Viser arkivet for stikkord menneskesyn

Framstegspartiets menneskesyn

I eit lenger innlegg i Firda laurdag 15. august kjem firdaredaktør Stang med påstand om at eit FrP-styrt Norge vil innebere uverdige tilhøve for menneskeverdet. Ein slik påstand er alt for dryg til å stå uimotsagt. Framstegspartiet er eit liberalistisk parti som set einskildmennesket sine rettar som det høgaste i politikken. Det grunnleggjande for Framstegspartiet sin politikk er at alle menneskjer har ukrenkelege rettar som det er staten si oppgåve å beskytte. Blant desse er retten til liv, fridom og eigedom. Fleire av desse rettane er staten i dag ein direkte trussel mot.

Til dømes er Framstegspartiet motstandarar av verneplanar og jordvern. Dette er direkte overtramp mot eigedomsretten fordi det tek ifrå grunneigarane råderetten over eigen grunn. Framstegspartiet meinar at grunneigarar skal få gjere som dei vil med sin eigen eigedom so lenge det ikkje medfører vesentlege ulemper for andre sine grunnleggande rettar.

Framstegspartiet kjempar for å gje borgarane størst mogleg valfridom innan offentleg tenesteyting. Dette inneber friast mogleg brukarval. Kristin Halvorsen uttalte for litt tid sidan at det ikkje var noko krav frå norsk skule om private alternativ innan skulesektoren, og med bakgrunn i dette skal det ikkje opnast for private alternativ. Dette kallar eg eit forkvakla menneskesyn! Her syner ein null toleranse for folk som ikkje finn seg til rette i den offentlege skulen. Framstegspartiet vil at alle skal få moglegheita til sjølv å velje skule gjennom eit stykkprissystem. I dag er det berre dei rikaste som har denne valfridomen. Vi vil at alle skal ha den.

Når Jonas Gahr-Støre samanlikna ein avisredaktør som hadde trykt teikningar av profeten Muhammed i avisa si med valdlege pøblar i Midtausten stod FrP fast på at ytringsfridomen var viktigare enn å blidgjere religiøse fanatikarar.

Dei raudgrøne forfektar eit menneskesyn der einskildindividet er underlagt staten. Dette kjem til uttrykk gjennom til dømes bu- og driveplikta. Her vert individet redusert til ein reiskap i statens jarnneve i kampen mot fråflytting frå distrikta. Dette er ikkje berre dårleg distriktspolitikk, men og moralsk forkasteleg!

Vi meinar og at staten skal ta vare på dei som ikkje har moglegheita til å ta vare på seg sjølv, men vaksne og arbeidsføre menn og kvinner bør so langt som råd finansiere sitt eige livsopphald. Dette er bakgrunnen for at vi vil styrke eldreomsorga og helsevesenet, samstundes som vi meinar at kunstnarar og avisredaktørar bør klare seg utan statsstøtte.

På den nyskipa nettstaden kulturkampen.no, ei støtteside for dei raudgrøne, kan vi lese at kultureliten kjem med følgjande påstand: ”Folk flest vet ikke best, det har vi aldri gjort og kommer aldri til å gjøre.” Eg kjenner meg trygg på at det er Framstegspartiet, og ikkje dei raudgrøne, som står på den moralske høggrunnen og har det beste menneskesynet.

Oddvar Reiakvam
Ungdomskandidat
Sogn og Fjordane FrP