Viser arkivet for stikkord nynorsk

Bruk vitet - skriv nynorsk

Bruk vitet – skriv nynorsk
«Sunnfjord folkehøgskule trur bokmål betrar rekrutteringa»

Ein folkehøgskule i Førde, midt i nynorskfylket Sogn og Fjordane, prøver å rekruttere ungdom frå heile landet. Til dette må dei bruke bokmål, då det tydelegvis er lettare å forstå, hevdar dei.
«Vi må kommunisere med alle», seier rektor ved skulen, Jorun Knapstad. Vidare hevdar ho at ein brukar nynorsk i det daglege, men det første møtet med skulen vil dei skal vere på bokmål. Kvifor det, undrar eg meg. Trur dei verkeleg at ungdom frå Oslo og Finnmark ikkje skjønar nynorsk når dei les om skulen, men når dei eventuelt har søkt seg dit og fått elevplass ved skulen, så skal dei likevel lære seg å skjøne det? Norsk ungdom i dag er temmeleg oppegåande og ungdom frå andre deler av landet er ikkje dummare enn at dei greier å lese begge målformene. Når dei søkjer seg til ein nynorskskule, som dei allereie veit ligg midt i nynorskland, så er det vel ikkje fordi dei har problem med språket?
Hadde eg vore bokmålsbrukar, hadde eg definitivt ikkje søkt meg til ein skule som er for flaue over sitt eige mål til å bruke det på eigne nettsider og som markerer seg på bokmål fordi dei trur ungdom ikkje greier å lese nynorsk.

For meg handlar det om respekt, og det går begge vegar. Respekt for at ungdom i Noreg i dag er så oppegåande at dei greier å lese både bokmål og nynorsk, og respekt for ein skule som torer å bruke sitt eige mål.

Når ein søkjer seg til ein skule, er vel fagtilbodet det viktigaste, kva ein faktisk kan lære ved eit år ved skulen.
Ei viktig oppgåve for ein folkehøgskule må vere å ta vare på verdiar, dette gjeld òg språk og kultur.
Folkehøgskulane i Nordfjord og Sogn er altså tøffare enn i Sunnfjord, dei nyttar sitt eige mål i annonseringa for skulen, og dei rekrutterer frå heile landet.
At ungdom i dag let vere å søkje på ein folkehøgskule fordi dei har nynorsk som hovudmål, trur eg ikkje ein augneblink.

Bruk vitet og skriv nynorsk!

Olaug A Haugen
(tidlegare elev og tidlegare tilsett)

Sunnfjord Folkehøgskule: Bruk hovudet – skriv nynorsk!

Rektor ved Sunnfjord folkehøgskule, Jorun Knapstad uttalar seg i Firda (19.02.14) om at dei håpar nettsider på bokmål vil trekkje fleire elevar til skulen og kjem med påstanden om at dei på den måten kommunisere med alle. Som vi veit er Sunnfjord Folkehøgskule eigd av Normisjon og mottek offentleg støtte av Staten og ligg i ein nynorsk-kommune og då bør dei spegle lokalsamfunnet dei er i. Det er ikkje likegyldig korleis Sunnfjord Folkehøgskule kommuniserer. Påstanden om at bokmål skal til for å trekkje til seg elevar på Sunnfjord folkehøgskule er både tvilsam og tullete. Kva med elevane som kjem frå nynorsk-kommunar?
Les meir…

Ja til julesal i 2014!

Vi nynorskbrukarar vert pepra med bokmål kvar einaste dag nærmast over alt, ogso i førjulstida. Difor er det umåteleg viktig at næringslivet i nynorske kommunar er språkleg beviste, øhm, orsak: medvitne. Og underteikna ser ikkje vekk i frå at det kan føre litt ekstra gronkar og gryn i kassa om ein har vet til å kapitalserar den lokale språkidentiteten.

Som halvveges utflytt Sogn- og Fjording er det stas å kunne fikse siste rest av julehandelen heime i det nynorske kjerneområdet, der ein har so mange gode butikkar med tilsette står på for kundane. Det er òg spanande for ein litt over middels gira målungdom å sjå korleis det står til med språkbruken til desse buene og butikkane. Er dei språkleg medvitne eller er det bokgnål over hele lina?

So eg snørte min sekk, fyrte opp min bil og suste inn til den næraste Heilt Tilfeldig Valde Tettstaden I Det Nynorske Kjerneområdet (i dette dømet: Sandane). Medan eg gjekk der å tusla og prøvde å finne høvelege gåver til slekta, studerte eg språket på skilt og reklame. Og som ein Sint og Sur Nynorskforkjempar må eg altso få lov til å sei mi hjartans meining om tilstanden: Det var nemleg slettes ikkje verst! Dei næringsdrivande på denne Heilt Tilfeldig Valde Tettstaden I Det Nynorske Kjerneområdet, som eg reknar med er nokolunde representative, verkar for å vete kva dei held på med. All reklame og skilt som var laga lokalt i butikkane var på nynorsk, utan særlege skrivefeil som eg la merke til. Dessutan såg eg at reklamen til dei større verksemdene i all hovudsak var skriven på rett skriftspråk. Det er skikkleg bra!

Dette går ann å byggje vidare på, gode næringslivsleiarar! Men kvifor er språkleg medvit og nynorskbruk so viktig? Jo, fordi nynorsk – lik det eller ikkje – førebels er nytta av eit mindretal i Noreg. Nynorskbrukarane og språket deira er soleis under press frå språket majoriteten brukar. Sjølv om nynorsk med sine omlag 600 000 brukarar er eit av dei største språka i verda og slett ikkje er eit truga språk, må vi aldri gløyme Hans Rotmo sine ord: “De e’ itt nå som kjæm ta sæ sjøl”. Eit språk må brukast og vere synleg for brukarane av språket skal bli sikre og gode språkbrukarar. Når nynorsk vert nytta i alle delar av samfunnet, langs med bilvegane, i kommunale skriv, i reklamane til næringslivet, i media og no voneleg snart på større lufthamnar som Flesland, vert nynorskbrukarane sikrare og betre språkbrukarar. Eit døme: Eg får ofte høyre at det er “unaturleg” for særleg yngre nynorskbrukarar å bruke det og det nynorske ordet. Og det er ikkje so rart at det kan vere uvand å bruke ordet “sal” i hovudmålstilen viss dei berre ser “salg” og “sale” i butikkane der ein bur.

Men, gode næringslivsleiarar og andre lesarar, dette er heldigvis lett å gjere noko med! Hovudproblemet med språket på dei butikkane i den Heilt Tilfeldig Valde Tettstaden I Det Nynorske Kjerneområdet eg handla i, var at dei tydelegvis fekk mesteparten av reklamen sin sentralt frå kjeda dei er ein del av. Og sidan desse kjedene er diverre ikkje like språkmedvitne som dei lokale butikkane, vert difor storparten av skiltinga på bokmål. Sjølv i tjukkaste nynorskland! Eg forstår utmerka godt at det kan vere vanskeleg for ein einskild butikk i G-sport, Rimi eller Hennes&Maurits å krevje nynorsk reklame, men dei må krevje sin rett. Og som so ofte før er det samarbeid som skal til. Ta ei ringerunde til dei andre butikkane i same kjede i nynorskkommunar og kom med eit samla krav. Og ikkje ta eit nei for eit nei, når det gjeld språklege rettar er det ofte mas som må til. Medan ein ventar på positivt svar er det berre å take saksa og pennen fram: det er ei enkel sak å klippe vekk e-en og g-en i “Salg” og “Sale”, og det er berre bra å fikse litt på u-en i “tilbud” slik at de gjev kundane eit skikkeleg “tilbod”.

Gode næringslivsleiarar, her kan det nemleg vere pengar å hente. Det er nemleg slett ikkje utenkjeleg at det er vanskelegare å sei nei til eit godt “tilbod” enn noko so simpelt som eit “tilbud”. Det slett ikkje noko gale med bokmål, det er til dømes særs fint i dikt, men som verksemder i nynorskområdet framstår de noko useriøse og umedvitne om de ikkje brukar nynorsk. I dagens utfordrande marknad der det lokale næringslivet er truga av butikkar på internett og av at folk handlar i nabokommunen, må de spele på dei positive korta de har. Den lokale språklege identiteten og vissheita om at de er ansvarlege samfunnsaktørar er dømer på dette. Og eg kan avsløre: underteikna har veldig lett for å bla opp bankkortet for å handle kjede av Skogstad og eplejus frå Balholm, som båe er gode føredømer når det gjeld nynorsk merkevarebygging.

Julestrida er over for denne gang, men det kjem ei tid for julehandel ogso neste år. Lat det bli eit godt julesal med gode tilbod. For vil du ha fart på salet, må verksemda di framstå seriøse, vere språkleg medvitne og – framfor alt – bruke nynorsk.

Fredrik Hope
Leiar i Studentmållaget i Bergen
og Næringslivsven

Drøymedugnad i Nynorskens skog

Nynorskens skog i full blomst. Montasje: Bjørn-Are Vollstad

A
ape
skape

Eg ber på ein draum om eit nynorsk vertskap i Nynorskens skog; ei levande stadfesting av språkkrafta, ein raus språkhage i kvardagen. Ein stad å gjere stas på nye og gamle tekstvekstar, frie og strie talestraumar. Ein stad å få has på språkbråk og ordhor. Ein stad for ordleik og kvasst preik. Ein stad for å verke med i den nynorske skapnaden, for å dyrke nynorskens originalitet; som lokale dialektar, som verdsspråk, som tankekraft. Ein stad for samkome, samtale, og samundring — medvitande om opphavet, med kurs for storhavet.
           
            Kroppen er eit hav huda held inne, organa er organismar, levande virvellause dyr. Skjelettet er samanpressa restar av djupe tiders livsformer, avleiringar, eit reisverk av kalk, eit rev for organa mine, ei langstrakt grunne, heftegrunn for nye opphopningar av materie. Hjernen er ein korall, hjartet ein blekksprut, lungene anemoner. Levra er ein svamp, nyrene nakne sneglar og tarmane er sjøpølser. Huda er flata som omsluttar djupet.

Dei fann, dei fann
Nynorskens skog ligg i hjartet av Førde, ved elva Jølstra, midt i Sogn og Fjordane. Fylket vårt er det nynorske grunnfjellet, ifølge Ottar Grepstad, og 97% av skuleelevane her har nynorsk som hovudmål.  Aasen fann eit språk, Torsheim ramla over eit uttrykk. Ivar lufta seg blant akkar og elg og tufta ein ny norsk, eit nytt norsk skriftmål, på talemåla våre. Oddvar spann fram Nynorskens skog i lett samkvem med Beatles-tekstar.  Språk endrar seg, og lever sålenge det uttrykkast, sålenge det pustast, enten det er ny norsk, blynorsk eller ny-by-norsk.

            Lyset møter overflata, det reflekterast, lyset treffer igjen, gir ein liknande reaksjon, så utløyser det ein refleks, ei lysrørsle, fleire rørsler, reflekterast frå refleks til refleks, ein kjedereaksjon. Etterkvart utfaldar ein refleksjon seg, fleire refleksjonar, tankerørsler, med påfølgande reaksjonar. Djupet reflekterar over flata. Overflata er havets hinne, botnen er djupets skál. Tyngda og trykket held kroppen samla. Huda omsluttar meg, er menneskets membran.

Skravlande navlar
Språk er teknologi, språk er biologi. Språk treng lunger, hjarter, hjernar, tunger. Språk treng kroppar, språk tilverkar tankar. Språk er tankeskyer; fantasi, handverk, munnverk; ordskogar, meiningskratt; er både tankeverktøy og tankestøy. Språk kan både opne og lukke draumane våre. Språket er saumen mellom draumen og den jamne straumen. Språket er åket, reiar tankeleiet, og kan råke vidt, eller berre litt. Språk skapar haldningar og manar til handlingar. Språk er særeigne organismar som vi inngår i, og som inngår i oss, som eit kretslaup, som ein verdsvev. Språket veks i og ut av medvitet, medvitet veks i og ut av kroppen, og kroppen vaks ut av mor si, her på jorda, akkurat som desse orda: Navlar avlar navlar; skravlande navlar. Kroppar stoppar, ser på kvarandre, mens navlane helsar, for så å gli forbi.

            Forstanden er sansestranda, synsranda som kastar vekselverkande lys og skugge over utsikta og innsikta. Eg ser ut av mitt eige ansikt, eg ser hav- og himmelbryn, eg ser mine eigne hårete augebryn. Eg svevar i synet, der utvendig og innvendig overlappar; ytre refleksjonars indre reaksjonar og omvendt. Verkelegheita verkar. Eg utgjer min eigen hendingshorisont, overgangen mellom det mulege og umulege i mitt eige medvit. Randa rundt mitt eige indre dragsug, krafta eg spinn rundt, krafta tankane mine spinn rundt, kreftene medvitet balanserar mot.

Talestraum, informasjonsflaum, og ein levande draum.
Språket kan bråke, og språket kan sprake, utan å orsake. Språket både veit og ikkje veit — sola står opp heiter det endå, og sola går ned — men visseleg er det vi som vender oss til og frå lyset. Språket vart til mens jorda endå var flat. Språket vakar ikkje sjølv; det er vi som må halde språkvake, i ei stadig veksande kosmisk omverd. Jorda spinn om sin eigen akse, seglar rundt sola, stjerna vår; eller som Georg Johannesen skildra det:

Vi sover i vår egen skygge
                                                          
med solen under sengen
                                                          
når jorden formørker seg selv.

Språk er like mykje tankekraft som tale og skrift. Vi veit svært lite om utgangspunktet for medvitet; det at vi veit at vi veit, at vi veit med i verda; at vi er medvitande vitner. Ut av livmora og ut i alle orda, den strie straumen; ut i informasjonsflaumen som trenger inn i den levande draumen.

            Pupillane er pulserande svarte hol som kontinuerleg sluker omverda. Verda vrenger seg, kollapsar inni meg, transformerast og reflekterast tilbake, pustast inn og ut. Universet forsvinn inn i kraniehola, verda speglvendast, og netthinna blir min natthimmel. Hjernen er stjerner, den er ein galakse, og midt i hjernekjerna er der eit levande lys, eit medvit som alt kretsar rundt. Tankekrafta er hjernestjernenes indre kjernereaksjonar, kjedeeksplosjonar som kastar lyskjegler ut gjennom auga og vindauga.
 
Språk har røter, alle orda har si historie, sjølv bokstavar snur og vender på seg:

A var eingong ein okse

drog orda etter seg

organiserte jorda

Det vi finn saman
Kan Nynorskens skog ved elvebreidda i Førde gjerast til ein relevant og tidvis kverulant kvardagsarena for den lokalglobale språkkrafta? For språkleg spik og flid og tankefryd? Språket er årenettet, for ikkje å seie skjelettet, i kulturen vår. Kultur er menneskenatur. Språk skapar fellesskap, men kan også splitte. Det er ikkje alltid ein forstår kvarandre sjølv om ein nyttar same talemålet. Språket viklast ut gjennom oss. Språket viklar samfunnet vårt ut, det vi finn saman, der vi finn saman.

Skvalder, skaldekvad og twitterkvitring
Kunne ein koble daglege nyhender med poesi? Kunne ein koble den nynorske mediekrafta i fylket, med skular og høgskular, barnehagar, med sansehagar, bibliotek og diverse festivalar? Kan skaldekvad og twitterkvitring møtast utan at det berre vert skvalder? Kva med ein ny-norsk-rapp-app? Eller ei årleg verbbøyingstevling? Eller å kombinere lynløkkeskrift med utprøvring av lokale oppskrifter? Rødbruskaviar og sumaragurk?

Draumeflaum
Draumen eg ber på ser fylket og Førde som ein endå meir aktiv og utfordrande utforskar av språkkrafta vår, tankekrafta, språkgleda. Nynorsken er utgangspunktet, men kartet er ikkje kvitt utanfor fylkesgrensene, ei heller utforbi riksrøysene. I Nynorskens skog er det grobotn for alle språk. Språkgrøde, språkglød. Bokmålet kan komme ut av bøkene, frå eteren, eller som spøkar, og den aldrande nynorsken kan både lovprise og tilgrise seg sjølv.

Så kva skjer om ein let seg gripe av den ambisiøse og uthaldande Aasen og den ville, dansande Torsheim, og freistar å få i stand, eller avle fram, eit sjeldsynt program i Nynorskens skog, midt i fylket, i nybygdebyen Førde?

Eg oppfordrar med dette til drøymedugnad for Nynorskens skog: 
1. Finn fram skrivesaker og ha dette tilgjengeleg på nattbordet.
2. Fokusere drøymekrafta på Nynorskens skog like før du sovnar.
3. Notere ned draumen straks du vaknar, eller prøv igjen neste natt.
4. Del heile eller delar av draumen din her, eller med nokon du kjenner.

Bjørn-Are Vollstad
kjartanistansk diplomat,
sivilarkitekt og skribent

Biletserie med 15 bilete — bla med å trykkje på pilene

”Nynorsk er noe dritt.”

"

“:http://www.google.no/imgres?imgurl=http://pub.tv2.no/multimedia/TV2/archive/00656/Nynorsk__656274i.jpg&imgrefurl=http://www.tv2.no/nyheter/innenriks/krever-nynorskopplaering-for-innvandrere-2988516.html&usg=__Xla-EJfOXnnCAQoGtJtMhXFxeeI=&h=383&w=680&sz=35&hl=nn&start=0&zoom=1&tbnid=EQnGml5Yb-nnIM:&tbnh=119&tbnw=211&ei=LHEETsOQNsbMswaA5rieDA&prev=/search%3Fq%3Dnyorsk%26um%3D1%26hl%3Dnn%26client%3Dfirefox-a%26sa%3DN%26rls%3Dorg.mozilla:nn-NO:official%26biw%3D1252%26bih%3D619%26tbm%3Disch&um=1&itbs=1&iact=rc&dur=269&page=1&ndsp=17&ved=1t:429,r:9,s:0&tx=54&ty=78&biw=1252&bih=619

I Noreg er nynorsk blitt noko heilt ”latterleg” og ”tragiskt” blant oss ungdommar. Og du er spesiell om du i det heile tatt berre skriv nynorsk. Ein kan besøkje kommunar i tjukkaste Sogn og Fjordane, der du vil få høyre nesten meir bokmål enn nynorsk. Ord som ”bare” og ”spise” er heilt vanleg å seie. Utruleg skremmande! Kvifor tørr ingen ungdommar å skilje seg ut å snakke/skrive eit meir særskild skriftspråk?

Heile 90% av alle norske elevar har bokmål som hovudmål. Noko som ikkje er bra for nynorsken. Ei undersøking viser òg at 75% av ungdommen i Noreg som har nynorsk som hovudmål skiftar til bokmål som hovudmål, når dei kjem på ungdomsskulen. Eg tykkjer det er ganske trist at mange blant oss ungdommar skiftar hovudmål når dei kjem på ungdomsskulen. Det er viktig å halde på nynorsken, spesielt når du kjem på ungdomsskulen, for det er der ein utviklar og byggjar på nynorsken ein har lært på barneskulen.
Ungdommen er ei aldersgruppe der ein blir lett påverka, dette gjeld òg språk. Ein vil gjerne snakke slik som kjendisane i tjukkaste Oslo, og ofte skjer denne påverknaden gjennom media. Me er òg i ein fase der ein ikkje vil skilje seg ut, kanskje fordi nynorsk har litt meir ”spesielle” ord enn bokmål, velgjer dei derfor bokmål. Noko som er utruleg teit, ein burde absolutt halde på språket!

Alt skal vere så lett for ungdommen no for tida, det at ein berre skal ha eit hovudmål og inkje sidemål vil gjere oss ungdommar mykje slappare. Å jobbe for ein 6’ar i sidemål er noko alle burde ha motivasjon til, å ha kunnskap om sidemålet ditt er utruleg viktig! Det gir oss ungdommar mange gode røynsler som me kan ta med oss i verda.

Eg tykkjer dette er heilt absurd, me må byrje å bry oss og opne auga! Nynorsken kan ikkje bli utrydda på grunn av at me ikkje har så mange tøffe ungdommar i samfunnet som tørr å skilje seg ut. Nynorsk skal vere noko ein er stolt av, ein suvenir når du skal ut i verda eller møte andre folk med anna språk. Ivar Aasen skapte ikkje nynorsken for at den så skulle blir utrydda nokre få hundre år etter!

Lise-May Sæle, 14 år.
Leiar i Balestrand Ungdomsråd.

Nynorsk

La meg først begynne med å sei at eg er for nynorsk. At bedrevitarar konsekvent skal hakke laus på skriftspråket er for meg uforståelig. Joda, du greier deg nok fint med eit skriftspråk når du skal skrive norsk. Men du greier jo deg også fint her i verden uten å lære historie, geografi, kristendom (eller kva det no meir politisk korrekt heiter), samt samfunnsfag og slikt også. Ein MÅ jo ikkje kunne dette for å kunne leve eit fullverdig liv. Det er heilt klart ein fordel, misforstå meg rett, men i ein arbeidssetting kan ein klare seg fint uten også. Spesialtilfeller som historiker og prest og slikt rekner eg automatisk utanfor dette, då det er særinteresser for eit fagfelt.

Men no har vi vel komt såpass langt i prosessen i generasjonsutbyttinga av lærarstanden, at desse samme skuleleie, sytete, og mindre intelligente personane som før satt på skulebenken, no har ikledd seg lærarrolla. Og før nokon kapper av meg haue her og meiner at det blir voldsomt å kalle nokon mindre intelligente. Kva skal ein kalle dei då? Om ein ikkje evner å lære dette, så må det nødvendigvis skorte på andre kvalitetar også? Det er ikkje mogleg å ha forskjeller i intelligens lenger tydeligvis, uten at ein skal hekte på ein sjukdom som lese og skrivevanskar, dysleksi, konsentrasjonsvanskar og adhd. Kan det tenkast at av og til må nokon påta seg den tunge oppgåva med å forklare foreldra at – sorry, men ungen din er diverre ikkje skarpaste kniven i skuffa.

Men kva betyr no egentlig intelligens til sjuande og sist? Det fins jo stein stokk dumme folk som håver inn med penger fordi dei har funne det dei er gode på? Alle kjenner ein/ei slik ein/ei. Utdanning og karakterar henger ikkje konsekvent saman med årslønn på sikt. Så om du ikkje får til å mestre to skriftspråk, har ikkje det eit kausalforhold med at du ikkje lykkast her i livet. Det betyr berre at du ikkje er språkkyndig. Eller har hatt ein elendig lærar. Klart fins det gode lærarar, men det fins også mykje rote der ute. Og uansett kan ein fint bli både rakkettforskar, ingeniør, snekkar eller rørleggar uten å kunne den døyt av nynorsk. Så logikken her er at om ein gjer det dårlig i eit fag, så må ein fjerne faget? Skal ein då forutsjå at den aukande mengda med overvektige barn her i landet vil avskaffe gymnastikk fordi det er noko dei ikkje mestrar?

Å skrive på nynorsk har også fordeler. Ein kunne lett skrive av bokmålslærebøker på både vidaregåande og universitetet, utan å måtte tenke på parafrasering. Denne kom automatisk av seg sjøl når ein la om til nynorsk. (Så får en be til høgare makter at ingen sensorar og liknande les dette, og anker karakterane mine).

Men det må også vere mogleg å fornye nynorsken. Status i dag på dialektar er ikkje den samme som for 150 år sidan. Knapt nokon eg kjenner seier “mogleg”, eller “nokon”, og “kvifor”. Denne lista kunne vore alvorleg lang, men ein tar etterkvart poenget. Det blir som om bokmål framleis skulle vore skreve etter riksmålets reglar. Og for å presisere, så fins det mange ulovlege ord brukt i denne teksten, som slett ikkje kan skrivast på nynorsk. Men det blir berre for overdreve å legge om til denne ekstremnynorsken. Eg skal fint la meg arrestere på feil ordbruk, men tenk då over at ordvalga er bevisst.

Slepp nynorsken til!

I dag er det slik at alle dei store riksavisene i Noreg har eit forbod mot nynorsk på redaksjonell plass. Det tyder at ein journalist tilsett i VG eller Dagbladet ikkje får lov til å skrive på nynorsk om han eller ho vil det. Dette kjem ingen til gode.

Vi meiner at det er heilt uakseptabelt at eit slikt forbod skal fortsetje å eksistere. Det er feil å kalle seg ei riksavis som skal ha nedslagsfelt over heile landet og samstundes ha forbod mot eit offisielt norsk språk som er halv million nordmenn nyttar dagleg.

Hovudgrunnen til at mange meiner det er vanskeleg å lære seg nynorsk er at språket er usynleg i det offentlege, og dette gjer livet surt for både dei ungdommane som har nynorsk som hovudmål og dei som lærer språket som sidemål. Mange ungdommar skiftar språk frå nynorsk til bokmål fordi dei aldri ser språket sitt eller fordi dei får nedsetjande kommentarar når dei skriv nynorsk. Å tillate nynorsk i dei store avisene vil sende eit signal om at nynorsk passar inn overalt og at det er greit å vere nynorskbrukar. Dei fleste ungdommar les avisene kun på nett – det er ein fin stad å starte med å sleppe til litt nynorsk.

Vi kjem ikkje med eit krav om at avisene må skrive mange prosent nynorsk, vi ber dei berre oppheve det gamaldagse og sneversynte forbodet mot nynorsk. Slepp nynorsken til!

Anette Nygård og Frida Høstaker, leiar og nest leiar i norsk målungdom Førde

Noregs Mållag skaper selv nynorskhatet

Nynorsk er et hett tema om dagene. Debatten handler om hvorvidt aviser som får statsstøtte skal måtte skrive nynorsk. Den handler om hvorvidt Tine skal skrive Melk eller Mjølk på kartongene sine. Men hvorfor i all verden? spør du deg kanskje. Det gjør jeg og. Tro meg.

La oss ta det første først; nynorsk i avisene. Jeg velger å snu hele problemstillingen på hodet. Dersom et slikt krav går gjennom, vil da nynorskavisene skrive bokmål? Vil Firdaposten og Sogn Avis skrive nyheter på bokmål (for øyeblikket er det jeg som holder oppe bokmålsandelen i avisene i Sogn og Fjordane med mine leserinnlegg på bokmål)? Jeg tviler på at Noregs Mållag har noen intensjon om det.

Også var det melkekartongene. I Sogn og Fjordane har vi stort sett drukket Mjølk til frokost. Det er greit for meg. Spiller ingen rolle egentlig. Men hvorfor må Noregs Mållag lage bråk om dette når Tine vil bytte til Melk? Melk og Mjølk smaker det samme (tro det eller ei) og har derfor ingen praktisk betydning for oss som drikker den. Men når Tine ser seg tjent med å bare trykke opp en melkekartong for hele landet istedenfor to, så mener jeg at det må være deres rett. De kompenserer det hele med at det til en hver tid skal være kartonger med nynorsk på, i hele landet. Dette burde være en seier for nynorskfolket. En stor seier. De burde spist kake. Men det gjør de ikke. De vil gjerne ha i både pose og sekk; nynorsk på alle i nynorskfylkene og nynorsk på noen i hele landet. Når debatten kommer på et slikt nivå, så må jeg si at jeg håper at alt kommer på bokmål.

Men hvorfor er det så viktig å presse nynorsken på bokmålsfolket? Det er ikke slik man tar vare på den kulturarven som nynorsk tross alt er. Dette er helt feil taktikk. Greit nok at vi lærer nynorsk i skolen og at alle bør ha en viss kjennskap til nynorsk. Dette har alle godt av. Men de debattene som har kommet opp i det siste ødelegger kun for nynorsken, og debattene er utrolig nok skapt av nynorskfolket selv. Utrolig, men sant. Blir det samme om FrP skulle laget et problem om at det kommer for få innvandrere til Norge. FrP ville mistet all oppslutningen de hadde. Det gjør nok Noregs Mållag og, etterhvert… Heldigvis, for nynorsken.