Viser arkivet for stikkord kultur

Kyrkja og samfunnet

2013 har starta på ein super måte for oss som er opptekne av kultur, verdidiskusjonar og av kristne verdiar som byggestein for samfunnet. Som KrF sin kandidat for stortingsvalet til hausten så har eg lyst til å dele nokre av dei tankane eg har kring dette.
Debatten om kva som er norsk kultur og kor truga han er av innvandring, skaut fart då Hustad skreiv kronikk i Aftenposten (2. 01.13) og meinte «limet i norsk samfunn» / kristen, norsk kulturarv var i ferd med å bli øydelagd. Og han la, i likskap med Tybring- Gjedde (FrP) ein stor del av skulda for det på innvandring frå ikkje-vestlege land. Eg trur Bondevik har meir rett når han seier «sterkast motstand mot kristen tru kjem frå dei som er livredde religiøs påverknad i det offentlege rom». I Førde har søndagsskulen opplevd at muslimske born har blitt med på deira opplegg, fordi foreldra deira seier det er det einaste tilbod til borna som trass alt bygger på noko som liknar deira verdiar. Så når Human Etisk Forbund (HEF) eller politiske parti skubbar omsynet til våre nye landsmenn føre seg som argument for livssynsnøytralt offentleg rom, så gjer dei denne gruppa urett. Og ikkje berre det. Dei er med å bygger murar i staden for bruer mellom folk, noko som skaper utryggleik og avstand. Noko eg trur er det motsette av det dei eigentleg vil.
Så kom Stålsett-utvalet med sitt framlegg. Eg syns det er flott at dei slår fast at tru og utøving av tru har ein plass i det offentlege rom. Dei meiner det er klart at kristne skulelag skal kunne ha møter i storefri på skulen, eller at det er eit rom på skulen som muslimane kan bruke når dei skal be. Dei understrekar at det offentlege skal likebehandle ulike religionar i å gje dei denne retten. Som KrF-ar meiner eg det er rett. Høvet til å dyrke trua si må gjelde alle. Ikkje berre dei som høyrer til ulike kristne trussamfunn. Kanskje dette også kan stanse dei til tider einspora debattane om det skal kunne vere konfirmasjonsundervisning i skuletida også, sjølv om det er ein debatt med fleire aspekt.
Men i iveren etter å likebehandle dei ulike trussamfunna, så meiner eg Stålsett-utvalet (fleirtalet) bommar når dei vil late som om den kristne kyrkja og kulturen ikkje betyr noko ekstra i det norske samfunnet. Eg meiner det blir feil å dra prinsippielle argument så langt at ein prøver å utslette hundreår med norsk tradisjon. Og det er befriande og optimistisk at det er kulturministeren vår, Hadia Tadjik som sett skapet på plass med å seie «…vi startar ikkje med blanke ark. Norge har ein kristen-humanistisk arv. Den ber vi med oss vidare». Stålsett-utvalet sitt sjølvfornektande syn på korleis vi skal møte framtida, blir avkledd av «det nye Norge», av muslimen Tadjik, som viser oss vegen til eigne røtter. (Åshild Mathisen VL)
KrF har som politisk prinsipp at trussamfunn skal bestemme over seg sjølve når det gjeld indre saker. Derfor var KrF aktivt med og utarbeidde kompromisset som avvikla statskyrkja og innførte Folkekyrkja. Vi meinte det var feil at til kvar tid sittande regjering skulle bestemme kven som skulle vere biskop og ansvarleg for kyrkja i lærespørsmål. Men i dette kompromisset så er framleis kristne og humanistiske verdiar innskrivne i Grunnlova som det landet skal bygge på, og skulane har framleis ein kristen føremålsparagraf. For oss er dette å vere prinsipiell samstundes som ein tar vare på norsk kultur og det store fleirtalet sitt ønskje om å ha ei landsdekkande kyrkje. KrF er for eit livssynsope samfunn. Men vi syns mange av forslaga til utvalet tyder på at dei vil ha eit livssynsforflata samfunn. Kyrkja sin rolle ved viktige riter i livet, som bryllup og gravferd, har blitt dei mest synlege døma på det. Kva oppnår ein med å ta vekk vigselsretten frå trussamfunn? Eg kan skjøne det viss trussamfunn, dersom det vart statlege pålegg som krov at dei td måtte vie menneske dei etter si lære meinte det var feil å vie. Men då burde det vere trussamfunnet som sjølve sa frå seg vigselsretten, og held fast på ei forbønshandling for dei som ønskte det.
Eg trur også at kyrkja på ein god måte har forvalta gravplassane (inntil nyttår heitte det kyrkjegardane (!)) slik at dei som ikkje ønskjer ei kristen gravlegging får det. Dei blir ikkje vist til eit spesielt gravfelt eller liknande, viss nokon trur det. Men gravplassane ligg stort sett knytt opp til kyrkjene våre. Skal det endrast?
Folkekyrkja er under press. Men det er feil å skulde dette presset på innvandrarane. Det er også feil å skulde det på politikarane åleine. Skal vi framleis ha ei kyrkje i alle bygder og ei opplæring av born og unge i kristen tru, så er det du og eg som medlemer i kyrkja som vert utfordra. Det er vi som må bruke tid og pengar på at kyrkja skal fungere. Viss vi ikkje bryr oss, så blir kyrkja borte.
Derfor tenkjer eg det er viktig at eg som politikar er med å legitimerer at tru er viktig og lovleg i det offentlege rom. At eg er med og legg til rette for økonomiske tilskot til drift av trussamfunn. At den kristne kyrkja framleis har ei særstilling i det norske samfunnet fordi ho er med og held oppe eit verdisett og ein kulturarv som samfunnet vårt treng for å vere eit godt samfunn.

Skulptur på torget?

Å vere kulturmeldar er ei givande oppgåve. På det jamne ynskjer eg meir motbør og diskusjon. I kulturmeldinga mi om den nye Fritjovstatuen nær Skei var eg ærleg med hobbyskulptør Stig Eikaas. Eg rosa han for å drive kunstdebatt, og eg la vekt på kreativiteten hans ved å nytte ein Jøtul vedomn som hovud på Hr Urdal. Eg er såleis ikkje einsidig negativ Stig Eikaas sine skulpturar. Men eg er også ærleg nok til å uttale at Stig lagar skulpturar av humørfylte kjendisar for å skape ståhei rundt seg sjølv.

Stig Eikaas svarar med personleg utskjelling. At han ikkje tåler ei balansert kulturmelding lever eg godt med. Heldigvis har mange andre også kasta seg på i debatten. Eg vil i dette innlegget understreke dei mest sentrale momenta.

Skulpturane på torget. Det er viktig å dra eit skilje mellom skulpturar på privat grunn og skulpturar på offentlege torg. Ei offentleg utsmykking pregar vårt felles rom der vi alle skal ferdast. Her må dei lokale kommunestyra kjenne det ansvaret sitt. Dei må vere ryddige og fylgje reglane for kunst i offentleg rom. Dette inneber konkurranse og bruk av faglege vurderingar. Visst skal kunst utfordre og gjerne forarge og absolutt vere meir enn bronsehjortar i solnedgang. Men tettstadane i fylket fortener ei betre utsmykking enn Stig Eikaas sine sjølvnytande hobbyskulpturar.

Skulpturar i utmark. Kva som vert reist av monument på privat grunn må regulerast av dei lover og reglar som elles gjeld for anneks, bakkemurar og støylshus. Dette kan vi trygt overlate til Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen.

Eg krev ikkje at nokon må stoppe Stig Eikaas. Han må berre innordne seg dei reglane som kommunestyra er sett til å handheve. Det er lokalpolitikarane sitt ansvar at korkje Stig eller andre får presse seg fram på tvers av reglane. Når Stig tek mål av seg til å reise 200 (!) skulpturar i fylket, så må lokalpolitikarane vere på vakt. Vårt felles offentlege rom er for viktig til at ein tilfeldig mann skal kunne få herje fritt. Kommunestyra må også ta inn over seg at proffe skulpturar kostar norske kroner i motsetnad til Stig sine gratis hobbyskulpturar.

Lær av Naustdal og Sunniva. Kommunen har fritt val. Naustdal sa nei når Stig Eikaas ville presse på dei ein skulptur. Dei jakta på kvaliteten til Slettemark-budeia i staden. I Selje skal den heilage Sunniva kome på sokkel. Der køyrer dei ein prisverdig ryddig prosess.

God sommar! Dette var sluttreplikken min i denne omgang. Eg reiser no ut av fylket til ein stad der internett ikkje skal nå meg, og der eg skal leve i vekesvis på pale og blåbær og smaken av ”salt søvest”!

Hans Jakob Reite
Kulturmeldar nrk/sf

Idretten får betre arbeidsvilkår

Regjeringa la for kort tid sidan fram ei ny idrettsmelding. Idrett er det den største folkerørsla vi har i landet. Idretten og dei frivillige organisasjonane gjer ein stor innsats for eit levande lokalmiljø og er ein viktig demokratisk ressurs for storsamfunnet. Mange menneske legg ned eit stort gratis arbeid i alle desse frivillige organisasjonane.

Gjennom idrettsmeldinga legg regjeringa til rette slik at alle som ynskjer det skal få høve til å delta i idrett eller drive eigenorganisert fysisk aktivitet. Idretten rekrutterer frå det breie laget av folket og er dermed ein viktig arena for sosialt fellesskap og integrering. Idretten er også ein viktig møteplass på tvers av generasjonar og sosiale skiljeliner.

Manglande fysisk aktivitet med vektauke og andre livsstilssjukdomar, er eit aukande samfunnsproblem. Samfunnet brukar i dag langt over 100 milliardar kroner til spesialisthelsetenester og andre tiltak innan helsesektoren. Desse midlane blir i hovudsak brukt på behandling og ”reparasjon” av sjukdommar og skadar. Lite blir nytta til førebygging. I den nye samhandlingsreforma har førebygging fått ein mykje breiare plass i helsevesenet. Idrett og fysisk aktivitet er noko av det beste førebyggande arbeidet vi har. Idretten må difor koplast til og bli ein viktig del av samhandlingsreforma.

Endring av tippenøkkelen
Gjennom idrettsmeldinga forslår den raud-grøne regjeringa å endre tippenøkkelen slik at idretten får auka sin del av overskotet frå Norsk Tipping frå 45,5% til 64%. Regjeringa vil gradvis fase inn den auka overføringa til idretten. Ved full utteljing vil gi 650 millionar ekstra til idretten. Norsk idrett har i dag eit stort etterslep på spelemidlar til idrettsanlegg. Det er fire til fem års ventetid på utbetaling av spelemidlar til idrettsanlegg, og på landsbasis aukar etterslepet med omlag 200 millionar kroner kvart år. Omlegginga må også medverke til at idretten styrker arbeidet med å inkludere funksjonshemma og grupper som i dag i liten grad deltek i idrettsaktivitetar. Også tiltak for å legge til rette for friluftsliv skal prioriterast som ein del av dette. Gjennom endringa av tippenøkkelen vil løyvinga til kulturformål bli redusert. Dette skal fullt ut kompenserast gjennom auka løyvingar over statsbudsjettet.

Momskompensasjonen
Regjeringa har auka meirverdikompensasjonen til frivillig sektor med 212 millionar kroner i 2011. Til saman får frivillig sektor kompensasjon gjennom statsbudsjettet for 627 millionar i 2012. I tillegg vert også det gitt momskompensasjon til bygging av idrettsanlegg på 62 millionar. Denne satsinga for å styrke og betre rammevilkåra til frivillig sektor er historisk og er eit av dei viktige elementa i Kulturløftet. Målet for denne ordninga er å kompensere for utgifter som frivillige organisasjonar har til meirverdiavgift ved bygging av anlegg og kjøp av varer og tenester. Arbeidarpartiet vil sikre at momskompensasjonsordninga blir trappa opp til 1,2 milliardar kroner i 2014.

Framleis grasrotdel
Den raud-grøne regjeringa har innført grasrotdelen, som gir spelarar hos Norsk Tipping høve til å bestemme kva overskotet skal gå til. Kvar enkelt spelar kan velje kva for lag eller organisasjon som får fem prosent av innsatsen. Dersom nokon spelar Lotto for hundre kroner, går fem kroner til grasrotmottakaren. Om lag 650 000 spelarar har knytt seg til grasrotdelen. Frå 2009 og til 2012 er det spelt inn 771 millionar til lokale lag og organisasjonar. Mykje av dette har gått til idrettsføremål. Arbeidarpartiet vil vidareutvikle denne ordninga.

Kulturløft
Kultur og idrett har fått mykje betre rammevilkår under den raud-grøne regjeringa. Forpliktingane gjennom kulturløftet om at ein prosent av statsbudsjettet skal gå til kultur innan 2014 står fast. Idretten er vår største frivillige rørsle. Noregs Idrettsforbund har to millionar medlemmar og fleire hundre tusen frivillige, som er med på å skape eit positivt aktivitetstilbod for barn, unge og vaksne over heile landet. Gjennom idrettsmeldinga følgjer den raud-grøne regjeringa opp idrettsrørsla på ein god og framtidsretta måte.

Med helsing

Nils Støyva
fylkesleiar i Ap

Teatersjefen

Du avslørte deg Terje Lyngstad.
Og det gjorde du i siste replikken i innslaget på NRK torsdag, der du seier at «dette skulle eg klart å finne på sjølv» (omtrentleg sitert). Dette minte meg om den gong då eg var 15 år og lova å ta oppvasken heime, men eg ville ta den når det passa meg. Det minte meg om dei hovudristande lærarane på kunstskulen eg gjekk : «Desse elevane som aldri kan ta imot ei oppgåve og prøve å løyse ho, dei driv på med det dei helst vil, og dei er allereie fullverdige kunstnarar, trur dei.» (Kan hende var eg ein av dei?) Og det minte meg om elevar eg møter i skulen i dag, elevar som ikkje let seg dirigere eller instruere. Nokre kallar det trass, andre omtalar det som …«har evna til å jobbe sjølvstendig….» som snart er det første og største kriteriet for at unge menneske skal få seg jobb. Det kan komme mykje god leiarskap ut av trass, og det kan komme utruleg flott kunst ut av sjølvdrift. Men føringar er ikkje alltid av det vonde. Som forslag: Tak oppvasken før klokka 20! Held deg til oppgåva når du skriv stil! Elles kan du fylle sidene med det du vil.
Forstå meg rett – eg har stor respekt for jobben Lyngstad gjer. Eg tykkjer han driv SOF på ein god måte. Som ivrig teatergjengar tykkjer eg Lyngstad er ein god forvaltar og formidlar av teater. Han er ikkje kunstnaren, og skal ikkje sidestillast med kunstnaren. Eg tykkjer han tek hardt i når han grunna nokre føringar tek til å kjenne seg butten på hender og føter slik ein veit folket gjer i einskilde land vi ikkje liker å …… Eller som FRP’s kulturpolitikar Tomsen så flåsete uttrykte seg i «Her og Nå» same dag: «Då blir det jo som i Nord-Korea.» Nettopp. Det er slike talemåtar og assosiasjonar som får mange til å hoppe i stolen når dei høyrer ordet «raudgrøn» eller «sosialisme». Det er som å trykkje på ein knapp: Dei som ikkje trur på sosialismen, ser raudt. «Ja, no må vi passe på her. Ei lita føring til, og vi ender opp som Maos undersottar.» Og den same knappen får meg til å hoppe i stolen. Eg er sosialist, Lyngstad sosialdemokrat. Ingen av oss ynskjer å sleike styresmakta oppetter ryggen. Eg trur helle ikkje det er dette den raudgrøne regjeringa er ute etter i sin agenda. Har vi starta valkampen Lyngstad?
Tilbake til scena. Er ikkje demokratiet verd ei førestilling? Også når staten har oppmoda om det? Har ikkje staten forslagsrett? Dersom oppmodingane kjem for seint i høve planane til teateret, er det høve til å gjere greie for dette. Ei anna orsaking kunne til dømes vere om teateret nyleg har dekt dei tema som er nemnde. Ei føring er ikkje det same som sensur av stykket. Teateret er eit ypparleg medium til å problematisere eit tema som stemmeret, kulturelt mangfald osb. Har det derimot vore så mykje snakk om demokrati den seinare tid, at du har demokratiomgrepet langt opp i halsen, så få fram eit stykke om det! Eg kan ikkje komme på eit einaste omgrep som ikkje let seg pille på nasen. Etter mi meining kan ein feire demokratiet i Noreg ved å drøfte utnytting av det same, kvar har det gått for langt, kvar manglar det? Eller drøfte tidstjuven «demokratiske prosessar». Det treng ikkje verte ei gjendikting av Eidsvoll i 1814. Ei flott utfordring – viss ein har tida.
For å halde seg i live kan ein velje ei trygg stilling med fast inntekt, eller ein kan jobbe fritt som kulturarbeidar/kunstnar med dertil høyrande otte for det daglege brød. Nokre kunstnarar gjer seg fortente til ei stabil grunnløn etter kvalitativ høg produksjon over lengre tid. Nokre av kunstnarane har gode inntekter av di dei er etterspurde og sel godt. Dei færraste kan jobbe med full løn og gjere nett som dei vil. Nokre kan jobbe med fast løn og gjere litt som dei vil, eller nesten som dei vil. Men då må vi vere vakne, for då er det stor sjanse for at vedkommande brukar av skattepengane våre. ( Alternativt har underlagt seg den private pengemakta). Kva er mest logisk Lyngstad: At vi må følgje med på kva pengane våre vert brukte til, eller at vi ikkje må leggje føringar for pengane, for dei er jo våre?
Teoretisk sett kan ein teatersjef med full råderett velje eit einsidig repertoar, eit fordummande og inkjeseiande repertoar, eit keisamt og konserverande repertoar, gjere einsidig val av forfattar, drive eit propagandistiske og einsrettande utval m.m. Forvaltaren skal ha stor fridom, ja. Men ikkje grenselaus fridom. Kunstnaren skal ha full fridom, ja, men lat ikkje omgrepet verte hysterisk. Eg spør: Kan ikkje ei føring som denne for offentleg forvaltning av kunst, samanliknast med eit utsmykkingsoppdrag, eit musikalsk bestillingsverk, plakat-og fanekunst, eit sceneoppdrag som spring ut frå eit teater, ein utlyst konkurranse med nokre føringar? Der er mange vellukka eksempel på desse. Eit viktig moment i denne aktuelle saken, er tilgangen til pengesekken, og eg kan ikkje sjå at den er direkte truga.
Ei anna sak er sjølvsagt kor stor prosent av den samla produksjonen ved ein kulturinstitusjon det kan leggjast føringar for, før jobben vert uinteressant for den utøvande makta, leiinga. Ein viss porsjon fridom ynskjer vi alle – lærarar som teatersjefar. Eit lite lok på trykkokaren treng vi stundom også.
Inger Jangård, Vassenden
Lærar og teatergjest

Norsk? Hæ?

Hva vil det si å være norsk? Må man være av norsk slekt? Hæ? Hva er det?
Jens Stoltenbergs slekt kom til Norge fra Tyskland på 1600-tallet. Betyr det at han ikke er norsk?
Kong Olav var født i England av en dansk far og en engelsk mor. Han var i hvert fall ikke norsk!
Faren til venninna mi kom til Norge fra Iran i 1985. Venninna mi er født og oppvokst i Oslo, men hun er kanskje ikke norsk hun heller?

Hva vil det si å være norsk? Må man ha norsk kultur? Hæ? Hva er det?
Flere av kameratene mine liker ikke brunost, og det er nesten ingen jeg kjenner som har bunad. Betyr det at de ikke er norske? Det kjedeligste jeg vet er langrenn. Kanskje jeg heller ikke er norsk da? Jeg har bodd hele livet i Norge, og jeg har alltid trodd at jeg var så norsk som noen.
Men vent – kanskje man må være kristen for å være norsk? Hæ? Da er det jo litt rart at bare 5,2 % av den norske befolkningen går i kirken en gang i uka eller mer . Hva så med de andre 94,8 prosentene? De er vel ikke norske de da.

Nei, det kan nesten virke som om det ikke fins en eneste nordmann. Se deg i speilet! Kanskje du ikke er helt norsk du heller? Men har det egentlig noe å si? Hvem du er handler ikke om hvor familien din kommer fra, hva slags hudfarge du har, hva slags språk du snakker, eller hva slags religion du har (om du i det hele tatt har en). Å generalisere om ”nordmenn” er like meningsløst som å generalisere om ”pakistanere”, ”engelskmenn”, ”muslimer” eller ”innvandrere”. Slutt å tenke i kategorier! Vi er mennesker, vi er individer. Vi trenger ikke være like for å kunne like hverandre.

Er bokbåten noko å ha?

KrF vil i Fylkestinget 14. og 15. desember føreslå at budsjettramma til kultur vert auka med kr 600 000 slik at bokbåten Epos framleis skal ha stopp i vårt fylke. Bokbåten er samarbeid mellom fylkeskommunane på Vestlandet og kombinerer kulturoppleving og litteraturformidling på ein god måte. Det er noko eksotisk med eit flytande bibliotek. Hadde det vore ei nyskaping, er eg sikker på at det ville fått stor merksemd! Men slik er det ikkje. Bokbåten Epos har reist sidan 1959, og enkelte kulturpolitikarar meiner den har utspelt si rolle. Brukarane er særleg barn og eldre menneske. Desse bur i distrikta. Det er såleis svært enkelt å fjerne tilbodet?

I nabofylka våre Hordaland og Møre og Romsdal har bokbåten og Den kulturelle skulesekken eit samarbeid, noko vi ikkje har i vårt fylke. Desse fylkeskommunane har ingen planar om å legge ned drifta av bokbåten. Dersom Sogn og Fjordane fylkesting ikkje løyver midlar til bokbåten i budsjettet for 2011, vil dette truleg vere ei dominobrikke som påverkar heile bokbåt-tilbodet langs fjordane på Vestlandet. Då skjønar KrF det slik at fylkestinget meiner at bokbåten ikkje er noko å ha.

Vil fylkespolitikarane som ivrar for ei fylkessoge til minst kr 11 millionar at dette skal verte vårt ettermæle i Sogn og Fjordane?

Arne M. Sølvberg er tildelt Kongens Fortenestemedalje i sølv

Arne M. Sølvberg frå Fjelli i Stryn kommune fekk går kveld tildelt H. M. Kongens Fortenestemedalje i sølv. Tildelinga skjedde i ungdomshuset Fjellvarden i samband med ein konsert for å markere at han Arne ”på Bøna” har runda 60 år. Det er Fjelljom Spelemannslag og med støtte frå Stryn kommune som står bak søknaden om utmerkinga.

Arne er fødd 20.11.1950. Han har gjennom eit langt og svært aktivt liv sett sterke spor etter seg i norsk folkemusikk, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Arne M.Sølvberg har vore ein av dei sterkaste drivkreftene for utvikling av folkemusikken i landet vårt dei siste 30-40 åra.

Han tok utdanning gjennom forsvaret. Etter nokre år med arbeid i Oslo, flytte Arne heim og overtok farsgarden på Fjelli i 1979. Gjennom sin stå på vilje og sitt sterke engasjement for folkemusikken, både som spelemann, komponist, dansar og instruktør, kan vi trygt slå fast at Arne M. Sølvberg har vore ein svært sentral person i norsk folkemusikk dei siste 40 åra.

Eg vil også trekke fram Arne sitt store engasjement i samfunnsbygging og politikk. Han har vore aktiv sauebonde, politikar, lagsarbeidar og skribent.
Arne har vore musikalsk leiar for Fjelljom sidan 1979. Han også har vore administrativ leiar for laget mest heile tida. Fjelljom er einaste spelemannslaget i Stryn, og medlemane kjem frå dei fleste bygdene i kommunen.

Det Arne M. Sølvberg er mest kjend for, er aktivitet innan folkemusikk og dans.
Eg vil spesielt trekkje fram følgjande område der han har utført ein jobb av både nasjonal og internasjonal verdi:
- Han er ein av dei få A-kl. i kappleiksystemet både på hardingfele, vanleg fele og dans
- Han har vunne Landskappleiken på vanleg fele i 1989, og dans, saman med kona i 2004
- Undervisning på Ole Bull-akademiet på Voss, vanleg fele
- Sensor ved eksamen, Musikkhøgskulen i Oslo og Ole Bull-akademiet på Voss
- Har vore i styret for Landslaget for spelemenn
- Har vore leiar i Rådet for folkemusikk og dans, Trondheim (2004-2007)
- Fekk Spellemannsprisen for CD-en ”Nordfjordslåttar”
- Nominert til Spellemannsprisen 1990 saman med Øyvind Lyslo for ”Syngande strenger”
- Fekk oppdrag frå Landslaget for spelemenn og Noregs Ungdomslag å lage ein melodi til Kong Olav sin 80-årsdag
- Kongeslåtten vart spelt utanfor slottet i Oslo 2. juli 1983, med 150 spelemenn
- Representert fleire departement og organisasjonar i utlandet ved ei rekkje høve

Innsatsen som Arne M. Sølvberg har lagt ned for folkemusikken generelt, står det svært stor respekt av. Han har gjennom sin innsats og sitt engasjement og sin produksjon lagt ned ein innsats av særleg stor verdi for utviklinga av folkemusikken i fylket og landet. Han er å sjå på som ein av dei fremste folkemusikarane i landet og Kongens fortenestemedalje i sølv er svært fortent. Eg ynskjer lukke til med arbeidet innan dans, folkemusikk og andre samfunnsområde.

Stryn 05.12.2010.

Nils Støyva
ordførar

Frå utdelinga av medajen

Fjellljom i 1966 på øving i Tvinnebu i Slettene.
Framme frå venstre: Jo Blakset, Arne M. Sølvberg og Samuel Bergset.
Bak frå venstre: Matias Tvinnereim, Einar Espe, Per M Skrede. Vebjørn Sølvberg, Anders Støve og Malvin Sølvberg

JA, kulturkampen er viktig og held difor fram.

Oddvar Reiakvam, ungdomskandidaten til Sogn og Fjordane Frp skriv i eit innlegg at kulturkampen er ein viktig ideologisk kamp for Frp om kva rolle staten skal ha i samfunnet.

Aldri har skiljelinjene i kulturpolitikken vært klarare enn ved årets Stortingsval. Kulturløftet til AP har gitt ei historisk kultursatsning på to milliardar kroner. Eit regjeringsskifte, og eit stort Frp, vil kunne stoppe dette arbeidet.

Kunst og kultur er etter mitt og Ap sitt syn grunnleggande goder som bør tilfalle alle i samfunnet. Når fleire hundre kulturutøvarar har gått saman for å hindre Frp i å komme til makta betyr det at kultur er viktig for mange. Det er faktisk ikkje snakk om særinteresser slik som Reiakvam hevdar.

Reiakvam seier at Fr vil kutte i kulturstøtta og heller gje skattelettelsar til folk flest slik at dei sjølv kan bestemme kva kulturtilbod dei vil ha. Realiteten er at då at folk flest ikkje vil få noko særleg val.

Ap meinar at alle , uansett om du bur i ein storby eller i Sogn og Fjordane ,skal ha tilgang til gode kulturopplevelsar. Gjennom kulturløftet har kultur-Norge fått eit historisk løft. Opera Nordfjord og satsing på kulturskulane våre er 2 gode eksempel på dette. Åge Starheim har sjølv bekrefta at Opera Nordfjord ikkje hadde vore bygd dersom Frp fekk bestemme.

Igjen viser Frp at dei er eit parti for dei med størst lommebok. ”Folk flest” vil nemleg ikkje ha råd til å nytte seg av ulike kulturtilbod dersom Frp sin politikk vert ein realitet.

AP vil at folk skal kunne nytte seg av ulike kulturtilbod utan å måtte betale skjorta av seg. Vi vil videreutvikle den kulturelle spaserstokk og den kulturelle skulesekken . Vi vil satse meir på kulturskulane våre slik at pris ikkje skal være avgjerande for om ungane kan gå der eller ikkje.

AP vil også at ungdom skal få lettare og billigare tilgang til kultur gjennom eit kulturkort for ungdom. Denne ordninga er allerede på plass i mange fylker, og no vil vi at ungdom i Sogn og Fjordane òg skal være med.

Det er dette de vil få om de stemmer Ap. Ikkje skattelette til dei som har mest frå før.

Vil de ha kultursatsing også etter valet, ja då veit de kva de bør stemme.

Karianne Torvanger
Fylkestingsmedlem Sogn og Fjordane AP

Kulturkampen held fram

Kultureliten ligg ikkje på latsida om dagen. Nettstaden kulturkampen.no er lansert for å hindre at Framstegspartiet skal komme til makta. Her har fleire hundre kulturutøvarar gått saman og laga eit opprop for å få behalde privilegia sine som dei no ser er truga. Sida inneheld mange sitat om kultur og kulturpolitikk. Nokre er gode, medan andre avslørar at det er mykje særinteresser inne i bildet. Men fyrst og fremst er kulturkampen ein viktig ideologisk kamp for FrP om kva rolle staten skal ha i samfunnet.

Det mest graverande dømet på særinteresser er artisten Noora Noor som seier at ”FrP tar fra meg muligheten til å være den jeg er. Hvem er det som vil gjøre noe sånt med meg?” Ho legg med andre ord ikkje skjul på at ho er imot Framstegspartiet sin kulturpolitikk fordi ho meinar at skattebetalarane har ei plikt til å finansiere hennar eiga sjølvrealisering. Har du hørt maken til frekkheit? Folk skal sjølvsagt ikkje arbeide og betale skatt for å finansiere arbeidsføre og ressurssterke menneske si sjølvrealisering! Det er tydeleg at mange i norsk kulturliv har blitt alt for godt vande med romslege offentlege ordningar. Framstegspartiet meinar at vaksne, arbeidsføre og ressurssterke personar som desse kulturutøvarane er, bør og skal finansiere si eiga sjølvrealisering, ikkje få den subsidiert av skattebetalarane. Kulturutøvarane og resten av det politiske Noreg meinar at skatteytarane skal finansiere dette.

Vårt alternativ til det beståande er at vi vil kutte i kulturstøtta, og gje skattelette til folk flest slik at dei sjølv kan bestemme kva kulturtilbod dei vil ha. Størsteparten av kulturlivet er i dag organisert etter marknadsøkonomiske prinsipp, og vi ynskjer å overføre dette til større delar av kulturlivet. Kulturkampen er ikkje berre ein kamp mellom Framstegspartiet og kunstnarar. Det er ein kamp mellom individualisme og elitisme. Skal den enkelte sjølv få meir makt over kva kulturtilbod han vil ha, eller skal staten bestemme? Framstegspartiet går for den individualistiske. Kultureliten og dei raudgrøne vil at staten skal bestemme. Kva vil du?

Oddvar Reiakvam
Ungdomskandidat
Sogn og Fjordane FrP

SV, eit studentparti

Valet nærmar seg med stormskritt, og for mange studentar betyr dette at det er på tide å vende nasa mot stemmelokala, anten du skal førehandsstemme eller stemme på valdagen. For meg, som student, er det viktig at dei eg stemmer på er flinke på studentpolitikk, og det same seier 65 % av studentane i dette landet. Og med dette utgangspunktet er eg ikkje i tvil om kven eg skal stemme på.

SV er eit parti for studentar. Då Norsk Studentunion, NSU, tidlegare i år skulle kåre det beste partiet på studentpolitikk, basert på forslaget til program før haustens val, var SV ein klår vinnar.
SV var tidleg ute med forslag om 11 månaders studiestønad, for å gjere sommaren noko lettare for oss som studerar resten av året og jobbar om sommaren. For SV er dette ei av prioriteringane den neste stortingsperioden, og dette kjem godt med for studentar som oftast ikkje får den fyrste sommarferieløna før i slutten av juli.

Medan SV har vore i regjering, har det vore noko auke i studentstønaden. Medan vi i 2005 mottok 80 000 i året, etter mange stilleståande år, er støtta no oppe i 87 600 kroner. Likevel er det framleis for lite pengar å overleve på for ein heiltidsstudent, og det langsiktige målet til SV er å få auka støtta til 2G, som per no ligg på vel 145 000 kroner i året. For å realisere heiltidsstudenten er dette naudsynt, og arbeid ved sidan av studiane er ei belastning for resultata til mange studentar.

Ei anna viktig studentsak, er bygging av studentbustader. SV har programfesta bygging av 1000 nye studentbustader kvart år, og dette er viktig. Kvart år er det stor kamp om studentbustadene, og dei som ikkje får, må ut på den private marknaden, som stadig blir tøffare og tøffare. Ikkje berre er det vanskeleg for ein student å finne leilegheit på dei tre vekene mellom inntak og studiestart, men høge prisar til låge standardar gjer studiekvardagen trong, både økonomisk, tidsmessig og i husrom.

Mat og ein stad å bu er grunnleggjande nødvendige for menneskje, og som studentar krev ein ofte ikkje meir enn akkurat det, men SV vil ha ein studentkvardag som opnar for betre velferd. Eit døme på dette er kulturkortet, som opnar for billegare kultur og som SV òg vil ha for studentar. Dette er kanskje ekstra viktig her i Sogn og Fjordane. I eit fylke som er truga av fråflytting, vil eit kulturkort opne for all kulturen vi har, og kanskje vil det få fleire studentar til å bli verande etter studietida.

Studentar er viktige for samfunnet, og SV vil ta vare på dei.