Viser arkivet for stikkord natur

Føre-var-prinsippet.

Avisa Firda flaggar nei-standpunktet sitt til fjorddeponi på nytt i leiaren i avisa i dag (7/2). Eit nei-standpunkt dei byggjer på føre-var-prinsippet. Kan vi bruke føre-var-prinsippet i denne saka? Kva er eigentleg føre-var-prinsippet?

I 2005 vart det gjort ein grundig gjennomgang av føre-var-prinsippet. Rapporten “The Precautionary Principle” vart utarbeida av UNESCOs World Commision on the Ethics of Scientific Knowlegde and Technology (COMEST). Nordmannen Matthias Kaiser leia arbeidet.

COMEST definerer føre-var-prinsippet på denne måten:

Når menneskelig aktivitet kan føre til moralsk uakseptabel skade som er vitenskapelig sannsynlig men usikker, skal tiltak gjøres for å unngå eller minske skaden. Moralsk uakseptabel skade vil si skade på mennesker eller miljø som

  • truer menneskers liv eller helse, eller
  • er alvorlig og i praksis uopprettelig, eller
  • er urettferdig mot nålevende og framtidige generasjoner, eller
  • utøves uten tilstrekkelig hensyn til rettighetene til de som rammes.

Eit søk på Internett gir oss raskt litt meir kunnskap om føre-var-prinsippet. Eg siterer:

Bedømmelsen av sannsynlighet bør tuftes på vitenskapelig analyse. Analyser bør foretas fortløpende, slik at valgte tiltak kan revideres.

Usikkerheten kan gjelde – men trenger ikke å avgrenses til – årsakssammenhenger eller omfanget av den mulige skaden. Tiltak bør stå i forhold til den mulige skaden, og til en vurdering av de moralske konsekvensene av handling og ikke-handling. (kjelde: Wikipedia)

Vidare kan vi lese at føre-var-prinsippet skal brukast når

  • det eksisterer stor vitenskapelig usikkerhet,
  • scenarier eller modeller basert på vitenskapelig resonnement viser at skadevirkninger er mulige,
  • de mulige skadevirkningene er uopprettelige eller alvorlige for nålevende og kommende generasjoner, eller på annen måte moralsk uakseptable
  • effektive mottiltak vil være betydelig vanskeligere eller mer kostnadskrevende på et seinere tidspunkt.

Med bakgrunn i dette meiner eg det er feil å bruke føre-var-prinsippet som grunnlag for å seie nei til fjorddeponi. Det eksisterer ikkje grunnlag for å seie at deponiet vil gje “moralsk uakseptabel skade”. Det er ikkje vitenskapleg sannsynleg at slik skade vil oppstå. Havforskningsinstituttet har innvendingar til det arbeidet DNV har gjort, men er det nok til å slå fast at det er vitenskapeleg sannsynleg at moralsk uakseptabel skade på fjorden vil oppstå? Er deira innvendingar nok til å slå fast at det eksisterer stor vitenskapeleg usikkerheit? Deponiet vil ikkje true menneskeleg liv og helse. Det vil ikkje føre til uopprettelege skadar på fjorden. Etter at deponeringa stoppar, vil livet i fjorden i deponiområdet gradvis ta seg opp att. Fisken kan finne seg nye gyteområde.

Dersom ein set skadepotensialet opp mot dei relativt store samfunnsnyttige verdiane, blir det feil å seie nei til deponiet.


Bakgrunn
Føre-var-prinsippet.
The Precautionary Principle
Føre-var-prinsippet.

  • 29.09.2013 — Trollfingrar like ved Bekkjavatnet, ved vegen ned til Hunsrasta.
  • 29.09.2013 — Sjur har kome med vinterveden.
  • 29.09.2013 — Bekkjavatnet ei Perle.
  • 29.09.2013 — Morgonskodde og samstundes sol over Førde.
  • 29.09.2013 — Knutelid, paradiset vårt, hytta ved Vonavatnet.

Har Førdefjorden ingen verdi?

Igjen kan vi lese eit innlegg i Firda(10.04.2013) frå nokon i Sogn og Fjordane som ikkje ser verdien av Førdefjorden. Ikkje berre er han i utakt med folket(ref:undersøking gjort av Nationen), men og med eiga regjering og Føre-var-prinsippet.

Mineralstrategien som regjeringa nyleg har lagt fram er eit godt reiskap for kartlegging av ressursar, og fornying av mineralnæringa. Her skal det mellom anna forskast på meir miljøvenleg teknologi for handtering og minimering av restavfall, og på teknologi for å redusere bruk av kjemikaliar. Regjeringa tek med denne strategien mål av seg til å gjere Noreg til eit av dei verdsleiande landa på miljøvenleg gruvedrift.

Her er i ligg problemet med prosjektet på Engebø. Dette prosjektet legg slett ikkje opp til å gjere dette på best mogeleg måte for miljø, natur, folk eller eksisterande næringar. Mineralstrategien opnar heller slett ikkje for sjødeponi i Førdefjorden slik enkelte hevdar. Referert frå mineralstrategien: ” Det er ikke mulig å angi på generelt grunnlag hvilken type deponering som er miljømessig mest forsvarlig. Hvilken deponeringsløsning man bør velge må vurderes konkret i hvert enkelt tilfelle….Valg av deponiløsning må avgjøres på bakgrunn av en grundig og faktabasert vurdering av påvirkning på naturmiljøet, kostnader og mulige konsekvenser for annen næringsvirksomhet og andre interesser.”.

Når MD so finn faktagrunnlaget i søknaden ufullstendig, og alle faglege høyringsinstansar peikar på manglar, kva gjer dei? Jau dei krev utgreidd manglane, for å kunne gjere ei grundig og faktabasert vurdering. Kva anna kunne dei gjere? Dei kunne sjølvsagt sagt nei. Hadde vi vore nøgd då?

Til slutt i lesarinnlegget står der å lese fyljande: ”Prosjektet toler ikkje vidare utsettingar og ørkenvandring utan at det blir gitt eit konkret svar”. Nei det skulle eg meine. Men toler Førdefjorden eit ja til oppstart av dette prosjektet? Toler vi eit ”Ørkenprosjekt” i Førdefjorden? Alle faglege råd går imot, men nokon veit altso betre?

Prosjektet på Engebø er ikkje godt nok utreda, slik er det berre. Og det vert ikkje betre enn kor mange fråsegner, lesarinnlegg eller årsmøtevedtak nokon måtte ha. No må vi slutte å kalle ein spade for noko anna enn ein spade. Vi får avvente til resultata av dei supplerande utgreiingane ligg føre, og skulle dei vise at konsekvensane vert negative for fjorden so forventar eg at regjeringa og MD seier nei til prosjektet. Ganske enkelt fordi:

Naturen og miljøet har ein verdi! Folket og næringane langs Førdefjorden har ein verdi! Og ikkje mist, Førdefjorden har ein verdi!

Vakker mandag i Hyllestad. Nydelig påskevær.

Deponi-ja på sviktande grunnlag

Senterpartiet og partileiar og kommunalminister Liv Signe Navarsete flaggar på fylkesårsmøtet at partiet går inn for å la Nordic Mining utvinne mineral frå Engebøfjellet i Naustdal. Det er enno ikkje kome ei avgjersle frå regjeringa, men mykje tyder på at avgjersla ikkje kjem før etter valet til hausten. Dette er eit tiltak som er svært omstridd. Striden står i hovudsak rundt alternativa for dumping av store mengder restmassar frå ei eventuell rutil-utvinning i Engebøfjellet.
Riktig nok vedgår Navarsete at ein må ta miljøomsyn og ikkje øydeleggje Førdefjorden som har status som nasjonal laksefjord. Men ho innrømmer likevel at ein må tole ”nokre” minussider knytt til å ha eit sjødeponi. Retorisk seier då ho at dersom vi ikkje hadde vore viljuge til å tole nokre minussider, så hadde vi ikkje hatt oljeverksemd eller fiskeoppdrett. Dersom ein ikkje aksepterer minussidene, så blir det ingen mineralnæring i Noreg. Underforstått, det er berre å køyre på for fleire arbeidsplassar. Konsekvensane er ikkje så nøye. Det har vore kjent at både Arbeidarpartiet og Framstegspartiet er tilhengarar av sjødeponi, og seinast i førre veke målbar Bjørn Lødemel og Høgre sitt ja-standpunkt, og argumentasjonen er den same. Og kva er det då som gjer at dei er så skråsikre på at dei har kome til rett konklusjon? I realiteten så har dei ikkje teke inn over seg motsegna frå Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet sine bekymringar kva følgjer dette vil få, og heller ikkje fleire motsegner frå ulike personar og fiskenæringa som held til i Førdefjorden.
Det einaste grunnlaget ja-sida baserer seg på, er Norsk institutt for vannforsking (NIVA) som Nordic Mining har hyra som konsulent, og i deira uttale går dei riktig nok for deponi, men rapporten gjev ikkje like eintydige svar på kva konsekvensane blir. Som fagleg grunnlag er dette svært svakt sidan ikkje fleire instansar har gjeve si godkjenning. Det syner at ja-sida er nokså selektiv i kva dei vil leggje til grunn for sitt standpunkt. Ei anna side er at Navarsete hevdar at Senterpartiet har stått samla om dette standpunktet. Det er ei sanning med sterke modifikasjonar. Riktig nok har Naustdal Senterparti halde ja-fana høgt i denne saka og gjekk så langt i si grunngjeving i fråsegna på fylkesårsmøtet om å støtte gruvedrift og deponi med å kome med ei tvilsam samanlikning av Førdefjorden med Brulandsvellene som eit månelandskap, og at deponi soleis kan aksepterast. Men seriøst, er det rett å samanlikne brakklegging av Førdefjorden med Biltema o.l på Bruland i Førde? Rett nok er jordvernet i Førde eit lite verdifullt stykke arbeid, og sjølvsagt burde ein ikkje nytta matjord til parkeringsplassar, men å tru at dette kan samanliknast med ein næringskjede og eit økosystem i ein fjord?
Dette står i sterk kontrast til partilaget Førde Senterparti, som i 2010 støtta ei felles fråsegn vedteken i bystyret om at Førde kommune vil avise deponi, fordi faktagrunnlaget er for tynt. Dette heng ikkje i hop med realitetane.
Ei tredje moment i denne saka faktisk det store omfanget av gruvedrifta. Det skal kunne gravast ut seks millionar tonn masse som skal knusast og 95% eller meir skal dumpast i fjorden. Resten, altså høgst 300000 tonn rutil, for det meste titandioksid, skal vinnast ut og seljast på verdsmarknaden. Iallfall så lenge prisane er gode. Titandioksid inneheld ca 60% titan, og enkelte debattantar har lagt fram visjonar om titanproduksjon og industriarbeidsplassar. Då kunne kanskje førekomsten vare i eit par hundre år i staden for 50. Men målsettinga for gruveselskapet er å tømme fjellet for mineral på kortast mogleg tid og dumpe avfallet i fjorden blanda med kjemikaliar. Dette er noko som ikkje har vore prøvd ut. Det har vore føreslått å overvake utsleppa. Men sjølv det er ein risiko, og skulle konsekvensane bli for omfattande, vil gruveselskapet redusere eller stogge drifta etter at millionane er investert?
Dette her er direkte uansvarleg det desse politikarane går inn for. Vil storting og regjering gå inn for at Noreg står i spissen i lag med dei få landa i verda som tillet avfallsdumping i sjøen og stå fram som ein miljøversting? Dette held ikkje, dei har eit ansvar og dette handlar om truverd. Ta til vet og sei nei til sjødeponi!

Sigbjørn Løland Torpe, leiar i Studentlaget i Natur og Ungdom ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Kronikk.

Drypp

Iskunst

Norsk straumkrise?

Vi har tilgang til nok energi i Norge og det er eit stort uutnytta potensial i energieffektivisering og energiattvinning. Det er naivt å tru at vi kan vera Europa sitt grøne batteri. Norge kan ikkje på langt nær bidra med så mykje grøn energi som kraftbransjen og styresmaktene gir inntrykk av. Sjølv om vi eksporterar heile vår produksjon av elektrisk kraft vil dette berre dekkje rundt ein halv prosent av Europa sitt behov for energi.
Alternative måtar å løyse energi- og effektproblem vert ikkje seriøst vurderte, heller ikkje potensialet for energieffektivisering. Nye utbyggingsprosjekt ser ut til å vera det einaste tiltaket..

Store deler av norsk natur er i ferd med å bli rasert. Mange vakre naturperler har alt gått tapt. Viss alle dei omsøkte planene for vindkraft i Sogn og Fjordane blir godkjente, vil hurtigruta, verdas vakraste sjøreise, berre få 15 minuttar utsikt fri for store naturinngrep i fylket!
Skal vi vera Europa sitt grøne batteri eller Europa si grøne lunge?
Sogn og Fjordane fylke planlegg, i tråd med vedteken reislivsplan, ei satsing på berekraftig turisme. Samtidig er ein viljug til å godta ei kraftig nedbygging av naturen i fylket. Dette er motstridande mål som ikkje let seg sameine.
Den storstila kraftutbygginga som pågår er å setja inn klimatiltak som øydelegg den naturen vi eigentleg vil ta vare på. Vi krev difor at det i samband med energitiltak vert teke større omsyn til natur, landskap og friluftsliv. Norsk natur er alt i stor grad prega av naturinngrep knytt til kraftproduksjon og -distribusjon. I tillegg er nye store tiltak planlagde som også vil krevja nye store naturinngrep. Til og med villmarksprega område vert tekne i bruk.
Alt dette er politikk du kan vera med å styre ved valet!.

Forum for natur og friluftsliv Naturvernforbundet Sogn og Fjordane Turlag
Sogn og Fjordane Sogn og Fjordane
Einar Skram Husabø Thorleif Jakobsen Marino Ask

Landbruk og utvikling i Naustdal

Naustdal er ein tradisjonell landbrukskommune, men har som mange andre vestlandskommunar dei siste åra hatt ein kraftig nedgang, spesielt i tal mjølkeprodusentar. Tal landbrukseigedomar i drift i Naustdal har og hatt ei negativ utvikling. Dette har føljer for tilboda til dei som framleis driv. Kulturlandskap forfell som ein konsekvens av nedgang i beitedrift, samstundes som dyrkamark gror att og får konsekvensar for bu og driveplikt. Landbruket har dei siste åra opplevd stadig nye regelendringar og krav til kvalitet, produksjon og utstyr. Stønadssystem og tilskotsordningar til nyinvesteringar og ombyggingar har ikkje vore tilstrekkeleg til at småbruka på vestlandet har klart dei store omstillingane. Busetting og utvikling i distrikta har historisk sett hatt nær tilknyting til primærnæringane landbruk og sjøbruk. Skal Naustdal auke busettinga i bygdene, treng vi ei satsing som aukar dei økonomiske rammene, men ikkje minst interessa for å drive desse bruka.

Attåtnæring til landbruk er eit nyttig verkty for å sikre eit økonomisk grunnlag for drift av småbruk i distrikta. Nokre viktige områder som Naustdal har gode føresetnader for å dra nytte av er reiseliv og opplevingsbaserte næringar. Vi har t.d Nausta som nasjonalt laksevassdrag, Førdefjorden som nasjonal laksefjord, landskapsverneområdet Naustdal-Gjengedal og mindre verne områder over heile kommunen. I tillegg har Naustdal ein fantastisk langstrakt geografi som strekk seg frå fjell til hav. Naustdal har store nasjonale og internasjonale natur og miljøkvalitetar, noko vi kan bygge merkevare på.

Fleire mindre konstellasjonar av grunneigarar, og enkelt personar sit med gode idear og tankar om kva dei vil drive med. Nokon driv med ulike formar for attåtnæring i dag, enkeltvis eller i samarbeid med andre. Mange små einingar kvar for seg kan gjerast til eit robust nettverk av ulike og varierte tilbod som kan dra nytte av kvarandre. Naustdal kommune har starta opp eit primærnæringsprosjekt, som mellom anna har til formål å hjelpe fram desse tankane og ideane til drivverdige prosjekt. Prosjektet i regi av kommunen bør vere starten på eit løft for landbruket i Naustdal, men då må kommunestyret fylje det opp og legge til rette for auka omstilling og nyskaping. Kommunebudsjettet er ikkje rusta til åleine å greie dette løftet, men ein aktiv politikk for å legge til rette, og å hente inn ekstern stønads- og prosjektmidlar er ein minst like viktig utløysande faktor.

Naustdal SV vil og jobbe for ei auka satsing på økologisk landbruk i Naustdal kommune. Det er pr. i dag 4-6 økologiske bruk i kommunen. Denne næringa burde kunne vekse kraftig i Naustdal, noko som er eit mål for SV. Økologisk landbruk er ein meir skånsam måte å drive landbruk på for dyr, natur og miljø, og burde soleis vere eit utmerka satsingsområde for ein kommune med store verna areal og nasjonale naturverdiar. Naustdal SV vil jobbe for å auke talet økologiske landbruk innan 4 års perioden. I dette ligg der og ei auka satsing på kunnskapsdeling og marknadsføring av temaet i kommunen, og mot eksterne aktørar.

Målet med desse tiltaka er å gjere det attraktivt for tilflytting, omsetting av eigedom, ny drift på fråflytta og nedlagde bruk, samstundes som ein vil legge eit grunnlag for nyinvesteringar i bruk som vert drive marginalt i dag. Bygdene i Naustdal har store utviklings mogelegheiter om nokon tek ansvar og dreg lasset. Det brenn vi etter å gjere. Etter 8 år med representasjon i komité for landbruk teknikk og miljø(KLTM), søkjer vi i Naustdal SV å styrke vår posisjon for å kunne realisere mange av tankane vi har gjort oss, og prosjekta vi veit ligg i skuffer og skåp rundt om i kommunen. Naustdal har store natur- og miljøkvalitetar som storsamfunnet har sett pris på i form av vern og avgrensing av tekniske inngrep. Dette må Naustdal nytte til sin fordel, og skape aktivitet og utvikling rundt desse verdiane. Naustdal SV vil aktivt jobbe opp mot sentrale styringsmakter for å auke stønadsordningane og rammebetingelsane for ”Vestlandsbruket”.

Set oss i stand til å løfte landbruket i Naustdal, gjere det framtidsretta og bærekraftig, samt å skape utvikling rundt naturkvalitetane i kommunen. Stem Naustdal SV 12.september.

Ole Erik Thingnes
Ordførarkandidat for Naustdal SV

Mitt bilde fra Kråkenes i en konkurranse - stem og jeg blir glad!

Jeg elsker å ta bilder, og var i Vågsøy og Kråkenes for noen år tilbake. Her tok jeg mange bilder av den flotte og værutsatte plassen. jeg er med i en konkurranse med bildet mitt som viser Kråkenes i solnedgang. Jeg håper inderlig at dere vil stemme på meg! På forhånd, takk.
Klikk på linken under og dere kommer til bildet mitt, trykk på hjertet for å stemme :-)

Mitt bilde fra Kråkenes

11. september 2001 - 11. mai 2011

Vi takkar siviløkonom Øystein Djupvik, Naustdal for hans debattinnlegg 4. mai 2011. Her skriv han om sideavtala som ikkje inneheld stor kompensasjon for miljø-, omdøme-, og samfunnsrisiko. Avtala bør avvisast, seier Djupvik. Dette er vi einig i. Det første tilbodet er ikkje det beste, har han også sagt. Administrasjonane i kommunane har gjort ein grundig jobb. Men kva med den politiske prosessen? spør Longvarstøl 28. april. “Kritiske refleksjonar frå sentrale politikarar har vore fråverande, på grensa til det pinlege. Politikarar har også plikt til å vere advokatar for miljøet, ikkje berre for næringslivet”, seier Longvarstøl. Fjordvegen Førde- Stavang er ein av Noregs vakraste. Fjordane her vest ligg på Unescos verdsarv- liste og har vore fleire gonger kåra til verdast fremste reisemål. Så her må ein gå varsamt fram og vere føre- var på kva ein tillet av satsingar.

Bodnariu og Håland, Redal ved Magny Rose Håland

Kven vil vel ha ei monstermast i hagen?

I det siste har det vore både oppslag og lesarbrev om kvar monstermastene ikkje bør kome, og vi er heilt samde med alle. Ingen av desse plassane bør linja kome! Den treng ikkje kome på nokon av stadane om styrande mynde er villege til å løfte blikket og sjå på andre alternativ.
Men har det vore utført reelle utgreiingar om alternative løysingar?

Naturvernforbundet har vore klar på at denne linja vil vi ikkje ha, for vår del handlar det ikkje om at berre den er ute av synet, så er det ok. Monstermastprosjektet frå Fardal til Ørskog er det største naturinngrep som er planlagt her i fylket. Likevel er styrande energimynde ikkje villeg til å sjå på andre måtar å løyse dette på.

Ap-Støyva og Lo-Langeland hadde i eitt innlegg for ei tid tilbake to argument for linja. Utbygging av Vindkraft og småkraft. Samstundes argumenterte dei for elektrifisering av sokkelen. Desse vindmøllene langs kysten treng då vel ikkje ei nord-sør linje for føre straum til plattformene vest i havet!

Og då sit ein altså igjen med at Monsterlinja skal byggast med hovudformål å løyse ut småkraft, og det må ein kunne påstå virkar nokså meiningslaust. Fylket produserer i dag dobbelt så mykje straum som vi brukar, så då får det våge seg om enkelte elvar får lov å renne fritt ei stund til.

Ein argumenterer for monsterlinja at den skal forsyne Midtnorge med straum, men finst det ikkje andre måtar? Kva om tilsvarande sum som det linja kostar vert nytta til enøk-.tiltak, og anna energiproduksjon i området. Dette er tiltak som kan setjast i verk straks, i motsetning til linja som vil ta mange år. Og skal det byggast vindmøller så bør ein i det minste kunne bygge vindmøllene der behovet er! Det bles vel litt vind nord om fylkesgrensa òg.

Ein registrerer såleis svært lite nytenking. Og når Støyva og Langeland snakkar om miljø, så handlar det mest om bygg ut, bygg ut, bygg ut! Og kanskje ikkje så rart at det er Støyva som argumenterer for linja – som styrer ein kommune som ikkje vert råka av toskeskapen. Han hadde vel ropt over seg han òg om linja hadde kryssa grensa inn til riket hans, slik ein anna ordførar gjorde, som er sterk tilhengar av linja.

Støyva og Langeland skriv vidare at skal ein lukkast med vindmøllesatsinga er ein avhengig av statlege løyvingar, og det er ikkje vanskeleg å forstå. Vindkraft er vel noko av det minst økonomiske energiproduksjonen som finst. Ein burde heller nytte desse midlane til stimulering av tiltak som svarar seg, og som ikkje utløyser behov for monsterlinje på tvers av heile fylket. Ei linje som forringar fjordfylket sin vakre natur og innbyggarar sin bukvalitet.
Dei som vil ha denne linja, vil ikkje dei heller ha ein monsterstolpe i hagen sin? Eg kan ikkje hugse å ha høyrt noko om det!

Vi treng ein ny energipolitikk som spelar på lag med naturen! Ein politikk som tek meir omsyn til naturen og fjordfylket sine innbyggarar. Ein politikk som gjev ei noko anna energiretning! Naturvernforbundet bidreg gjerne her, og vi er slett ikkje åleine om det! Men kva politiske fora skal ein setje sin lit til, er vi meir usikre på! Kan ein til dømes vente noko av eit fylkesutval, der fleirtalet sit med så mange hattar at det slær gnistar når viktige vedtak skal takast? Vi kan då håpe, det er vel snart val òg!

Frå laksefjord til giftfjord

Gruveselskapet Nordic Mining vil dumpe fleire millionar tonn med giftig steinstøv i Fjørdefjorden, ein av våre nasjonale laksefjordar. Natur og Ungdom meiner at dette er ei katastrofe for det biologiske mangfaldet. Avfallet frå gruvedrifta i Engebøfjellet vil drepe alt liv på botnen av fjorden, og det vil få store konsekvensar for resten av økosystemet i og ved fjorden.
Nordic Mining vil lage et deponi i Førdefjorden, der dei skal dumpe giftig steinstøv som kjem frå gruvedrifta. Heile 97-98% av det dei skal ta ut av Engebøfjellet vil faktisk hamne i fjorden. Utan nokon garanti for at det vil halde seg der eller om fjorden nokon gang vil få tilbake det rike dyrelivet som den har i dag. Men det er ikkje berre miljøet som vil tape på dette. Innbyggjarane i Vevring må belage seg på støy døgnet rundt og gift i lufta som er til dels kreftframkallende. Nokon vil også bli tvangsflytta frå familiegarden sin som dei har levd på i generasjonar. Prisen ein må betale er altså utrydding av alt liv på botnen av fjorden og mogleg spreiing av giftig steinstøv til resten av fjorden. Det vil og bli uana konsekvensar for resten av økosystemet i tillegg til støy, luftforureining og tvangsflytting. Dessutan er naturen i området verdifull og uerstatteleg. Ein gamblar ikkje med så dyrebar og unik natur!
Rutilutvinninga er ikkje noko som vil utvikle eller gje liv til bygda. Det er ikkje noko som vil få fleire innbyggjarar til fylket og det er ikkje noko som vil gje “framtidsfylket” ei betre framtid. Heller tvert om. For kva skjer når gruva er tom, fjorden er død og lufta er forureina? Kva skal min generasjon gjere om 50 år når ein treng nye næringar i fylket, og vi finn ut at ressursane er tappa eller øydelagt? For det er det Nordic Mining vil gjere. Øydeleggje ressursane i fylket som vår generasjon også kan dra nytte av. Ressursane som er bærekraftige og har ei framtid. Eg trur at viss politikarane opnar for rutilutvinning i dag, vil vår generasjon i morgon få det vanskelig med å halde folk i fylket og ikkje minst få fleire til å flytte hit. Ingen vil bu i “giftfylket” der du får kreft av lufta og vatnet og fisken i fjorden er blitt utrydda av giftig steinstøv. Så eg ber politikarane om å tenkje seg om ein gang til før dei sel unik natur for arbeidsplassar. For eg trur det er ein dårlig deal.
Nordic Mining må stoppast i planane sine, og det heile er opp til politikarane. Folk må gjere noko aktivt for å påverke i denne saken. For viss skaden blir gjort, vil kanskje ikkje vår generasjon sjå den dagen den blir retta opp. Denne usikkerheita er grunn nok til å stoppe dette prosjektet som vil rasere ein unik og dyrebar fjord. Skadane som vil bli påført fjorden og fylket, vil vere enorme og langvarige. Vi vil ikkje at Førdefjorden skal gå frå å vere ein nasjonal laksefjord til å bli ein nasjonal giftfjord. Stopp rutilutvinninga!

Sondre Nave, 1. nesteleiar Sogn og Fjordane Natur og Ungdom

Lokalt Naturmangfald - Svar til Fossum

Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, svarte i Firda 11. mars på innlegget mitt om lokalt naturmangfald. Fossum skreiv at Natur og Ungdom har misforstått omgrepet naturmangfald. Det er tydeleg fleire mistydingar ute og går.

Ei lang rekke lag, forskarar og miljøorganisasjonar kjem med kraftige åtvaringar mot den planlagde gruvedrifta i Vevring. Drifta vil føre til eit enormt naturinngrep, og har ein høg risiko for å øydelegge Førdefjorden.

Fossum brukar konsekvensutgreiinga (KU) som dokumentasjon på at gruveprosjektet i Engebøfjellet er utan fare for naturmangfaldet i Førdefjorden. At gruveprosjektet vil vere miljømessig trygt og langsiktig utan konsekvensar for verken raudlisteartar eller andre artar. Dette stemmer ikkje. KU er ikkje ferdig, og kan ikkje reknast som eit bevis for at økosystemet i fjorden ikkje vil bli påverka av fjorddeponiet. Fleire forskarar anbefalar vidare utredningar på mange område.

Norsk fjordlandskap er for andre gong blitt kåra til eit av dei beste reisemåla i verda. Vevring er eit kreativt og livleg bygdesamfunn, og ligg ved ein av dei reinaste og flottaste fjordane i landet. Eg tykkjer det er naivt og ulogisk å tru at gruvedrift og fjorddeponering vil vere miljøvenleg på den måten det er lagt fram. Lokalpolitikarane står ovanfor ei stor avgjerd. Kor mykje risiko for øydelegging av miljøet vil de godta? Gruveindustri der ein risikerar å øydelegge Førdefjorden for all framtid, eller ei fornybar satsing der ein tek vare på naturmangfaldet og livet i bygda. Kva veg tyngst?

-Inger Fure Grøtting, Fylkesleiar i Natur og Ungdom

Lokalt naturmangfald

I følge FN sitt klimapanel, skjer tapet av naturmangfold 100 til 1000 gongar raskare i dag enn for 50 år sidan. Vi er godt ute i 2010, Naturmangfaldsåret til FN. Medan FN i år set inn ekstra innsats for å stoppe tapet av naturmangfoldet i verda, gjer lokalpolitikarane det motsette.

Førdefjorden er omtalt som ein av dei reinaste fjordane i landet, og er ein nasjonal laksefjord. På verdsbasis har artar dødd ut til alle tider, men i dag skjer tapet av naturmangfold i eit ekstremt høgt tempo. I vårt eige land står nesten 4000 artar i fare for å dø ut. Nokre av desse raudlisteartane lever i vår eigen Førdefjord.

Det er utruleg mange grunnar for å hindre Nordic Mining til å starte gruvedrift i Engebøfjellet, og stoppe dei med å dumpe avfall i fjorden. Ein av dei er det rike og flotte naturmangfoldet vi har. Om FN skal klare å stoppe tapet av naturmangfold, er det på tide å byrje med vårt eige lokalsamfunn. Slutt å prat, og start å gjere handlingar!

- Inger Fure Grøtting
Fylkesleiar i Natur og Ungdom