Viser arkivet for stikkord landbruk

Punktum.

Høgre sin fylkesleiar i Sogn og Fjordane, Arve Mjømen, skriv i avisa Firda i dag. Imponerande. Er det verdsrekord? Trekk pusten godt før du les denne setninga som Mjømen har prestert:

“Som elles, er det også i høve landbrukspolitikken, nødvendig å få til avtalar som partia i fellesskap kan stå saman om og ikkje minst for å ivareta den forhandlingsinstitusjonen som faktisk Bondelaget er best tent med og som no hang i ein svært tynn tråd med Arbeiderpartiet sitt utspel som kunne føre til at denne moglegheita vart brote ned for ettertida.”

Punktum.

Når vitet vantar hjå dei som skal styre oss


Den Gud give et embete, give han også forstand, heiter det i eit gammalt ordspråk. Når ein ser på den blå-blå regjeringa sine krumspring, kan ei stundom tvile på om dei har teke forstanden med inn i embeta sine. I alle høve ser det ut til at dei let blind ideologi overstyre folkevitet. Når landbruksministeren let kapasiteten til mjølkerobotane setje mål for mjølkekvotane, utan omsyn til dei biologiske ressursane, er det eit godt døme på korleis ideologien set økologien til side. Likevel er ho frekk nok til å kalle dette ei berekraftig utvikling.

Les meir…

Produksjon av mat og kulturlandskap

Gjennom heile etterkrigstida har talet på bønder og gardsbruk minka her i landet. Ulike politiske parti har hatt regjeringsmakt, men nedgangen har vore nær den same heile tida. Korfor er det slik? Og er det slik vi vil ha det?

Les meir…

Coop sitt samfunnsansvar?

Frå Coop.no:

Coop tar samfunnsansvar
Presset på naturressursene øker, miljøproblemene vokser og forskjellen mellom fattig og rik blir større. Disse utfordringene må varehandelen forholde seg til.

Som en stor samfunnsaktør og leverandør av varer og tjenester kan Coop påvirke alt fra produksjon til markedsføring. Vi har derfor et ansvar for å gjøre vårt for å påvirke samfunnsutviklingen i riktig retning.

Bærekraftig utvikling
Det er nedfelt i vårt verdigrunnlag at Coop skal vise omtanke for mennesker, dyr og miljø, og arbeide for en bærekraftig samfunnsutvikling. Alle våre valg og handlinger skal være knyttet til dette løftet. For at en virksomhet kan kalles bærekraftig, må tre forhold tilfredsstilles:

1. Økonomisk sunn drift
2. Miljøriktig og miljøtilpasset opptreden
3. Etisk og sosial hensyntagen, for eksempel overfor medarbeidere eller produsenter i utviklingsland

(…)

Eg registrerar at økonomisk sunn drift vert nevnt først. Jordøyding burde skurre kraftig mhp. punkt nr. 2.

Kvifor ikkje heller satse grunnleggande på bærekraft, være eit føregangsføretak, og sjå på kjøpekrafta som handlekraft, i alle dets tydingar – evna til å handle bærekraftig (ikkje berre kjøpekraftig) handlar om haldningar – aktive haldningar som utgangspunkt for handlingane.

Kvifor ikkje sette seg føre å vise verda eit grundig og godt eksempel på handlekraftig bærekraft med utgangspunkt i sunn, heilheitleg forvalting av kjøpekrafta?

Eg er ikkje motstandar av handel, men veldig for at vi skal handle med aktive haldningar, mtp. både varehistorikk og føretakslogikk.

Om Coop er litt ditt, så kan du seie nei, om samfunnsansvaret er i ferd med å svinne hen.

Firda-leiar uten rot i røynda.

Laurdag 31.08 var leiar-artikkelen i Firda eit utbrot av misnøye med det at Miljøpartiet Dei Grøne kan kome til å ta utjamningsmandatet i Sogn og Fjordane. «Skulle MDG erobre eit utjamningsmandat frå Sogn og Fjordane, noko vi det lengste håpar ikkje vil skje, har fylket fått ein representant utan lokal støtte, medan miljøveljarane har skote seg sjølv i foten.» Sterk kost frå ei avis som skal vere partipolitisk uavhengig. Kritikken går ut på at Dei Grøne er eit næringsfiendtleg parti, at vi driv kannibalisme på miljøveljarane og at vi ikkje har nok støtte i fylket til å kunne forsvare at vi skal få eit mandat.

Diverre er leiaren full av misforståingar og faktafeil. Miljøpartiet Dei Grøne er ikkje et næringsfiendtleg parti, sjølv om politiske motstandarar yndar å framstille det slik. Vi ynskjer ein storstilt satsing på grøne berekraftige næringar som landbruk, fornybar energi og havbruk og fiskeri. Medan Høgre og FrP (som Firda kanskje heller ynskjer skal representere fylket?) i praktisk politikk vil leggje ned det meste av det resterande landbruket i fylket, ynskjer vi ein auke i overføringane til landbruket og at lønna for eit årsverk i landbruket skal aukast til det som er snittet for fagarbeidarar elles. Det vil føre til ein auka sysselsetting i fylket og gje positive ringverknader for leverandør- og næringsmiddelindustri. Dei Grøne ynskjer ei massiv satsing på havvind, noko som kan gje berekraftige og varige arbeidsplassar i heile fylket og gjere det mogleg å møte fallande oljeverksemd utan at kommunar som i dag er oljeavhengige vert avfolka. Vi vil gjere Florø til havvind-hovudstad på Vestlandskysten og lovar 5000 nye grøne jobbar innan fornybare næringar i fylket. Vi ynskjer eit berekraftig havbruk i lukka anlegg, der kloakken vert nytta til produksjon av biogass i staden for å dumpast på fjordbotn, og vi ynskjer ein sterk kystfiskeflåte som kan gje arbeid til langt fleire enn dagens industritrålarar.

Påstanden om Miljøpartiet Dei Grøne driv med miljøkannibalisme er uten rot i røynda. Tala taler sitt tydelege språk. Den samla oppslutninga for partia SV, Dei Grøne og Venstre har frå januar til august 2013 auka frå 9,1 % til 13,1 %. I januar låg partia an til å samla få 13 mandat på stortinget, medan dei i dag ligg an til å få 18, og det er sjølv om Dei Grøne fer det resultatet som snittet av målingane ligg på no og fell under sperregrensa. Kjem Dei Grøne over vert det minst 25 miljømandat på tinget. Påstanden om miljøkannibalisme er difor ikkje berre feilaktig, den er ein løgn. Forfattaren av leiar-artikkelen i Firde gjer vel i å sette seg betre inn i tala før han skyt.

Kva slags støtte Miljøpartiet Dei Grøne har i fylket er ikkje godt å sei. Den einaste målinga så langt er frå 15. august og gjer oss 2,1 % oppslutnad. Det er ein ti-dobling frå resultatet i 2009 og ville gitt partiet mandat i fylkestinget om det var fylkestingsval. Vi har hatt ein sterk medlemsvekst med nye innmeldingar om lag kvar dag i valkampen. Per i dag har vi 93 medlemmar i fylket, så kan dykk spørje dei andre partia kva slags tal på medlemmar dei har. Eg trur ikkje vi kjem dårlegast ut. På Facebook har vi også mange som støtter oss. Facebook-gruppa til fylkeslaget har 344 likarar, noko som gjer Dei Grøne til det største partiet på Facebook i Sogn og Fjordane. Jamfør tala til dei store partia; FrP på andreplass har 332 likes, KrF har 292 likes medan Høgre har 279 likes. Alle dei andre partia har færre. Fasiten kjem først 9. september.

Hovudproblemet med leiar-artikkelen er likevel den tilsynelatande manglande forståinga for valordninga som skal sikre demokratiet her i Noreg. Utjamningsmandata er til for at talet på representantar på tinget skal samsvare med den prosentvise oppslutnaden til partiet nasjonalt. I utgangspunktet er det det partiet som er nærast direktemandat som skal få utjamningsmandatet, men då gjeng det ikkje opp. Fer Dei Grøne mandat frå Sogn og Fjordane trass i lav oppslutnad i fylket, er det fordi grøne veljarar i for eksempel Hordaland vert kompensert for manglande mandat med ein representant frå vårt fylke. Alternativet er anten amerikanske tilstandar der kun dei største parti fer representasjon, eller at vi gjeng bort frå ordninga med fylkesvise valkrinsar og at heile Noreg vert rekna som ein valkrins. Då kunne ein likegodt få eit storting heilt fritt for representantar frå Sogn og Fjordane. Eg trur ikkje det vil vere i interessa hjå fylket eller demokratiet at korkje av disse ordningane erstattar den vi har i dag.

Tor Øyvind Westbye

1. kandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane.

Kvar vil vi med jordbruket?

«Kjøp jord, dei lager ikkje meir av det» lyder eit kjent sitat frå Mark Twain. Og i det er sjølvsagt ein grunnleggjande sanning med ein lokal aktualitet: Den jorda vi bygg ned får vi ikkje att. I det moderne Noreg har vi kanskje og gløymt andre sanninger: at maten vi et kjem frå jorda, og at føresetnadane for alt menneskjelig liv her i landet startar med at nokon snur, sår og dyrker jorda. Vi kan ikkje leve på olja aleine.

Her på vestlandet dyrker ein ikkje menneskjemat, ein dyrker gras til dyrefôr. Difor har eg av pedagogiske årsaker ein minikjøkkenhage i ein kasse slik at poden skal lære at salaten ikkje veks ut av hylla på Rema 1000. Det er naudsynt når den jorda som ein gong fødde vestlendingene med korn og potet no vert slått til silogras, og alt anna enn kjøt og melk blir produsert i andre deler av landet eller i utlandet. Menneskje vert fjerna fra sitt eige eksistensgrunnlag, og den livgjevande dyrkbare jorda vert uten omsut lagt under betong og asfalt for (i den store samanhengen) kortvarige vinster. Dette er resultat av statlege føringer, og ein trugsel mot matsikkerheten i store deler av landet.

Men også husdyrproduksjonen står i fare. Gardsbruk etter gardsbruk vert lagd ned, og bøane gror att. Miljøpartiet Dei Grøne vil ikkje være med på den statleg administrerte nedbygginga av det vestlandske jordbruket. Dei etablerte partia på stortinget har svikta. Kva har senterpartiet eigentleg gjort for den vestlandske gardbrukaren gjennom snart åtte år i landbruksdepartementet anna enn å være med på å akselerere nedlegginga? Problemet med SP er at dei har låst seg til ein forelda tankegang og utdaterte perspektiv. Miljøpartiet Dei Grøne representerer ein ny grøn kraft i norsk politikk, med eit heilskapleg og nyskapande syn på alle politikkfelt. For oss er solidaritet med komande generasjonar, med natur og dyr og med menneskje i andre land bærande prinsipp som styrer politikken. Det betyr mellom anna at samfunnet og økonomien må byggja på reell berekraft som tek utspring i naturressursane og naturens evne til å halde oppe menneskjeleg aktivitet over tid. Og alt startar med maten vi et.

Matproduksjonen må være berekraftig. Det løyser vi best ved å dyrke mat etter økologiske prinsipp. Det gjer også den beste kvaliteten og smaken på maten. Maten vi et er elles ofte full av plantevernmedel og andre giftsstoffer, og kunstgjødsel tømmer lagra av fosfor som vi kan råke tom for i vår levetid. Difor vil vi fjerne merverdiavgiften på økologiske varer, og sette som mål at offentlege matinnkjøp skal innehalda 50% økologiske varer innen 2017. Økologisk produksjon betyr også strengare krav til dyrevelferd. Det er ein sentral sak for MDG. Vi har ikkje rett til å påføre dyr unødig liding for å dekke behov som ofte er meir innbilte enn reelle. Miljøpartiet Dei Grøne meiner vi som forbrukarar må betale meir for maten for å sikre ein berekraftig produksjon som tek dyrevelferd på alvor. Men staten skal og bidra med styrka overføringer til dei bøndene som driv berekraftig og som steller godt med dyra. I område som er utsatt for rovdyr, ynskjer MDG å bruke store penger på å sikra sameksistens mellom rovdyr og beitedyr. Rovdyrgjerde i utmark og gjeting er tiltak vi ynskjer å satse på. Det vil og auke sysselsettinga i landbruket.

For Miljøpartiet Dei Grøne er matvareberedskap ein viktig sak. Vi meiner dagens beredskap står til stryk, for vi er berre sikra i den grad transport av matvarer kan gå som normalt på vegene. Beredskapen er ikkje berekna på å handtere større vanskar enn langvarig streik, noko regjeringens utval for matvareberedskap sjølv seier. MDG er bekymra for livsgrunnlaget her vestpå om ufred, økonomisk krise, miljøkatastrofer eller naturkatastrofer skal råke landet. Vi overlev ikkje lenge på silogras, og kornlagra har myndighetene avvikla. Miljøpartiet Dei Grøne vil auke selvforsyningsgraden av korn, poteter, frilandsfrukt og grønsaker, melk, kjøt og egg. Fôr, gjødsel og såfrø må med i berekningsgrunnlaget for selvforsyningsgraden. Vi vil attinnføre beredskapslagring av korn for minst eitt års forbruk. For å nå dei måla, må mykje av den beste dyrkingsjorda i vår landsdel leggjast om frå grasproduksjon til korn og grønsaksdyrking. For å kompensere må melk- og kjøtprodusentane belønnast for å ta i bruk utmarka att.

Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer å attskape ein meir naturleg knytning mellom konsument og maten han et. Vi vil fremme nye driftsformer som andelslandbruk, der kunden investerer i avlinga til bonden om våren og kan være med å hauste avlinga direkte. Det kuttar fordyrande mellomledd, og gjer bonden sikring mot dårlege avlingar. Vi har og trua på at etterspurnaden etter parsellar til eigen grønsaksdyrking vil auke om støtteordningar kjem på plass. Utleige av slike parsellar kan verte ein attraktiv attåtnæring for mange bønder, og kaste meir av seg enn dyrking av gras på same areal. Vi ynskjer å starte med dei små og gje alle skoler og barnehager tilgang på parseller til grønsaksdyrking. Men viktigst er Miljøpartiet Dei Grønes generelle politikk for jordbrukssubisidier som er langt meir offensiv enn den som Sp forfekter og vi er ikke redde for å skryte av det. Vi veit vi må snu utviklinga for jordbruket om vi skal sikre livsgrunnlaget her i landet, koste hva det koste vil. Difor vil vi ha som mål med landbruksoverføringane at eit årsverk i landbruket skal avlønnast tilsvarande ein årsløn for andre fagarbeidarar. Det handler om å sikre maten vi et, det handler om å sikre jorda mot nedbyggjing og attgroing, det handler om å skape levedyktige vilkår for vestlandsjordbruket.

For Miljøpartiet Dei Grøne er ikkje landbruket noko vi kan velje vekk. Det er den viktigste næringa vi har, og vi må vakte og styrke han mot kortsiktige interesser. Nei sel ikkje jorda, og bygg han ikkje ned. – Dei lagar ikkje meir av det.

Tor Øyvind Westbye
1. Stortingskandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane.

Intern usemje i Frp om landbrukspolitikken.

I det alternative budsjettet sitt ville Framstegspartiet kutte 5,5 milliardar kroner i overføringar til landbruket. Dette provoserer no mange internt i partiet. I Nationen 23.05.13 kan vi lese at åtte fylkeslag har samla seg om eit resolusjonsframlegg til Frp sitt landsmøte kommande helg, der dei ber om ei meir gradvis omlegging av landbrukspolitikken. Det er mykje landbruk i Sogn og Fjordane. Er Sogn og Fjordane Frp med i denne gruppa som meiner at det er for drastisk å kutte 5,5 milliardar kroner i ein eingong?

Høgre og landbrukspolitikken.

Leiraren i Sogn og Fjordane bondelag ser mørkt på framtida dersom det vert regjeringsskifte i 2013. Eg er einig med han. Det er all grunn til uro for bøndene i fylket dersom Høgre og Frp får regjeringsmakt.

Høgre sin mann på Stortinget meiner derimot at det er feil av oss å dømme partiet sin landbrukspolitikk nord og ned før den har blitt prøvd ut i praksis. Men trur du ikkje vi kan lese, Lødemel? Eg har kikka litt på den landbruksmeldinga som Høgre har laga. Lødemel var nemleg svært lite konkret når han uttala seg i Firda 15/10.

Alt i innleiinga ser ein kva veg dette ber. Her er det stort fokus på konkurranse. Sitat: “Målet må være økt og mer effektiv produksjon som kan gi forbedret lønnsomhet og økt konkurransekraft for aktørene.” Dette er ein politikk for sterk sentralisering av det norske landbruket. Berre bønder i område av landet der tilhøva ligg svært godt til rette for å produsere mat vil kunne overleve med ein slik politikk. Sogn og Fjordane høyrer derimot til i eit område av landet der det er både dyrt og utfordrande å produsere mat.

Høgre vil til dømes fjerne reguleringane på samdrifter. Det skal ikkje vere noko tak for kor store samdriftene skal kunne vere dersom Høgre får bestemme. Her er det stordrift og konkurranse som gjeld. Vil bøndene i Sogn og Fjordane ha den aller minste sjanse til å greie å konkurrere med industrilandbruket i Europa? Det er grenser for kor store gardane i fylket vårt kan bli.

Høgre er nemleg og skeptiske til det tollvernet vi har i dag. Høgre vil ha ein ny WTO-avtale. Meir frihandel. Dei vil gjere norsk landbruk robust nok til å kunne møte krava i ein ny WTO-avtale. Igjen, vil bøndene i Sogn og Fjordane makte dette? Vil vestlandsjordbruket overleve i ein slik konkurranse? Det meiner eg det er god grunn til å tvile på. Fordi det er utfordrande å produsere mat på Vestlandet.

Korleis tenkjer FrP, partiet som Høgre har planar om å samarbeide med, i landbrukspolitikken? Dei tenkjer i same baner. Større gardar. Meir konkurranse. Meir marknadsstyring. Men dei vil gå endå hardare til verks enn det Høgre vil. Marknadsliberalisme er religion i Frp.

Oppslutnaden om Høgre er rekordstor om dagen. Saman med FrP har Høgre fleirtal på Stortinget dersom vi ser på meiningsmålingene. Det er altså god grunn til å rope ut eit varsku.

Odd Frantzen
Naustdal

Firda og landbruket.

Leiaren i Firda fredag 21/9 er oppsiktsvekkjande. Nyleg har regjeringa vedteke å endre tollsatsane på enkelte matvarer. Firda skriv at det einaste motivet regjeringa har for å gjere dette er å setje Senterpartiet i eit betre lys. Tull! Det som er sant er at dersom vi skal greie å sikre og auke norsk matproduksjon, samt å oppretthalde landbruk i heile landet, er eit fungerande tollvern heilt avgjerande. At vi skal ha landbruk i heile landet er det stor semje om, både på Stortinget og blant folk flest. Det er og eit av hovudmåla i den nye stortingsmeldinga. Når regjeringa no hevar tollen, så er det eit verkemiddel for å oppnå dei måla som er sett i den norske landbrukspolitikken.

Det er det dette handlar om. Og det overraskar meg at den største avisa i landbruksfylket Sogn og Fjordane ikkje ser at ein auke i tollen for å verne om norsk landbruk også vil vere svært viktig for Sogn og Fjordane. Firda skriv at regjeringa bør ha svært gode grunnar for å gjere dette, men at dei ikkje har det. Konklusjonen må bli at Firda meiner at norsk landbruk er uviktig. Det er svært oppsiktsvekkjande.

Odd Frantzen
Naustdal

Her er litt lesestoff til Firda-redaksjonen: Stortingsmelding nr. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken. Velkommen til bords.

Vi treng ei ny landbrukspolitikk

Sidan den raud-grøne regjeringa overtok i 2005 har det blitt 5000 færre bønder i Noreg. Det bør være klårt for dei fleste at Senterpartiet i regjering verken har hatt ambisjoner eller evne til å stanse denne utveklinga. Senterpartiet er blitt Austlandsbondens parti (og knapt nok det), på tross av alle fagre løfter til småbrukarane på Vestlandet.

Miljøpartiet Dei Grøne ser på nedlegginga av bruk på Vestlandet som ei katastrofe. Landsdelen gror att, og mykje av grunnlaget for turismen står i fare for å forsvinne om fjordlanskapet gror att meir. Vi i Miljøpartiet er opptekne av at grunnlaget for sjølvforsyning ikkje må forvitre. Vekstøkonomien i verda er ikkje bærekraftig, ei heller oljenæringa. Tida vil komme før ein anar det då vi her i Noreg vil få bruk for all den jordbruksproduksjonen vi kan mønstre.

Primærnæringane er nettopp det: den primære næringa. Jordbruket er grunnlaget for liv her i landet, det verker det som om folk har gløymt. Det er ikke slik at vi i Noreg kan kjøpe oss ut av alle problemer. Klimaendringane som kjem kombinert med befolkningsauke vil mellom anna få konsekvenser for verdas matproduksjon. Vi ser at land som Russland stansar eksporten av korn i år med dårleg haust, som i 2008 da det vart opprør over matvareprisane i mange av verdas land. Neste gong hausten vert dårlig, tydar alt på at vi vil oppleva det same igjen. Då har vi gått på limpinnen så det suser om vi ikkje kan fø eiga befolkning på maten vi sjølv produserar.

Miljøpartiet Dei Grøne ser med bekymring på særleg nedbygginga av jordbruksjord. Tilgrodd mark er det mogleg om enn kostbart å rydde til dyrkbar mark att, men nedbygd jord får en ikkje att. Miljøpartiet Dei Grøne ynskjer ei langt strengare fredning av dyrka mark, og serleg den beste jordbruksjorda under marin grense. Den er det ikkje mykje av her i fylket, og det er den som er hardast utsett for attbyggjingspress. Miljøpartiet Dei Grøne vil kreve at utbyggjarane må erstatta nedbygd mark med det doble arealet av same kvalitet ein annan stad.

Miljøpartiet Dei Grøne vil gjere det lønsamt å drive i jordbruket, gjennom ei total omlegging av støtteregimet. Systemet vi jobber for er målretta mot å auke løna for eit årsverk i jordbruket opp til industriarbeidarnivå. Det er den mest offensive jorbrukspolitikken noko parti går inn for. Vi ser at jorbruket er naudsynt for å gi livsgrunnlag til bygdene og grendene utøver landet, og vil gjera det som trengs for å sikre bonden ei anstendig løn for arbeidet.

Tor Øyvind Westbye
Stortingskandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane.

Fristilling og likebehandling av landbruket

I år vil landbruksministar Lars Peder Brekk gje 900 millionar til norske bønder. Dette beløpet har reist ein voldsom debatt, og subsidiane sitt omfang blir tilsynelatande tatt som ei sjølvfølgje av norsk presse og kommentatorar. Det spørsmålet som derimot ikkje blir stilt, er om landbruket i det heile fortener, eller treng, slike subsidiar.

Kva er det som gjer at landbruksnæringa står i ein særposisjon i forhold til alle andre næringar, og blir både verna, subsidiert og regulert? Det er nemleg stor forskjell på landbruket og andre bransjar. For medan dei aller fleste andre næringar gjev konkrete gevinstar som blant anna auka skatteinntekter, sysselsetjing, produktivitet, vekst og velstand, så er derimot gevinstane ved å halde landbruket kunstig i live i beste fall vage.

Vil det bli færre bønder med FrPs politikk? Svaret er kanskje. Det vi imidlertid veit, er at med dagens regjering beståande av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, så forsvinner det mellom to og tre tusen produksjonsgardar kvart einsate år.

Norske bønder blir i dag tynga ned av eit rigid regelverk som blant anna set begrensingar på produksjonsmengda. FrP har fremja ei rekkje forslag som styrker bonden sin næringsfridom, som til dømes å mjuke opp produksjons- og marknadsreguleringar som begrensar eller hindrar konkurranse. Prisane på varene bøndene sel blir fastsett av staten. Vi vil la bøndene prise varene sine sjølv. FrP meiner det eksisterande sosialistiske jordbruksavtalesystemet, der produsentane blir styrte av utdaterte tilskots- og reguleringsordningar, skal erstattast av eit marknadsbasert konkurransesystem. Det vil seie eit tilsvarande system som vi vil underleggje alle andre næringar.

Dersom det norske folk etterspør norsk mat, så vil ikkje eit eventuelt fråfall forekomme. Og det er mykje som tyder på at denne etterspurnaden er til stades. Blant anna blir det for tida lagt stor vekt på å marknadsføre norskprodusert mat, i tillegg til at fleirtalet vel å stemme på parti som subsidierar landbruket med dei same veljarane si lommebok. Vi vil ikkje fråta desse veljarane eller andre nordmenn moglegheita til å fortsette denne subsidieringa. Men vi vil at dei skal gjere det frivillig og at dei skal gjere det over disken.
 
 
Marius Reiakvam
Fungerande formann i Sogn og Fjordane FpU

 

Noen ubestridelige sannhetens ord!

Mye misnøye rundt om i landet på grunn av bøndenes aksjoner i lønnsforhandlingene ser jeg.. På tide det skjer noe som kanskje åpner øynene til folk, og lar bøndene få betalt for det enorme arbeidet de utfører. Det er nå min mening iallefall, og den er basert på førstehånds erfaring som bonde. I tillegg til å være oppvokst på gård så har jeg vært fulltidsbonde på den samme gården som avløser for min far annenhver måned i 3 år mens han var i oljen. Denne gården hadde i denne perioden 7-8 melkekyr og kalver, som regel, på disse hver vår. For min far var det dårlig økonomi, jeg gikk på minstelønn de månedene han var ute. Og på det gården gav så gikk han godt i minus. Det vil si at han betalte av pengene han tjente i nordsjøen for å jobbe gratis på egen gård 6 måneder i året. Men han bygget hus, heim og gård med egne hender, fra egen lommebok, og liker hele dette opplegget der han kan jobbe med dyr. Okser blir som hunder, han snakker til de og har navn på hver en levende skapning rundt seg der på gården. Og sånn må det være, ingen er bonde for pengene sin skyld. Den som tror han kan leve av bare gården sin, iallefall et småbruk på vestlandet, har en vanskelig, for ikke å si umulig reise fremfor seg. Å argumentere med at bonden har kommet godt fra hvert oppgjør siste fem år sammenlignet med andre yrkesgrupper holder ikke når de, i utgangspunktet, var så underbetalte at det er latterlig. Samtidig blir gjødsel, kraftfor, maskiner og utstyr, diesel, strøm og alt annet bonden skal bruke dyrere og dyrere i en høyere ekspansjonsrate enn lønnsøkningen. Steike meg skremmende at folk vil underminere en så grunnleggende næring i et lands struktur som matproduksjonen er. Å slå bein under seg selv i så total sosial ignoranse at man regelrett sager av greinen man sitter på mens man smiler seg like i bakken. Forbannede idioter! Nei, stå på bønder sier nå jeg. Fra 1985 til 2010 har bonden fått 30% mer betalt pr. liter melk han leverer. I mens har alt annet blitt gjennomsnittlig 300% dyrere. Andre næringsdrivende som for eksempel rørleggere, elektrikere og verksteder har økt sine timesatser enormt for tjenestene de leverer i samme periode som bøndene er avspist med en marginal prisøkning på melk og kjøtt. Og ikke kom med noe argument rundt subsidier, det er jo handelstanden og leddene etter bonden som i praksis mottar disse pengene, for bonden selv må levere varene sine for en slikk og ingenting. Kunne kuttet ut hele subsidieordningen og heller gitt bøndene skikkelig betalt, melken hadde nok blitt dyrere i butikken, men folk hadde fått fred i sinnet iallefall da skattepengene deres ikke ville tilfalle bøndene lenger. For en ting er sikkert som banken, og det er at folk her på berget blir svært opprørt, nærmest på grensen til hysteriske, hvis de mistenker at noen andre får noe.. En annen ting som forundrer meg er rettferdigheten, eller rettere sagt mangelen på rettferdighet i dette systemet hvor en mann som selger varer over disk gjerne har mer i fortjeneste på en liter melk enn produsenten selv. Hvorfor i H*****
skal han som sitter på kne i kudritt både morgen og kveld, og som har 24 timers vakt 7 dager i uken for å produsere melken bare få smuler av totalpotten, mens en annen tjener godt på å selge dette videre uten knapt å ta i det? Jeg støtter dere 100% bønder, nå må dere ikke gi dere før folk innser at landbruk og sunn matproduksjon ikke er en selvfølge, men et gode de pokker meg får begynne å verdsette, som rett og rimelig er!!

Arnt Wilhelm Milde

KJÆRLIGHET TIL NORSK MAT; -INGEN EGG UTEN HØNER, INGEN MAT UTEN BØNDER

Biletserie med 8 bilete — bla med å trykkje på pilene

Torsdagskveld 29.3.12 arrangerte Jølster Bondelag en eggende fagkveld/ bondeprat i fjøsen til Panorama samdrift, på Eikås i Jølster. Arrangementet var en del av Norges Bondelag sin landsomfattende påskeaksjon; Kjærlighet til norsk mat. Ordfører, kommunestyrerepresentanter og bønder møtte opp. Gjestene ble tatt vel i mot av påskehøna, som delte ut eggekartong med litt overraskelser oppi, og Bondelagets sine brosjyrer med litt påskemorro og konkurranse om å dekorere et påskeegg- vinn en helg på bondegård, og et lite hefte om landbrukspolitikk på 10 minutter. Påskekonkurransen kan alle delta på, og den avsluttes 2. påskedag 9.4.2012. Se mer på bondelaget.no/paskeegg!
Leder i Jølster Bondelag, Bente Axelsson, ønsket alle velkommen. Hun presiserte at det viktige med aksjonen er å få fram for alle at vi er stolte bønder med kjærlighet til norsk mat, og at det blir ingen egg uten høner og ingen mat uten bønder!
«Vi er klare for å produsere mer god, trygg og norsk mat basert på norske ressurser.
For å klare dette må vi ha
-nok jord å dyrke og høste på
-vi må sikre rekruttering til landbruket
-betre inntjeninga til bonden!»
På vegne av samdrifta presenterte Geir Støfring tall og fakta fra Panorama samdrift. Marit Flatjord, nestleder i fylkesstyret i Sogn og Fjordane Bondelag holdt et veldig informativt innlegg om markedsregulering, importvern og matkjedemakt. Hun kom med dette innom en del av de utfordringene som ligger før og etter selve uttaket av råvaren (melka fra kua eller sending av dyr til slakt m.m), i og med at dette er en biologisk produksjon som ikke kan sammenlignes med mange andre produksjoner i markedet. Det ble servert kvelds fra lokale produsenter; FjordaMattunet på Vassenden, og Jølster Bakst som holder til innerst i Kjøsnesforden, på Søgnesand. Anders Eikås spilte fele, og sørget for lokalt kulturelt bidrag! Ordføreren i Jølster, Oddmund Klakegg, presenterte så tallfakta med betydningen, utviklingen og utfordringen for landbruket i Jølster. Der det kom fram at landbruk og næringer tilknyttet dette (skogbruk, kraftutvinning, fiske, turisme m.m) utgjorde vel 350 årsverk i kommunen i 2011. En høgst engasjert og landbruksinteressert ordfører!
På vei hjem var det mulig for de som ønsket det, å ta seg en runde nede i fjøsen hos dyra, noe mange nyttet anledningen til!

Landbruk og utvikling i Naustdal

Naustdal er ein tradisjonell landbrukskommune, men har som mange andre vestlandskommunar dei siste åra hatt ein kraftig nedgang, spesielt i tal mjølkeprodusentar. Tal landbrukseigedomar i drift i Naustdal har og hatt ei negativ utvikling. Dette har føljer for tilboda til dei som framleis driv. Kulturlandskap forfell som ein konsekvens av nedgang i beitedrift, samstundes som dyrkamark gror att og får konsekvensar for bu og driveplikt. Landbruket har dei siste åra opplevd stadig nye regelendringar og krav til kvalitet, produksjon og utstyr. Stønadssystem og tilskotsordningar til nyinvesteringar og ombyggingar har ikkje vore tilstrekkeleg til at småbruka på vestlandet har klart dei store omstillingane. Busetting og utvikling i distrikta har historisk sett hatt nær tilknyting til primærnæringane landbruk og sjøbruk. Skal Naustdal auke busettinga i bygdene, treng vi ei satsing som aukar dei økonomiske rammene, men ikkje minst interessa for å drive desse bruka.

Attåtnæring til landbruk er eit nyttig verkty for å sikre eit økonomisk grunnlag for drift av småbruk i distrikta. Nokre viktige områder som Naustdal har gode føresetnader for å dra nytte av er reiseliv og opplevingsbaserte næringar. Vi har t.d Nausta som nasjonalt laksevassdrag, Førdefjorden som nasjonal laksefjord, landskapsverneområdet Naustdal-Gjengedal og mindre verne områder over heile kommunen. I tillegg har Naustdal ein fantastisk langstrakt geografi som strekk seg frå fjell til hav. Naustdal har store nasjonale og internasjonale natur og miljøkvalitetar, noko vi kan bygge merkevare på.

Fleire mindre konstellasjonar av grunneigarar, og enkelt personar sit med gode idear og tankar om kva dei vil drive med. Nokon driv med ulike formar for attåtnæring i dag, enkeltvis eller i samarbeid med andre. Mange små einingar kvar for seg kan gjerast til eit robust nettverk av ulike og varierte tilbod som kan dra nytte av kvarandre. Naustdal kommune har starta opp eit primærnæringsprosjekt, som mellom anna har til formål å hjelpe fram desse tankane og ideane til drivverdige prosjekt. Prosjektet i regi av kommunen bør vere starten på eit løft for landbruket i Naustdal, men då må kommunestyret fylje det opp og legge til rette for auka omstilling og nyskaping. Kommunebudsjettet er ikkje rusta til åleine å greie dette løftet, men ein aktiv politikk for å legge til rette, og å hente inn ekstern stønads- og prosjektmidlar er ein minst like viktig utløysande faktor.

Naustdal SV vil og jobbe for ei auka satsing på økologisk landbruk i Naustdal kommune. Det er pr. i dag 4-6 økologiske bruk i kommunen. Denne næringa burde kunne vekse kraftig i Naustdal, noko som er eit mål for SV. Økologisk landbruk er ein meir skånsam måte å drive landbruk på for dyr, natur og miljø, og burde soleis vere eit utmerka satsingsområde for ein kommune med store verna areal og nasjonale naturverdiar. Naustdal SV vil jobbe for å auke talet økologiske landbruk innan 4 års perioden. I dette ligg der og ei auka satsing på kunnskapsdeling og marknadsføring av temaet i kommunen, og mot eksterne aktørar.

Målet med desse tiltaka er å gjere det attraktivt for tilflytting, omsetting av eigedom, ny drift på fråflytta og nedlagde bruk, samstundes som ein vil legge eit grunnlag for nyinvesteringar i bruk som vert drive marginalt i dag. Bygdene i Naustdal har store utviklings mogelegheiter om nokon tek ansvar og dreg lasset. Det brenn vi etter å gjere. Etter 8 år med representasjon i komité for landbruk teknikk og miljø(KLTM), søkjer vi i Naustdal SV å styrke vår posisjon for å kunne realisere mange av tankane vi har gjort oss, og prosjekta vi veit ligg i skuffer og skåp rundt om i kommunen. Naustdal har store natur- og miljøkvalitetar som storsamfunnet har sett pris på i form av vern og avgrensing av tekniske inngrep. Dette må Naustdal nytte til sin fordel, og skape aktivitet og utvikling rundt desse verdiane. Naustdal SV vil aktivt jobbe opp mot sentrale styringsmakter for å auke stønadsordningane og rammebetingelsane for ”Vestlandsbruket”.

Set oss i stand til å løfte landbruket i Naustdal, gjere det framtidsretta og bærekraftig, samt å skape utvikling rundt naturkvalitetane i kommunen. Stem Naustdal SV 12.september.

Ole Erik Thingnes
Ordførarkandidat for Naustdal SV

Landbruket på hoppkanten

Alle som har prøvd å hoppe på ski veit at utgangen frå hoppkanten er avgjerande for kva resultat ein kan vente og kor langt ein kan kome i å nå sine mål om lengde og stil. Det er mange i norsk landbruk som nærmar seg hoppkanten utan å vite heilt kvar dei landar. Mykje vil avhenge av kva ”hoppmot” innhaldet i den komande landbruksmeldinga om Mat og landbrukspolitikken vil gje dei.

Når ein er på hoppkanten veit ein ikkje kor landinga vert, og ein veit ikkje i kva grad ambisjonane, som ein hadde når ein sat på toppen, vert nådd. Like før hoppkanten ligg det framleis ei spaning i lufta.

Slik er det også hos oss matprodusentar denne våren. Nokon av oss har “sommarfuglar i magen” som om vi skulle sitje klar på toppen av bakken, nokon blir sitjande på toppen utan å setje utfor, andre er komne i satsstilling medan atter andre er i svevet utan heilt å vite kvar dei landar. Dei som har landa sit anten med ei stor lette eller dei ventar spent på neste som går inn for landing.

Utgangspunktet er ulikt, men slik er det vel gjerne med nokon politikarar også? – Eg har eit håp om at mange politikarar ser at det einaste rette for Norge inn i framtida vil vere å styrke satsinga på produksjon av mat i heile landet. Då snakkar vi om inntektsmoglegheiter gjennom å ta i bruk areala i heile landet. Denne våren har de som er politikarar i regjering og storting eit reelt høve til å syne dykkar ambisjonar for norsk landbruk. Gjennom den nye meldinga til Stortinget om landbruks og matproduksjonen, gjennom dei komande jordbruksforhandlingane og gjennom eit eventuelt resultat i WTO forhandlingane vil de legge rammene for den vidare utgangen frå hoppkanten. Om vilkåra på hoppkanten vert lagt godt til rette kan de forvente mange gode svev og landingar frå yrkesutøvarane i landbruket.
Merete Støfring
Org.sjef Sogn og Fjordane Bondelag

Kjekt med traktor

Det er når dei store nys vi må vere på vakt for uønska infeksjonar.

Dette skjedde i eit intervju med parlamentarisk leiar i Arbeiderpartiet, Helga Pedersen til bondebladet denne veka.
Sitat: “Det er ikkje noko mål for Ap å øke landbruksproduksjonen”.
Kva var då så viktig med ei ny stortingsmelding om landbruk ?
Arbeiderpartiet kunne styrt etter den meldinga vi hadde , det låg meir enn nok føringar i den til å strukturrationalisere landbruket.
Men samstundes som strukturrationaliseringa skal videreførast skal den dempast, i følge Pedersen !!
Forstå dette den som kan.

Norge må ha som mål å auke matproduksjonen i takt med befolkningsveksten i landet. Dette er eit klart krav frå da norske folk som ynskjer norske landbruksprodukt.

Arbeiderpartiet har ingen ambisjon i så måte.
Derimot har Pedersen store ambisjonar å auke eksport av fisk og fiskeprodukt. Det er ikkje feil å ha ambisjonar på fisken sine vegner.
Det eg ikkje forstår er at vi skal til dei grader gjere oss avhengige av importerte landbruksprodukt som vi med stor samfunnsgevinst kan produsere sjølv.
Vi er i stand til å auke alle råvareproduksjonane både innan landbruksprodukt og fiskeri, men det må være politisk vilje til dette.
Vi kan ikkje ha eit landbuk som skal være til eit slags alibi for regjeringa, berre for å halde oppe servicenæringane og brøyteberedskapen i distrikta, som Pedersen videre uttalar.

Difor er det kjekt med traktor ! Den kan jo trenge litt service etter ein tøff brøytevinter.

" Å produsere mat til en stadig voksende befolkning kan ikke være den mest tungtveiende årsaken til at vi har det norske landbruket", seier Helga Pedersen.

Det finnest ikkje ein einaste ambisjon på norsk landbruk sine vegner i AP !
Det er berre makta som rår, og den sit i den innerste kretsen rundt statsministeren.

Etter slike uttalelsar frå parlamentarisk leiar i Ap, vil eg tru det sit ein og anna snurten Ap politakar og Ap ordførar att på lokalplanet og ikkje veit heilt kva ein skal tru.
Det vert i alle høve ei stor oppgåve for desse folkevalgte å sette Norsk matproduksjon på dagsorden i fylkesårsmøte, landsstyremøter og årsmøte i Det Norske Arbeiderparti, skal dei ha noko truverde i landbruksnæringa.
Når toppane i Ap uttalar seg betyr det “La det skje”,- altså Amen.

Elin Haugen
Naustdal

Jølster, Jonas og jordbruksavtalen

_Flotte markeringar av nasjonaldagen prega heile Jølstra-bygda frå Stardalen til Eikås, regnet tok vi med godt humør og bøndene var nok ekstra glade for ei bløyte i gylla på bøane. Knappe to døgn tidlegare vart staten og landbruket einige om ein avtale for næringa sine rammevilkår i året som kjem. Bøndene i Jølster har sagt meiningane sine i store bokstavar den siste veka, på store lerret, på fjøsveggar og på reiskapar. Mange venta på eit brot. For at dei tøffe forhandlingane skulle ende i ein avtale måtte utanriksministeren engasjere seg direkte i diskusjonen. _

Les meir…

Landbruk utan bønder

Norsk landbrukspolitikk handlar i dag meir om turisme, lokal mat og kulturlandskap enn om bønder som produserer mjølk og kjøt. KrF vil at landbrukspolitikken og jordbruksoppgjeret skal handle meir om bønder som matprodusentar og løysingar som gjere dette til eit yrke som ungdommen vil satse på. Det vert ikkje landbruk utan bønder.

Eg har lese statens tilbod i årets jordbruksoppgjer. 141 tettskrive sider. Det meste skal vere som før. Satsingane er meir pengar til fjøs, litt auke i tilskota til bonden og satsing på turisme og grøn omsorg. Det er ingen løysingar på hovudutfordringa for dei 47 000 bøndene som produserer maten vår – inntekt, fritid og mangel på unge som vil bli bønder.

Kvifor har landbruksdepartementet eit budsjett på 15,1 milliardar medan forsvars¬departementet får 33 milliardar? Er ikkje eigen matproduksjon ein viktig del av det å sikre framtida for dei som bur i Noreg? KrF vil satse meir på landbruket og bøndene. Skal dette vere eit framtidsretta yrke må unge ha lyst til å bli bønder og då må dette yrke har inntektsvilkår på linje med andre yrke. Tryggleik i kvardagen handlar også om tryggleik for det daglege brød. Miljø- og klimakrisa viser oss at vi treng bønder i Noreg som kan gje oss trygg mat.

Frustrasjon, Fanden og landbrukspolitiske realitetar

Det er heilt greitt at Elin Haugen i Firda 2.juni gjev uttrykk for sin personlege frustrasjon over norsk landbrukspolitkk, med tungt skyts mot høgresida og Ap. At ho underteiknar med styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag er derimot fullstendig uakseptabelt. I den rolla må ein forvente eit profesjonelt samarbeid også med Fanden og hans oldemor, om det skulle gagne norsk og spesielt vestnorsk landbruk.
Haugen refererer til den gjeldande landbruksmeldinga som kom for ti år sidan som grunnlag for Ap-skepsisen. Vi eldre hugsar godt stortingsmelding 14 om landbrukspoltikken frå 1974 som saman med det såkalla jamstellingsvedtaket i 1975 la grunnlaget for ein 10-årig god landbruksperiode. Ikkje minst her på Vestlandet. Ap og SV skal ha all ære for det som den gongen skjedde. Og Haugen bør merke seg at dette skjedde trass i sterk skepsis og direkte motarbeiding av landbruket internt i begge desse raude partia. Men i begge partia var det mange nok som både såg likt på verdsituasjonen, den gongen som no prega av energi – og matproblem, og den faktiske stoda på bygdene.
Ideelt sett skulle ein ikkje trenge ny stortingsmelding om landbrukspolitikken. Men realistisk sett er det som i sjukehuspolitikken: Vi har i årevis visst om skeivfordelinga av helse Vest. Men det måtte gjerast eit fagleg utrekningsarbeid før vi kunne få ei politisk endring. Vi har likeeins i mange år vore klar over skeivfordelinga av landbruk Vest. Også her krevst realistisk sett eit fagleg utgreiingsarbeid som ei stortingsmelding før ein kan få den nødvendige politiske endringa. Og godt kontaktnett og fagleg profesjonelt samarbeid med alle politiske parti for å sikre den stabile politikken ei langsiktig næring som landbruket treng.
Høgresida som Haugen heilt avskriv har faktisk hatt regjeringsmakta store deler av perioden sidan 1970-talet, og kan få makta att alt til hausten! Fornuft finst og på høgresida. Tidlegare statsminister Kåre Willoch har t.d. hatt mange positive uttaler om trongen for jordvern og matproduksjon for framtida. Diverre kom vel dette klårsynet etter statsministerperioden. Den siste tida har over 200 kvinnelege mjølkebønder i Tyskland demonstrert og sveltestreika på plenen til forbundskanslar Angela Merkel. Kva plan har Haugen for informasjonsmøte med dei to kvinnelege statsministerkandidatane på høgresida for å hindre at norsk landbrukspolitikk blir like ille?
Når det gjeld Ap synest ei raudtåke å ha senka seg for Haugen. I Firda har vi andre lese at naustdalsbøndene og Naustdal Ap har gjort det glimrande og nødvendige grepet å samarbeide med eit stort rekneskapskontor når det gjeld kvalitetssikring av tal. Og at stortingsrepresentane frå Ap omtalar desse reknskapstala som fakta som viser den alvorlege stoda for vestlandslandbruket. Og vil legge dei til grunn for ny stortingsmelding.
Haugen les heller ikkje bondelaget sine heimesider skikkeleg. Då ville ho fått med seg at Ap-representanten Steinar Gullvåg i næringskomiteen på gardsbesøk i Vestfold nyleg vart interessert i urettferdige skattereglar. Og at Vestfold Bondelag gav Bondelagets Servicekontor i oppgåve å utarbeide utfyllande notat til Gullvåg. Haugen bør likeeins rose, tale vel om, og bruke den gode forbindelseslina til Ap-toppen som nokre naustdalsbønder saman med Naustdal Ap har fått til. Inviter sentrale landbrukspolitikarar hit, få dei interessert i våre problemstillingar, og forsyn dei med faktamateriale slik Vestfold Bondelag gjorde!
Ifylgje Firda si nettside oppfattar Tor Bremer innlegget til Haugen som eit aktivt forsøk frå bondelaget på å gjere seg til uvens med Ap. Fylkesleiar Per Hilleren i bondelaget bør difor snarast gjere greie for om Haugen sitt innlegg er skrive som privatperson eller på vegne av fylkesbondelaget.

Ola Bergheim
Byrkjelo

Gjennomslag på landsmøtet for endring av Høgres landbrukspolitikk!

Bjørn Lødemel

Det er svært oppmuntrande å sjå at godt politisk handverk gjev resultat! Sogn og Fjordane Høgre fekk gjennomslag for at Høgre skal støtte ordninga med jordbruksforhandlingar – samt ein landbrukspolitikk som m.a. strekar landbrukets viktige rolle for busetting og næringsverksemd landet over.

Vi har sendt inn endringar til programmet ved alle høve og nytta sentrale konferansar til å samle støtte til vårt syn. Etter å ha hatt tett kontakt med andre fylkeslag fekk vi fullt gjennomslag på landsmøtet. No har Høgre ein god og heilskapleg landbrukspolitikk, og det blir ei god sak å ha med seg i valkampen, seier stortingskandidat og fylkesleiar Bjørn Lødemel.

- Sogn og Fjordane Høgre har gjennom fleire år jobba langsiktig med fokus på politisk arbeid med landbrukspolitikken. Blant tiltaka er eige landbrukspolitisk seminar i Naustdal desember 2006, og landbrukspolitisk utval innan fylkeslaget. Vi har også hatt ein god dialog med landbruks-organisasjonane i fylket, sluttar Bjørn Lødemel av.

SJÅ DESSE NETTSAKENEDEN FRÅ ABC-NYHETER ER MED HARALD KVAME, NAUSTDAL:
ABC Nyheter
http://www.nationen.no/landbruk/article4318642.ece


DOKUMENTASJON: * Konkret går dette på desse tinga:

01. Landsmøtet vedtok ei positiv formulering om landbrukspolitikken:
Landbruket utgjør et viktig fundament for bosetting og kulturlandskap i Norge, men legger også
grunnlaget for annen næringsvirksomhet landet over. Derfor må næringen og statlige myndigheter legge til
rette for fortsatt modernisering av driften slik at næringen blir best mulig rustet for fremtiden. Høyre mener staten fortsatt skal gi økonomisk tilskudd til landbruket, men slike tilskudd må være mer målrettet og mindre byråkratisk enn i dag.

- Denne er nesten identisk med innsendt framlegg frå Sogn og Fjordane Høgre.

02. Vidare strekpunktet om jordbruksforhandlingane:
Høyre vil
- erstatte de årlige landbruksforhandlingene med en konsultasjonsordning mellom myndighetene og
landbrukets organisasjoner.

Dette punktet vart stroke i ei spennande røysting. Dette er difor ikkje lenger gjeldande politikk for Høgre – jfr. klare innspel frå m.a. Sogn og Fjordane Høgre.

FOR FLEIRE KOMMENTARARKONTAKT DESSE LANDSMØTE-UTSENDINGANE:
- Stortingskandidat og fylkesleiar Bjørn Lødemel (er ordførar i Hornindal kommune) har tlf. 917 77 488
- Leiar i landbrukspolitisk utval/1. fylkesnestleiar Arve Harald Mjømen tlf. 905 48 175
- Nestleiar i landbrukspolitisk utval/varaordførar i Naustdal Harald Kvame tlf. 950 80 294

200 års pensjonsalder?

Bakgrunnen for pensjonsreforma er at folk lever lenger og difor må arbeide lenger. Men å krevje at bøndene skal arbeide til dei er nær 200 år er vel litt lenge? Det er i alle fall konsekvensen av avskrivingsreglane Kristin Halvorsen og finansdepartementet hennar tviheld på.
I samband med dyrevelferdsmeldinga for nokre år sidan rekna Landbruksøkonomisk Institutt med 20 års levetid for ein driftsbygning. Departementet med dåverande statsråd Sponheim foreslo overfor Stortinget krav om lausdrift og fekk det vedteke. Overgangstida vart sett til 20 år ut frå argumentet om at dei med båsfjøs uansett måtte bygge nytt innan 20 år.

Levetid og fornuft
Vanleg fornuft tilseier då at med 20 års levetid på bygningen må den både vere fullt betalt og heilt nedskriven etter 20 år. Nedskriving er jo utgiftsføring av byggekostnad fordelt på bygningen si levetid. Finansdepartementet tviheld derimot på 4 prosent maksimal avskriving pr år etter saldoprinsippet. Saldoprinsippet går ut på at ein avskriv av restverdien, ikkje startverdien. Dermed blir avskrivingsprosenten i høve til startverdien stadig lågare, og avskrivingstida mangedobla.
Enkelt- og samdriftsfjøs kostar i dag 3-10 millionar. Med noverande reglar er avskrivingstida 120-160 år. Bonden må såleis halde fram med å bruke bygningen over 100 år etter at den ifylgje Landbruksøkonomisk Institutt er ueigna om han vil ha att pengane sine. I mellomtida må han bygge ny driftsbygning kvart 20 år om han vil ha tidsmessig velferd og arbeidsmiljø for seg og dyra slik dyrevelferdsmeldinga krev. Sunn fornuft?
Eit eldre forretningsbygg i ein by har alltid ein verdi til anna bruk eller høg tomteverdi. Kva alternativ verdi har utslitne og teknologisk umoderne fjøs rundtom i bygdene? Kvifor slike norske særreglar for landbruksbygg når både Sverige og Danmark har 25 års avskrivingstid? Har norske bønder og bygningar så mykje lenger levetid før dei kan pensjonere seg? Den norske bonden med 3 millionar i bygningsinvestering må i alle fall betale nesten 400.000 meir i skatt og reikne restavskrivinga på 1,1 million som tapt om han pensjonerer seg og bygningen etter 25 år.

Omvendt Robin Hood
Det er bygd lite heilt nye driftsbygningar sidan midten av 1980-talet då avskrivingsprosenten var 9. Lausdriftkrav og nye dyrevelferdsreglar tvingar no alle til nybygging. Nedgangen frå 9 til dagens 4 prosent gjer faktisk at staten tek inn att heile statstilskottet til ein ny stor driftsbygning dei første kritiske åra etter bygging. Ein usmakeleg og distriktsfiendtleg omvendt Robin Hood-politikk frå eit oljebada departement. Einkvan burde prøve for sivilombodsmannen om staten som her fritt kan sjonglere med forskjell på over 100 år alt etter kva som tener staten best. Eller kan vi ha eit lite håp om at det framleis finst stortingspolitikarar med sunn fornuft for kva som er normal levetid både på folk og bygningar og ryggmargskjensle for maktfordelingsprinsippet?

Ola Bergheim
Byrkjelo

Reservasjonsløn og tariffløn

Det er debatt i landbruket og pressa om tariffløn og fare for lønsdumping av utanlandske arbeidarar. Det er lett å vere prinsipielt samd i tariffløn. Men då må også ”blårussen”, landbruksøkonomane, påleggast å bruke tariffløn i alle sine modellføresetnader og ikkje som no minimumsløner på tredjeparten av tariffløn

Midlar frå jordbruksavtalen og forskingsrådet har finansiert eit modellprosjekt som forskarane Mittenzwei og Gaasland har utrapportert i skriftserien til Norsk Institutt for Landbruksøkonomisk Forsking; NILF-rapport 2008-3 Dokumentasjon av Jordmod: Modellbeskrivelse og analyser. http://www.nilf.no/Publikasjoner/Rapporter/Bm/2008/R200803Innhold.shtml

Reservasjonsløn
Forskarane har her innført det vedunderlege nyordet ”reservasjonsløn”. Kort og godt kor langt ned bøndene går i timelønn før dei “reserverer seg” – dvs legg ned. I fylgje tabell 2.8 er det 45 kr timen for eit bruk med 20 kyr – og tre gonger så høg timeløn for eit bruk med 200 kyr.
Forskjellen grunngjev økonomane med at bruket med 20 kyr kan klare seg med familiearbeidskraft, medan storbruket må ha fast innleigd arbeidskraft. Leigd arbeid prisast med 150 kr pr. time med unntak av hagebrukssektoren der timebetalinga er satt ned til 100 kr. Grunngjevinga for dette er først og fremst sesongarbeidskraft som kan leigast til ein lågare pris.

Familiearbeidskraft gratis?
Desse landbruksøkonomane opererer i sin ”model-leik” med 40-70 kr som ”reservasjonslønn” i ulike produksjonar – også i all framtid. Dette som gjennomsnitt av familiearbeidskraft og innleigd arbeid. Dei reknar då tydelegvis som sjølsagt at bonden og familien hans arbeider tilnærma gratis. I fortid, notid og all framtid.

Forskarar utanfor verda
Desse forskarane lever heilt i si eiga modellverd. Dei har ikkje fått med seg eit einaste mediaoppslag om bondeaksjonar både innanlands og utanlands. Om at slikt lønnsnivå for familiearbeidskraft ikkje er berekraftig. Verken på kort eller lang sikt.
Med sine udiskutert sjølvsagte modellføresetnader er denne landbrukets ”blåruss” med på å skape og legitimere eit så lågt lønnsnivå i store deler av norsk landbruk at mange kan bli freista til lønsdumping av utanlandsk arbeidskraft som vi har sett mediaoppslag om.

Raud-grøn maktesløyse?
Kan og vil dei raudgrøne med SV-finansminister syte for at det både teoretisk og praktisk blir anstendig tariffløn for alt arbeid i landbruket? Eller er det endå ei ”månelanding” dei ikkje maktar?

Ola Bergheim

AVVIKLINGSBONDEN OG HANS REPRESENTANTAR

”Aksjon Bygde-Noreg” vart stifta under leiing av Helge Bergo i Eksingedalen i 1975, til same tid som Opptrappingsvedtaket i landbruket kom. Sidan då har mykje vatn rent til havet, og Stortinget har sprunge vekk frå sitt eige vedtak.

Av Karl-Jan Erstad, Folkestad

Laurdag 4. april kunne Firda rapportere frå Naustdal at når bøndene ropar ulv, så kan det også vere også økonomiske rovdyr som er på ferde. Gardbrukarar er eit utsett gruppe. Landbruket er ei moden næring, med ein gitt marknad, liten etterspurnadselastisitet, så kort veg frå svolt til eit velstandsrap. Forbrukarane kan vere stappmette og likesæle eine dagen, men timar eller dagen etter vil ved mangel krisestemninga kunne melde seg.
Men folk flest i dag har ikkje opplevd direkte mangel, og velfylde butikkar er det vanlege. I 1950 kunne ein bonde i Noreg fø 5 andre personar, i dag kan han ernære 20 andre. Men desse 20 vil ikkje lenger ernære bonden.

Landbruket er i velstandstider i ein utsett posisjon, kanskje også ved inngrep i ufredstider (Beredskapslovene av 1953). Ein må halde seg forlikt med politikarar og opinion, for monnalege overføringar gjennom offentlege budsjett er viktige for å sikre toppfinansieringa av landbruket sitt driftsbudsjett. Unikt er det ikkje for Noreg, berre som ein ganske stor del, til liks med andre land med høgt kostnadsnivå og vanskeleg topografi – Sveits, Sør-Korea og Japan. USA legg også breisida til ved subsidiering, og landbruksposten utgjer storparten av EU-budsjettet.

Politikarar flest verkar som folk flest å vere noko fjerne frå landbruket sin kvardag. Skal vi ha eit landbruk framover av omsyn til vernebuing for ei usikker framtid, vil det koste ein del meir enn dei 10% av lønningsposen vi i dag bruker til matinnkjøp, anten direkte eller ved overføringar.

Ingrid Heggø (Ap) på fylkesbenken på Stortinget er først inne på det vesentlege, den totale potten må verte større. Men deretter rotar ho det ein del til. Ho vil ta frå dei store bøndene. Men det finst ikkje så mange store å ta noko frå. Dei slit også med sitt, med små marginar. Ikkje ein gong godseigar Løvenskiold i Oslo-området gjer det så godt. Han tener bra pengar i andre næringar, men bonden Løvenskiold gjer det heller dårleg, og vil vel meine at den store landbruksdrifta bør stå på eigne bein.

I den sittande regjeringa har det vore ein hanekamp. Senterpartiet sette all si tyngde inn i oppgjeret, men det vart ikkje så bra for bøndene, fordi det føresette at ein skulle ta ut målprisar i marknaden som ikkje let seg oppnå. For øvrig var vel Ap og SV temmeleg lei heile landbruksrukla. Som Heggø seier, ”om regjeringa vil.” Vidare er det openbert at det neppe er nok ei Stortingsmelding gardbrukarane ønsker mest i dag.

Det vert vidare frå Heggø peika på å flytte midlar rundt omkring og inn i eit investeringsfond. Dette fører helst til vilkårleg byråkratisering, effekttap og økonomiske feilplasseringar. Det er betre å styrke den allmenne økonomien i landbruket – for alle. Nokre vil bygge store samdrifter, og må få med seg dei økonomiske fordelane for å forsvare investeringane. Andre vil av lokale og personlege årsaker satse på familiejordbruket.

Men landbruket sjølv har også sine utfordringar, også under langt betre økonomiske rammevilkår. Avisa Nationen køyrde siste par vekene ein intervjukampanje mot odelsgutar og –jenter om det å komme heim og ta over garden. Dette vert nesten makabert i eit moderne samfunn. Ei jente som har tatt medisinarutdanning, har i tilfelle meir enn nok med å verte kommunelege på heimstaden, og ikkje bonde.
Bondeyrket må profesjonaliserast. Ikkje ein kvar skal kunne verte bonde. Det er eit fag, og ein må skaffe seg solid utdanning i det yrket. For framtida bør ingen kunne ta over utan utdanning til det. Det vil også skape byrgskap i næringa. Med økonomien på plass og fagutdanning frå Mo jordbruksskule i Førde, som skulen bør heite på nytt, skal ikkje og må ikkje bonden vere bussjåfør i tillegg.

Landbruket skal heller ikkje vere ein frimurarlosje.
Familiar på veg ut må ikkje bindast av dei låge landbrukstakstane som gjer at ein ikkje kan kjøpe seg ein einebustad ein annan plass. No vert familiane låst inne på eit bruk utan pengeverdi, og ingen andre slepper inn. Det er store investeringar bundne i eit gardsbruk, ikkje minst i bygningar, men ein får ikkje realisert verdiane grunna lovgiving og ein knipen landbruksøkonomi.

Landbruk og samfunn må både sikre det økonomiske fundamentet og stoppe stagnasjonen.