Viser arkivet for stikkord sentrum

HANDEL OG GRUVEDRIFT

Vi bur i Førde og vil ha det så bra som mulig her. Vi har mange arbeidsplassar, og det er svært mange som er arbeidspendlarar til Førde. Førde er ein by og vi ønskjer å vere urbane. Vi har og fin natur med fjord og fjell her og i nabokommunane, og vi reknar oss som eit friluftsfolk. Vi vil vekse, både i folketal og økonomisk-og vi vil ta vare på naturen.

Vi vil trivast og utvikle oss.

Førde er allerede kjent som handelsbyen og helsebyen i fylket, med våre handelshus, bilforretningar og møbelforretningar m.m -og sentralsjukehuset og interkommunal legevakt og høgskulen. I tillegg har vi kulturlivet med kunstmuseet, Førdehuset for å nemne noko.

Vi står framfor betydningsfulle avgjerder for byen og naturen rundt oss i 2015. Alle lurer på korleis det skal gå med arealplanen i Førde:
• Vert det handelspark på Brulandsvellene, og evt korleis vert den?
• Vert det gruvedrift i Naustdal, med fjorddeponering eller landdeponering av avfallsmassane?
Gruvedrifta i Naustdal kan vi førdepolitikarane berre uttale oss om, medan handelsparkspørsmålet ligg i våre hender å bestemme.

Kva får oss så til å meine det eine eller andre?
• Grunnleggande verdiar som vi har, og som er nærast urokkelege?
• Meininga til folka i vår omgangskrets?
• Meininga som kjem fram i avisinnlegg?
• Rådmannen eller ordføraren i Førde eller Naustdal sine oppfatningar?
• Stemninga på eit folkemøte?
• Meininga til interessegrupper?
• Innhenting av faktakunnskap?

Det som gjer det vanskeleg er at ein sjeldan har «ekspertane» som skulle kunna gje svar på spørsmåla samla på eitt brett. Arrangerer ein folkemøte vert det ofte skeivfordeling i oppmøtet av folk frå partane. Inviterer ein fagfolk seier nokon ja til å møte, medan andre avstår.
Partane argumenterer med sine tal og sine referansar, og det er nesten umulig å vite kven ein skal feste mest lit til, dersom ikkje det politiske spørsmålet er innan eit felt ein har kjennskap til t.d frå sin eigen jobb.
Når ein ikkje kan einast om utgangsverdiane, kor mykje ein sel, kor mykje folk som kan stipulerast som potensielle handelskundar i Førde, kva som er konsekvensen av fjorddeponi, kva som er skadeleg og kva som ikkje er skadeleg, så vil til slutt dei grunnleggande verdiane til politikaren telje mykje. For, det er fornuftige, tenkjande folk på begge sider av meiningsytringane!
Om ein ser attende til t d øldebatten i Førde i 2012, viser den kor vanskeleg dette med tal og fakta er. Salstala gjekk opp, men partane i debatten hadde sine eigne oppfatningar om kva som låg i tala og korleis dei skulle tolkast: Øl betre enn vin? Omrekning til alkoholeiningar-ulike reknemåtar. Kor mykje vart handla frå nabokommunane? Taxfreesalet for Sogn og Fjordane var ikkje med i rekneskapet. Ungdomen drikk mindre, middelaldrande drikk meir. Kva er verst, osv…

Altså, slik er livet: Ikkje alltid enkelt, og det består heile tida av val på bakgrunn av verdiar.

• Er vi tente med å ta risiko med Førdefjorden for å utvinne mineral og fargestoff?
• Er det rett at verda har behov for dette? Om så-kanskje greier Noreg å utvinne dette ned mindre skadeverknader enn andre land?
• Er langtidverknadane av fjorddeponi verre eller betre for naturen totalt sett over lang tid enn landdeponi?
• Vil gruvedrift sikre auka tilflytting av folk til regionen over tid? Vert det verdiskaping lokalt?Hamnar skatteinntektene i sunnfjorkommunane?
• Vil Førde sentrum verkeleg dø om det vert Brulandsvelleutbygging?
• Vil politikarane greie å handheve restriksjonar i handelen på Brulansvellene over tid?
• Har sentrum uansett eit problem pga auka netthandel og folk som vil køyre til døra for å handle utan å rote seg inn i sentrum om ettermiddagen?
• Kan sentrum tole meir butikkar med varer som må fraktast med bil.
• *Er vi naive som trur at Førde sentrum kan verte så attraktivt at folk utanfrå vil ta ein tur berre for å sjå og nyte Førde sentrum, eller skal vi innsjå at vi aldri kan verte så interessante som Røros, Ålesund eller Risør? *

Handelsmennene i sentrum er som naturleg er bekymra for kva som skjer om det vert fritt fram for utbygging på Brulansvellene. Dei er altså redde for å verte utkonkurrerte, redde for konkurranse, kapitalistane sin reiskap til alle tider. Dette er i seg sjølv interessant, men kjem ikkje til å verte avgjerande for kva eg kjem til å stemme i mars eller april når arealplanen kjem opp i bystyret.

Eg skal stemme for det som eg trur gjev det beste Førde å leve i i framtida. I mellomtida snakkar eg med folk, diskuterer med andre politikarar og prøver å finne ut kva dei meiner-og deltek på dei møta som er å oppdriva…Det må den folkevalde gjera.

Einar Solheim
Bystyrerepresentant i Førde( Ap )

72000 kvm butikkareal?

Kor mykje er 72000 kvadratmeter?
Den foreslåtte utvidinga av handelsparken på Brulandsvellene vert anslått over tid å kunne romme 72000 kvm butikkareal, rundt 250 bustader, og over 1500 parkeringsplassar.

Ved å drodle litt i Førde kommune sin fritt tilgjengelege 3D-modell, har eg grovskissert 3 alternative bygningsmassar som utgjer 72000 kvm, i eit forsøk på å syngleggjere kva 72000 kvm kan innebære i flate og volum, uten at desse forslaga er spesielt grundig gjennomarbeidd byformingsmessig:

Rødt: 72000 kvm spredt utover byflata – tetting av byveven.
Oransje: 72000 kvm etter skyskraparmodell – omlag 50 etasjar.
Gult: 72000 kvm på tomta til Firda Billag – type handelshus / handelspark.

Til opplysning er IKEA Åsane 36000 kvadratmeter, altså halvparten av den førespegla utvidinga på Brulandsvellene. Dei kvite voluma som er teikna inn på Brulandsvellene tilsvarar nokonlunde arealstørrelsen på planane, men er forenkla i desse skissene, så dei kan avvike ein del frå det som faktisk er lagt fram av Coop. Men i alle fall seier det noko om kva for landskap ein kan vente seg.

Bjørn-Are Vollstad
sivilarkitekt, skribent
og kjartanistansk diplomat

Stans galskapen på Brulandsvellene!

På 90talet blei Førde kåra til Noregs styggaste by. Ein by med ryggen mot elva, eit rosa handelshus, meieri og bussverkstad midt i sentrum og stor biltrafikk. Det heile framstod som utrivelig og tittelen «Noregs styggaste» var nok fortent. Politikarar og grunneigarar tok grep, fasadar blei rusta opp og det blei laga gangbruer, trapper og elvepromenader i stein. Det begynte å halte mot triveligare tider.

Er Førde i ferd med å bli kvitt stempelet som Noregs styggaste by? spurte Firda på nett. Ja svara 38,3 prosent. Men til tross for millionane som har blitt sprøyta inn for å pynte opp og bøte på skadane, så svarte heile 61,7 prosent nei. Lesarane er altså ikkje overbevist.

Eg kan ikkje svare for alle, men eg tør å påstå at at sentrumsutviklinga gjekk eit stort steg i gal retning etter at den nye «bydelen» på Brulandsvellene blei bygd. Førde Storsenter gjekk konkurs og Sentrum Sør blei nesten liggande livlaust. Store butikkar blei flytta ut av byen, og med butikkane flytta også handelen. Ikkje ein gong daglegvarehandelen vil etablere seg på Sørsida lengre.

No vil Coop bygge «handelspark» på Brulandsvellene. Storleiken er på svimlande 152 000 kvadratmeter, 6 gongar større enn Førde Torg. Investorar og handelsstand snakkar om å tette handelslekkasjen til Bergen. Handel er viktig for Førde, men blir det verkeleg betre handel av at ein flyttar den økonomiske aktiviteten ut av sentrum? Butikkdøden på Sørsida har allereie vist at det ikkje er mykje større marknad å ta av. Handelspotensialet blir heller ikkje større av å tappe sentrum, og er det ikkje betre med eit sterkt handelsknutepunkt istaden for to svake?

Førde har ikkje mykje bymiljø å skryte av, men Sentrum Sør har litt. Førde er kompakt, lett å ta seg fram i, handelen er konsentrert og det er korte avstandar mellom butikkar. Det er ein styrke for byen. Eit levande sentrum gjer Førde til ein attraktiv handelsby, men å dra handelen ut av sentrum kan ha motsett verknad. Ein vanleg effekt ar at dei mest populære butikkane flyttar inn i det nye kjøpesenteret og etterlet seg tomme lokalar. Det reduserer igjen kundegrunnlaget og gir lågare omsetnad for dei butikkane som blir igjen. Eit område med mange tomme lokaler gir intrykk av forfall, og då blir det igjen vanskeleg å etablere nye butikkar der. Resultatet av ei storstilt utbygging på Brulandsvellene kan altså bli at siste rest av det Førde har av byliknande miljø blir spist opp av ein stor og dominerande handelspark.

Ordet «handelspark» er i seg sjølv misvisande sidan det legg beslag på store mengder grønt-områder og gjer det om til ein ørken av asfalt og betong. Prosjektet er heller ikkje framtidsretta. Det er laga på bilen sine premissar, der vi skal køyre frå senter til senter. Det er heller ikkje oppløftande å sjå teikningane, som viser eit prosjekt kjemisk fritt for alt ein assosierer med trivsel, spennande arkitektur og godt bymiljø.

Det er ikkje plass til å bygge sentrum blir det sagt. Tenker dei på at at bussverkstad og bussgarasjar opptar kremen av Førde sentrum? Desse tomtene har eit kjempepotensiale til å romme bygater og handel om det er politisk vilje til det. Dessutan står Førde Storsenter tomt, det er mange ledige lokalar på Sørsida og det er rom for betre arealutnytting på øyrane, på Halbrendsøyra og langs elva. Dei gløymer også at den nye vegplanen frigjer mange godbitar i sentrumsnære områder. Store areal som er egna for bygging, investering og byutvikling. Nye vegar og gangbruer vil også lette på trafikk-situasjonen på Sørsida, noko som burde gjere det meir attraktivt å satse der.

Medan ein legg til rette for flytte handelen ut av sentrum, vil ein også plassere eit stort biloppsamlingsanlegg på sjølve indrefileten i byen, like ved båthamna.
Så når besøkande turistar spør: “Where is the Marina?”
Kan vi svare: “Jo den ligg der borte, inneklemt bak det store biloppsamlingsanlegget”.
Kva med å heller flytte bussverkstad, bussgarasjar og biloppsamling ut av sentrum, og la butikkane få bli?

Det er ikkje berre Førde som flyttar økonomisk aktivitet ut av bykjernen. Det er ein trend som skjer over heile landet. I desperasjon mot å misse handel til andre kommunar, set ein opp store, stygge og dominerande betongklossar, i god tru om å kapre kundar og få fart på sin eigen økonomi, på bekostning av andre. Ein etter ein vel bort bymiljø og trivsel, til fordel for storsenter og meir bilkøyring. Sandnes, Gjøvik, Ålesund, Langesund, Skien, Sandvika og Porsgrunn er alle triste dømer på at bymiljø og sentrumsbutikkar taper på grunn av storsenter utanfor byen som spis opp marknaden.

Utskjelte Drammen har gått mot straumen. Byen var kjend som ein av Noregs styggaste. Dei gjorde noko med det, og byen er i dag blitt ein av dei finaste. Bylivet er levande og det kryr av studentar, besøkande og tilflyttarar. Ein køyrer ikkje berre forbi byen lengre, ein stoppar og blir. Det hadde dei ikkje klart utan bevisst fokus på å skape ei kompakt og levande bykjerne, og ved å jobbe aktivt for å unngå byspreing og auka bilavhengighet. Ein kan klare det same i Førde, men då må politikarar la være å støtte prosjekt som tappar sentrum for handel og økonomisk aktivitet.

Fortener Førde fortsatt stempelet som Noregs styggaste? Eg synst ikkje det. Arbeidet som er gjort langs elva og i Storehagen er fantastisk. Men eg trur Coop sine planar om eit nytt monsterbygg på Brulandsvellene er eit stort steg i gal retning. Legg heller til rette for investeringar der butikkane ligg i dag. Det vil være bra for trivselen og ikkje minst bra for handelen. Ein slik by har folk lyst å besøke, handle og bo i.
Så kjære Coop og ordførar Olve Grotle: Vær så snill å ikkje gjere Førde styggare enn det det treng å være. Invester heller i sentrum og dropp galskapen på Brulandsvellene.

Tekst og foto: Martin Fjellanger

Ikkje særleg vakker dette, midt i sentrum. Kven har ansvaret for skrapet?

Sande sentrum - frå brann til betring

Fleire bedrifter og hybelbuarar vart huslause då bensinstasjonsbygninga på Sande vart øydelagt av brann tidlegare i haust. Den andre bensinstasjonsbygninga i sentrum har lenge stått tilsynelatande tom. No har vi også fått vite at Coop-butikken legg ned. Gaular kommune har teke eit prisverdig initiativ til ei brei drøfting om framtida til Sande sentrum. Så no er det viktig at vi som bur i Gaular engasjerer oss og bidreg til at vi får ei positiv sentrumsutvikling i staden for at vi etter kvart får ei halvvegs spøkelsesbygd. For dette handlar ikkje berre om å få på plass ei bensinpumpe eller to. Her er mange ting som må sjåast i samanheng og i eit langsiktig perspektiv.
Ny E-39 forbi Sande kjem før eller sidan og gjev oss nye utfordringar med ivareta Sande som innfallsport til kommunen for turistar og ein attraktiv stoppestad for forbipasserande. Vi bør ha ein bensinstasjon på Sande, men den bør helst liggje nærast mogleg europavegen for å sikre inntektsgrunnlaget. Næringsområda ved det planlagte krysset ved europavegen bør vere godt eigna. Her kan det også leggjast til rette for gode kvileplassar for tungtransport i tilknyting til bensinstasjonen. Opphaldsrom og dusjmoglegheit for sjåførane er etterspurd. Kanskje transportselskapa, vegvesenet og kommunen kan få til noko i samarbeid?
Samstundes må vi få til ein bruk av områda med dei tomme næringsbygningane i Sande sentrum. Mange tettstader har utfordringar med for lite sentrumsliv etter at butikkane er stengt. Vi må difor sjå nærare på om det kan leggjast til rette for meir busetting i sentrum. Det er lite anna butilbod på Sande enn einebustader. Her finst nesten ikkje leilegheiter for sal eller leige som passar for folk i etableringsfasen, små familiar, einslege eller folk som ikkje lenger vil streve med hage og hus. Også tilflyttarar til fylket som er på jakt etter andre butilbod enn einebustad, ser då gjerne ikkje på Sande som eit godt alternativ. Her er eit potensiale for attraktive leilegheitsbygg i Sande sentrum med utsikt mot Gaula og kort veg til det meste. Slike bygg kan også kombinerast med lokale for ålmenne aktivitetar og næring som kan styrke sentrumsfunksjonane. Kanskje det kan vere attraktivt for einskilde bedrifter å leige nye lokale på Sande i staden for gamle og dyre lokale i Førde?
Gaular kommune har økonomiske utfordringar i komande kommunestyreperiode, men vi har ikkje råd til å la Sande sentrum forfalle. Det å få til ei positiv sentrumsutvikling handlar heller ikkje berre om finansiering, men vel så mykje om å ha visjonar for bygda, å sjå moglegheiter og behov og leggje til rette for ny utvikling. Her må lokale kreftar og kommunen ha eit tett samarbeid.

Kven hentar ved i Førde Sentrum?

Det har over fleire år blitt beskåre og felt tre ulike plassar i Førde sentrum.
Denne “kulturen” ser ut til å vekse i omfang, difor er det på tide at nokon seier STOPP!!
Siste aktivitet på denne fronten er no beskjæring, eller hogst av tre, langs elva på Øyrane. Det var visst Førde Lions club som i si tid planta denne alèen av Bøk. Disse bøke-plantene vart følgt nøye opp og stelt under etablering. Kvifor ein no plutseleg tek til å bekjære denne kraftig tilbake og øydelegg den naturlege formen er for meg ei stor gåte. Denne aleèn tok verken sikt, eller var til fare for nokon. Tverimot, den var kome fint opp og gav både lè og skygge ein god sommardag. Bøka var eit godt val i plassering mot elva.

Ynskjer ein lågare busker/tre for jamnleg forming, så hadde ein valgt lågare tre! Det finst utruleg mykje busker og prydtre som held seg godt på 5-meteren, men ein må då regne meir plass i høve til breiddevekst/busking.

Grunnprinsipp for beskjæring er:
vekk med døde og skadde greiner(sjukdom, ròte, sopp), greiner med dårleg vinkel, og sørg for minst mogleg snittflate!! Dette for å for å skåne treet mest mogleg for det “stresset” treet vert utsett for ved beskjæring. Det einaste som er rett her er tidspunktet for beskjæring,(kviletida til treet).

Eg ser med uro fram til utviklinga i sentrum. Ser for meg hard beskjæring og felling av de etablerte trea ved utstillingsplassen og på Tangen i Førde.
Vil no be om at både oppdragsgivar og ansvarleg entrepenør vil kommentere denne “bestillinga, eller oppdraget”.
Har jobben/jobbane med beskjæring i Førde sentrum vore sett ut på anbud? Er det sett krav til kvalifikasjonar hos entrepenør?
Kvifor tar ikkje kommunen sjølv disse oppdraga? Trur kommunen hadde klart dette billigare sjølv!!
Førde må vakne, vi treng å behalda magnfaldet av gamle tre, park og grønt miljø. Andre byar vernar og pleier sine grøne område. La oss gjere det same, alt handlar tross alt ikkje om signalbygg!

Solveig Andersen, Førde
(agronom og gartnar med fagleg praksis)

bilde frå alè av bøk på Øyrane bilde ved Førdehuset, beskjæring 2008 bilde frå urørt område ved utstillingsplassen

60 mill for cooptomta !

Om ein utbyggingskåt arkitekt vil teikne og bygge så bør vedkommande absolutt slå til på denne summen.
Jordvern..smak på ordet! Jordvern kjem til å verte eit begrep den dagen våre politikarar skjønar at matjord er for matproduksjon og ikkje slik skamferd som har vore vist i Førde og liknande stader der kapitalen til dei grader har bestemt over både politikarar og byråkrati.
Nokre politikarane har no fått teften for at mat ikkje er noko sjølvsagt, i alle fall dei som skjønar samanhengane mellom mat – børs. Ny melding om mat og landbruk vil i tillegg vektlegge dette tungt.
Nok om det.
Eg var på årsmøte i Førde Bondelag her ein kveld. Bøndene i Førde held til ein viss grad stand og tilpassar seg til sin bynære eksistens.
Om utvikling betyr nedbygging av dyrka mark, er Førde ein vinnar. Kvifor no ikkje byrje å tenke annarleis ?
Førde har all slags byggeskikkar og buformer, men manglar ein. Blokker, rekkehus, tun, eineboligar, luxusleiligheter i sentrum osv……
Kva manglar? Jau det manglar eit meir strukturert og tilrettelagt miljø der husdyr er eit element i sentrum og at dyra er der fordi dei er lagt inn i reguleringsplana.
Slik det er no er husdyra på vikande front i alle endar av Førde by, dette er sjølvsagt byens “vesen”.
Gløym gyllelukt, dette vert da forska på og det finnes alternativ for den tyntflytande gjødsla.
Så til entusiastiske og dyktige arkitektar og utbyggarar : Tenk no heilskapen. Dette kan bli spennande!
Dette vert også kommunen sitt ansvar i framtida. Det er det ikkje Bondelaget som bestemmer, dette vil komme som direktiv frå staten.
Dyrka jord vil i fratida ligge høgt over prisen for coop-tomta !

Det nye rådhuskvartalet i Førde

Det har vore presentert 6 ulike skisseframlegg av det nye rådhuskvartalet i Førde sentrum både i avisa Firda og på kommuneheimesida og har også vore utstilt i Utstillingsalen på Førdehuset i perioden frå 17 september til 9. oktober.
Utkasta verkar spennande, og eg trur nokre av forslaga kan brukast og såleis vere aktuelle kandidatar for realisering, medan andre er litt tvilsame om dei i det heile kan realiserast utifrå storleik i kostnad og eigedomsforhold, men det blir då i så fall eit forhandlingsspørsmål mellom partane i området. Det blir opp til juryen og ikkje minst kommunen med dei folkevalde å avgjere kva planløysing dei vil velje.

Personleg tykkjer eg er nokre av utkasta verkar gamalmodige med preg av den tradisjonelle 60-70 tals arkitekturen med firkanta blokker i kontrast med vestlandsvêret i det typiske regnlandet som Førde er ein del av. Førde har ein del hus/bygg med flate tak, og treng vi fleire av dei? Andre av framlegga er litt meir spenstige med skråtak i fleire vinklar og har som regel ein fordel i at regnvatnet renn snøggare vekk, som framlegga til ”Rådhusplassen” og ”Jølstra på tvers.” Det er i alle fall vurderingar ein må ta i samband med tanke på vedlikehald og bruk av materiale.

Ei anna side er at på nokre av arkitektframlegga, kan ein lure på om kva for eitt av dei bygga som er rådhuset og kva som er hovudinngangen?

Dette bør vere avgjerande moment for val av planløysing. For ingen er vel tent med må å måtte gå kvartalet rundt for å finne inngangen til rådhuset. Framleis møter eg folk som spør kor det noverande kommunehuset er.

No treng ikkje situasjonen vere låst, og det vil vonlegvis vere rom for justeringar i det utkastet som eventuelt blir valt, slik at skissene som er lagde fram, ikkje gje det heile og fulle biletet av korleis rådhuskvartalet kjem til å sjå ut når både utbyggjar og arkitekt har kome fram til den endelege planløysinga. Men skissa kan gje ein peikepinne om korleis forma kan bli og det kan vere lurt å gjere kommunen som planleggjar merksam på nye moment.

Mitt råd til juryen og dei folkevalde er at rådhuset bør stikke seg fram og vere eit tydeleg bygg som er karakteristisk og syneleg i bybiletet slik at det er lett å finne fram. Sjølvsagt kan ”prikken” over i-en vere at rådhuset har eit klokke med visarar på framsida som td. i skisseframlegget ”Byens hus” med eit synleg kommunevåpen som folk kan orientere seg etter. Klokkeur er noko som er særeigen detalj for mange rådhus rundt om i Europa og i verda elles. Rådhuset bør vere ein sosial møteplass både innanfor og utanfor.
Innanfor kan rådhuset fungere som ei slags vidareføring av Førdehuset , som ein sosial møteplass og ei kjelde for informasjon om det som skjer i kommunen der vedtak vert fatta og der folk har høve til å følgje møta. I tillegg vil rådhuset huse fleire offentlege tenester, som sørvistorg med bibliotek/mediatek, NAV, skattekontor, kommunelækjar og -tannlækjar osv., og såleis oppfylle kommunen si målsetting om nærleik til folket, som dei kan vende seg til om ulike saker.

Bystyresalen bør også vere til allmenn bruk, for folkemøte, kongressar, tilstellingar og konsertar og andre arrangement. Det bør vere Kafe/kafeteria/kantine med høve for uteservering, og ikkje minst, offentleg toalett. Rådhuset bør sjølvsagt tilfredsstille krava til universell utforming, karbonnøytral oppvarming og ENØK-tiltak.

Planmessig bør rådhuset følgje retningslinene for sentrumsutvikling i Førde med byrom og aksar der hovudinngangen til rådhuset ligg den opne plassen, Langebrutorget.
Så bør ein skrinleggje spontanforslaget frå Botforkonferansen, som var ein idédugnad om byutvikling arrangert av kommunen hausten 2008 der forslaget var å opne opp att heile gamlevegen gjennom Hafstadvegen.
Det var eit lite gjennomtenkt forslag som ikkje ville lette traffikkflyten gjennom sentrum i nemneverdig grad og ikkje er nokon god byutviklingpolitikk dersom intensjonen var å skape ein mindre trafikkert sentrum til fordel for mjuke trafikkantar. Ein må finne andre løysingar som stimulerar folk til å sette frå seg bilen og gå eller sykle meir. Sidan ordførar Nils Gjerland har lansert ideen om sykkelbyen, noko som er positivt, må ein følgje opp for å gjere det lettare for folk å sykle meir.
Langebrutorget som skal fungere som ein sosial møteplass, kan nyttast til både torgsal og ulike arrangement og tilstellingar som sommarfesten, Førdefestivalen og meir. Dette kunne utviklast til ein open plass med fontene, benkar, tre og skulpturar laga av profesjonelle kunstnarar for utsmykking både lokale og nasjonale så vel som internasjonale kunstnarar på ulik område.

Eit rådhus, strategisk plassert, vil bidra til å fortette sentrum og skape allmenningar og kvartal som gjev meir luft og skaper trivsel i byrommet, som skissert ”Byens rom”. Dette er meir i tråd med retningslinene for sentrumsutvikling, noko som Førde treng, særleg i sentrum sør. Ei kvartalløysing med forretningar, kontor og bustader vil skape meir liv i området.

Oppsummeringsvis, bør eit eit rådhus som ligg midt i ”smørauget” vere synleg og tilgjengeleg for folk samstundes som både sjølve rådhuset og området skal framstå som attraktivt og at innbyggjarane skal få eit eigarforhold til bygget.

Sigbjørn Løland Torpe, Førde.