Viser arkivet for stikkord mongstad

Det store miljøSViket

Den globale oppvarminga er vår tids største utfordring. Venstre vil ta steget over i lågutsleppssamfunnet og gjere Noreg om til ein føregangsnasjon på klimaområdet.

Mange av oss var særs uroa då dei raudgrøne kom til makta etter valet i 2005. Med det ideologiske utgangspunktet til dei tre nye regjeringspartia (eller for somme: Mangelen på dette) stod det klart at Noreg no ville verte ført i ei anti-liberal og lite nyskapande retning. Men på eitt område var det likevel mogleg å ikkje vere fullt så uroa: Klima og miljø. Rett nok er Arbeidarpartiet verste guten i klassen på dette området – og Senterpartiet kunne knappast brydd seg mindre – men det var von om at i det minste SV ville våge å styre den raudgrøne skuta i klimavenleg retning. Partiet har jo gjennom åra i opposisjon markert seg som eit standhaftig og progressivt miljøparti. Vonbrotet var difor desto større då det synte seg at eit samla regjeringskollegium har gjeve blanke blaffen.

Lat meg først slå fast utgangspunktet til regjeringa: Dei raudgrøne har reint fleirtal og kan gjere akkurat kva dei vil på Stortinget. Vidare har dei hatt meir pengar til rådvelde enn noka anna regjering i norsk historie – dei enorme krisepakkane kjem i tillegg. Og sist men ikkje minst: Dei har hatt meir kunnskapar om klimaendringane enn noka anna regjering. Lat meg vidare slå fast fasiten: Norske klimautslepp har aldri vore høgare enn under dei raudgrøne, og dei har aldri auka meir enn i inneverande regjeringsperiode.

Kvar på vegen gjekk det gale? Den første feilen SV gjorde var nok å gå til sengs med Ap og LO – den mest daudbringande kombinasjonen i norsk klimapolitikk. Vidare er det sjølvsagt slik at SV har vunne nokre miljøslag gjennom dei siste fire åra. Problemet er berre at tapslista er så mykje, mykje lengre.

Det mest openberre sviket er sjølvsagt «månelandinga» på Mongstad. CO2-reinsing av gasskraftverket skulle vere på plass frå dag éin – lova SV på tru og ære. Planen er no utsett til dag eittusenfirehundreogtrettiéin, om den ikkje vert utsett på ny. Planane om reinsing på Kårstø vart utsett i same handvending. Og når ein først er inne på CO2-utslepp: Dei kvotene Noreg faktisk har til overs har regjeringa no gått inn for å selje til andre land – slik at dei totale utsleppa ikkje går ned. Kvotene burde i staden vore sletta.

Mange har fått det verre under den raudgrøne regjeringa, men éin industri har levd livets glade dagar: Oljeindustrien. Regjeringa har rundhåna delt ut 178 leiteløyve til oljeselskapa, noko som er ein solid noregsrekord. Dessutan har dei sårbare havområda i Barentshavet og utanfor Jan Mayen for første gong vorte opna for petroleumsindustri. Dette kjem på toppen av regjeringa (Statoil) sine investeringar i det ekstremt forureinande oljesandprosjektet i Canada.

Av plassomsyn vil eg til sist nøye meg med å nemne skrinlegginga av 9 av 10 vindmølleprosjekt, motstanden mot etablering av ei ordning med grøne sertifikat – som ville sett fart i utviklinga av fornybar energi – samt utsetjinga av Ringeriksbana – som ville korta ned reisetida mellom Oslo og Bergen med ein time og lagt grunnlaget for høgfartsbane. Og sist, men ikkje minst: Klimaforliket på Stortinget, der SVs Inga Marte Thorkildsen fekk i oppgåve å prute ned Venstre, KrF og Høgre sine ambisiøse og klimavenlege framlegg, til føremon for regjeringa sitt stusselege førsteutkast. Heldigvis fekk vi pressa regjeringa til å vedta meir ambisiøse mål og konkrete tiltak enn dei først kom med.

Alt er likevel ikkje heilsvart. Den 9. juli vart det gjeve finansiering til opninga av 4 nye vindmølleparkar. Dette er veldig bra! Det skal likevel seiast at finansieringa ikkje kom på plass før regjeringa fekk ei finanskrise i fanget som gav høve til å dele ut meir midlar. For øvrig vart det gjeve finansiering til heile 16 vindmølleparkar under førre Venstre-regjering.

Denne mangelen på miljøsatsing er ein av dei viktigaste grunnane til at Noreg treng ei ny regjering, ei regjering som vågar å ta klimautfordringa på alvor og å ta radikale grep i miljøpolitikken. Ei slik regjering får ein berre med eit stort Venstre. Kan vi likevel hevde å ha meir truverde enn SV i miljøpolitikken? Ja, det vil eg definitivt seie. Venstre har tidlegare synt at vi er viljuge til å setje regjeringsdeltaking på spel i viktige miljøsaker. Vi har tidlegare gått av på grunn av forureinande gasskraftkraftverk (sentrumsregjeringa, år 2000), og vi seier nei til å sitje i ei regjering som opnar for oljeverksemd utanfor Lofoten og Vesterålen. I tillegg har våre føretrukne samarbeidspartnarar Høgre og KrF synt seg å vere langt meir miljøvenlege enn Arbeidarpartiet, sist gjennom klimaforliket i Stortinget. I alle tilfelle vil Venstre aldri selje miljøsjela si for å klamre seg fast til statsrådslimousinane. Det er meir enn ein kan seie om SV.

Miljø- og klimapolitikken er for viktig til å la dei raudgrøne administrere landet i fire nye år. Difor vonar eg du vil gje meg og Venstre høve til å ta dei grepa som må til i neste stortingsperiode.

Gunvald Ludvigsen
Stortingsrepresentant og 1. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre