Viser arkivet for stikkord senterpartiet

Førde – med fare for å gjere opp att dei same feila

Førde har som kjent ambisjonar som by, og erkjenner ha gjort sine feil opp gjennom åra. Det har kome løfte om at alt skal bli så mykje betre. Førde kommune har opp gjennom åra laga fleire sentrumsplanar om Førde, og har hyra inn dei beste planleggingskonsulentane i landet med fleire utgreiingar av ulike fagrapportar og planar for sentrumsutvikling og byutvikling.
Les meir…

Ta heile Sogn og Fjordane i bruk

Sogn og Fjordane fylkeskommune må legge til rette for at heile fylket vert teke i bruk. Då må alle regionane få sjanse til utvikling, og ungdom i alle delar av fylket få høve til å ta grunnutdanning i sitt eige område. Dette kravet gjeld rettferdig fordeling av goda. Minstekravet må vere minst ein vidaregåande skule i kvar region. HAFS er ein eigen region, og Dale vgs er einaste vidaregåande skulen i HAFS. Alle dei andre regionane har fleire skular.

Senterpartiet i HAFS-kommunane og Gulen ser det som sjølvsagt at fylkeskommunen tek vare på og styrkar den einaste fylkeskommunale institusjonen vi har i heile HAFS-området – Dale vgs (om vi ser vekk frå tannhelsetenesta). Vi har ingen fylkeskommunale kulturinstitusjonar. Vi var sist i fylket med å få ein vidaregåande skule, og det vil vere heilt uakseptabelt om vi skulle bli fråtekne dette tilbodet. Dette bør rett og slett vere politisk umogleg.

Senterpartilaga i HAFS og Gulen meiner at dersom fylkeskommunen vil vere ein regional utviklingsaktør også for HAFS-regionen i åra framover, vil samarbeid om vidareutvikling av Dale vgs vere ein av dei viktigaste nøklane til suksess. I eit tett samarbeid med det nye HAFS Karrieresenter og regionen sitt spreidde men mangfaldige næringsliv, vil skulen kunne spele ei avgjerande rolle for utnytting av verdiskapingspotensialet på kysten (energi, oppdrett, offshoraktivitet, skipsbygging m.m.). I Hordaland har dei vedteke å legge ned bygg- og anleggslinja ved Austrheim vidaregåande skule. Denne skulen vert mellom anna nytta av elevar frå Solund og Gulen – Hordalandsavtalen. Det betyr at ved eit vedtak om nedlegging av Dale vgs vil det ikkje eksistere eit slikt tilbod mellom Knarvik og Førde. Dette forsterkar vanskane for rekruttering til bygg- og anleggsbransjen ytterlegare.

Med Dalsfjordbrua på plass og etablering av omfattande industriaktivitet på Lutelandet i framtida, ser vi føre oss at nye rutemønster i ytre delar av Dalsfjorden og Solund vil presse seg fram. Her vil skulen kunne bli ein aktiv part for å sikre at elevar frå delar av Solund og dei ytste øyane i Askvoll kan få akseptabel dagpendleavstand til vidaregåande skule i framtida.

Solund og Gulen har i dag spesielle utfordringar i høve kommunikasjon til eige fylke, og vi ser det som svært viktig for desse kommunane å framleis kunne ha eit tilbod om dagpendling til vidaregåande skule i Hordaland. Senterpartilaga i HAFS og Gulen ber om at Hordalandsavtalen vert vidareført som ein del av skulebruksplanen for fylket. Vi vil også presisere at Hordalandsavtalen er med på å skape eit større bu- og arbeidsområde for kommunane. Dette vert endå meir aktuelt med planlagt auka industrisatsing i Gulen og Nordhordalandsområdet.

Det er viktig for lokalmiljøet å ha ungdomane i bygda når dei er i alderen 16-19 år. Då er det også større sjanse for at dei vender tilbake til staden etter ferdig utdanning. Ungdomane i denne alderen er viktige for det frivillige organisasjonslivet og som ekstrahjelpar i mellom anna helseteneste og butikkar. Dale vgs er ein stor og viktig arbeidsplass, nedlegging vil føre til fråflytting.

Hybellivet høver ikkje for alle, og bør difor vere frivillig. Ei nedlegging av Dale vgs og ein Hordalandsavtale som ikkje blir vidareført, fører til at store elevgrupper vert tvinga ut i eit ufrivillig hybelliv, og vil stå i uforståeleg kontrast til dei samferdsletiltaka som gjennom dei siste åra har vorte gjennomførte for å skape felles bu- og arbeidsområde på kysten.

I dag kan ein stor del av elevane i HAFS dagpendle til skulen. Dersom skulen forsvinn, vil det verte omlag 100 nye hybelbuarar som må bu ute av HAFS. Vi meiner at dei som har gode arbeidsvanar og er ressurssterke gjerne kan greie seg på hybel, men vi må også hugse alle dei som treng motivasjonen heimanfrå for å få gjort leksene og som også treng dei faste rammene som heimen representerer. Desse ser ein ofte bort frå.

Senterpartilaga i HAFS og Gulen meiner det er viktig med ein god og nær oppfølging av elevar med særskilte behov. Dale vgs har ei eiga spesialpedagogisk avdeling og eigen spes.ped.koordinator som legg til rette for elevar med fysisk og/eller psykisk utviklingshemming, slik at dei kan ha eit fullverdig og godt læringsmiljø på skulen. Dale vgs har eit utstrekt samarbeid med alle ungdomsskulane i regionen og sikrar såleis ei trygg overføring frå ungdomsskule til vidaregåande skule. Vi kan vanskeleg sjå korleis mange av desse svakaste gruppene skal få eit fullgodt tilbod ved ei sentralisering der dei vil miste eit viktig nettverk. Senterpartilaga i HAFS og Gulen vil halde fram med å støtte opp om desse verdisyna, og kjempe mot sentralisering og nedbygging av distrikta.

Fjaler Senterparti
Askvoll Senterparti
Hyllestad Senterparti
Solund Senterparti
Gulen Senterparti

Ap er for liberale.

Eg likar mykje av politikken til Arbeiderpartiet. Men på eit område er eg veldig ueinig. Ap er eit svært liberalt parti når det kjem til gen- og bioteknologi. Partiet vil fjerne forbodet mot eggdonasjon, opne for assistert befruktning til einslege kvinner og seier ja til tidleg ultralyd. I tillegg verkar det som det er positive haldningar til surrogati i Arbeiderpartiet.

Er det berre teknologien som skal setje grenser for kva vi skal godta innanfor bioteknologien? Eg meiner det og går nokre etiske grenser, som Ap fullstendig overser.

Vi er no i ferd med å fjerne oss veldig langt frå den naturlege måten å få barn på. Det må vere grenser for kor mykje vi skal tukle med det naturlege, med biologien. Etter mitt syn bør vi ha mykje større respekt for det naturlege. Vi må ha større respekt for skaparverket, rett og slett.

Bioteknologinemda tilrår å opne for eggdonasjon, men nemda var delt når dei skulle gje rådet sitt. Dette er kontroversielt. Og kvifor skal vi eigentleg gje assistert befruktning til einslege kvinner? Eg meiner at utgangspunktet må vere at barn har to foreldre. Av omsyn til barnet. Frå naturen si side er det lagt opp til at det skal vere slik. Har vi rett til å ta frå borna retten til ein far? Har vi rett til å oppheve grunnlaget for seksuell reproduksjon – nemleg samliv mellom mann og kvinne? Tidleg ultralyd har og problematiske sider. Mange fryktar sorteringssamfunnet. Danmark har tidleg ultralyd. Det har ført til at 99% av barn som er diagnostisert med Downs syndrom blir aborterte.

Med bagrunn i dette er eg veldig i tvil om eg vil stemme på Arbeiderpartiet ved valet til hausten. Eg les ein artikkel på aftenposten.no. Der står det at på grunn av sterk ueinigheit i regjeringa i desse spørsmåla, vil det ikkje bli lagt fram framlegg om endringar i bioteknologilova no. Senterpartiet er sterkt i mot dei endringane Ap vil ha. Senterpartiet fortener ros for å ta denne kampen i regjeringa, mot eit større og sterkare Arbeiderpartiet. Eit anna parti som er til å stole på i slike alvorlege og viktige verdispørsmål er sjølvsagt KrF.

Tenkt deg godt om før du puttar stemmesetelen i urna i september. Dette er viktige saker!

Deponi-ja på sviktande grunnlag

Senterpartiet og partileiar og kommunalminister Liv Signe Navarsete flaggar på fylkesårsmøtet at partiet går inn for å la Nordic Mining utvinne mineral frå Engebøfjellet i Naustdal. Det er enno ikkje kome ei avgjersle frå regjeringa, men mykje tyder på at avgjersla ikkje kjem før etter valet til hausten. Dette er eit tiltak som er svært omstridd. Striden står i hovudsak rundt alternativa for dumping av store mengder restmassar frå ei eventuell rutil-utvinning i Engebøfjellet.
Riktig nok vedgår Navarsete at ein må ta miljøomsyn og ikkje øydeleggje Førdefjorden som har status som nasjonal laksefjord. Men ho innrømmer likevel at ein må tole ”nokre” minussider knytt til å ha eit sjødeponi. Retorisk seier då ho at dersom vi ikkje hadde vore viljuge til å tole nokre minussider, så hadde vi ikkje hatt oljeverksemd eller fiskeoppdrett. Dersom ein ikkje aksepterer minussidene, så blir det ingen mineralnæring i Noreg. Underforstått, det er berre å køyre på for fleire arbeidsplassar. Konsekvensane er ikkje så nøye. Det har vore kjent at både Arbeidarpartiet og Framstegspartiet er tilhengarar av sjødeponi, og seinast i førre veke målbar Bjørn Lødemel og Høgre sitt ja-standpunkt, og argumentasjonen er den same. Og kva er det då som gjer at dei er så skråsikre på at dei har kome til rett konklusjon? I realiteten så har dei ikkje teke inn over seg motsegna frå Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet sine bekymringar kva følgjer dette vil få, og heller ikkje fleire motsegner frå ulike personar og fiskenæringa som held til i Førdefjorden.
Det einaste grunnlaget ja-sida baserer seg på, er Norsk institutt for vannforsking (NIVA) som Nordic Mining har hyra som konsulent, og i deira uttale går dei riktig nok for deponi, men rapporten gjev ikkje like eintydige svar på kva konsekvensane blir. Som fagleg grunnlag er dette svært svakt sidan ikkje fleire instansar har gjeve si godkjenning. Det syner at ja-sida er nokså selektiv i kva dei vil leggje til grunn for sitt standpunkt. Ei anna side er at Navarsete hevdar at Senterpartiet har stått samla om dette standpunktet. Det er ei sanning med sterke modifikasjonar. Riktig nok har Naustdal Senterparti halde ja-fana høgt i denne saka og gjekk så langt i si grunngjeving i fråsegna på fylkesårsmøtet om å støtte gruvedrift og deponi med å kome med ei tvilsam samanlikning av Førdefjorden med Brulandsvellene som eit månelandskap, og at deponi soleis kan aksepterast. Men seriøst, er det rett å samanlikne brakklegging av Førdefjorden med Biltema o.l på Bruland i Førde? Rett nok er jordvernet i Førde eit lite verdifullt stykke arbeid, og sjølvsagt burde ein ikkje nytta matjord til parkeringsplassar, men å tru at dette kan samanliknast med ein næringskjede og eit økosystem i ein fjord?
Dette står i sterk kontrast til partilaget Førde Senterparti, som i 2010 støtta ei felles fråsegn vedteken i bystyret om at Førde kommune vil avise deponi, fordi faktagrunnlaget er for tynt. Dette heng ikkje i hop med realitetane.
Ei tredje moment i denne saka faktisk det store omfanget av gruvedrifta. Det skal kunne gravast ut seks millionar tonn masse som skal knusast og 95% eller meir skal dumpast i fjorden. Resten, altså høgst 300000 tonn rutil, for det meste titandioksid, skal vinnast ut og seljast på verdsmarknaden. Iallfall så lenge prisane er gode. Titandioksid inneheld ca 60% titan, og enkelte debattantar har lagt fram visjonar om titanproduksjon og industriarbeidsplassar. Då kunne kanskje førekomsten vare i eit par hundre år i staden for 50. Men målsettinga for gruveselskapet er å tømme fjellet for mineral på kortast mogleg tid og dumpe avfallet i fjorden blanda med kjemikaliar. Dette er noko som ikkje har vore prøvd ut. Det har vore føreslått å overvake utsleppa. Men sjølv det er ein risiko, og skulle konsekvensane bli for omfattande, vil gruveselskapet redusere eller stogge drifta etter at millionane er investert?
Dette her er direkte uansvarleg det desse politikarane går inn for. Vil storting og regjering gå inn for at Noreg står i spissen i lag med dei få landa i verda som tillet avfallsdumping i sjøen og stå fram som ein miljøversting? Dette held ikkje, dei har eit ansvar og dette handlar om truverd. Ta til vet og sei nei til sjødeponi!

Sigbjørn Løland Torpe, leiar i Studentlaget i Natur og Ungdom ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Kronikk.

Bevar grendaskulane

Førde Senterparti meiner at det blir feil å legge ned dei grendaskulane vi har i Førde kommune. Det er viktig at vi kan behalde alle skulane.

Grunnen til det er fleire:
• Vi har i dag ein velfungerande grunnskule på alle nivå. Det er ingen av skulane som kjem dårleg ut i forhold til resultat. Det er ingen indikasjon på at elevane på ein liten skule gjer det dårlegare på skulen enn elevar frå store skular.

• Fleire av alternativa, der ein føreslår å legge ned ein av grendaskule, betyr det at ein må bygge på ein annan. Dette betyr ein betydeleg større kostnad enn det kommunen har planar om å spare inn.

• Den totale kostnaden for ekstraskyss er i dei aller fleste tilfella mykje større ved å flytte ungane. Førde kommune betaler i dag berre for det bussbilletten kostar og ikkje den totale kostnaden for å sette inn ekstra bussar. Det meste av kostnaden for transport vil falle på fylkeskommunen.

• At skulebruksplanen vert rullert før arealplanen er uheldig. I arealplanen må det peikast på nye bustadfelt i kommunen, og mellom anna i Angedalen er det disponibelt areal.

• Det er heilt marginale tal som ligg til grunn for administrasjonen si tilråding. Det er lite som skal til før ein må dele i fleire klassar, og innsparingane ein såg føre seg blir ikkje realistiske. Objektivt sett kan ein seie at sentralisering av skular er meir økonomisk enn ein desentralisert skule. I denne saka for Førde kommune sin del trur vi ikkje det vil sparast noko på lang sikt ved å legge ned Angedalen skule, verken realøkonomisk eller samfunnsøkonomisk.

På vegne av Førde Senterparti

Ola Borten Moe gambler med både miljøet og norsk økonomi.

Medan Statoil jublar over enda eit oljefunn i Nordsjøen, møtes oljebransjen i Stavanger for å diskutere moglegheitene for olje- og gassutvinning i Arktis. På gjestelista står, blant andre, olje og energiminister Ola Borten Moe. Ola Borten Moe vil åpne dørane på vidt gap for oljeselskapar som ynskjer å utvinne olje og gass i de sårbare havområda i Arktis. Det er høgt spel ettersom forsikringsselskap som Lloyds ikkje ynskjer å forsikre selskap som vil drive petroleumsvirksomhet så langt mot nord, på grunn av risikoen for ulykker.

Ein ulykke vil være øydeleggjande for det maritime økosystemet, og dei utfordrande værforholda vil gjere det svært vanskelig å stoppe oljesøl. I tillegg vil Statoil kunne lide store økonomiske tap og, aksjeverdien på selskapet stupe på børsen. Norske skattebetalere vil bli sittande med regninga. Det er svært uansvarlig av Ola Borten Moe å ikkje ta innover seg konsekvensane av eit oljebonanza i nordområda.

Borten Moe spelar russisk rullett med både miljøet og fellesskapets verdier. Verda har allereide funne langt meir olje og gass enn klimaet tåler. Ein internasjonal klimaavtale som hindrar farlege klimaendringar vil difor fjerne etterspørselen etter den dyre arktiske olja. Det er skremmende at regjeringa er villig til å investere milliarder av kroner i prosjekter som forutsetter at vi mislykkes i løse klimakrisen!

Issmeltinga av Arktis vil gjere det mogleg for oljeselskap å utforske og bore etter olje og gass stadig lenger nord. 25% av verdens uoppdagede olje- og gassforekomster ligger i Arktis-regionen. Ifølge Lloyds vil det investeres 580 milliarder kroner i arktiske farvann de neste ti årene.

Nå skal stemmene til Gulen Senterparti innløses

Vindmøller har det vært argumenterter mot i Gulen, helt siden de første planene ble lagt frem for anlegget på Setenesfjellet. Den gang med Fred Olsen Renewables som utbygger, et selskap som i dag ikke er blant søkerne for anleggene.

Det kan sies mye om vindkraft, men påstander om at dette er bra for kommunen, eller for folketallsvekst eller for arbeidsplasser kan bare oppfattes som ren propaganda, det finnes ikke tall og beregninger som underbygger påstanden. Selv NVE lover ikke noe konkret til oss som utbygger kommune.

Det er ingen i dette landet som prinsipielt er i mot vindmøller, men det vi er i mot er plasseringen av møllene. Alle gode argumenter om at vi må bidra for felleskapet og for miljøet er forsvunnet. Med tiden er det blitt avklart at dette dreier seg ikke om miljø, men om nasjonale lovnader. Vi skal derfor gi fra oss det mest dyrebare vi har fordi vi har en regjering som har lovd mer ren kraft til Eu. En kraft som koster fellesskapet 1 kr. pr kw å produsere. Det det handler om, er å rasere det området av Norge som koster fylket og staten minst å miste, og som har minst innvikning på bruttonasjonalprodukt nemlig kystlandskapet.
Les hele saken nå!

Sammenslåingstrollet

For kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) er lokaldemokrati ikke like viktig som ideologiske tvangstanker. 10. mai varslet kommunalminister Liv Signe Navarsete at regjeringen vil fremme forslag i Stortinget om å lovfeste samkommunen. Nyheten fremkalte sannsynligvis ikke mer enn et lite gjesp hos de fleste som tilfeldigvis fikk den med seg. Men bak forslaget, som ved første øyekast fortoner seg som bare enda et eksempel på en lovfestingskåt regjering, ligger det kommunalpolitisk sprengstoff.

Les meir…

Marknaden fungerar

Om ein let den få sjansen. Dessverre har dei raudgrøne stått på for å forhindre dette dei åra dei har sete i regjering. I onsdagens Firda kunne vi lese at Senterpartiets Jenny Følling vil vekk frå ”marknadstenkinga” i sjukehusdrifta, som ho hevdar ikkje har vore nokon suksess. Eg skal vere samd med Følling i at det er mykje å rette på i norsk helsevesen, men for mykje marknadstenking er slett ikkje noko problem. Tvert om.

Eg skal gje Følling rett i at vi har noko å lære av skottane. Føretaksmodellen er neppe ein ideell måte å organisere sjukehusa på, men å byte dei ut med ein nasjonal helsetzar eller helsekommisar er ikkje vegen å gå. Ein av grunnane til at økonomien i helseføretaka ikkje fungerar er mangel på marknadstenking i helsepolitikken.

I dag vert norske sjukehus finansiert gjennom rammetilskot og innsatsstyrd finansiering (ISF). 60 prosent av pengane kjem som rammetilskot, medan dei resterande 40 kjem som ISF. I dei åra Bondevik 2-regjeringa og Framstegspartiet inngjekk budsjettforlik i førre stortingsperiode fekk FrP gjennomslag for at andelane skulle snuast, slik at 60 prosent av inntektene kom i form av ISF. Dette fungerte godt. Kvart einaste år vart ventelistene kortare. Det eine året Bondevik 2 inngjekk budsjettforlik med Arbeidarpartiet, vart dei samde om at berre 40 prosent av inntektene skulle vere innsatsstyrd. Og kva skjedde det budsjettåret? Jau, ventelistene auka! Det same har skjedd etter at dei raudgrøne inntok regjeringskontora. ISF-andelen har vore 40 prosent heile tida, og kvart einaste år har ventelistene vorte lenger. No har dei raudgrøne teke mål av seg å forlenge ventelistene ytterligare, ved å redusere ISF-andelen til 20 prosent, og kommunane skal trø til med dei siste 20.

Dei raudgrøne sitt framlegg til ny finansieringsmodell er dømt til å feile. Ganske enkelt fordi den legg uoppnåelege føresetnader til grunn. Den føreset nemleg at når Stortinget og kommunestyra rundt om i landet vedtek neste års budsjett veit kor mange som skal verte sjuke i året som står for døra. Det seier seg sjølv at både Stortinget og kommunestyra vil handle i blinde. Resultatet av Regjeringa sin helsepolitikk kan umogleg verte noko anna enn ein ny episode av det tilsynelatande evigvarande freakshowet ”Staten gjer ting den ikkje kan”. Skal vi klare å stable eit helsevesen på beina som tilbyr dei tenestene som folk etterspør so klarar vi ikkje det gjennom den ”ovanfrå og ned”-haldninga som dei raudgrøne står for. Det er lækjarane og pasientane, ikkje politikarar og byråkratar, som veit kva tenester som trengs. Det er berre gjennom ein monaleg større andel innsatsstyrd finansiering at sjukehusa kan justere tilbodet sitt i takt med at folk sine behov for helsetenester endrar seg.

Heldigvis skal ikkje forverringa av finansieringssystemet for helsevesenet setjast i verk før i 2012, so eit regjeringsskifte til hausten vil kunne stoppe det raudgrøne feilskjeret.

Oddvar Reiakvam
Ungdomskandidat
Sogn og Fjordane FrP

Trur Senterpartiet vi er dumme?

I dagens aviser kan vi lese at Senterpartiet lovar gratis ferjer. Igjen. Vi som er eldre enn 4 år hugsar godt kva Liv Signe Navarsete lova innbyggjarane i Sogn og Fjordane i 2005: Dersom ho vart vald inn på tinget skulle ho og Sp prioritere å sikre gratis ferjetransport. No har Navarsete kome heim frå Oslo etter fire år som folkevald, og trur tydeleg at borgarane i fjordfylket har dårleg minne.

“Ingen parti har reint fleirtal på Stortinget” seier andrekandidat Erling Sande til NRK Sogn og Fjordane i dag, på spørsmål om kvifor Senterpartiet ikkje held løfta sine. Dette er sjølvsagt heilt riktig. Men – og dette er er eit stort men – Liv Signe Navarsete har i fire fulle år vore samferdsleminister, i tillegg til medlem i regjeringa sitt mektige underutval. Og ikkje nok med det, ho har vore statsråd i Noregs første fleirtalsregjering sidan Willoch. Og ikkje nok med det, ho har vore statsråd i ei regjering med langt meir pengar til rådvelde enn noko anna regjering i norsk historie.

Kva meir treng Navarsete for å prioritere gratis ferjer?

Det verste trugsmålet mot demokratiet er desillusjonerte veljarar av typen “politikarar berre lyg og lyg”. Vanlegvis tek eg ikkje slike påstandar særleg alvorleg. Men akkurat når det gjeld Liv Signe Navarsete byrjar eg sanneleg å lure.

Å gå til val på gratis ferjer nok ein gong er ikkje berre fantasilaust, det er direkte respektlaust andsynes veljarane i Sogn og Fjordane.

Naturvernforbundet er ein klimabremse

Erling Sande

Naturvernforbundet meinar at utbygging av småkraft trugar det biologiske mangfaldet. Senterpartiet vert skulda for å ikkje greie å ha to tanker i hovudet samstundes.

Sjølv har leiaren i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, mange tankar – men det nyttar lite når dei står i direkte motstrid med kvarandre. Han markerer seg både med krav om auka satsing på fornybar energi, samstundes med protest mot anlegga som skal produsere energien.

STIKK KJEPPAR I HJULA
Naturvernforbundet har berre dei siste åra markert motstand både mot vindkraftverk, vasskraft og mot bioenergi i skog gjennom å gå mot utbygging av skogsvegar. Dei protesterar også mot kraftliner som skal føre straumen fram. Det vert lite utbygging av ny rein og fornybar energi av slikt.

Senterpartiets politikk tek omsyn både til miljøet og til ny fornybar energi. Vi og Naturvernforbundet er begge tilhengarar av opprustning av eksisterande kraftverk. Haltbrekken meinar at utbygde og ”øydelagde” område kan utnyttast, mens urøyrd natur må sparas. Her tek han feil på to punkt.

SMÅ INNGREPSTOR VERDI
Først er det viktig å presisere at sjølv om eit område er utbygd, er det ikkje øydelagt. Dagens utbyggingar tek store miljøomsyn. Småkraftverk er ofte små utbyggingar som gjer minimale inngrep i naturen. Samstundes produserer dei verdifull og rein kraft. Vindturbinar må stå på stader der det bles. Slike område er ofte ikkje bygd ut. Med andre ord blir det særs vanskeleg å få fullt trøkk på vindkraftsatsinga om ein skal følgje Haltbrekkens råd.

Dersom vi ikkje skal få bygge anlegg til å bygge fornybar energi, så kjem det heller ikkje meir fornybar energi på marknaden. Dermed får vi heller ikkje erstatta den forureinande energiproduksjonen.

Senterpartiet tar trugsmålet om tap av biologisk mangfald på alvor. Nettopp difor må vi satse vidare på småkraft og anna ny fornybar energi. Vi er einige i at nokre naturområde og vassdrag skal skjermast mot utbygging, men Naturvernforbundet rundt om i landet protesterer mot nær sagt alle prosjekt.

GRØN ENERGI MOT KLIMAENDRING
Haltbrekken har grunn til å frykte tap av biologisk mangfald – men for å få gjort tiltak som verkeleg monner, må han løfte blikket litt. Klimapanelet til FN (IPCC) har anslått at ved en temperaturauke på til dømes 4 grader, vil over 40 % av dagens kjente arter utryddast.

Fortsetter dagens utvikling i forhold til CO2-utslipp, kan utfallet bli dystrare. Det aller største trugsmålet mot verdas biologiske mangfald, er klimaendringane. Dersom vi ikkje lukkast i å få frem meir grøn fornybar energi, lukkast vi ikkje i klimakampen.

Av Erling Sande, energi- og miljøpolitisk talsperson for Senterpartiet.

Kvinner, verneplikten og folkeforsvaret

Fremskrittspartiet hadde nylig et utspill om å benytte leiesoldater i internasjonale operasjoner i forbindelse med utkastet til deres partiprogram for neste stortingsperiode. Jeg er helt uenig med FrP her og mener det er den andre retningen vi skal gå. Vi bør styrke både verneplikten og vårt folkeforsvar gjennom å få med flere kvinner i Forsvaret.

Målet med å ha et forsvar er å hevde norsk suverenitet, trygge folkestyret og bidra til å sikre internasjonal stabilitet. Forsvarets hovedoppgave skal være å forsvare norsk territorium. Vi i Senterpartiet mener allmenn verneplikt skal være fundamentet for det norske forsvaret. Norge skal ha et folkeforsvar, og ikke et vervet forsvar. Den allmenne verneplikten sikrer at vi har soldater fra alle samfunnslag inne til førstegangstjeneste. Folkelig forankring er viktig for forsvarsviljen og kvaliteten til våre militære styrker. Norge bør derfor ha et folkeforsvar basert på verneplikt. Dette er viktig for å skape gjensidig forståelse mellom forsvarsmakten og innbyggerne, og for å opprettholde forsvarsviljen og forsvarsevnen i folket.

Den største utfordringen for verneplikten i dag er at den er sterkt kjønnsdiskriminerende. Jeg er overbevist om at kjønnsdiskriminerende ordninger i Norge står for fall, og jeg mener det vil kunne true vårt folkeforsvar dersom vi ikke gjør det vi kan for å styrke verneplikten gjennom at plikten til å stå til disposisjon for Forsvaret gjøres lik for kvinner og menn. Dette handler ikke bare om å få best mulig rekruttering og kompetanse til Forsvaret, men også politisk i forhold til at verneplikten bare delvis kan fylle sin hovedfunksjon; å forankre og legitimere Forsvaret i det norske samfunn.

Statistikken viser at på tross av at jenter nå blir invitert (frivillig) til sesjon, så er det få jenter som gjennomfører førstegangstjeneste. Selv om over 7 000 jenter frivillig (altså de best motiverte) sa ja til å delta på sesjon i fjor, så ender vi opp med at færre enn 400 jenter fullfører førstegangstjeneste, mens nærmere 8000 gutter fullfører.

Jeg mener verneplikten og førstegangstjenesten må styrkes gjennom at det blir verneplikt for begge kjønn, noe som vil gi likestilling av plikter og retter. Dessuten må flere bli innkalt til førstegangstjeneste, noe som vil gjøre verneplikten til en mer rettferdig ordning ved å gi flere muligheten.). Samtidig må det på plass enda bedre tiltak for å sikre at kvinner kan gjøre karriere oppover i det mannsdominerte Forsvaret. Jeg ser fram til landsmøtebehandlinger både i vårt parti og i andre partier om dette tema.

Alf Ivar Samuelsen, Sps forsvarspolitiske talsperson
!http://www.senterpartiet.no/getfile.php/Bildegalleri/Fotopool%20-%20landsm%C3%B8tet%!