Viser arkivet for stikkord liberalisme

Framstegspartiets menneskesyn

I eit lenger innlegg i Firda laurdag 15. august kjem firdaredaktør Stang med påstand om at eit FrP-styrt Norge vil innebere uverdige tilhøve for menneskeverdet. Ein slik påstand er alt for dryg til å stå uimotsagt. Framstegspartiet er eit liberalistisk parti som set einskildmennesket sine rettar som det høgaste i politikken. Det grunnleggjande for Framstegspartiet sin politikk er at alle menneskjer har ukrenkelege rettar som det er staten si oppgåve å beskytte. Blant desse er retten til liv, fridom og eigedom. Fleire av desse rettane er staten i dag ein direkte trussel mot.

Til dømes er Framstegspartiet motstandarar av verneplanar og jordvern. Dette er direkte overtramp mot eigedomsretten fordi det tek ifrå grunneigarane råderetten over eigen grunn. Framstegspartiet meinar at grunneigarar skal få gjere som dei vil med sin eigen eigedom so lenge det ikkje medfører vesentlege ulemper for andre sine grunnleggande rettar.

Framstegspartiet kjempar for å gje borgarane størst mogleg valfridom innan offentleg tenesteyting. Dette inneber friast mogleg brukarval. Kristin Halvorsen uttalte for litt tid sidan at det ikkje var noko krav frå norsk skule om private alternativ innan skulesektoren, og med bakgrunn i dette skal det ikkje opnast for private alternativ. Dette kallar eg eit forkvakla menneskesyn! Her syner ein null toleranse for folk som ikkje finn seg til rette i den offentlege skulen. Framstegspartiet vil at alle skal få moglegheita til sjølv å velje skule gjennom eit stykkprissystem. I dag er det berre dei rikaste som har denne valfridomen. Vi vil at alle skal ha den.

Når Jonas Gahr-Støre samanlikna ein avisredaktør som hadde trykt teikningar av profeten Muhammed i avisa si med valdlege pøblar i Midtausten stod FrP fast på at ytringsfridomen var viktigare enn å blidgjere religiøse fanatikarar.

Dei raudgrøne forfektar eit menneskesyn der einskildindividet er underlagt staten. Dette kjem til uttrykk gjennom til dømes bu- og driveplikta. Her vert individet redusert til ein reiskap i statens jarnneve i kampen mot fråflytting frå distrikta. Dette er ikkje berre dårleg distriktspolitikk, men og moralsk forkasteleg!

Vi meinar og at staten skal ta vare på dei som ikkje har moglegheita til å ta vare på seg sjølv, men vaksne og arbeidsføre menn og kvinner bør so langt som råd finansiere sitt eige livsopphald. Dette er bakgrunnen for at vi vil styrke eldreomsorga og helsevesenet, samstundes som vi meinar at kunstnarar og avisredaktørar bør klare seg utan statsstøtte.

På den nyskipa nettstaden kulturkampen.no, ei støtteside for dei raudgrøne, kan vi lese at kultureliten kjem med følgjande påstand: ”Folk flest vet ikke best, det har vi aldri gjort og kommer aldri til å gjøre.” Eg kjenner meg trygg på at det er Framstegspartiet, og ikkje dei raudgrøne, som står på den moralske høggrunnen og har det beste menneskesynet.

Oddvar Reiakvam
Ungdomskandidat
Sogn og Fjordane FrP

Ikkje la marknadskreftene få fritt spelerom

Vi er midt inni ei såkalla finanskrise. Den starta med grådige og kyniske kjøp og sal av bustadlån i USA, og har lagt seg som eit grått teppe utover heile verda. Og sjølv om vi her i landet er betre rusta enn dei fleste andre til å takle ei slik krise, merkar også vi at verdas finansmarknader er ute av kontroll og i stor grad har kollapsa.

Spreiinga av denne «finanssjukdommen» viser kor utsette vi er når marknaden får fritt spelerom. At heile verda er blitt del av krisa viser også kor nært samanvevd verdsmarknaden er, og kor viktig det då er at dei som skal styre, tek ansvar – ikkje berre for seg sjølve, men også for fellesskapen.
Vi har sett at når USA får feber, vert Noreg forkjøla.

Sjølv om finanskrisa ikkje har råka Norge og Sogn og Fjordane hardast, merkar også vi det som skjer: I Askvoll blir alle industriarbeidarar på fastlandet permittere. I Florø permitterer skipsverftet STX over 30. Hydro kuttar. Byggebransjen slit, til liks med fleire andre i privat sektor. Resultatet er stigande arbeidsløyse og stor usikkerheit for folk flest.

Igjen ser vi at det i stor grad er industrien og arbeiderane som vert råka.
Ingen veit når denne krisa skal ta slutt, og det gjer dagens situasjon spesiell, og farleg. Men omfanget ser ut til å bli stort – og utfordringane kjem svært raskt.

Dette er eit resultat av liberalismen, av at dei som styrer og påverkar marknaden har fått fritt spelerom. Det er eit resultat av at einskildpersonar ikkje har villa ta ansvar for fellesskapen, men berre tenkt på eigen profitt. Egoismen står sterkt. Langt sterkare enn verda kan tåle på sikt. Omgrep som grådigheit har nærast blitt honnørord i einskilde kretsar, og det er ein kapitalisme utan filter som har styrt utviklinga.

At grådigheit ikkje er bra, er nettopp vår oppgåve som unge sosialdemokratar å få fram, og er det som gjer engasjementet vårt så viktig; ikkje minst i tida som kjem. Vi må få fram at alt vi gjer må tuftast på vurderingar av kva som er langsiktig og best for fellesskapen – ikkje på kva som tener einskildpersonars eiga forteneste og kort tidshorisont.

Kvar og ein kan ikkje vere sin eigen lykkessmed, slik Framstegspartiet sin politikk legg opp til. Det fører berre til eit kaldt samfunn der ulikskapen får vekstrom, der nokre få tar alle goda, og let resten stå igjen utan noko, t.d. utan arbeid.

Finanskrisa bør ha gitt oss mykje å tenkje på, og vekt oss opp av dvalen. Vekt oss opp av den draumen som tilsa at alt kunne vekse inni himmelen. For slik er det ikkje, og det må vi alle ta lærdom av!
Vi må ta lærdom av at grådighet ikkje er bra for velferd, individ og miljø, og av at det er farleg å tru blindt på dei frie marknadskreftene. Vi er nødt til å stå solidarisk saman for sterke meiningar og for fellesskapstanken. Noko av det viktigaste er å ta ansvar for medmenneske, og hindre at staten skal bli ein ukritisk reiskap i hendene på dei rikaste og mektigaste, men at staten vert ein tenar for heile folket og for samfunnet. Vi i AUF meiner at vi saman må skape eit rettferdig samfunn, der økologi blir sett framfor økonomi, og menneskelege verdiar framfor materiell velstand.

Det er venstresida som sit med dei beste svara her. Vi veit det, og framover mot haustens val er det viktig at vi også jobbar hardt for at også andre skal få denne kunnskapen.
Framover er det viktig at vi står på for at velferdsstaten framleis skal vere Noregs beste og viktigaste varemerke! Vi er nødt til å stå på for dei sosialdemokratiske verdiane. Vi har faktisk ikkje tid til å slappe av!

Mathias Stang, Leiar Flora AUF