Viser arkivet for stikkord ordførar

Hysteriske fylkespolitikarar

Eg trur det er på tide å stikke fingen i jorda å revurdere strategien for “deponi forkjemparane” i Sogn og Fjordane. Dei siste dagane har mediebiletet fullstendig runne over med for og mot, rundt i ring, fram og attende og rett utfor stupet.

Naustdalsordførar, fylkesordførar og fleire med, driv eit politisk spel ulikt noko anna eg har vore vitne til. At politiske parti og aktørar har ulike ståstader og synspunkt er ikkje noko nytt. Slik skal det og vere. Men, det som har kome fram i media siste dagane gjer meg lite stolt av å vere politikar. Det som gjer meg ille til sins derimot, er all feilinformasjonen, og usannheitene desse ambasadørane kjem med. Det virkar ikkje som dei har lese so mykje som eit notat vedlagt saka, men “har høyrt att”. Eg har tidlegare tilbydd meg som “fakta database” for stortingsbenken til Sogn og fjordane når det gjeld Førdefjordsaka, eller Engebøsaka om de vil. Ikkje at eg veit og kan alt, men eg har vore med sidan starten og veit kven som har sagt kva.

I nrk i beste sendetid i dag(20.03.2013) gjekk Bjørn Lødemel i fotefara til ordføraren i Naustdal, og “irettesette” både den eine og den andre statlege instansen. So vidt meg bekjendt har ikkje Naustdal kommune kontakta MD for å spør kva dei vil ha utgreia, heller ikkje har MD sagt nei til dette.

Ordføraren i Naustdal, med resten av SFAP hakk i hel til liks med Følling og SP, går KRAFTIG til angrep på Miljøvernministeren og MD. Eg er veldig usikker på kva dei trur dette vil tene til, men det fell uansett på si eiga urimelegheit. Lang sakshandsaming? Naustdal brukte 4-5år utan å klare å gjere eit endeleg vedtak. At MD, som skal forvalte heile landet og sjå alle slike prosjekt i ein større samanheng, brukar 1-2år på å gjennomgå alt av innspel, hente inn 3’parts vurderingar, forhandle seg i mellom og gje eit svar skulle vere “Skandaløst”?

Der finnast berre eit alternativ til det svaret MD har gjeve, og det er nei. Dette veit ordføraren i Naustdal, so han er gått heilt i lås. Men at stortingspolitikarar og fylkespolitikarar skal fylje etter denne galskapen, utan å ta seg bryet med å dobbeltsjekke informasjonen dei har vorte førelagt gjer meg ille til sins.

Det faglege i saka er for dårleg utgreia, og slik er det. Dette vil ikkje endre seg utan at ein hentar inn manglane MD har bede om. Det politiske spelet som no går for ope kamera endrar ikkje på dette faktaet. So kva er det Lødemel og “Deponikameratane” eigentleg vil?

Her er eit heitt tips:
Kva med å arrangere ein open debatt/konferanse(Førdehuset?) med dei involverte(NIVA, Havforskings Instituttet, Fiskeri Direktoratet, Miljøvern Departementet, klif, DN m.fl), der alle kan få legge fram sitt syn og svare på spørsmål? Det trur eg Sogn og Fjordane treng no før dette vert for gale.

Om vekst og utvikling i Naustdal

Det er flott at ordføraren i Naustdal endeleg har byrja nytte sosialt aksepterte medier til å hevde sine meiningar i Engebøsaka. Denne, som mange andre saker til handsaming i Naustdal inneverande periode har ikkje vore plagsamt mykje debattert og utgreia polistisk. Dette tilskriv eg ordførar Haakon Myrvang det heile og fulle ansvaret for.

Når det er sagt, skal eg ta meg den friheita å vurdere innlegget til Myrvang opp mot mi eiga realitetsforståing som kommunestyrerepresentant for SV i Naustdal. Ordføraren konkluderar i dette innlegget, som han har gjort sidan 2007, med at dei samfunnsmessige positive ringverknadane overstig dei negative. Utifrå kva grunnlag trekk du desse sluttningane ordførar? Kan du sei meg kva reèlle tiltak du viser til med desse påstandane? Deretter seier du at “vi som politikarar må leggje til grunn kva som er til det beste for heile kommunen”. Ja, er det det vi har gjort meiner du? Har vi handla heilt korrekt på vegne av alle innbyggarane i kommunen? Var vedtaket vi fatta 11.05 lovleg i det heile? Kva eg legg i det, kjem vi attende til……i løp av veka.

So kjem eit hjertesukk: Du seier at eit nei frå MD til sjødeponi, vil sei eit nei til Engebøprosjektet, og vil igjen sei ein ny og alvorleg situasjon for Nordic Mining. Har du ikkje forstått det før no? Kor mange gongar har ikkje SV brukt dette som grunn for at Naustdal burde krevje andre løysingar?!!! Kva om MD seier nei, har ikkje Naustdal tenkt på det før no?

Som Sv sa i planutvalsmøte før mekling med Fiskeridirektoratet i nettopp denne saka, og som vi gjentok til Nrk i eit intervju rett etter møtet: Naustdal har ingen plan B. Dette var basert på at Naustdal legg alt inn på at MD skal godkjenne planane, noko eg nektar å tru at dei kjem til å gjere.

Det viktigaste vi gjer for framtida, er å leggje tilrette for gode arbeidsplassar, gode velferdstilbod, gode bu- og oppvekstvilkår for innbyggarane i kommunen, samtidig som vi tek ivare natur og miljø for komande generasjonar. Men ikkje slik som dette Haakon. Ikkje utan å setje krav til noko som helst, ikkje ved å gje vekk arven på vegne av alle som kjem etter oss, ikkje utan å tore krevje det beste for Naustdal. Eg ville frykta for den partipolitiske framtida for Ap i Naustdal om eg var deg, nettopp med tanke på kva de har oppnådd i denne saka her. Der står eit kommuneval for døra, og det som går føre seg i kommunestyret er ikkje spesielt godt “valstoff” for alle partia, for å seie det slik.

Alle vi andre i kommunen har vorte tvinga til å ta stilling til kva vi vil med bygdene og kommunen i framtida, med eller utan Engebø. Har vi vorte ført bak lyset? Eksisterar der ikkje eit alternativ utan Engebø, eller utan sjødeponi?

Mitt spørsmål til deg Haakon vert som fyljer: Kva er plan B i Naustdal?

Mvh
Ole Erik Thingnes
Naustdal SV