Viser arkivet for stikkord krf

Med hjarta på rette staden?

Firda av 18.desember har ein reportasje frå Gaular med tittelen «Kuttar på helse» og med bilete av gruppeleiarane for H, KrF, V og SV . På kommunestyremøtet i Gaular 17.desember var Firda sin journalist tilstades og refererte frå møtet. Det er likevel interessant å sjå den vinklinga som er presentert i avisa etterpå. Eg vel å ta fram noko som ikkje kjem fram i reportasjen, men som vart framført på talarstolen i møtet.
For KrF er det viktig kva vi har lova veljarane, og kva vi trur kan gagne innbyggjarane i kommunen. Vi har lova veljarane å ikkje auke eigedomsskatten på bustader i perioden, fordi vi meiner denne skatten rammar einslege huseigarar og særleg minstepensjonistar med dårleg økonomi, hardare enn vanlege arbeidstakarar når dei er to til å dele på bustadutgiftene. Gaular ligg no omtrent på gjennomsnittleg nivå i eigedomsskatt for bustader i fylket. Dersom kommuneøkonomien er i krise, og ein må skjere ned på tenestetilbodet, er auke i eigedomsskatt noko vi må vurdere på nytt.
Gaular kommune er i ein heldig situasjon fordi vi hadde god folketalsauke i 2012 og dermed auke i statlege overføringar. I samband med nytt kommunalt bustadfelt i Bygstad vil vi prioritere marknadsføring av tomter og kommunen generelt. Dette er ei lita, men viktig satsing.
Då gruppeleiarane for dei nemnde partia gjekk gjennom rekneskapstala for dei ulike sektorane for 2012, vart det oppdaga fleire mindre budsjetterte postar som hadde lite forbruk på helse og sosial, og vi føreslo difor i formannsskapet å redusere nokre av summane der. Dette utgjer nokre promille av den totale ramma for helse og sosial. I tillegg vart formannsskapet orientert om at Gaular ville få meir overføringar etter at KrF og V i forhandlingar med regjeringa hadde auka opp løyvingane til kommunane for ressurskrevjande brukarar på statsbudsjettet for 2014. Dette låg ikkje inne i budsjettframlegget frå rådmannen og kjem som eit tillegg i ramma for helse og sosial 2014. Denne summen er utrekna til å vere større enn det vi ville fått inn med auke av eigedomsskatten for 2014.
Kommunestyret vart samrøystes om framlegget frå formannsskapet om treårig prosjekt arbeidsleiar (delstilling) , eit samarbeid med Nav, som trur vi er eit rett og viktig tiltak innanfor dei rammene vi har til rådvelde. Dette handlar om å følgje opp dei som er i fare for å felle utanfor arbeidslivet, ikkje minst unge menneske.
Politisk styring handlar om prioritering.
Norunn Lunde Furnes, varaordførar og gruppeleiar for KrF

Fylkesveg 57 sin tur no?

Fylkesveg 57 Dale-Storehaug med bru over Svesundet, er eit av dei store vegprosjekta som har stått på ei prioritert liste vedteken av Fylkestinget og som skal vurderast i Regional Transportplan i desember. No når Bremangersambandet er opna, er prosjektet på ein tredje plass på denne lista. Det som er nytt i tilrådinga frå Fylkesrådmannen er at Førdepakken vert prioritert, fv 57 er definert som «del av kystveg» og det er ikkje sett av midlar til store veginvesteringar i perioden . Hovudutval for samferdsle skal gjere vedtak 26.november.
Fylkesveg 57 er skuleveg for alle skuleborn i Bygstad , og farlege punkt er Osen-Saltkjelen-Eidevik og strekninga Yndestad –Haugsbø-Fauske. Berre i 2013 er det fleire døme på at vogntog har stengt vegen. Vegbana er så smal og uoversiktleg at det er særleg farleg for gåande og syklande. Deler av vegen, t.d. Saltkjelen, har også rasfare. Dette er ein viktig grunn til at Gaular KrF har engasjert seg i saka. Vi er glade for at varaordførar frå KrF sitt framlegg i kommunestyret våren 2012, om å danne ei arbeidsgruppe for vegen, vart teke til følgje. Gaular KrF vil gje ros til den tverrpolitiske arbeidsgruppa samansett av H, V, SP og KrF i samarbeid med politikarar frå Fjaler som har fått produsert god brosjyre og film som gjev orientering om vegprosjektet. Vi meiner det er synd at Fylkestinget ikkje tidlegare har fått orientering frå kommunen om fylkesveg 57 trass i at Senterpartiet, som seier dei kjempar for å prioritere vegen, har hatt ordføraren i ei årrekkje. Mange andre vegprosjekt har hatt delegasjonar til Fylkestinget ved fleire høve.
Statens vegvesen sin rapport om fv 57 kom før jul i 2011 og skisserer fleire byggesteg og kva som er mest samfunnsøkonomisk. Det vert konkludert med at å byggje Svesundbrua først, ville gje best gevinst. Seinare har vi lese rapport frå 2013 der Helge Hopen var engasjert av arbeidsgruppa for fv 57 for å skissere kva alternativ som ville vere best i høve innkrevjing av bompengar. Helge Hopen konkluderer med fleire byggesteg , parallelle bompengeinnkrevjingar og at brua vert bygd sist.
Gaular KrF vil samarbeide med alle som ynskjer heile prosjektet realisert, og då er vi positive til bompengar dersom det er dette som skal til for å få betre vegstandard, kortare og tryggare veg.
For nabokommunane Fjaler og Askvoll vil vegen ,når den er ferdig bygd, forkorte vesentleg reisetida til Førde lufthamn, Bringeland og dessutan vere ein raskare og betre pendlarveg til Førde for dei som har arbeidsstaden sin der.
Fylkesveg 57 skal fungere som omkøyringsveg for E39, men vi såg dette året at då E39 var stengt av ras mellom Vadheim og Lavik, så gjekk det ikkje lang tid før fv 57 seinare vart stengd av vogntog. Vegstandarden er så dårleg at noko må gjerast! Når Dalsfjordbrua opnar 14.desember kan vi rekne med auka trafikk, men vi ynskjer ikkje at ein lang «flaskehals» skal vere ein propp på ein viktig tilførselsveg til E39.
Gaular KrF oppmodar Fylkestingspolitikarane til å stå fast på prioriteringane. Her har ein høve til å få realisert eit svært godt prosjekt som er viktig for mange, for skuleborn, næringsliv, pendlarar, reisande til og frå lufthamna på Bringeland og elles alle dei som treng ein Førdetur anten det er til sjukehuset eller handlesentera.
Kommunestyregruppa i Gaular KrF : Bente Kandal, Joar Aarnes (lokallagsleiar), Norunn Lunde Furnes (gruppeleiar og varaordførar)

Mindre mediemangfald gjev mindre ytringsfridom

Til avisa Klassekampen seier stortingsrepresentant for Venstre i Sogn og Fjordane, Sveinung Rotevatn at Venstre er for å gjere «endringar i pressestønaden». Med eit nytt stortingsfleirtal er trugsmålet om kutt i pressestønaden klart og tydeleg, og om leiinga i Høgre og Framstegspartiet får det som dei vil, så kan dette i verste fall få heilt konkrete følgjer, til dømes for talet på aviser i Nordjord, i resten av Sogn og Fjordane og i heile Noreg.

Mindre mediemangfald gjev mindre ytringsfridom. Om færre røyster får delta i den offentlege debatten så vil det så klart gjere at folk får færre kanalar og hente informasjon, samtidig som omfanget av lesarbrevspaltar vert mindre.

Det er framleis uklart kva regjeringa til Høgre og Framstegspartiet har tenkt å gjere med pressestønaden. Formuleringa i regjeringsplattforma deira er uklar, der står det berre at: «Over tid skal pressestønaden omlegges og nivået reduseres».

Det nye stortingsfleirtalet bør høyre på Høgre-veteranane som ikkje er samd med Høgre og Framstegspartiet i denne saka. Tidlegare kulturminister og Høgre-politikar Lars Roar Langslet åtvarar Høgre mot å bidra til å øydelegge for det norske mediemangfaldet i eit intervju i Dagsavisen. Han har saman med andre Høgre-politikare skreve under på eit opprop mot kutt i pressestønaden, eit opprop som har vorte signert av til dømes Høgre-politikaren, og den tidlegare leiaren av Fritt Ord, Francis Sejersted, tidlegare stortingsrepresentant for Høgre og tidlegare direktør for Datatilsynet Georg Apenes og Ingeborg Moræus Hansen, ein Høgre-politikar som tidlegare var kinodirektør i Oslo. Oppropet er òg signert av tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik (KrF).

Om Bjørn Lødemel (H) og Sveinung Rotevatn (V) tek sine eigne festtalar om fridom, demokrati og ytringsfridom på alvor, så går dei imot den påtroppande regjeringa sin plan om kutt i den offentlege pressestønaden.

Raudt er mot kutt i pressestønaden. Raudt vil vidare gå i heilt motsett retning, og utvide pressestønaden til å omfatte gratis kvalitetsaviser og tidsskrift på internett.

Anders Hamre Sveen, nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane

Alkoholpolitikk i valkampen.

Kvifor er det ikkje meir alkoholpolitikk i valkampen? Eg meiner det er eit viktig tema. Uheldig bruk av alkohol er årsak til mange sosiale og helsemessige problem. Årsak til vald, ulukker og kriminalitet. Årsak til sjukdom og for tidleg død. Dette må vi ta på alvor. Alkoholinntaket auker i den norske befolkninga.

Slik det ser ut på meiningsmålingane no, ligg det an til at vi får ein meir liberal alkoholpolitikk etter valet. Høgre vil gjere alkoholen letteare tilgjengeleg ved å utvide opningstidene. Dei vil at det skal kunne seljast alkohol i butikk til kl. 22 på kvardagar og laurdag. Og dei vil opprette ei ordning med pol i butikk i område der det ikkje er vinmonopolutsal. Dei vil og tillate avgrensa alkoholsal direkte frå produsent.

Frp skil seg klart ut. Partiet har den mest liberale alkoholpolitikken av alle partia som er representert på Stortinget. I partiprogrammet sitt seier dei: “Fremskrittspartiet tror en mer liberal alkoholpolitikk vil føre til et mer avslappet forhold til alkohol og til sunnere drikkevaner, samt få omsetning av alkohol inn i lovlige former.” Mon det. Dette er i direkte strid med forsking, som seier klart at tilgang har direkte samanheng med alkoholkonsum. Frp vil fjerne monopolet for omsetjing av alkoholhaldige drikker. Dei vil senke avgiftsnivået på alkohol slik at avgiftene kjem på linje med nabolanda.

Venstre, som og kan kome i regjering, har og ein liberal alkoholpolitikk. Dei vil tillate lokal produksjon og omsetjing av alkoholhaldige drikker. Venstre vil ikkje at staten skal bestemme tidene for salg og skjenking i kommunane. Dette vil dei overlate til det lokale sjølvstyret. Eg er redd det betyr vidare opningstider. Dei aller fleste kommunane ligg i dag på det som er maksimaltidene i alkohollova. I tillegg vil Venstre at det skal bli lov å selje øl og vin i daglegvarebutikkane.

Greier KrF å demme opp mot dette? Eg har mine tvil om det. Dersom vi får eit regjeringsskifte etter valet 09.september kjem landet til å få ein meir liberal alkoholpolitikk. Eg trur det er ei god oppskrift på fleire alkoholrelaterte problem. Eg er i alle fall overbevist om at det betyr at det totale alkoholkonsumet kjem til å gå opp.

Fleksiperm - 9 veker på 10 år

Berre lær deg ordet. KrF vil ha eit 9 vekers tillegg til eksisterande fødselspermisjon.
Desse vekene skal kunne brukast fleksibelt, fram til barnet er 10 år. Tenk deg alle dei vanskelege planleggingsdagane til barnehagane og skulane; her er løysinga. Far eller mor kan ta ut permisjon frå 9-vekers banken, og vere heime med borna den dagen. Eg kjenner mange foreldre som ønskjer dette velkomen. Eller kanskje familien sin krøkkete sommarferie kan bli betre, slik at faktisk heile familien kan få litt ferie i lag. Ofte må mor og far ta ferie ulikt, fordi 7-åringen har så lang sommarferie, mens mor og far berre har tre veker. Det er no kjekt å i alle fall få ei veke i lag :)
Forslaget har allereie hausta storm frå sosialistane. Men denne gongen kan dei ikkje klage på at det vil halde mor heime, sjølv om Trettebergstuen prøvde på det på P2. Dette tiltaket er klart kjønnsnøytralt. Og eg trur faktisk foreldre vil bruke det på den måten.
Så då er argumentet mot at det blir for dyrt. Det kostar 3 milliardar. Mykje pengar, men av eit statsbudsjett på 400 mrd…?
Kanskje er dette tvert om ei viktig investering, i born, i ekteskap, i familie..Ja kort sagt; i framtida!
Investering i ein god barndom er viktig, for barndommen varer heile livet!

Ap er for liberale.

Eg likar mykje av politikken til Arbeiderpartiet. Men på eit område er eg veldig ueinig. Ap er eit svært liberalt parti når det kjem til gen- og bioteknologi. Partiet vil fjerne forbodet mot eggdonasjon, opne for assistert befruktning til einslege kvinner og seier ja til tidleg ultralyd. I tillegg verkar det som det er positive haldningar til surrogati i Arbeiderpartiet.

Er det berre teknologien som skal setje grenser for kva vi skal godta innanfor bioteknologien? Eg meiner det og går nokre etiske grenser, som Ap fullstendig overser.

Vi er no i ferd med å fjerne oss veldig langt frå den naturlege måten å få barn på. Det må vere grenser for kor mykje vi skal tukle med det naturlege, med biologien. Etter mitt syn bør vi ha mykje større respekt for det naturlege. Vi må ha større respekt for skaparverket, rett og slett.

Bioteknologinemda tilrår å opne for eggdonasjon, men nemda var delt når dei skulle gje rådet sitt. Dette er kontroversielt. Og kvifor skal vi eigentleg gje assistert befruktning til einslege kvinner? Eg meiner at utgangspunktet må vere at barn har to foreldre. Av omsyn til barnet. Frå naturen si side er det lagt opp til at det skal vere slik. Har vi rett til å ta frå borna retten til ein far? Har vi rett til å oppheve grunnlaget for seksuell reproduksjon – nemleg samliv mellom mann og kvinne? Tidleg ultralyd har og problematiske sider. Mange fryktar sorteringssamfunnet. Danmark har tidleg ultralyd. Det har ført til at 99% av barn som er diagnostisert med Downs syndrom blir aborterte.

Med bagrunn i dette er eg veldig i tvil om eg vil stemme på Arbeiderpartiet ved valet til hausten. Eg les ein artikkel på aftenposten.no. Der står det at på grunn av sterk ueinigheit i regjeringa i desse spørsmåla, vil det ikkje bli lagt fram framlegg om endringar i bioteknologilova no. Senterpartiet er sterkt i mot dei endringane Ap vil ha. Senterpartiet fortener ros for å ta denne kampen i regjeringa, mot eit større og sterkare Arbeiderpartiet. Eit anna parti som er til å stole på i slike alvorlege og viktige verdispørsmål er sjølvsagt KrF.

Tenkt deg godt om før du puttar stemmesetelen i urna i september. Dette er viktige saker!

Eit ord er ikkje lenger eit ord!

Du kjenner omgrepet «eit ord er eit ord»? Det vert brukt om nokon som er å stole på. Kva som skjer, så held ein lovnaden sin : «eit ord er eit ord». For eit par år sidan presenterte regjeringa med statsministeren i spissen ein «eldrelovnad» som inneber 12000 nye sjukeheimsplassar i eldreomsorga innan 2015. Det skulle skine av eldreomsorga vart det sagt! Til no er det skaffa 1000 nye plassar. Det er difor trist å lese statsbudsjettet for neste år, der det er ei endring frå «nye plassar» i lovnaden til «nye og fornya plassar» .
Folk veit nok at når vi pussar opp romma i heimen vår, så vert det ikkje fleire rom. Romma vert fornya. Det gjeld også sjukeheimar. Vi forstår også at det er mykje lettare å få 12000 fornya plassar enn 12000 nye plassar.
KrF meiner at statsbudsjettet er eit svik mot eldrelovnaden.

Norunn Lunde Furnes, fylkesleiar Sogn og Fjordane

Responstid for politiet

Etter den flengande kritikken som 22.juli-kommisjonen kom med mot ma politiet, har det kome krav om responstid for politiet. http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.8281689
I programarbeidet til KrF har eg teke til orde for nettopp det, og det ligg inne i programframlegget vårt slik: " sette krav til responstid for politiet på utrykking til ulykker og meldte hendelser der det er fare for liv og helse".
Grunnen til at det vart tatt inn var fordi KrFer sterkt uroleg for korleis sentraliseringa av politiet har vore i meir “grisgrendte” strok, grunngjeve med lite kriminalitet og få mennesker. Og det står som ei naturleg oppfølging av punktet; “KrF vil at politi- og lensmannsetaten skal være desentralisert og fortsatt være et nærpoliti”.
Terror-fare var ikkje det vi hadde fremst i panna då vi skreiv dette inn i programmet,meir naturkatastrofer, trafikkulukker og andre ulukker, ja, beredskap i det heile.
Vi er klare over at dette er eit framlegg som vil koste. Men trygge samfunn er noko av det viktigaste å skape. Det gjeld når vi førebygger. Det gjeld når vi vil bygge samfunnet på kristne og humanistiske verdiar. Det gjeld også når uhellet eller kriminaliteten råkar.

Landbruksmelding med fine ord og lite tiltak

Sogn og Fjordane KrF er svært skuffa over at den raudgrøne regjeringa ikkje vil gjere tiltak for å oppretthalde og auke matproduksjonen i distrikta . At regjeringspartia ikkje ville gå med på KrF sine framlegg om jordvern og eit inntektsløft for bonden er sterkt beklageleg.
Etter dette spør vi oss om landbruksmeldinga berre skal vere fine ord utan innhald ? For å sikre matvareforsyninga i landet og rekrutteringa til landbruket er økonomi og bonden si inntekt viktige faktorar. Her hadde regjeringa ein sjanse til å syne i praksis at dei vil ta heile landet i bruk. Det ville dei ikkje!!
Signala i store delar av landet er i følgje Bondelaget at jordbruksarealet går ned og at produksjonen pr innbyggjar vert mindre. Dersom matproduksjonen skal auke i takt med folketalsauken i landet frå 5 til 6 millionar menneske på 16 år, vil det seie auke i matproduksjonen på 20% i mange år.
Å snakke om auka produksjonsmål utan å styrke dei to sentrale punkta som gjeld rekruttering og økonomi i landbruket er urealistisk!

Norunn Lunde Furnes, fylkesleiar KrF Sogn og Fjordane

Landbruksmelding med fine ord og lite tiltak

Sogn og Fjordane KrF er svært skuffa over at den raudgrøne regjeringa ikkje vil gjere tiltak for å oppretthalde og auke matproduksjonen i distrikta . At regjeringspartia ikkje ville gå med på KrF sine framlegg om jordvern og eit inntektsløft for bonden er sterkt beklageleg.
Etter dette spør vi oss om landbruksmeldinga berre skal vere fine ord utan innhald ? For å sikre matvareforsyninga i landet og rekrutteringa til landbruket er økonomi og bonden si inntekt viktige faktorar. Her hadde regjeringa ein sjanse til å syne i praksis at dei vil ta heile landet i bruk. Det ville dei ikkje!!
Signala i store delar av landet er i følgje Bondelaget at jordbruksarealet går ned og at produksjonen pr innbyggjar vert mindre. Dersom matproduksjonen skal auke i takt med folketalsauken i landet frå 5 til 6 millionar menneske på 16 år, vil det seie auke i matproduksjonen på 20% i mange år.
Å snakke om auka produksjonsmål utan å styrke dei to sentrale punkta som gjeld rekruttering og økonomi i landbruket er urealistisk!

Norunn Lunde Furnes, fylkesleiar KrF Sogn og Fjordane

Er bokbåten noko å ha?

KrF vil i Fylkestinget 14. og 15. desember føreslå at budsjettramma til kultur vert auka med kr 600 000 slik at bokbåten Epos framleis skal ha stopp i vårt fylke. Bokbåten er samarbeid mellom fylkeskommunane på Vestlandet og kombinerer kulturoppleving og litteraturformidling på ein god måte. Det er noko eksotisk med eit flytande bibliotek. Hadde det vore ei nyskaping, er eg sikker på at det ville fått stor merksemd! Men slik er det ikkje. Bokbåten Epos har reist sidan 1959, og enkelte kulturpolitikarar meiner den har utspelt si rolle. Brukarane er særleg barn og eldre menneske. Desse bur i distrikta. Det er såleis svært enkelt å fjerne tilbodet?

I nabofylka våre Hordaland og Møre og Romsdal har bokbåten og Den kulturelle skulesekken eit samarbeid, noko vi ikkje har i vårt fylke. Desse fylkeskommunane har ingen planar om å legge ned drifta av bokbåten. Dersom Sogn og Fjordane fylkesting ikkje løyver midlar til bokbåten i budsjettet for 2011, vil dette truleg vere ei dominobrikke som påverkar heile bokbåt-tilbodet langs fjordane på Vestlandet. Då skjønar KrF det slik at fylkestinget meiner at bokbåten ikkje er noko å ha.

Vil fylkespolitikarane som ivrar for ei fylkessoge til minst kr 11 millionar at dette skal verte vårt ettermæle i Sogn og Fjordane?

Svar til Torbjørn frå AUF

Innlegget ditt i Firda laurdag osar av fordommar, faktafeil og ønskje om å framstille andre på ein uriktig måte. Det blir litt som i songen til Bjørn Eidsvåg om at “eg sa kos, du høyrde bleievask”. Kommunikasjon er ikkje enkelt.
KrF er, tilliks med Ap, eit politisk parti. Partiet bygger, tilliks med Ap, på eit sett verdiar. For KrF sin del er verdiane menneskesyn, nestekjærleik og forvaltaransvar med basis i Bibelen. Det er eit verdigrunnlag som eg er stolt over. Og som er trur er veldig bra for eit samfunn å bygge på.

Men så tillegg du KrF mange grumsete meiningar i forhold til homofile som ikkje har dekning, korkje i verdigrunnlaget eller i partiprogrammet. Slike fiendebilete er det lite lurt å bygge opp viss målet er å hjelpe fram dei homofile sin aksept. Eg må seie at i samtale med vanlege folk (særleg i valkampen), også mange i ditt parti, så finn eg skremmande og “grumsete” haldningar både mot homofile og muslimar. Det må vi som politikarar ikkje tolerere. Ved å late som om dette berre er eit “KrF-problem”, så tar du heilt feil og oppnår lite for saka.
KrF var i mot den ekteskapslova som regjeringa innførte, og som likestiller ekteskap mellom mann og kvinne med likekjønna ekteskap. Det gjorde ein først og fremst utfrå retten til borna. KrF synest det er feil å lage ei lov som systematisk tek frå born retten til å kjenne til opphavet sitt. KrF har heile tida anerkjent samfunnet og dei homofile sin rett til ei “samfunnskontrakt” rundt samlivet sitt. Opprinneleg meinte vi det kunne ordnast med lov om husstandsfellesskap. Etter at partnerskapslova vart innført, så har ikkje KrF teke nokon omkamp på den. Men ekteskapslova inkluderer altså ikkje berre dei vaksne sine rettar, men let desse rettane gå framfor viktige rettar for borna. Og derfor vil KrF framleis arbeide for ei lov som ikkje inkluderer borna.

Eg gler meg til å få besøk av deg, med blomster og kake! For dei krava du listar opp sin del, så kan du kome allereie i dag. Der er aksept i KrF av homofile. Der er ikkje nokon “heksebrennings-politikk” i KrF, og eg lovar at KrF er på offensiven som parti, for å inkludere alle i samfunnet.

Så kan ikkje eg, på same måte som du eller andre tillitsvalde i Ap, gå god for alle meiningar som den enkelte medlem måtte ha. Men det reknar eg med at du skjønar, når du begynner å sjå på eigen medlemsmasse.

Nei til raudgrøn kamp for arbeidsløyse og sosial naud

Dei raudgrøne har brukt 300 milliardar meir enn den forrige regjeringa. Men korleis har dei prioritert pengebruken, og kva veg styrer dei landet. Kvifor vil dei ha åtte timar skuledag for borna, og seks timar arbeidsdag for foreldra. Bør ein ikkje styrke kvaliteten per skuletime heller enn å legge til fleire skuletimar utan kvalitet. Kvifor har dei prioritert rikdomsbekjemping framfor fattigdomsbekjemping, og kvifor legg dei ned satsinga mot mobbing i skulen. Kvifor ville i utgangspunktet ingen av partileiarane møte KrFs Dagfinn Høybråten til TV-debatt. Og korleis kan Helga Pedersen gå til valg på ”ingen luftslott” når dei har 88 løftebrudd frå luftslottet Soria-Moria.

Raudgrøn dobbeltmoral i anbudspolitikken
Dei raudgrøne vil ikkje setje bestemor på anbud, i staden har dei sett barnevernsborn og rusmisbrukarar på anbud. Det har resultert i at barnevernsborn som må flytte frå heimen sin vert sendt til institusjonar langt frå alle vener og omgangskrets (til og med til heilt andre delar av landet). Dei mistar heile sitt nettverk i tillegg til det traumatiske i å skiljast frå familien.
Når det gjeld rusmisbrukarar har anbudsutsetjinga resultert i lenger kø, og at frivillige organisasjonar som er profesjonelle og gjennom historia ofte kan vise til betre behandlingsresultat. Ikkje berre kristne, men også til eksempel Raude Kross, vert utestengt frå anbud og står med ledige behandlingsplassar. Desse plassane har ikkje ein høgare pris enn offentlege plassar, så kvifor dei ikkje vert nytta bår behova er der er heilt ubegripeleg. Det som dette rammar er verdigheten til borna og rusmisbrukarane som I høgste grad vert skadelidande. Rusmisbrukaranes pårørande er også skadelidande, ubehandla rusproblematikk aukar også kriminaliteten i dei store byane og legg beslag på andre resursar. Kva for eit samfunn får vi dersom vi ikkje får lov til, eller i det heile satsar på å hjelpe dei som treng det.
Eit anna og vesentleg moment i velferdsstaten er helseforetaka, som er overadministrert og bakbundne. Vi ser at dei regionale føretaksleiinga har hindra dei lokale ledda i å gje eit tenleg tilbod lokalt, og at dei sentrale styresmaktene ikkje evnar å sjå og samordne styringa riktig. Helseføretaka har ført med seg ei sterk administrasjonsauke som er svært kostbar, og stykkprisfinansiering har i tillegg gjort at sjukehus prioriterer effektive operasjonar framfor behandling av meir alvorlege tilfeller der folk i kø i mellomtida ikkje evnar å arbeide og vert psykisk stigmatiserte. Dette gjev samfunnet nye løpande utgifter i form av for eksempel trygdeutgifter, og svekka verdighetskjensle for dei det gjeld.

Arbeidsplassar og næringsframtid i Sogn og Fjordane
I forhold til arbeidsplassar i Sogn og Fjordane, (men også i Noreg generelt), er skatten på arbeidande kapital noko vi må til livs. Nye bedrifter treng fleire år på å bygge seg opp, og mellomstore bedrifter kan eit år i mellom slite slik at dei ikkje tener like mykje. Denne skatten gjer at nye framtidsretta idear ikkje kan resultere i produksjon/utvikling og nye arbeidsplassar i Noreg fordi det du investerer i vert bokført som formue som du skal betale skatt på. Til eksempel når du investerer i nytt utstyr, nye fabrikklokale, eller noko så banalt som ein ny forhaustar. Desse verdiane er jo slett ikkje formue du har ståande i banken eller private luksusartiklar. I fjor måtte 15% av bedriftene i Noreg ta opp lån for å betale denne skatten. Dette er takka for å starte eller utvikle noko nytt slik at det norske samfunn kan gå i møte med nye tider.
I Sogn og Fjordane har vi hatt ein stor andel energikrevjande industri, den ser vi i aukande grad vert lagt ned, eller ”outsourca” som det heiter når dei flytter ut av landet. I forrige valkamp var eit nytt industrikraftregime oppe på agendaen, det er merkeleg å sjå at Arbeiderpartiet har brukt fire år på å få dette på plass. Alt for seint, og mange har mista jobben før det kom på plass.
Arbeiderpartiet spelar høgt på arbeid til alle. Då er det paradoksalt at det under dagens regjering er fleire og fleire lærlingar som ikkje får lærlingeplass. Dei får ikkje fullført utdanninga si, og mange vert nettopp arbeidsledige. Det er noko som forfølgjer mange i jakta på arbeid resten av livet. KrF vil fjerne arbeidsgivaravgifta for lærlingar, slik at foretak som faktisk bidreg til samfunnet gjennom å utdanne lærlingane kan ansette fleire lærlingar, og vi vil i tillegg styre den offentlege sektoren i retning av å ansette lærlingar. Dette vil faktisk auke kvaliteten til det offentlege fordi dei må halde seg oppdatert på det siste faglege, som dei jo skal trene lærlingane til.

Makt viktigare enn sakene
Regjeringa har kome med mange gåvepakkar like før valet. Dersom regjeringa meinte det var viktig med øyremerkte midlar til kommunale kulturskular for å gje trygge fritidssyslar og sunne interesser hjå born og unge, kvifor stemte dei ikkje for det når vi foreslo det i vår heller enn å vente til valet? Dersom regjeringa meinte det var viktig med styrka oljevernberedsskap langs kysten, kvifor stemte dei ikkje for det når vi foreslo det i staden for å late som dei var foregangsmenn under oljeutslippkrisa utanfor Vestfold/Telemark/Agder i sommar? Dersom dei syntest det var viktig å sikre kraft til norsk industri, kvifor venta dei til like før valet med å lansere det nye kraftregimet etter at mange arbeidsplassar har gått tapt?

Vi i KrF vil ikkje kutte all skatt og fjerne velferdsstaten, men fjerne urettferdig skatt som gjer at vi ikkje utviklar oss vidare, og samtidig stadig jobbe for betre helsestell og skule. Vi vil ikkje forby folk og organisasjonar å hjelpe dei som treng det mest, men gi folk frihet til å sjølve styre sine liv. Vi er ikkje blå eller raude, kommunistar eller kapitalistar, men samarbeider med begge sider for å hjelpe dei som verkeleg treng det og for å skape eit samfunn med plass til alle.
Bruk hjertet, bruk hodet og bruk stemmen, stem KrF!

Sigmund Vefring, Naustdal, KrFU
(trykkast seinast 14/9-09)

Kva er viktig?

Spør du meg – så skal politikk legge rammene for at alle menneske kan oppleve livskvalitet i kvardagen. Då er ikkje A4-løysingane gode for alle! Viktige avgjerder for ein familie kan til dømes takast rundt kjøkkenbordet, ikkje rundt Kongens bord. Difor er KrF så oppteken av at anten det gjeld val av barnehage, skule eller kontantstøtte – så skal foreldre ha reell valfridom. Det vert det ikkje dersom regjeringa avskaffar kontantstøtta eller innfører heildagsskulen og obligatorisk skulefritidsordning. Vi kan ikkje ha det slik at medan eit regjeringsparti arbeider for 6-timars dag for vaksne, så vert det lagt opp til at barna må vere i institusjon i 8-9 timar dagleg. Vi treng kvalitet i skulen – og då er det fleire lærarar som tel og ikkje fleire timar!

Valanalytikarar fortel at det er få stemmer som kan avgjere kva regjering vi får etter valet. Det vil kome mange viktige vegval også i komande stortingsperiode. KrF vil vere eit parti for den verdibevisste og tale for dei stemmelause i samfunnet.

Gjennom dagens abortlov og nye forslag om å bruke screening til å sortere bort barn med til dømes Downs syndrom, vert sorteringssamfunnet vårt synleggjort på ein skremmande måte. Menneskeverdet er ukrenkeleg heilt frå fosteret til den naturlege død. KrF vil grunnlovsfeste retten til liv!

KrF seier nei til aktiv dødshjelp. Samfunnet må møte smerte med smertelindring og einsemd med venskap. Respekten for livet må styrkast gjennom aktiv livshjelp, og ikkje svekkast gjennom aktiv dødshjelp.

Skal vi gje gratis omsorg eller gratis heroin? Vi må ikkje gje opp enkeltmenneske! Den rusavhengige treng omsorg og behandling, ikkje gratis heroin. I alkohol og skjenkepolitikken må omsynet til barna komme først.

Nyleg vart det rapportert i media om at delen av fattige barn i Noreg har stige raskt dei siste åra. Mange av desse barna er i familiar med berre ein vaksen eller der ein av dei vaksne av ulike grunnar ikkje er i arbeid utanfor heimen. I tillegg til arbeidet for å inkludere så mange som muleg i arbeidslivet, meiner KrF at dei statlege minstesatsane for sosialstønad skal aukast, og at barnetrygd og kontantstøtte ikkje skal føre til reduksjonar i sosialstønaden .

Ekteskapet som ordning mellom ei kvinne og ein mann har djupe røter i tru og tradisjon i kulturar over heile verda. KrF kjempar for at alle barn har rett til ei mor og ein far og at alle barn skal ha rett til å kjenne sitt opphav. Slik vert det ikkje når bruk av surrogatmødre eller ukjende donorar vert tillete. Fedrene si rolle i familien må styrkast, ikkje strykast!
KrF arbeider for å reversere ekteskapslova, barnelova og adopsjonslova.

Familien, – barn, foreldre, eldre – er så viktige, dei utgjer grunncella i samfunnet. Difor er det TID til å takle tidsklemma som er viktig. Dette kan vi ikkje sjå at den noverande regjeringa har prioritert! Vil du ha endring, røyst KrF som har den beste politikken for livskvalitet i kvardagen!

Norunn Lunde Furnes, fylkestingsrepresentant og nestleiar KrF Sogn og Fjordane.

Den store honningkrukka

Kva skal pengane brukast til? Dei vi betaler i skattar og avgifter, og dei vi pumpar opp frå Nordsjøen? Nokre trur visst at honningkrukka er utan botn og at vi kan få alt vi ønskjer oss. Billegare bensin, gratis ferjer, ingen bompengar, billegare SFO, lengre permisjon for foreldre, meir til sjukehusa og kommunane og …. KrF veit av vi må velje, og at eit ja også betyr eit nei. Vi spør om du vil ha meir eller om du vil ha det betre. Vi veit at det som er godt for borna er godt for alle. Vi vil gje valfridom mellom kontantstøtte og barnehage. Vi vil gje fleksiperm som gjev foreldre 14 veker ekstra fri fram til barnet er 10 år. Vi vil ha fleire lærarar i skulen framfor heildagsskulen. Vi vil ha barnas transportplan med trygge skulevegar. Vi arbeider for frivillige lag og organisasjonar og momsfritak for desse. Samspelet med andre menneske gjer livet meiningsfylt. Då er jobben viktig, men ikkje nok. Ole Brumm sa ”Ja takk begge deler”, men honningkrukka er ikkje utan botn. Vil du har meir eller vil du ha det betre?

Nok raudgrønt no!

SV hadde nyleg eit utspel om å fjerne statsstøtte til livssynsorganisasjonar som ikkje gjer som SV og regjeringa vil! Ære vere politikarar som er ærlege før valet, slik at debatten kjem opp! Det er ikkje nytt at toleransen i SV ikkje strekkjer seg så langt. Dei har jo landsmøtevedtak i år på å fjerne alle friskular med livssynstilknyting, så dette er eit steg vidare der dei skal tvinge særleg dei kristne organisasjonane til å tilsetje søkjarar som ikkje står på organisasjonane sitt verdigrunnlag.

Før Stortingsvalet i 2005 var KrF uroa for mange aktuelle verdisaker: familiepolitikken med kontantstøtta, bioteknologilova, kristen formålsparagraf i skulen, KRL-faget i skulen, friskulane sin stilling, ekteskapslova der særleg adopsjon av barn var aktuelt, forholdet mellom kyrkje og stat. I alle desse sakene – fanst det politikarar, særleg frå Senterpartiet, som stod fram og sa dei var garantistar for same synet eller eit liknande syn som KrF. Åra etterpå har synt kva desse uttalene har vore verdt: INGENTING. Veljarar som stolte på desse politikarane vart lurte!

Ein hån mot kyrkja er særleg Arbeiderpartiet sin kyrkjepolitikk. På eige landsmøte i 2007 handsama Ap-politikarane eit framlegg om å fjerne paragraf 2 i Grunnlova. Dette er paragrafen frå 1814 som seier at den evangelisk lutherske religion skal vere staten sin religion. Logisk ut frå dette vil då vere at dei også går for å skilje stat og kyrkje, men det ynskjer dei ikkje. Forklaringa til Trond Giske som kyrkjeminister: Kyrkja er ikkje demokratisk nok! Forklar veljarane kva som er demokratisk med at ein minister – som ikkje er direkte folkevald – men oppnemnd av statsministeren – utnemner biskopar stikk i strid med det kyrkjelege demokratiet i landet?. Siste døme er bispeutnemninga i Rogaland nyleg.
Kvifor skal tusenvis av menneske i dette landet engasjere seg i kyrkjedemokratiet når dei vert overprøvde gong etter gong? Det er ikkje rart at statskyrkjemedlemer ser seg om etter andre kyrkjealternativ, og det er trist at den raudgrøne regjeringa på denne måten raserer kulturinstitusjonen kyrkja. For kyrkja er vel ein kulturinstitusjon sjølv om den ikkje vart nemnd i den nye kulturlova?

Norunn Lunde Furnes
Nestleiar KrF Sogn og Fjordane, medlem av Fylkestinget og Hovudutval for kultur.

NLF-bms09-270

Miljøpremie ved kjøp av bil

Det er naturleg at samferdsleministeren er oppteken av trafikksikring og miljø. Særleg no framfor valet er dette merkbart. KrF er særleg positive til at dei som kjøper miljøvenlege bilar skal få avslag i prisen og har difor tidlegare føreslege kr 25000 som ein miljøpremie. Andre parti har føreslege stor auke i vrakpanten og vorte nedstemte av regjeringspartia i Stortinget. .

At samferdsleministeren vel å knyte sitt framlegg om miljøpremie til vrakpanten, treng ikkje vere ei god løysing. Det er ikkje tvil om at drastisk auka vrakpant kan føre til at dei eldste bilane, som forureinar mest, vert borte frå vegane. Problemet er at mange av dei som har dei eldste bilane truleg ikkje har økonomi til å kjøpe heilt ny bil med det første. Slik vil dei ikkje nå tak i denne eventuelle miljørabatten. Særleg gjeld dette mange av dei yngste bilførarane og småbarnsfamiliar. Om den auka vrakpanten berre skal gjelde ved kjøp av heilt ny miljøvenleg bil, kan det hende desse ikkje leverer bilen til opphogging i det heile.

Det store spørsmålet er likevel om kven som får nytte av miljøpremien til SP ? Vil ordninga gjelde berre elbilar, er det mykje som vantar i distrikta på at nettet er utbygd for dette. Her vil KrF gjerne vere på lag for å få dette til, med ladestasjonar der det trengst. Men koplinga vrakpant og miljøpremie må vi unngå: Ein liten miljøgevinst er betre enn ingen, difor er auka vrakpant ok slik at folk skifter til litt nyare, litt meir miljøvenlege og trafikksikre bilar. Så må vi samarbeide politisk for at det er dei mest miljøvenlege bilane som folk vel når dei skal ha ny familiebil eller arbeidsbil. For KrF er dette punktet viktig, og vi helsar alle gode forslag frå andre parti velkommen!

Norunn Lunde Furnes, nestleiar KrF Sogn og Fjordane og medlem av fylkestinget og Trafikktryggingsutvalet.

Momsfritak for frivillige organisasjonar dersom regjeringsskifte

KrF, Høgre, Venstre og Frp lovar momsfritak dersom dei får fleirtal i stortinget etter valet i haust. Hans Olav Syversen (KrF) og Ulf Leirstein (Frp) understrekar at saka tydeleg markerer den ideologiske skilnaden mellom regjeringa og opposisjonen når det gjelder frivillige organisasjoner.

Slik det er i dag vert frivillighet straffa av staten. Eksempelvis kan eit høgfjellshotell og Røde kors kjøpe inn kvar sin identiske snøscooter. Hotellet endar opp med å betale 25% mindre enn den frivillige organinsasjonen ettersom dei får refundert mva. Eit anna eksempel er skulekorpset som skal på tur, foreldra bakar kaker og lagar kakelotteri. Er det rettferdig at dei må bake 25% meir kaker enn strengt tatt naudsynt?

Kva fritidstilbod hadde vore att for unge i fylket vårt dersom ein hadde tatt vekk alle frivillige bidrag? Kor mange er ikkje med å gjer ein kjempeinnsats i idrettslag, 4H, ungdomsklubbar og mykje meir? Dagens regjering ønskjer at desse eldskjelene som gir av si fritid samtidig skal gi 25% av innsatsen til staten. Kva signal sender dette?

Heldigvis har vi eit val til hausten der vi kan få sagt kva vi meiner. KrF er eit parti som ønskjer å ta dei som gjer ein innsats for fellesskapet på alvor. Vi ønskjer å ta bort moms for frivillige organisasjonar, det skulle berre mangle!

KrF vil framleis ha friskular

I helga har SV hatt landsmøte i Bergen. Det vedtaket som fekk mest merksemd var deira forslag om å avvikle alle former for private skular. SV viser her sitt sanne ansikt. Dei ønskjer ikkje at det skal finnast alternativ til den offentlege skulen. Alle barn og unge skal kvernast gjennom same kverna for å bli gode borgarar av staten. SV ønskjer med dette å ta bort foreldra sin rett til å velje andre alternativ for sine born. Er det verkeleg slik at SV veit betre enn foreldra kva som er best for borna? Det verkar ikkje som om SV er spesielt opptekne av at dette bryt med menneskerettighetar og norske lover, og sist med privatskuleforliket. Det er under fire år sidan Øystein Djupedal fekk æra for å ha laga eit forlik om privatskulane. Regjeringspartia og KrF var samde om å lage forutsigbare rammer for privatskulane. Dette forliket har tydeligvis SV gløymt no.

Prinsipielt er det mange problemstillingar med dette vedtaket. I tillegg dukkar ein del lokale problemstilingar opp. Etter kvart som kommunane legg ned grendeskular veks det fram private initiativ frå foreldre som ikkje vil miste hjartet i lokalsamfunnet. SV ønskjer ikkje at desse grendeskulane skal ha livets rett.

I Sogn og Fjordane har vi berre ein privat vidaregåande skule, Sygna vgs i Balestrand. På denne skulen er det om lag 150 elevar, noko som svarar til rundt 3,5 % av elevane i Sogn og Fjordane. Sygna rekrutterer frå heile landet, og kan vanskeleg sjåast på som noko trugsmål mot dei andre vidaregåande skulane i fylket.

Ei SV-ønskja nedlegging av Sygna vil ikkje ha noko særleg positiv effekt på dei andre vidaregåande skulane i fylket. Det kan derfor ikkje seiast at nedlegging av Sygna styrker den offentlege skulen. Kva andre implikasjonar vil nedlegging av Sygna ha?
• Balestrand kommune misser om lag 50 kompetansearbeidsplassar
• Kommunen vil vidare miste om lag 100 innbyggarar ettersom det ikkje er andre arbeidsplassar for denne gruppa i kommunen
• Næringslivet i kommunen vil merke at tilsette med familie, samt 150 elevar ikkje er i Balestrand lenger. Butikkar, kino og andre aktørar vil få eit redusert driftsgrunnlag
• Balestrand kommune vil misse ei rekke vikarar og deltidstilsette inn mot helsetenestene
• Kulturliv og idrettslag vil merke ein nedgang i tal leiarar og deltakarar

Balestrand KrF er sterkt kritisk til SV sitt landsmøtevedtak. Totalitære haldningar der ein ønskjer å leggje ned forbod mot alt ein er usamd i, er ein dårleg måte å skape mangfald og toleranse. Vi vil framleis ha friskular i landet vårt som byggjer på alternative pedagogiske og religiøse standpunkt. Balestrand KrF ser og at dette vedtaket vil ha store lokale implikasjonar i Balestrand. Vi kan ikkje tru at innbyggarane i kommunen og omegn er samde i dette. Kanskje vi skal bruke vår demokratiske rett og fortelje SV kva vi meiner om dette i stortingsvalet til hausten?