Viser arkivet for stikkord parti

SV si rolle i ei ny raudgrøn regjering

Etter å ha lese reportasjen om “gruve-utolmod” hjå Sp i Sogn og Fjordane og i Naustdal Sp, er eg ikkje i tvil om kva som er ei av dei viktigaste rollene SV vil ha i ei ny raudgrøn regjering. SV er rett og slett den sosialistiske og rettferdige miljøvaktbikkja. Verken Ap eller Sp står for eit miljøsyn som er eigna til å stå aleine, det kjem ikkje minst til uttrykk i den nemde reportasjen. Men saman med SV ser alt mykje betre ut.

Høgre og Frp i fylket har og flagga eit skremjande syn i denne saka, at nye pendlar-arbeidsplassar(les: utanlandske) og Nordic Mining sin aksjekurs er viktigare enn omsynet til eigne innbyggarar, Førdefjorden og framtida til eksisterande næringar.

Dette viser i alle høve at SV ikkje er gått ut på dato. Miljøvernminister Bård Vegard Solhjell er ein av dei tøffaste og mest uredde politikarane eg veit om. At han klarte å få med seg resten av regjeringa på det som vart det foreløpige svaret til gruveselskapet vert ståande som ein miljømilepæl i denne saka. Etter 4års sakshandsaming var det endeleg nokon som tok seg tid til å lese sakspapira, og som høyrde på dei kritiske røystene. 95% er ikkje berre andelen av fjellet som skal dumpast som slam og støv i Førdefjorden, det er også prosenten av negative innspel i den kommunale prosessen. Miljøvernministeren og SV gjorde det som resten av kobbelet ikkje hadde ryggrad til, å spyrje seg om det kanskje kunne vere noko i det når alle faglege råd gjekk imot til dømes sjødeponi.

For meg som kjenner saka betre enn eg eigentleg skulle ynskje, som har vore med gjennom heile prosessen og prosessane som har vore tidlegare, er det rimeleg surrealistisk å lese og høyre kva enkelte politikarar får seg til å kome med. Førdefjorden er ikkje noko “eksperimentell leikeplass” for storkapital og avfallsdumping. Mineralindustrien har ikkje nokon unik rett til å kunne forsøple matfatet vårt, og ruinere eksisterande næringar til lands og til vanns. Eg forventar at lokale politikarar i Naustdal og Sogn og Fjordane forøvrig evnar å sjå andre enn sine eigne behov, og evnar å sjå det store bilete. Rutilen på Engebø reiser ingen stader, i alle fall ikkje i havet om SV har noko dei skulle sagt. Teknologisk og kunnskapsbasert næringsutvikling og miljøvern er ikkje motsettingar, men 2 sider av same sak. Det eine overlev ikkje utan det andre.

Sjølvsagt skal vi take vare på miljøet seier dei alle som ein. Korleis då? Korleis vil de ta vare på miljøet når de ikkje ein gong har tolmod til å vente på utgreiingar som i det minste kan gje eit lite innblikk i forutsettingane for tiltaket? Eg trur nesten eg no er so pass frampå at eg forlangar eit konkret svar.

Lat mineralet ligge til det er forsvarleg å hente det ut. Naustdal kommune treng å bruke energien sin på tiltak som faktisk gavnar innbyggarane og kommuneøkonomien, det er og har vore mitt viktigaste argument. Naustdal er på god veg til å verte ein av sunnfjords bustadpærler, draumen midt mellom Førde og Florø. Det einaste som manglar er ein fornuftig og edrueleg, men ekspansiv og framtidsretta næringspoltikk. Hovudet framoverlent, men begge føtene godt planta på landjorda.

SV ynskjer å fortsetje i regjering, med Sp og Ap, nettopp fordi vi betyr ein forskjel. Ap, Sp og SV utgjer eit fullstendig og komplett politisk bilete, med god politikk på mange områder. At SV ikkje får betalt for alle sigrane i regjering er noko som fyljer med eit slikt samarbeid, men det betyr ikkje at vi har mista funskjonen vår. SV er miljøalibiet til den raudgrøne regjeringa. Og vi trengast i aller høgaste grad framleis. Dersom du meiner miljø og rettferd er viktig, treng du ikkje vere i tvil om kva parti du skal stemme 09.09.13.

SV i regjering er naudsynt for å få Noreg gjennom miljønålauget. Godt val.