Viser arkivet for stikkord kystpartiet

Sløsing også med villaks.

Dagleg leiar og seniorrådgjevar ved Kunnskapssenter for laks og vannmiljø har i Firda 31.01.14 eit lesarinnlegg med denne overskrifta. Der blir det uttrykt irritasjon over nokre små lakseoppdrettarar som har seld konsesjonane sine og tent på dette. Det blir framstilt som privat berikelse på offentleg eigedom. Men, blir det hevda, dette er berre småtteri mot kva vår felles naturarv villaksen er verd, som i 10 000 år har utvikla seg i sameksistens med våre forfedre. Så påstår Kunnskapssenteret at på berre 40 år har rømt oppdrettslaks gitt genetiske endringar på villaksen og viser til forsking frå NINA og Havforsknings-instituttet. Sannsynligvis fører dette til færre villaks. Konklusjonen til Kunnskapssenteret er her kun synsing. Det er aldri påvist at gener frå oppdrettslaks har nokon negativ verknad på villaks. Norsk lakseoppdrett er bygd på gener frå villaks.
Det er også vel kjend at ca 10 % av villaksen vandrar opp i ei anna elv enn den han vart klekt i. Eg har heller ikkje høyrt at det er noko negativt ved den laksen som har reetablert seg etter å ha vorte utrydda av sur nedbør og anna ureining i elvane. Vidare skriv Kunnskapssenteret at Havforskningsinstituttet hadde lagt fram ei risikovurdering som viste skadeleg mykje lakselus frå lakseoppdrett. På møtet i Vassregion Sogn og Fjordane 24.01.14 vart det på spørsmål svara at ein ikkje hadde vurdert kva betydning fråveret av alt ferskvatnet som blir maganisert i fjellvatna hadde å bety for mengda lus i fjordane på vårflaumen ved utvandringa til smolten. Det var også vist til eit reknestykke at av 100 000 smolt så omkom 94 % då vart det att 6 000 smolt. Når ein reknar at 2 % omkom av lakselus altså 2 000 så ville det kun vera att 4 000 levande smolt. Det er kva dette dreier seg om. Lusa kan vera skuld i ca 2 % dødelegheit av smolten. Skal me betre overlevelsen av villaksen så er det mykje meir å vinne på å redde nokre av dei 94% som det ikkje blir rekna på. Som Kunnskapssenteret skriv i eit lesarinnlegg i Firda 24.10.13 kan heile 1 million laksesmolt årleg vere tapt og nokre laksebestander vere utrydda som fylje av kraftutbygging. Det same gjeld også for sjøauren. Den er også sterkt redusert og utrydda i fleire elvar grunna kunnskapslause kraftutbyggarar. At Kunnskapssenteret, Havforskningsinstituttet, NINA og andre som er interessert i å ta vare på vår felles naturarv villaks, aure, pale, torsk, lyr og anna fisk som held på å gå tapt, ikkje fokuserer meir på verknadane frå kraftutbyggingane og sur nedbør frå Mongstad er for oss i Kystpartiet underleg. Er kraftutbyggingane og svovelutsleppa frå Mongstad heilage? Er det derfor mykje lettare å drive hets og mobbing av oppdrettsnæringa? Eg synest det er rart at ikkje fleire små oppdrettarar blir lei denne urettmessige hetsen og alle byråkratiske kostnadsdrivande pålegga dei får og sel konsesjonane sine. Då vil me framleis ha ein øydelagt naturarv samtidig som me har øydelagt vår nest største eksportnæring. Er dette fornuftig og samfunnsnyttig politikk?

Asbjørn Massnes, Kystpartiet.

«Kunnskapen manglar om gruveverknader»

Dette skriv Universitetslektor Agnar Kvellestad i Firda 21.02.14 om gruvedeponiet i Førdefjorden. Han meiner skadeverknader på livet i fjorden frå oppvirvla partiklar er undervurderte. Me har tidligare fått vite at det er svake straumar i djupna der deponiet skal vere. Det som desse straummålingane ikkje tek med, er at når ein fyller ned 11 tonn masse i minuttet, må tilsvarande mengd vatn opp frå djupet. Dette vil føre til at straumføringa opp frå deponiet vil verte omfattande då sirkulasjonen her vil bli større enn 11 tonn i minuttet, grunna medvirkningsstraumar. Det er ikkje vanskelig å forstå at dette sprengsteinsstøvet tilsett kjemikaliar vil vere skadeleg for alt liv som skal puste i sjøen. Og når me no skal innføre EU sitt vassdirektiv, som også omfattar vatnet i fjordar og kyst, så er det heilt uforståeleg at det går an å lage planar som skal forureine ein fjord i 50 år framover. Kystpartiet meiner at skal det drivast gruvedrift, må det også lagast planar som viser økologisk og berekraftig bruk og lagring av overskotsmassane.

Asbjørn Massnes, Kystpartiet Sogn og Fjordane

Vatn til vill-laks og vatn til kraft.

Frode Staldvik, dagleg leiar, og Tone Løvold, seniorrådgjevar, i Kunnskapssenteret for laks og vannmiljø, har eit innlegg i Firda 24.10.13. Der viser dei til at heile ein million lakse-smolt årleg kan vera tapt og nokre laksebestandar er utrydda som fylgje av kraftutbygging. Me som kan litt om vass-miljø og skadeverknadene av kunnskapslause kraftutbyggingar veit at det er dette som har redusert og nesten utrydda villaksen, sjøaurar og den andre fisken i fjordane.
Kunnskapssenteret for laks og vannmiljø verkar merkeleg snevert når kunnskapen stoppar i elveosen. Alle me andre veit at laks og sjøaure også er avhengig av vassmiljøet i sjøen der den lever mestedelen av livet for så å komme att til elvane for å gyte. Smolten er også avhengig av vårflaum for å kunne utvandre til havet på ei kald lusefri ferskvasselv om våren og sommaren. Kraftutbyggingane har også øydelagt vassmiljøet i fjordane og havet slik at plankton, raudåte, brisling og anna fisk som laksen skal leve av i sjøen er sterkt redusert.
Det er merkeleg at Kunnskapssenteret, Miljødirektoratet eller NVE ikkje nevner dette med eitt ord. Å framstille norsk vasskraft som klimavennleg når den er så kunnskapslaust utbygd at det er den største menneskeskapte miljøkatastrofen me har i Noreg, er heilt meiningslaust. Det blir også vist til frå Kunnskapssenteret at NVE og Miljødirektoratet har vurdert 18 vassdrag i Sogn og Fjordane; 7 av desse bør ha høg prioritet ved ein revisjon. Det Kunnskapssenteret ikkje nemner, er at den mest miljøskadelege utbygginga, Førdevassdraget, er oppført i Hordaland og ikkje gitt prioritet ved revisjon. Dette vassdraget tilførte Sognefjorden store mengder ferskvatn ved 6 aureelvar som alle no er tørrlagde. Produksjonen her er 1,3 TWH pr år. Det er like stort som utbyggingane i Aurland, Jostedøla og Lærdal. Me får aldri retta opp miljøskadane i Sognefjorden før dette vatnet blir ført attende til fjorden.
Kystpartiet har sendt brev til NVE om dette og kravd at det blir retta opp. Det er berre Kystpartiet som gjer noko for å rette på miljøskadane kraftutbyggingane har påført naturen vår. Frå dei andre partia er det stilt. Det same gjeld dei såkalla natur- og miljøvernorganisasjonane.

Asbjørn Massnes, Kystpartiet Sogn og Fjordane.

Ope brev til Norges Vassdrags- og energidirektorat.

Vedrørande revisjon av vilkår for alle vasskraftkonsesjonane som påverkar miljøet i Sognefjorden negativt.
Viser til Kystpartiet i Sogn og Fjordane sine brev dagsett 16.04.2011 og 16.05.2011 med krav og grunngjeving for å få revidert kraftkonsesjonane langs fjorden som påverkar fisken i fjorden og elvane negativt. Me kan ikkje sjå at NVE har svart på kva dei vil gjere for å rette på miljøskadane vasskraftutbyggingane har påført fisken i elvane og fjorden. Kystpartiet vil vise til EU sitt vassdirektiv, der det vert vist til ein ny heilskapleg og økosystembasert forvaltning av alt vatn i Noreg og resten av Europa.
Der står det: «Vatnet skal forvaltast frå fjell til fjord, dvs at det er dei naturgjevne grensene for nedbørsfelta og tilhøyrande kystområde som skal danne forvaltningsgrensene.»
Det betyr at vatn som er ført vekk frå sitt naturgjevne nedbørsfelt må attendeførast og at ein får retta opp att økologien i berørde elvar og fjordar. Kystpartiet vil påpeike at dette også gjeld fleire elvar og fjordar enn berre Sognefjorden. Me vil be om å få eit snarleg svar på korleis NVE har tenkt å rette opp att økologien i elvane og fjordane.
For Kystpartiet:
Asbjørn Massnes, Sogn og Fjordane, Kristin Brennhaug, Hordaland og Bengt Stabrun Johansen, Partileiar

Er valet pest eller kolera?

Dette er eit spørsmål me som arbeider for Kystpartiet sin politikk stiller oss. Me opplever at dei fleste veljarane er einige i Kystpartiet sitt program, men at dei føler seg pressa til å stemme raudgrønt for å hindre høgresida i å få regjeringsmakt eller dei må stemma Høgre for å få vekk dei raudgrøne som held på å legge ned næringslivet med eigedoms- og formueskatt, bompengar og CO2-avgifter. Dei raserer jordbruk, skogbruk og distrikta samt naturen med monsterlinjer, gruveavfallsdumping i fjordane, vindmølleparkar og oljeboring i dei beste oppvekstområda for fisk. Dei brøyter seg gjennom verna naturreservat med monsterlinjer og verna vassdrag. Desse vil ein no bygge ut for å hindre ei oppkonstruert klimakrise.
Å rette opp att miljøskadane ein har påført naturen ved kunnskapsløyse er ikkje aktuelt for Høgre eller Arbeidarpartiet. Dei er stort sett einige om det meste som er nemnt ovanfor. Desse to partia er også einige om at Noreg skal inn i EU. Og har innført noko dei kallar for handlingsregelen som går ut på at det ikkje må brukast oljepengar til å bygge vegar og infrastruktur i distrikta. Å velje mellom ei Arbeidarparti- eller Høgre-dominert regjering ville for oss vera å velje mellom pest eller kolera. At ikkje bøndene ser at dei blir nedlagde uansett kve alternativ dei vel, forundrar oss. At heller ikkje dei som vil verne naturen mot unødvendige inngrep ser at å demonstrere er heilt nyttelaust mot desse to partia, er og underleg. Det einaste AP og Høgre forstår, er at dersom fleire samlar seg i eit parti vil det vera ein trussel mot arrogansemakta dei no kan utøve overfor folket som ved to avstemmingar har sagt NEI til medlemsskap i EU, og arrogansen som blir vist overfor monsterlinjemotstandane og steindumpingane i fjordane. Kystpartiet er starta for å ivareta folket sitt NEI til EU og oppretthalde distrikta med eit berekraftig jordbruk, industri, næringsliv og kultur samt ein natur i økologisk balanse. Ver med oss og få dette til. Me treng veljarar og medlemmer som står for desse verdiane og er villige til å gjere ein innsats. Ditt bidrag er avgjerande. Ingenting kjem av seg sjølv. Godt val.
Kystpartiet Sogn og Fjordane, v/Leiar Asbjørn Massnes
Kystpartiet Hordaland, v/Kristin Brennhaug

Tvangssamanslåing av kommunar.

Dette er eit tema som dukkar opp med jamne mellomrom. NHO, AP, H og FRP er blant dei leiande når det vert hevda at alt blir betre med større kommunar. Begrunnelsen for å tvangssamanslå kommunar er at staten har overført oppgåver til kommunane som ein del kommunar ikkje har folketal og ressursar til å løyse. Kvifor staten gjer slikt er det ingen av tvangssamanslåarane som stiller spørsmål ved. Erfaringane etter tvangssamanslåingane i 1965 er ikkje gode for oss som bur i utkantane eller Sogn og Fjordane fylke. Folketalet i fylket har stagnert og utkantkommunane har hatt stor fråflytting. Senter som har hatt folketalsauke slit med trafikkproblem, som Førde og Sogndal. Det er forståeleg at folk flyttar frå distrikta når forutsetningane for kommunesamanslåingane i 1965 er sabotert av politikarane i ettertid. Då Lavik og Kyrkjebø vart til Høyanger kommune skulle bygda som eg tilhøyrar, Ikjefjord, få veg som skulle korte ned avstanden til nye kommunesenteret Høyanger. Det vart bygd veg til Svartemyr og ferjekai der. Den vart nedlagt i 1992. Ved å hatt eit ferjesamband Svartemyr-Klevald ville ein ha avlasta det 40 år lange ferjekaoset ein har hatt på Oppedal-Lavik. Samtidig ville ein fått ein omkøyringsveg når Oppedal-Lavik er stengd, og kommunesamanslåinga kunne fungert. Men nei, i Sogn og Fjordane er det molbopartia som styrer. Det er viktigare å motarbeide andre enn å få til noko sjølv. Det er kun Kystpartiet som har kjempa får å få retta på uforstanden og det bakvendtlandet dei andre partia her har skapt.

Asbjørn Massnes, Kystpartiet Sogn og Fjordane.

Ope brev til Miljødirektoratet

Klage på Fylkesmannens vedtak om å avvise klaga frå Asbjørn Massnes og Kystpartiet på løyve til å gje Småkraft AS lov å dumpe store mengder sprengstein og borevatn ved 5 lokalitetar i Fjærlands- og Sognefjorden i samband med kraftverk.
Fylkesmannen avviser klaga utifrå at det blir klaga på det Fylkesmannen meiner er overordna miljøhensyn og generelle ulemper for Sognefjorden. Og at det i liten grad blir vist til dokumenterte ulemper eller konkrete fiskeplassar som blir påverka av vedtaket.
At Sognefjorden er nesten fisketom må vere vel kjent for Fylkesmannen og såleis godt dokumentert. At støvet frå sprengstein og boreslam også drep fisk og plankton som lever i sjøen, er også godt dokumentert. Det er dei alt eksisterande kraftverka og steindumpingane ved vegbyggingane som nesten har tømt Sognefjorden for fisk. Det er eit faktum. At Fylkesmannen då fortset å gje løyve til stadig meir forureining ved nye steindumpingar i fjorden, er å rekne for miljøkriminalitet. Dersom Miljødirektoratet også gjev løyve til dette, er det å rekne for statsautorisert miljø- og faunakriminalitet. Det er fullt mogeleg å lagre steinen på land og å reinse borevatnet utan uforholdsmessige kostnader. Det er merkeleg at Fylkesmannen overser desse mogelegheitene men kun prøver å avvise klaga med juridisk flisespikkeri. Når det gjeld mine og mange andre sine personlege fiskerettar i Sognefjorden, så er denne alt sterkt berørt av dei alt eksisterande kraftutbyggingane langs Sognefjorden og steindumpingane frå vegbygging ved at fisken vart vekke frå fjorden. Det vart den gongen påstått at utbyggingane ikkje ville påverke fisket i fjorden. Dette var feil. Og har ført til at all laksefiske i Sognefjorden som var ein stor attåtinntekt for strandeigarane er øydelagt utan at me har fått erstatning for dette. Fleire fiskeartar er også vorte freda grunna fare for utrydding av steindumping i fjorden og kunnskapslause kraftutbyggingar. Det er utbyggar som har krav om å undersøke kva økologi og fauna som er før utbygginga og i etterkant sjå at økologien ikkje er påverka. Det siste vart aldri gjort. Slike skadar på økologien har det vist seg er vanskelig å rette opp i ettertid. Det må også for staten vera råd å lære av tidlegare feil og ikkje fortsette øydeleggingane av vatn og fjordar.

Asbjørn Massnes, Kystpartiet i Sogn og Fjordane.

E39 gjennom Sogn og Fjordane.

Dette er no av AP, SP og Høgre vorte til ein krangel om ei dyr brukryssing av Nordfjorden. Grunnen til dette er vel å dekke over at det er gjort lite på E39. Vegen mellom Bogen og Byrkjelo er av så dårleg standard at det med dagens løyvingar vil ta over 30 år å få gul stripe på strekninga sjølv med bompengane til desse tre partia. Då er det bra med litt avledande brusirkus i Nordfjord. Dette bit avisene og NRK på. Desse partia har alle Handlingsregelen, som begrensar løyvingane til veg, og fordelinga av armoda mellom fylka er etter folketal. Då kjem Sogn og Fjordane dårleg ut med lite folketal og dyrt terreng å bygge veg i. Dette viser att på vegane. Kvifor veljarane gong etter gong vel inn att desse partia på stortinget som har gjort Sogn og Fjordane til eit stagnasjons- og kranglings-fylke er for oss i Kystpartiet uforståelig. Sogn og Fjordane er det fylket som yter mest til fellesskapet pr innbyggar og får minst att til vegbygging. På Mongstad fordampar skattepengane, som kunne gått til ein kystveg frå Bergen til Ålesund, i eit CO2-fangstanlegg som er heilt meiningslaust. På Lutelandet skjer ingenting. Ved eit ras eller ei ulukke på E39 eller E16 så er det ikkje omkøyringsmogelegheiter eller desse er av ein slik standard at det blir kaos med ein gong. Kystpartiet vil krevje å få Sogn og Fjordane sin del av vegløyvingane auka så me får ein vegstandard som resten av landet har.

Asbjørn Massnes, Kystpartiet.

Åpent brev til Nasjonal Sikkerhetsmyndighet

Kystpartiet ber Nasjonal Sikkerhetsmyndighet om å nedgradere og gjere offentleg alle dokument i saka om ubåtjakta i Sognefjorden i november 1972. Det er ikkje nokon grunn lenger til å hemmelegstemple desse dokumenta. Folks som bur langs Sognefjorden og som følgde denne ubåtjakta på nært hald, veit at det vart senka ein ubåt i Sognefjorden mellom Vadheimsfjorden og Fuglsetfjorden i november 1972. Medan ein ubåt vart følgd av fire fregattar ut Sognefjorden og ut i havet. Folk langs fjorden og i landet elles har no krav på å få vite den offisielle sanne versjonen av kva som hende under ubåt-jakta i 1972. Det er stor frykt for at den senka ubåten inneheld atomvåpen. Nasjonal Sikkerhetsmyndighet si oppgåve er å ivareta sikkerheta til innbyggarane i Noreg. Oppgåva er ikkje å dekke over uhell og feil som er gjort av norske myndigheiter og militære. Det er viktig å få avklart dette fort for å få vurdert forureiningsfaren frå den senka ubåten. Me ber derfor om eit snarleg svar.

Kristin Brennhaug, partisekretær, Kystpartiet,
Asbjørn Massnes,Leiar Kystpartiet Sogn og Fjordane
Bengt Stabrun Johansen, Leiar Kystpartiet

NRK og sanninga.

Redaksjonssjefen i NRK Sogn og Fjordane, Roy Raasholm Fauske hevdar i eit innlegg i Sogn Avis 29.06.13 at Kystpartiet og eg ikkje har lese nettartikkelen om asbestfaren skikkeleg eller høyrt godt etter det som vart sendt på radio. Det er vel kjent for NRK at eg ikkje har internett, men eg høyrde godt kva som vart sendt på radio. Trur redaksjonssjefen at alle les nettartiklane til NRK? Eller at alt ein finn av informasjon på nettet er sanning? Eg har ikkje skulda NRK for å svikte når dei slepper til fagfolk. Det eg kritiserte NRK for, var at dei ikkje slepte til motinnlegg der me i praksis kan bevise at fagfolka tek feil. Og då driv NRK einsidig propaganda i saka om kor farleg asbest er. Dersom innslaget til NRK var rett, kvifor går ikkje staten inn og tek kostnadene og ryddar opp i dette livsfarlege og giftige byggematerialet dei har godkjent og tilrådd folk å bruke? Dette er tanketom og kunnskapslaus journalistikk frå NRK, Her burde redaksjonssjefen lære litt av Sogn avis som slepp til fleire syn og skaper ein lærerik og god debatt. NRK har monopol på lokalradio og bør difor vera særleg påpasseleg med å sleppe til fleire meiningar om saker, i staden for å drive einsidig propaganda for det statsmakta meiner. Men NRK Sogn og Fjordane lærer visst aldri og tek sjølvsagt aldri feil.
Asbjørn Massnes , Kystpartiet Sogn og Fjordane

Ubåtjakta i Sognefjorden 1972.

Arne Hov skriv i Sogn Avis 17.06.2013 om ein pensjonert marineoffiser som har skrive om: «Framande ubåtar i norske fjordar – Realitet eller myte?» Mykje av det som var skrive, samt eit innslag på NRK om temaet, var om ubåtjakta i Sognefjorden i 1972. Arne Hov skriv at han fekk ein lite hyggelig tanke etterpå: Kunne det vore senka ein atomubåt i Sognefjorden, og er dette skuld i at Sognefjorden er vorten meir og meir fisketom dei siste åra?
Som ein av dei som følgde denne ubåtjakta i 1972 på nært hald, veit eg at det gjekk to ubåtar frå basen i Polen og berre den eine vende attende. Dette var dieseldrivne ubåtar som kunne føre atomvåpen. Det vart brukt fleire sjokkgranatar og senkeminer. Men hovudslaget stod ein søndag morgon mellom Vadheimsfjorden og Fuglsetfjorden. Måndag morgon såg folk på ferja Nordeide-Kongsnes eit oljeflak på fjorden. Etter dette var det slutt på eksplosjonar i sjøen. Litt seinare vart ein ubåt følgd ut Sognefjorden av 4 fregattar og gjekk deretter opp og ut Krakhellesundet. Folk i området der som ikkje vil stå fram, har fortald meg at det gjekk ofte ubåtar ut og inn Krakhellesundet, også atomdrivne ubåtar. Etter 1972 var dette slutt.
Når Arne Hov og andre koplar ubåtsenkinga i Sognefjorden med minkande fiskemengd, så er dette neppe årsaka. Hovudårsaka til fisketom fjord er vasskraftutbyggingane og dei stadige steindumpingane i fjordane og andre giftige utslepp.
Det er berre Kystpartiet som har teke tak i denne saka. Dei andre partia er tause og kunnskapslause. Så vil du ha svaret på ubåtgåta og spørsmålet om fisk i Sognefjorden, så har du eitt parti å stemme på til Stortingsvalet, nemleg Kystpartiet.

Asbjørn Massnes , 1.kandidat for Kystpartiet, Sogn og Fjordane

Lus i Sognefjorden

Laksefiskar Roald Dahl jr. har i ein kronikk hevda at lusemengda i Sognefjorden er kritisk høg. Han viser til ein førebels rapport frå Havforskinga , Mattilsynet og NINA. I eit tidlegare innlegg har Dahl skulda desse etatane for å vere styrt av oppdrettarane. 15.09.12 stod det i ein notis i avisene at Mattilsynet har innrømt feil ved ein rapport frå 2008 der funn av lus på 20 fisk vart til 20 lus pr fisk. Miljødirektør Aina Valland i FHL har svart Dahl i avisene og gjort greie for kva dei gjer for å bli endå betre. Då skriv Dahl eit tilsvar med tittelen: «Oppdrettsnæringen og sannheten». Der beskriv han ei næring som har så mykje sjukdom og rømming at skulle dette vore sant, var det ikkje ein lakseoppdrettar som ville tent pengar. Kva er då sanninga? Eg les i avisa om stamfiske i Vikjaelva. Rekordfangst på 40-50 laksar vart henta i den 670 meter lange krafttunnellen frå Hove kraftstasjon. Ikkje éin var oppdrettslaks. Godt kultiveringsarbeid har gjeve gode resultat. Flekkeelva er ikkje regulert, men godt arbeid med kalking har også resultert i mykje laks. Det betyr at smolten frå desse elvane kjem seg ut i havet og attende til elvane sjølv om Dahl meiner lusa frå oppdrettanlegga er kritisk for all smolt.
Dahl skriv også at oppdrettsnæringa driv dyremishandling då fisk føler smerte. Kva er det då Dahl driv med som laksefiskar, der han står i elva og dreg opp gytelaks etter ein krok i kjeften? Ein god del av laksen blir hala opp berre for moro for så bli sett ut att i elva stressa og med eit sår i kjeften. Dahl påstår også at oppdrettarane driv etter steinalderteknologi. Men kva då med kraftutbyggingane i elvane? Her har det ikkje vore forbetring på 50 år. Det er godt dokumentert at det er kraftutbyggingane som har øydelagt flest lakseelvar. I 106 utbygde vassdrag er reguleringane største trusselen mot fiskestammane. I 43 av vassdragene er stammane vurdert som utrydda, sterkt truga eller sårbare (NOU-99:9 «Til laks åt alle kan ingen gjera»). Det er no heldigvis fleire som forstår at det er elvereguleringane som har øydelagt økologien i både lakseelvane, fjordane og deler av kysten. Men Roald Dahl jr. ser visst ikkje anna enn flisa i auga til oppdrettsnæringa og oppdagar ikkje bjelken i sitt eige. Dersom Dahl hadde lese litt meir i Sogn Avis 17.12.12 enn innlegget til Aina Valland, hadde han sett kva som hende med smolten i den regulerte Fortunelva. Med lite vatn i elvane, døyr fisken.

Asbjørn Massnes, Kystpartiet Sogn og Fjordane.