Viser arkivet for stikkord kommunereform

Eit inkluderande samfunn

I kommunestyremøte i Naustdal torsdag 12.02.15, gjekk ordføraren i Naustdal langt i å skulde Førde for å gje Naustdal ei “kald skulder” i Engebøsaka. Saka der dette vart tema var sak om kommunereform og framdrift i utgreiing av nye kommunemodellar/grenser.

Ordføraren hadde ulike vinklingar og tema føre seg, men det toppa seg då han drog Engebøprosjektet inn i debatten, som grunn for kvifor vi og burde sjå på eit alternativ der Naustdal går saman med Florø og Askvoll. Lattermildt er vel kanskje ei grei beskriving på denne argumentasjonen. I høyringsrundene i forkant av Naustdal sitt skjebnesvangre vedtak 11.05.2011 gav Førde tydeleg signal om kva dei meinte om Naustdal sine planar for Førdefjorden. Men dette brydde Naustdal seg lite om, og tura på som om ingen skade skulle skje.

Ordføraren har tydeleg engasjert seg 100% og vel so da, i å sable ned all kritikk av planane. Og går ikkje det, so truar han med å vende ryggen til dei som “obstruerar”. Dette vert tullette, og er ikkje ein strukturdebatt verdig. Naustdal kommune ligg strategisk plassert mellom Førde og Florø, men det er ikkje mykje hjelp i om ein skal gjere seg til uvens med alle.

So til det saka eigentleg dreiar seg om. Eg meiner “kommunereformarbeidet” er kome gale ut av startgropa, og generelt har lite substans. Kvifor skal ein slå saman kommunar no? Kva oppgåver skal dei “nye” kommunane ha? Kva er riset bak spegelen, og kva er gulrøtene eigentleg verd? Eg er ikkje prinsipielt i mot kommunesamanslåing, men ganske nær. Samanslåing av kommunar må skje på kommunane sine premissar, og ikkje grunna press ovanifrå. Demokratiet vert ikkje rikare av å verte smalare, og færre representantar gjer oss ikkje breiare politisk slagkraft. Kva har skjedd i Sverige, Danmark, og andre samanliknbare land?

Ein kjend Blåpolitisk tenkemåte er å samle makt på færrast mogelege hender. Er det god politikk for Naustdal, eller Sogn og Fjordane fylke for den saks skuld? Er Noreg verdas beste land å bu i grunna store sterke byar og senter? Neppe. Eg vil påstå at dette skuldast ein langvarig og sterk desentralisert maktstruktur, og stadig kamp for rettferdig fordeling. At dei BlåBlå no gjer alt dei kan for å rive dette ned er vel knappast noko bombe, men er dei ein god ide å slenge seg på?

Eg har ei utfordring til ordføraren i Naustdal, og sjølvsagt alle andre som føler seg tilskrivne:
- Kva er målet med å slå saman kommunar no? Er det demokratiet eller tenestene ein ynskjer å sentralisere?