Viser arkivet for stikkord naturvernforbundet

Tonnevis av tungmetall i Førdefjorden

Nordic Mining søkjer om å få sleppe ut 6.5 tonn tungmetall og 10 tonn kjemikaliar i 16.500 tonn gruveslam i Førdefjorden, kvar einaste dag i 50 år. Alt dette for å hente ut eit par prosent av det helsemessig kontroversielle kvitingsmiddelet titandioksid.

Titania AS i Rogaland leverer 7-8% av verdsproduksjonen av titandioksid frå ein større og langt rikare førekomst enn på Engebø, og har sidan 1980-talet lagt restmassen i landdeponi, pålagt av SFT fordi utsleppt masse ikkje låg i ro slik saksdokumenta sa, men spreidde seg, nedslamma og gjorde stor skade på Jøssingfjord og seinare i Dyngadjupet.
For 4 år sidan vart det gjeve løyve til utslepp av gruveavfall i Bøkfjorden ved Kirkenes, og det vart lova moderne metodar og miljøvenlege løysingar. No er også Bøkfjorden nedslamma. Allereie første året spreidde gruveslammet seg 7 km lenger ut i fjorden enn omsøkt deponiområde i følgje rapport frå NIVA (Norsk institutt for vannforskning), slik at fjorden allereie etter kort tids utslepp framsto som sterkt skada. Seinare er det ikkje offentleggjort fleire undersøkingar.

Blankofullmakt til forureining?
No ligg saka om mineralutvinning i ope dagbrot på Engebøfjellet og store utslepp til Førdefjorden, på regjeringa sitt bord. Snart skal Fiskeri- og Miljøministrane uttale seg til Kommunalminister Sanner, som skal avgjere saka, sjølv om Nordic Mining enno ikkje har lagt fram endeleg utvinningsprosess, slik dei skreiv til Naustdal at dei skulle gjere i løpet av 2010. Ny informasjon frå NIVA viser no behov for 6-9 gongar meir av kjemikaliet Magnafloc enn det står i søknaden, utan at søknaden er endra, og det er sterke indikasjonar på behov for å male ned massen enno meir, slik at det blir meir finstoff som kan spreia seg enno lenger ut enn det som hittil er vurdert. Dette tyder på lite kontroll med prosessen og korleis massen vil oppføre seg i fjorden.
Ei avgjerd på så mangelfullt grunnlag vil vere ei gullkanta blankofullmakt for gruvedrift utan vilkår, som Nordic Mining kan selje på verdsmarknaden, men samtidig ei miljøkatastrofe for Sunnfjord.

Verdfulle mineralressursar skal dumpast som avfall
Nordic Mining vil dumpe nesten heile Engebøfjellet i Førdefjorden som finknust og kjemikalieblanda gruveavfall. Førekomsten er på fattige 2-4 %, og Nordic Mining stiller som føresetnad for prosjektet at dei får dumpe resten i sjøen, då det er billegast for selskapet. Samtidig er restmassen ein verdifull mineralressurs som kan brukast til mange samfunnsnyttige formål, og som ikkje bør bli behandla som avfall. Det ein ikkje får brukt til andre formål i fyrste omgang, kan ein fylle attende i gruva under drift, for seinare bruk, dersom det blir brukt underjordsdrift i staden for dagbrot.

Skal 2352 tonn tungmetall og 3650 tonn kjemikaliar bli sleppt i Førdefjorden kvart år?
Nordic Mining skriv at avfallet inneheld relativt lite tungmetall, men for fleire av tungmetalla er konsentrasjonen i restmassen dobbelt så stor som naturleg i botn av fjorden. Sjølv om tungmetall finst naturleg i fjellet, blir situasjonen ein heilt annan når vi har finknust masse som blanda med ein kompott av kjemikaliar vert sleppt ut i fjorden. Då kan tungmetallet lekke ut og bli til stor skade. I andre gruveprosjekt er konsentrasjonen av tungmetall størst i den mest finknuste massen, noko som vil gjera tungmetalla enno meir tilgjengeleg for utlekking i fjordmiljøet. Dette er ikkje undersøkt av Nordic Mining.
Tungmetall har den eigenskapen at dei vanskeleg vert nedbrotne, vert akkumulert i næringskjedene, og kan skape forgiftingar og sjukdom. Kortidsverknaden er ein ting, men vi veit ikkje kva helsemessige kostnadar våre framtidige generasjonar kan verte påførte.

Innhaldet av tungmetall er oppgjeve i mikrogram pr gram gruveavfall, og då blir det små tal, men dersom ein reknar på kva dette vil seia for heile utsleppet, oppgjeve i tonn, så får ein tal som det er mogleg å forstå.
Kvar månad i 50 år vil Nordic Mining sleppe 195 tonn tungmetall og 300 tonn kjemikaliar i Førdefjorden, blanda i 500.000 tonn gruveslam.
Årleg vert utsleppet av tungmetall på 2352 tonn (112 kg kvikksølv, 445 tonn bly, 332 tonn kopar, 251 tonn nikkel, sink 1324), av kjemikaliar 3650 tonn og samla utslepp omkring 6 millionar tonn gruveslam. I løpet av 50 år vert utsleppet av tungmetall 117600 tonn og samla utslepp kring 300 millionar tonn gruveslam. Ubåten ved Fedje inneheld 60-70 tonn tungmetall, utan samanlikning elles.
Kjemikaliane som blir blanda med gruveslammet er 1200 tonn svovelsyre, 1000 tonn natriumsilikat, 1000 tonn fosforsyreesterar, 360 tonn karbonsyre og 15 tonn (det blir no antyda minst 90 tonn) Magnafloc 155 inkludert akrylamid i året. Av dette vil 600.000 tonn vere svevepartiklar under ti mikrometer, og 3000 tonn som nanopartiklar. TiO2 nanopartiklar kan ha stor giftverknad på det marine miljøet, men dette er ikkje vurdert i søknaden.
Sterke naturlege straumar er eit effektivt pumpesystem for næringsstoff og forureining
Vatnet i havet og fjordane heng saman. Golfstraumen kjem nordover langs kysten og pressar salt havvatn langs fjordbotnen heilt inn i dei innarste buktene av fjordane, det blandar seg opp i straumen frå elvane og går utover att i havet. Slik fungerer fjordane som eit pumpesystem der straum og tidevatn sikrar vassutskifting og fordeling av næring, men som på same vis vil kunne spreie den veldige finmassen, kjemikaliane og tungmetallet. I tillegg til at fjorden vert nedslamma av tungmetallhaldig finmasse, vil ein del også spreie seg ut av fjorden. Førdefjorden har låg terskel ved Svanøy, som saman med det svært tronge Ålesundet genererer betydeleg straum og god vassutskifting i fjorden, derfor er det også arts- og fiskerikt i fjorden i dag.

Skal ikkje lage Titan, men kvitt fargestoff til matvarar og maling
På nettsidene til Nordic Mining kan ein lese om utvinning av Titan til medisinske og andre høgverdige formål, men i søknaden skriv Nordic Mining om mineralutvinning til pigmentformål, dvs produksjon av kvitningsmiddelet titandioksid, TiO2 og det er noko heilt anna enn metallisk titan. Nordic Mining skreiv i 2010 under ein intensjonsavtale med det internasjonale pigmentfirmaet Chrystal Global med adresse Dei Arabiske Emiratar.
Titandioksid utmerkjer seg ved å kunne knusast til små partiklar, mange som nanopartiklar og får då sterk verknad som kvitt fargestoff. Det vert mellom anna brukt som matsminke, i kosmetikk og i maling, men det er helsemessig kontroversielt og relatert til kreftrisiko. IARC, som er FNs (WHO) kreftforskningorganisasjon, åtvarar mot bruk av Titandioksid, særleg i nanoform, dersom det kjem i kroppen via innpusting, ved matinntak eller gjennom huda som kremar og kosmetikk . Titandioksid blir kalla E171 når det blir brukt for å gjera matvarar kvite, som til dømes i nokre typar fiskebolle og sukkertøy.
I sommar var det åtvaringar i fleire norske media mot solspray fordi den inneheldt TiO2 og var kreftfarleg å puste inn. EU arbeider for mindre bruk av titandioksid og i land som Tyskland og USA er det forsking og merksemd på kreftfare og helserisiko ved stoffet.
Halvparten av titandioksidet i malmen går rett i fjorden med avfallsmassen og som nanopartiklar et det påvist giftig for sjølevande organismar.
Som nemnt leverer Titania allereie 7-8% av den totale verdsproduksjonen av titandioksid, og det er i prinsippet nok til å dekke heile verdsbehovet til produksjon av metallisk titan. Berre 4% av verdas produksjon av titandioksid går til produksjon av metallisk titan, mens 90% av blir brukt til produksjon av kvitt pigment.

Kan fylle restmasse attende i gruva under drift
Det er sterk internasjonal motstand mot gruvedrift i form av dagbrot, på grunn av dei enorme naturinngrepa som dette fører med seg. Difor arbeider mellom anna EU for ein overgang til konsekvent bruk av underjordsdrift. Med underjordsdrift er det fullt mogleg å fylle restmasse attende i gruva mens ho er i drift, og mange stader er det ei vanleg driftsform, som blir kalla gjenfyllingsbryting. Det er vesentleg vanskelegare å få til dette med dagbrot, slik det er planlagd på Engebø i mange år.

Er arbeidsplassar eit reelt argument?
Nordic Mining vil tene pengar på Engebøforekomsten og lokkar med 150 arbeidsplassar. Det ligg til alle folkevalde å tenkje på å sikre innbyggjarane gode levekår, også arbeidsplassar, men i saka om mineralutvinning på Engebø er arbeidsplassargumentet teke ut av sin samanheng. For det første øydelegg eventuelt gigantutslepp i Førdefjorden for ei rekkje allereie etablerte arbeidsplassar i fiskeri,- sjømat- villaks- og reiselivsnæringane, samt i ringverknadsnæringar, både no og i framtida.
For det andre har Sogn og Fjordane over tid hatt lågaste arbeidsløyse i landet og det er heller inga arbeidskraftreserve på Vestlandet. Venteleg vil arbeidskraft verte henta frå dei land der den er billegast.
Eventuelle gruvearbeidsplassar på Engebø medfører så stor risiko og gjev så store kostnadar for natur, miljø, næringar og samfunn, at prisen vert for høg.
Når Titania allereie leverer 7-8% av verdsproduksjonen av titandioksid og kan fortsetje å levere langt inn i framtida, er det ikkje samfunnsmessig nødvendig å utvinne dette stoffet også på Engebø, spesielt sett opp mot dei store miljøkonsekvensane ved denne gruva.

Vi ber regjeringa legge føre var – prinsippet til grunn og sikre god ivaretaking av det rike naturgrunnlaget i Førdefjorden, samt tilknytta næringar og slik sette standard for forvalting av fjordane og for miljø- og driftsforsvarleg mineralnæring i Norge.

Anne-Line Thingnes Førsund
Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe
Mads Løkeland
Medl. gruveutvalet, Naturvernforbundet

Haltbrekken truverdig? Kvifor ikkje?

Det er ganske imponerande korleis enkelte klarar å omgå realitetar når det gjeld eigne interesser. Haltbrekken truverdig? Havforskingsinstituttet fer med løgn, Klif handlar mot betdre viten, motstandarane svartmålar, miljøvernministeren er kriminell…..det er likso ikkje grenser for kva nokre får seg til å kome med når nokon talar dei imot.

Innlegget til Odd Frantzen i firda 01.07.2014 er kanskje litt av forklaringa på kva som gjekk gale under Naustdal kommune si handsaming av saka i 2011. Eg trur eg vel å kalle det “Strutsesyndromet”.

Kva er det som gjer deg so skråsikker på at fjorden ikkje kjem til å ta skade Frantzen? Og kvifor trur du næringar i Florø og omegn har kome med eit opprop der dei tydeleg går imot deponi? Næringar som årleg sysselset langt fleire personar enn Nordic Mining nokon sinne vil gjere. Næringar som omset for 10-15 gongar meir enn Nordic Mining nokon sinne vil gjere. Næringar basert meir eller mindre utelukkande på lokal arbeidskraft, og lokal leverandørar. Er desse på jordet også? Meiner du at politikarane i Naustdal kommune veit betre enn alle andre, forskarar og kunnskapsinstitusjonar inkludert? Naustdal kommune mot resten er kanskje ein god idè for nokre, men eg gjer dei dårlege odds.

Eg finn heile innlegget flaut, og ikkje politisk representativt(håpar eg!). Som tidlegare politikar i Naustdal kommune burde du vel kjenne saka betre enn du gjer uttrykk for her? Du var vel og ein av dei som stemde for reguleringsplan og utsleppsløyve 11.05.2011? Sjølv om verken straumforhalda var tilstrekkeleg utgreia, ferskvasskjelde konsekvensutgreidd, industriell prosess kjend(dvs at ingen veit kva kjemikaliebehovet vil verte ved drift), konsekvensar for sjøaure kjend, med innsigelse frå fiskeridirektoratet og ei røys til med kjende og ukjende faktorar. Korleis kan du då hevde at alle politikarar som har stemt for er sikre på at fjorden ikkje vert truga? Kva er din agenda Frantzen?

Eg burde kanskje ikkje svare på innlegg med direkte personretta kommentarar, slik eg gjer her. Men eg trur det er på tide å ta eit lite oppgjer med dette “strutsesyndromet”. Det er kanskje på tide å rette direkte spørsmål til slike som Frantzen, som talar andre personar og fagmiljø rett imot, som kjem med karakteristikkar eg ikkje finn relevante for kunnskap i saka. Som ikkje talar fjorden si sak, slik eg ser det. Det viktigaste for meg er at saka vert avgjord på korrekt grunnlag. Då må vi få slutt på avfeiing av fakta, og “nedsnakking” av fagmiljø. Natur, klima og miljø kan snakke for seg sjølv, men vi lyt tore å høyre etter. Kven kan mest om desse fagfelta Frantzen?

Er Haltbrekken truverdig?

Lars Haltbrekken i Natuvernforbundet er ein kunnskapsrik mann. Men når han skriv om deponering i Førdefjorden i Firda 26.6, er eg redd han set truverdet sitt i fare.

Det er sjølvsagt berre retorikk når Haltbrekken skriv om å «ofre Førdefjorden». Han prøver å skape eit bilete av dei negative konsekvensane som ikkje harmonerer med røynda. Han smør tjukt på, heilt bevisst. Men det er altså ikkje sant det han skriv. Dersom dette prosjektet verkeleg kunne true heile Førdefjorden så ville ikkje ein einaste politikar sagt ja til dette.

Så til eit anna begrep som motstandarane av dette verdiskapingsprosjektet brukar konstant. Dei elskar å skrive at det skal dumpast gift i Førdefjorden. Men kva er gift? Ein skal hugse på at det saltet du har på middagsbordet, natriumklorid, faktisk og er giftig om mengdene du får i deg er store nok. Akrylamid får du i deg via kaffikoppen kvar einaste dag. Når Haltbrekken listar opp ei rekkje kjemikalier, og mengden av desse, får ein inntrykk av at det er store tal. Men når kjemikaliene kjem ut i fjorden og blir blanda med svært store mengder sjøvatn, blir konsentrasjonen av kjemikaliene så små at dei ikkje blir skadelege. Syrer og basar vil bli nøytralisert i store mengder sjøvatn. Kor mange tonn sjøvatn passerer Vevring i minuttet? I tillegg er dei fleste kjemikaliene biologisk nedbrytbare, slik såpene dine er det, slik at dei ikkje utgjer nokon stor fare for livet i Førdefjorden.

Vi skal hugse at Haltbrekken har ein agenda i denne saka. Derfor gir han oss ikkje heile biletet.

Kven vil vel ha ei monstermast i hagen?

I det siste har det vore både oppslag og lesarbrev om kvar monstermastene ikkje bør kome, og vi er heilt samde med alle. Ingen av desse plassane bør linja kome! Den treng ikkje kome på nokon av stadane om styrande mynde er villege til å løfte blikket og sjå på andre alternativ.
Men har det vore utført reelle utgreiingar om alternative løysingar?

Naturvernforbundet har vore klar på at denne linja vil vi ikkje ha, for vår del handlar det ikkje om at berre den er ute av synet, så er det ok. Monstermastprosjektet frå Fardal til Ørskog er det største naturinngrep som er planlagt her i fylket. Likevel er styrande energimynde ikkje villeg til å sjå på andre måtar å løyse dette på.

Ap-Støyva og Lo-Langeland hadde i eitt innlegg for ei tid tilbake to argument for linja. Utbygging av Vindkraft og småkraft. Samstundes argumenterte dei for elektrifisering av sokkelen. Desse vindmøllene langs kysten treng då vel ikkje ei nord-sør linje for føre straum til plattformene vest i havet!

Og då sit ein altså igjen med at Monsterlinja skal byggast med hovudformål å løyse ut småkraft, og det må ein kunne påstå virkar nokså meiningslaust. Fylket produserer i dag dobbelt så mykje straum som vi brukar, så då får det våge seg om enkelte elvar får lov å renne fritt ei stund til.

Ein argumenterer for monsterlinja at den skal forsyne Midtnorge med straum, men finst det ikkje andre måtar? Kva om tilsvarande sum som det linja kostar vert nytta til enøk-.tiltak, og anna energiproduksjon i området. Dette er tiltak som kan setjast i verk straks, i motsetning til linja som vil ta mange år. Og skal det byggast vindmøller så bør ein i det minste kunne bygge vindmøllene der behovet er! Det bles vel litt vind nord om fylkesgrensa òg.

Ein registrerer såleis svært lite nytenking. Og når Støyva og Langeland snakkar om miljø, så handlar det mest om bygg ut, bygg ut, bygg ut! Og kanskje ikkje så rart at det er Støyva som argumenterer for linja – som styrer ein kommune som ikkje vert råka av toskeskapen. Han hadde vel ropt over seg han òg om linja hadde kryssa grensa inn til riket hans, slik ein anna ordførar gjorde, som er sterk tilhengar av linja.

Støyva og Langeland skriv vidare at skal ein lukkast med vindmøllesatsinga er ein avhengig av statlege løyvingar, og det er ikkje vanskeleg å forstå. Vindkraft er vel noko av det minst økonomiske energiproduksjonen som finst. Ein burde heller nytte desse midlane til stimulering av tiltak som svarar seg, og som ikkje utløyser behov for monsterlinje på tvers av heile fylket. Ei linje som forringar fjordfylket sin vakre natur og innbyggarar sin bukvalitet.
Dei som vil ha denne linja, vil ikkje dei heller ha ein monsterstolpe i hagen sin? Eg kan ikkje hugse å ha høyrt noko om det!

Vi treng ein ny energipolitikk som spelar på lag med naturen! Ein politikk som tek meir omsyn til naturen og fjordfylket sine innbyggarar. Ein politikk som gjev ei noko anna energiretning! Naturvernforbundet bidreg gjerne her, og vi er slett ikkje åleine om det! Men kva politiske fora skal ein setje sin lit til, er vi meir usikre på! Kan ein til dømes vente noko av eit fylkesutval, der fleirtalet sit med så mange hattar at det slær gnistar når viktige vedtak skal takast? Vi kan då håpe, det er vel snart val òg!

"Viten og antagelser om gruvedrift."

Ivar Fossum tykkjer tydeleg at det ikkje er så bra at deponi vekker negative assosiasjonar, fordi deponi betyr ikkje anna enn lagring ifølge artikkel i Firda 21.04.10. I følge Aschehoug og Gyldendals Store Norske så er deponi forklart med ”lagringsstad for avfall.” Viss Fossum tykkjer sanninga er ubehageleg så kan han vere heilt trygg på at han er ikkje åleine om det. Det er kva som er lagra som er viktig skriv han vidare og ikkje kva ein kallar det. Det kan eg også vere samde om, men så kjem Fossum med informasjon som gjer at eg stussar om han har lese sin eigen søknad. ”Deponiet vil vere trygt og giftfritt og vil ikkje påvirke resten av Førdefjorden.” I søknaden frå NM står det at ein skal bruke giftstoffet Magnafloc for å få dei små partiklane til å synke. Når det ikkje vil påvirke resten av Førdefjorden, må eg spørje om kor langt er resten frå sjølve deponiet?

Vidare skriv han ”Vannet i fjorden vil hele tiden ha god sirkulasjon , da deponistedet vil være på et dypt område(300 meter) der det ikke er mulig å tette igjen.” Det er greit at deponistedet(lagringa) startar på 300 meters djup, men kor lenge Fussum vil det vere 300 meter ned til deponiet?

For å understreke Fossum sin viten kan ein sitere ei udatert tilleggsvurdering (vedlegg nr 32) Der står det på side 4: ”Beregninger for prediksjon av spredning av sedimentasjon av partikler i vann vil alltid ha en viss usikkerhet.” og vidare ”Hvis det skulle vise seg at spredningen er mye større enn anatt må tiltak iverksettes.”

Er det det Fossum har i tankane når han skriv ”For NM er det viktig å kunne beslutte på grunn av kunnskapsbasert informasjon og skille mellom hva som er antakelsar og hva som er viten.”
Når Fossum er så klar på viten, kvifor er då Konsekvensutgreiinga og 8 vedlegg endra i tillegg er det kome til 6 nye vedlegg.

Når det gjeld bruk av flokkuleringsmiddelet skal det gjennomførast nye studier for å fastsette mengde og type. NM har altså søkt om utsleppsløyve, utan at det er heilt fastsett kva som skal sleppast ut, eller lagrast som Fossum kallar det.. Så fleire vedlegg og endringar er vel undervegs. Og kva endringar vil då skje etter at søknaden er handsama?

I artikkelen i Firda avsluttar Fossum ” For Nordic Mining er det viktig å kunne beslutte på grunn av kunnskapsbasert informasjon og skille mellom hva som er antakelser og hva som er viten.” At søknaden ”lever” med stadig nye endringar gjer at ein kan ikkje anna enn lure, kva er antagelsar og kva er viten i det som Nordic Mining m/medspelarar har produsert? I fjor gjekk eg i 1. mai tog i Førde bak parolen “Nei til fjorddeponi” eg har ikkje mindre grunnar til å gå i år! Det veit eg!

Oddvar Etnestad.
Leiar i naturvernforbundet Indre Sunnfjord

Fossum og gruvedrift

Administrerane direktør i Nordic Mining Ivar S. Fossum skriv i Firda 7. april som tilsvar til nestleiar Natur og Ungdom Sondre Nave sitt innlegg 29.mars at sitat” Derimot viser grundige undersøkelser og naturlover at effekten på miljøet både på land og i fjorden som følge av driften vil være begrensede og midlertidige.”

Det kan hende at bergverksdrift forheld seg til andre naturlover enn dei naturlovene eg kjenner til sidan Ivar S. Fosum skriv at gruvedrifta vil gjere ”midlertidig effekt på miljøet”? Kjem fjellet til å vekse ut igjen? Vert fjord og fjordbotn som før og kanskje gråbergdeponiet vil rotne og forsvinne? Og kva legg så Fossum i ”Trygg bergverksdrift” som han har sett som overskrift. Det eg kjenner meg rimelege trygg på er at gjeldande naturlover her vestpå medfører at slike inngrep er nokså varige. Det er vel ikkje noko industri som gjev meir varige naturøydingar enn gruvedrift. Dei omfattande naturøydinga vil vere der, også når gruvedrifta vert avslutta og ”lyset vert slått av”.
Fossum skriv vidare at gruvedrifta vil sette positive og samfunnsmessige spor etter seg i lang tid. Ein må då undrast at viss det positive er så positivt, drifta så trygg og effekten på miljøet så midlertidig, kvifor er då motstanden så stor?!

Det skulle vore lite vetta interessant å fått innsyn i Fossums naturlover som gjer gruvedrift til midlertidige skade på miljøet. Kanskje dei kan vere litt i slektsskap med svært så ny teknologi og månelandingar, teoriane er der, men i praksis vert ein innhenta av realitetane.

Oddvar Etnestad
Leiar Naturvernforbundet Indre Sunnfjord.

Naturvernforbundet er ein klimabremse

Erling Sande

Naturvernforbundet meinar at utbygging av småkraft trugar det biologiske mangfaldet. Senterpartiet vert skulda for å ikkje greie å ha to tanker i hovudet samstundes.

Sjølv har leiaren i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, mange tankar – men det nyttar lite når dei står i direkte motstrid med kvarandre. Han markerer seg både med krav om auka satsing på fornybar energi, samstundes med protest mot anlegga som skal produsere energien.

STIKK KJEPPAR I HJULA
Naturvernforbundet har berre dei siste åra markert motstand både mot vindkraftverk, vasskraft og mot bioenergi i skog gjennom å gå mot utbygging av skogsvegar. Dei protesterar også mot kraftliner som skal føre straumen fram. Det vert lite utbygging av ny rein og fornybar energi av slikt.

Senterpartiets politikk tek omsyn både til miljøet og til ny fornybar energi. Vi og Naturvernforbundet er begge tilhengarar av opprustning av eksisterande kraftverk. Haltbrekken meinar at utbygde og ”øydelagde” område kan utnyttast, mens urøyrd natur må sparas. Her tek han feil på to punkt.

SMÅ INNGREPSTOR VERDI
Først er det viktig å presisere at sjølv om eit område er utbygd, er det ikkje øydelagt. Dagens utbyggingar tek store miljøomsyn. Småkraftverk er ofte små utbyggingar som gjer minimale inngrep i naturen. Samstundes produserer dei verdifull og rein kraft. Vindturbinar må stå på stader der det bles. Slike område er ofte ikkje bygd ut. Med andre ord blir det særs vanskeleg å få fullt trøkk på vindkraftsatsinga om ein skal følgje Haltbrekkens råd.

Dersom vi ikkje skal få bygge anlegg til å bygge fornybar energi, så kjem det heller ikkje meir fornybar energi på marknaden. Dermed får vi heller ikkje erstatta den forureinande energiproduksjonen.

Senterpartiet tar trugsmålet om tap av biologisk mangfald på alvor. Nettopp difor må vi satse vidare på småkraft og anna ny fornybar energi. Vi er einige i at nokre naturområde og vassdrag skal skjermast mot utbygging, men Naturvernforbundet rundt om i landet protesterer mot nær sagt alle prosjekt.

GRØN ENERGI MOT KLIMAENDRING
Haltbrekken har grunn til å frykte tap av biologisk mangfald – men for å få gjort tiltak som verkeleg monner, må han løfte blikket litt. Klimapanelet til FN (IPCC) har anslått at ved en temperaturauke på til dømes 4 grader, vil over 40 % av dagens kjente arter utryddast.

Fortsetter dagens utvikling i forhold til CO2-utslipp, kan utfallet bli dystrare. Det aller største trugsmålet mot verdas biologiske mangfald, er klimaendringane. Dersom vi ikkje lukkast i å få frem meir grøn fornybar energi, lukkast vi ikkje i klimakampen.

Av Erling Sande, energi- og miljøpolitisk talsperson for Senterpartiet.