Viser arkivet for stikkord reform

Utflytting av statlege arbeidsplassar er eit krav til kommunereformen

Sogn og Fjordane KrF meiner løyvingar til infrastruktur og samferdsel, samt vedtak om utflytting av statlege arbeidsplassar må vere ein sjølvsagt del av verkemidlane når kommunereformen skal gjennomførast.

Sogn og Fjordane KrF meiner Stortinget først må vedta at det framleis skal vere tre forvaltningsnivå, der noverande fylkeskommune blir ein større region. Det vil opne for større lokalt sjølvstyre og at det som no er statlege oppgåver, i stor grad kan flyttast ut til regionane. Utan dette grepet vert ikkje kommunereformen ei lokalpolitisk reform, slik regjeringa seier ho skal vere.

Deretter må det klargjerast kva oppgåver som skal vere på dei ulike nivåa; kommune, region og land.

Først då kan kommunane vite kva dei skal greie ut og finne fram til dei mest tenlege inndelingane for sitt distrikt. Ei kommunereform må ta folk sine spørsmål på alvor. Spørsmål som identitet, lokaldemokrati og (velferds-)tenester som skal løysast er alle viktige for å ta ei god avgjerd.