Viser arkivet for stikkord skule

BUP må skjermast mot nedskjeringar!

Sogn og Fjordane har tre poliklinikkar for barn og unge som treng psykiatrisk hjelp. Men for mange er det langt å reise til Eid, Førde eller Sogndal der desse ligg. Barna og ungdommane dette gjeld, har og ofte behov for at foreldre eller føresette reiser til behandling saman med dei. Slik går det fort ein arbeids- og skuledag med til kvar konsultasjon på BUP. For å bøte på dette, har Helse Førde hatt som praksis at spesialistar kan reise ut frå poliklinikkane for at pasientane skal få hjelp i eigen kommune. Med dei budsjettkutta som no er føreslegne vil det ikkje vere rom for dette lenger, og alle som skal ha behandling ved ein av poliklinikkane må reise dit. Personlege møte mellom behandlarane og dei som treng hjelp kan ikkje utan vidare erstattast med telefon- eller videomøte, til det er problemstillingane for vanskelege og pasientane for sårbare.

I tillegg til helsepersonell som arbeider direkte med barna/ungdommane, har BUP og tilsett spesialpedagogar som har ei viktig rolle i å rettleie barnehagane og skulane der pasientane på BUP har kvardagen sin. Desse stillingane er no på kuttlista, og vi risikerer at den rolla BUP sine pedagogar har hatt no skal fyllast av kommunane sine tilsette i PP-tenesta.

Konsekvensane av å redusere dette tilbodet kan bli at barn/unge og familiane deira vegrar seg for å oppsøke poliklinisk hjelp, og det vil særleg råke dei som bur i utkantane i fylket. Barnehagar og skular får ikkje hjelp frå spesialistar når dei skal legge til rette for desse pasientane i kvardagen, men er prisgitt kapasiteten til det lokale PPT-kontoret. Vi risikerer at det vert endå større skilnader på tilbodet til barn og unge med psykiske vanskar.
Pasientane og deira pårørande vil med dei føreslegne nedskjeringane få ein dårlegare livskvalitet fordi vanskar får vekse seg større før dei vert tekne fatt i. Kommunane si PP-teneste vert sett under endå sterkare press enn tidlegare, og det vil gå ut over kommuneøkonomien. I tillegg vil dei kostnadene ein sparer ved å kutte i løyvingane til polikliniske tenester truleg komme att i form av at fleire pasientar vil få behov for døgnbehandling. Det er og grunn til å tru at barn og unge som ikkje får hjelp med psykiske vanskar, vil få det verre som vaksne med eit større behandlingsbehov enn det dei hadde i utgangspunktet. Det er såleis snakk om ei kortvarig innsparing for Helse Førde, men med store konsekvensar for både dei barna/ungdommane som vert råka og for lokalsamfunna dei bur i.

I utgangspunktet er barn og unge som treng hjelp frå psykiatrien blant dei aller svakaste gruppene i samfunnet. Det er krevjande for alle familiar når eit barn eller ein ungdom må få hjelp utanfrå for å takle kvardagen sin. Dette er og pasientar som manglar pressgrupper, og som slik kan bli gått forbi på prioriteringslistene. Dei er difor avhengige av at vi som fagpersonar seier frå. Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane meiner at Helse Førde må skjerme barn og unge med psykiske vanskar, slik at dei framleis får eit godt tilbod uavhengig av kvar i fylket dei bur.

Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane
Magnhild Hoddevik, nestleiar

Elevar treng klasserom - på Sunde òg!

På Sunde skule i Førde har elevtalet auka frå 64 i skuleåret 2003-2004, til 172 i 2013-14. No er det ikkje klasserom nok til alle klassane på skulen, trass i eit nybygg med 3 klasserom i 2011. Vi som er foreldre til ungar på skulen, synest det er merkeleg at Førde kommune ikkje vil unne ungane våre å ha eitt klasserom til kvar klasse. Er det ei overrasking at elevtalet har auka så mykje? Neppe, for det er over 10 år sia det kommunalt eigde Førde tomteselskap begynte utbygginga av det såkalla Farsundfeltet. Det er skuffande at politikarar og byråkratar ser ut til å ha gløymt å tenke på skuleutviding, då dei la til rette for bustadbygging og folkevekst. Kortsiktige løysingar med brakker, vil jo vere eit stygt symbol på kortsiktig tenking blant politikarane. Vi ber ikkje om luksus som musikkrom eller andre fagrom som dei fleste skular har, berre om ei minimumsløysing som gir nok plass til klasserom.

Eg håper at politikarane i bystyret tar på alvor dei signala som Sunde skule, FAU og fleire har spelt inn i denne saka. Då kan kanskje elevane på Sunde skule òg få oppleve tryggleiken i å ha sitt eige klasserom.

-Ola Sølvberg

Stille før stormen?

Riksmeklaren og forhandlingsdelegasjonane på KS-området har starta innspurten, og er no snart på oppløpssida i meklinga. Dersom dei ikkje kjem fram til ei løysing innan midnatt 25. mai vil det bli konflikt med streik som resultat.

Unio har stilt økonomiske krav for sine medlemmer i kommunesektoren – dei fleste av dei er sjukepleiarar og lærarar i barnehage og skule. Lønskrava våre er moderate og rettkomne, det handlar om å sikre at kommunane også i framtida vil ha tilgang på høgt utdanna arbeidskraft som leverer gode tenester til innbyggarane sine. Utdanning må lønne seg også i offentleg sektor!

I tillegg står kampen om lærarane si arbeidstid. Denne kampen handlar både om retten til å inngå sentrale tariffavtaler, og om sikring av eit likeverdig skuletilbod i heile landet. Sentrale tariffavtaler er ein berebjelke i den norske samfunnsmodellen. Dette gjev både leiarar og arbeidstakarar faste rammer som ein organiserer arbeidet innanfor. Lokalt kan ein forhandle om endringar, men rammene er dei same. For elevane i skulen betyr ein sentral arbeidstidsavtale at dei får eit likeverdig utdanningstilbod, uansett kvar i landet vårt dei bur. Dette er eit anna, viktig prinsipp i det norske velferdssamfunnet, nemleg fellesskulen.

Skulen må vere sikra eit minimum av tid til for- og etterarbeid for kvar lærar. Lærarane skal gje undervisning og vurdering av høg kvalitet, tilpassa kvar enkelt elev. Til dette trengst meir tid enn ein no har til rådvelde, ikkje mindre. Kvar time ein lærar jobbar ut over elevane sitt skuleår, vil gje ein time mindre til elevane når dei er på skulen og treng lærarane si tid og merksemd. Undervisning er ferskvare, derfor må lærarane sitt arbeidsår i størst mogeleg grad vere samanfallande med elevene sitt skuleår.

Utdanningsforbundet krev å få behalde retten til å forhandle ein sentral avtale, medan KS ønskjer auka fleksibilitet og styringsrett lokalt. Dette vil gje større forskjellar i skulen, både mellom kommunar og mellom deler av landet. Det vil og gje ulike rammer frå år til år, og gjere det vanskeleg å legge dei lange linjene i utviklingsarbeidet. Vi som er lærarar og leiarar i skulen veit dette, vi erfarer det kvar dag. Derfor har vi i heile vår kjempa for å behalde ein sentral avtale, for å halde oppe og auke kvaliteten på elevane si opplæring.

Om ein tenker seg ei fotballbane der sidelinjene og mållinjene ikkje lenger skal definerast og der spelereglane varierer frå kamp til kamp, forstår alle som kjenner fotballen at spelet ikkje vil fungere. Dei ville protestere og kjempe imot ei slik endring, medan andre kanskje ikkje ville sjå konsekvensane. Derfor er det klokt å lytte til ekspertane. Det gjeld og når det vert foreslått endringar i skulen – då bør ein lytte til dei som utfører arbeidet der, og som ser kva endringane kan føre med seg: Lærarar og skuleleiarar er ekspertar i skulen.

Vi håpar KS har teke til vit under meklinga. Om ikkje er vi klare til å kjempe for at norske elevar skal få ein best mogeleg skulekvardag med kvalifiserte lærarar som er til stades for dei.

Enno er det stille, men snart kjem kanskje stormen!

Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane v/fylkesleiar Gunn Marit Haugsbø

Høyanger 1. mai 2014 - appell frå Utdanningsforbundet

1. mai er arbeidarane sin internasjonale kampdag.
Det er både ein festdag og ein kampdag – dagen er også eit symbol på fagrørsla sin styrke.

1. mai er ein arena for politisk påverknad og haldningsskaping. Under ligg kampen om kva verdiar som skal liggje til grunn i samfunnet vårt og kva verdiar som skal styre samfunnsutviklinga: solidaritet på tvers av landegrenser, fellesskap, respekt for alle og like mulegheiter

Kva vi vel å gjere i fellesskap betyr noko for framtida. Og dei vala kvar og ein av oss gjer betyr noko for dei som kjem etter oss.

I 2014 markerer vi eit svært viktig jubileum. Det er 200 år sidan landet vårt fekk si eiga grunnlov. Dette er fundamentet for vårt demokrati, for vårt norske folkestyre. 200 år der kvinner og menn har kjempa kampar for fellesskapsløysingar som kvar og ein av oss i dag haustar av og tek for gitt.
Kanskje er dette, at vi tek opparbeidde, felles rettar for gitt, ei av vår tids store utfordringar.
Solidaritetstanken er hjarte og grunnmuren i ei fagforeining, men fellesskapsverdiar er under sterkt press. Aukande individfokusering og rettigheitstenking er ein samfunnstrend. I lys av dette er det verd å dvele ved Grundtvig sine ord: ”Kun den er fri som vet seg bundet.”
”Kun den er fri som vet seg bundet” er ei sterk utsegn – ei utsegn som minner oss om at det er rammene og grensene rundt oss, handheva av menneske med omsorg og pliktkjensle, som har gitt oss den tryggleiken og det rotfeste vi er avhengige av for å kunne utvikle oss til handlande og frie menneske.

Omgrepet individualisme kan ha to ulike tydingar. Den eine er den retten kvar enkelt har til sjølvstendig utvikling og frie val. Den andre er trongen til individuell sjølvhevding. Det ligg ei spenning i desse to tydingane. Spenninga oppstår fordi vi på same tid både er enkeltindivid og deltakarar i ein fellesskap. Her ligg det ei klassisk konflikt der løysinga er å finne god balanse mellom omsynet til den enkelte og omsynet til fellesskapen. Slik er det i skulen og slik er det på arbeidsplassen og i samfunnet elles. Dersom ein ikkje legg rammer rundt fridomsutøvinga til den enkelte, blir fridomen truga for alle. Denne innsikta har vore ein berebjelke for fagrørsla. Det er dette som er solidaritet.

For nokre år sidan skreiv Stein Aabø i Dagbladet følgjande:
”Vi tenker sjelden over den store forvandlingen som skjer. For hvert år blir vi mer og mer vår egen lykkes smed. Politikerne reduserer seg selv til å bli tilretteleggere og forsikringsselskap.
Før bygde politikerne landet. Nå overlater de alt som betyr noe for oss til markedet og til våre bekymringer.”

Dette er ikkje først og fremst ein strid mellom dei som ønskjer at alle skal få like gode offentlege velferdstilbod, og dei som ønskjer at dei som har pengar til å betale med, skal få det beste. Det avgjerande er synet på konkurranse og marknad som reiskap for å oppnå kvalitet og effektivitet på alle område. Espira er eit norsk barnehagekonsern som sidan 1992 har bygd og drive barnehagar i Norge. 1. april 2014 vart selskapet selt til nye eigarar i Sverige. Gründerane sit i dag med store millionformuar – formuar bygde på offentlege midlar – midlar som burde komme borna, dvs fellesskapet, til gode. Dette handlar om politikk og politiske vegval. Det vil alltid vere ei spenning mellom individ og fellesskap. Omsynet til fellesskapen er noko vi aldri kan leggje heilt til side som rettesnor for handlingane våre. Finanskrisa synte oss at landet vårt var betre rusta for denne utfordringa enn dei fleste andre – det minte oss på at det er bruk for fellesskapen og fellesskapsløysingane, men kor lang tid går det før dette er glømt?

Sett i eit historisk lys, kva kan vi eigentleg takke fagrørsla for? Spørsmålet er verd å reflektere over for kvar og ein av oss. «Tvers igjennom lov til seier, ikke går der andre veier til vårt drømte, frie land», skreiv arbeidarpoeten Rudolf Nielsen. Ein av dei første store kampane for fagrørsla galt arbeidstid. For lærarane står det denne våren ein svært viktig kamp, nettopp om arbeidstid. Lærarprofesjonen må ha eit handlingsrom til å utøve både kollektivt og individuelt lærararbeid. Avtalen om arbeidstid må derfor sikre at lærarane har nok tid til å førebu god undervisning og følgje opp elevene. Lærarprofesjonen må ha kontroll over vilkåra for profesjonell yrkesutøving. Det treng lærarane og skulen for å sikre at kvalitet i arbeidet blir definert på grunnlag av faglege standardar og ikkje ut frå kommuneøkonomi. Det vil slå svært uheldig ut for elevane og det vil vere ein trussel mot den norske fellesskulen.

Barn og unge kjem til skulen med svært ulike utgangspunkt. Med ulike evner og føresetnader. Vi veit at når vi yter vårt beste, når vi oppmuntrar og legg til rette for kvar enkelt, vil dei alle utvikle seg og lære. Dei kan strekkje seg langt, bryte grenser og oppleve gleda av å meistre, av å kunne. Men då må læraren ha TIDTID til kvar elev, TID til å førebu og gjennomføre god undervisning og TID til å følgje opp elevane.

Kampen står om å bevare retten til å forhandle ein sentral avtale, medan motparten ønskjer auka fleksibilitet og styringsrett lokalt. Då tek det ikkje lang tid før det blir endå større forskjellar i skulen.
Tenk deg ei fotballbane der sidelinjene og mållinjene ikkje er definerte og der spelereglane varierer frå kamp til kamp. Dei som kjenner fotballspelet forstår at det ikkje vil fungere – nokre av oss andre ser kanskje ikkje konsekvensane. Derfor er det klokt å lytte til ekspertane. I mitt tilfelle dei som utfører arbeidet i skulen, lærarar og skuleleiarar.

Lærarane og skuleleiarane i Sogn og Fjordane har utfordra politikarane denne våren. KS forhandlar på vegne av kommunane – der politikarane er definerte som skuleeigarar. Paradokset er at KS sitt forhandlingsmandat ikkje er forankra, verken politisk eller administrativt, i kommunane.
Folket sin tillit til demokratiet og folkestyret er avhengig av korleis politikarane forvaltar rolla si og korleis dei nyttar kompetansen dei har opparbeidd seg gjennom politiske verv. Dette er eit høgst aktuelt tema – det byrjar bli vanleg at ex-politikarar som har site i sentrale posisjonar sel kompetansen sin til dei som evnar betale for den.

Oppdraget til skulen er å skape gagns menneske. Gagns menneske veit at dei er bundne. På det grunnlaget er dei frie, kritiske, kunnskapsrike og engasjerte samfunnsborgarar.
Etter mitt syn er det viktigare enn nokon gong å ha sterke og samarbeidande fagforeiningar! Dei rettane og dei vilkåra vi i dag nyt godt av har tidlegare generasjonar kjempa fram – gjennom sine fagforeiningar. Til minne om dei og for å gje oss kraft og mot til å stå i dagens og morgondagens kampar, for våre barn, takkar eg for meg med Stig Holmås sitt – Dikt til mine barn:

Jeg etterlater mine barn dette diktet
For at de skal lære å elske vindene, havet
den søte lukten av stor kjærlighet,-
og fagforeningene.
Uten dem hadde vi ingenting.
Den sultne ser ikke det vakre.
Den trette orker ikke elske.

Jeg etterlater mine barn dette diktet
For at de skal lære å elske vindene, havet,
den søte lukten av stor kjærlighet,-
og fagforeningene.
Uten dem hadde vi ingen ting.

GRATULERER MED DAGEN!

Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane
v/ Gunn Marit haugsbø

Something is rotten in the state of…

I haust fekk vi høyre at politikarane i Førde kjedar seg. Eg kan godt forstå at det politiske systemet i kommunen ikkje fungerer som det bør. Men på ei anna side var det og litt provoserande. Dei som sit i bystyret, i alle fall dei fleste, har tatt på seg dette vervet med vitande og vilje. Dei har som oppgåve å ta debattane når dei kjem, og ta opp dei sakene dei brenn for. Dei må ta ansvar sjølv. Det følgjer og med eit ansvar for å vere med på dei vanskelege debattane, og ikkje berre det som er moro som å fantasere om uendeleg vekst.

Vi har som kjent ført ein «skulekamp» i kommunen dei siste åra. Eg meiner det er rett å sette det i anførselsteikn for eg er veldig usikker på om det nokon gong var ein reell kamp. For oss i grendene føltes det i høgste grad som ein kamp. Ein kamp for retten til eksistens for å sette det på spissen, og det syns eg godt vi kan. Ein kamp der vi i først trudde motstandaren var politikarane som vi skulle overtyde med rasjonelle og fornuftige argument, slik at dei i sin tur fatta eit gjennomtenkt vedtak. Rett skal vere rett, vi fekk høve til å framføre våre argument på kommunen si misjonsferd på dei ulike skulane. Men debatt vart det aldri. Gjennomgangstonen frå politisk hald var at ein må stole på det rådmannen legg fram.

Utgangspunktet for «kampen» var som kjent innsparingskravet kommunen hadde pålagt seg sjølv. Ein kan undrast om det, når alt kom til alt, hadde noko med utfallet å gjere i det heile tatt. Men det vil vere å spekulere, og det skal ein vel halde seg for god til. Omstenda skulle uansett ha det til at kommunens skulebruksplan skulle rullerast akkurat på same tid. «Kommunedelplan for utbygging og utnytting av skulane i Førde 2013 – 2020». Utifrå tittelen var det rimeleg å anta at ein hadde eit relativt langsiktig perspektiv og at ein kom til å ende opp med ein plan som dekkjer behovet ein ser føre seg fram til 2020. Det er som kjent vanskelig å spå, spesielt om framtida, men med relativt stabil folkeauke dei siste åra, og ein viss oversikt over kommande generasjonar elevar, skulle ein ha god sjans til å treffe sånn nokon lunde. Det viste seg ganske raskt at dette vart ein grov bom.

Kommunen har eit uttalt mål om fortsatt folkeauke og då spesielt i sentrum. Skulle for så vidt berre mangle at ein kommune som Førde ikkje har det som mål. Ingen ting i vegen med det. Men ein kan ikkje gløyme dette når ein jobbar med planar som for eksempel skulebruksplanen. I høyringsdokumentet til planarbeidet hadde ein med status for skulane i kommunen. Ser ein på sentrumsskulane kunne ein sjå at Flatene og Halbrend hadde god kapasitet. Førde Barneskule skulle kunne klare å handtere dei elevane som eksisterte i krinsen på dåverande tidspunkt, men ikkje så mykje meir. Sunde skule var og akkurat passeleg, men utan rom for auke. Slåtten skule var alt sprengd, slik den alltid har vore. Med det som utgangspunkt skulle ein ikkje tru at det å tilføre fleire elevar til sentrum utan større tiltak skulle kunne vere mogleg.

Eit av argumenta som vart nytta for å legge ned Angedalen skule var at ein måtte bygge på Slåtten uansett. Utbyggingsbehovet på Slåtten er det ingen som bestrid. I høyringsdokumentet kunne vi lese om situasjonen på Slåtten skule i 2012:

«Her er i dag 393 elevar fordelt på 18 klassar. Dette vil auke noko i perioden, og vere på 403 elevar og 19 klassar i 2016/17 og 398 elevar og 18 klassar i 2017/18. Det er då ikkje teke omsyn til elevar frå den siste utbygginga i Vieåsen sør. Når det gjeld undervisningsrom er skulen bygd for 17 klassar. I dag er det 18, og skulen har ikkje plass til fleire.

Skulen har behov for utbygging av omsyn til elevauken som har vore og som kjem framover. Skulen er i dag sprengd, og har stort press på spesialromma. Skulen har også for tronge lokale for personale som fylgje av at skulen berre var bygd for 2 parallellar.

Om skulen vert påbygd er det liten kapasitet i gymsal og formingsrom. Det er elles mangel på grupperom. Gymsal og formingsrom er sprengde/har ingen ledige timar i løpet av veka. Skulen har ikkje natur-/miljøfagrom.»

I høyringsdokumentet vart det presentert ei rekkje ulike alternative tiltak for å nå innsparingskravet. Det er verdt å merke seg at i dokumentet som vart sendt ut på høyring var det ingen av alternativa som aleine møtte innsparingskravet. Beregning av potensiell innsparing gjekk i stor grad ut på å telje antall klassar. Etter høyringsrunden vart det gjort nye berekningar basert på oppdaterte elevtal. Då viste det seg at i løpet av 3 månadar hadde elevtalet endra seg slik at alternativet med å legge ned Angedalen skule skulle kunne gje nødvendig innsparing. Marginane var rett nok ikkje større enn at det for tre av årstrinna skulle berre ein elev til for at heile innsparinga forsvant. Men det er tydelegvis eit godt nok grunnlag for å vedta langsiktige planar for skulesektoren i kommunen.

Når rådmannen kom med sitt framlegg var alt kokt ned til kvar ein skulle bygge ut. På Slåtten eller på Sunde. I framlegg til vedtak kunne vi lese følgjande:

«I denne planen tilrår rådmann at Slåtten skule vert utbygd til full 3 parallellar skule. Det vil krevje 3-4 nye klasserom og arbeidsplass for lærarane. Vi har rekna med ei utbygging på ca 400 m2 til ein kostnad på 35.000 pr m2. Samla kostnad vil då vere ca 14 mill, men dette er berre kalkulasjon basert på erfaringstal.»

«….Rådmann vil difor minne om at ein i denne planen også må ha fokus på kva som er framtidsretta tiltak, og at det må henge saman med handsaminga av både arealplanen og kommuneplanen sin samfunnsdel.»

«….Slåtten skule skal byggast ut til full 3 parallell skule for å ha plass til vidare utbygging i dette området. Ei utbygging av Sunde skule kunne vore eit alternativ, men rådmann tilrår at det ikkje vert utbygging på den skulen no….»

28. februar 2013 vart Angedalen skule henvist til historiebøkene. Det var ikkje vilje til å utsette sjølve nedlegginga til Slåtten var ferdig utbygd. Rådmannen kunne garantere at nybygget skulle stå klart til skulestart hausten 2014, og at det var god nok plass på Slåtten til elevane frå Angedalen alt frå hausten 2013. Sjølv om kapasiteten alt var spreng. Vi prøvde å påpeike at 14 millionar til utbygging av Slåtten virka usannsynleg lite med tanke på behovet som var skissert i forkant. Syns jo og at det var eit ambisiøst mål at ein skulle vere klar med eit nybygg på så pass kort tid, men for all del; Det høyrtes jo bra ut og ambisjonar bør ein jo alltid ha.

I juni 2013 hadde ein føre seg økonomiplanen for 2014-2017. Dette er altså om lag 3 månadar etter at skulebruksplan for 2013 – 2020 er vedtatt. Her kan ein lese fylgjande:

«Arbeidet med å skaffe fram rombehov frå skulen starta våren 2013. Det synte seg fort at skulen hadde større ynskje om utbygging enn det som låg i minimum behovet i skulebruksplanen. I dette låg større areal til SFO og i tillegg eit auditorium for å kunne samle alle lærarane og fleire klassar samstundes. Dette var i tillegg til dei 3 nye klasseromma og areal til fleire arbeidsrom for lærarane.»

Korleis kan ein legge fram forslag til ein skulebruksplan som skal gjelde i 7-8 år utan å kjenne betre til, og ikkje minst ta omsyn til, situasjonen og behova ved skulane?
At behovet var og er større enn 3-4 klasserom kan ein jo lese i frå kommunens eigne høyringsnotat. Det vart og belyst i høyringsrunden frå fleire hald. Det skal uansett ikkje komme som ei «overrasking» ein månad eller to etter vedtaket er gjort.

Av dei meir graverande tinga som ikkje var med i kommunen sin status i forkant er for eksempel at det eksisterande ventilasjonsanlegget ikkje held mål og at gymsalen ikkje har tilstrekkeleg med nødutgangar. Ein annan ting er SFO. Det vart brukt som argument mot Angedalen Skule at ein der måtte dele rom mellom SFO og skule. At dette også er tilfelle ved Slåtten Skule vart ikkje nemnt med eit ord. Og slik framtidsplanane ser ut på noverande tidspunkt kan det sjå ut som det vil bli gjort i større grad framover.

Sjølv om ein i utgangspunktet hadde sagt at 14 millionar skulle vere nok vart det i økonomiplanen sett av 25 millionar for utbygging av Slåtten. Det er ein auke på om lag 80 %. Noko dei fleste andre vil kalle ei formidabel auke og som undergrev heile skulebruksplanen. Men med tanke på det faktiske behovet virka 25 millionar framleis litt lite. Vidare kjem det fram:

«Elevtalet ved Sunde skule har også auka, og frå hausten 2013 vil skulen måtte ta i bruk det siste spesialrommet til klasserom. Skulen vil då ha problem med å gjennomføre undervisninga etter Læreplanen m.a. i kunst og handtverk og musikk. Sjølv om ikkje det skjedde nokon endring ved Sunde skule i skulebruksplanen, så må det gjerast tiltak ved denne skulen. Det skulle vere rom for å løyse nokre av desse behova innanfor summen på 25 mill.»

Minner om at dette kjem fram knappe 3 månadar etter at skulebruksplanen er vedtatt. Nok ein gong… Korleis kan rådmannen legge fram og stå inne for ein langtidsplan som ikkje held meir enn i 3 månadar? Situasjonen på Sunde skule var kjent, men likevel tilrådde rådmannen at tiltak ikkje skulle gjerast.

Ein har i løpet av hausten jobba med planane for nybygg på Slåtten, og med det ein ny kostnadssprekk. Estimatet har komme opp i om lag 35 millionar, som er ein auke på 150 %. Framleis utan å eigentleg få plass til alt ein faktisk treng.

Kva har så ein oppnådd?

Har ein klart å nå innsparingskravet? Neppe. Og det kjem ein truleg aldri til å gjere, men det er eg trygg på at ingen nokon gong vil innrømme. Berekning av potensiell innsparing gjekk som nemnt ut på å telje antall klassar. For å kunne nå innsparingskravet måtte ein ned på 17 klassar på Slåtten skule. Men når skuleåret tok til hausten 2013 var der 19 klassar. Det utgjer om lag 85 % av heile innsparinga. Det stod heller ingen ting i framlegget om at ei utviding av Slåtten skule skulle utløyse eit behov for ein ekstra assisterande rektor ved skulen. I forhold til kostnad utgjer dette fort like mykje som ein klasse til. Som tidlegare nemnt kan ein undre seg over om innsparing var meir eit påskot, enn grunn for nedlegging. Uansett årsak så vart valet at ein skulle satse på Slåtten skule.

Det store spørsmålet no er om det blir gjort. Etter alle solemerker er ikkje det tilfelle. Slåtten skule har frå dag éin vore underdimensjonert. Den har vorte utvida fleire gonger utan at ein nokon gong har klart å bygge nok. Når det no er det bestemt at skulen skal vere ein full 3-parallellar skule, burde det tilseie at ein har nådd taket med tanke på antall klassar og elevar. Som i sin tur skulle tilseie at dette er siste byggesteg på Slåtten skule. Men historia gjentek seg nok ein gong, som den vist nok brukar å gjere. Sjølv om ein var klar over behovet lenge før vedtaket vart gjort har ein ikkje klart, eller rettare sagt hatt vilje til, å innsjå kva som må til. Ein kan ikkje anna enn å undre seg over kvifor… Når den nye skulebruksplanen vart vedteken var det med forsikring frå rådmannen om at det nye bygget på Slåtten skule skulle vere klart til skulestart hausten 2014. Slik det ligg an no synest det å knyte seg størst spenning til om ein i det heile tatt er begynt å bygge då. Sikkert er det i alle fall at trongt blir det på skulen neste skuleår og.

Arbeidet med skulebruksplanen handla sjølvsagt om meir enn kor vidt ein skulle legge ned ein skule eller ikkje. Utgangspunktet for arbeidet var ikkje «korleis kan vi gjere skulen i Førde endå betre», men heller «korleis kan vi bruke endå mindre pengar». Totalt 3.5 millionar skulle det sparast i skulesektoren. Ikkje fordi ein bruka så umåteleg mykje på skule, men fordi ein konsulentrapport vist nok synte at her var det pengar å hente. Om lag 1.4 millionar av dette vart tatt av drifta. Meir var det ikkje å hente fordi ein tidlegare har kutta så mykje som råd. Noko som kanskje burde indikere at ein er på utrygg grunn. Den siste tidas oppslag om at ein har for lite pengar til spesialundervisning bør ikkje komme som ei overrasking for dei ansvarlege. Det å samle fleire elevar på færre skular samstundes som ein skal bruke mindre pengar på drifta synes for meg å vere ei dårleg oppskrift. Av dei kommunane Firda hadde med i oppslaget var Førde den kommunen som brukar mist pengar pr. elev og som har flest elevar pr. klasse. Og behovet for spesialundervisning går oppover…

Skulen i Førde har skåra høgt på kommunal rapport si oversikt dei siste åra. Det håpar eg inderleg at den kjem til å gjere i åra som kjem og, men trygg er eg ikkje. Når eg set meg på eit fly vil eg ikkje tenke på at dette har vorte bygd av den med det lågaste anbodet. Like lite ynskje eg at dei som er ansvarleg for våre borns opplæring skal velje den løysinga som er billegast. I nokre høve er berre det beste godt nok og dette er eit av dei.

Rune Hegrenes

Saman om ein god skule? Kommentar til Jenny Følling sitt lesarinnlegg i lokalpressa

Vi er glade for at KS sitt fylkesstyre stadfestar at dei vil lytte til Utdanningsforbundet sine innspel. Utdanningsforbundet er samde med KS i at debatten om lærarane si arbeidstid må diskuterast ut frå realitetar og målet om at vi saman skal skape den beste skulen for elevane våre. Dette er ei viktig presisering. Derfor har vi behov for å følgje opp nokre av KS sine oppklaringar i lesarinnlegget.

KS Fylkesstyre i Sogn og Fjordane v/leiar Jenny Følling seier at KS ønskjer at lærarane skal få «meir tid til elevane, meir tid til samarbeid og meir tid til etter- og vidareutdanning».
Det KS ikkje seier noko om, er kva lærarane skal bruke mindre tid på. Alle som arbeider i skulen, forstår at konsekvensen blir mindre tid til føre- og etterarbeid, altså dårlegare vilkår for å vere godt førebudd til undervisninga og gjere eit godt vurderingsarbeid. Det vil svekke kvaliteten i skulen.

I Utdanningsforbundet er vi sjølvsagt opptekne av at lærarane og skuleleiarane har tid til samarbeid og tid til etter- og vidareutdanning. Gjennom mange år har leiarar og lærarar i vårt fylke teke ein stor del av ansvaret for fagleg påfyll gjennom vidareutdanning. Kommunane i Sogn og Fjordane er godt vande med ansvarsfulle lærarar og leiarar. Vi er samde i at arbeidsgjevar må ta eit større ansvar for kompetanseheving.

Det har komme tydeleg fram at KS har eit svakt mandatet. Slik vi ser det, er mandatet ytterlegare svekka når vi no endeleg har fått høve til å lese rapporten som KS legg til grunn. Jenny Følling skriv at KS fekk mandatet sitt frå KS sitt hovudstyre 18.09.2013. KS Sogn og Fjordane drøfta og fekk tilslutning til at forhandlingane gjekk inn i hovudtariffoppgjeret så seint som på Fylkesmøtet 5. februar. Då var allereie brotet mellom sentrale partar eit faktum.

Måten KS har kommunisert på vekker ikkje tillit. Dette gjeld både grunnlaget for tilbodet og presentasjonen av tilbodet. Det er KS sitt ansvar å rydde opp i situasjonen som er skapt.

Fylkesstyret i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane
v/ Gunn Marit Haugsbø, fylkesleiar

Utdanningsforbundet er grunnleggande kritiske til KS sitt mandat

KS sine krav om endring i lærarane si arbeidstid har tre fokuspunkt. Det har KS gjort greie for i grunngjeving for krava. KS Sogn og Fjordane har repetert det i sine utspel:

1. «Meir tid med elevane».
- Lærarane er i dag til stades heile den tida elevane er på skulen, underviser eit fast oppsett timetal, har tilsyn og er tilgjengeleg for samtalar. Dette utgjer eit fast timetal pr. år, avhengig av skuleslag.

2. «Meir tid til etter- og vidareutdanning».
- Det er i dag avsett 6 dagar pr år (45 t) til planlegging og kompetanseheving. Mykje av denne tida går til planlegging og mange lærarar kunne nok tenkt seg noko meir fagleg påfyll. Samtidig veit dei at skal dette skje, må andre oppgåver vike plass.

3. «Meir tid til samarbeid».
- Avtalefesta tid til samarbeid, er no på ca 7 t/veke.
KS vil ha «meir tid» til delar av arbeidet, men det krev ein viss balanse i rekneskapet. Skal reknestykket gå opp og vere truverdig, må KS også seie kva det skal bli mindre av. Det seier ikkje KS noko om.

Konsekvensen blir, og det forstår lærarane, at det blir mindre tid til føre- og etterarbeid, altså dårlegare vilkår for å vere godt førebudd til undervisninga og gjere eit godt vurderingsarbeid. Det svekkjer kvaliteten i skulen.

For å løyse skulen sine utfordringar, krev KS at alle sentrale reguleringar i avtalen skal bort, og rektor ved den enkelte skulen skal ha styringsrett over lærarane si «sjølvstendige tid», kor mange timar kvar enkelt lærar skal undervise og kor langt kvar lærar sitt arbeidsår skal vere.
KS hevdar at kommunane og rektorane har gitt klart mandat til forhandlarane, det seier også Jenny Følling, leiar av KS Sogn og Fjordane. Vi er langt frå sikre på at dette mandatet er så sterkt som KS vil ha det til.

Har Rambøll-rapporten styrka KS sitt mandat?
Til støtte for krava, viser KS til ein rapport frå konsulentfirmaet Rambøll (2013). Rapporten er basert på spørsmål til skuleeigarar (kommunar) og skuleleiarar (rektorar). Vi har no lese denne rapporten, som lenge var halden unna offentlegheit. Og vi er svært forundra over at rapporten blir brukt som grunnlag for det mandatet KS sitt sentralstyre og forhandlarar har fått. Krava som KS har stilt, stemmer dårleg med dei sentrale funna Rambøll har gjort, og som står i rapporten.
Vi skal gje nokre gode døme på det:

«Undervisningspersonalet har behov for en egen arbeidstidsavtale som sikrer like vilkår uavhengig av hvor i landet man underviser». Utsegna blir støtta av 72 % av respondentane. Heile 79 % av rektorane i grunnskulen støttar ein avtale som er lik for heile landet. Dette er ikkje teke omsyn til i det heile når KS krev at innhaldet i heile årsverket skal avgjerast på den enkelte skulen, med rektor sin styringsrett.
«Undervisningspersonalet må gis mulighet til å disponere deler av arbeidstiden selv». Støtta av 64 % av respondentane. Det står i sterk kontrast til KS sitt krav om at rektor skal ha styringsrett over heile arbeidstida til lærararne.
«Undervisningspersonalet har behov for selvstendig tid for å sikre tid til for- og etterarbeid». Støtta av 66 % av respondentane, 71 % av rektorane. Det er ikkje betryggande at KS vil endre avtalen og brukar begrepet «tilstrekkeleg tid», altså ei vurdering for kvar enkelt lærar. I kvalitative intervju i rapport blir det endå til peika på at «frihet til å styre egen arbeidstid er en generell tendens i dagens arbeidsliv, og at det derfor vil være unaturlig å reversere den friheten lærerne til nå har hatt.»(Rambøll)
«Undervisningspersonalet har behov for en egen arbeidstidsavtale som sikrer ressurstilfanget». Støtta av 53 % av respondentane. Berre 21 % tykkjer dette er eit uvesentleg element. Difor står dette i kontrast til at KS vil oppheve dei siste kriteria for ressurstildeling til skulane.
Rapporten viser vidare at det er sterk støtte til at det framleis skal vere årsrammer for kor mange timar ein lærar skal undervise (57 %). Berre 24 % ønskjer å fjerne årsrammene. Likevel krev KS at det ikkje lenger skal vere rammer for kor mange timar ein lærar skal undervise.

KS har i si kravformulering opna opp for eit arbeidsår på inntil 45 veker og normalarbeidsdag (7,5 t) for lærarar. Dette har liten støtte i Rambøll-rapporten. Ei slik ordning vil også ha omfattande konsekvensar for organisering av skulen. Ved å flytte arbeidstid vekk frå den delen av året der elevane er på skulen, blir det mindre tid til elevane når dei er til stades.
Vi har også lese i rapporten at mange leiarar og skuleeigarar ønskjer konkrete endringar i avtalen. Det betyr nødvendigvis ikkje at dei ønskjer å fjerne dei sentrale bestemmingane gjennom ei total omlegging – det finst andre og betre løysingar.

KS, sentralt og i Sogn og Fjordane, viser til Rambøll-rapporten når dei skal forklare mandatet for KS sine krav. Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane meiner at det er få haldepunkt i rapporten som kan gje støtte til dei konfliktskapande krava som KS har lagt fram.

Er total omlegging nødvendig?
KS hevdar at deira krav er grunngjevne med utvikling i skulen.
Ein analyse av arbeidstidsavtalen for lærarar, utført av Rambøll i 2011, har fleire interessante hovudfunn. Lokale arbeidstidsavtalar, inngått mellom lokale partar, er vurderte og konklusjonen er slik: «Flertallet av både skoleeiere og skoleledere som har inngått lokal avtale, oppgir at den fungerer godt eller meget godt. Arbeidsgivere som har lykkes med å framforhandle lokale avvikende avtaler, er også i stor grad tilfreds med avtalen».
Kvifor har desse lukkast? Rapporten kan fortelje at 100 % av rektorane (altså alle) seier at det er to føresetnader for å få til gode prosessar:
• En arbeidsgiver som er åpen for innspill fra de ansatte
• Relasjon mellom skoleleder og tillitsvalgt basert på åpenhet, ærlighet og tillit.

Lokale avtalar har altså fått godt skussmål i rapporten og i Sogn og Fjordane har vi prøvt å arbeide ut frå dette. I 2012 avtalte vi med KS i vårt fylke at vi skulle gjennomføre felles utviklingsverkstad om arbeidstid. Denne satsinga vart skrinlagd av KS våren 2013. Med det kravet som KS no har lagt fram, forstår vi kvifor det ikkje vart noko av prosjektet.

KS hevdar at dei skal basere seg på godt samarbeid med tilsette og tillitsvalde. Leiar i KS, Gunn Marit Helgesen, seier: «Det er ikke sant at KS ønsker å styre lærerens arbeidsdag enda sterkere enn i dag». Det store problemet er at lærarane ikkje trur på slike forsikringar. KS har ikkje søkt råd hos lærarane og dei har ikkje teke omsyn til klare signal frå rektorane. Det er difor det er blitt så mykje frustrasjon, raseri og uro ute på skulane. I tillegg har KS kravd at ein skal forlate normale prosessar i arbeidslivet, med forhandlingar og tvisteløysingar, og gå over til eit nytt regime der arbeidsgjevar har full styringsrett.

KS har valt konfrontasjon og då blir det gode samarbeidet med tilsette og tilsette umuleg å ta vare på. Det er ei ulukke for den enkelte skulen, som gjerne vil halde fram med eit tett samarbeid mellom rektor og tilsette, – for å sikre ei god utvikling og god kvalitet for skulen. Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane beklagar dette på det sterkaste, men det er KS som må bere heile ansvaret for den vanskelege situasjonen vi no er komne i.

Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane
Gunn Marit Haugsbø, fylkesleiar
Jarle Hessevik, nestleiar

Kommentar til kommunalsjef for skule i Eid, Harald Sivertsen

Kommunalsjef for skule i Eid, Harald Sivertsen seier til Firda laurdag 8. februar at «lokale avtalar, tilpassa den enkelte skule, vil vere til beste både for elevar, lærarar og arbeidsgjevar». Dette i motsetnad til ein sentral arbeidstidsavtale, som han omtaler som «rigid». Vidare meiner han at KS sitt tilbod i forhandlingane ikkje er eit sparetiltak for kommunane.

Det Sivertsen ikkje seier noko om, er det store handlingsrommet som finst i dagens avtale. Både undervisningstid og lengda på arbeidsåret kan ein gjere lokale avtaler om på kvar skule, nettopp for at ein skal kunne tilpasse seg kvardagen på skular der mykje er ulikt. 20% av skulane i Noreg har slike arbeidstidsavtaler.

I Sivertsen sin eigen kommune, Eid har ein prøvd ut lokale avtalar som skil seg relativt mykje frå den sentrale arbeidstidsavtalen. På Eid ungdomsskule auka lærarane talet på undervisningstimar for å dele elevane i mindre grupper eller vere to lærarar i utvalde fag. Dette var alle nøgde med heilt til Eid kommune begynte å redusere i budsjettet til skulane. Då forsvann mykje av ressursane som var omfordelte, og den lokale arbeidstidsavtalen fungerte ikkje lenger etter intensjonane.
Stårheim skule er eit anna døme. Der gjekk den lokale avtalen ut på at lærarane skulle ha såkalla normalarbeidsdag. Dei skulle gjere mykje av arbeidet sitt i løpet av denne tida, samtidig som dei var tilgjengelege for kvarandre og elevane. Avtalen vart evaluert etter eitt år og konklusjonen var at dette ikkje fungerte slik det var tenkt.

Den store skilnaden på noverande avtale og KS sitt tilbod i forhandlingane er likevel at ein ynskjer å fjerne den sentralt avtalte undervisningsplikta. Sjølv om denne kan omfordelast internt på skulane, slår ho likevel fast kor mange lærarstillingar det skal vere på kvar skule. Faktisk er undervisningsplikta den siste, sentrale sikringa av ressursar til skulane. Som tidlegare hovudtillitsvald og rektor veit Sivertsen godt at sjølv dei beste intensjonane står for fall når skulen eller kommunen sitt budsjett skal salderast. Å nekte for at KS sitt framlegg til ny arbeidstidsavtale for lærarane vil verte brukt til innsparingar i kommunane, kan i beste fall kallast å kaste blår i augene på folk.

Gunn Marit Haugsbø
Fylkesleiar i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane

Helsing til KS-Sogn og Fjordane sin Strategikonferanse.

Eg skulle gjerne ha vore til stades for å snakke om arbeidstid – lærarane si arbeidstid, men det veit vi at eg ikkje får høve til. Slik er spelereglane, – men dersom eg kunne vore der, ville eg ha snakka om samarbeid. Mi erfaring gjennom mange år som fylkesleiar, er at samarbeidet mellom KS og Utdanningsforbundet, er viktig for skuleutvikling i vårt fylke. Saman med Fylkesmannen, høgskulen og sjølvsagt kommunane og fylkeskommunen, vert det lagt felles strategiar som bidreg til at vi kan halde trykk på skuleutvikling. Dette blir lagt merke til langt ut over fylkesgrensene. Samtidig skal det ikkje leggjast skjul på at partssamarbeid også kan vere krevjande. Partane skal respektere kvarandre sine roller og vise vilje til å lytte til kvarandre sine argument. Tillit er ein avgjerande faktor.

Nokre prosessar er meir krevjande enn andre. Forhandlingar om arbeidstid skaper høg temperatur i skulen. Forhandlingane om lærarane si arbeidstid stranda sist veke og partane står svært langt frå kvarande. KS vil binde meir av lærarane si arbeidstid og ønskjer å legge meir av lærarane si arbeidstid i det som er elevfrie periodar. Det vert argumentert for at det er urimeleg at ikkje arbeidsgjevar har styring over tida. Lærarane på si side opplever at arbeidssituasjonen stadig blir meir krevjande. Stadig nye oppgåver skal løysast og dei opplever at kjerneoppgåvene, dvs. førebuing, gjennomføring og oppfølging av undervisninga blir salderingspost. Dette går ut over kvaliteten på elevane si opplæring.

Det er vel eigentleg de, skuleeigarar og våre arbeidsgjevarar, som er i posisjon til å gje KS eit forhandlingsmandat. Kor godt kjenner de skulen og utfordringane til skulen i dykkar kommune? Kva innspel har de fått frå skuleleiarar og fagkompetansen på kommunenivå? Kjenner de til lærarane sine synspunkt? Har de skaffa dykk eit godt grunnlag for å gje KS eit klokt mandat? Eg er redd for at kampen om lærarane si tid no sporar fullstendig av. Er dette blitt ein ideologisk kamp – der det avgjerande er å få styring over lærarane si arbeidstid? Er det målet om auka kvalitet i opplæringa som er det avgjerande? Eller handlar det eigentleg om kontrollbehov og mistillit til lærarane og skuleleiarane?

Lærarane sin noverande arbeidstidsavtale har ei tydeleg målsetting, – den skal både sikre skuleutvikling og verne lærarane mot for stor arbeidsbelastning. Samtidig er det ein lokal avtale der ein gjennom lokale prosessar står fritt til å forme ein avtale ut frå lokale behov. Som arbeidsgjevarar har de ansvar for å nytte ressursane best mogeleg. Samtidig har de ansvar for at dei tilsette har dei ressursane som skal til for å løyse oppgåvene de har gitt dei. Konflikten og lærarane sin aukande mistilliten til KS bidreg ikkje til konstruktive diskusjonar om lokal skuleutvikling. Skuleleiarane i vårt fylke seier at handlingsrommet, som faktisk ligg i dagens avtale, er tilstrekkeleg til at vi framleis kan ha ein utviklingsorientert skule, med fokus på kvalitet. Her ligg eit stort lokalt handlingrom – har det blitt teke i bruk?

Det er avgjerande for kvaliteten på opplæringa at lærarane har tid til å gje elevane ei opplæring av høg kvalitet og at rektorane har tid til pedagogisk leiing. Lærarane må derfor ha tid til å førebu, gjennomføre og følgje opp undervisninga på ein god måte, – når elevane er til stades på skulen. Undervisning er ferskvare! Derfor er det uklokt å gjere lærarane til funksjonærar, det er uklokt å fjerne rammene for undervisning og det er uklokt å flytte ein stor del av arbeidstida til lærarane bort frå den tida elevane er på skulen. Ein avtale utan rammer for undervisning og tid til føre- og etterarbeid, fordrar dessutan lokale prosessar som vil krevje at rektorane må få auka tid til leiing.

Vi har felles mål om å skape ein god skule. Derfor er det avgjerande at vi saman legg grunnlaget for at skulane kan ta i bruk arbeidstidsavtalen på ein måte som bidreg til høg kvalitet på opplæringa til elevane, – samtidig som skulen er ein god arbeidsplass for lærarane. Begge deler fordrar tillit og begge deler er avgjerande for rekrutteringa til læraryrket.

Eg håpar de vil ta innspela mine med dykk inn i drøftingane på konferansen. Resultatet er avgjerande for oss som skal bidra til å skape gode skular i kommunane og fylkeskommunen!
Lukke til med konferansen, – og ha framfor alt fokus på kvaliteten i skulen.

Gunn Marit Haugsbø,
Fylkesleiar i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane

Kvalitet krev tid

Det er viktig å ha ei ramme for undervisning som gjev nok tid til planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisninga. Den arbeidstidsavtalen KS ynskjer seg gjer det ikkje enklare for lærarane å gjere ein god jobb for elevane. Læraren sitt fokus i kvardagen vert stadig trekt meir og meir vekk frå elevane og det som bør vere det viktigaste i læraroppdraget, nemleg undervisninga.

Vi som skuleleiarar vil ha ein arbeidstidsavtale som sikrar at elevane, har godt førebudde lærarar, med nok tid til det arbeidet dei skal gjere. Det oppnår ein best ved at lærarane er tilstades og tilgjengelege når elevane er på skulen.

Det vi som skuleleiarar har bruk for, er fyrst og fremst tid til pedagogisk leiing. Eit godt samarbeid for å byggje tillit mellom skuleleiing, tillitsvalde og lærarane, er viktig for å utvikle skulane våre.
Vi meiner at ein arbeidstidsavtale etter KS sine krav vil vere eit trugsmål mot både kvaliteten i skulen og for god skuleutvikling. Vi som skuleleiarar og lærarane våre ynskjer å gjere ein god jobb, og å bidra til kvalitet og utvikling i skulen. For å få dette til, er vi avhengige av ein arbeidstidsavtale som gjev gode rammer for arbeidet vårt. Vi meiner at den avtalen vi no har er fleksibel, med rom for gode lokale løysingar, og den beste løysinga for skulane våre.

Ole Jørgen Øygarden, rektor Flatbygdi skule
Jarle Christensen, rektor Feios skule
Anne Gro Stadheim, rektor Valsvik skule
Kirsten Bøtun, rektor Fresvik skule
Jon Berge Sunde, rektor Vangsnes skule

Fargerikt pynt, eller ?.....for rike foreldre.

Gjekk ein tur forbi kunstgrasbana på Halbrend skule søndag, i enden av kunstgrasbana er det eit høgt gjerde som hindrar at fotballar fer avgarde når det vert skote i og rundt mål. Skytetrening er viktig i fotball. Dette gjerdet er “pynta” med fargerikt , dyrt, sportstøy. Kvifor heng det att så mykje tøy ? Er vi blitt so rike at born/foreldre ikkje tek seg bryet med å prøve å finne dette att når poden gløymer sportstøyet i sin fotballiver slikt kan skje. Kva med å hente sitt dyre sportstøy ?

Mediaelevar har krav på overgangsordning

Frå og med neste skuleår vert Sogn og Fjordane fylke truleg åleine i landet om å ikkje tilby studieplassar innan vg3 Medium og kommunikasjon. Resultatet er utvilsamt at elevane frå Sogn og Fjordane får eit langt dårlegare utgangspunkt enn medieelevar frå resten av landet når dei skal inn på høgare medieutdanning.

Les heile innlegget her!

Småkommunanes svøpe

Måndag la Askvoll kommunestyre ned skulen der eg gjekk mine første seks skuleår. Vemodig og trist for meg, sjølsagt. Tragisk for barna som går der i dag. Og for bygda. For samtidig tok dei kvelartak på eit sterkt og vitalt engasjement, og ein optimisme som har blomstra i Stongfjorden dei siste åra.

Mens Askvoll kommune har halta av garde med eit sviktande folketal og eit næringsliv som i beste fall har stått i stampe, har Stongfjorden hatt vind i segla, skapt fleire arbeidsplassar og dratt store mengder nye innbyggarar til bygda og kommunen. Skatteinntekter. Det viktigaste ein kommune treng.

Og så, når effekten av engasjementet er i ferd med å materialisere seg, elevtalet i skulen peikar oppover, barnehagen er sprengt og mange fleire står klare til å flytte til bygda, så bestemmer altså administrasjonen og dei som er valde til å vere politikarar seg for legge ned skulen. Grunnpilaren i eit levedyktig samfunn. Eit hastevedtak, køyrt igjennom i ekspressfart, utan konsekvensutgreiing, med umiddelbar verknad, ifølge dei som har følgt prosessen tett.

Tragedien starta med at Askvoll-politikarane jubla over at dei var i ferd med å få skikk på den sedvanleg skakkøyrde økonomien, heilt til ein eller anna utpå ettervinteren oppdaga ein utgiftspost på seks-sju millionar som nokon hadde gløymt å ta med i rekneskapet.

Som alltid når det har stått dårleg til med økonomien i Askvoll, og det har det stort sett gjort, er det nedlegging av Stongfjorden skule som er løysinga. Sju gonger dei siste 13 åra har protestane ljoma og fornufta sigra til slutt hos eit fleirtal av politikarane. Genitrekket som til slutt overlista fornufta, var ingen utgreiing og minimal betenkningstid.

Etter at Høgre-ordføraren og hennar våpendragarar hadde feira nedlegginga denne måndagen, sette ho seg på Facebook og delte stolt ei lenke til Dagblad-artikkelen om at Askvoll er Norges nest billegaste kommune å bu i. Ingen eigedomsskatt og minimalt med andre kommunale avgifter. Berre slått av Sola i Rogaland.

Høgreordførarens hovering fekk underteikna til å kommentere med følgande:

”Interessant å sitte utanfor og sjå inn på det som skjer i ein kommune som er ei naturperle med alle muligheiter. Endeleg toppar Askvoll ei liste med positivt forteikn. Og då kan det vere naturleg for deg som ordførar å slå deg på brystet. Så gratulerer! Den store skilnaden mellom nummer ein og to på denne Dagblad-lista, er at Sola er eit mønsterbruk. Veldriven, oljesmurt og nedsylta i oljemillionar. At dei kan tillate seg å sponse innbyggarane med låge avgifter, kan forståast.

I motsett ende av den skalaen fins Askvoll, bankerått, minimal næringsvekst og konstant jaga av fråflyttingsspøkelset. Det er imponerande, eller kanskje heller oppsiktsvekkande, at de har råd til å vere så rause med innbyggarane. Eller har de eigentleg råd? Var det ikkje slik at de la ned kommunens mest tradisjonsrike skule i går? For å bøte på kommunens økonomiske vanstyre.

Dei fleste ordførar i din situasjon ville nok håpa at ingen las denne Dagblad-artikkelen. At dette var for pinleg. Og aller mest skammeleg. Og frykteleg provoserande for barna og bygda som ufortent må betale prisen.”

Ordføraren svara aldri på kommentaren. Ho fjerna innlegget frå FB. Det var lurt.

Små kommunar slit ofte med å rekruttere gode folk til styre og stell, det er ei kjent sak og eit verkeleg problem. Ein kommune er som ei stor verksemd med mange tilsette. Skilnaden er at det i næringslivet oftast handlar om å bygge kapital, profitt, pengar. I kommunen handlar det alltid om å jobbe for folket. Kommunen er utelukkande til for folket, ikkje omvendt. Gjere livet godt å leve for dei som har valt å bu der.

For å få til det, trengs god økonomi og god økonomistyring. Det siste har med kompetanse å gjere. Det første handlar om langsiktigheit og klokskap. Eit bedriftsstyre som med opne auger legg ned ei av sine potensielt viktigaste inntektskjelder, blir fort kasta av aksjonærane. I ein kommune er det folket som er aksjonærar.

Folket i Stongfjorden, og mange andre bygdefolk kringom, kan berre håpe at ei kommunesamanslåing kjem raskt.

Stongfjorden skule

I oppslag i Firda 29.05. kan vi lese at ordføraren i kommunen er bekymra for det faglege og sosiale miljøet for elevane ved Stongfjorden skule, og nemner dette i samband med debatten om skulen skal oppretthaldast eller avviklast. I avisartikkelen vert det ikkje vist til bakgrunn for uroa ein kjenner.

Så langt har diskusjonen rundt skulestruktur handla om kommuneøkonomi, og i dokumenta frå administrasjonen i kommunen går det fram at det ikkje er heilt enkelt å rekne ut nøyaktig innsparing på å legge ned skulen i Stongfjorden. Dersom ein skal uttale seg om elevane sitt faglege og sosiale miljø, er ein inne på element som er endå vanskelegare å måle og ev. samanlikne.

Sant nok er Stongfjorden skule liten, med 9 elevar på 1.-4. klassesteg. Det tette samarbeidet med barnehagen (skulen og barnehagen er éi eining med felles leiar) gjer likevel at miljøet for både elevar og lærarar er større enn det elevtalet ved skulen tilseier. Gjennom samvere og samarbeid med barnehagebarna utviklar skuleelevane ein sosial kompetanse som dei vil ha nytte og glede av gjennom heile livet – og som dei fleste foreldra i bygda ser på som så viktig at dei har valt å bruke nærskulen sin. Også barna i barnehagen profitterer på å vere saman med skuleelevane i leik og læring.

Dersom kommuneleiinga er i tvil om det faglege og sosiale miljøet ved ein skule er godt nok, bør dette røkjast etter og takast opp på andre måtar enn gjennom avisa. Utdanningsforbundet Askvoll har kome med ein eigen høyringsuttale i samband med eventuell nedlegging av Stongfjorden skule. Vi viser til denne uttalen, og forventar at debatten om skulestruktur i kommunen vert ført med argument som er utgreidde og kjende for alle partar.

Utdanningsforbundet Askvoll
Magnhild Hoddevik, leiar

4 vidaregåande skular borte vekk i Sogn og Fjordane ?

Skulen på Jølster er den 4. skulen som er tenkt lagt ned i forslaget til Skulebruksplan. Heimeyrkeskulen blei starta i 1949. Skulen har berre nokre av desse åra vore saman med jordbruksskulen på Mo.

Skulen er den eine skulen med berre tilbod innan visuelle/estetiske fag i fylket. Skulen er fylket sitt flaggskip og stoltheit innan visuelle fag! Sogn og Fjordane har ein ”visuell” skule å vere stolt av heilt opp på landsplan.

Framlegget til skulebruksplan vil splitte og pulverisere dette sterke fagmiljøet med eit pennestrøk – og utan å argumentere, eller omtale, dette overgrepet spesielt.

Kvifor ikkje flytting til i Førde, slik fagmiljøet ønskjer?
Sitat frå planen: ”Kvaliteten på opplæringa ved skulen er høg. Avdeling Jølster har ein eit godt fagmiljø på tvers av utdanningsprogramma. Fleire av høyringsfråsegnene, mellom frå Samarbeidsforum i Sunnfjord, omtalar mellom anna viktigheita av å vidareføre utdanningsprogramma ved avdeling Jølster på ein av dei vidaregåande skulane i Førde.”
Her ligg sentrale institusjonar og arbeidsplassar innan dette feltet – ingen annan del av fylket har samla så mange slike institusjonar. Formgjevingsfag har, og må ha, eit fagleg samarbeid med fleire viktige institusjonar i Sunnfjord/Førde – som S. og Fj. Kunstmuseum, Sunnfjord museum, S. og Fj. Teater, NRK S. og Fj. Avishuset Firda m.fl. Desse banda må ikkje brytast – og det er naudsynt at tilbodet blir liggande samla midt i fylket.
*Dette tek ikkje framlegget omsyn til. *

Kvifor flytte formgjevingsfag til Eid vgs.?
Sitat frå planen: ”Fylkesrådmannen tilrår, i motsetnad til SIS, å lokalisere design og handverk og studiespesialisering med formgjevingsfag som fylkesdekkjande tilbod til Eid vidaregåande skule. Dette er gjort ut frå ei vurdering av samla behov i fylket. Fylkesrådmannen har òg lagt vekt på å nytte eksisterande kompetanse, areal, utstyr og samarbeid med eksterne aktørar.”
Design og handverk på Eid har eit naturleg samarbeid med Opera Nordfjord. Formgjevingsfag har, og må ha, eit fagleg samarbeid med fleire viktige institusjonar i Sunnfjord/Førde.
*Dette tek ikkje framlegget omsyn til. *

Fagkompetansen på Jølster er den sterkaste i fylket.
Eid blir utafor pendlaravstand for dei tilsette på Jølster.

Sitat frå planen: ”Nær 80 % av dei tilsette ved Mo og Jølster vidaregåande skule bur i Førde eller Jølster kommune. For tilsette som får tilbod om arbeid i Førde har nedlegginga små konsekvensar.” Meiner ein at det små konsekvensar også for dei som får tilbod om å pendle til Eid? Planen manglar vurdering av pendling mellom Førde/Jølster og Eid. Kvifor ser fylkesmannen bort frå den lærarkompetansen som er på Jølster innan formgjevingsfag?
*Dette tek ikkje framlegget omsyn til. *

*Noverande viktig samarbeid mellom Formgjevingsfag og Medium og kommunikasjon. *
Dei to tilboda vil, etter ny stortingsmelding, bli studieførebuande tilbod. Dette vil også gjere det enda enklare timeplanmessig å bruke lærarkompetansen på tvers av dei to tilboda.
I begge tilboda er kreativitet, innovasjon og marknadsføring svært viktig. Formgjevingsfaget har derimot, i oppbygging og innhald, mindre til felles med yrkesfaget Design og handverk.
*Dette tek ikkje framlegget omsyn til. *

Kjennskapen til tilbodet Studiespesialsering med formgjeving.
Kunnskapen om dette tilbodet er dessverre ikkje god blant politikarane – sjølv om elevbedrifter på Jølster har vunne fleire prisar på fylkes- og landsplan dei siste åra.
Tilbodet Teikning, form og farge (1994 til 2006) og no tilbodet Studiespesialisering med Formgjevingsfag (frå 2006) har heilt sidan 1994 gitt generell studiekompetanse. Dette er altså ikkje noko nytt. Formgjevingsfag er ikkje eit yrkesfag i vgs. Tilbodet inneheld m.a. visuelle kunstfag, arkitektur, design og visuell kultur og samfunn. Etter ny stortingsmelding vil Formgjevingsfaget bli plassert som eit studieførebuande tilbod – saman med Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk og Dans og drama. Formgjevingsfag er klart retta mot høgskulestudiar og mot yrker som arkitekt, designar, ingeniør, lærar m.m.

1. prioritet
Oppretthalde skulen på Jølster og gjere den til sjølvstendig skule igjen – og arbeide vidare med å forsterke og samle dei kreative faga her midt i fylket.
NB. Det nyare bygget på Vassenden med spesialrom bygd til dei kreative faga, er ikkje er nemnt og verdsett i skulebruksplanen.

2. prioritet
Flytting av tilboda til Førde – til Øyrane eller Hafstad vgs. For å gje elevane eit tilsvarande tilbod som ein har i dag på Jølster, er det avgjerande viktig at ein har tilgang til tilsvarande nye spesialrom. Vassenden kan vere ei avdeling under Hafstad eller Øyrande inntil ein kan tilby/ha bygd ut spesialromma ein treng i Førde.

Eg oppfordrar politikarane i Hovudutval for opplæring og på Fylkestinget til å skaffe seg informasjon og kunnskap – slik at deling og flytting av dei visuelle faga frå Jølster ikkje blir gjort slik framlegget til Skulebruksplan foreslår. Det ville vere eit stort feilgrep!

Astrid Wittersø
lektor i estetiske fag

VGS og nedgang i elevtal i Nordfjord og Sunnfjord

I fleire oppslag i FIRDA har det vore prøvd å skape eit inntrykk av at elevtalet i vidaregåande skule ”stuper” i Nordfjord, og underforstått – slik er det ikkje i Sunnfjord. Eg kan m.a. vise til artikkel i FIRDA 25. april der rektorane i Førde-regionen gjerne vil ha 16 nye klassar og viser til at ”Nordfjord har elevplassane, men ikkje elevane”. Likeeins kristiserar Olav Øygard (fotograf og medielærar ved Mo og Jølster) underteikna for å nytte søkjartala for komande skuleår, for å vise at elevplassane i fylket er godt fordelt på regionane (FIRDA 30. april). Han meinar eg heller burde bruke statistikken over framskrivne årskull av 15-åringar i åra framover, som i følgje han viser at ”elevtallet i Nordfjord stuper”.

Statistikken han viser til finn ein som vedlegg nr. 11 i utkastet til skulebruksplan. Tabellen der viser framskrivne tal for på 15-åringar pr. kommune frå 2010 til 2021. Eg har samanlikna talet på ungdommar i Nordfjord og Sunnfjord for dei tre årskulla som går på vidaregåande skule i 2013 med dei tilsvarande tre kulla som vil gå på vgs i 2020, og har nytta tala frå GIS (Grunnskolens Informasjonssystem).

Og kva viser så denne samanlikninga? Jau, elevgrunnlaget i Nordfjord viser ein nedgang på 155 ungdommar i desse årskulla og i Sunnfjord er nedgangen nøyaktig den same – 155. Så stuper elevtalet i Nordfjord, så stuper det også i Sunnfjord. Samanliknar ein 2013 med 2021 viser tala same tendensen, nedgang på 147 i Nordfjord og 145 i Sunnfjord. Det positive dette året er at elevtalet stig igjen i begge regionane. Når så søkjartala for neste skuleår viser godt samsvar med elevplassane på dei vidaregåande skulane slik dei i dag er fordelt i fylket, og nedgangen i elevtal fram til 2021 er den same i Nordfjord og Sunnfjord, kjem påstandane frå dei tre rektorane og Olav Øygard i eit underleg lys.

Men rett skal vere rett. I Sunnfjord kjem den store elevtalsnedgangen i Ytre Sunnfjord og lite eller ingen nedgang i Indre Sunnfjord. Men sidan skulane i Førde-regionen rekrutterer mange elevar frå Ytre Sunnfjord vert også dei berørt av nedgangen der.

Mitt råd til Olav Øygard og dei tre rektorane i Førde-regionen er at dei i alle fall må bruke same briller på eigen region som dei brukar på andre. Å flytte klassar frå ein skule til annan gjev ingen bidrag til dei nedskjeringsproblema fylket står overfor.

Gunnar Nygjerd
Sandane

Kreative fag og nedlegging av skulen på Vassenden/flytting til Førde.

Her i distriktet er det visst ikkje vilje til å ta vare på noko som helst. Siste no er bråvending frå pressa lokale jølstrapolitikarar m.fl. Her er det no om å gjere å få flytta den velrennomerte skulen i kreative fag ned til Førde. Er det ledig kapasitet på skulen i Førde, er det hyblar til elavane, er noko klart i det heile? No må svake lokalpolitikarar rette seg i ryggen for å verne skulen som klart har framtid der den ligg. Er dette begynnelsen på slutten for dei kreative faga i fylket ? Kva har skjedd i kulissane i denne skulesaka, brått er alle vel foreinte og samde i å få denne skulen flytta/nedlagt ? Det er lov til å undre seg.

Skulestruktur og langtidsplanar

Konklusjonen etter gjennomgangen av skulestrukturen i Førde kommune vart nedlegging av Angedalen Skule fordi ein likevel må bygge på Slåtten Skule. For oss i Angedalen føles ikkje det som ein veldig god grunn. Det skal sjølvsagt sparast litt og, men her er marginane så små og usikkerheita så stor at det er vanskeleg å vite kor mykje ein kan spare. Sjølv om det er vanskeleg å vise til sparing er det fleire som meiner at ein heilt sikkert vil spare på det før eller seinare. Når alt kjem til alt er vi ikkje heilt sikker på om behovet for innsparing eigentleg har vore så viktig.

At det er behov for å bygge på Slåtten Skule tvilar vi ikkje på. Men når det først skal gjerast meiner vi at ein må bygge nok. Ser vi historisk på det har ein heile tida vore i etterkant av behovet i krinsen. Slåtten Skule stod ferdig til skulestart i 1994. Den blei bygd som ein 2-parallellars barneskule, men var alt frå starten av for liten. Etter alt eit år vart eit større overbygg bygd om til garderobe. Etter to år måtte den utvidast igjen. Litt av grunnen var riktig nok 6-årsreformen, men mykje og på grunn av stor elevtalsauke i krinsen. Elevtalsauken har berre fortsatt og skulen er igjen for liten. I planen som vart sendt ut på høyring i haust kunne vi lese om situasjonen på Slåtten slik den er i dag:

_Når det gjeld undervisningsrom er skulen bygd for 17 klassar. I dag er det 18, og skulen har ikkje plass til fleire.

Skulen har behov for utbygging av omsyn til elevauken som har vore og som kjem framover. Skulen er i dag sprengd, og har stort press på spesialromma. Skulen har også for tronge lokale for personale som fylgje av at skulen berre var bygd for 2 parallellar.

Om skulen vert bygd på er det liten kapasitet i gymsal og formingsrom. Det er ellers mangel på grupperom. Gymsal og formingsrom er sprengde/har ingen ledige timar i løpet av veka. Skulen har ikkje natur-/miljøfagrom._

Det er tydleg at påbygging er nødvendig, men i lys av dette stiller vi oss undrande til planane som rådmannen legg fram om å bygge på 3-4 klasserom og ekstra arbeidsrom til lærarane. Skal ein nok ein gong bygge for lite? Kva med spesialromma, grupperomma og gymsalen? Når skal det bli orden på dei? Ein av grunnane som blir brukt for at ein kan legge ned Angedalen Skule er at ein forventar fortsatt stor elevtalsauke i krinsen. Når ein aukar frå 2 til 3 parallellar, aukar og kapasiteten på skulen frå 392 til 588 elevar. Når det i dag er stort press på spesialromma blir det ikkje betre når ein legg til elevane frå Angedalen. Frå hausten av vil ein ha nærmare 430 elevar på skulen, og frå neste haust når rådmannen meiner ein er ferdig å bygge klasseromma har ein om lag 440 elevar. Framleis med same antal spesialrom og grupperom, og fremdeles med like liten gymsal. Det har heile tida vore understreka at den nye skulebruksplanen skulle legge til rette for at skuletilbodet er pedagogisk forsvarleg og at planen skal vere langsiktig. Vi er litt usikker på om det som ein no legg opp til på Slåtten er pedagogisk forsvarleg. Langsiktig er det i alle fall ikkje.

Vi er innforstått med at skulen vår skal leggast ned, sjølv om vi meiner det er feil. Vi meiner det er godt grunnlag for skuledrift i Angedalen. Men sidan kommunen ikkje vil drive skule i dalen har vi tatt konsekvensen av det og vil starte opp montessoriskule. Det er stor interesse for dette blant foreldra med barn i og under skulealder i Angedalen. Vi har og fått positive meldingar frå foreldre i Førde sentrum som meiner dette vil vere eit godt supplement til skuletilbodet i Førde. Eit tilbod som vi reknar med fleire av dei ynskjer å nytte seg av. Vi meiner alvor med planane og vonar kommunen og ser nytte av tilbodet vi kan gje. Vi er godt i gang med arbeidet, og vil etter planen ha skulen klar til hausten 2014. Sjå forøvrig www.angedalenprivatskule.net for meir informasjon.

Vi meiner det einaste rette er at kommunen driv Angedalen Skule vidare eitt år til. Bruk tida på å legge ein skikkeleg plan for korleis Slåtten Skule, og dei andre skulane, skal vere i framtida. Vi vil bruke tida på å få i gang montessoriskulen i Angedalen. På den måten oppnår ein faktisk å få eit godt pedagogisk tilbod, og ein plan som ikkje minst er langsiktig.

Styret Angedalen Privatskule SA
Solgunn Systaddal, Irene Sønnervik, Per Christian Gjerde, Roger Indrebø, Ann Kristin Sønnervik, Malin Tefre, Rune Hegrenes
(20.03.2013)

Vi treng ein internasjonal skule i Sogn og Fjordane

Næringslivet i Sogn og Fjordane er i stor grad bygd på internasjonal handel og samarbeid. Næringar som offshore, shipping, IT, oppdrett og fiskeri har mykje av sin marknad internasjonalt. Innan alle desse ulike bransjane er det viktig med samarbeid, utveksling og utvikling av kompetanse over landegrensene.

Verdiskaping gjennom eksport av varer og kompetanse står sentralt for næringslivet i Sogn og Fjordane. Typiske industristader som Årdal, Høyanger og Svelgen har hatt heile verda som marknadsområde, reiselivsnæringa rettar seg mot utlandet, skipsverfta har internasjonale kundar, medan både IT- og energimarknaden opnar seg mot ein stadig større arena. Skal arbeids- og næringslivet utvikle seg i ei globalisert verd, må vi klare å utnytte dei fortrinna vi har i vårt fylke.

Vi kan ikkje alltid samanlikne oss med dei folkerike nabofylka våre, men når det gjeld internasjonalisering burde vi ikkje vere dårlegare enn dei. Vi treng å ha eit tilbod til utanlandsk kompetansearbeidskraft som vi ønskjer velkommen til fylket. Dessutan har vi ungdom i fylket som er minst like globalt interesserte som andre vestlendingar.

Fylket vårt har ein internasjonal skule: UWC Røde Kors Nordisk i Fjaler. Her konkurrerer norske elevar frå resten av landet om plass, medan elevar som er heimehøyrande i S&Fj vanlegvis ikkje kjem inn her (søkjer dei UWC og får plass, kjem dei oftast inn på eitt av dei andre). UWC er unikt ikkje berre for fylket, men òg for Noreg og Norden – vi i S&Fj har eitt av totalt 12 UWC i verda! Dette bør vi vite å nytte oss av.

IB (International Baccalaureate) er ein internasjonal artium. Den tilsvarer Vg2 og Vg3 på vanleg norsk Studiespesialisering. Undervisninga er på engelsk og leier fram til eit IB-vitnemål med høg status. Fleire elevar blir headhunta til universitetsstudiar før dei er ferdige, både fordi dei kan fordjupe seg i eit smalare fagfelt enn på norsk vgs og på den måten spisse kompetansen sin tidleg, og fordi dei har vore igjennom eit program der dei har utvikla engasjement og gode haldningar. UWC-elevar med IB har tilgang til gunstige stipendordningar i utlandet.

Slik det er no må fylket kjøpe IB-plass til eigne elevar i nabofylka. Gjennom vårt eige UWC kan fylket få på plass ei framtidsretta internasjonal utdanning, der utgiftene ikkje er større enn det fylket har per elevplass ein kjøper i Hordaland i dag.

Det ligg store utfordringar i innsparingskrav og strukturdiskusjonar i komande skulebruksplan, men Sogn og Fjordane kan ikkje berre redusere, vi må tore å satse på noko som kan gje vekst og utvikling. Her kjem IB-tilbodet på lik linje med den etterlengta, vekst- og utviklingsorienterte brønnboringslinja i Florø.

Ein global marknad krev globalt tilpassa kompetanse. Næringslivet i Sogn og Fjordane ønskjer å legge til rette for ei utdanning som gjev internasjonal artium. Behovet for eit framtidsretta og internasjonalt utdanningstilbod i fylket har aldri vore større enn i dag.

Johnny Haugsbakk – Executive Vice President, Enoro
Trygve Solås – Yard Director, Havyard Ship Technology
Anders Lien – CEO, Maritime Montering

Kven bestemmer i fylket? Fylkestinget, Norconsult eller fylkesrådmannen?

Fylkesutvalet bad om ein rapport vedrørende dei vidaregåande skulane i fylket. Norconsult har levert ein rapport med ulike modellar for ny skuleplan. Fleire stader i fylket fryktar ein no nedlegging av dei vidaregåande skulen sine. Alle modellane får store konsekvenser for skule og elev. Elevane skal bli hybelbuarar eller busspassasjerar. Det verkar som om byråkratene i fylket er meir opptatt av lærarane som vert overflødige enn ein elev som må flytte på seg. Må for eksempel Høyangerelevar slåst om plassar i Førde der karakterer vil bli avgjerande, må Førdeelevar og Høyangerelevar som ikkje kjem inn i Førde, ta buss til Nordfjord. Sunnfjordregionen har allereie for lite plassar, medan Nordfjordregionen med alle sine skular og alle sine plassar, kan ønskje elevar frå Sogn og Sunnfjord velkommen. Er det slik vi ønskjer framtida for elevane i trivselsfylket? Dei levande bygdene som Senterpartiet snakkar om er snart ein “saga blott” viss denne raseringa av skulane skjer. For kven vil busette seg i kommunar som ikkje har skuletilbod til ungdommen i nærleiken? Fråflytting er ordet og det likar vi ikkje!

Tidleg i fasen av denne saka, merka eg at politiet i Førde såg det som problematisk med fleire hybelbuarar i Førde. Fylkesrådmannen har i si konsekvensutgreiing avvist lensmannen i Førde si bekymring. Skuldast dette mangel på kunnskap eller arroganse hos fylkesrådmannen?

Ifølgje fylkesrådmannen er det mogleg å spare 57 millioner kroner sjølv om ein held fram på dagens nivå. Fylkesrådmannen meiner ikkje det er nok. Fylkesrådmannen opptrer som spåmann og nyttar talprognosar 20 år fram i tid. Dei siste åra veit vi at Statistisk Sentralbyrå har justert prognosene kvart år på grunn av stor innvandring. Kan ein då verkeleg stole på tala som fylkesrådmannen syner til?

Fylkeskommunen meiner 57 millionar ikkje er nok. Men kanskje er det andre måtar å finne innsparingar i budsjettet til Fylkeskommunen?

Er det rett at eit fylke som vil snu skulesektoren sin dramatisk, skal nytte pengar på eit fotballstadion eller ein trivselshage? Eg berre spør!

Kanskje kan det og vere noko å spare ved at Sognebåten går til Leikanger istaden for til Sogndal?

Politikarar; la ikkje Norconsult eller fylkesrådmannen avgjere denne saka.
SAKA ER ALTFOR VIKTIG TIL DET.

Reidun Varden, tidlegare kommunestyre- og formannskapsmedlem for Høgre i Høyanger.

Åpent brev til politikarane i Førde

For å kunne spare 2,125 millionar på skulestrukturen har rådmannen anbefalt politikarane å legge ned Angedalen Skule. Anbefalinga og utrekningane er basert på folketalet per 01.01.2013. Første gangen innsparinga for denne modellen vart berekna brukte ein folketalet per 01.09.2012. Ein kom då til at innsparinga var i snitt 1,3 millionar. Det som var utslagsgjevande var at det i løpet av dei 4 månadane flytta 1 elev, slik at ein for kommande 4. årstrinn kan ha 2 klassar i staden for 3 klassar. For det er antall klassar som betyr noko når ein skal beregne kostnadar. Kjem det inn igjen 1 elev er ein tilbake på 1,3 millionar i snitt. Det same er tilfelle for 2. årstrinn. Kjem det inn 1 elev til der så går innsparinga ytterlegare ned.

Ein kan argumentere for at ein vil ha ein så stor auke i området at ein uansett vil ha 3 klassar per årstrinn på Slåtten skule. Forutsetninga er at ein har ein auke på minimum 17% for begge av dei to minste årstrinna. Samstundes er det slik at ein auke på meir enn 17% for dei største årstrinna vil føre til at ein må ha 4 klassar og innsparinga går ned. I tillegg er ein då i den situasjonen at skulen er for liten igjen.

Konklusjonen er at sjansane for å kunne spare 2,125 millionar på å legge ned Angedalen skule er små. Spesielt når ein tar med andre utgifter som vil auke som f.eks. spesialundervisning og transport. Ein vil aldri kunne klare å spare 2,125 millionar på å legge ned Angedalen Skule. Tar ein med alle dei negative konsekvensane det er å legge ned ein grendaskule må ein jo spørre seg om det er verdt det? Svaret på det er forøvrig nei.

Det virkar for at politikarane gøymer seg bak vedtaket om å spare 2,125 millionar og at dei difor ikkje har noko anna val enn å gå for framlegget til rådmannen. Rådmannen seier i si innstilling av marginane er små. Vi har vist kor små dei faktisk er. Skulesjefen har ved fleire høve sagt at dette er den vansklegaste planen han har jobba med. Dette burde få varsellampene til å lyse for dei som no skal ta avgjersla. Det er på tide å innsjå at innsparinga på 2,125 millionar ikkje er muleg å nå ved å legge ned Angedalen Skule.

Rune Hegrenes
FAU Angedalen Skule
(26.02.2013)

Kreativitet, innovasjon og marknadsføring

Den vidaregåande skulen på Vassenden (ein avdeling av Mo og Jølster vgs) er, og har vore, den einaste skulen i fylket med tilbod berre innan eitt fagfelt. I starten var det handverk og husflid, seinare teikning, design, medier og kommunikasjon og formgjeving. Skulen har i alle år vore det eine og det sterke fagsenteret i kreative fag i fylket vårt.

No har eit konsulentfirma, truleg utan kjennskap til fagområdet og historia, laga fleire modellar til skulebruksplan der ein i alle modellane vil pulverisere eit tydeleg fagmiljø. Manglar også fylkesrådmannen og hans stab kunnskap om viktigheita av kreativitet og innovasjon i samfunnet i dag? Veit dei kor viktig det er at elevane får utvikle sine kreative evner – noko som er viktig i mange ulike yrker? Veit dei og kor mange ulike yrker på høgskulenivå desse tilboda innan kreative fag kan føre til?

Det burde jo vore lovande at det står i planen: «Mange av dei arbeidsplassane vi skal leve av i framtida er ikkje skapte. Nyskaping krev innovative og kreative eigenskapar.» Men kan ein vere trygg på at det blir forstått av fylkesrådmannen og politikarane kva det vil seie?

Eit av dei 3 tilboda på Vassenden, er Studiespesialisering med Formgjevingsfag. Formgjevingsfag kan sidestillast med Musikk, dans og drama og idrett, som alle gir generell studiekompetanse. Tilbodet ligg berre på ein skule i fylket og er altså fylkesdekkande. I 1996 blei Formgjevingsfaget gøymt under paraplyen «Studiespesialiserande» noko som gjer det meir usynleg enn det var før. Dette kan gjere at politikarane ikkje ser tilbodet som sjølvstendig og viktig. No må vi vakne opp og sjå dette viktige tilbodet ein har!

I forslaget til plan tenker ein ikkje berre på å fjerne ein skule, men og å flytte og rive fagmiljøet frå kvarandre og sende dei 3 ulike tilboda i kvar si retning! Ein tenker å sende eit tilbod til Eid, eit til Sandane og kanskje eit til Førde! Kvifor kome med ein slik ide?

I planen hevdar ein og at ein får sterkare og betre fagmiljø på store skular. Men det er ingen forsking som viser dette heilt klart! Små fylkesdekkande fag, blir heller ikkje større og sterkare om dei blir skilt og spreidde ut på større skular. I nokre fylker i landet har ein gjort dette og resultatet er at småfag har drukna mellom dei store. Kontakt gjerne Vestfold og Hordaland for å få fleire detaljar om flytting av det vesle Formgjevingsfaget til store skular.

Men på større skular kan fylket kanskje spare pengar ved t.d. å setje lærarar inn som vikar i fleire fag dei ikkje har formell kompetanse i. Det å spare pengar er kanskje det einaste «geniale» ved heile planen?

Meiner politikarane at økonomi er det viktigaste, og meiner at skulen på Vassenden må leggast ned, må en flytte fagtilbodet samla! Det minste ein kan gjere å halde kreativitet og marknadsføring samla! Sjå på prislønte elevbedrifter som er laga på skulen gjennom åra. Media og kommunikasjon, Design og handverk og Studiespesialisering med Formgjevingsfag er viktig for regionen og kompetansemiljøet bør ikkje splittast opp.

For at dei kreative faga skal vere gode undervisningstilbod, er ein avhengig av å kunne vitje og bruke fleire fagmiljø i fylket. Dei institusjonane skulen nyttar og samarbeider med no – og framleis må kunne få bruke framover – ligg tett i indre Sunnfjord (Jølster/Førde-området).

Her ligg m.a. Eikaasgalleriet, Astruptunet, Sunnfjord museum, Sogn og Fjordane teater, fleire reklamebyrå, Avishuset Firda, NRK Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Desse institusjonane treng skulane – og elevane treng fagleg påfyll og inspirasjon utafor skulen. Elevane kan her få nærare kjennskap til kultur, få oppleve kunst/kultur-utstillingar og ha prosjektarbeid i samarbeid med andre fagmiljø. Ingen annan del av fylket har samla så mange slike institusjonar. Dei omtalte kreative faga må ligge i Indre Sunnfjord – der sentrale institusjonar og arbeidsplassar ligg.

I den prosessen som går føre seg no med forslag til skulebruksplan, vil folk verkeleg sjå og føle kva verdi dei ulike vidaregåande skulane har, og kva dei betyr for bygdene og byene i fylket. Dette trur eg vi vil ha nytte av i mange år. No bør alle som veit noko om kva skulen på Vassenden har betydd når det gjeld kreativitet og skulemiljø uttale seg i media.

Det som no kanskje kan skje med nokre kreative fag, kan bli ein skandale!

Helsing Astrid Wittersø

PS. Når det gjeld dei kvalifiserte lærarane i dei små faga ved ei eventuell nedlegging av skulen på Vassenden, skal det ikkje lang og grundig analyse til å forstå at pendlaravstanden frå Jølster, Førde og Naustdal til Eid er for stor. Det vil vere vanskelig, og vil ta lang tid, å skaffe nye fagkvalifiserte lærarar på ny skule.
DS

Kjære AP medlemmer – løgn eller fakta?

Kjære AP medlemmer – løgn eller fakta?

Viser til valprogrammet dykkar for 2011-2015.

I følgje dette programmet ynskjer de å satse på at grendalaga skal få midlar til å utvikle gode bumiljø for enklare liv, og god livskvalitet.

Eit godt bumiljø og god livskvalitet avheng av at ungane trivast og kan vere aktive i sitt nærområde. Hjertet i ei grend er ofte skulen. Korleis kan Førde AP utvikle ei grend med å legge ned ein skule? Det blir ikkje noko enklare liv for våre barn å måtte ta buss oppimot ein time kvar einaste dag. De skriv vidare i valprogrammet dykkar at de ynskjer å styrke skulehelsetenesta. Vi veit at fysisk aktivitet er viktig for folkehelsa. Der ungane no kan gå eller sykle til skulen, vil dei måtte ta buss om skulen vert nedlagt. Ungane har godt av å vere i fysisk aktivitet, men korleis er det helsefremmande å sitte på ein buss i staden for å nytte tida på leik og moro?

I valprogrammet til Førde AP står det også at de vil aktivt setje i gang tiltak for å kutte i klimautslepp lokalt. Barn i småskulen sluttar til ulike tidspunkt på dagen, det fører til at fleire busser må køyre tur / retur kvar dag. Er det tiltak som kuttar klimautslepp?

I valprogrammet står det vidare at «Førde har lenge vore ein by i utvikling og det skal Førde også vere framover. Samstundes er det viktig å rette fokuset på kvar og korleis vi skal bu i byen vår. For å oppretthalde veksten i folketalet er det viktig med ein framtidsretta bustadpolitikk». Vidare vil de i samband med rullering av arealplan at det skal leggast inn areal til bustadfelt i grendene. Korleis kan de forsvare ei skulenedlegging før arealplanen for kommunen er utarbeidd? Skulen er som tidlegare nemt ofte berebjelken i ei bygd. Skal Førde fortsette å vekse er Angedalen det mest naturlege området å bygge ut i. Fleire stader i dalen er det god moglegheit og vilje til større bustadområder. Men utan skulen vil Angedalen bli mindre attraktivt. Resultatet vert då at potensielle tilflyttarar vel nærliggande kommunar som Naustdal, Gaular og Jølster der dei har skular i lokalmiljøet og fortsatt bur sentralt, men likevel landleg.

Valprogrammet til Førde AP 2011-2015 har mykje til felles med grendene. Men er programmet til Førde AP fakta eller løgn?

De har fortsatt moglegheit til å halde planen dykkar og støtte ALLE grendene i Førde i vidare vekst. Tenk dykk om før de brukar stemmene. Det er fortsatt mogleg å endre standpunkt…

Rune Ness
Thomas Lekva
Eigil Instebø