Viser arkivet for stikkord nho

Ta minerala på Engebø i bruk no!

Ingen skal påstå at det er lett å starte næringsaktivitet i Sogn og Fjordane. Ikkje ein gong aktivitet som er tufta på noko vi har svært mykje av, stein.

Men etter åtte år med fram- og tilbakemanøvrar, utgreiingar og analysar, er tida no inne for regjeringa å gje startsignal for det store og viktige mineralprosjektet på Engebø i Naustdal. Etter at bl.a. Det Norske Veritas (DNV), Havforskingsinstituttet og Miljødirektoratet har kome med sine analysar og rapportar, viser det seg at det kun er usikkerheita kring djupvassartane skolest, blålanga, pigghå og spisskate som står att. Faren for at desse må finne seg andre område å leve på i fjorden er til stades. Men i følgje Havforskingsinstituttet (HI) sin eigen konsekvensrapport av 2008, heiter det m.a.:

“Verdien av fiskebestandene i Førdefjorden er vanskelig å vurdere. Prøvefisket har ikke dokumentert kommersielt interessante forekomster av fisk i dypbassenget i særlig grad, men fiskebestandene har sannsynligvis en viss rekreasjonsverdi for fritids‐ og sportsfiske og en kommersiell verdi for området gjennom et eventuelt turistfiske. Rødlisteartene pigghå, blålange og vanlig uer som ble tatt underprøvefiske hører til, og blir sannsynligvis rekruttert fra bestander i tilgrensende, større havområder og det drives fremdeles et kommersielt fiske i disse områdene. Forekomsten av disse artene i Førdefjorden er på ingen måte unik, man vil finne disse i flere av nabofjordene, og har en marginal betydning i forhold til resten av bestandene."

Som ein skjønar er ikkje desse artane unike i Førdefjorden, meiner HI. Og for eigen del kan eg seie at det vil vere noko råflott å la vere å etablere fleire hundre arbeidsplassar over 50 år på grunn av rekreasjonsfiskeri.

Når det gjeld Miljødirektoratet sine vurderingar, fortel dei at det ikkje er spreiingsfare i samband med deponi av restmassar. Dette har blitt påstått av mange, ja, nokre har til og med snakka om spreiing frå Førde til Alden. Denne absurde skremselspropagandaen har direktoratet avvist. I tillegg har det kome godt fram at påstandane om giftutslepp ikkje er reelt. Det Magnaflocnummeret ein skal bruke som bindemiddel på fjordbotnen er altså ufarleg. Det er likevel godt eigna som skremselspropaganda. Bruk av kjemikaliar vekkjer alltid uro, sjølv om det blir brukt over heile verda til vassreinsing og anna.

Sett i høve til samfunnsverdien av mineralprosjektet på Engebø, kan eg ikkje skjøne anna enn at statsråd Jan Tore Sanner må gå for dette enormt viktige prosjektet for regionen, fylket og nasjonen. Auka bruk av minerala våre her i landet er jo noko som har vore prioritert og fått stor merksemd, ikkje minst gjennom ei eiga mineralmelding. Dersom dette prosjektet får nei frå regjeringa, blir det vanskeleg å seie ja til noko anna mineralprosjekt. Engebø er av dei mest samfunns- og bedriftsøkonomisk lønsame mineralprosjekta i landet, og eit prosjekt som vil ha enormt mykje å seie for distriktet vårt. Ikkje minst i høve til leverandørutvikling og innovasjon knytt til utvinning og deponi. Her ligg det grunnlag for så vel forsking som vidareforedling. I tillegg kjem det at titan er eit svært etterspurt produkt på verdsmarknaden, ikkje minst innan medisin.

Når det gjeld viktigheita av dette prosjektet for distriktet vårt, blir dette godt dokumentert gjennom SINTEF-rapporten som Sunnfjord Næringsutvikling AS tinga for ei tid tilbake. Her heiter det m.a.:
“De samfunnsmessige virkningene utover selve inntjeningen på anlegget genereres i første omgang gjennom innkjøpene fra næringslivet for øvrig og lønn, dvs. driftskostnadene. Dette kommer til uttrykk ved lønnsinntekter pluss skatt og avgifter som tilfaller alle de 170 sysselsatte, samt salg av varer og tjenester fra ulike underleverandører til anlegget.(…) Dette innebærer at anlegget alt i alt vil bidra med mellom 530 og 570 mill. NOK pr. år i samfunnsmessig verdiskaping i Engebøfjellregionen.”

Eg har lenge visst at det kan vere vanskeleg å starte nærings- og industriutvikling i dette landet. Denne saka har versert i snart ti år i det norske byråkratiet og fleire titals millionar er brukt av Nordic Mining. Etter kvart som prosjektet har skrede fram står ein der at det kan vere negativ påverknad for fire marine artar som er hovudproblemet, men at også dette er usikkert. Dei andre utfordringane er så og seia lukka, eller kan følgjast opp via miljøovervaking/krav til selskapet i utsleppsløyve/løye etter minerallova.
Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

Bedriftene i Sogn og Fjordane vil få svi

Kristeleg Folkeparti har lagt fram sitt alternative statsbudsjett, og det lovar ikkje godt for bedriftene og verdiskapinga.Og her snakkar eg først og fremst om partiet sin uvilje til å støtte regjeringa sitt framlegg om å kutte noko i formuesskatten.
Signal tyder dessutan på at Venstre heller ikkje kjem til å ville gå for regjeringa sitt framlegg, sjølv om partiet før valet var klinkande klar på at kutte i formuesskatten var svært viktig for næringslivet. Venstre vil behalde skatteprosenten på same nivå som i dag og heller heve botnfrådraget. Eit godt forsøk på å ta grep, men problemet er at dette ikkje vil vere optimalt i høve til det behovet næringslivet vårt har for nye investeringar og etablere fleire arbeidsplassar.

Dersom dette blir ståande, vil ikkje minst små og mellomstore bedrifter i Sogn og Fjordane få merke at det blir vanskelegare å skape verdiar og arbeidsplassar framover. Dette er då også fleire av medlemsbedriftene våre krystallklare på. Dei ønskjer heller å investere i nytt produksjonsutstyr og skape fleire jobbar, enn å måtte betale ein skatt som tappar selskapa for pengar, ja, som også tappar dei for pengar dei gjerne ikkje har på grunn av at bedrifta går med underskot. Då må dei i så fall ta opp lån for å betale skatten.
Medlemsbedriftene våre reagerer også på at formuesskatten er svært konkurransevridande; den favoriserer utanlandsk eigarskap: Ei utanlandskeigde bedrift slepp nemleg å betale formuesskatt, sjølv om den ligg side om side med ei konkurrerande norskeigd bedrift i Førde, Årdal, Florø eller Hyllestad. Berre dette burde få KrF og Venstre til å tenkje seg om!
I ei tid då vi ser at pilene peikar nedover i fleire av næringane vi her i fylket lenge har vore sterke på og hatt vekst i, ikkje minst innan leverandørindustrien til petroleumsnæringa og transportnæringane, er det spesielt viktig at alle rammevilkår blir optimaliserte. Det KrF og Venstre no gjer framlegg om i sine alternative budsjett er det stikk motsette. Sjølv om begge parti veit at formuesskatten hindrar verdiskaping og jobbetablering, og sjølv om dei har lova reduksjon før førre stortingsval, går dei no for det motsette. Det beklagar eg på næringslivet i Sogn og Fjordane sine vegner, men håpar samstundes at dei to partia vil sjå tilbake på sine lovnader og heller gje eit bidrag til verdiskapinga enn å stikke kjeppar i hjula for den. Venstre og KrF må snu i denne saka!
Det er nemleg verdiskapinga i bedriftene som er grunnlaget for staten sine skatteinntekter. Dette skjer på fleire måtar. Enten direkte gjennom skattlegging av selskapsoverskot, eller indirekte gjennom skattlegging av lønsinntekter, eigarinntekter, arbeidsgjevaravgift og meirverdiavgift. Bremsar verdiskapinga i næringslivet, bremsar sjølvsagt også skatteinngangen opp.
Formuesskatten bremsar verdiskapinga i næringslivet på tre måtar.
1. For det første premierer formuesskatten forbruk framfor sparing, på grunn av høg effektiv marginalsats. Sparing er nødvendig for å danne ein tilstrekkeleg kapitalbase for økonomisk verksemd. Difor bør satsen reduserast, slik regjeringa har foreslått i framlegget sitt til statsbudsjett. Det er til dømes ingenting som tilseier at auka botnfrådrag gir betre omfordeling eller er spesielt gunstig for små eller nystarta verksemder.
2. For det andre premierer formuesskatten formueplassering i bustad, eigendom, kunst, bilar, båtar og anna uproduktiv kapital, framfor bankinnskot, aksjar og produksjonsutstyr i bedriftene, område som fremjar verdsiskaping, trygging av bedrifter og etablering av endå fleire arbeidsplassar. Dette skuldast skeive likningsverdiar.
3. For det tredje premierer formuesskatten risikoaversjon framfor risikovilje og nyskaping, samanlikna med ein inntektsskatt som medlemene våre gjerne betaler. Denne effekten ålene gjer til at det kostar samfunnet over to kroner å drive inn éi krone i formuesskatt frå ikkje-børsnoterte selskap, i følgje ein fersk studie frå NHH.
Det er difor verken god butikk for staten, eller gunstig for verdiskapinga i samfunnet, å finansiere velferdsstaten gjennom formuesskatt. Det veit både KrF og Venstre, og eg forventar at dei handlar deretter i den vidare budsjettprosessen.
Det mest vanlege argumentet for formuesskatt er at ein her “tek” frå dei rike og “gir” til dei fattig. Men like lite sant som at Gjest Bårdsen Sogndalsfjæren praktiserte dette prinsippet, like lite sant er det at innretninga på formuesskatten gjer det. For fattige får det berre betre om inntekta aukar, anten i form av lønsinntekt eller overføringar. Då hjelper det lite om formuesskatten gjer at det både blir mindre til overføringar og mindre i lønningsposen. Svekka verdiskaping og investeringsevne hjelper sjølvsagt ingen, verken i Sogn og Fjordane eller elles i landet.
I ei tid med rekordlåge investeringar i ny næringsutvikling og dermed nye arbeidsplassar, vil det vere ekstra negativt om ein vel å oppretthalde eit skatteregime som berre forsterkar denne utviklinga.
Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

Homo economicus feirar grunnlovsjubileet

– Det er ein skandale om ikkje arbeidet på Ørskog-Fardal-lina snarast kjem i gang att, seier NHO-direktør Jan Atle Stang i Sogn og Fjordane.
Dette stod å lese på nettstaden til NRK Sogn og Fjordane torsdag 7.august. Reportasjen var etterfølgt av ein reportasje om kor mykje ulike næringsaktørar ”tapar” på at kraftlinjebygginga vart stogga av Gulating lagmannsrett.

Kven er det som tapar?

Ein skulle tru at entreprenørar og andre involverte i bygging av kraftliner og næringslivet generelt er interesserte i at forvaltninga og prosessane rundt vedtak skjer i henhold til norsk lov. At vi har eit system som hindrar kameraderi, korrupsjon, uhilda avgjerdsler, og sikrar rettferdige anbodsrundar etc. Lagmannsretten sitt vedtak er gjort for å sikre at Olje- og Energidepartementet sine vedtak skal gjærast i henhold til norsk lov. Kva er alternativet? Er samfunnet tent med at staten, fylker og kommunar skal kunne gjære vedtak ut frå synsing? Og skal vi verkeleg oppheve norsk lov om nokon tapar pengar på eit ulovleg prosjekt?

NHO i den ville vesten

På www.domstol.no beskriv ein domstolane si rolle slik: En fri og uavhengig domstol er et vern for borgerne mot tilfeldige avgjørelser og overgrep fra de andre statsmaktene. Domstolenes uavhengighet bygger på at Norge er et konstitusjonelt demokrati.

At NHO med Jan Atle Stang i spissen går ut og set økonomiske interesser foran norske forvaltningslover og forvaltningspraksis er urovekkande. Å krevje oppstart av eit ulovleg prosjekt og å kalle stogginga av det ulovlege arbeidet skandale er nettopp det, ei skandale. Domstolane har ei ufravikeleg viktig rolle i demokratiet Noreg. Næringslivets hovedorganisasjon i Noreg seier frå seg alt truverd som sakleg samfunnsaktør på vegne av sine medlemmer om det dei uttalar i denne saka er NHOs ofisielle syn.

Eidsvoll 1814

På Eidsvoll i 1814 vart det lagt fram eit dokument tufta på likeverd og samfunnsbygging ut frå samfunnets og befolkningas beste. Sterk inspirert av den amerikanske uavhengigheitserklæringa, den franske revolusjonen og strømningane ellers i Europa på den tida var likskap for loven og maktfordelingsprinsippet vesentleg. Slik er det kanskje i Sogn og Fjordane og, med mindre næringslivet tapar pengar. Då krev NHO at ein set pengar framfor avgjerdsler frå Gulating lagmannsrett.

Martin Igland Malkenes
Florøfyr

Kva betyr eit fylkesting frå eller til?

For utviklinga av fylket vårt spelar eit fylkesting frå eller til lita rolle.
For litt sidan kom det til eit ordskifte i media om det var rett eller rangt av fylkeskommunen å avlyse fylkestinget i april. Slik eg ser det har det lite å bety for utviklinga av fylket om aprilmøtet blir annullert. Å halde fylkesting utan viktige, konkrete saker til vedtak, men meir som ein temadag, berre for å sette noko på agendaen, vil vere sløsing både med tid og pengar. Det betyr neppe at det ikkje finst saker å drøfte i tinget.
Men politikarar og byråkratar har då jammen meir enn nok av møteplassar der dei møter andre grupperingar og kan drøfte problemstillingar og utfordringar som fylket strir med, eller det store mulegheitsbiletet som finst. Det blir då også gjort. Det som derimot spelar ei rolle er kva fylkespolitikarane våre kjem fram til under dei tingseta dei faktisk deltek på, og kva dei gjer mellom desse tingseta av oppfølging. At dei får kvittert ut sakene som betyr noko for utviklinga av fylket i raskt tempo. Truleg er grendetenkinga i fylkestinget det største problemet, men det er ei heilt anna sak.
På grunn av dei mange møta gjennom heile året jobbar fleire av oss difor hardt for å redusere/samordne fleire av møta og konferansane for at så vel næringslivsfolk, politikarar og andre skal kunne rekke over alt. Eg trur at vi på denne måten også kan ha håp om å dra fleire av fylkespolitikarane med på andre arenaer der dei verkeleg kan få påfyll og viktig kunnskap.
NHO Sogn og Fjordane har registrert at det er altfor få fylkespolitikarar som stiller på dei årlege næringskonferansane der det blir tatt opp viktige tema som har mykje å seie for Sogn og Fjordane si utvikling. Hugs at tilrettelegging for næringsverksemd er den viktigaste jobben ein politikar kan gjere for å skape folketalsvekst og anna aktivitet. Det er også ei kjensgjerning at vi ser fram til ei langt større medieinteresse for desse viktige møteplassane. Då vil lesarane og lyttarane som ikkje har høve til å delta, men som kan ha stor interesse for og nytte av temaet, få tilgang på viktig informasjon.
NHO Sogn og Fjordane sin årskonferanse går av stabelen i Sogndal same dagen som apriltinget skulle haldast, den 10. april. Her har altså alle fylkespolitikarane, media og andre som no står fram og etterlyser eit matnyttig møte denne dagen ein sjanse til å få påfyllet sitt, faktisk eit svært aktuelt påfyll. Årets tema er nemleg “Læringslivet”, der det vil bli sett søkjelys på alt frå tidleg innsats for å hindre fråfall i skulen, høgskulestrukturen i landet, rekruttering og unge bedriftsleiarar. (nho.no/sognogfjordane)
Og verken politikarar, media eller andre skal vere redde for at nivået vil bli for lågt. På føredragslista har vi i år bl.a. NHOs administrerande direktør Kristin Skogen Lund, professor Mari Rege, adm.dir. i Westcon Yards Arne Birkeland, leiar i Norsk studentorganisasjon Ola Magnussen Rydje, partner i First House, Bjarne Haakon Hanssen, samt lærlingar og unge bedriftsleiarar frå fylket. På programmet står også representantar frå dei ulike ingeniørutdanningane i fylket vårt, samt Fagskulen og UWC. Alle vil dei fortelje om kva nytte nærings- og samfunnslivet i fylket vil ha av deira studentar. Bjarne Haakon Hanssen vil snakke om kva nytte leiarar i privat og offentleg sektor i fylket kan ha av ekstern hjelp til påverking for å nå fram til sentralmakta.
Det er også viktig å presisere at dette er ein møteplass som både det private næringslivet og offentlege instansar er med på å få i stand. Den solide partnarskapen som utgjer samspelet med NHO Sogn og Fjordane består av Sogn og Fjordane Fylkeskommune, NAV, Innovasjon Norge, Framtidsfylket, Ungt Entreprenørskap, Westcon Group AS og Sparebanken Vest.
Det er også verd å nemne at vi i år har samla fleire aktivitetar innan både privat- og offentleg sektor opp til NHO Sogn og Fjordane sin Årskonferanse den 10. april i Sogndal. Dette nettopp for å redusere møter og konferansar spreidde utover heile våren. Det har vi lukkast med. Verdiskapingsplanen vil bli presentert og drøfta den 9. april, og fleire har valt å legge styremøta sine til denne dagen, bl.a. Opplæringskontoret for prosessfag i fylket (PRO). Den 11. april har NAV Eures sitt arrangement som omhandlar rekruttering av arbeidskraft frå EØS-området. Med dette vil politikarar, skulefolk, næringslivsfolk, media og andre interesserte kunne få rikeleg med sjansar til å lære og drøfte viktige problemstillingar både den 9., 10. og 11. april. Ei fagleg god erstatning for eit fylkesting, meiner eg.
Det er altså ikkje noko som helst problem for verken politikarar eller andre som er opptatt av nærings- og samfunnsliv i Sogn og Fjordane å få fylt den 10. april (eller 9. og 11. april) med nyttig innhald. Ja, eg vil seie det så sterkt at alternativet eg her har kome med kanskje er langt betre enn mykje av det som har kome fram i avisdebatten så langt. Fråfallet i skulen, feil skuleval, kompetanse, rekruttering av kvalifisert arbeidskraft frå inn- og utland og korleis stimulere til at fleire unge flyttar til fylket og gjerne blir bedriftsleiarar/-etablerarar, er faktisk noko av det som samtida bør vere mest opptatt av. Det trur eg at både næringslivet og politikarane våre på fylkestinget er samde i. Den 10. april set vi altså søkjelyset på den reelle framtida for fylket vårt, og dei som skal skape den; dei som er unge i dag.

Av Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

Kampen om opphogging i gang

Petroleumsaktiviteten er langt frå forbi på sokkelen vår, men det er levetida til ein del av produksjonsmidlane. Kampen om opphoggingsoppdraga er dermed i full gang, men kvar er vi?
I Sogn og Fjordane er Lutelandet i Fjaler peika ut til å vere det industriområdet som skal rive ned gamle og avdanka oljeinstallasjonar frå norsk sokkel. Marknaden er spådd å vere enorm, og ringverknadene store for dei selskap og område som får oppdraga med rivinga. Difor er det enormt viktig at vi står samla i fylket om Lutelandet som stad for denne satsinga, og at vi synleggjer interessa og evna til å ta på oss dette arbeidet i langt sterkare grad enn tilfellet har vore til no. Det er med andre ord altfor stille kring dette som bør vere ei storsatsing.
NHO Sogn og Fjordane er ikkje i tvil om at interessa i fylket er til stades for å få til stor industriell aktivitet på Lutelandet innan dette segmentet, men samanlikna med den posisjoneringa som no skjer både i Rogaland og Hordaland på dette næringsområdet er det dørgande stille kring Lutelandet. Alt tyder på at toget står på perrongen og er i ferd med å gå. Det vil vere svært uheldig om vi kjem for seint også til dette toget.
Truleg er noko av utfordringa vår at vi ikkje har store, framoverlente og kapitalsterke industrielle aktørar som står klar for slike oppdrag, med Lutelandet som base. I alle fall kan mykje tyde på det. Det problemet har dei verken i Rogaland eller Hordaland, der t.d. Rosenberg si gamle systerbedrift Bergen Group Hanøytangen står klar med øksa og speidar etter opphoggingsobjekta som kjem flytande mot land. Bergen Group er bokstavleg talt på hogget i denne businessen; for eit par-tre veker sidan kjøpte selskapet som kjent opp Scanmet, som har spesialisert seg akkurat på demoleringsprosjekt med hovudfokus på offshorekonstruksjonar.
Aker Solution står også klar, ikkje minst for å gjere ingeniørarbeider i framkant av opphogginga. Dei har allereie byrja arbeidet med fjerninga av Frigg frå sokkelen, samt Murchison frå britisk side.
Fram til no er det eit par-tre selskap som har peika på opphogging av brukte plattformer og installasjonar på sokkelen som eit verkeleg satsingsområde. Det er Scanmet, Kverner Stord og AF Decom. Men ekspertane meiner at det berre er eit tidsspørsmål før andre og større aktørar kjem på banen. Marknaden er nemleg gigantisk både når det gjeld fjerning av installasjonar, sikring av brønnar, samt opphogging.
Direktør Espen Norheim i revisjonsselskapet EY har sagt at når marknaden byrjar røre på seg får ikkje dei tre nemnde selskapa som til no har vist størst interesse ha marknaden for seg sjølv. Då kjem dei store og tunge inn i bildet. For her er det store pengar å hente; og mange arbeidsplassar over lang tid.
Det er i dette landskapet Lutelandet skal manøvrere. Det er i denne marknaden ein skal konkurrere om oppdrag, kompetanse og kapital. Og det er såleis i denne marknaden ein lyt vere på hogget i høve til å skaffe seg gode og kapitalsterke industrielle samarbeidspartnarar som er villige til å legge aktiviteten til ytre Fjaler. Er vi der? Er vi i rute?
NHO Sogn og Fjordane si uro er som sagt at vi skal komme for seint på toget. At andre skal stikke av med godbitane før vi har fått summa oss. Då er vi ferdige, for dette toget går fort og det vil berre stanse på kjende og posisjonerte stasjonar som lokføraren veit vil kunne levere varene han etterspør.
Vi håpar at vår uro er ugrunna og at alt er på stell kva offensive strategiar, relasjonar og avtaler med sterke industrielle og finansielle aktørar vedrører. Vi håpar altså at ein er “hands on” i denne prosessen. Men det er ofte eit faresignal når det blir for stille kring ei satsing av denne typen. Pt. er det altfor stille kring Lutelandet som demoleringslokasjon.
Dersom vi skal ha ein sjanse må det etter vår meining langt meir synleggjering til, og samarbeid på tvers av forvaltningsgrenser, bedriftsgrenser og kompetansegrenser. Vi må stå klar på kaikanten, speidande utover havet etter rivingsobjekt; med alt verktøyet som trengst klappa og klart i handa. Er vi der?
Av Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

Med søkjelys på verdiskaping

Verdiskapingsplanen for fylket som no er ute på høyring blir av redaktøren i Firda samanlikna med ein lottokupong.
Svaret på denne karakteristikken kunne godt vere at sjansen for å vinne i Lotto er liten, men om ein vinn er vinsten ofte svært stor. Og som vi veit er lottomillionærar ikkje heilt som andre millionærar. Slik sett blir det, i tilfelle vinst, ikkje store endringane. Vi har jo lenge marknadsført oss som annleisfylket; noko som for oss er svært lite positivt!.
Saman med fleire andre organisasjonar, institusjonar, lag og foreiningar, representantar frå fylke og stat, og frå næringslivet, har NHO Sogn og Fjordane bidrege til det dokumentet som no er ute på høyring og som utgjer Verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane 2014-2025. Mange dyktige folk, frå ulike stillingsnivå i offentleg, privat og frivillig sektor, har brukt tid på å drøfte kva som burde komme med i planen og kva som skal til for at vi skal få den vekst og utvikling i fylket som dei aller fleste ønskjer.
Kall gjerne måten arbeidet er gjennomført på for lottometoden og resultatet for lottokupong. Men planen slik den ligg ute på høyring og slik den blir lagt fram til politisk handsamast er i alle høve meisla ut etter beste skjønn av folk som har gjort sitt beste nettopp for å skape verdiskaping.
Firdaredaktøren meiner at planutkastet har eit realistisk syn på kva utfordringar fylket har, men at medisinen som blir skriven ut for å løyse utfordringane er bygd på ønskjetenking. Kanskje er det slik at det er lettare å sette fingeren på utfordringane enn på løysingane. På same måten som det er lettare å seie at ein er usamd med det som kjem fram i planutkastet enn å seie kva som burde vore gjort annleis.
Eitt av NHO Sogn og Fjordane sine bidrag i denne prosessen har bl.a. vore å jobbe for at dei indarlege ønskja ikkje skulle skugge over empirien. Altså at vi måtte vere realistiske i planarbeidet. Eit anna mantra frå vår side har heile tida vore å passe på at dei “gamle” næringane ikkje blei sette på båsen til fordel for dei nye og gjerne meir “sexy” næringane. Difor er vi veldig komfortable med at hovudlinja ein skal jobbe etter omfattar område som fornybar energi, olje/gass, sjømat, reiseliv og landbruk; saman med kunnskaps- og nyskapingsnæringar. Tanken er at dei “gamle” næringsområda, tufta på våre naturgitte, komparative fordeler, har mykje vekst- og innovasjonskraft å hente ved auka samhandling med kunnskaps- og nyskapingsmiljøa. Forskar- og høgskulemiljøet i fylket spelar sjølvsagt ei sentral rolle i denne utviklinga. Ikkje minst om desse blir kopla saman i klynger, ja, gjerne konsortium.
Dette har i alle fall vore tanken, så attstår sjølvsagt jobben med å legge forholda til rette for at så kan skje. Her trengst det samspel; at vi halar og dreg i same enden av tauet, og det trengst mot og reell vilje til vekst. Med i dette arbeidet trengst både det offentlege tenesteapparatet som ofte styrer rammer og tempo i prosessane, og det private næringslivet som skal skape mykje av dei økonomiske verdiane som skal gi brød på bordet til folk.
Så, kvifor har vi i det heile vektlagt det mange, ikkje minst Firdaredaktøren, ser på som lite arbeidsintensive næringar og trur at desse vil fremje ny vekst og utvikling i fylket; ja, til og med generere hundrevis av nye arbeidsplassar? Det enkle svaret er at vi må ta utgangspunktet i det vi kan og utvikle desse ved hjelp av ny kunnskap og kompetanse. Det er nemleg ikkje slik at alt krutet er funne opp innan verken energi, havbruk/landbruk eller olje/gass. Verda skrik nemleg etter meir kunnskap på desse områda, ikkje minst av omsyn til miljø og berekraft, og dersom vi då kan utvikle ny kunnskapen med basis i desse næringane her heime, vil den generere mange nye og etterspurde arbeidsplassar.
Vi skal passe oss for å ikkje sjå skogen for berre tre, som det heiter. Vi skal altså passe oss for å tru at alt det vi har, dei for oss kjende næringane, ikkje lenger har mål og meining for oss og andre. Ein skal hugse på at produkt frå leverandørindustrien og fagfolka våre innan t.d. petroleums- og teknologinæringane er av Norges viktigaste “eksportartiklar”. Er vi “svoltne nok” på vekst ut utvikling her heime, og blir rammevilkåra frå det offentlege optimalisert, kan vi bruke langt meir av denne kompetansen til å utvikle og produsere etterspurde produkt i eige fylke. Vi ser dette eksemplifisert gjennom alle doktorane som jobbar for Hydro i Årdal, og noko liknande kan vi få til innan andre næringar også, dersom vi har trua, motet og viljen.
Eg vil også minne Firdaredaktøren, eller den som skreiv leiarartikkelen i laurdagsavisa, om at det er skapt og kan skapast endå meir ringverknader og arbeidsplassvekst av havbruk og landbruk. Og potensialet er stort når det gjeld vind, dersom ein får augo opp for at satsingar på fornybar energi er avgjerande i kampen mot klimaendringar. Alle desse næringane er dessutan langt meir arbeidsintensive enn det leiarskribenten i Firda ser ut til å kjenne til. Vi snakkar trass alt ikkje om ein einsleg lakseoppdrettar, bonde eller ein vindmøllevaktmeister. Vi snakkar om heile verdikjedar; røktar/bonde, fôrprodusentar, transport, sal, veterinær og ikkje minst næringsmiddelindustrien som både tek seg av fisk, kjøt, mjølk, bær og frukt.
Ein skal heller ikkje kimse av dei store verdiane og arbeidsplassane som vil skapt i t.d. anleggsbransjen ved utbygging av meir fornybar energi. Det ser også ut til at det er grunn for å nemne at målet på verdiskaping ikkje eine og aleine handlar om tal arbeidsplassar i ei verksemd. Kor mange kroner verksemda tener er ein vel så viktig variabel, ikkje minst for å sikre og utvikle verksemda.
I utgangspunktet var det dette som gav motivasjon for NHO Sogn og Fjordane til å delta i planarbeidet over mange månader. Slik eg ser det har vi, saman med gode og konstruktive samarbeidspartnarar, vore med på å legge eit bra grunnlag for verdiskaping i fylket. Men skal det bli optimale resultat må alle gode krefter kjenne si besøkstid, både i det offentlege og i det private. Resultata kjen ikkje av seg sjølv uansett kor gode planer ein har. Slik eg ser det skal planen vere, svært grovkorna sagt, ein motivator og vegvisar så vel for næringslivet som for byråkrati og FoU-miljøa. Det meiner eg den langt på veg har blitt.

Av Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

Narrespel for kven?

Miljødepartementet valde onsdag den 13. mars å sette ned foten og utsette Engebøsaka i eitt år for ny utgreiing. Ikkje uventa førte det til påfallande overrasking og skuffelse hjå Nordic Mining og tilhengarane av gruvedrifta. I avisa Firda den 16.03.13, uttrykte NHO direktør Jan Atle Stang, så langt å kalle det for bevisst uthaling og maktdemonstrasjon og narrespel av Miljødepartementet. Narrespel og maktdemonstrasjon for kven?
Les meir…

Ein rettvis streik

Raudt stør Fagforbundet, som no streikar for at dei som arbeidar på sjukeheimar drivne av kommersielle aktørar skal ha same løn- og pensjonsvilkår som dei kommunalt tilsette i sjukeheimane i Noreg.

NHO Service sine medlemsbedrifter innan sjukeheimar tener pengar på at deira tilsette kjem dårlegare ut enn sine kommunalt tilsette kollegaer. Dette er totalt uakseptabelt. I dag kan skilnaden i tenestepensjonen utgjere over 30.000 kr per år.

For det første har NHO Service sine ordningar ein langt lågare årleg premie enn det er i offentleg og ideell sektor. For det andre manglar fleirtalet av dei tilsette ved dei kommersielle sjukeheimane pensjon når dei vert uføre. For det tredje kan NHO Service sine medlemsbedrifter når som helst svekke pensjonsordninga for sine tilsette. Det er difor Fagforbundet vil ha tariffesting av pensjonsvilkåra. For det fjerde er private tenestepensjonar særs usikre, då dei er tett knytta til finansmarknaden. Dette er noko som vert forsterka av at pensjon ikkje er ein del av tariffavtalen med NHO Service. For det femte er det fleire innanfor dette området som mister tenestepensjonen etter 10 år.

Dette er verkeleg ein viktig streik mot sosial dumping, ein streik som verken Høgre eller Framstegspartiet stør. Desse to partia har så klart spelt på lag med NHO Service gjennom anbodspolitikken deira.

Regjeringspartia har òg eit ansvar for at privat tilsette innan sjukeheimar har dårlegare pensjonsvilkår. Gjennom pensjonsreforma vert innrettinga på AFP-ordninga i privat sektor dårlegare og mindre rettvis. Terskelen for å få mogelegheit til å gå av med AFP i privat sektor har vorte høgare, noko som så klart rammar dei med lågast inntekt. Langt færre av dei som har slitt seg igjennom arbeidslivet har no mogelegheit til å gå av med AFP ved 62 år enn tidlegare.

Streiken til Fagforbundet er viktig. I likskap med pensjonsstreiken i oljeindustrien, som den sitjande regjeringa på forkasteleg vis stoppa gjennom bruk av tvungen lønnsnemnd, så må konflikten mellom Fagforbundet og NHO Service bli ein inspirasjon for heile fagrørsla og mange andre for å sikre ein verdig alderdom og ein god tidligpensjonsordning for alle. Skal vi få til det så er det ikkje nok at streiken til Fagforbundet kronast med siger. I tillegg må pensjonsforliket til dei tre regjeringspartia, Høgre, Venstre og KrF og heile pensjonsreforma nedkjempast.

Anders Hamre Sveen
Vara til landsstyret i Raudt
Stryn

Sogn og Fjordane – midt på treet, heilt greitt?

I NHOs BerekraftsNM for 2011 kjem Sogn og Fjordane på 11. plass av dei 19 fylka i landet. Det er ei forverring med to plassar sidan 2010-NM. Spørsmålet er om vi kan og vil bli betre?

Men ikkje nok med det; fem kommunar i Sogn og Fjordane er blant dei 50 dårlegaste kommunane i landet på folketalsutvikling. Høyanger er verst stilt med ein nedgang på 4,6 prosent i perioden 2007-2012. Rett bak følgjer Balestrand (- 4,4), Askvoll (-4,2), Gulen (-4,0) og Vik (-3,1).

Dramatisk
Dette er dramatisk, og det er tydeleg at desse og fleire av kommunane våre er inne i ein vond sirkel som det kan vere vanskeleg å komme seg ut av dersom ein ikkje gjer store grep. Og her har ikkje minst kommunane sjølve eit enormt ansvar for til dømes å skape betre rammevilkår for næringsutvikling og samarbeid internt og eksternt.
NHOs BerekraftsNM, som blei offentleggjort tysdag denne veka, er ei årleg kommunekåring som NHO får utarbeidd for å måle norske kommunar si berekraft og evne til vekst og utvikling. I målinga kjem det fram kva kommunar som har størst lokal vekstkraft og bæreevne basert på fire hovudområde: Arbeidsmarknad, Demografi, Kompetanse og Økonomi.
Vi veit at den lokale og regionale samfunns- og næringsutviklinga er avgjerande for mange bedrifters konkurranseevne. Alle norske kommunar møter nokre felles utfordringar som påverkar utviklinga i både privat og kommunal sektor. Gjennom desse målingane ønskjer NHO å bevisstgjere og stimulere til auka engasjement om desse utviklingstrekka både blant lokale og sentrale styresmakter.

For få innbyggjarar
Generelt sett viser resultata frå BerekreftsNM 2011 at dei kommunar som ligg lengst vekke frå storbyar og regionsentra scorar relativt lågt på arbeidsmarknad. Dei er dessutan prega av fråflytting, har lågare utdanningsnivå og har svakare økonomisk berekraft.
Sogn og Fjordane kjem dårlegare ut enn dei andre vestlandsfylka. Arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane er god men ein scorar lågt på andre indikatorar, særleg demografi og kompetanse. Eit generelt trekk er at fylke med høg befolkningskonsentrasjon kjem godt ut. Fylka i botnen av tabellen har alle under 200.000 innbyggjarar.
Sentralitet, folketal og strategisk god geografisk plassering gjer tydeleg utslag på rangeringa av økonomisk berekraft. Kommunar som scorar lågt ligg ofte langt frå tettstadar.

Kompetansen i Sogn
Sogn og Fjordane har mange små kommunar, med stor variasjon mellom kommunane. Ingen blant topp 20 samla sett, men på indikatoren ”kompetanse” finn vi administrasjons- og forskings/høgskulesentra Leikanger og Sogndal på høvesvis 3. og 19. plass. I Leikanger slår fylkesadministrasjonen, Fylkesmannen og Statens Vegvesen positivt ut i den vesle kommunen og i Sogndal er Høgskulen og Vestlandsforsking utslagsgjevande.
Totalt sett i målinga ligg Sogndal på ein 21.plass og blir fylkesvinnar tett følgt av Leikanger på 25.plass. Førde har redusert si plassering sidan 2007 med 20 steg til ein 53. plass sidan 2007. Førde scorar bra på Arbeidsmarknad og Demografi, men ikkje så bra på Kompetanse og Økonomi.
Ser ein nærare på den felles bu- og arbeidsmarknaden som Flora-Naustdal-Førde representerer, utfyller kommunane seg bra. Ein ”ikkje-eksisterande” arbeidsmarknad i Naustdal blir kompensert med ein god arbeidsmarknad i Flora og Førde. Ein særs låg score på Kompetanse i Førde og Flora tek seg opp i Naustdal, som har høg score på denne indikatoren sett i høve til folketalet. Økonomien er middels bra i alle tre kommunane.

Må prioritere
Så, korleis ville ein stor kommune av desse tre slått ut på ei slik måling? Gjennom heile målinga blir det streka under at jo større tal innbyggjarar per areal er, jo større sjansar har ein kommune/region for auka berekraft og vekst. Fortetting/sentralisering er ein trend vi har sett lenge nasjonalt og som vil bli sterkare i åra som kjem. Frå politisk sentralt hald kjem det signal om at no må ein her i landet byrje prioritere dei områda som veks og som folk vil bu og jobbe i.
Kva då med Sogn og Fjordane? Vi er jo vestlandstaparen mykje grunna demografi, stor avstand til byområde og låg folketettleik. Kan vi rigge fylket vårt annleis for å henge oss på det faktum at fortetting er bra for vekst og utvikling?
Kommunesamanslåing har vore drøfta lenge, bør ein for alvor sette fart i desse tankane? Er det vilje til så dramatiske endringar for å skape vekst?

Dømet SIS
Dei siste åra har vi sett døme på auka samarbeid kommunane imellom fleire stader i fylket. Til dømes gjennom SIS (Samarbeidsforum i Sunnfjord). Kommunane i SIS skal også utarbeide ein felles retning der “Målet med prosjektet er å utvikle ein felles planstrategi for SIS-området som avklarar kva plantema som eignar seg for interkommunal planlegging og kva som eignar seg best at den enkelte kommune løyser åleine”. NHO Sogn og Fjordane trur SIS vil finne fleire områder dei kan jobbe saman om, ja, kanskje så mange at dei på sikt frivillig vil endre kommunegrensene.

Utfordring i HAFS
Som sagt kjem det tydeleg fram i NHOs måling at det er ein stor fordel, ja, mest ein føresetnad, å vere knytt til større sentra dersom ein skal få til ei positiv utvikling med tilflytting, fleire arbeidsplassar og høgare kompetanse. Såleis vil det truleg ikkje ha stor positiv verknad om tre-fire små og relativt dårleg stilte kommunar slår seg saman. Då vil dei berre ende opp som ein litt større og dårleg stilt kommune.
Til dømes vil samanslåing av dei tre HAFS-kommunane Askvoll, Hyllestad og Fjaler ha marginal effekt for veksten i området. Ingen av desse kommunane kjem godt ut i den nye berekraftsmålinga, og etter vår meining må det til ei eller anna form for kopling opp mot sentra som Førde og Florø for å få til eit skikkeleg løft i dette området.
Fjaler kjem best ut av dei tre kommunane totalt sett, på ein 212. plass i målinga. Hyllestad ligg på 308. plass og Askvoll på 336. plass av landets 429 kommunar. Ei samanslåing av dei tre kommunane vil gje eit innbyggartal på ca. 7400 personar, som også då blir ein relativt liten kommune. Ser ein isolert på måleindikatorane utfyllar dei ikkje kvarandre i særleg stor grad heller. Spørsmålet ein kanskje må stille seg er kvar er best; å vere fattig aleine eller saman med andre?

Knytt til Sogndal
Men det finst fleire døme her i fylket på endra kommunestrukturar som kan gje gode effektar. Kommunane Sogndal, Luster og Leikanger er til dømes eit godt trespann. Sogndal har ein god arbeidsmarknad, og i Leikanger har det utvikla seg positivt dei siste fem åra. Internt i fylket toppar Sogndal og Leikanger lista med 1. og 2. plass og Luster på ein god 7. plass. På den nasjonale plasseringa er dei også i toppsjiktet. Dei tre har til saman kring 14 400 innbyggjarar, utfyller kvarandre godt, og utgjer såleis ein god motor for indre deler av fylket.
Men det viktigaste bidraget kommunane sjølve kan gje til eit løft for seg sjølv på kort sikt er å intensivere samarbeidet med andre kommunar, legge betre til rette for privat næringsutvikling, skape optimale tilhøve for at nye innbyggjarar skal komme og ikkje minst styre økonomien slik at ein får handlingsrom.

Betre rammevilkåra
Reint konkret inneber dette mellom anna at den einskilde kommune må inngå langt tettare og selektivt samarbeid med dei kommunane som kan generere mest mogleg vekst og utvikling, gje næringslivet gode rammevilkår i høve til ei kjapp og adekvat sakshandsaming, vere ein positiv medspelar for gründerar og andre med idear og planer for næringsvekst, sikre rimeleg tomteland, sikre best mogeleg servicetilbod og omsorgstenester, og ikkje minst bruke dei pengane ein har til rådvelde på ein måte som fremjar slik vekst og utvikling. Kommunane må dessutan alltid ha som rettesnor at når det gjeld næringsutvikling er tid pengar.

Fortetting og sentralisering
NHO Sogn og Fjordane trur uansett at tida er inne for politikarane kring om til å endre på kommunegrenser og nytte den empiri som NHOs BerekraftsNM representerer. Ein må sjå på korleis kommunane kan utfylle kvarandre og korleis ein formelt kan gjere dei effektive bu- og arbeidsmarknadsregionene til motorar i fylket. Ein kjem altså ikkje unna fortetting og sentralisering. Større kommunar vil også mindre kommunar rundt nyte godt av. For indikatorane viser klart at jo nærare ein mindre kommune er eit byområde jo betre vil det slå ut på berekraft og vekst.

Jan Atle Stang, regiondirektør NHO Sogn og Fjordane
Marit Gjerstad, rådgjevar NHO Sogn og Fjordane

Utfordringar i ein oljesmurd økonomi

Olje- og gassverksemda blir stadig meir dominerande i norsk økonomi. Det gir store regionale skilnader i arbeidsmarknaden.
NHO sin ferske økonomiske kvartalsrapport, Økonomisk overblikk 1/2012, viser at tosporsøkonomien festar seg. Olje- og gassverksemda blir stadig meir dominerande i norsk økonomi. Investeringane her utgjorde i fjor 140 milliardar kroner – sju gonger meir enn investeringane i industri og bergverk i fastlandsøkonomien.
NHO sin sjeføkonom Tor Steig meiner at det no er klare teikn på at oljeklynga fortrenger anna norsk konkurranseutsett næringsverksemd gjennom særnorsk, sterk kostnadsvekst og tilspissa kamp om den kvalifiserte arbeidskrafta.
Manglande tilgang
Det er nok heilt korrekt. Vi ser nemleg at andre konkurranseutsette næringar står framfor svake marknader, rekordsterk kronekurs og høgt kost¬nadsnivå og investerer difor stadig mindre. Manglande tilgang på kvalifisert arbeidskraft blir også peika på som eit ikkje uvesentleg hinder for nye investeringar.
Dei over 2500 NHO-bedriftene frå heile landet som har svara i undersøkinga melder om framleis moderate forventningar for marknadsutviklinga i 2012 og 2013. NHO sine vurderingar peikar i retning av ein forsiktig vekst i fastlandsøkono¬mien på to prosent i år og 2,5 – 3 neste år. Dette er mykje likt dei forventningar som kom fram i Næringsbarometeret i Sogn og Fjordane; forsiktig optimisme.
Store regionale skilnader
NHO sin marknadsindikator viser dessutan større regional spreiing i økonomisk utvikling enn nokon gong. Rogaland ligg suverent på topp med Oslo og Akershus som nummer to. Rogaland og Oslo, med 20 prosent av befolkninga til saman, hadde 60 prosent av dei nye jobbane i 2011, i følgje arbeidskraftsundersøkinga frå SSB.
Fylke med stort innslag av bedrift¬er i skuggen av oljeklynga ser ut til å stagnere. I Sogn og Fjordane er det ei generell oppfatning av at vi har vi fått for lite ut av den oljerikdomen som ligg rett utanfor stovedøra vår. Skal vi komme oss ut av skuggen må vi jobbe hardt for å få vår del av dei planlagde investeringane i Nordsjøen i 2012, som er rekna til 185 milliardar kroner. Vi må samstundes jobbe endå hardare for å få tilgang på kvalifisert arbeidskraft innan fleire sektorar. Og då snakkar eg om så vel fagarbeidarar som ingeniørar og andre med utdanning på høgskule- og universitetsnivå.
Arbeidskraft
Veksten i befolkninga i arbeidsdyktig alder ser ut til å ha stabilisert seg på kring 1,7 prosent eller 60 000 per år i landet. Dette er uvanleg høgt i norsk samanheng og skuldast høg innvandring. Sysselsettingsveksten har kome i gang i Norge, men den er framleis så låg at sysselsette som del av befolkninga fell. Dette gir eit veksande latent overskot på arbeidskraft i norsk økonomi.
Timelønskostnadene auka dessutan med 3,7 prosentpoeng sterkare i Norge enn i konkurrentlanda i 2011, i følgje det tekni¬ske beregningsutvalet for inntektsoppgjera. Nesten to prosentpoeng av den 3,7 prosent svekka konkurran¬sekrafta i 2011 skuldast sterkare kronekurs. Dei gjen¬nomsnittlege timelønskostnadene i industrien blei dermed 55 prosent høgare enn hos handelspartnarane våre i 2011.
Tor Steig meiner at dei høge timelønskostnadene skaper store omstilling¬sutfordringar i kampen om svake eksportmarknader, og i heimemarknadskonkurransen i høve til importerte varer og tenester. Spørsmålet blir kor lenge vi kan leve med eit slikt kostnadsnivå, dersom vi ønskjer å selje varene våre så vel utanfor som innanfor landets grenser?
Framleis låg rente
I høve til euro har krona heldt fram med å styrke seg i løpet av dei to første månadene i år. Og situasjonen i Europa tilseier ei låg rente, lenge.
Sterk krone og høg oljepris gir nemleg avgrensa handlingsrom for renteauke i tida framover. Saman med svært sterke vekstimpulsar frå oljeinvesteringane inneber dette at oljepengebruken over statsbudsjettet må avgrensast uavhengig av diskusjonen om kor stor avkastning det er rimeleg å forvente av oljefondet.
Av Jan Atle Stang
Regiondirektør NHO Sogn og Fjordane

Frå radikal gymnasiast til NHO-blåruss

Det er godt mogeleg at Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO) har gjort eit skikkleg scoop ved å tilsette Firda sin nyleg avgåtte sjefredaktør Jan Atle Stang som ny regiondirektør. Som avislesar håpar eg neste sjefredaktør sørgar for at Firda vert ei meir maktkritisk avis!

Jan Atle Stang har på ingen måte valt minste motstands veg for å bli regiondirektør i NHO: Oppvaksen i Stongfjorden, raddis på Førde Gymnas, sjølproletarisering som tømrar, studietid, back-packing i Sør-Amerika, lærarjobb og journalist- og redaktørkarriere i både Firdaposten og Firda.

Som avislesar har eg merka meg Jan Atle Stang sine politiske prioriteringar på leiarplass i Firda. Påfallande mange leiarartiklar dreiar seg om lokalpolitiske saker i ein kommune Firda tradisjonelt ikkje har hatt så mange abonnentar: Flora. Stang er samtidig medlem av Flora Arbeiderparti. På bakgrunn av dette bør ein stille spørsmål ved Firda-sjefredaktøren sin politiske agenda. Det er ikkje umogeleg at Jan Atle Stang har hatt ambisjonar om å stille som ordførarkandidat i ein framtidig storkommune tilsvarande Firda sitt dekningsområde, men eg føler meg likevel trygg på at akkurat det er eit temmeleg urealistisk prosjekt.

Firda sine lesarar har nok av og til latt seg provosere av Stang sine meiningsytringar, men truleg er det sjeldan desse ytringane har skapt verkeleg lesarstorm. Eit heiderleg unntak var kanskje ifjor då sjefredaktøren i Firda som faktisk er ei Førde-avis tok til orde for å legge ned Førde lufthamn for derigjennom å styrke trafikkgrunnlaget og rutetilbodet ved flyplassen i Florø.

Eg trur Jan Atle Stang på sett og vis har ein idelistisk motivasjon for å bli regiondirektør i NHO. Det er udiskutabelt at Stang har eit ekte og varmt engasjement for Florø-Førde som vekstakse. Å også vere oppteken av verdiskapinga på kysten er sjølvsagt vel så bra. Som avislesar saknar eg maktkritisk journalistikk. Eksempelvis gravejournalistikk om maktkonsentrasjon og samrøre mellom politikk og næringsliv. NHO i Sogn og Fjordane har ikkje latt seg skremme av sjefredaktøren i fylkets største avis, tvert imot. Etter mitt syn bør den neste sjefredaktør i Firda gjera noko med det!

Hallgeir Løland Torpe, Bergen

Smart næringspolitikk - tilset ein innvandrar!

Lesarinnlegg i Firda 22.1.2010. Tilsvar på leiarartikkel ”For få innvandrar vil røyste” 22. januar 2010.

Firda tek opp eit viktig tema på leiarplass fredag 22 januar. Låg valdeltaking blant innvandrarar og generelt i samfunns- og organisasjonslivet. Leiarartikkelen uttrykkjer uro over konsekvensane dette får for samfunnet dersom etnisitet markerer sosiale skiljer i befolkninga. NHO meiner vi må spørje oss sjølve kva vi gjer med dette? Kanskje informasjonskampanjar og valmateriell på ulike språk ikkje er den beste løysinga?

Forsking viser at deltek du ikkje i yrkeslivet, deltek du heller ikkje ved stortingsvalet. Ganske enkelt fordi det er gjennom arbeidslivet og ditt daglege verke at du blir integrert i samfunnet.

Prosjekt Global Future koplar innvandrarar med høgare utdanning med arbeidsgjevarar i privat og offentleg sektor. Målgruppa er innvandrarar som ynskjer å kome i relevant arbeid, avansere i sin noverande jobb eller som vil engasjere seg på arenaer der viktige avgjerder blir tekne – anten det er i styrerom eller politisk. Gjennom halvtanna år skal deltakarane få sin eigen mentor i arbeidslivet, reise på bedriftsbesøk, lære om den norske kulturen, ta eksamen i styrekompetanse, lære seg presentasjonsteknikk og viktigast av alt – skaffe seg eit nettverk blant potensielle arbeidsgjevarar (les om søknadsfrist og oppstartsdato på www.nho.no/sfj).

Sogn og Fjordane treng løftet som prosjekt Global Future vil gi. Kor mange innvandrarar er representerte på Fylkestinget? Eller i kommunestyra? Kor mange leiarar med fleirkulturell bakgrunn har vi i fylket vårt? For mange innvandrarar, uavhengig utdanningsnivå, er det utfordrande nok å komme inn på arbeidsmarknaden og få brukt kompetansen sin på ein god måte.

I Sogn og Fjordane bur det ca 5 500 innvandrarar, og om lag 1 000 av dei er registrerte som heilt arbeidsledige. Omtrent 160 av desse menneska har høgare utdanning innan mellom anna undervisning, IKT og ingeniørfag – kompetanse samfunnet går glipp av, samstundes som presset på velferdsstaten aukar. (ref. NAVs målingar januar 2009). Statistikken seier ingenting om kor mange innvandrarar med høgare utdanning som er i jobb som ikkje er relevant for utdanninga personen har. Mørketala kan vere store. Det finst mange døme på økonomar, geologar og ingeniørar som jobbar som reinhaldarar eller lagermedarbeidarar. Det er smart næringspolitikk å ta tak i denne gruppa innvandrarar og bruke kompetansen dei representerer i arbeidslivet i Sogn og Fjordane. NHO vil saman med viktige samarbeidspartnarar som Adecco, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Innovasjon Norge vere døropnarar for framtidige arbeidstakarar, politikarar og leiarar.

Tenk deg at du flyttar frå Norge til Russland og byrjar å søkje jobb. Du har ein bachelor frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, men ingen har høyrt om denne utdanningsinstitusjonen der du søkjer jobb. Det same gjeld papira dine frå Universitetet i Stavanger. Nettverket ditt er i Norge. Referansepersonane dine er norske. Den potensielle russiske arbeidsgjevaren kvir seg litt for å ringje og snakke engelsk med din tidlegare arbeidsgjevar. Det er nettopp slike utfordringar innvandrarar i Norge møter når dei søkjer jobb i Norge.

Debatten om mangel på kompetanse har versert lenge i Sogn og Fjordane. Trongen for kloke hovud og arbeidsvillige hender er ikkje mindre aktuell sjølv om delar av næringslivet strevar med å levere positive resultat når året er slutt. Det er sløsing med ressursar å ikkje bruke kompetansen som innvandrarar har! Nytenking og innspel frå fleirkulturelle personar er gull verdt for verksemder som konkurrerer på ein internasjonal marknad. Skal verksemdene erobre nye marknader og vere innovative er fleirkulturell kompetanse og språk viktige faktorar. Kor finn vi denne kompetansen? Jau – midt blant oss. Ta den i bruk!

Har du spørsmål om prosjektet, eller vil du delta, ta gjerne kontakt med underteikna!

Karin Halle
Regiondirektør
NHO Sogn og Fjordane
Tlf:416 19 200
Mail: karin.halle@nho.no