Viser arkivet for stikkord kraftutbygging

Ope brev til Miljødirektoratet

Klage på Fylkesmannens vedtak om å avvise klaga frå Asbjørn Massnes og Kystpartiet på løyve til å gje Småkraft AS lov å dumpe store mengder sprengstein og borevatn ved 5 lokalitetar i Fjærlands- og Sognefjorden i samband med kraftverk.
Fylkesmannen avviser klaga utifrå at det blir klaga på det Fylkesmannen meiner er overordna miljøhensyn og generelle ulemper for Sognefjorden. Og at det i liten grad blir vist til dokumenterte ulemper eller konkrete fiskeplassar som blir påverka av vedtaket.
At Sognefjorden er nesten fisketom må vere vel kjent for Fylkesmannen og såleis godt dokumentert. At støvet frå sprengstein og boreslam også drep fisk og plankton som lever i sjøen, er også godt dokumentert. Det er dei alt eksisterande kraftverka og steindumpingane ved vegbyggingane som nesten har tømt Sognefjorden for fisk. Det er eit faktum. At Fylkesmannen då fortset å gje løyve til stadig meir forureining ved nye steindumpingar i fjorden, er å rekne for miljøkriminalitet. Dersom Miljødirektoratet også gjev løyve til dette, er det å rekne for statsautorisert miljø- og faunakriminalitet. Det er fullt mogeleg å lagre steinen på land og å reinse borevatnet utan uforholdsmessige kostnader. Det er merkeleg at Fylkesmannen overser desse mogelegheitene men kun prøver å avvise klaga med juridisk flisespikkeri. Når det gjeld mine og mange andre sine personlege fiskerettar i Sognefjorden, så er denne alt sterkt berørt av dei alt eksisterande kraftutbyggingane langs Sognefjorden og steindumpingane frå vegbygging ved at fisken vart vekke frå fjorden. Det vart den gongen påstått at utbyggingane ikkje ville påverke fisket i fjorden. Dette var feil. Og har ført til at all laksefiske i Sognefjorden som var ein stor attåtinntekt for strandeigarane er øydelagt utan at me har fått erstatning for dette. Fleire fiskeartar er også vorte freda grunna fare for utrydding av steindumping i fjorden og kunnskapslause kraftutbyggingar. Det er utbyggar som har krav om å undersøke kva økologi og fauna som er før utbygginga og i etterkant sjå at økologien ikkje er påverka. Det siste vart aldri gjort. Slike skadar på økologien har det vist seg er vanskelig å rette opp i ettertid. Det må også for staten vera råd å lære av tidlegare feil og ikkje fortsette øydeleggingane av vatn og fjordar.

Asbjørn Massnes, Kystpartiet i Sogn og Fjordane.