Viser arkivet for stikkord politikk

Sosial dumping aukar i transportbransjen

I løpet av våren og sommaren har det vore ei rekkje medieoppslag om sosial dumping og kriminalitet i arbeidslivet. Siste veka har vi sett stygge eksempel på yrkessjåførar frå Aust Europa som bur permanent på Svinesund og køyrer på oppdrag i Norge med ei månadsløn på 5000 kroner. Dette er sosial dumping på sitt verste og kan ikkje aksepterast.

Arbeidstilsynet har definert sosial dumping på følgjande måte: “Med sosial dumping menes særlig at utenlandske arbeidstakere som utfører arbeid i Norge får vesentlig dårligere lønns- og arbeidsvilkår enn norske arbeidstakere.” Det vi har sett siste månadane er sosial dumping av verste sort som må stoppast. Bakgrunnen for oppslaga er ein intervjurunde fagforeininga gjorde med 500 yrkessjåførar på Svinesund. Gjennom samtalane med sjåførane kom det fram at dei bur på Svinesund og køyrer transportoppdrag i Noreg. Løna viste seg å vere 5000 kroner som berre ein brøkdel av ein norsk sjåfør tener. Sjåførane køyer fleire månader i strekk utan fritid. Dei overnattar i bilane sine og et mat som dei har med frå heimlandet sitt.

Nokre av sjåførane som køyrer på vegane våre, er tilsette i useriøse norske selskap. Mens andre køyrer på oppdrag av transportbedrifter i utlandet. Felles for dei fleste er at dei arbeider for 5000 kroner månaden. Dei har heller ikkje rettar i det norske trygdesystemet og andre sosiale sikkerheitsnettverk. Heller ikkje arbeidsmiljølova eller andre rettar i det norske samfunnet kan dei støtte seg på. Like eins veit vi at mange av desse selskapa let vere å betale bompengar. Køyretøya held heller norske krav til standars på utstyr og dekk og kan i mange høve vere livsfarlege på vinterføre.

Det viser seg at halvparten av dei tyngre bilane som passerar Svinesund på veg inn til Noreg kjem frå andre land utanfor Norden. Også trafikkteljingar i Sogn og Fjordane har vist at omlag 40 % av varetransportane på hovudvegane blir utførte av transportørar frå utlandet. Sidan mange av desse sjåførane har heilt andre løns- og arbeidsvilkår enn dei norske sjåførane, vert prispresset i transportbransjen svært stort. Marginane er små og det er heile tida ein kamp for kutte kostnader. Det er ikkje mogeleg for seriøse og ærlege norske transportørar å konkurrere med selskap som driv med sosial dumping og ikkje føl norske arbeidsvilkår. Vi må også vere merksame på ansvaret til dei som kjøper transporttenester. Desse må ha kontroll med arbeids- og lønsvilkåra til sine underleverandørar av transporttenestene. COOP har t.d. inngått ei landsomfattande avtale med ein underleverandørar som det blir stilt store spørsmål med. Selskapet er tidlegare bøtlagt for ulovleg transport.

Transportarbeidarforbundet har brukt store ressursar på denne saka over fleire år. For medlemmane i LO er det viktig at nasjonale styresmakter set verk tiltak for å stoppe sosial dumping. Dei raud-grøne partia ønskjer å endre lovverket slik at ein kan straffe dei som kjøper tenester frå selskap der sjåførane ikkje vert lønna etter norske tariffar. Anette Trettebergstuen (Ap) seier at useriøse selskap som kjøper desse tenestene må gjerast ansvarlege. Også statssekretær i Samferdsledepartementet Bård Hogsrud (Frp) vil sjå på problemet. I første omgang vil han klarlegge ansvarsforholda i bransjen.

På bakgrunn av utviklinga vi har sett siste månadane, er det viktig at Regjeringa tek tak i dei uverdige tilhøva vi ser i transportbransjen. Ei månadsløn på 5000 kroner utan rettar i trygdesystemet er sosial dumping av verste sort. Dette er tilhøve som det må ryddast opp i og som ikkje er den norske velferdsstaten verdig. LO forventar at Samferdsledepartementet som er styrt av lov og ordenspartiet Frp ryddar opp i dette snarast. Vi kan rett og slett ikkje leve med useriøse transportørar der rå utnytting av arbeidskraft og sosial dumping er ein del av kvardagen.

Nils P Støyva
Distriktssekretær i LO

På tide med legalisering

Etter den siste tids fokus på det omfattende arbeidet politiet har utført for å hindre elever fra å røyke litt hasj, så har jeg bare blitt mer og mer overbevist om at cannabis bør legaliseres. Dette er ikke en kritikk av politiet, som har gjort jobben sin. Det er heller snakk om hva politiet faktisk bør prioritere. Er det ikke vold og vinningskriminalitet i samfunnet som er mye viktigere å hindre? Bør vi virkelig løpe etter og staffe mennesker utelukkende fordi de tar seg en joint i ny og ne? Det er merkelig at folk som drikker alkohol og av til faktisk blir beruset, moraliserer over at andre mennesker velger å bruke cannabis.

Cannabis er, som alle andre rusmidler, skadelig ved feil bruk, men hvordan har det seg at alkohol er lovlig, men cannabis ikke? Flere og flere amerikanske stater har tatt innover seg dette, og har nå legalisert stoffet i kontrollerte former. Dette tar inntektsgrunnlaget vekk fra kriminelle og gjør at politiet kan prioritere annerledes. Flere tidligere ledende politimenn i USA har gått ut og støttet denne politikken. Ikke fordi de er så glad i cannabis, men fordi de i likhet med tilhengerne av legalisering her til lands, ser at dette forbudet er like mislykket som da man forsøkte å forby alkohol på 20-tallet.

Cannabis bør, som sterke former for alkohol, selges ved egne statlige utsalg, og man bør åpne for coffeshops à la Nederland. Det dreier seg ikke om å romantisere rus, men å innse at 40 års politikk på dette feltet har vært fullstendig mislykket og snarest bør reverseres. I USA og Uruguay har man nå skjønt poenget. Når skal vi tørre å ta denne debatten i Norge? Her i landet har motstanderne kommet med skremselspropaganda og hard retorikk for å passe på at folk som er uenige med dem ikke skal få snakke høyt. Vi bør ha kommet lenger i 2014 enn å la oss skremme fra å ta viktige debatter. La oss se mot resultatene i andre land, og prøve å basere oss på fakta istedenfor bare følelser.

Trond Wathne Tveiten
Venstrepolitikker

Følg meg på facebook
Følg meg på twitter

Engebø prosjektet og den nye regjeringa - kap. 1

“Det er eit spennande prosjekt som kan bety store moglegheiter i forhold til verdiskaping og arbeidsplassar lokalt, seier Lae Solberg.” Firda 09.11.2013

Sjølvsagt tykkjer han det. Alle som vert framlagt eit slikt glansbilete som ordføraren i Naustdal og Nordic Mining brukar framstille dette prosjektet som, ville vel tykkje det?

Problemet med Engebøprosjektet, slik Myrvang og Nordic Mining framstiller det, er at der er ingen problem….. Alt er problemfritt, bileta viser born som smiler og held kvarandre i hendene, og alt er berre heilt fantastisk. Naustdal, sunnfjord og Noreg skal tene seg rike på mineral, utan nokon negative konsekvensar. ”Det mest miljøvenlege gruveprosjektet nokon gong”, seier Myrvang. Vi berre slepp alt i sjøen, so går det so bra. 11tonn kjemikaliblanda støv, silt og sand i minuttet. Fisken bryr seg ikkje, han berre passar seg litt so han ikkje får stein i hovudet, slapp av han kjem straks att. ?????? Kvar er realismen?

Dei utgreiingane som no vert gjort, er ein konsekvens av at saka er for dårleg utgreia i utgangspunktet, og då ikkje berre på konsekvensar av eit evt deponi. Myrvang har heile tida hevda det motsette. Framleis framstiller han prosjektet som klarert og nærast so godt som oppstarta. “Vi må berre vente til utgreiingane er ferdige, so forventar vi klarsignal kjappast mogeleg”. Men kva med utgreiingane då Myrvang, kva om dei seier at ikkje alt går bra?

Eg har stor forståing for at NHD ynskjer å setje seg inn i saka, men dei kan trygt byrje i andre enden. Saksgangen kommunalt, og i MD viser tydeleg korleis denne saka har vore handtert, og kva som er problema med prosjektet. Her er mykje som må rettast opp i om eit positivt vedtak skulle kunne fattast.

Eg tolkar Lae Solberg som at NHD kjem til å handtere denne saka profesjonelt, og med den respekten den fortener, det er eg glad for. NHD ynskjer å kome attende å møte alle sider i saka, og sjå kva verdiar som står på spel. Det skal vi syte føre at let seg gjennomføre.

Eg og mange med meg har vore skeptiske til kva som ville hende om dei raudgrøne ikkje fekk handtere Engebøsaka heilt til endeleg vedtak. Men eg har stor tru på at og den nye regjeringa vil sjå kva saka eigentleg omhandlar, ikkje Nordic Mining og deira aksjonærar eller ein laber kommuneøkonomi, men naturen, eksisterande næringar og verdiane som ligg her for framtidige generasjonar.

Eg trur ikkje den nye regjeringa er meir villeg til å risikere dei enorme verdiane i Førdefjorden, enn dei raudgrøne. Dei må berre få sjå heile biletet, slik rett er. Som der står å lese i “Sundvollen erklæringa”: “Regjeringen vil bygge sin politikk på forvalteransvaret og føre-var-prinsippet. Den kloden vi skal overlate til våre barn skal være i minst like god stand som vi overtok den fra våre forfedre.”

Klima, natur og miljø foredlast, vernast og vidareførast med kunnskap…kunnskap og kunnskap….ikkje ynskjetenking!

Fylket og oljen.

Avisa Firda har i det siste fokusert på manglande del av olje-kaka her i fjordafylket. Vi får seie at leiaren i avisa 29. okt. kjem seint, men godt. Det var svært få som var villige til å sjå potensialet då utbygginga utanfor fylket starta. Oljen var knapt tema i valkampane den gangen. Folk som Dagfinn Hjertenes, Kolbjørn Dyrli, og Fylkesmann Ulveseth vart i beste fal l møtte med eit skuldertrekk av dei fleste, då dei trekte fram temaet.

Opptrappinga av oljeverksemda skjedde om lag på same tid som trasèen for kyststamvegen skulle bestemmast. Her gjekk rett nok fylkestinga både i S. og Fj. og på Møre inn for at vegen skulle gå langs kysten. Men då vegsjefen vår ville ha den i Våtedalen i staden, så visste vel dei fleste kven som hadde størst gjennomslag i departement og Storting.
Hadde vi tenkt stort den gangen, bygt ut flyplassen i Florø til større fly, og lagt kyststamvegen til nettopp kysten, så hadde oljeselskapa sjølve bedt om å få kome hit, og vi hadde hatt ei eventyrleg utvikling i heile dette fylket dei siste par tiåra.

Men nok om gamle feil.
I dag prøver politikarane å pukke på konsesjonsvilkår. Vel og bra. Men skal vi få motvillige oljeselskap med på laget, så må vi tenke offensivt. Oljeutdanninga i Florø er eit godt eksempel. Men det stortingskandidatane bør gjere, er å forlange kystvegen løfta opp som eit statleg prosjekt. Vi bør ikkje stå med lua i handa, og sjå på at distriktet blir tappa for ressursar, og så berre få smular att. Dette minner om gamalt kolonistyre.

Får vi lite att i arbeidsplassar, så lat oss i det minste sitte att med ein brukbar infrastruktur når oljen tek slutt, betalt av dei som håvar inn pengane for ressursane rett utanfor stovedørene våre.

Korleis tenkjer Lødemel?

Kjem Bjørn Lødemel frå Hornindal eller Høgre? Laurdag var 1. kandidatane til 7 partilister til stortingsvalet presentert i avisa Firda. Alle hadde gitt opp sin heimkommune, bortsett frå Bjørn Lødemel som var heimehøyrande i Høgre. Var ikkje den same Lødemel som var ordførar i Hornindal kommune. Den nest minste kommunen i fylket.
Samtidig presenterer Høgre at dei vil slå saman kommunar med tvang. Kva vert det så av Hornindal kommune. Ein del av storkommunen i Nordfjord. Slukt av Stryn og Eid. Er det det som vert ettermelet til Bjørn Lødemel?

Magnar Hellebust

Alkoholpolitikk i valkampen.

Kvifor er det ikkje meir alkoholpolitikk i valkampen? Eg meiner det er eit viktig tema. Uheldig bruk av alkohol er årsak til mange sosiale og helsemessige problem. Årsak til vald, ulukker og kriminalitet. Årsak til sjukdom og for tidleg død. Dette må vi ta på alvor. Alkoholinntaket auker i den norske befolkninga.

Slik det ser ut på meiningsmålingane no, ligg det an til at vi får ein meir liberal alkoholpolitikk etter valet. Høgre vil gjere alkoholen letteare tilgjengeleg ved å utvide opningstidene. Dei vil at det skal kunne seljast alkohol i butikk til kl. 22 på kvardagar og laurdag. Og dei vil opprette ei ordning med pol i butikk i område der det ikkje er vinmonopolutsal. Dei vil og tillate avgrensa alkoholsal direkte frå produsent.

Frp skil seg klart ut. Partiet har den mest liberale alkoholpolitikken av alle partia som er representert på Stortinget. I partiprogrammet sitt seier dei: “Fremskrittspartiet tror en mer liberal alkoholpolitikk vil føre til et mer avslappet forhold til alkohol og til sunnere drikkevaner, samt få omsetning av alkohol inn i lovlige former.” Mon det. Dette er i direkte strid med forsking, som seier klart at tilgang har direkte samanheng med alkoholkonsum. Frp vil fjerne monopolet for omsetjing av alkoholhaldige drikker. Dei vil senke avgiftsnivået på alkohol slik at avgiftene kjem på linje med nabolanda.

Venstre, som og kan kome i regjering, har og ein liberal alkoholpolitikk. Dei vil tillate lokal produksjon og omsetjing av alkoholhaldige drikker. Venstre vil ikkje at staten skal bestemme tidene for salg og skjenking i kommunane. Dette vil dei overlate til det lokale sjølvstyret. Eg er redd det betyr vidare opningstider. Dei aller fleste kommunane ligg i dag på det som er maksimaltidene i alkohollova. I tillegg vil Venstre at det skal bli lov å selje øl og vin i daglegvarebutikkane.

Greier KrF å demme opp mot dette? Eg har mine tvil om det. Dersom vi får eit regjeringsskifte etter valet 09.september kjem landet til å få ein meir liberal alkoholpolitikk. Eg trur det er ei god oppskrift på fleire alkoholrelaterte problem. Eg er i alle fall overbevist om at det betyr at det totale alkoholkonsumet kjem til å gå opp.

U-landet Sogn og Fjordane

Dei mørke skyene heng tungt over Sogn og Fjordane, og da talar eg ikkje om sommarveret. Vi les at fylket vil sakke meir og meir akterut i høve til resten av landet på grunn av dårleg økonomi. Skuletilbodet i Sogn og Fjordane blir òg dårlegare og klassar rundt om i fylket blir nedlagde. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap har fatta vedtak om at kommunane i Sogn og Fjordane politidistrikt skal knytte seg til 110-sentralen ved Bergen brannvesen og fylket blir utan alarmsentral. Dessutan trugar Statoil å legge om drifta på fjordbasen i Florø, og så mange som 250 arbeidsplassar er truga.

Ser ein historisk på det er det ikkje no Sogn og Fjordane starta akterutseglinga. Mellom 1900 og 2000 vart folketalet i Noreg fordobla, medan Sogn & Fjordane berre hadde ei auke på 20 %. Dette plasserer Sogn og Fjordane klårt på botnen mellom alle fylka i landet. Medan nabofylka våre, Hordaland og Møre og Romsdal, følgjer landsgjennomsnittet ganske godt.

Som innflyttar til Sogn og Fjordane følest det som om politikarane her, meir enn andre stader, stort sett bryr seg med særinteressa til heimstaden sin i staden for å sjå på kva som er best for fylket samla. Vi skal helst ha eit sjukehus på kvart eit skjer og lengst inne i alle fjordar. Og E39 bør innom kvar einaste bygd i fylket, i alle fall innom bygda til lokalpolitikaren. Resultatet av denne kranglinga er at vi kanskje mistar alle sjukehus i fylket. Og nabofylka har for lengst bestemt traseen for nye E39, så Sogn og Fjordane hamnar nok sist i denne køen òg.

Kvifor er det slik? Fylket har store naturressursar, med malm og vasskraft i fjella og olje og gass rett utanfor skjergarden vår. For å vere ærleg kan eg ikkje sjå at så mykje blir gjort for å skape nye industriarbeidsplassar i fylket. Til dømes så blir eventuell gruvedrift i Vevring trenert av både lokale og nasjonale politikarar. For meg ser det ut som om mange helst vil ha ting som det alltid har vore og at vi skal halde fram med å leve av jordbruk og fiske. Utviklinga skal helst skje andre stader enn her, men goda vil vi ha.

Men det er olja og offshoreaktivitetane i fylket eg skal konsentrere meg om. Det som er slåande er at det er så lite oljerelatert industri som det er i Florø og resten av Sogn og Fjordane. Rett utanfor oss ligg store oljeressursar og nokre av dei største oljefelta vi har på norsk sokkel. Da med Gullfaks i særklasse, men ein skal heller ikkje sjå bort frå felt som Snorre og Visund. Kvifor har det seg da så at det ikkje finst noko oljeselskap som har lokalisert ei driftseining i Florø? Det einaste som føregår frå basen er forsyning. Så godt som all teknisk ekspertise blir styrt frå oljeselskapa sine hovudkontor. Det faglege miljøet i Florø er tynt og dei fleste oppdrag som treng kompetanse går ut av fylket. På mange måtar kan ein samanlikne S&F med eit u-land; vi sitt med verdiane, men all kompetanse blir henta utanfrå. Vi har ressursane, men pengane går ut av fylket. I etterkant må vi fint be om statlege overføringar for å drive fylket, ressursar som eigentleg høyrer til oss i utgangspunktet.

Ein må nok ein gong spørje seg kvifor det er slik. Dersom ein ser på andre byar langs kysten ein kan samanlikne seg med, så får dei det til. For kva er det som skil Florø frå Kristiansund og Harstad, to småbyar med vefungerande driftskontor. Og med driftskontora ville òg kompetansen og spesialoppdraga for resten av offshore-industrien komme.

I avisa kan vi no sjå bekymra politikarar som lurar på kva som skal skje dersom Statoil legg ned, og dei vil prøve å gjere sitt beste får å overtyde Statoil til å halde ved den gamle drifta, eller i det minste gje andre oppgåver i fylket. Men er det verkeleg Statoil som er den rette adressaten her, og burde ikkje krava vere meir hårete enn som så? For det er vel eigentleg på nasjonalt nivå desse krava burde komme, og Sogn og Fjordane er i sin rett til å krevje meir enn å berre levere rør og driftsforsyningar til den norske sokkelen.

Klart Statoil bør få krav på seg til å vidareutvikle aktivitetane sine på basen. Det same bør gjelde dei andre oljeselskapa på basen, GdF Suez og BG. Å krevje at Florø har minst eitt driftskontor er ikkje urimeleg. Men desse selskapa må få statlege føringar på at Sogn og Fjordane skal få kompetansejobbar slik at vi unngår å stå på land og sjå på at alle ressursane våre blir sendt til Oslo.

No er ikkje situasjonen heilsvart, det er vedteke oppstart av eit subsea bachelor-studium i Florø til hausten. Det er òg full aktivitet på basen, faktisk så stor aktivitet at det per i dag ikkje er meir ledig kapasitet. Men er dette nok? Vil eit lokalt studietilbod vere nok til å skape eit fagleg miljø? Og dei lokale politikarane vegrar seg for å tillate utviding av baseområdet. Og kva skjer om Statoil bestemmer seg for å legge om drifta i Florø?

Så no går utfordringa til politikarane våre, og det er som kjent stortingsval til hausten. Kva er planane vidare for Sogn og Fjordane? Skal vi halde fram med å stå med lua i handa og be fint om statlege overføringar, eller skal vi satse høgare? Dersom politikarane våre går for det første alternativet, bør dei ikkje lure på kvifor skuleklassar blir nedlagde, industrien forsvinn og ungdomen flyttar frå fylket.

Ein særs dårleg tildeling av ein fredspris

Den norske Nobelkomiteen har nok ein gong kome med eit absurd vetak om tildeling av fredspris. EU fortener så klart ikkje å få ein fredspris.

Eg er samd med LO-sekretær Kristian Tangen, som i eit intervju med frifagbevegelse.no kallar denne tildelinga for ein “skandale”.

Kva er det EU får prisen for? Dei stadig oftare tilfella av grov politivald mot demonstrantar i EU-land? Den aukande sosiale uroen som følgjer av kraftige auka i sosial ulikheit og arbeidsløyse? At fleire folkevalde organ vert satt til side til fordel for toppbyråkratar og teknokratar? At EU er ein militær allianse? Alle krigane og okkupasjonane som fleire EU-land har vore med på i nyare tid?

EU-landa står nå, ifølgje aftenposten.no for 32 prosent av all våpeneksport i verda. EU har dessutan bygd opp eit eige militærapparat med eigne institusjonar og eigne avdelingar. EU har vedteke at dette militærapparatet skal kunne bli satt inn kor som helst i verda, med eller utan FN-mandat. EU pålegg medlemslanda til å ruste opp militært. I Lisboa-traktaten står det at “Medlemsstatene forplikter seg til gradvis å forbedre deres militære kapasitet” (artikkel 42.3)

Ei undersøking som Respons Analyse har gjort for Aftenposten syner at berre 1 av 4 nordmenn meiner at det var riktig å gi EU denne prisen. Akkurat som den politiske eliten i EU er Nobelkomiteen i utakt med folk flest.

Tildelinga av fredsprisen til EU er den verste tildelinga sidan den vanvittige tildelinga til presidenten i USA, Barack Obama, og det var den verste tildelinga sidan tildelinga til Henry Kissinger. Alfred Nobel sitt testamente har vorte dratt så mange gangar ned i søla no at det er på høg tid at nokon andre tek over. Den norske Nobelkomiteen er openbart ikkje kompetent. Eg seier at Sverige må få oppgåva med å dele ut denne prisen. Så slipper i alle fall vi å verte gjort til latter på denne måten.

Anders Hamre Sveen
Vara til landsstyret i Raudt
Stryn

Nei til EU og EØS

Eit overveldande fleirtal er motstandarar av at Noreg skal melde seg inn i EU. Det er bra. Det er ønskeleg at euroen og EU, med alle EU sine institusjonar, vert kasta på historia si skraphaug.

Noreg er heldigvis ikkje medlem av EU. Dessverre har vi ein del skadelege bindingar til EU-systemet, og den aller skadelegaste er EØS-avtalen. EØS-avtalen er ein sjølvpålagd husmannskontrakt, som gjer at særs mange av vedtaka som vert gjort i EU-systemet òg vert norsk lov.

Det eine EU-direktivet meir skadeleg enn det andre vert banka igjennom av eit EU-lojalt fleirtal på Stortinget. Gjennom datalagringsdirektivet har vi fått eit svekka personvern. Gjennom tenestedirektivet og vikarbyrådirektivet har dei som arbeidar for å dumpe løn- og arbeidsvilkår i Noreg fått auka makt. Gjennom matsminkedirektivet har vi fått ein større del av direkte helseskadelege stoffar i maten. Og så bortetter. Fleire skadelege EU-direktiv kjem rett rundt hjørnet.

Det er viktig at den skadelege EØS-avtalen vert sagt opp, jo før jo heller. Det er òg viktig å trekke Noreg heilt ut av EU sitt militærapparat, Schengen og Frontex, i tillegg til å seie opp veterinæravtalen med EU.

Anders Hamre Sveen
Vara til landsstyret i Raudt
Stryn

Regjeringa si svekking av posttenestene

Dei politiske partia Ap, SV og Sp har vore i ein fleirtalsregjering sidan 2005. Den skadelege utviklinga innan posttenestene har fortsatt under disse partia, med mange nedleggingar av postkontor.

Dei tilsette på postkontora hadde ein spesialkompetanse som ikkje har blitt teke vare på. Postkontor og daglegvarehandel er faktisk to ulike ting, og akkurat som butikkmedarbeidarar med fleire års erfaring med daglegvarehandel kan denne typen verksemd best, så var det dei som hadde arbeida på postkontor som hadde størst forståing for posttenester.

Å bytte ut postkontor med «Post i butikk» er snikprivatisering, og det står dessutan, slik eg ser det, i direkte motsetnad til denne formuleringa i regjeringa si eiga politiske plattform, ‘Soria Moria II’: «Vi vil føre ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk (…)».

«Post i butikk» er eit dårlegare tilbod enn eit postkontor, og nesten alle som bur i Sogn og Fjordane må no nytte eit «Post i butikk»-tilbod. Posttenestene i Sogn og Fjordane har altså vorte dårlegare i regjeringstida til Ap, SV og Sp. Dette meiner eg er ein skikkeleg dårleg politikk.

Anders Hamre Sveen
Vara til landsstyret i Raudt
Stryn

Sogn og Fjordane og Noreg går bra

Gjennom media har det den siste tida blitt retta sterk kritikk mot den raud-grøne Regjeringa. Særleg har Frp og Høgre kome med mykje svartmåling. Av og til kan ein få inntrykk av at vi lever i eit underutvikla u-land som er ”skakkøyrt” på alle område. Samanliknar vi utviklinga i Noreg med landa i Sør-Europa, fell svartmålinga og kritikken på sin eigen steingrunn. Økonomien i fleire land i Europa er ute av kontroll. 24 millionar er utan arbeid i Europa. Arbeidsløysa mellom ungdom har auka til over 25 % i enkelte land. Vi ser at den økonomiske krisa er i ferd med å utvikle seg til ei sosial- og tillitskrise.

I Norge lever vi derimot på den grøne greina. Siste året har vi hatt god vekst i fastlandøkonomien. Vi har ei svært låg rente, og tal arbeidslause går ned og utgjer berre vel 3 % av arbeidstyrken. Sidan 2005 har vi hatt ein reallønsvekst på om lag 2,5 % i året. Sidan den raud-grøne regjeringa tok over, er det skapt nesten 300 000 nye arbeidsplassar. Av desse er om lag 2/3 skapt i privat sektor. I Sogn og Fjordane er det sidan 2005 fått 2300 nye jobbar. I den høgredominerte Bondevik II regjeringa vart det berre skapt 26.000 nye arbeidsplassar på fire år. Dette er tal og nakne fakta som står i grell kontrast til svartmålinga og den negative fokuseringa frå Høgre og Frp.

Likevel er det politiske utfordringar å gripe tak i. Vi ser tydlege teikn på at vi går mot ein todeling av industrien vår. Petroleumsnæringa opplever svært gode tider, medan den tradisjonelle eksportnæringane slit tyngre. Det er difor viktig at landet vårt får ei kostnadsutvikling samt ein løns- og prisvekst som den tradisjonelle industrien og eksportbedriftene kan leve med.

Forsking og utvikling er område som må få større merksemd i åra framover. Det er menneska sin kunnskap og skapartrong som skal gjere oss i stand til å løyse oppgåvene i framtida. FOU er også avgjerande for å skape nye arbeidsplassar. Å investere i kunnskap, forsking og innovasjon er å sikre framtidig konkurransekraft. Dette er avgjerande for at vi framleis skal ha vekst i næringslivet vårt.

Dei siste sju åra har løyvingane til infrastruktur og samferdsle auka monaleg. Nasjonal transportplan er oppfylt gjennom årlege løyvingar i statsbudsjettet. Likevel er ikkje løyvingane store nok til å auke vegbygginga og hindre forfallet på vegnettet. I ei årrekkje er vedlikehaldet forsømt. Difor har Statens Vegvesen sett av mykje midlar i NTP for å betre vedlikehaldet og stoppe forfallet. I fylket vårt har vi svært mange tunnelar. Vedlikehaldet av tunnelar er kostbart, svært kostbart. For nokre månader sidan la Statens Vegvesen fram eit utkast til nasjonal transportplan, NTP. Det vart presentert rammer på dagens nivå og rammer med vekst på høvesvis 20 % og 45 %. For å løyse utfordringane innan denne sektoren, krev Sogn og Fjordane Arbeidarparti ein auke i løyvingane på 65 %. Etter mitt syn er samferdslepolitikk og næringspolitikk to sider av same sak. Knapt noko anna område av politikken har så mykje å seie for samfunnsutviklinga og næringsutviklinga.

Med det krevjande økonomiske landskapet i Europa i bakhovudet, ser vi kor avgjerande det er med ei trygg økonomisk styring. Den raudgrøne regjeringa har skapt eit robust og moderne velferdssamfunn som tek vare på fellesskapsverdiane i samfunnet på ein best mogeleg måte. Trass i at det er mange politiske utfordringar på fagfelt som helse- og omsorg, ufrivillege deltidstillingar, klimautslepp, har Arbeidarpartiet og regjeringa styrt landet vårt på ein god måte. Ein vellukka økonomisk politikk med stor verdiskaping, låg rente og låg arbeidsløyse, er den beste dokumentasjonen på dette.

Med helsing

Nils Støyva
fylkesleiar

Sogn og Fjordane SU på landsmøte - Slår eit slag for landbruk og miljø

- Dette er ei avgjerande tid, seier Ragnhild Underlid, leiar i Sogn og Fjordane Sosialistisk Ungdom. Ho var saman med sin delegasjon frå Sogn og Fjordane tilstade på landsmøtet for å kjempe for mellom anna landbruk og miljø.

SUs ordinære 24.ordinære landsmøte vart heldt 23.-26.juni på Hamar.

NEGATIV TIL OVERDREVEN SENTRALISERING
- Ingen har betre peiling på korleis jorda kan drivast mest fornuftig og effektivt enn det bøndene har, seier Ingeborg Elgersma. Sosialistisk Ungdom krev difor ein slutt på politikken der ein belønner bønder for å sentralisere.

På biletet f.v.: Ingeborg Elgersma, Ragnhild Underlid og Eivind Lystad (observatør Sigrid Sandal deltok også).

- Dagens sentraliseringspolitikk er i realiteten ei mistillitserklæring til norske bønder! Vi må vise at vi meiner alvor når vi seier at bønder skal ha en lønn å leve av, og at vi skal bevare norsk matproduksjon, fortel Eivind Lystad.
- I tillegg til landbruk var det viktig for oss å få vedtatt god miljøpolitikk. Det er avgjerande for framtida, og dessutan noko mange ungdommar er opptekne av. Vi har fått til begge deler, meiner Ragnhild Underlid.
- No gjenstår det berre å gjennomføre og få gjennomslag for politikken vår, poengterer Sigrid Sandal. Men ein god vedtatt politikk er definitivt ein bra start!

Idretten får betre arbeidsvilkår

Regjeringa la for kort tid sidan fram ei ny idrettsmelding. Idrett er det den største folkerørsla vi har i landet. Idretten og dei frivillige organisasjonane gjer ein stor innsats for eit levande lokalmiljø og er ein viktig demokratisk ressurs for storsamfunnet. Mange menneske legg ned eit stort gratis arbeid i alle desse frivillige organisasjonane.

Gjennom idrettsmeldinga legg regjeringa til rette slik at alle som ynskjer det skal få høve til å delta i idrett eller drive eigenorganisert fysisk aktivitet. Idretten rekrutterer frå det breie laget av folket og er dermed ein viktig arena for sosialt fellesskap og integrering. Idretten er også ein viktig møteplass på tvers av generasjonar og sosiale skiljeliner.

Manglande fysisk aktivitet med vektauke og andre livsstilssjukdomar, er eit aukande samfunnsproblem. Samfunnet brukar i dag langt over 100 milliardar kroner til spesialisthelsetenester og andre tiltak innan helsesektoren. Desse midlane blir i hovudsak brukt på behandling og ”reparasjon” av sjukdommar og skadar. Lite blir nytta til førebygging. I den nye samhandlingsreforma har førebygging fått ein mykje breiare plass i helsevesenet. Idrett og fysisk aktivitet er noko av det beste førebyggande arbeidet vi har. Idretten må difor koplast til og bli ein viktig del av samhandlingsreforma.

Endring av tippenøkkelen
Gjennom idrettsmeldinga forslår den raud-grøne regjeringa å endre tippenøkkelen slik at idretten får auka sin del av overskotet frå Norsk Tipping frå 45,5% til 64%. Regjeringa vil gradvis fase inn den auka overføringa til idretten. Ved full utteljing vil gi 650 millionar ekstra til idretten. Norsk idrett har i dag eit stort etterslep på spelemidlar til idrettsanlegg. Det er fire til fem års ventetid på utbetaling av spelemidlar til idrettsanlegg, og på landsbasis aukar etterslepet med omlag 200 millionar kroner kvart år. Omlegginga må også medverke til at idretten styrker arbeidet med å inkludere funksjonshemma og grupper som i dag i liten grad deltek i idrettsaktivitetar. Også tiltak for å legge til rette for friluftsliv skal prioriterast som ein del av dette. Gjennom endringa av tippenøkkelen vil løyvinga til kulturformål bli redusert. Dette skal fullt ut kompenserast gjennom auka løyvingar over statsbudsjettet.

Momskompensasjonen
Regjeringa har auka meirverdikompensasjonen til frivillig sektor med 212 millionar kroner i 2011. Til saman får frivillig sektor kompensasjon gjennom statsbudsjettet for 627 millionar i 2012. I tillegg vert også det gitt momskompensasjon til bygging av idrettsanlegg på 62 millionar. Denne satsinga for å styrke og betre rammevilkåra til frivillig sektor er historisk og er eit av dei viktige elementa i Kulturløftet. Målet for denne ordninga er å kompensere for utgifter som frivillige organisasjonar har til meirverdiavgift ved bygging av anlegg og kjøp av varer og tenester. Arbeidarpartiet vil sikre at momskompensasjonsordninga blir trappa opp til 1,2 milliardar kroner i 2014.

Framleis grasrotdel
Den raud-grøne regjeringa har innført grasrotdelen, som gir spelarar hos Norsk Tipping høve til å bestemme kva overskotet skal gå til. Kvar enkelt spelar kan velje kva for lag eller organisasjon som får fem prosent av innsatsen. Dersom nokon spelar Lotto for hundre kroner, går fem kroner til grasrotmottakaren. Om lag 650 000 spelarar har knytt seg til grasrotdelen. Frå 2009 og til 2012 er det spelt inn 771 millionar til lokale lag og organisasjonar. Mykje av dette har gått til idrettsføremål. Arbeidarpartiet vil vidareutvikle denne ordninga.

Kulturløft
Kultur og idrett har fått mykje betre rammevilkår under den raud-grøne regjeringa. Forpliktingane gjennom kulturløftet om at ein prosent av statsbudsjettet skal gå til kultur innan 2014 står fast. Idretten er vår største frivillige rørsle. Noregs Idrettsforbund har to millionar medlemmar og fleire hundre tusen frivillige, som er med på å skape eit positivt aktivitetstilbod for barn, unge og vaksne over heile landet. Gjennom idrettsmeldinga følgjer den raud-grøne regjeringa opp idrettsrørsla på ein god og framtidsretta måte.

Med helsing

Nils Støyva
fylkesleiar i Ap

Hysterisk detaljstyring

Tysdag 17.april behandla Fylkestinget i Sogn og Fjordane spørsmålet om fritt skuleval. Etter framlegg frå FrP, der vi gjekk inn for at elevane sjølv skal få definere si eiga framtid og følgje draumane sine, vart det ein debatt som tydeleg synte forskjellen på dei raudgrøne og Framstegspartiet. For der AP sine styringskåte politikarar, som berre er redd for å miste si eiga makt, talte varmt for elevstyring der dei kunne definere både innhald og kor elevane skulle gå på skule, fronta Framstegspartiet eit prinsipp om at og elevar er i stand til fatte val på eigne vegne, og at elevane sjølv klarer å tenkje utan å få hjelp frå Kristin Halvorsen. Det var faktisk ein politikar frå AP som klarte å uttale at elevane kunne ikkje ta eigne val, fordi dei ikkje var i stand til å fatte konsekvensane av valet. Vel, eg trur den eleven heller vil ta konsekvensen av sitt eige val enn av AP-politikaren sitt val.

Jens Stoltenberg og raudgrøne politikarar på veljarjakt snakkar ofte om dei fryktelege marknadskreftene og kor gale alt kjem til å gå viss marknaden får styre. Jens Stoltenberg har sågar uttalt at «Marknaden er ein god tenar, men ein dårleg herre». Vel, i denne samanhengen var marknaden elvane. Så det Stoltenberg faktisk sa, var at «Elevane er ein god tenar, men ein dårleg herre». Eg veit ikkje kva Stoltenberg trur om seg sjølv, men det må være ganske mykje. Gud gav menneske fri vilje, og eg trur ikkje han hadde tenkt at Stoltenberg skulle ta den tilbake. Kjære Statsminister, forskjellen på meg og deg er at der du ynskjer å være herre, å styre elevane, så meiner eg at det er elevane som er herre og du som er tenaren. Viss ein som politikar ikkje skjønner at ein er vald for å tene innbyggjarane så har ein ikkje noko som Statsminister å gjere.

Når Stoltenberg spring rundt å snakkar nedsettande om marknaden så er det han eigentleg gjer å snakke nedsettande om sine eigne innbyggjarar. For det er innbyggjarane som er marknaden, det er me som er kundar og brukarar av det offentlege tenestetilbodet. Når han seier at marknaden ikkje kan styre i eldreomsorga, så seier han faktisk at Olga på 93 og Olav på 87 er for dumme til å fatte eigne val. Når han seier at ein ikkje kan ha marknadstenking i skulen, så seier han at han veit betre kva som er best for meg og andre elevar, enn det me veit sjølv. Korleis er det muleg å verte Statsminister når du har ein så låge tankar om innbyggjarane dine?

Og dersom marknaden, altså me som er brukarar av dei offentlege tenestene, skal ha høve til å fatte våre val, då kan vi ikkje ha ein monopolsituasjon på tilbodssida. Dersom me gjennom våre val skal kunne definere kva tilbod som er bra, og kva tilbod som er dårleg, og kva tilbod vi ynskjer å bruke, og ikkje bruke, så er me avhengige av at vi faktisk har noko å velje i. Men slik det er i dag så har AP tatt på seg å både definere tilbudet på vegne av det offentlege, og jammen har dei ikkje tatt på seg å bestemme kva brukarane, anten det er dei eldre eller elevane, skal velje blant desse tilboda også.

Eg har aldri engasjert meg i politikk fordi eg ynskjer å styre eller definere korleis andre skal leggje opp livet sitt. Eg har valgt å engasjere meg i FrP fordi eg ynskjer å leggje til rette for at folk sjølv skal få høve til å ta eigne val, følgje draumane sine, og definere si eiga framtid. Både elevar og andre er fullt ut i stand til å tenkje sjølv, dei treng ikkje hjelp av verken Jens Stoltenberg, Kristin Halvorsen eller Liv Signe Navarsete. Eg håpar derfor at dei raudgrøne kan gi opp denne hysteriske detaljstyringa av norske borgarar, og halde dei klamme fingrane sine for seg sjølv.

Slepp fleire samfunnsvitarar til!

Professor Frank Aarebrot er ein spennande og fargerik person å høyre på. Han har utvilsamt stor kunnskap om det meste innan for sitt fagfelt, samanliknande politikk, som er eit emne innanfor statsvitskap. I tillegg har han også meiningar om mangt, og ofte ligg desse innanfor synsing. Det bør ein som person lov til å ha i tråd med demokratiet. Men det er noko som avisa Firda, så vel som andre media bør vere tydlegare på, så er det korleis ein person kommentere ut i frå sin ståstad, anten det er som fagperson eller eigne meiningar.
Det vert for snevert i norsk samfunnsdebatt når ein og same person stadig vekk vert sitert i norske media.
Les meir…

Skulestruktur i Naustdal - Kvifor vi stemte som vi stemte.

Det er nok mange naustedølar som ikkje er fornøgde etter kommunestyret i Naustdal 16.02, kor det vart vedtatt å legge ned Horstad skule, endre krinsgrenser, samt flytte elevane i 5-7 klasse frå Vevring til skulen i Naustdal. Dette skjønnar Framstegspartiet svært godt, og vi vil greie ut kva vi meiner, kva vi har gjort og kvifor vi stemte som vi gjorde.

Når Framstegspartiet vart spurt i valkampen om vi ynskja å gjere noko med skulestrukturen sa vi at så lenge det er pedagogisk forsvarleg ynskjer vi å halde på dagens struktur. Dersom vi gjer betydelege kutt ved bruk av ‘ostehøvelprinsippet’ på ein skule som allereie har lite resurrsar, meinar ikkje vi at dette er pedagogisk forsvarleg. Fleire valgte å stemme i mot tilrådninga utan å ha eit alternativ, men dette valgte vi ikkje å gjere, då økonomien ville ha blitt hardt ramma, og som konsekvens ville gått ut over kvaliteten i skulen og andre kommunale kjærneoppgaver.

Framstegspartiet har gjennom heile prosessen signalisert at vi meinar at tilrådinga ikkje er den beste løysinga for skulane i Naustdal. Både Vevring og Horstad har svært gode resultat, gode skulemiljø og er viktige for kvar sine lokalsamfunn. Framstegspartiet har tidlegare foreslått å sjå på konkurranseutsetting og å legge ut kommunale tenester på anbod. Dette er ikkje noko som har fått støtte for i kommunestyret. Vi har også vert i kontakt med NHO Service fleire gangar for å få utgreid kva kommunen har å spare ved ei slik løysing, noko vi ikkje har fått til grunna kapasitetsproblem i NHO, samt at Naustdal er ein liten kommune og ikkje vil bli prioritert.

Framstegspartiet kunne valgt å fremma eit forslag om konkurranseutsetting, som ikkje ville fått noko støtte frå dei andre representantane. Vi valgte ikkje å gjere dette, då vi er meir opptatt av at vi skulle få eit vedtak som kunne gangne flest mogleg av innbyggarane, istaden for å ‘proteststemme’. Vi konkluderte også med at dette var ein billeg måte å ‘score’ politiske poeng på, og ein måte på å kunne skrive fra oss ansvar. Istadenfor prøvde vi å komme fram til eit samlandevedtak som gagna fleire, men her lukkast vi ikkje.

Framstegspartiet tok første initiativ til ei alternativ løysing 5. Januar, 2012, då vi sendte ut e-post til gruppeleiarar i SP, SV, KRF, Venstre og Raudt. Vi sendte då ut ein e-post som innhaldt blant anna :

«Det i overkant av ein månad til skulesaka skal endelig vedtakast i kommunestyret. På forgje kommunestyremøte tolka eg det slik som at ingen av oss var særleg nøgd med forslaget, og ynskjer å komme fram til ei betre løysing. Vi i Framstegspartiet foreslår at gruppeleiarane i dei forskjellige parti sett oss ned, og diskuterar problemstillinga vi står framfor. Er det interesse for dette hjå dei andre partia?
(I tilfelle nokon ikkje har fått med seg matten, så har vi fleirtal dersom vi vert samde om noko.)»

Framstegspartiet fikk kun svar frå Venstre og Raudt om at dei var villige til å disktutere seg fram til ei løysing. Vi fekk også ei tilbakemelding frå Senterpartiet sin gruppeleiar om at han ynskja telefonnummeret mitt så vi kunne ta ein prat, men eg høyrte aldri noko meir. SV og KRF har vi ikkje høyrt noko frå. Vi tolka det som at det ikkje finnast politiskvilje til å redde utkantskulane, men det var kun eit politisk spel. Likevel gikk vi inn i møtet 16.02, med ei innstilling på at vi var med på å finne alternativ og inngå kompromiss, sjølv om vi var svært skeptisk på om dette var mogleg under debatten før vedtak, grunna svært kort tid til å finne ut noko forsvarleg. Dette ville krevd forarbeid, som det ikkje var politiskvilje for.

Under kommunestyretmøtet såg det også ut som Framstegspartiet kom i vippeposisjon. Som vi uttrykte då ville vi støtte det forslaget som kom flest til gode, så lenge det var økonomisk forsvarleg, samt det ikkje ødela kvaliteten i dei kommunale kjærneoppgavene. Desverre viste deg seg at det var ikkje tilfelle at Framstegspartiet kom i den posisjonen vi trudde, då AP sine utbrytarar kom til å stemme for både eige framlegg, samt tilrådning. Som ein konsekvens klarte vi klarte ikkje å endre tilrådninga til det minimumet vi innleia med (Verne vidare struktur i Dalen, og reversere endringar ved Vevring dersom det vart gruvedrift på Engebø).

Vi har komme med forslag til alternative utgreiingar, vi har forsøkt å samle eit fleirtal for å jobbe med denne saka sidan rett over nyttår og vi har forsøkte i kommunestyret å nytte ein vippeposisjon vi ikkje hadde for å få endra tilrådninga til å gagne mest mogleg. Vi lukkast desverre ikkje i nokon av tilfellene. Framstegspartiet har bere ein representant og har begrensa makt, dersom vi ikkje kjem i ein vippeposisjon, men det sit derimot 20 andre politikarar i kommunestyret. Framstegspartiet føler vi har gjort det vi kunne gjere i denne saka, og påpeikte at vi meinte at tilrådninga ikkje var det beste alternativet for Naustdal (Sjå protokolltilførsel som kjem med referat). Vi måtte tilslutt velje mellom to ‘onder’; Entan å kutte i struktur eller å stemme i mot forslaget, då det ikkje var noko alternativ, noko som vi tolkar som kutt i kvalitet. Vi kunne også velje å fremme eit eige forslag som ikkje ville fått støtte. Vi valgte å kutte i struktur.

Ufrivillige deltidsstillingar er ein uting

Kommunane, offentlege institusjonar og private verksemder er i desse dagar i ferd med å sluttføre handsaminga av budsjetta sine. Det er mange ynskje og krav som skal vurderast.. Lovnader frå valkampen skal følgjast opp. Ei av dei store utfordringane i offentleg sektor framover er å rekruttere arbeidskraft og då særleg til pleie- og omsorgsektoren. Årsakene til at det vanskeleg å rekruttere er mange. Vi kan nemne: Låg løn, fysisk tungt og stressande arbeidsmiljø og svært mange deltidsstillingar. Over halvparten av dei som arbeider i omsorgssektoren er faktisk tilsette i små deltidsstillingar. Dei fleste av desse er kvinner. Også i andre offentlege sektorar er deltidsstillingar ei utfordring. Ein del kvinner ønskjer å arbeide i deltidsstillingar, men mange har søkt om å få større stillingar år etter år utan å vinne fram med krava sine. Det er ikkje mogeleg å leve av inntektene frå ei lita deltidsstilling. Svært mange tek ekstravakter og arbeider meir enn det stillingsstorleiken skulle tilseie. Men det er umogeleg å få fast tilsetting i heile stillingar.

Årsakene til at kommunane, fylkeskommunane og staten opererer med så mange deltidsstillingar er m.a. pressa kommuneøkonomi, lav grunnbemanning, ubekvem arbeidstid, organisering og opplegg med turnusordningane og trong for eit visst tal personar for å fylle opp vaktene. Det er viktig at offentleg sektor og fagorganisasjonane arbeider saman for å få fleire heile stillingar. LO og Fagforbundet har denne hausten teke tak i problemet med deltidstillingar på konstruktiv måte. Fagforbundet har sagt seg villege til å vurdere og arbeide nokre fleire helgar i året. Det er ikkje snakk om å gå tilbake til arbeid annan kvar helg, men gjennom å jobbe nokre fleire helgar, har ein kome eit godt stykke på veg til å løyse problemet. Vi får vone at andre fagorganisasjonar kjem etter. Ein annan viktig faktor for å løyse problemet med deltidsstillingar, er å auke grunnbemanninga. Dette krev at kommunane prioriterar dette i budsjettarbeidet gjennom å løyve ekstra ”kroner og øre” slik at det er mogeleg å auke grunnbemanninga. Det er no tid for konkrete og synlege handlingar for å følgje opp valprogramma og vakre lovnader frå valkampen.

Både samfunnet generelt og arbeidsgjevarane sine haldningar til ”kvinnearbeid” er eit anna viktig område som må endrast. Tradisjonelt sett er det kvinna som arbeider deltid. Dette er eit resultat av gamaldagse tradisjonar og økonomiske tilhøve. Kvinna har i mange tilfelle den lågaste inntekta og vel sjølv å redusere stillinga si i lange periodar. Difor er det viktig også i eit likestillingsperspektiv å innføre heiltidsstillingar i mykje større grad enn det som er dagens praksis. Sogn og Fjordane Arbeidarparti meiner vi rett og slett ikkje kan tilby nyutdanna ungdom små brøkstillingar som det ikkje er mogeleg å leve av.

Nils Støyva
fylkesleiar i Ap

Minneord om Hanne Kristine Fridtun

Det uforståelege og tragiske har skjedd. Hanne Kristine Fridtun er mellom dei omkomne etter dei tragiske hendingane på Utøya i Tyrifjorden. 22. juli 2011 vil for ettertida stå som den svartaste dagen i norsk historie sidan andre verdskrig. 68 ungdomar vart rivne bort på den mest rå og brutale måten ein kan tenke seg.
Hanne Kristne Fridtun vart fødd på Flo i Stryn kommune 15. august 1991. Foreldra hennar er Kolbein og Eva Fridtun. Hanne voks opp saman med broren David i ein god og fredfyld heim på Flo. I barne- og ungdomsåra hadde Hanne mange interesser. Dans og folkemusikk vart etter kvart ein av hovudaktivitetane hennar. Ho deltok i leikarringen til Fjelljom og kom etter kvart med i Fjelljom spelemannslag. I ni år spelte ho fele, og for dette fekk ho i 2008 tildelt Emil Bolstad sitt legat. I tre år var ho styremedlem i spelemannslaget. Ho dreiv også med fotball, ten sing og speidararbeid.
Etter kvart vart ho også svært interessert i politikk. Hausten 2009 restarta ho Stryn AUF saman med Inge Sveen og Petter Lunde Meisfjordskar. Første året var Hanne nestleiar i laget. Seinare har ho vore med å starta opp fleire AUF-lag i Sogn og Fjordane. I februar 2011 vart ho valt til leiar i Sogn og Fjordane AUF etter Torbjørn Vereide. Hanne var ei ung og pågåande kvinne med stort engasjement og stort hjarterom. Ho ville alle det beste og hadde eit særskilt engasjement og omsut for dei svake i samfunnet. Hennar mål med det politiske engasjementet var å påverke og endre samfunnet til det betre. Som leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti hadde eg sjølv mykje kontakt og mange diskusjonar med Hanne. Ho kunne kome sprudlande inn på kontoret med nye tankar og idear om korleis samfunnet kunne utformast.
På Arbeidarpartiet sitt landsmøte i april 2011 hadde ho eit tankevekkande og godt innlegg om behova eldre har for kontakt og omsorg. For dette innlegget fekk ho trampeklapp. Ho sa m. a:
”Situasjonen i dag er at det sit altfor mange einsame eldre rundt om i bygdene. Einsame, med mangel på livsglede. Som sjukepleiarstudent har eg kjent denne einsomheita på kroppen. Dei eldre lyser opp når vi kjem og bankar på døra deira, berre for å spørje om dei har det bra.”
Siste åra hadde ho fast stilling som helgevakt i tenesta for funksjonshemma i Stryn kommune. Denne sommaren hadde ho sommarjobb i heimesjukepleien. Sidan ho var elev ved Sogn og Fjordane sjukepleiarhøgskulen i Førde, var dette eit arbeid ho like svært godt. Hanne utførde arbeidet sitt med flid, og ho vart godt likt av arbeidskollegaer og vener.

Første veka i juli kom ei energisk Hanne inn på kontoret mitt. Hennar bodskap var då heilt klårt. Dei eldre og rørslehemma har for dårlege vilkår i Miljøgata i Stryn sentrum. Seinare i månaden vart det eit større oppslag i lokalavisa Fjordingen om saka. Hanne står på fjerde plass på lista til Stryn Arbeidarparti ved kommunevalet no i haust. Hennar største ynskje var å kome inn i kommunestyret for å betre tilhøve for t.d. dei funksjonshemma.

Hanne sitt stor politiske forbilde var Gro Harlem Brundtland. Ho såg opp til Gro med stor beundring, og eg veit ho gledde seg til helse på henne under sommarleiren på Utøya. Hanne er borte for godt, men alle venene vil hugse henne som ein samvitsfull og tvers gjennom god ungdom. Ho såg alltid etter det positive hos sine medmenneske og gjorde alltid sitt beste for å hjelpe og støtte andre. Fred over minne til Hanne Kristine Fridtun!

Stryn 02.08.2011

Nils Støyva
ordførar/fylkesleiar Ap

Vi må skape fleire arbeidsplassar i Sogn og Fjordane

Arbeid til alle er Sogn og Fjordane Arbeidarparti sitt viktigaste mål. Verdiskaping er grunnlaget for velferd. Derfor vil Arbeidarpartiet føre ein aktiv næringspolitikk som legg til rette for full sysselsetting og eit nyskapande, kunnskapsbasert og miljøvennlig næringsliv. Arbeidarpartiet har vore og er det viktigaste næringspartiet.

Det er viktig å utvikle robuste bu- og arbeidsområde. Dette vil styrkje grunnlaget for auka aktivitet innafor olje og gass ved basen i Florø, prosessindustri i Svelgen, Høyanger og Årdal. Likeeins er det ei målsetting å etablere industri på Lutelandet og i Sløvåg, samt sikre Måløy kompetanse i internasjonal klasse i arbeidet med utvikling av vindkraft. Designsatsinga i Stryn må utviklast vidare. Like eins må datalagring i tilknyting til Lefdal gruver følgjast opp.

Det meste av næringsutviklinga i fylket skjer i byar og tettstader. Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil i sterkare grad vektleggje og stimulere til sentrumsutvikling. Dette meiner vi igjen vil føre til folketalsvekst, fleire arbeidsplassar og meir verdiskaping.
Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil arbeide for at det offentlege høgskule- og forskingsmiljøet i fylket skal ha eit tettare samarbeid med arbeidslivet.
Like viktig som nyetablering er det å sikre at etablerte verksemder får utvikle seg. Endringar i m.a. marknad, etterspurnad og teknologisk utvikling krev at næringslivet må kunne tilpasse og omstille seg. Forsking og utvikling er viktig for å kunne få til omstilling og dermed betre konkurranseevna til næringslivet. Løyvingane til m.a. Innovasjon Norge, SIVA og Investinor, samt tilgangen til og bruken av risikovilleg kapital, vil vere avgjerande for å lukkast med omstillingar i næringslivet.
Sogn og Fjordane Arbeidarparti har i løpet av våren gjennomført ei rekkje kontaktmøte eller samråd med næringslivet i fylket. Tilbakemeldingane frå næringslivet viser eit stort behov for risikokapital. Det er også eit sterk ynskje om at verkemidlane til Innovasjon Norge og SIVA må tilpassast betre behova i næringslivet. Arbeidarpartiet har arbeidd aktivt med dette både gjennom fylkeskommunen, stortingsgruppa og regjeringsapparatet. Vi ynskjer ei veloppfylt verktøykasse, mens Høgre og Frp vil tøme verktøykassa. Høgre argumenterar sterkt for ein næringsnøytal politikk der industribedrifter og ”pølsebuer” skal handsamst på same måten.
I den høgredominerte regjeringa frå 2001 til 2005, vart det skapt berre 20.000 nye arbeidsplassar. Gjennom denne aktive næringspolitikken vi har hatt frå 2005, har Arbeidarpartiet og den raudgrøne regjeringa lagt til rette slik at det har blitt skapt 250.000 nye arbeidsplassar, her av 170.000 i privat sektor. Resultata av den aktive næringspolitikken til Arbeidarpartiet talar for seg!

Med helsing

Nils Støyva
fylkesleiar

Hvorfor har Arbeiderpartiet fjerna "Det Norske"???

Arbeiderpartiet er ikke i takt med grasrota. Vi vanlige arbeidende folk her i landet har ikke blitt spurt om vi synest at navneskiftet og den nye Norge til pampene i partiledelsen er ok..
Like så bruken av felleskassas midler i viktige saker i utlandet,kontra sykehus og eldreomsorgen her innenlans.
Regjeringen har bevilga og bygd fengsel i Somalia , men lokalsykehus blir nedprioritert. Se bare i Molde//Kristiansund.
Ved første tegn til uro i Terrorist staten Libya, fant STØRE 50 millioner. Pampene i AP har også oppretta Ambasade i Oslo til HAMAS,som det eneste vestlige landet. Støre har kontinuerelige samtaler med MuslimBrødrene og Hamas. I en lengere tid har regjeringen bevilget store beløp til Koranskoler i Pakistan.(Grobunnen til terrorist utdanning for Islam.)
Regjeringen har godkjent oppretting av Koran skoler også her i landet og selvsagt med rilkige bevilgninger.
Det finnes ingen tvil.. AP—-forandret navnet for å tilpasse seg Islam.
Faktisk er det en ønsket utvikling at denne Ideologien skal innføres her i landet,dette er heilt tydelig.
Vårt kjære fedreland er bygget opp med grunnstein i den kristne kultur arv !
Jeg tviler sterkt på at den vanlige mann og kvinne her i landet er spurt om Islam er ok og at SHARIA lovverket kan innføres.(noe som er en selvfølge)
Kjære lesere—-tenk dere om!!! stem ikke på kultur svikere som pampene i AP.
Mvh.
Kaspar Johan Birkeland

Utbygging av vindkraft i Sogn og Fjordane.

Arbeidarpartiet og fagrørsla vil at energiforsyninga i Noreg skal vere den mest miljøvenlege i verda. Vi vil avgrense veksten i energiforbruket, og vi vil vere i fremste rekkje med å ta i bruk nye teknologi innanfor energiproduksjon og kraftforsyning. Noreg må ikkje gjere seg avhengige av import av forureinande kolkraft og atomkraft. Arbeidarpartiet og fagrørsla meiner at Noreg må ha som mål å minst vere sjølvforsynt med elektrisk kraft i år med normal nedbørmengde.
Land- og havbasert vindkraft kan bli eit nytt stort satsingsområde for Noreg. Sogn og Fjordane har størst produksjonspotensiale for vindkraftutbygging av alle fylke i Sør-Noreg. Havområda utanfor Stad har den høgaste vindhastigheita i landet med årsmiddelvind på 10,5 m/ps i 80 m/høgde
For at vårt fylke skal kunne ta del i vindkraft- og industriutviklinga, meiner vi at følgjande moment er avgjerande for å lukkast:

1. 420 kV linja mellom Ørskog og Fardal må få ei rask realisering for å sikre naudsynt nettkapasitet for vidare utbygging av småkraft og vindkraft.

2. Fylkeskommunen har i desse dagar ute på høyring ein fylkesdelplan for vindkraft. Det er viktig at det blir sett av stort nok område til vindkraftutbygging slik at det er realistisk å nå måla om utbygging av 1000-1500 MW vindkraft på land i Sogn og Fjordane innan 2025.

3. Utbyggjarar av vindkraft må i størst mogeleg grad nytte seg av lokale og regionale selskap. Dette for at ein skal kunne bygge opp kompetanse i fylket på m.a. prosjektering, bygging, drift og vedlikehald av vindparkar. Vindkraftselskap som vil byggje ut prosjekt i fylket skal vere etablert i fylket med eigen stab og organisasjon.

4. Det er naudsynt med målretta satsing på å byggje opp industriretta utdannings- og opplæringstilbod i Sogn og Fjordane knytt til vindkraft. Utdanninga må sjåast i samanheng med pågåande satsingar på Sikkerheitssenteret i Måløy og planlagt utbygging på Lutelandet.

5. Utvikling av framtidig vindkraft må sjåast i samanheng med utbygging av annan infrastruktur på kysten. Bygging av kystvegen mellom Bergen og Ålesund inkludert 45-minuttsregionen samt bygging av Stad skipstunnel er viktige for å oppnå sterke arbeidsmarknadsregionar. Dette vil også binde saman og kople kompetansemiljø slik at det kan realiserast storskala industrisatsingar på m.a. offshore vind.

6. For å lukkast med vindkraftsatsinga er ein avhengig av auka statlege løyvingar til realisering av test- og demonstrasjonsanlegg for ny offshore vindkraftteknologi, slik at det mellom anna er mogeleg å byggje opp industriell aktivitet knytt til testområda på Lutelandet og på Stadhavet.

7. Utbygging av vindkraft i fylket må sjåast i samanheng med andre industrisatsingar i fylket knytt til offshore vind m.a. innanfor kompositteknologi og samanstilling av offshore vindturbinar.

8. For å lukkast med vindkraftsatsinga må staten setje krav om elektrifisering av petroleumsanlegg på sokkelen i Nordsjøen. Dette kravet må ein sjå i samanheng med utbygging av offshore vindkraft.

Samarbeidskomiteen meiner Sogn og Fjordane si satsing på vindkraft kan medvirke til å utvikle eksisterande industri, leggje grunnlag for ein ny stor industri innan vindkraft, auke talet på arbeidsplassar, samt auke verdiskapinga i fylket. For å lukkast med denne satsinga må næringslivet, NHO, LO, kommunane og statleg styresmakter samarbeide tett. Berre på denne måten kan vi greie å løfte fram vindkraftutbygginga og den tilhøyrande industrien.

Med helsing

Nils Støyva Arvid Langeland
fylkesleiar i Ap- -distriktssekretær i LO

Utbygging av vindkraft i Sogn og Fjordane.

Arbeidarpartiet og fagrørsla vil at energiforsyninga i Noreg skal vere den mest miljøvenlege i verda. Vi vil avgrense veksten i energiforbruket, og vi vil vere i fremste rekkje med å ta i bruk nye teknologi innanfor energiproduksjon og kraftforsyning. Noreg må ikkje gjere seg avhengige av import av forureinande kolkraft og atomkraft. Arbeidarpartiet og fagrørsla meiner at Noreg må ha som mål å minst vere sjølvforsynt med elektrisk kraft i år med normal nedbørmengde.
Land- og havbasert vindkraft kan bli eit nytt stort satsingsområde for Noreg. Sogn og Fjordane har størst produksjonspotensiale for vindkraftutbygging av alle fylke i Sør-Noreg. Havområda utanfor Stad har den høgaste vindhastigheita i landet med årsmiddelvind på 10,5 m/ps i 80 m/høgde
For at vårt fylke skal kunne ta del i vindkraft- og industriutviklinga, meiner vi at følgjande moment er avgjerande for å lukkast:

1. 420 kV linja mellom Ørskog og Fardal må få ei rask realisering for å sikre naudsynt nettkapasitet for vidare utbygging av småkraft og vindkraft.

2. Fylkeskommunen har i desse dagar ute på høyring ein fylkesdelplan for vindkraft. Det er viktig at det blir sett av stort nok område til vindkraftutbygging slik at det er realistisk å nå måla om utbygging av 1000-1500 MW vindkraft på land i Sogn og Fjordane innan 2025.

3. Utbyggjarar av vindkraft må i størst mogeleg grad nytte seg av lokale og regionale selskap. Dette for at ein skal kunne bygge opp kompetanse i fylket på m.a. prosjektering, bygging, drift og vedlikehald av vindparkar. Vindkraftselskap som vil byggje ut prosjekt i fylket skal vere etablert i fylket med eigen stab og organisasjon.

4. Det er naudsynt med målretta satsing på å byggje opp industriretta utdannings- og opplæringstilbod i Sogn og Fjordane knytt til vindkraft. Utdanninga må sjåast i samanheng med pågåande satsingar på Sikkerheitssenteret i Måløy og planlagt utbygging på Lutelandet.

5. Utvikling av framtidig vindkraft må sjåast i samanheng med utbygging av annan infrastruktur på kysten. Bygging av kystvegen mellom Bergen og Ålesund inkludert 45-minuttsregionen samt bygging av Stad skipstunnel er viktige for å oppnå sterke arbeidsmarknadsregionar. Dette vil også binde saman og kople kompetansemiljø slik at det kan realiserast storskala industrisatsingar på m.a. offshore vind.

6. For å lukkast med vindkraftsatsinga er ein avhengig av auka statlege løyvingar til realisering av test- og demonstrasjonsanlegg for ny offshore vindkraftteknologi, slik at det mellom anna er mogeleg å byggje opp industriell aktivitet knytt til testområda på Lutelandet og på Stadhavet.

7. Utbygging av vindkraft i fylket må sjåast i samanheng med andre industrisatsingar i fylket knytt til offshore vind m.a. innanfor kompositteknologi og samanstilling av offshore vindturbinar.

8. For å lukkast med vindkraftsatsinga må staten setje krav om elektrifisering av petroleumsanlegg på sokkelen i Nordsjøen. Dette kravet må ein sjå i samanheng med utbygging av offshore vindkraft.

Samarbeidskomiteen meiner Sogn og Fjordane si satsing på vindkraft kan medvirke til å utvikle eksisterande industri, leggje grunnlag for ein ny stor industri innan vindkraft, auke talet på arbeidsplassar, samt auke verdiskapinga i fylket. For å lukkast med denne satsinga må næringslivet, NHO, LO, kommunane og statleg styresmakter samarbeide tett. Berre på denne måten kan vi greie å løfte fram vindkraftutbygginga og den tilhøyrande industrien.

Med helsing

Nils Støyva Arvid Langeland
fylkesleiar i Ap- -distriktssekretær i LO

Går Førde framover?

Onsdag kveld hadde eg gleda av å delta på sluttmerkeringa for prosjektet Førde Framover, på Sunnfjord Hotell. 60 personar frå næringsliv, kulturliv, organisasjonar og det politiske miljøet var møtt opp for å markere avsluttninga på prosjektet som vart starta i 2008.

Det var ikkje mangel på festtalar, skryt, godord og beundring. Både Ordføraren i Førde, Fylkesordføraren og Fylkesbanksjefen skrytte av prosjektet og det dei har prestert dei siste 2,5 åra. Forskingsleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Georg Arnestad, var også full av godord om målsettingane prosjektgruppene hadde komme opp med, men var meir usikker på om visjonen: “Ei drivkraft med menneska i sentrum” var rett for Førde.

Også underteikna er svært imponert over det arbeidet som har vorte lagt ned av dei rundt 20 personane som har delteke i dei forskjellige arbeidsgruppene i prosjektet. Ikkje minst fordi dette var eit initiativ som oppsto og vart drive utanfor dei politiske systema. Dette var eigentleg eit prov på at det folkelege initiativet ikkje kan vedtakast, slik Fylkesordførar Nils R. Sandal i si tid prøvde på med sin berømte “tenketank”. Det “upolitiske” initiativet må komme av eit reelt ønske av å gjere noko med sitt eige lokalsamfunn, og ei drivkraft som handler om meir enn politiske partiprogram og økonomiske bindingar.

Og sjølv om det “upolitiske” i prosjektet har vore den største styrken til Førde Framover, er det også den største utfordringa for dei målsettingane som prosjektet har kommt fram med. Målsettingane er nemleg ikkje forankra i dei politiske partia som i stor grad må føre arbeidet til prosjektet vidare gjennom kommunale vedtak og verkemidlar for å oppnå måla. Dette kan føre til at det meste av det arbeidet Førde Framover har gjort, vert lagt i ei skuff eller i ei mappe, og i liten grad vert brukt av politikarane både i Førde og Sogn og Fjordane som det fantastiske måldokumentet det er.

Dei gode orda Onsdag kveld sat laust hos Ordførar, Nils Gjerland. Og det skulle dei også gjere med tanke på at ordføraren har slike ressurspersonar i kommunen, som viser eit ekte engasjement for utviklinga, som fortener all den ære og skryt som dei kan få. Men ordføraren veit også at det er store politiske og økonomiske utfordringar i fleire av dei måla som visjonsgruppa i Førde Framover har lagt fram. Ordføraren må i mange samanhengar endre kurs på den politikken som kommunen fører idag. Skal Førde kommune auke den årlege folketalsveksten, så er vi avhengige av å fortsatt være ein attraktiv kommune for folk å flytte til, spesielt for unge i etablerarfasen.

I dag slit Førde kommune med eit svært høgt kostnadsnivå på boligar, svært høge kommunale skattar og avgifter i forhold til landssnittet, ein pleie – og omsorgssektor som er i ferd med å verte overbelasta og ein oppvekstsektor som er avhengig av auka løyvingar for å kunne opprettholde den høge kvaliteten vi har idag. Det er ikkje lenger slik at innbyggjarar frå nabokommunane flyttar inn til Førde slik dei gjorde på 70- og 80-talet, og hvis ikkje Førde kommune gjer noko vil ein kunne oppleve at flyttestraumen snur, og folk vel å arbeide i Førde men bu i nabokommunane. Dette veit Ordførar Nils Gjerland svært godt, men det er ikkje enkelt å gjere dei politiske vedtaka som endrar denne situasjonen, omstrukturering, nedskjæringar og endra prioriteringar er sjeldan populært.

Fylkesordførar, Nils R. Sandal, er verdsmeister i å være positiv, og på ein slik kveld er ikkje det ein negativ eigenskap. Men også Fylkesordføraren veit at det er svært langt frå det han sa i si helsing til Førde Framover, og den politikken Fylkeskommunen fører. Nils R. sa at “når Førde går framover, går fylket framover”, “vår oppgåve er å legge til rette for å styrkje senterutviklinga, gjennom blant anna gode kommunikasjonar”. Her brukte han eksempelet med rv5 mellom Florø og Førde, der fylkeskommunen ikkje har bidrege med ei einaste krone.

For dei styrande partia på Fylkestinget, Senterpartiet og Arbeidarpartiet, gjer ikkje særleg mykje for å styrkje senterutviklinga i Førde, verken med tilførselsvegar eller andre verkemiddel. I Fylkevegplanen for 2010-2019 vart det nesten ikkje lagt inn eit einaste prosjekt som bidreg til å styrkje Førde som senter. Samferdslekronene vert ikkje brukt for å betre kommunikasjonane mot Førde, men dei vert brukt på lokale vegar i HAFS og Nordfjord.

Då Fylkestinget i vår behandla planprogrammet for den nye Fylkesplanen gjekk Fylkesvaraordførar, Åshild Kjelsnes, så langt som å sei at vi ikkje treng fleire folk i Sogn og Fjordane, og at folketalsvekst ikkje skulle være målet. Og det eine partiet etter det andre uttrykte stor negativitet til at ein skulle fokusere på senterutvikling, så lenge senterutvikling inneber sterke region- eller fylkessenter. Nils R. Sandal er flink til å få folk med seg i sine positive og fengande festtalar, men innhaldet legg han frå seg når han passerer kommunegrensa.

Alt i alt var det ein positiv kveld på Sunnfjord Hotell, og atter ein gong må eg applaudere det engasjementet som Førde Framover har visst dei siste 2,5 åra. Berre framtida vil vise om Førde kommune og Sogn og Fjordane Fylkeskommune vil gjere det som er naudsynt for å fornye det politiske tankegodset, som ikkje har vore endra dei siste 20 åra.