, der noverande fylkeskommune blir ein større region. Det vil opne for større lokalt sjølvstyre og at det som no er statlege oppgåver, i stor grad kan flyttast ut til regionane. Utan dette grepet vert ikkje kommunereformen ei lokalpolitisk reform, slik regjeringa seier ho skal vere.

Deretter må det klargjerast kva oppgåver som skal vere på dei ulike nivåa; kommune, region og land.

Først då kan kommunane vite kva dei skal greie ut og finne fram til dei mest tenlege inndelingane for sitt distrikt. Ei kommunereform må ta folk sine spørsmål på alvor. Spørsmål som identitet, lokaldemokrati og (velferds-)tenester som skal løysast er alle viktige for å ta ei god avgjerd.

Førde – med fare for å gjere opp att dei same feila

Førde har som kjent ambisjonar som by, og erkjenner ha gjort sine feil opp gjennom åra. Det har kome løfte om at alt skal bli så mykje betre. Førde kommune har opp gjennom åra laga fleire sentrumsplanar om Førde, og har hyra inn dei beste planleggingskonsulentane i landet med fleire utgreiingar av ulike fagrapportar og planar for sentrumsutvikling og byutvikling.
Les meir…

Historien om Sunnfjord Medisinske Senter og et sykehuskjøp

Det eneste vi vet om fremtiden er at den blir annerledes. Og den beste måten å møte fremtiden på, er å skape den selv. Det sistnevnte har mine politikerkolleger og jeg nå muligheten til i helsesektoren. Florøs historie er full av eksempler på «alt vi ikke fikk til», alt som enten ikke ble noe av eller som endte opp andre steder øst for oss. Vi skriver kontinuerlig vår egen historie. Hva skal vi skrive?

Dette har skjedd det siste året: 40 år med sykehuskonflikt er over. Flora kommune eier Florø sykehus og eiendommen bygget står på. Helse Førde HF skal flytte til Sunnfjord Medisinske Senter (SMS) og der videreutvikle bærekraftige helsetjenester i samarbeid med det eksisterende og mangfoldige fagmiljøet i bygget. Samtidig skal Flora kommune utvide sin aktivitet i SMS. Slik går SMS fra å være langt fremme i tverrfaglig helsearbeid, til å være fremst på helsesamhandling i Norge sammen med noen få andre. Som helse- og sosialutvalgets leder er jeg stolt over å ha fått være med på å legge forholdene til rette for at kloke helsehoder får videreutvikle seg sammen i Florø. Det er en privilegert rolle å være helsepolitisk leder i en kommune med så mange ildsjeler og i samarbeid med et så velvillig og engasjert helseforetak.

De som vinner aller mest på denne samlokaliseringen i SMS er de som trenger tverrfaglige helsetjenester nært og ofte. For eksempel pasienter innen rus og psykiatri. Tidligere måtte disse forholde seg til fastlegen sin og Nav på SMS, kommunens avgrensede hjelpeapparat lokalisert ulike steder i byen og til psykiatrisk poliklinikk på Florø sykehus. Nå vil disse brukerne få raskere hjelp på ett sted. Og tilbudet blir bredere. Tidligere år tok den kommunale planleggingen bare høyde for at personer med utfordringer innen rus og psykiatri hadde problemer på hverdager i ordinær arbeidstid. Nå har vi tatt høyde for at hjelpen skal være der også på kvelder og i helger: Når behovet er størst. Og ved å samle de ulike aktørene som gir hjelp, blir hjelpen bedre. Én felles dør inn til fellesskapets helsehus, vil gi bedre og enklere liv til alle.

Det virkelig nyskapende, rosinen i pølsa, er at en fleksibel spesialisthelsetjenestepoliklinikk skal utvikles i SMS: Helse Førde HF sender spesialister til Florø for å selv utføre tjenester, og i samarbeid med fastlegene finne gode måter å fordel e oppgaver og overføre ansvar på en trygg måte. Dette letter manges hverdag. Et godt eksempel: I dag må far ta fri en hel dag fra jobb for å følge åtteåringen til Førde for å på Sentralsykehuset undersøke et innlagt dren i øret av en øre-, nese-, halsspesialist. Med den fleksible poliklinikken på plass kan åtteåringen bare gå de 30 meterne fra Florø barneskole til SMS, gjennomføre sjekken og gå tilbake til skolen. Åtteåringen får med seg mer skole, far slipper å ta fri fra jobb og Helse Førde sparer pasientreisekostnader. For å peke på noen av mange muligheter og tilhørende gevinster. Mange utsatte brukergrupper, og ikke minst mange med ordinære hverdagsproblemer, vil få hjelp som er raskere, nærere og av høyere kvalitet. Av dyktig fagpersonale som finner løsninger sammen. Dette er fremtiden. Og vi har skapt den selv.

Hva skal vi så bruke det tidligere sykehuset til? Mulighetene er mange, og jeg skal ikke forskuttere det jeg håper blir brede, konstruktive og kreative prosesser. Men det vi vet er at vi i årene fremover må bygge langt flere omsorgsboliger og institusjonsplasser til flere brukergrupper (både eldre og unge) samtidig som etterspørselen etter enklere leiligheter til den aldrende delen av befolkningen øker. Og med et (sannsynlig) regjeringsskifte til høsten har jeg forventninger om at private helseaktører lettere vil kunne etablere seg også i et fylke som Sogn og Fjordane. I Florø vil de bli tatt i mot med åpne armer.

Vi lever i helsemulighetenes tidsalder i Florø, og har en unik mulighet til å skape vår egen fremtid. Florøs historie er full av eksempler på «alt vi ikke fikk til». Historien om SMS og kjøpet av sykehuseiendommen er historien om alt vi faktisk fikk til. Så er det opp til mine politikerkolleger og meg hvor lang og hvor spennende historien skal bli.

Jacob Nødseth, helse- og sosialutvalgets leder i Flora kommune og medlem av Flora formannskap (H)

Dei eldre har det ikkje bra

De som bygget opp landet som vi bur i idag blir ikkje behandla godt nok. De eldre sit inne og stirrar i veggen heile dagen og får ikkje leve den siste delen av livet som dei faktisk fortjenar etter å a brukt eit langt liv til å gjere Noreg til det landet det er idag

De eldre sit berre inne og stirrar i veggen. Dei får ikkje morsjon eller glede i kvardagen. Dagen består gjerne av å ete, gå på toalettet, lese dagens avis og sitte i ro i ein stol for og så vente på neste dag. Slik vil ikkje eg ha det når eg blir like gammal. Eg vil ha eit liv fylt med spenning, glede, latter og gode personar rundt meg.

Noreg burde satse på fleise kortidsplasser slik at eldre kan få den plassen på ein sjukeheim når dei faktisk treng det. Terskelen for å få sjukeheimsplass er for stor og de som allerede ligger på sjukeheimen ligger der for lenge, når de eigentlig trenger kortidsplasser.
Kommunen burde la den eldre vere heime i heimen sin så lenge det er mogeleg. Dette er basert på hehov og IKKJE på budsjett.

Livsglede for eldre
Livsglede for eldre er eit prosjekt som to sjukepleiarstudentar frå Kristiansand. Der satte de dei eldre i fokus ei heil veke der dei hadde aktivitetar utafor institusjonen. Dei reiste bla. til Danmark og ein mann på ca. 90 år fekk hoppe i fallskjerm. Det finner nokre “livsglede for eldre” grupper i Sogn og Fjordane, men fleire burde ta eit tak og faktsik gjere litt frivillig arbeid, og ikkje berre sitte inne og tenkje at det er alltid ein eller anna som kan gjere det for meg.

Vi behandlar barnehageungane betre
Skal vi setje saken i eit anna perspektiv, kan vi tenkje slik: Skal vi behandle barnehageungar slik som vi behandlar dei eldre?
Vi behandlar barnehageungane betre enn det vi behandlar dei eldre. Ungane får eit godt grunnlag for livet med mykje leik og morro, medan dei som faktisk har bygd opp ditta lander berre sit inne og spelar bingo. Korleis ville eit barn reagert om det fekk tildelt ein stol der dei skulle sitje heile dagen medan dei fekk servert mat, men ingen glede?

Vi er alle einige om at vi ikkje vil ha det slik dei eldre har det no, så kvifor ikkje hjelpe til og endre på det? Husk; frivillig arbeid er ikkje farleg.

Ida Mathilde Eikevik Hoff, Naustdal Kommune, 16 år

Sal av fallrettar – Stakaldefossen og Svultingen

Av Harald Kvame (H), varaordførar Nasutdal kommune

Naustdal Venstre har hatt ein del kritiske spørsmål knytt til denne saka. Eg vil ikkje uttale meg om sakshandsaming no, då det er varsla kontroll av vedtaket. Derimot vil eg oppsummere nokre fakta i saka. For ordens skyld gjer eg merksam på at denne saka handterer eg som fungerande ordførar (då ordføraren vart kjent inhabil av kommunestyret).

Bakgrunn
I november 2009 var det møte mellom Sunnfjord Energi AS og ordførarane i eigarkommunane. Det vart då avklart at rådmannen i Gaular skulle førebu saka og nytte LVK (Landssamanslutninga av Vasskraftkommunar) som ekstern rådgjevar. Dette var altså ikkje ei realitetshandsaming av saka, berre avklarande på vidare saksgang. Hausten 2011 starta den politiske handsaminga av saka.

Eit fleirtal i Naustdal kommunestyre har vedteke å gå for sal av fallrettane – til liks med dei andre eigarkommunane. I realiteten ventar ein berre på evt. lovlegkontroll av sakshandsaminga i Naustdal. Venstre i Naustdal skriv om påstått brot på EØS-avtalen og evt. innklaging til ESA som klageorgan. Til dette vil eg nemne at formannskapet i mars har fått framlagt eit dokument som viste at sidan kommunane og selskapet hadde kome fram til eit forlik, som elles ville bli avgjort av ein domstol, vil det være lite truleg at salet kan bli omfatta av regelverket om statstøtte. Også andre spørsmålsstillingar frå Naustdal Venstre har vore svara på samvitsfullt av rådmannen, m.a. ved hjelp av ekstern advokatbistand. I formannskapsmøte gav Naustdal Venstre sin representant uttrykk for at han var godt nøgd med svara.

Spørsmålsstillingane frå mindretalet i Naustdal kommunestyre er i høgste grad teke på alvor, m.a. ved utsetjing av saka i formannskap/kommunestyre og innhenting av grundige svar på spørsmåla som er stilte. Vi har bede rådmannen både om å få nye samanfatningar av saka og få belyst konsekvensar av å seie nei til sal no. Naustdal Venstre skriv i lesarbrev: ” At saka har trekt ut i tid i Naustdal, er fordi eit fleirtal i både formannskap og kommunestyre har ønskja det.” Eg vil vel til dette nemne at det er klart at fleire rundar og fleire utgreiingar sjølvsagt tek tid.

Eg tek til vitande at eit fleirtal i kommunestyret kjende ordføraren inhabil i saka. Ordføraren var heller ikkje til stades då kommunestyret tok det endelege vedtaket.

Dersom representantar for mindretalet i kommunestyret skulle sende inn krav om lovlegkontroll, er det deira rett. Tilsvarande gjeld dersom Naustdal Venstre ynskjer å få saka vurdert av ESA. Uansett ønskjer eg at saka blir handsama skikkeleg. Dette av omsyn til dei berørte partane – inkl. kommunane og vårt felles kraftselskap Sunnfjord Energi AS.

La telefonkiosken stå eller flytt den til ein meir sentral plass i Førde sentrum!

Eg viser til Firda den 18.04.12 der Telenor ynskjer å fjerne telefonkiosken ved i Naustdalsvegen 5, like i nærleiken av Rimi-butikken på Øyrane.

Denne telefonkiosken burde vore verna. Denne modellen “Riks” som vi kjenner no vart designa i 1933 av arkitekten Georg Fredrik Fasting.

Om ein ikkje vil la telefonkiosken stå der den står i dag, så bør alternativet vere å flytte den til ein meir sentral plass i Førde, gjerne på ein torgplass som er tilgjengeleg for folk. Då er det større sjanse for at den kjem til å blir meir brukt. Ei anna side er at ein unngår at det vert dumpa snø framfor den telefonkiosken om den står på eit torg som er brøyta.

Det er to telefonkioskar att i Førde. Begge står på kvar si side av elva Jølstra. Dei bør vernast for ettertida, samstundes som dei framleis har ein funksjon, for dei er eit reelt alternativ til mobiltelefonen (ikkje minst i spesielle tilfelle der batteriet er flatt eller mobilen er øydelagt). Dei representerer eit urbant element i bybiletet, og viser at byen har ei fortid, og ikkje minst er det god service for folk at det framleis finst telefonkioskar. I utlandet er det vanleg å sjå telefonkioskar i bybiletet. I Storbritannia er telefonkioskane ei verneverdig merkevare. Dei norske telefonkioskane har også sin spesielle og karakteristisk design, og det bør både Telenor og kommunen vere klar over.

Ein skal ikkje gløyme at Førde er eit fylkessenter og eit kommunikasjonssenter og den største byen i fylket. Telefonkioskane kan knyte fortida saman med notida, og det ville vere kulturell tankeløyse å fjerne dei som er att i Førde. Ei sentral spørsmål er om Førde vil leve opp til idealet som ein urban by.
Eg håpar Førde kommune og Telenor vil sjå på denne saka og vonlegvis bevare det som er att.

Sigbjørn Løland Torpe, Førde.

Drift av Førde ut på anbod

_Rådmann Ole Jon Østenstad: «Å konkurranseutsette tenester er eit sunt og godt prinsipp» _

Det var med interesse eg leste artikkelen i Firda laurdag 31.03 om å legge banktenestene ut på anbod. Som bystyremedlem visste eg dette, men kommentarane frå dei ulike kommunane var særdeles interessan lesnad.

Ordførar Ragnar Simonsen, Jølster: «Vi registrerer at mange revisjonar hevdar at det skal vere konkurranse på banktenester, som utgangspunktet er rundt alle kommunale tenester.» Dersom dette er utgangspunktet for alle kommunar, kvifor blir det då ikkje gjort?

Økonomisjef Torstein Buhagen i Høyanger: «Vi sparer fleire 100 000 i året på konkurranseutsette bankavtalen.» Rådmann Ola Hovland, Fjaler: «Det er slik med alle kommunale tenester, at dei bør lysast ut på anbod med visse mellomrom». Her veit alle som styrer og steller rundt økonomien at det rette, – og og mest økonomiske – er å legge tenestene ut på anbod.

Ein rapport utarbeida av NHO fortel at vi kan spare inntil 45 mill på å legge helsetenester, reinhald og drift og vedlikehold ut på anbod i Førde kommune. Om vi klarer å spare berre 1/3 av dette så ville vi likevel spare 15 mill og kunne frede både skule og helse. Med innsparingar på 9 mill allerede i komunens andre tiltak som lett let seg gjennomføre, har vi då spart 24 mill. Kvifor skal dette så vere uprøvd?? Om ein berre skulle legge reinhald, drift og vedlikehald ut på anbod, fortel rapporten frå NHO at ein kan spare 16.5 mill. Om det viser seg at vi berr kan spare 8 mill på dette, så kan vi likevel bevare alle skulane i kommunen, og unngå nedskjæringar på Helsetunet og i heimetenestene. Vi kunne til å med få eit godt opplegg for demente, og oppfølging av rusminbrukerar som kjem ut frå behandlingsinstitusjon.

Fortvila foreldre har vore i kontakt med oss og fortalt konsekvensen av flytting av borna deira til andre skular, – og dette til innsparing på skarve 2,1 mill kr! Vi som politikerar må streve etter å finne andre innsparingsmåtar så vi slepp å gjennomføre dette.

Det har vore ein sunn gjennomgang for førdeøkonimien å få utarbeida RO- og Kaupangrapportane. Førde kommune gjekk med 8,5 mill i underskudd i fjor, så innsparingar må vi ha.

Vi vil ikkje i denne omgang frede nokon prosessar, men vi tillet oss å kome med forslag til løysingar som vi veit kommunen vil spare pengar på uten at det skal få slike store konsekvensar for born og eldre i kommunen. Å skulle legge ned skular 01.08.2013 samtidig som vi flyttar inn i det nye rådhuset med brask og bram smaker forfredelig dårlig. Vi er difor einige med Østenstad: «Å konkurranseutsette tenester er eit sunt og godt prinsipp».

Bjørg Sølvi Refvik
Leder Førde FrP og bystyremedlem

Alternativ til å dumpe gruveavfall i Førdefjorden

Miljøminister Erik Solheim har bede Klima og forureiningsdirektoratet (Klif) om å utgreie alternativ til sjødeponi for gruveavfall frå eventuell rutilutvinning i Engebøfjellet. Det er bra, både miljøorganisasjonar og ulike politiske miljø har kravd det lenge. Klif har sendt ballen vidare og Nordic Mining har komme opp med 3 skisser til landdeponi. Men landdeponi er ikkje einaste alternativ til gruveavfall i sjø.
Eit av alternativa til både å dumpe fleire hundre millionar tonn gruveavfall og kjemikaliar i Førdefjorden, og å lage gigantiske landdeponi, er å ikkje tillate gruvedrift som skaper slike mengder avfall. Ikkje utvinne mineralet no, men la det ligge i fjellet, i generasjonsbanken så å seie, til ein har ein teknologi som er slik at natur og samfunn ikkje vert øydelagt.
Nordic Mining, med kommuneleiinga i Naustdal på slep, har hevda at å dumpe gruveavfallet i Førdefjorden var einaste realistiske måte å kvitte seg med avfallet på. Alle andre alternativ var uaktuelle i dette prosjektet. Det er difor merkeleg at Klif har bede Nordic Mining (NM) om å utgreie landdeponi, eit alternativ som selskapet ikkje vil ha. Dette vert bukken til havresekken. Det er grunn til å tru at andre fagmiljø kunne ha komme opp med andre analysar og alternativ Likevel er det ein del viktige ting i Nordic Mining sin rapport. Dokumentet slår fast at landdeponi er mogeleg også i dette prosjektet. Fjorddeponi er såleis ikkje einaste alternativet.
Dei tre ulike landdeponialternativa er ikkje mykje å rope hurra for. Men alternativ 1 med ei 100 meter høg, og 750 meter brei demning tvers over Redalen illustrerer svært godt kor enormt mykje 140 millionar m3 gruvavfall utgjer.
Dei fleste gruveland har i dag forbod mot dumping av avfall i sjø. I Europa er det berre Norge og Tyrkia som har aktive sjødeponi. Og Tyrkia deponerer på over 3000 meters djup. Utan om Europa deponerer Filipinane og Papua Ny Guinea i sjø, men dette er kontroversiell praksis i verda i dag.
Londonkonvensjonen mot forureining av havet har forbod mot dumping av avfall til havs, med nokre få unntak. Ein kan sleppe ut stabilt gruveavfall (utan kjemikaliar), men må først vurdere andre alternativ. Dessverre gjeld Londonkonvensjonen berre ope hav, ikkje dumping frå land. Hadde Nordic Mining søkt om å frakte avfallet ut i Nordsjøen og dumpe det der, hadde det vore ulovleg. Det er eit internasjonalt arbeid i gong for å gjere Londonkonvensjonen gjeldande også i fjordar. Dermed ser det ut til å vere eit spørsmål om tid før deigruveselskapa som vil operere i Norge må finne heilt andre måtar å handtere gruveavfallet på, enn å dumpe det i fjorden.
EU sitt vassdirektiv set strenge krav til utslepp i vatn og sjø. Det er forbode å redusere vasskvaliteten under eit visst nivå. Klif held på med ei vurdering av om dei norske gruvedeponia er i strid med EU sitt vassdirektiv. Etter eksplosjonen i Sløvåg så er tilliten min til Klif relativt avgrensa. Difor er det godt å vite at det er EØS-domstolen og ikkje Klif som til sist kjem til å avgjerde dette spørsmålet. I denne saka er det fornuftig. Dersom norske gruveselskap har ei billegare og dårlegare avfallshandtering enn konkurrentane, er det konkurransevridande og skapar eit press på dei for å bruke billegare og dårlegare miljøløysingar.
Nordic Mining har planer om å bruke 5 – 10 % av restmassen. Det er bra. Men det er for lite. Dei vil likevel få 10 tonn avfall i minuttet som dei må bli kvitt. Londonkonvensjonen seier at tilbakefylling i gruva skal reelt vurderast før ein diskuterer deponi. EUs mineralavfallsdirektiv har ei liste ”Best available technology”: ”Ein effektiv metode for å redusere fotavtrykket frå gruveavfall og gråberg er å fylle delar eller alt attende i gruva (tilbakefylling). ” Dette blir peika på som ein spesielt viktig metode å bruke i dagbrot.
Tilbakefylling er ikkje i vurdert i Nordic Mining sin rapport. Rapporten er ikkje i samsvar med beste tilgjengelege teknologi, og er av den grunn av liten interesse. Like lite som fjordeponi, skisserer den eit berekraftig alternativ for handtering av gruveavfall. Internasjonalt er slik handtering gjennom bruk av massen og skånsam tilbakefylling tema. India har vedteke ei ambisiøs målsetting om å redusere gruveavfallet til null. Noko å strekke seg etter for ”miljølandet Norge”?

Arne Underlid
leiar i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe

Gloppen kommune gjer helg og høgtidsdagar om til høgtid for offentleg RAN og DISKRIMINERING av ansatte i helse og omsorg.

Hei
Eg er HTV for Norsk sjukepleiarforbund i Gloppen kommune.
I samband med at jule høgtida nærmar seg, er det tid for å diskutere helg og høgtidsturnus med arbeidsgjevar.

I år har dette teke ei ny retning.

Min arbeidsgjevar Gloppen kommune har komme med noko som dei meinar er to to alternativ for dei ansatte.
Det ein er ein avtale om gjennomsnittsberegning av arbeid på bevegelege helg og høgtidsdagr, der den ansatte arbeider maks 5 av dei bevegelege helgdane.
Den er for så vidt ok for dei som ynskjer ei forrutsigbar turnus, og som har spesielle behov for fri.
Men for dei som ikkje ynskjer å inngå ein slik avtale, og som vil fylgje grunnregelen i arbeidmiljø lova §10.8 pkt 4, har dei komme med ein ny tolkning.
Her vil dei nemleg fylgje prinsippa i ks sitt B rundskriv 12/09, som seier at dei ansatte har rett på fri, men ikkje lønna fri.
Med bakgrunn i dette seier dei at dei ansatte som vel påfølgande fri, som er grunnregelen i aml, får fri påfølgande søn eller helgedag, men ikkje fri med lønn og derfor må inn å arbeide den dagen dei får fri ein anna “svart” dag.

Slik eg ser dette er det i utgangspunktet ein måte å trua dei ansatte til å velgje å inn gå ein avtale om gjennomsnittsberekning av dei bevegelege raude dagane, noko som er alvorleg i seg sjølv.
Ein avtale som vert gjort på dette grunnlaget, kan ikkje sjåast på som ein gyldig avtale.

Det andre er at det er grov diskriminernig av ansatte i helse og omsorgssektoren, som stort sett består av kvinnelege ansatte. For i utgangspunktet vil argumentasjonen til arbeidsgjevar og gjelde for alle arbeidstakarar i Gloppen kommunen, og dei er ikkje forelagt dette kravet om å komme inn på ein svart dag og jobbe inn arbeidstid, som dei har fått fri på grunn av retten til fri på søn og helgedagar.

Vi har hatt drøftingsmøte med arbeidsgjevar, men dei held fast på dette prinsippet i ks sitt b-rundskriv 12/09.

Dette er personalpolitikk som minner meir om styresett på sørsida av middelhavet.
Er det verkeleg slik at arbeidstakarar innan helse og omsorg må ta alle kampane på nytt ?

Og er det rett at ein kommune skal diskriminera ansatte ?

Dette handlar om at kommunen respekterar dei ansatte sin rett til å få minimumskravet til fri dagar i henhold til arbeidsmiljølova, og at ein ikkje vert utsett for trugsmål om dikriminering om ein ikkje inngår ein avtale etter arbeidsgjevar ynskje.
Minimumskrav til fri ?
Jo det betyr at arbeidsgjevar bryt arbeidsmiljølova om dei ansatte må arbeide fleire søn og helgedagar enn etter grunnregelen i AML 10.8.4 – som seier at om ein arbeider ein søn eller helgedag skal ein ha den neste fri.

Grunnen til at kommunen truar dei ansatte på denne måten, er fordi dei ansatte får meir fri etter grunnregelen i AML enn etter ein gjennomsnittsberegning.
Kommunen vil då vil spare store summar på ein slik avtale. Dette vil sjølvsagt variere litt alt etter kva dagar dei bevegelege helg og høgtidsdagane fell på frå år til år.

Dei fleste arbeidstakarar på Gloppen omsorgsenter, har slik eg forstått det eit klart ynskje om å markere sin frustrasjon over denne personalpolitikken med å velge å føge grunnregelen i arbeidsmiljølova, på tross av trugsmål om å bli diskriminert i forhold til dei andre ansatte i Gloppen kommune. Dei som ansatte i Gloppen kommune,som ikkje går i turnus, får fri med lønn på alle bevegelege helg og høgtidsdagar som fell på deira arbeidsdagar.

Håpar alle andre arbeidstakarar i Gloppen kommune ser dette, og gjev beskjed om at dei ikkje finn seg i at deira arbeidsgjevar behandlar kollegaer på denne måten.

Med ynskje om ei fredeleg advents og julehøgtid.

Helsing

Jan Arve Søvde
HTV NSF Gloppen

Naustdal si månelanding

Kjære kommunestyrerepresentantar i Naustdal. Onsdag 11. mai skal de ta stilling til den økonomisk aller sett største saka de nokon gong vil gjere (privat, profesjonelt og politisk). Eg snakkar sjølvsagt om rutilutvinninga på Engebø. De kan seie ja til å nærast gje vekk milliardbeløp no, mot å få småpengar og miljøutfordringar att, i ei sak som først i det aller siste har blitt skikkeleg dekt frå begge sider. Eller de kan seie klårt ifrå om at de treng meir tid til å forhandle fram ein avtale som er god og gjennomsiktleg også for medinnbyggjarane dykkar som de representerer. Det siste er heilt klart mest lojalt i høve veljarane.

I ei så stor sak, “Naustdal si månelanding,” er det viktig å planlegge nøye og å ta alle førehandsreglar. Det første månelandingsfartyet de får tilbod om er garantert ikkje det beste eller tryggaste. Og planen de legg kan ikkje vere gjenomarbeidd nok.

Les meir…

Skal det bu folk i Vevring?

I femten år har det vore planer om rutilutvinning i Engebøfjellet. Eit gigantprosjekt med i overkant av 150 arbeidsplassar men med enorme miljøkonsekvensar. Skal ikkje gå inn på det her men siterer berre eit TV2 oppslag: ”De vil knuse et helt fjell og dumpe det i en nasjonal laksefjord”

Men prisen for denne bandlegginga av Vevringbygda til gruveindustri har vore at det har hindra satsing på andre næringar, spesielt turisme. For å ta eit tilfeldig eksempel som slett ikkje krev så store investeringar: Ei hyttegrend i området Redal til Vevring har vore og er, mildt sagt eit risikoprosjekt.

Om nokre månader vil rådmannen i Naustdal truleg legge fram ei positiv tilråding til gruvedrift i Engebøfjellet. Dette vil bli grunngjeve med at prosjektet er positivt for kommuneøkonomien, skaper arbeidsplassar, tilflytting til Naustdal og Vevring, indirekte arbeidsplassar osv. Eller for å sitere Jan Herstad, rådgjevar i Nordic Mining: ”Det vil bli stor aktivitet i Vevring”

Slik som det ser ut no vil kommunestyret i Naustdal vedta Nordic Mining sin reguleringsplan for Engebø. Ein plan som etter mange tilhengarar si meining skal gje vesentleg tilflytting til Vevring.

Men like før dette skal avgjerast foreslår rådmannen å legge ned skulen Vevring – ”ei bygd som skal få auka aktivitet”, og fleirtalet av utbyggingstilhengarane i kommunestyret ser ut til å støtte dette.

Då er det freistande å stille spørsmålet: Trur utbyggingstilhengarane på sin eigen argumentasjon, eller skal Vevring leggast ned for å gje plass til gruveindustrien?

Arne Underlid
Leiar i Vevring og Førdefjorden miljøgruppe

Vevring skule og det sosiale miljøet

Rådmannen uttalte ml.a. i Firda 15.6.2010 at elevane i Dalen og Vevring vil få eit større og betre sosialt miljø om dei blir flytta til sentrum. Vi lurer på kva grunnlag rådmannen har for å kunne uttale seg om dette.

På foreldrerådsmøte i Vevring diskuterte vi dette og vi bestemte oss for at vi vil seie litt om kva sosialt liv borna vil få om dei skal pendle til NBU frå 4. trinn.

• Det er sosialt for barn å gå saman til skulen. Det er ikkje sosialt å sitje på ein buss i vel 2 timar kvar dag. Barna vil få mindre tid til å vere saman i lokalmiljøet og mister delar av den fritida dei har i dag.

• Elevane frå krinsane må stå på ekstra mykje for å skaffe seg venner og byggje opp relasjonar til elevane i klassen i skuletida. Ekstra fokus på det å hengje med sosialt i den korte tida dei har til disposisjon, vil heilt klart gå ut over læring og konsentrasjon.

• Det er svært viktig for barn å ha kort avstand til det sosiale fellesskapet dei skal etablere seg i. Det går føre seg mykje nettverksbygging i fritida, når klassekameratar går på besøk til kvarandre, feirar bursdagar og deltek i ulike fritidsaktivitetar. Foreldre i Vevring må kjøre mykje til Naustdal, vente der og kjøre borna heim igjen om borna skal få treffe vennene sine utanom skuletida.

• Foreldre i Naustdal må og vere viljuge til å kjøre sine barn ut i krinsane. Vi veit at mange foreldre i sentrum gruar seg for å kjøre på den dårlege vegen til Vevring, det er tidkrevjande og besøk må planleggast i god tid.

• Det er mange gode fritidstilbod i Vevring som linedance, taekwondo, barnekor og barnegrupper i organisasjonar. Desse aktivitetane vil truleg bli lagt ned om borna i Vevring skal delta på fritidsaktivitetar i sentrum for å hengje med sosialt.

Om elevane blir flytta til NBU vil dei miste mykje av det sosiale miljøet i lokalmiljøet, samtidig som dei heile tida vil vere på sidelinja sosialt i sentrum.

Det er heller ingen dokumentasjon på at elevane vil få eit betre fagleg tilbod ved flytting til ein stor sentrumsskule.

Vevring 15.06.10

Foreldrerådet Vevring skule v/ Grete Bjørndal

Norsk fjord på billegsal!

Frå dei oppdaga Ekoglitt i Engebøfjellet har mogeleg næringsdrift stadig vore eit tema som eg har fylgt med på. Var positiv optimist då Fjord Blokk prøvde seg. Dette kunne bli noke av både for bygda og kommunen. Var også positiv då Nordic Mining tok opp tråden og planla gruvedrift her. Dei fleste, og eg med, trudde at det var snakk om innvendig gruvedrift med full utnytting av overskotsmassane. Samt at alle miljøhensyn var ivaretekne på ein tidsmessig rett måte. Seinare forstod vi at drifta ville bli noko heilt anna enn fyrst antatt. Etter gjennomgang av Nordic Mining (NM) si konsekvensutredning (KU) fekk eg uendeleg mange spørsmål og få klåre svar.

Planen som omfattar ope dagbrudd dei fyrste 15 åra med tilhøyrande støv og støyplager, og oppfylling av ein heil dal med ”ubrukeleg” gråstein, var ein ting. Samstundes med dette skal ”ubrukelege” finknuste overskotsmasser frå rutilutskillinga sendast rett i fjorden. Og dette skal pågå i ytterlegare 35 år. Desse finknuste massane vil tilsvare ei mengde på 400 lastebillass dagleg i 50 år. Totalt er 95% – 97% av massane i Engebøfjellet ”ubrukelege”. Dei må ha kloke hovud som skal forstå fornufta i dette!

Naustdal kommune har som mål at deira kommune skal være ein god stad å bu i. Dei har eit budsjett i 2009 på 151 millionar. Ut frå både mål og budsjett kan ein forstå behovet for inntekter. Dei folkevalde i Naustdal har heilt sikkert lese KU frå NM. Der står det i avnittet om ”samfunnsmessige konsekvenser” at Naustdal Kommune vil kome svært godt ut av det dersom dei seier ja til utbygging! NM baserer kalkylene sine på statistikk frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) og eigne erfaringar. I kroner reknar dei med at kommunen kan kome opp i 5 millionar i skatteintekter (inntektskatt og eigedomskatt). Dette utgjer kun 3 % av kommunebudsjettet.
Ein treng vel ikkje vere verken politikar eller ha spesielt mykje fornuft for å skjøne at NM har motiv for å berekne desse tala høgt. Mykje tyder på at summen vil bli vesentleg lågare. Dessuten vil det fylgje meir kommunale utgifter med auka busetnad.

Spørsmålet mitt i denne samanhengen er om det er desse tala Naustdal kommune legg til grunn for eit vedtak? Skal tru om dei har gjort eigne vurderingar om kva dei får att for fjorden? Eller har dei andre motiv som lokkar? At tidlegare folkevalde i kommunen i dag mottek løn frå NM vonar eg ikkje gjev signal om at det er meir enn grumset i fjorden som trugar overflata. Eg meiner maktas elite bør ha svært gode argument for å ofre ein fjord med sin eksisterande rikdom.

Eit nytt spørsmål er om Naustdal kommune som framtidig næringsvert har vurdert alle konsekvensane av det dei eventuelt vil gå inn for. Dei miljømessige konsekvensane er nemde i KU. Heftige disputtar pågår. Ekspertanes tvil og fråråding heng tungt i lufta. Ja endog direktøren i NM har kasta seg ut i det. Han har opphøga seg til å irettesetje fagfolk i havforskningsinstituttet og meiner dei ikkje kan sine ting. Han er nok ein klok mann denne direktøren. Han burde vore politikar, ein av dei som pratar godt og ikkje er gode å få tak på. Mi meining om dette er at han med eit slikt utspel viser at han ikkje har noko til overs for Førdefjorden slik den ligg i dag med sin rike fauna.

At Førdefjorden er verna og utropt til Nasjonal laksefjord burde stå for noko anna enn eit luftslott som kan avskiltast når det måtte passe. Noreg som miljøhyklar har ofte synt seg fram i seinare tid. Fornybar energi må halde igjen produksjonen til fordel for gasskraft, medan vatnet fløymer over demningane. Jens talar stort om ”månelandinga” si. Attmed sit Kristin og svel kamelar. Begge pratar om at miljøet skal ivaretakast.

Det undrar meg og at offentlege instanser meiner at her er så store verdier på spel at omsynet til ”føre var” prinsippet må setjast til side. Kven sine verdiar? NM sine framtidige inntekter? Trur nokon dei vil tilbakeførast til kommunen eller distriktet? Eg vil minne om at vi i dag er komen langt inn i ”kynismens tidsalder”. I etterpåklokskap lurer vi på om ”Terra kommunane” trudde på Julenissen. Kva sit dei igjen med i dag? Og kva trudde dei på i Sløvåg i Gulen kommune? Der anklagast SFT for ikkje å ha gjort jobben sin. Kommunen anklagast for ikkje å ha hatt gode planer for kontroll. Lokalbefolkningen slit med helseplager. Brennpunkt på NRK har gitt oss litt innsikt i sakene! Kven blir nestemann?

Eit anna spørsmål eg har er kor trygge vi kan vere på dette Rutil mineralet? Kan det tenkjast at det med dagens og framtidas teknologi vert andre løysingar som vil erstatte ”Engjabøgullet”. Kva skjer dersom rutilprisen går til botnen saman med finmassene?
Kva ligg att ved ein konkurs? Vi ser endå restane som ligg att etter Fjord Blokk.

Med den utvida Schengen-avtalen treng ikkje Naustdal kommune eller distrikta få inn noko i skatteintekt. Alt av arbeidskraft kan innførast, og berre fantasien set grenser for korleis regelverket kan nyttast.

Det er den planlagde hastigheita i utvinningsprosessen som uroar meg mest. Dei ”ubrukelege” avgangsmassene burde kunne nyttast betre enn til dumping. Conoco berekna at Engebøfjellet inneheldt ekoglitt for fleire hundre års drift. NM vil ta ut alt på 50 år. Dette betyr at dei som eventuelt etablerer seg i dag ikkje kan overlate ei sikker framtid til sine etterkomerar. Ei dobling av utvinningstida ville bøte på dette og samstundes gi muligheit for andre næringar til å nytte dei ”ubrukelege” massane.Det blir rett nok ikkje so mykje overskot til NM. Men fleire bein å stå på lokalt og kanskje både næring og fisk til etterkomarane.

Dersom Naustdal kommune gjev NM tilsagn til utbygging ut frå aktuelle planer er mitt råd at dei like godt kan satse på Norsk Tipping. Få med nabokommunane på eit tippelag. Sjansane til gevinst er minst like store som å tru på gåver frå Julenissen!

Jarle Grytten, Bergen / Naustdal

KrF vil framleis ha friskular

I helga har SV hatt landsmøte i Bergen. Det vedtaket som fekk mest merksemd var deira forslag om å avvikle alle former for private skular. SV viser her sitt sanne ansikt. Dei ønskjer ikkje at det skal finnast alternativ til den offentlege skulen. Alle barn og unge skal kvernast gjennom same kverna for å bli gode borgarar av staten. SV ønskjer med dette å ta bort foreldra sin rett til å velje andre alternativ for sine born. Er det verkeleg slik at SV veit betre enn foreldra kva som er best for borna? Det verkar ikkje som om SV er spesielt opptekne av at dette bryt med menneskerettighetar og norske lover, og sist med privatskuleforliket. Det er under fire år sidan Øystein Djupedal fekk æra for å ha laga eit forlik om privatskulane. Regjeringspartia og KrF var samde om å lage forutsigbare rammer for privatskulane. Dette forliket har tydeligvis SV gløymt no.

Prinsipielt er det mange problemstillingar med dette vedtaket. I tillegg dukkar ein del lokale problemstilingar opp. Etter kvart som kommunane legg ned grendeskular veks det fram private initiativ frå foreldre som ikkje vil miste hjartet i lokalsamfunnet. SV ønskjer ikkje at desse grendeskulane skal ha livets rett.

I Sogn og Fjordane har vi berre ein privat vidaregåande skule, Sygna vgs i Balestrand. På denne skulen er det om lag 150 elevar, noko som svarar til rundt 3,5 % av elevane i Sogn og Fjordane. Sygna rekrutterer frå heile landet, og kan vanskeleg sjåast på som noko trugsmål mot dei andre vidaregåande skulane i fylket.

Ei SV-ønskja nedlegging av Sygna vil ikkje ha noko særleg positiv effekt på dei andre vidaregåande skulane i fylket. Det kan derfor ikkje seiast at nedlegging av Sygna styrker den offentlege skulen. Kva andre implikasjonar vil nedlegging av Sygna ha?
• Balestrand kommune misser om lag 50 kompetansearbeidsplassar
• Kommunen vil vidare miste om lag 100 innbyggarar ettersom det ikkje er andre arbeidsplassar for denne gruppa i kommunen
• Næringslivet i kommunen vil merke at tilsette med familie, samt 150 elevar ikkje er i Balestrand lenger. Butikkar, kino og andre aktørar vil få eit redusert driftsgrunnlag
• Balestrand kommune vil misse ei rekke vikarar og deltidstilsette inn mot helsetenestene
• Kulturliv og idrettslag vil merke ein nedgang i tal leiarar og deltakarar

Balestrand KrF er sterkt kritisk til SV sitt landsmøtevedtak. Totalitære haldningar der ein ønskjer å leggje ned forbod mot alt ein er usamd i, er ein dårleg måte å skape mangfald og toleranse. Vi vil framleis ha friskular i landet vårt som byggjer på alternative pedagogiske og religiøse standpunkt. Balestrand KrF ser og at dette vedtaket vil ha store lokale implikasjonar i Balestrand. Vi kan ikkje tru at innbyggarane i kommunen og omegn er samde i dette. Kanskje vi skal bruke vår demokratiske rett og fortelje SV kva vi meiner om dette i stortingsvalet til hausten?

Staten bergar Island - no må dei berge Terra-kommunane

Det er ein blodig urettferdig skandale at DnB Nor no går til søksmål mot dei såkalla Terra-kommunane. Kravet er sikkert heilt rett PÅ PAPIRET, men dei papira som er skrivne er ikkje verdt patronblekket.

Staten er majoritetseigar i DnB Nor og snart må den såkalla raudgrøne regjeringa byrje å bruke styringsretten sin. DnB Nor må få klar beskjed om å halde fingrane langt unna det kommunale matfatet, og Staten må syte for at alt som gjeld Terra-investeringane vert stroke og sletta.

Kvifor skal ein så det? Jo, rett og slett fordi det er innbyggjarane i Vik, Bremanger, Hemnes og dei andre som vert skadelidande. Terra-skandalen, og no kravet frå DnB Nor, vil etter alle solemerke føre til redusert velferdstilbod. Det kan rett og slett ikkje aksepterast!

Ein paralell til Island er og på sin plass. Her har den norske staten gått inn med store, frie lånsmidlar til den islandske staten. Årsaka er lik; Islandske politikarar og farlege kapitalistar rotta seg i hop og skapte eit økonomisk system som måtte gå gale til slutt. Når Stoltenberg og co kan redde Island, kan dei vel for pokker redde Terra-kommunane og? Eg berre spør…

Geir Bjarte Hjetland, p.t. sjukepermittert Raudt-politikar Høyanger