Viser arkivet for stikkord krig

Ein særs dårleg tildeling av ein fredspris

Den norske Nobelkomiteen har nok ein gong kome med eit absurd vetak om tildeling av fredspris. EU fortener så klart ikkje å få ein fredspris.

Eg er samd med LO-sekretær Kristian Tangen, som i eit intervju med frifagbevegelse.no kallar denne tildelinga for ein “skandale”.

Kva er det EU får prisen for? Dei stadig oftare tilfella av grov politivald mot demonstrantar i EU-land? Den aukande sosiale uroen som følgjer av kraftige auka i sosial ulikheit og arbeidsløyse? At fleire folkevalde organ vert satt til side til fordel for toppbyråkratar og teknokratar? At EU er ein militær allianse? Alle krigane og okkupasjonane som fleire EU-land har vore med på i nyare tid?

EU-landa står nå, ifølgje aftenposten.no for 32 prosent av all våpeneksport i verda. EU har dessutan bygd opp eit eige militærapparat med eigne institusjonar og eigne avdelingar. EU har vedteke at dette militærapparatet skal kunne bli satt inn kor som helst i verda, med eller utan FN-mandat. EU pålegg medlemslanda til å ruste opp militært. I Lisboa-traktaten står det at “Medlemsstatene forplikter seg til gradvis å forbedre deres militære kapasitet” (artikkel 42.3)

Ei undersøking som Respons Analyse har gjort for Aftenposten syner at berre 1 av 4 nordmenn meiner at det var riktig å gi EU denne prisen. Akkurat som den politiske eliten i EU er Nobelkomiteen i utakt med folk flest.

Tildelinga av fredsprisen til EU er den verste tildelinga sidan den vanvittige tildelinga til presidenten i USA, Barack Obama, og det var den verste tildelinga sidan tildelinga til Henry Kissinger. Alfred Nobel sitt testamente har vorte dratt så mange gangar ned i søla no at det er på høg tid at nokon andre tek over. Den norske Nobelkomiteen er openbart ikkje kompetent. Eg seier at Sverige må få oppgåva med å dele ut denne prisen. Så slipper i alle fall vi å verte gjort til latter på denne måten.

Anders Hamre Sveen
Vara til landsstyret i Raudt
Stryn

Romantisering av krig

Romantisering og heroisering av Krig

Til ungdommen!

Ver klar over, vit, at de er altfor intelligente til å late dykk lure til å delta i noko så nederverdig som krig.
De er den nye tid og har som oppdrag – Å skape fred og sameksistens for alle og alt.
Les og høyr kva Lisbeth Tengelsen skriv :

-For å få unge menn til å ikke forstå at krig handler om å drepe og bli drept, så tyr militære til romantisering og heroisering av krig.
Det er rett og slett ei form for løgn. Det er det som skjer når norske unge menn blir forført til å delta i krigen i Afghanistan og andre steder i verden. Det er også fullstendig etter oppskriften at unge norske menn er totalt blottet for historikunnskap
om at verdens største militærmakt måtte gå hjem frå Vietnamkrigen og andre kriger, De måtte gå hjem uten medaljer, men flere hundre tusen fikk livsvarig fysisk eller og psykiske skader.
Om de heller hadde blitt informert tilstrekkelig om dette så ville de ha forstått at de var for inteligente til å drive med meningsløse og fattigdomsskapende aktviteter som
krig.
Videre skriv Lisbeth tengelsen om poletikken i dette dødsdrama Det er i denne samanheng uverdig at folkebladet onsdag den 22april lar Jonny Kristiansen, breie seg med over en halv side om å etablere jagerflybase i Troms. Jagerfly er en av de mest stupide og perverse drapsinstrument vi vet om i dag. Sitat slutt.

Kjære ungdom, bruk ikkje dykkar intelligens til noko så menneske nedverdigt som krigsvåpen, til å arbeide i og for krigsindustrien.

Vi treng mennesker til den nye tidsalder med SQ intelligent, sosial, åndeleg intelligent. Og vi treng mennesker med høg EQ, emosjonell, følelse intelligent.
med empati som kan leie den nye slekt inn i den nye tidsalder med fred, kjærleik. ansvar for kvarandre.
Oldemor Klarino