Viser arkivet for stikkord oppdrett

Engebøprosjektet og den nye regjeringa - Kap.2

Ja, so var vi komne til neste steg i sagaen om ”rutilfolket”, eller mineralifiseringa av Noreg om du vil. Den nye regjeringa har vifta med tørkleet framfor fjordforkjemparane, og truar med storstilt fjordnedbygging. Eg burde sjølvsagt ikkje vere overraska, men litt må eg no sei at eg undrar meg over fantasiløysa som rår i regjeringslokala etter valet.

Les meir…

Er det likegyldig kven som eige oppdrettsnæringa?

Professorar, politikarar og PR-agentar har sagt at det går ut på eitt om det er Kyprosregistrerte skatteflyktningar eller sambygdingar på norskekysten som eige oppdrettsnæringa. Anlegga blir her, og det blir arbeidsplassane og. Kan det verkeleg vere so trygt og so enkelt?

Lakseoppdrett vart ein suksess ut frå to faktorar; ei verna kystlinje med det rette vassmiljøet, og pionerar som kombinerte kunnskap, skapartrong og vågemot. Godt marknadsarbeid har spreidd laksen til heile verda, og skapt ein eksportsuksess utan sidestykke i Noreg si historie. Ikkje noko produkt er so assosiert med Noreg ute i verda som laksen.

Framleis skal det is i magen til for å drive med lakseoppdrett. Etableringskostnadane er enorme, ingen kan lenger starte med arbeidsvilje og pant i heimen. Også drifta krevje djupe lommer og godt sovehjarte, det teke fleire år å fôre fram ein slakteklar fisk, og der er mange feller på vegen dit. Berre sterke kapitalinteresser kan ta seg inn i oppdrettsnæringa i dag. Og store deler av næringa er eigd av investorar som har tent seg rike på andre ting.

Men enno er der att ein del etterkomarar av dei som etablerte næringa. Folk som bur på norskekysten og kjenner områda der anlegga deira ligg rimeleg godt. Dei kjenner og naboane til anlegga, og dei kjenner familiane til alle som jobbar hos seg. Kort sagt; dei leve umiddelbart på drifta og konsekvensane av denne, negative som positive. Nærleiken er av største relevans når dei gjere prioriteringar for bedrifta og verdiane dei forvaltar.

Arbeidsplassane på anlegga er nok dei siste som forsvinne. Men administrasjon, slakting og anna tenesteyting blir sentralisert. I Sogn og Fjordane fylke er det i dag berre dei lokaleigde oppdrettarane som slaktar fisk. Resten, og det er godt halvparten, vert frakta til Sunnmøre for slakting. Tre slakteri vil dermed stå for fall dersom det lokale eigarskapet forsvinne. Ei rekke administrative jobbar går i same sluket. Lokale innkjøp vert mindre, og nærleiken lokalsamfunna har til eigarane vert i praksis heilt borte.

Eigne skattar kan gjerne ta att noko av det tapet kommunane får av dette som blir flytta ut. Men det kan ikkje erstatte sysselsetjinga, aktiviteten og nærleiken til beslutningstakarane. O vel kan det vere manko på offentlege tenester ute i distrikta, men mankoen på folk og aktivitet er faktisk det mest prekære. Så er det eigentleg ikkje eit spørsmål om det er den eine eller den andre investoren som eig, men om det er eit lokalt forankra selskap eller eit globalt konsern. Globale konsern har heilt andre horisontar og mål for si drift enn eigaren rett over vegen. Det er eigentleg ikkje ein diskusjon om moral, men om mekanismar.

Øyvind Kråkås
Informasjonsansvarleg
Salmon Group AS, nettverk for lokaleigde oppdrettsselskap

Oppdrett truer villaks

Folkene bak Brennpunkt-dokumentaren ”Myten om villaksen” hevder at de ønsket å fortelle en gladhistorie om villaks som slett ikke er truet, men om du står til anklene i møkk, hjelper det ikke å høre gladhistorier om kloakkrensing i andre deler av landet.
Brennpunkt-dokumentaren bar preg av et svært selektivt utvalg av fylker som ble omtalt. Fylkene med flest oppdrettsanlegg og dermed størst problemer, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Nordland, ble ikke nevnt. Derimot ble mye oppmerksomhet viet arbeid for å bygge opp laksestammer i andre fylker, og der var det absolutt flere gladhistorier som viser at det er fullt mulig å hjelpe laksestammer gjennom aktive tiltak og ved å holde oppdrettsnæringen unna.

Villaks som sådan er foreløpig ikke truet av utryddelse, men det rettferdiggjør ikke ødeleggelse av levevilkår for villaks i Norge. Problemet er at lokale laksestammer er truet, og da særlig av oppdrettsnæringens ødeleggelser, lus og rømminger. Tapet er både økologisk og økonomisk: Stengningen av 117 av landets 452 lakseelver halverer omsetningen knyttet til laksefiske fra en milliard til 500 millioner, ifølge Bondelaget.
Hvert år rømmer det flere oppdrettslaks enn det er villaks som kommer inn til elvene for å gyte. Resultatet er stort innslag av oppdrettslaks og hybridfisk med mindre sjanse for overlevelse. Stedeget genmateriale blir forurenset av rømt oppdrettslaks.
Når smolt fra en sårbar laksestamme beveger seg mot havet, blir de møtt av en mur av lakselus, og det skal ikke mange lus til før smolten dør. Det viser et enormt behov for å få kontroll over luseproblemet, og nødvendigheten av å slakte ned luseinfisert laks.
Både rømming og lus er problemer som langt på vei blir løst ved overgang til lukkede oppdrettsanlegg. Vi må få en slutt på at oppdretterne forpester omgivelsene sine og forstyrrer økosystemer.

Truet villaks er ingen myte, slik Brennpunkt-dokumentaren fremholder. Norske Lakseelver anslår en 30 % reduksjon i elvefisket av laks i 2009 sammenliknet med 2008. Direktoratet for naturforvaltning fastslår at av 452 norske lakseelver, er bestanden utryddet i 45, truet i 32 og sårbar i 51 elver.
Brennpunkts gladhistorier er i beste fall en avsporing av den nødvendige debatten om hva som er viktigst å verne om; oppdretternes forurensning eller villaksens overlevelse.

Sondre Båtstrand
Talsperson
Miljøpartiet De Grønne