Viser arkivet for stikkord med

Tvangsflytting

Tenk om bare litt av engasjementet i saken om mulla Krekar hadde kommet tvangsflyttingstruete mennesker med utviklingshemming til gode!

Mulla Krekar er vedtatt tvangsflyttet. Det har justisministeren bestemt. Politiet skal iverksette. Men akk, så enkelt er det ikke å iverksette dette tvangsvedtaket. Advokat Meling vet bedre. Forføyningen påklages til tingretten. Da de ikke vant fram der, så er lagmannsretten neste stopp. Derfra om nødvendig og mulig til høyesterett. Og skulle vårt nasjonale rettsvesen i advokat Melings øyne ikke yte mulla Krekar rettferdighet, så bærer saken lukt til den europeiske menneskerettighets domstolen i Strasbourg. Berettiget eller uberettiget, det ligger utenfor det jeg har mulighet til å vurdere.

Forsøket på å tvangsflytte mullaen preger nyhetsbildet. Krekars rettssikkerhet blir svært forsvarlig overholdt. Her er det ikke snakk om tvangsflytting eller andre forføyninger foruten grundig juridisk behandling. Slik er det ikke for alle i kongeriket.

Høst er årstiden for å vedta kommunebudsjetter. Mange kommuner sliter med å få endene til å møtes. Behov for saldering oppstår. Et av tiltakene er nettopp tvangsflytting. Uten lov og uten dom flyttes mennesker med utviklingshemming fra leilighetene sine til institusjoner og store bofellesskap. De er leietagere i kommunale leiligheter med kontrakt etter husleielovens alminnelige og beskyttende bestemmelser. Likevel flyttes de. For alle oss andre skal det svært, svært gode grunner til å bli flyttet. Dårlig kommuneøkonomi hører ikke til slik begrunnelse.

Men flyttet blir både Kari og Ola, mot sin vilje. Ofte fra steder hvor de har bodd både i 10, 20 og 30 år. Ikke blir de informert om at de har rettigheter til protestere. Ikke får de vite at de kan nekte. Noen eksempler på at de har blitt flyttet mens de ha vært på familiebesøk hører til de groveste eksemplene. Noen ganger vet de og deres nærmeste at de er i ferd med å lide urett, men har ikke kraft til (nok en gang) å ta kampen opp mot kommunen.

Det står ikke prosedyresterke advokater klare til å føre disses kamp gjennom et komplett rettssystem. Der vi får vite og der vi har kapasitet, stiller representanter for Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU) opp. Klamrer oss til husleieloven og prosederer etter beste evne. Og vinner som oftest fram. Men vi når ikke fram over alt, hvert år flyttes mange mennesker med utviklingshemming mot sin vilje. Ikke for å få et bedre tilbud, men i et kommunalt håp om å spare penger. Regjeringen med justisminister Anundsen i spissen, er bare opptatt av en tvangsflyttesak, om enn med motsatt fortegn.

Kan ikke fri meg for å tenke på om bare litt av dette engasjementet hadde kommet tvangsflyttingstruede mennesker med utviklingshemming til gode…….

Eit fargerikt fellesskap

Når eg les Ole Fosse Fardal sitt innlegg i Firda, Potetkjellaren i samfunnet vårt, så føler eg at han går ned på eit debattnivå som vi kanskje hadde for 30-40 år sidan. Eg tilhøyrer dei som framleis hugsar dei første invandringsdebattane, og der var SV og deira likesinna blant dei mest blåøygde. Dei som har vore kritiske til norsk innvandringspolitikk, vart gjerne karakteriserte som rasistar. FrP har alltid vorte sett i den båsen. FrP har vore kritiske til norsk innvandringspolitikk. Om vi skulle evaluere den politikken i dag, så har vi ikkje fått det fargerike fellesskapet vi vart førespegla. Skal vi halde fram med vår innvandringspolitikk, så er det første vi må gjere å bygge fleire fengsel. Norske fengsel er oppfylte med innvandrarar og når bandar frå Austeuropa vert tekne, så må vi sleppe dei lause att fordi alle fengsel er fulle. Det er resultat av m.a. SV sin frie innvandringspolitikk, ikkje av FrP sin politikk.
Kvinner i dei islamske landa har ikkje høg status når verdien vert sett etter kor mange sauer eller geiter dei kan verte bytta bort for. Dei vert også steina for den minste ting. Berre dersom eigaren deira protesterer kan dei sleppe fri. Er SV tilhengar av sharia og steining av utru kvinner?
Islam er ikkje ein human religion der du skal elske din neste som deg sjølv. Nei, dersom du forlet islam og vert t.d. kristen, så er det dødsdom for deg. Dette er barbari. Personleg kan eg ikkje sjå at Islam kan tilføre det norske samfunnet noko positivt, og har ikkje lyst å stille klokka tilbake til mellomalderen. I islamske land kan du verte straffa for å utøve din religion offentleg, medan vi tek mot alle religionar med åpne armar og til og med gjev dei statsstøtte. Trur du SV sin snilistiske innvandringspolitikk føre til at Norge blir eit betre land å leve i for våre etterkomarar?

Vakn opp Naustdal!

Naustdal Kommune har teke på seg ei velvaksa oppgåve i Nordic Mining(heretter: NOM) sine industriplanar. Mykje kan seiast om planane og framferda til dette selskapet, men det som etter kvart viser seg å vere ei minst like bekymringsverdig side av saka, er dei folkevalde i kommunen. Som kommunestyre representant er eg sjokkert over tafatte politikarar, men som innbyggar vil eg vite kva som skjer……..

Etter ei “milelang” høyringsrunde er det framleis ikkje kome noko signal frå kommunen på kva som skjer med KU’en til Engebøprosjektet. Dvs at på kommunestyremøtet i går(20.05.2010) kom der signal frå administrasjonen om at der sannsynleg vert ei ny høyring på delar av KU. Kva som skal på høyring, eller kvifor, er det ingen som veit. Kravet frå SV og Raudt om politisk dag der politikarane kan hente informasjon om saka verkar det som det er lite gehøyr for. Kortid skal vi(dei folkevalde) få vite kva som skjer?

Ingen veit kva veg haren hoppar, men i Naustdal kan det virke som at det er viktigare kortid han hoppar, ikkje kvar og kor langt. Kommunestyret vedtok 20.05.2010 å starte forhandlingar med NOM, utan å ha kort på hand. Kva kan det ha seg at vi lyt skunde oss å forhandle utan at vi har noko slags kjennskap til kva det er vi skal forhandle om? Jauda, administrasjonen hadde sett opp ei liste over punkt det skal forhandlast om, men har dei relevans? Kjenner vi resultatet av høyring nummer 1, og har vi sendt ut høyring nummer 2? Nei.

Av og til lurer eg på om dei folkevalde i Naustdal er heimehøyrande i kommunen. Kva signal sender dette vedtaket til NOM, at vi vel å starte forhandlingane med “fingen i været” prinsippet? Hastar det med å setje seg sjølv sjakkmatt? Har Naustdal bestemt seg for å vedta planar og konsesjonar før utgreiingane er på plass og ein konklusjon kan hentast fram?

Som innbyggar i Naustdal vil eg oppmode dykk alle om å ta del i dykkar parti si hantering av denne saka, og setje fokus på kva dei faktisk gjer. Vert saka debattert eller handsama i partia i det heile, eller tek medlemmane det “som det kjem” i kommunestyremøta? Vi kan ikkje sitje med hendene i fanget og forvente at industrimagnatane skal gjere alt i vår interesse. NOM er nok som andre finansakrobatar, dei gjer ikkje ved dørene og det kan vi heller ikkje forvente. At fleire av medlemmane i kommunestyret har bestemt seg for kva dei skal stemme for lang tid sidan er eg ikkje det minste i tvil om, men det betyr ikkje at dei skal setje seg på sidelinja og ikkje stille krav til prosessen og ynskje eit best mogeleg resultat. Eller?

Vedtaket om å gå i gang med forhandlingar med NOM utan å ha avslutta pågåande høyringsprosessar treng ein ikkje vere økonom for å skjøna at er prematurt. Kanskje kommunen skulle nytte ressursane sine på å gjere ferdig påbegynte prosessar før ein tek til på nye “skippartak”? Det einaste som er sikkert i denne saka, er at vi får ikkje meir enn vi ber om. Spørsmålet er kva skal vi be om, og kortid skal vi be om det?

Døyr fjorden? Skal det kompenserast, eller vil vi ikkje gå med på ein slik konsekvens? Kva er prisen????

SV sit som vara til Planutvalet(formannskapet), og skal stille dersom enten Krf eller Sp melder forfall. Sp sitt medlem i same utval er Jan Herstad, som er ugild i alle saker som omhandlar NOM. Dette er han bevist på, og fråtrer soleis. Men kvifor vert ikkje SV kalla inn når so skjer? Er Planutvalet redd for å diskutere saka? Saka kom til kommunestyret med ei samrøystes tilråding frå Planutvalet(ikkje fulltallig), og full av sakshandsamingsfeil. SV ba om ny handsaming, men kva skjedde?