Viser arkivet for stikkord politikarar

Haltbrekken truverdig? Kvifor ikkje?

Det er ganske imponerande korleis enkelte klarar å omgå realitetar når det gjeld eigne interesser. Haltbrekken truverdig? Havforskingsinstituttet fer med løgn, Klif handlar mot betdre viten, motstandarane svartmålar, miljøvernministeren er kriminell…..det er likso ikkje grenser for kva nokre får seg til å kome med når nokon talar dei imot.

Innlegget til Odd Frantzen i firda 01.07.2014 er kanskje litt av forklaringa på kva som gjekk gale under Naustdal kommune si handsaming av saka i 2011. Eg trur eg vel å kalle det “Strutsesyndromet”.

Kva er det som gjer deg so skråsikker på at fjorden ikkje kjem til å ta skade Frantzen? Og kvifor trur du næringar i Florø og omegn har kome med eit opprop der dei tydeleg går imot deponi? Næringar som årleg sysselset langt fleire personar enn Nordic Mining nokon sinne vil gjere. Næringar som omset for 10-15 gongar meir enn Nordic Mining nokon sinne vil gjere. Næringar basert meir eller mindre utelukkande på lokal arbeidskraft, og lokal leverandørar. Er desse på jordet også? Meiner du at politikarane i Naustdal kommune veit betre enn alle andre, forskarar og kunnskapsinstitusjonar inkludert? Naustdal kommune mot resten er kanskje ein god idè for nokre, men eg gjer dei dårlege odds.

Eg finn heile innlegget flaut, og ikkje politisk representativt(håpar eg!). Som tidlegare politikar i Naustdal kommune burde du vel kjenne saka betre enn du gjer uttrykk for her? Du var vel og ein av dei som stemde for reguleringsplan og utsleppsløyve 11.05.2011? Sjølv om verken straumforhalda var tilstrekkeleg utgreia, ferskvasskjelde konsekvensutgreidd, industriell prosess kjend(dvs at ingen veit kva kjemikaliebehovet vil verte ved drift), konsekvensar for sjøaure kjend, med innsigelse frå fiskeridirektoratet og ei røys til med kjende og ukjende faktorar. Korleis kan du då hevde at alle politikarar som har stemt for er sikre på at fjorden ikkje vert truga? Kva er din agenda Frantzen?

Eg burde kanskje ikkje svare på innlegg med direkte personretta kommentarar, slik eg gjer her. Men eg trur det er på tide å ta eit lite oppgjer med dette “strutsesyndromet”. Det er kanskje på tide å rette direkte spørsmål til slike som Frantzen, som talar andre personar og fagmiljø rett imot, som kjem med karakteristikkar eg ikkje finn relevante for kunnskap i saka. Som ikkje talar fjorden si sak, slik eg ser det. Det viktigaste for meg er at saka vert avgjord på korrekt grunnlag. Då må vi få slutt på avfeiing av fakta, og “nedsnakking” av fagmiljø. Natur, klima og miljø kan snakke for seg sjølv, men vi lyt tore å høyre etter. Kven kan mest om desse fagfelta Frantzen?