Viser arkivet for stikkord regjering

Engebøprosjektet og den nye regjeringa - Kap.2

Ja, so var vi komne til neste steg i sagaen om ”rutilfolket”, eller mineralifiseringa av Noreg om du vil. Den nye regjeringa har vifta med tørkleet framfor fjordforkjemparane, og truar med storstilt fjordnedbygging. Eg burde sjølvsagt ikkje vere overraska, men litt må eg no sei at eg undrar meg over fantasiløysa som rår i regjeringslokala etter valet.

Les meir…

Engebø prosjektet og den nye regjeringa - kap. 1

“Det er eit spennande prosjekt som kan bety store moglegheiter i forhold til verdiskaping og arbeidsplassar lokalt, seier Lae Solberg.” Firda 09.11.2013

Sjølvsagt tykkjer han det. Alle som vert framlagt eit slikt glansbilete som ordføraren i Naustdal og Nordic Mining brukar framstille dette prosjektet som, ville vel tykkje det?

Problemet med Engebøprosjektet, slik Myrvang og Nordic Mining framstiller det, er at der er ingen problem….. Alt er problemfritt, bileta viser born som smiler og held kvarandre i hendene, og alt er berre heilt fantastisk. Naustdal, sunnfjord og Noreg skal tene seg rike på mineral, utan nokon negative konsekvensar. ”Det mest miljøvenlege gruveprosjektet nokon gong”, seier Myrvang. Vi berre slepp alt i sjøen, so går det so bra. 11tonn kjemikaliblanda støv, silt og sand i minuttet. Fisken bryr seg ikkje, han berre passar seg litt so han ikkje får stein i hovudet, slapp av han kjem straks att. ?????? Kvar er realismen?

Dei utgreiingane som no vert gjort, er ein konsekvens av at saka er for dårleg utgreia i utgangspunktet, og då ikkje berre på konsekvensar av eit evt deponi. Myrvang har heile tida hevda det motsette. Framleis framstiller han prosjektet som klarert og nærast so godt som oppstarta. “Vi må berre vente til utgreiingane er ferdige, so forventar vi klarsignal kjappast mogeleg”. Men kva med utgreiingane då Myrvang, kva om dei seier at ikkje alt går bra?

Eg har stor forståing for at NHD ynskjer å setje seg inn i saka, men dei kan trygt byrje i andre enden. Saksgangen kommunalt, og i MD viser tydeleg korleis denne saka har vore handtert, og kva som er problema med prosjektet. Her er mykje som må rettast opp i om eit positivt vedtak skulle kunne fattast.

Eg tolkar Lae Solberg som at NHD kjem til å handtere denne saka profesjonelt, og med den respekten den fortener, det er eg glad for. NHD ynskjer å kome attende å møte alle sider i saka, og sjå kva verdiar som står på spel. Det skal vi syte føre at let seg gjennomføre.

Eg og mange med meg har vore skeptiske til kva som ville hende om dei raudgrøne ikkje fekk handtere Engebøsaka heilt til endeleg vedtak. Men eg har stor tru på at og den nye regjeringa vil sjå kva saka eigentleg omhandlar, ikkje Nordic Mining og deira aksjonærar eller ein laber kommuneøkonomi, men naturen, eksisterande næringar og verdiane som ligg her for framtidige generasjonar.

Eg trur ikkje den nye regjeringa er meir villeg til å risikere dei enorme verdiane i Førdefjorden, enn dei raudgrøne. Dei må berre få sjå heile biletet, slik rett er. Som der står å lese i “Sundvollen erklæringa”: “Regjeringen vil bygge sin politikk på forvalteransvaret og føre-var-prinsippet. Den kloden vi skal overlate til våre barn skal være i minst like god stand som vi overtok den fra våre forfedre.”

Klima, natur og miljø foredlast, vernast og vidareførast med kunnskap…kunnskap og kunnskap….ikkje ynskjetenking!

Firda og katta i sekken

Leiarartikkelen i Firda 08.juni tek føre seg min uttale om at Sogn og Fjordane fylke overtok eit «konkursbu» då Staten overførde brorparten av dei «øvrige riksvegane» i frå 1.1.2010. Underteikna og resten av Høgre har heile vegen vore kritiske til det faktum at den raudgrøne regjeringa endra veglova for å kunne overføre vegane frå eit forvaltningsnivå til eit anna utan å setje dei i rett stand først. Høgre sette som føresetnad at vedlikehaldsetterslepet vart fullt ut kompensert. Ordlyden i fylkestingsvedtaket som Høgre støtta i april 2008 var: «Fylkestinget er positiv til å oveta ansvaret for øvrige riksvegar med tilhøyrande ferjesamband. Det er ein absolutt føresetnad for overtaking at etterslepet og vedlikehald vert kompenserte fullt ut og at vegnetet [sic] vert overlevert i forsvarleg stand».

Då debatten gjekk om ein skulle overta vegnettet eller ikkje var etterslepet på desse 1200km estimert til kr 796mill. Når etterslepet no er estimert til 3,8mrd kroner på fylkesvegane (både opphavlege og overførte fylkesvegar) så seier det seg sjølv at det ikkje er berre grunna utilstrekkelege overføringar. Hovudgrunnen til at kostnadane har auka er at det er gjort kartleggingsarbeid på tilstand på bruer, kaier og tunnelar, og dette arbeidet har avdekka nye store etterslep. Mitt utsegn om at vi overtok eit «konkursbu» må sjåast i samanheng med at fylket ikkje fekk kompensert det estimerte etterslepet, og i ettertid syner det seg at vi heller ikkje hadde eit fullgodt estimat å forhalde oss til.

Firda skriv at «Krakhellen må gjerne i ettertid gremje seg over at fylkeskommunen ikkje visste kva dei gjorde når dei med stor iver overtok ansvaret for riksvegnettet. Men gjort er gjort. Frustrasjonen han og andre fylkespolitikarar kjenner, får dei heller lufte overfor sentrale styresmakter og rikspolitikarane.». Eg er heilt samd med Firda. Sogn og Fjordane må stå samla for å synleggjere behovet for meir vegmidlar til Sogn og Fjordane. Det gjorde vi då vi tok stilling til om vi ynskte å overta vegnettet eller ikkje i 2008, eit spørsmål der vi eigentleg ikkje hadde val. Vi prøvde då å setje føresetnadar, men desse har ikkje vorte innfridd. Det var også det Høgre gjorde når eg kommenterte i hovudutval for samferdsle at vi har overtatt eit konkursbu, og vi må gje beskjed i vedtaksform til sentrale styresmakter at vi ynskjer eit eige program for å ta att etterslep på fylkesvegnettet.

Eg meiner at fylkespolitikarar i Sogn og Fjordane må sjå linjene frå vedtak ein har vore med på tidlegare og til dagens situasjon. Vi må som politikarar må i våre vedtak minne den raudgrøne regjering om at dei endra veglova for å kunne gje oss vegar med eit stort etterslep (både kjent og ukjent), samstundes som at dei har gjeve alt for lite pengar til vegar.

Viss eg som forbrukar kjøper katta i sekken er eg verna av forbrukarkjøpslova, og kan klage. Det er vanskeleg å forhalde seg til ei regjering som endrar lova for å verte kvitt eit problem, men eg vel å gje beskjed likevel!

Borgarleg regjering - ja takk !

Borgarleg fleirtal vil gje ei borgarleg regjering. Samansetjinga er det veljarane som avgjer. Alle vil samarbeida med Høgre og Høgre vil samarbeida med all. Eit sterkt Høgre er difor ein garantist for breiast mogleg samarbeid og ikkje minst for at det vert fokus på dei politiske oppgåvene. Det er nok av saker å ta tak i: Sterkare satsing på skulen, meir fokus på pasientane sine behov, avvikling av unødvendig helsebyråkrati, skattelette og betre rammevilkår for bedriftene, meir til vegar og forenkling av offentleg sektor med nedlegging av fylkeskommunen. Eg er overtydd om at ei borgarleg regjering vil ha regjeringsprogrammet klart minst like raskt som eit eventuelt Soria Moria II.
Sogn og Fjordane Høgre har ein svært dugande kandidat i Bjørn Lødemel. Han har lang røynsle, er framtidsretta og uredd samtidig som han er samarbeidsorientert. Me treng han på Stortinget og dermed er me og eit langt steg nærare ei borgarleg regjering.
Noralv Distad

Venstre har gode sjansar i fylket

I sitt lesarinnlegg i Firda den 27. juni slår Alf Kollsete uttrykkjeleg fast at «[i] Sogn og Fjordane er Venstre sine sjansar til å få eit mandat lik null!». Eg veit ikkje kva Kollsete tenkjer å røyste den 14. september, men han kan vere viss på at ei røyst på Venstre slett ikkje vil vere fånyttes. Snarare tvert imot.

Onsdag 1. juli publiserte Sunnmørsposten ei mandatutrekning for fylket vårt basert på gjennomsnittet av alle meiningsmålingar i juni. Med andre ord er bakgrunnsmaterialet solid. Utrekninga syner at Venstre kaprar sistemandatet i Sogn og Fjordane, slik vi også gjorde det ved sist val. Når ein i tillegg har med seg at Venstre tradisjonelt gjer det betre ettersom valet nærmar seg, bør såleis sjansane våre vere gode. Våren før sist stortingsval låg Venstre så langt nede som 2-3 prosent på målingane, men fekk eit valresultat på 5,9 prosent. Denne våren har Venstre i gjennomsnitt hatt ca. 6 prosent på målingane, og har vore heilt oppe og snusa på 9-talet, noko som er målsetnaden vår både i fylket og på nasjonalt plan denne hausten. Alt borgar såleis for eit godt resultat for Venstre den 14. september.

Eg oppfattar det likevel slik at Kollsete er mest uroa for at eit stort Venstre vil hindre at Frp kjem til makta. Dette er heilt riktig. Venstre er ein garantist mot ekstreme fløyparti i regjering, anten dei heiter SV eller Frp. Vi trur det er betre for landet å få ei mindretalsregjering der den politiske avstanden er overkomeleg, heller enn ei kunstig oppstilt fleirtalsregjering der den politiske avstanden er så stor at ein i realiteten vert handlingslamma. Dagens raudgrøne fleirtalsregjering er eit godt døme på det siste, ei ny sentrum-høgre-regjering vil vere eit godt døme på det første.

Eg kan i alle høve garantere Kollsete éin ting: Nærast uansett valresultat vil Venstre spele ei avgjerande rolle som parti på vippen i Stortinget. Dette vil vonleg resultere i stort gjennomslag for våre kjernesaker: Å fornye velferdssamfunnet, å ta steget over i kunnskapssamfunnet og å setje klima og miljø som prioritet nummer éin. Er ein samd i desse sakene er ei røyst på Venstre det tryggaste valet denne hausten. Også i Sogn og Fjordane.

Gunvald Ludvigsen, stortingsrepresentant og 1. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre