Viser arkivet for stikkord samferdsle

Fylkesveg 57 sin tur no?

Fylkesveg 57 Dale-Storehaug med bru over Svesundet, er eit av dei store vegprosjekta som har stått på ei prioritert liste vedteken av Fylkestinget og som skal vurderast i Regional Transportplan i desember. No når Bremangersambandet er opna, er prosjektet på ein tredje plass på denne lista. Det som er nytt i tilrådinga frå Fylkesrådmannen er at Førdepakken vert prioritert, fv 57 er definert som «del av kystveg» og det er ikkje sett av midlar til store veginvesteringar i perioden . Hovudutval for samferdsle skal gjere vedtak 26.november.
Fylkesveg 57 er skuleveg for alle skuleborn i Bygstad , og farlege punkt er Osen-Saltkjelen-Eidevik og strekninga Yndestad –Haugsbø-Fauske. Berre i 2013 er det fleire døme på at vogntog har stengt vegen. Vegbana er så smal og uoversiktleg at det er særleg farleg for gåande og syklande. Deler av vegen, t.d. Saltkjelen, har også rasfare. Dette er ein viktig grunn til at Gaular KrF har engasjert seg i saka. Vi er glade for at varaordførar frå KrF sitt framlegg i kommunestyret våren 2012, om å danne ei arbeidsgruppe for vegen, vart teke til følgje. Gaular KrF vil gje ros til den tverrpolitiske arbeidsgruppa samansett av H, V, SP og KrF i samarbeid med politikarar frå Fjaler som har fått produsert god brosjyre og film som gjev orientering om vegprosjektet. Vi meiner det er synd at Fylkestinget ikkje tidlegare har fått orientering frå kommunen om fylkesveg 57 trass i at Senterpartiet, som seier dei kjempar for å prioritere vegen, har hatt ordføraren i ei årrekkje. Mange andre vegprosjekt har hatt delegasjonar til Fylkestinget ved fleire høve.
Statens vegvesen sin rapport om fv 57 kom før jul i 2011 og skisserer fleire byggesteg og kva som er mest samfunnsøkonomisk. Det vert konkludert med at å byggje Svesundbrua først, ville gje best gevinst. Seinare har vi lese rapport frå 2013 der Helge Hopen var engasjert av arbeidsgruppa for fv 57 for å skissere kva alternativ som ville vere best i høve innkrevjing av bompengar. Helge Hopen konkluderer med fleire byggesteg , parallelle bompengeinnkrevjingar og at brua vert bygd sist.
Gaular KrF vil samarbeide med alle som ynskjer heile prosjektet realisert, og då er vi positive til bompengar dersom det er dette som skal til for å få betre vegstandard, kortare og tryggare veg.
For nabokommunane Fjaler og Askvoll vil vegen ,når den er ferdig bygd, forkorte vesentleg reisetida til Førde lufthamn, Bringeland og dessutan vere ein raskare og betre pendlarveg til Førde for dei som har arbeidsstaden sin der.
Fylkesveg 57 skal fungere som omkøyringsveg for E39, men vi såg dette året at då E39 var stengt av ras mellom Vadheim og Lavik, så gjekk det ikkje lang tid før fv 57 seinare vart stengd av vogntog. Vegstandarden er så dårleg at noko må gjerast! Når Dalsfjordbrua opnar 14.desember kan vi rekne med auka trafikk, men vi ynskjer ikkje at ein lang «flaskehals» skal vere ein propp på ein viktig tilførselsveg til E39.
Gaular KrF oppmodar Fylkestingspolitikarane til å stå fast på prioriteringane. Her har ein høve til å få realisert eit svært godt prosjekt som er viktig for mange, for skuleborn, næringsliv, pendlarar, reisande til og frå lufthamna på Bringeland og elles alle dei som treng ein Førdetur anten det er til sjukehuset eller handlesentera.
Kommunestyregruppa i Gaular KrF : Bente Kandal, Joar Aarnes (lokallagsleiar), Norunn Lunde Furnes (gruppeleiar og varaordførar)

Kven har ansvar? Brukarane eller samferdsleåra?

Eg fekk ein alvorleg tankevekkjar på tur heim frå ferie laurdag 10. august. Tilbaketuren frå ferie lenger sør i landet måtte eg legge om indre Sogn då det over radioen var meldt at det var lange køar over Hardangerfjorden. Dette grunna stenginga av E16 i Gudvangen tunnelen og den hendinga som skjedde der førre måndag. Men den opplevinga eg hadde på turen frå Manheller til Sogndal vart eg rysta over. Bilkøen låg i lovleg fart, omlag 80 km/t. Då ser eg ein langt bak som tek til med forbikøyring, så ein til og endå ein. Tråklar seg framover. Tek 4-5 bilar i slengen. Bryr seg ikkje om kva midtstripa i vegen fortel, heller ikkje kva sikt som er framover. Når vi kjem forbi Sogn folkemuseum og nedover bakkane mot Sogndal kjem det fleire fartsfantom som pressar seg fram på smal og krokut veg.
Galskap etter mi meining. Alle desse bilførarane burde mista lappen og blitt til fotgjengarar for fleire år.

Hadde desse forbikøyringane ført til ei alvorleg trafikkulykke, kven hadde fått skulda? Vegen eller trafikanten som køyrde som ein “--”.

Media hadde nok konkludert med at her var det for dårleg veg. Det same gjorde media ved ulykka i Gudvangen tunnelen. I ettertid har det komme fram at det er sannsynleg at føraren ikkje har teke på alvor at køyretøyet ikkje var i god nok teknisk stand. Dette tok han ikkje til etterretning, eller at han ikkje torde ta feilen opp med bileigar, då han var ein fattig sjåfør frå eit austeuropeisk land.

Kva seier dette meg. Jau. Vi er i ferd med å bli eit egoistisk samfunn som er mest oppteken av å dyrke oss sjølv og dra ut økonomiske fordelar til seg sjølv. Er det slik vi vil ha det?

Ikkje eg, difor oppmodar eg om å stemme raud/grønt ved stortingsvalet. Denne politiske blokka er oppteken av samfunnsbygging. I ein slik politikk må ein prioritere førebyggande tiltak. Så ein slepp situasjonar som eksempelet over.
Økonomisk bygging som set enkelt individet i fokus og sjølvdyrking er vel ikkje det kalde samfunnet vi vil ha?

Firda og katta i sekken

Leiarartikkelen i Firda 08.juni tek føre seg min uttale om at Sogn og Fjordane fylke overtok eit «konkursbu» då Staten overførde brorparten av dei «øvrige riksvegane» i frå 1.1.2010. Underteikna og resten av Høgre har heile vegen vore kritiske til det faktum at den raudgrøne regjeringa endra veglova for å kunne overføre vegane frå eit forvaltningsnivå til eit anna utan å setje dei i rett stand først. Høgre sette som føresetnad at vedlikehaldsetterslepet vart fullt ut kompensert. Ordlyden i fylkestingsvedtaket som Høgre støtta i april 2008 var: «Fylkestinget er positiv til å oveta ansvaret for øvrige riksvegar med tilhøyrande ferjesamband. Det er ein absolutt føresetnad for overtaking at etterslepet og vedlikehald vert kompenserte fullt ut og at vegnetet [sic] vert overlevert i forsvarleg stand».

Då debatten gjekk om ein skulle overta vegnettet eller ikkje var etterslepet på desse 1200km estimert til kr 796mill. Når etterslepet no er estimert til 3,8mrd kroner på fylkesvegane (både opphavlege og overførte fylkesvegar) så seier det seg sjølv at det ikkje er berre grunna utilstrekkelege overføringar. Hovudgrunnen til at kostnadane har auka er at det er gjort kartleggingsarbeid på tilstand på bruer, kaier og tunnelar, og dette arbeidet har avdekka nye store etterslep. Mitt utsegn om at vi overtok eit «konkursbu» må sjåast i samanheng med at fylket ikkje fekk kompensert det estimerte etterslepet, og i ettertid syner det seg at vi heller ikkje hadde eit fullgodt estimat å forhalde oss til.

Firda skriv at «Krakhellen må gjerne i ettertid gremje seg over at fylkeskommunen ikkje visste kva dei gjorde når dei med stor iver overtok ansvaret for riksvegnettet. Men gjort er gjort. Frustrasjonen han og andre fylkespolitikarar kjenner, får dei heller lufte overfor sentrale styresmakter og rikspolitikarane.». Eg er heilt samd med Firda. Sogn og Fjordane må stå samla for å synleggjere behovet for meir vegmidlar til Sogn og Fjordane. Det gjorde vi då vi tok stilling til om vi ynskte å overta vegnettet eller ikkje i 2008, eit spørsmål der vi eigentleg ikkje hadde val. Vi prøvde då å setje føresetnadar, men desse har ikkje vorte innfridd. Det var også det Høgre gjorde når eg kommenterte i hovudutval for samferdsle at vi har overtatt eit konkursbu, og vi må gje beskjed i vedtaksform til sentrale styresmakter at vi ynskjer eit eige program for å ta att etterslep på fylkesvegnettet.

Eg meiner at fylkespolitikarar i Sogn og Fjordane må sjå linjene frå vedtak ein har vore med på tidlegare og til dagens situasjon. Vi må som politikarar må i våre vedtak minne den raudgrøne regjering om at dei endra veglova for å kunne gje oss vegar med eit stort etterslep (både kjent og ukjent), samstundes som at dei har gjeve alt for lite pengar til vegar.

Viss eg som forbrukar kjøper katta i sekken er eg verna av forbrukarkjøpslova, og kan klage. Det er vanskeleg å forhalde seg til ei regjering som endrar lova for å verte kvitt eit problem, men eg vel å gje beskjed likevel!

Spørsmål til dei politiske partia

KYSTVEGEN ÅLESUND – BERGEN HAR SENDT FYLGJANDE SPØRSMÅL TIL DEI POLITISKE PARTIA I SOGN OG FJORDANE:

Kystvegen er den siste gjennomgåande vegsambandet som heilt manglar i Sogn og Fjordane. Kystvegen vil bli ein kraftig stimulans for næringsliv og busetnad i kystkommunane og knyte Sogn og Fjordane saman med dei sterke industrimiljøa i nabofylka: Mongstad og Ulsteinregionen. Med fullført Bremangersamband og Dalsfjordbru er resten særdeles overkommeleg. Neste steg vil vere ei vesentleg innkorting av kystvegen mellom Florø og Måløy. Dette tiltaket kan langt på veg brukarfinansierast, men er også avhengig av medverknad frå fylke og stat. Så må vi få samband mellom Florø og Askvoll, som er det einaste fjordtykke frå svenskegrensa til Finnmark der ein ikkje kjem over verken med ferje eller bru. Så er det behov for opprusting og innkorting av fleire vegar.
Sidan E39 og andre riksvegar går gjennom fylket vårt i indre fjordstrøk, er kystvegen definert som fylkesveg og er såleis avhengig av fylkeskommunal finansiering. Alle statlege veginvesteringar kjem i midtre og indre del av fylket. Difor er det etter vårt syn rimeleg at fylkeskommunen prioriterer kystregionen og kystvegen når det gjeld fylkesvegmidlar.
Vi bed dei politiske partia i Sogn og Fjordane om svar på fylgjande spørsmål:
1. Er ditt parti samd i at Kystvegen er det viktigaste av dei fylkesvegar som endå manglar i Sogn og Fjordane?
2. Er ditt parti villig til å prioritere kystvegen i komande planperiode?
3. Vil ditt parti prioritere ei fylkeskommunal løyving som vil gjere det mogeleg med ei delvis brukarfinansiert realisering av kystveg mellom Florø og Måløy? (”45 min regionen”?)
4. Vil ditt parti medverke til å realisere eit samband over Førdefjorden så snart som råd etter at Dalsfjorbrua er på plass?
5. Alle løyvingar til riksvegar vil i komande år gå til E39 og riksvegar aust for E39. Ingen riksvegmidlar kjem i kystkommunane. Er ditt parti einig i at det rimeleg at kystregionen no vert prioritert når det gjeld løyvingar til fylkesvegar?
Styret i Kystvegen Ålesund – Bergen

Svar sendast
Kystvegen Ålesund – Bergen
v/ Flora kommune
Markegata 51
6900 FLORØ
e-post: kystveg@flora.kommune.no

Utbygginga av samferdsla er viktig

Regjeringa la for eit par veker sidan fram Statsbudsjettet for 2010. Tidlegare vart Soria Moria II erklæringa presentert. Sogn og Fjordane Arbeidarparti er svært godt nøgde med begge desse to dokumenta. I våre prioriteringar framfor Soria Moria II tingingane vektla Sogn og Fjordane AP særleg desse områda:
- betre kommuneøkonomi, likeløn og ufrivilleg deltid
- utbygging av samferdsla herunder rassikring og bygging av Stad skips- tunnel
- forbetra rammevilkår for næringsutvikling for små og mellomstore bedrifter, herunder sikring av industrikraftavtalar (30 år)

Sogn og Fjordane Arbeidarparti er som nemnt godt nøgde med både Soria Moria erklæringa og statsbudsjettet for 2010. I denne samanheng vil vi særleg peike på den formidable satsinga på samferdsle. I Soria Moria II erklæringa heiter det m.a:

”Regjeringen vil:
•gjennomføre et løft for transport og kommunikasjon ved å følge opp
Nasjonal Transportplan (2010-2019) i de årlige budsjetter, herunder følge
opp den store satsingen på vedlikehold og nyinvesteringer på vegnettet
•styrke fylkeskommunenes frie inntekter blant annet for å øke
fylkeskommunenes muligheter til å utvikle tiltak på samferdselsområdet
•øke satsingen på rassikringstiltak i tråd med Nasjonal Transportplan
•styrke kontrollvirksomheten og sikkerhetsarbeidet på vegene”

For første gang har vi ei regjering som føl opp Nasjonal Transpåortplan gjennom dei årlege løyvingane i statsbudsjettet. Regjeringa vil gjennomføre eit taktskifte i samferdselspolitikken. Gjennom å ruste opp infrastrukturen vil kvardagen for meg og deg bli lettare. Dette vil også betre miljøet og styrke næringslivet si konkurransekraft og verdiskaping gjennom å få ned transportkostnadane.

Satsinga på kollektivtransport og jernbane vil være særlig sterk i og omkring dei største byane, mens løyvingane til vegbygging vil særleg vekse i distrikta. Det er også understreka trongen for å satse på dei mjuke trafikantane gjennom bygging av gang og sykkelvegar. Nullvisjonen for tal drepne i trafikken vil vere styrande for alle delar av transportsektoren.

Behova for bygging av infrastruktur og satsing på samferdsle har vore viktige tema på dei to siste landsstyremøta til Arbeidarpartiet. Statsminister og partileiar Jens Stoltenberg har sjølv engasjert seg sterkt i debatten og understreka trongen for utbygging av infrastruktur både i distrikta og i dei store byane. Eg er glad for at Arbeidarpartiet og Jens Stoltenberg har løfta samferdsle opp ”på øverste prioriteringshylle”. Utan Arbeidarpartiet sitt store engasjement på området, hadde vi ikkje fått til det store samferdsleløftet vi no ser.

Med helsing

Nils Støyva
fylkesleiar i Ap

Trur Senterpartiet vi er dumme?

I dagens aviser kan vi lese at Senterpartiet lovar gratis ferjer. Igjen. Vi som er eldre enn 4 år hugsar godt kva Liv Signe Navarsete lova innbyggjarane i Sogn og Fjordane i 2005: Dersom ho vart vald inn på tinget skulle ho og Sp prioritere å sikre gratis ferjetransport. No har Navarsete kome heim frå Oslo etter fire år som folkevald, og trur tydeleg at borgarane i fjordfylket har dårleg minne.

“Ingen parti har reint fleirtal på Stortinget” seier andrekandidat Erling Sande til NRK Sogn og Fjordane i dag, på spørsmål om kvifor Senterpartiet ikkje held løfta sine. Dette er sjølvsagt heilt riktig. Men – og dette er er eit stort men – Liv Signe Navarsete har i fire fulle år vore samferdsleminister, i tillegg til medlem i regjeringa sitt mektige underutval. Og ikkje nok med det, ho har vore statsråd i Noregs første fleirtalsregjering sidan Willoch. Og ikkje nok med det, ho har vore statsråd i ei regjering med langt meir pengar til rådvelde enn noko anna regjering i norsk historie.

Kva meir treng Navarsete for å prioritere gratis ferjer?

Det verste trugsmålet mot demokratiet er desillusjonerte veljarar av typen “politikarar berre lyg og lyg”. Vanlegvis tek eg ikkje slike påstandar særleg alvorleg. Men akkurat når det gjeld Liv Signe Navarsete byrjar eg sanneleg å lure.

Å gå til val på gratis ferjer nok ein gong er ikkje berre fantasilaust, det er direkte respektlaust andsynes veljarane i Sogn og Fjordane.