Viser arkivet for stikkord ludvigsen

Venstre tek kunnskap på alvor

Venstre har gjennom heile inneverande stortingsperiode løyva meir midlar enn den raudgrøne regjeringa til utdanning og forsking. Dette vil vi gjerne halde fram med frå regjeringsposisjon.

Venstre vert i eit lesarinnlegg frå leiaren i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane utfordra på vår kunnskapspolitikk. Den utfordringa tek vi på strak arm, og vi vonar samstundes at kunnskap vert eit viktig tema denne valkampen.

Det viktigaste for Venstre er kvalitet i skulen. Venstre vil ha ein solid offentleg skule som gjev alle like moglegheiter til utdanning uavhengig av geografisk, sosial eller kulturell bakgrunn. Kunnskap og kompetanse er avgjerande for framtidig verdiskaping i Noreg, så vel som for elevane sitt framtidige høve til å ta del i samfunnsutviklinga som opplyste og kunnskapsrike borgarar.

For å leggje til rette for einskildeleven si utvikling treng vi tydelege læringsmål, klåre krav til eleven og gode lærarar. Læraren sin faglege og pedagogiske kompetanse er avgjerande for elevane sitt læringsutbytte, og Venstre vil difor prioritere fleire og betre lærarar framfor heildagsskule. Vi meiner det er ein dårleg idé å utvide skuledagen i komande stortingsperiode, slik somme andre parti går inn for, all den tid vi veit at lærarmangelen diverre vil verte meir og meir prekær. Skulen er eit undervisningstilbod, ikkje eit velferdstilbod, og tilgongen på mange og dyktige nok pedagogar er avgjerande for kvaliteten på undervisninga. Det er grunnleggjande for Venstre at skulen skal vere ein stad å lære, ikkje berre ein stad å vere.

Venstre har i inneverande periode kome med framlegg om fleire målretta tiltak særleg retta mot lærarrekruttering og kompetanseheving, utan å få støtte frå den raudgrøne regjeringa. Mellom anna vil vi:

• Etablere pedagogiske kvalifiseringsstipend, slik at vi kan rekruttere lærarar frå andre relevante yrke
• Innføre eit kompetanseår for lærarar
• Gjere læraryrket meir attraktivt gjennom ei utvida og betra 5- årig masterutdanning
• Innføre seniortiltak for å halde på verdifull kompetanse i skulen. Tre av fire lærarar ynskjer å arbeide etter fylte 60 år, men opplever at det i liten grad vert lagt til rette for dette.

Når det gjeld barnehagar er Venstre sitt mål full barnehagedekning, samt kvalitet og valfridom i tilbodet.

Barnehagen skal vere ein stad for leik, kreativitet og kvile, men barnehagen er òg eit pedagogisk tilbod. Venstre vil difor i stortingsperioden leggje vekt på ei utvikling av kvaliteten i barnehagane, samt rekruttering av fleire pedagogar.

Vi meiner at Venstre sin politikk er den beste løysinga for å ta steget over i kunnskapssamfunnet. Det gjer også Abelia, NHO sin organisasjon for kunnskapsbedrifter, som etter ein systematisk gjennomgong av partia sine stortingsprogram gjev Venstre høgast totalscore på kunnskapspolitikk. Ei røyst på oss den 14. september vil vere eit viktig bidrag til å omsetje denne politikken i praksis.

Gunvald Ludvigsen, stortingsrepresentant og 1. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre
Bjørg Mikalsen, lærar og 2. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre

Det store miljøSViket

Den globale oppvarminga er vår tids største utfordring. Venstre vil ta steget over i lågutsleppssamfunnet og gjere Noreg om til ein føregangsnasjon på klimaområdet.

Mange av oss var særs uroa då dei raudgrøne kom til makta etter valet i 2005. Med det ideologiske utgangspunktet til dei tre nye regjeringspartia (eller for somme: Mangelen på dette) stod det klart at Noreg no ville verte ført i ei anti-liberal og lite nyskapande retning. Men på eitt område var det likevel mogleg å ikkje vere fullt så uroa: Klima og miljø. Rett nok er Arbeidarpartiet verste guten i klassen på dette området – og Senterpartiet kunne knappast brydd seg mindre – men det var von om at i det minste SV ville våge å styre den raudgrøne skuta i klimavenleg retning. Partiet har jo gjennom åra i opposisjon markert seg som eit standhaftig og progressivt miljøparti. Vonbrotet var difor desto større då det synte seg at eit samla regjeringskollegium har gjeve blanke blaffen.

Lat meg først slå fast utgangspunktet til regjeringa: Dei raudgrøne har reint fleirtal og kan gjere akkurat kva dei vil på Stortinget. Vidare har dei hatt meir pengar til rådvelde enn noka anna regjering i norsk historie – dei enorme krisepakkane kjem i tillegg. Og sist men ikkje minst: Dei har hatt meir kunnskapar om klimaendringane enn noka anna regjering. Lat meg vidare slå fast fasiten: Norske klimautslepp har aldri vore høgare enn under dei raudgrøne, og dei har aldri auka meir enn i inneverande regjeringsperiode.

Kvar på vegen gjekk det gale? Den første feilen SV gjorde var nok å gå til sengs med Ap og LO – den mest daudbringande kombinasjonen i norsk klimapolitikk. Vidare er det sjølvsagt slik at SV har vunne nokre miljøslag gjennom dei siste fire åra. Problemet er berre at tapslista er så mykje, mykje lengre.

Det mest openberre sviket er sjølvsagt «månelandinga» på Mongstad. CO2-reinsing av gasskraftverket skulle vere på plass frå dag éin – lova SV på tru og ære. Planen er no utsett til dag eittusenfirehundreogtrettiéin, om den ikkje vert utsett på ny. Planane om reinsing på Kårstø vart utsett i same handvending. Og når ein først er inne på CO2-utslepp: Dei kvotene Noreg faktisk har til overs har regjeringa no gått inn for å selje til andre land – slik at dei totale utsleppa ikkje går ned. Kvotene burde i staden vore sletta.

Mange har fått det verre under den raudgrøne regjeringa, men éin industri har levd livets glade dagar: Oljeindustrien. Regjeringa har rundhåna delt ut 178 leiteløyve til oljeselskapa, noko som er ein solid noregsrekord. Dessutan har dei sårbare havområda i Barentshavet og utanfor Jan Mayen for første gong vorte opna for petroleumsindustri. Dette kjem på toppen av regjeringa (Statoil) sine investeringar i det ekstremt forureinande oljesandprosjektet i Canada.

Av plassomsyn vil eg til sist nøye meg med å nemne skrinlegginga av 9 av 10 vindmølleprosjekt, motstanden mot etablering av ei ordning med grøne sertifikat – som ville sett fart i utviklinga av fornybar energi – samt utsetjinga av Ringeriksbana – som ville korta ned reisetida mellom Oslo og Bergen med ein time og lagt grunnlaget for høgfartsbane. Og sist, men ikkje minst: Klimaforliket på Stortinget, der SVs Inga Marte Thorkildsen fekk i oppgåve å prute ned Venstre, KrF og Høgre sine ambisiøse og klimavenlege framlegg, til føremon for regjeringa sitt stusselege førsteutkast. Heldigvis fekk vi pressa regjeringa til å vedta meir ambisiøse mål og konkrete tiltak enn dei først kom med.

Alt er likevel ikkje heilsvart. Den 9. juli vart det gjeve finansiering til opninga av 4 nye vindmølleparkar. Dette er veldig bra! Det skal likevel seiast at finansieringa ikkje kom på plass før regjeringa fekk ei finanskrise i fanget som gav høve til å dele ut meir midlar. For øvrig vart det gjeve finansiering til heile 16 vindmølleparkar under førre Venstre-regjering.

Denne mangelen på miljøsatsing er ein av dei viktigaste grunnane til at Noreg treng ei ny regjering, ei regjering som vågar å ta klimautfordringa på alvor og å ta radikale grep i miljøpolitikken. Ei slik regjering får ein berre med eit stort Venstre. Kan vi likevel hevde å ha meir truverde enn SV i miljøpolitikken? Ja, det vil eg definitivt seie. Venstre har tidlegare synt at vi er viljuge til å setje regjeringsdeltaking på spel i viktige miljøsaker. Vi har tidlegare gått av på grunn av forureinande gasskraftkraftverk (sentrumsregjeringa, år 2000), og vi seier nei til å sitje i ei regjering som opnar for oljeverksemd utanfor Lofoten og Vesterålen. I tillegg har våre føretrukne samarbeidspartnarar Høgre og KrF synt seg å vere langt meir miljøvenlege enn Arbeidarpartiet, sist gjennom klimaforliket i Stortinget. I alle tilfelle vil Venstre aldri selje miljøsjela si for å klamre seg fast til statsrådslimousinane. Det er meir enn ein kan seie om SV.

Miljø- og klimapolitikken er for viktig til å la dei raudgrøne administrere landet i fire nye år. Difor vonar eg du vil gje meg og Venstre høve til å ta dei grepa som må til i neste stortingsperiode.

Gunvald Ludvigsen
Stortingsrepresentant og 1. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre

Venstre har gode sjansar i fylket

I sitt lesarinnlegg i Firda den 27. juni slår Alf Kollsete uttrykkjeleg fast at «[i] Sogn og Fjordane er Venstre sine sjansar til å få eit mandat lik null!». Eg veit ikkje kva Kollsete tenkjer å røyste den 14. september, men han kan vere viss på at ei røyst på Venstre slett ikkje vil vere fånyttes. Snarare tvert imot.

Onsdag 1. juli publiserte Sunnmørsposten ei mandatutrekning for fylket vårt basert på gjennomsnittet av alle meiningsmålingar i juni. Med andre ord er bakgrunnsmaterialet solid. Utrekninga syner at Venstre kaprar sistemandatet i Sogn og Fjordane, slik vi også gjorde det ved sist val. Når ein i tillegg har med seg at Venstre tradisjonelt gjer det betre ettersom valet nærmar seg, bør såleis sjansane våre vere gode. Våren før sist stortingsval låg Venstre så langt nede som 2-3 prosent på målingane, men fekk eit valresultat på 5,9 prosent. Denne våren har Venstre i gjennomsnitt hatt ca. 6 prosent på målingane, og har vore heilt oppe og snusa på 9-talet, noko som er målsetnaden vår både i fylket og på nasjonalt plan denne hausten. Alt borgar såleis for eit godt resultat for Venstre den 14. september.

Eg oppfattar det likevel slik at Kollsete er mest uroa for at eit stort Venstre vil hindre at Frp kjem til makta. Dette er heilt riktig. Venstre er ein garantist mot ekstreme fløyparti i regjering, anten dei heiter SV eller Frp. Vi trur det er betre for landet å få ei mindretalsregjering der den politiske avstanden er overkomeleg, heller enn ei kunstig oppstilt fleirtalsregjering der den politiske avstanden er så stor at ein i realiteten vert handlingslamma. Dagens raudgrøne fleirtalsregjering er eit godt døme på det siste, ei ny sentrum-høgre-regjering vil vere eit godt døme på det første.

Eg kan i alle høve garantere Kollsete éin ting: Nærast uansett valresultat vil Venstre spele ei avgjerande rolle som parti på vippen i Stortinget. Dette vil vonleg resultere i stort gjennomslag for våre kjernesaker: Å fornye velferdssamfunnet, å ta steget over i kunnskapssamfunnet og å setje klima og miljø som prioritet nummer éin. Er ein samd i desse sakene er ei røyst på Venstre det tryggaste valet denne hausten. Også i Sogn og Fjordane.

Gunvald Ludvigsen, stortingsrepresentant og 1. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre