Viser arkivet for stikkord partiklar

NIVA motseier seg sjølve

Hevdar partikkelskadar var «svært begrenset», endå 30% av fisken døydde

Min kronikk «Feil bruk av forsking» vart 14. august publisert i Bergens Tidende. Der hevda eg at rappportar om fjorddeponering av gruveavfall inneheld feil og undervurderer skadeverknader frå sevepartiklar på livet i sjøen. NIVA v/Trine Dale med fleire svarar i BT 10. september under tittelen «Tvilsom kritikk av forskningsrapporter» og i Firda 16. september under tittelen «Tvilsam rapportkritikk», men utan å tilbakevise kritikken min.

Min kritikk i kronikken pluss enkelte tilleggspunkt går kort ut på at (1) ein vitskapleg artikkel (Au et al. 2004) med vesentlege manglar er i ein rapport referert ukritisk, sjølvmotseiande og med undervurdering av skadeverknader på fisk, at (2) ein artikkel nummer to (Smit et al. 2008) er tolka feil, og at (3) NIVA er involvert i minst tre rapportar, som alle undervurderer skadeverknader. Resten av dette innlegget er ei grunngjeving for dette.

Feil på eit sentralt punkt i ein NIVA-rapport
Au et al. 2004 er refererte i NIVA-rapporten Risiko for skaderpå fisk og blåskjell ved gruveaktivitet på Engebøneset. En litteraturstudie om effekter av metaller og suspenderte partiklar – NIVA LNR 5689-2008. Eg har kritisert måten denne artikkelen er brukt på i rapporten, medan NIVA hevdar det er feil å kritisere denne vesle delen. Det er eg usamd i, for artikkelen omhandlar relevante konsentrasjonar for svevepartiklar i sjø og NIVA argumenterer her for ein grenseverdi på 50 mg/l.

Resultat frå artikkelen er i rapporten omtala i tabell 3 (døying over 20% m.m.) og i teksten med to setningar, derav denne: «Hos green grouper ble det observert gjelleskader allerede ved 50 mg/L men disse var svært begrenset».

Eg ville heller ha referert artikkelen slik i teksten: «I et forsøk hvor green grouper ble eksponert i seks uker for 30-35 mg/l døde 30% av fiskene (tabell 3). Bare overlevende fisk ble undersøkt, noe som er en stor svakhet ved forsøket, og disse fikk påvist gjelleskader. 30-35 mg/l var den laveste av flere konsentrasjoner som ble testet i forsøket».

Som lesarane no kan sjå, så fortel ikkje NIVA-rapporten at berre overlevande fisk vart undersøkte, noko som er kritikkverdig. Det er som å konkludere om faren ved ein influensaepidemi ved å undersøke berre dei overlevande. Omtalen «svært begrenset» er tolking, sjølv om NIVA i Firda hevdar det motsette, og den er feil. Samanlikning av dei to tekstane syner at alt av feil, feilvurdering og manglande opplysingar dreg i ein og same retning, nemleg mot undervurdering av skadeverknader. Og når omtalen «svært begrenset» vert sett i samanheng med 30% døying framstår rapporten som sjølvmotseiande. Eg har ikkje hevda at rapporten konkluderer.

Generell grenseverdi i ny NIVA-rapport
Konklusjonen kjem i ein seinare NIVA-rapport, Kommentarer til Havforskningsinstituttets høringsuttalelse til søknad om utslippstillatelse for utvinning av rutil i Engebøfjellet. – Transport og spredning av gruveavgang i Førdefjorden – NIVA, LNR 5875-2009. Sitat: «Marine organismer har ganske høy toleranse for partikler og nyere forskning angir 50 mg/l som et nivå der skader kan begynne å inntreffe. Finstoff som iblant blir transportert utenfor Svanøyterskelen vil være i konsentrasjon på høyst noen få mg/l».

Rapporten manglar grunngjeving og referansar for påstandane i første setninga. Kort sagt, den første rapporten argumenterer for ein grenseverdi på 50 mg/l for fisk, men utan konklusjon, og den andre konkluderer med ein generell verdi for marine organismar, men utan grunngjeving og referansar. Dette er uryddig, og ein så høg grenseverdi som 50 mg/l er uttrykk for ei undervurdering av skadeverknader.

Generell grenseverdi i rapport frå Miljødirektoratet
NIVA meiner at ein ikkje har brukt ein slik generell grenseverdi, men om det framleis skulle vere tvil, så finst det ein rapport til, nemleg Bergverk og avgangsdepondering. Status, miljøutfordringer og kunnskapsbehov – Miljødirektoratet, TA 2715-2010. Sitat: ”laveste konsentrasjon for negativ påvirkning synes å være ca. 50 mg/l”. Dette er feil bruk av ein vitskapleg artikkel (Smit et al. 2008), der resultata tyder på ein verdi under 5 mg/l. NIVA forklarar i Firda at sitatet står i eit kapittel om forskingsbehov. Endrar det på innhaldet?

Redaktør for rapporten var Jens Skei, ein deponiforkjempar ved NIVA. Så dette er kanskje ei gullgruve for habilitetsgranskarar. NIVA skriv i Firda at rapporten er førd i pennen av forfattarar også ved Havforskingsinstituttet og Naturvernforbundet, men opplyser ikkje det dei burde vite, at det var usemje om innhaldet.

Sitatet frå rapport nummer to syner ei viss risikovurdering, men med for høg grenseverdi. Det er nemnt få mg/l i sjøen ved Svanøyterskelen, som er fleire kilometer frå Engebø. Få mg/l er i det same konsentrasjonsområdet (under 5 mg/l) som artikkelen frå Smit et al. 2004 kan peike mot.

Partikkeltypar
Referansane som er brukte for å grunngje ein grenseverdi på 50 mg/l omhandlar stort sett naturlege partiklar, medan det i Engebøprosjektet dreiar seg om industriskapte partiklar. NIVA omtalar desse i Firda som «uforurenset partikkelutslipp fra gruvevirksomhet». Meiner NIVA at kjemikaliar nytta i prosessen ikkje festar seg til partiklar som vert slepte ut?

Dr. philos. og universitetslektor Agnar Kvellestad
NMBU – Fakultet for veterinærmedisin og biovitskap (Veterinærhøgskolen)

Mangelfull kunnskap om verknader av gruveavgang på livet i Førdefjorden

Finpartiklar frå eventuell gruvedrift i Engebøfjellet skal etter planen lagrast på botnen av fjorden, men det er fagleg usemje om risikoen for oppvirvling av desse til dei frie vassmassane inkludert overflata. Moglege skadeverknader på livet i fjorden frå oppvirvla partiklar er vurderte, men eg stiller spørsmål ved konklusjonane. For det første, det synest å mangle kunnskap om verknader av desse industriskapte partiklane. For det andre, mangelfulle kunnskapar om partikkeleffektar generelt er påpeika i rapportar frå Miljødirektoratet og Norsk institutt for vannforskning (NIVA), men vert likevel nytta som grunnlag for ei «faregrense» på 50 mg partiklar per liter vatn. Etter mi meining kan ein ikkje fastsetje ei slik generell «grense» ut frå den kunnskapen vi har, og endå mindre bruke den til å vurdere risikoen ved akkurat desse industriskapte partiklane. Den aktuelle «grenseverdien» er, uavhengig av denne saka, også uttrykk for ei undervurdering av verknader frå partiklar.

Tre rapportar oppsummerer kunnskap om deponering av gruveavgang inkludert finpartiklar i vatn. Den første, «_Risiko for skader på fisk og blåskjell ved gruveaktivitet på Engebøneset. En litteraturstudie om effekter av metaller og suspenderte partiklar_», vart utarbeidd av NIVA (L.NR. 5689-2008). Nummer to, «_Bergverk og avgangsdepondering. Status, miljøutfordringer og kunnskapsbehov_», kom frå Klima- og forurensningsdirektoratet (KLIF, no Miljødirektoratet, TA 2715-2010). Det tredje er «_Kommentarer til Havforskningsinstituttets høringsuttalelse til søknad om utslippstillatelse for utvinning av rutil i Engebøfjellet. – Transport og spredning av gruveavgang i Førdefjorden_» (NIVA, L.NR. 5875-2009).

Det har vorte hevda at det er naturlege partiklar som skal sleppast ut, og at desse ikkje kan ha uheldige verknader på fisk og andre organismar. Og sant nok, under og etter siste istida har breane ved si sliping av fjell danna enorme mengder mineralpartiklar, som har vorte transporterte med elvar ut i fjordar og hav. Vitskaplege publikasjonar tyder på at nokså høge konsentrasjonar av slike naturlege partiklar kan ha små effektar på fisk.

Partiklar frå rutilutvinning i Engebøfjellet kan i utgangspunktet sikkert kallast naturlege, men ikkje etter tilsetjing av kjemikaliar, t.d. fellingskjemikaliar. Då er det tale om industriskapte partiklar. Dette fordi kjemikaliar vil feste til partikkeloverflata, noko som er meininga, og truleg gje dei andre eigenskapar. Så langt eg kjenner til er det ikkje publisert resultat vedrørande fisk og andre organismar direkte utsette for slike partiklar, og etter mi meining er dette ein større mangel ved kunnskapsgrunnlaget. Ein veit ikkje om slike partiklar i større, uendra eller mindre grad vil feste seg t.d. til fisken sine gjeller og hud. Kontrollerte forsøk kunne ha gjeve en peikepinn på det.

Den første rapporten frå NIVA syner til vitskaplege artiklar, som mest handlar om laksefisk utsette for til dels høge konsentrasjonar av naturlege partiklar i ferskvatn. Rapporten syner også til eit forsøk der fisk (green grouper) i sjøvatn vart utsett for partiklar frå botnsediment (Au og medarb., 2004, Marine Ecology Progress Series). Partikkeltypane er ikkje nærare omtala i artikkelen, men eg går ut frå at dei var ulike dei som er aktuelle i dette gruveprosjektet. Det er sikkert også andre forhold som var ulike, men i samlinga av mindre aktuelle studiar er denne kanskje den mest aktuelle i denne samanhengen. I forsøket vart partiklane blanda ut i vatnet slik at dei kom i kontakt med gjellene når fisken pusta. Forsøket varde i seks veker og over 20% av fisken døydde. Gjellene hjå overlevande fisk vart undersøkte og skadar påviste. Rapporten hevdar at desse skadane var «svært begrenset». Det samsvarar ikkje med det som står i artikkelen, og heller ikkje med døyinga (gjeve dette var dødsårsaka). Skadane vart dessutan påviste hjå fisk som overlevde forsøket. Dei som døydde vart ikkje undersøkte, og ein må spørje om skadane kan ha vore endå større hjå desse. Desse skadane på fisken oppstod ved partikkelkonsentrasjonar på 30 – 35 mg/l, og ikkje 50 mg/l slik det er framstilt i rapporten. Kort sagt, ein fekk større skadar på fisken enn det vert gjeve inntrykk av, og det ved lågare konsentrasjon enn det som er referert. Dette forsøket er også interessant fordi denne fisken normalt lever i grumsete vatn (www.fishbase.org) og såleis skulle tole ein del.

KLIF-rapporten refererer bl.a. til ein artikkel om partikkelpåverknader på fleire arter i sjø (metastudie av Smit og medarb., 2008, Evironmental Toxicology and Chemistry). På side 94 tolkar ein delar av denne studien slik at ”laveste konsentrasjon for negativ påvirkning synes å være ca. 50 mg/l” når det gjeld uorganiske partiklar. Ei slik grense er ikkje antyda av artikkelforfattarane, og resultata frå denne studien kan også omtalast slik: Det er tydelege påverknader ved ca. 50 mg/l og konsentrasjonar på 8-18 mg/l (medianverdiar) kan påverke omlag 5 % av dei undersøkte artene. Usikkerheita i desse tala er stor både oppover og nedover, og syner at det er vanskeleg å fastslå ei nede «grense». Dessutan avheng det av kva arter som vert undersøkte.

Denne «grensa» er nytta i den tredje rapporten (NIVA), der det på side 13 står at «nyere forskning angir 50 mg/l som et nivå der skader kan begynne å inntreffe». Ut frå det eg har sagt over vil eg påstå at det er svak dokumentasjon for ein slik «grenseverdi» for desse industriskapte partiklane.
Usikre konklusjonar er dregne frå eit mangelfullt kunnskapsgrunnlag, og verknader av industriskapte partiklar på livet i dei frie vassmassane i fjorden synest å vere lite kjende.

Agnar Kvellestad
NMBU – Veterinærhøgskolen