Viser arkivet for stikkord skulebruksplan

Something is rotten in the state of…

I haust fekk vi høyre at politikarane i Førde kjedar seg. Eg kan godt forstå at det politiske systemet i kommunen ikkje fungerer som det bør. Men på ei anna side var det og litt provoserande. Dei som sit i bystyret, i alle fall dei fleste, har tatt på seg dette vervet med vitande og vilje. Dei har som oppgåve å ta debattane når dei kjem, og ta opp dei sakene dei brenn for. Dei må ta ansvar sjølv. Det følgjer og med eit ansvar for å vere med på dei vanskelege debattane, og ikkje berre det som er moro som å fantasere om uendeleg vekst.

Vi har som kjent ført ein «skulekamp» i kommunen dei siste åra. Eg meiner det er rett å sette det i anførselsteikn for eg er veldig usikker på om det nokon gong var ein reell kamp. For oss i grendene føltes det i høgste grad som ein kamp. Ein kamp for retten til eksistens for å sette det på spissen, og det syns eg godt vi kan. Ein kamp der vi i først trudde motstandaren var politikarane som vi skulle overtyde med rasjonelle og fornuftige argument, slik at dei i sin tur fatta eit gjennomtenkt vedtak. Rett skal vere rett, vi fekk høve til å framføre våre argument på kommunen si misjonsferd på dei ulike skulane. Men debatt vart det aldri. Gjennomgangstonen frå politisk hald var at ein må stole på det rådmannen legg fram.

Utgangspunktet for «kampen» var som kjent innsparingskravet kommunen hadde pålagt seg sjølv. Ein kan undrast om det, når alt kom til alt, hadde noko med utfallet å gjere i det heile tatt. Men det vil vere å spekulere, og det skal ein vel halde seg for god til. Omstenda skulle uansett ha det til at kommunens skulebruksplan skulle rullerast akkurat på same tid. «Kommunedelplan for utbygging og utnytting av skulane i Førde 2013 – 2020». Utifrå tittelen var det rimeleg å anta at ein hadde eit relativt langsiktig perspektiv og at ein kom til å ende opp med ein plan som dekkjer behovet ein ser føre seg fram til 2020. Det er som kjent vanskelig å spå, spesielt om framtida, men med relativt stabil folkeauke dei siste åra, og ein viss oversikt over kommande generasjonar elevar, skulle ein ha god sjans til å treffe sånn nokon lunde. Det viste seg ganske raskt at dette vart ein grov bom.

Kommunen har eit uttalt mål om fortsatt folkeauke og då spesielt i sentrum. Skulle for så vidt berre mangle at ein kommune som Førde ikkje har det som mål. Ingen ting i vegen med det. Men ein kan ikkje gløyme dette når ein jobbar med planar som for eksempel skulebruksplanen. I høyringsdokumentet til planarbeidet hadde ein med status for skulane i kommunen. Ser ein på sentrumsskulane kunne ein sjå at Flatene og Halbrend hadde god kapasitet. Førde Barneskule skulle kunne klare å handtere dei elevane som eksisterte i krinsen på dåverande tidspunkt, men ikkje så mykje meir. Sunde skule var og akkurat passeleg, men utan rom for auke. Slåtten skule var alt sprengd, slik den alltid har vore. Med det som utgangspunkt skulle ein ikkje tru at det å tilføre fleire elevar til sentrum utan større tiltak skulle kunne vere mogleg.

Eit av argumenta som vart nytta for å legge ned Angedalen skule var at ein måtte bygge på Slåtten uansett. Utbyggingsbehovet på Slåtten er det ingen som bestrid. I høyringsdokumentet kunne vi lese om situasjonen på Slåtten skule i 2012:

«Her er i dag 393 elevar fordelt på 18 klassar. Dette vil auke noko i perioden, og vere på 403 elevar og 19 klassar i 2016/17 og 398 elevar og 18 klassar i 2017/18. Det er då ikkje teke omsyn til elevar frå den siste utbygginga i Vieåsen sør. Når det gjeld undervisningsrom er skulen bygd for 17 klassar. I dag er det 18, og skulen har ikkje plass til fleire.

Skulen har behov for utbygging av omsyn til elevauken som har vore og som kjem framover. Skulen er i dag sprengd, og har stort press på spesialromma. Skulen har også for tronge lokale for personale som fylgje av at skulen berre var bygd for 2 parallellar.

Om skulen vert påbygd er det liten kapasitet i gymsal og formingsrom. Det er elles mangel på grupperom. Gymsal og formingsrom er sprengde/har ingen ledige timar i løpet av veka. Skulen har ikkje natur-/miljøfagrom.»

I høyringsdokumentet vart det presentert ei rekkje ulike alternative tiltak for å nå innsparingskravet. Det er verdt å merke seg at i dokumentet som vart sendt ut på høyring var det ingen av alternativa som aleine møtte innsparingskravet. Beregning av potensiell innsparing gjekk i stor grad ut på å telje antall klassar. Etter høyringsrunden vart det gjort nye berekningar basert på oppdaterte elevtal. Då viste det seg at i løpet av 3 månadar hadde elevtalet endra seg slik at alternativet med å legge ned Angedalen skule skulle kunne gje nødvendig innsparing. Marginane var rett nok ikkje større enn at det for tre av årstrinna skulle berre ein elev til for at heile innsparinga forsvant. Men det er tydelegvis eit godt nok grunnlag for å vedta langsiktige planar for skulesektoren i kommunen.

Når rådmannen kom med sitt framlegg var alt kokt ned til kvar ein skulle bygge ut. På Slåtten eller på Sunde. I framlegg til vedtak kunne vi lese følgjande:

«I denne planen tilrår rådmann at Slåtten skule vert utbygd til full 3 parallellar skule. Det vil krevje 3-4 nye klasserom og arbeidsplass for lærarane. Vi har rekna med ei utbygging på ca 400 m2 til ein kostnad på 35.000 pr m2. Samla kostnad vil då vere ca 14 mill, men dette er berre kalkulasjon basert på erfaringstal.»

«….Rådmann vil difor minne om at ein i denne planen også må ha fokus på kva som er framtidsretta tiltak, og at det må henge saman med handsaminga av både arealplanen og kommuneplanen sin samfunnsdel.»

«….Slåtten skule skal byggast ut til full 3 parallell skule for å ha plass til vidare utbygging i dette området. Ei utbygging av Sunde skule kunne vore eit alternativ, men rådmann tilrår at det ikkje vert utbygging på den skulen no….»

28. februar 2013 vart Angedalen skule henvist til historiebøkene. Det var ikkje vilje til å utsette sjølve nedlegginga til Slåtten var ferdig utbygd. Rådmannen kunne garantere at nybygget skulle stå klart til skulestart hausten 2014, og at det var god nok plass på Slåtten til elevane frå Angedalen alt frå hausten 2013. Sjølv om kapasiteten alt var spreng. Vi prøvde å påpeike at 14 millionar til utbygging av Slåtten virka usannsynleg lite med tanke på behovet som var skissert i forkant. Syns jo og at det var eit ambisiøst mål at ein skulle vere klar med eit nybygg på så pass kort tid, men for all del; Det høyrtes jo bra ut og ambisjonar bør ein jo alltid ha.

I juni 2013 hadde ein føre seg økonomiplanen for 2014-2017. Dette er altså om lag 3 månadar etter at skulebruksplan for 2013 – 2020 er vedtatt. Her kan ein lese fylgjande:

«Arbeidet med å skaffe fram rombehov frå skulen starta våren 2013. Det synte seg fort at skulen hadde større ynskje om utbygging enn det som låg i minimum behovet i skulebruksplanen. I dette låg større areal til SFO og i tillegg eit auditorium for å kunne samle alle lærarane og fleire klassar samstundes. Dette var i tillegg til dei 3 nye klasseromma og areal til fleire arbeidsrom for lærarane.»

Korleis kan ein legge fram forslag til ein skulebruksplan som skal gjelde i 7-8 år utan å kjenne betre til, og ikkje minst ta omsyn til, situasjonen og behova ved skulane?
At behovet var og er større enn 3-4 klasserom kan ein jo lese i frå kommunens eigne høyringsnotat. Det vart og belyst i høyringsrunden frå fleire hald. Det skal uansett ikkje komme som ei «overrasking» ein månad eller to etter vedtaket er gjort.

Av dei meir graverande tinga som ikkje var med i kommunen sin status i forkant er for eksempel at det eksisterande ventilasjonsanlegget ikkje held mål og at gymsalen ikkje har tilstrekkeleg med nødutgangar. Ein annan ting er SFO. Det vart brukt som argument mot Angedalen Skule at ein der måtte dele rom mellom SFO og skule. At dette også er tilfelle ved Slåtten Skule vart ikkje nemnt med eit ord. Og slik framtidsplanane ser ut på noverande tidspunkt kan det sjå ut som det vil bli gjort i større grad framover.

Sjølv om ein i utgangspunktet hadde sagt at 14 millionar skulle vere nok vart det i økonomiplanen sett av 25 millionar for utbygging av Slåtten. Det er ein auke på om lag 80 %. Noko dei fleste andre vil kalle ei formidabel auke og som undergrev heile skulebruksplanen. Men med tanke på det faktiske behovet virka 25 millionar framleis litt lite. Vidare kjem det fram:

«Elevtalet ved Sunde skule har også auka, og frå hausten 2013 vil skulen måtte ta i bruk det siste spesialrommet til klasserom. Skulen vil då ha problem med å gjennomføre undervisninga etter Læreplanen m.a. i kunst og handtverk og musikk. Sjølv om ikkje det skjedde nokon endring ved Sunde skule i skulebruksplanen, så må det gjerast tiltak ved denne skulen. Det skulle vere rom for å løyse nokre av desse behova innanfor summen på 25 mill.»

Minner om at dette kjem fram knappe 3 månadar etter at skulebruksplanen er vedtatt. Nok ein gong… Korleis kan rådmannen legge fram og stå inne for ein langtidsplan som ikkje held meir enn i 3 månadar? Situasjonen på Sunde skule var kjent, men likevel tilrådde rådmannen at tiltak ikkje skulle gjerast.

Ein har i løpet av hausten jobba med planane for nybygg på Slåtten, og med det ein ny kostnadssprekk. Estimatet har komme opp i om lag 35 millionar, som er ein auke på 150 %. Framleis utan å eigentleg få plass til alt ein faktisk treng.

Kva har så ein oppnådd?

Har ein klart å nå innsparingskravet? Neppe. Og det kjem ein truleg aldri til å gjere, men det er eg trygg på at ingen nokon gong vil innrømme. Berekning av potensiell innsparing gjekk som nemnt ut på å telje antall klassar. For å kunne nå innsparingskravet måtte ein ned på 17 klassar på Slåtten skule. Men når skuleåret tok til hausten 2013 var der 19 klassar. Det utgjer om lag 85 % av heile innsparinga. Det stod heller ingen ting i framlegget om at ei utviding av Slåtten skule skulle utløyse eit behov for ein ekstra assisterande rektor ved skulen. I forhold til kostnad utgjer dette fort like mykje som ein klasse til. Som tidlegare nemnt kan ein undre seg over om innsparing var meir eit påskot, enn grunn for nedlegging. Uansett årsak så vart valet at ein skulle satse på Slåtten skule.

Det store spørsmålet no er om det blir gjort. Etter alle solemerker er ikkje det tilfelle. Slåtten skule har frå dag éin vore underdimensjonert. Den har vorte utvida fleire gonger utan at ein nokon gong har klart å bygge nok. Når det no er det bestemt at skulen skal vere ein full 3-parallellar skule, burde det tilseie at ein har nådd taket med tanke på antall klassar og elevar. Som i sin tur skulle tilseie at dette er siste byggesteg på Slåtten skule. Men historia gjentek seg nok ein gong, som den vist nok brukar å gjere. Sjølv om ein var klar over behovet lenge før vedtaket vart gjort har ein ikkje klart, eller rettare sagt hatt vilje til, å innsjå kva som må til. Ein kan ikkje anna enn å undre seg over kvifor… Når den nye skulebruksplanen vart vedteken var det med forsikring frå rådmannen om at det nye bygget på Slåtten skule skulle vere klart til skulestart hausten 2014. Slik det ligg an no synest det å knyte seg størst spenning til om ein i det heile tatt er begynt å bygge då. Sikkert er det i alle fall at trongt blir det på skulen neste skuleår og.

Arbeidet med skulebruksplanen handla sjølvsagt om meir enn kor vidt ein skulle legge ned ein skule eller ikkje. Utgangspunktet for arbeidet var ikkje «korleis kan vi gjere skulen i Førde endå betre», men heller «korleis kan vi bruke endå mindre pengar». Totalt 3.5 millionar skulle det sparast i skulesektoren. Ikkje fordi ein bruka så umåteleg mykje på skule, men fordi ein konsulentrapport vist nok synte at her var det pengar å hente. Om lag 1.4 millionar av dette vart tatt av drifta. Meir var det ikkje å hente fordi ein tidlegare har kutta så mykje som råd. Noko som kanskje burde indikere at ein er på utrygg grunn. Den siste tidas oppslag om at ein har for lite pengar til spesialundervisning bør ikkje komme som ei overrasking for dei ansvarlege. Det å samle fleire elevar på færre skular samstundes som ein skal bruke mindre pengar på drifta synes for meg å vere ei dårleg oppskrift. Av dei kommunane Firda hadde med i oppslaget var Førde den kommunen som brukar mist pengar pr. elev og som har flest elevar pr. klasse. Og behovet for spesialundervisning går oppover…

Skulen i Førde har skåra høgt på kommunal rapport si oversikt dei siste åra. Det håpar eg inderleg at den kjem til å gjere i åra som kjem og, men trygg er eg ikkje. Når eg set meg på eit fly vil eg ikkje tenke på at dette har vorte bygd av den med det lågaste anbodet. Like lite ynskje eg at dei som er ansvarleg for våre borns opplæring skal velje den løysinga som er billegast. I nokre høve er berre det beste godt nok og dette er eit av dei.

Rune Hegrenes

Mediaelevar har krav på overgangsordning

Frå og med neste skuleår vert Sogn og Fjordane fylke truleg åleine i landet om å ikkje tilby studieplassar innan vg3 Medium og kommunikasjon. Resultatet er utvilsamt at elevane frå Sogn og Fjordane får eit langt dårlegare utgangspunkt enn medieelevar frå resten av landet når dei skal inn på høgare medieutdanning.

Les heile innlegget her!

Hestehandlartid

Mykje tyder på at det føregår eit spel bak i dei politiske korridorane i samband med vedtak av ny skulebruksplan 12. juni. Vegar Volle, journalist i Ytre Sogn, som var tilstade på møtet i fylkesutvalet 7. juni. Fann enkelte ting der så merkverdig at han har teke det opp i ein eigen kommentar i Ytre Sogn 11. juni. Under tittelen «Er det noko dei ikkje seier?». Her nemner han mellom anna flytting av frisørfag frå Høyanger til Eid. Som så mange andre i Høyanger, stiller han spørsmål ved logikken bak dette forslaget. Eller som Kjell Erik Olsen i eit lesarinnlegg same dag formulerer det. «Er det mulig å spare pengar ved å bruke meir?» Kan det vere noko anna som ligg bak? Her luktar det hestehandel lang veg.

Eg vil ikkje her gje meg ut på spekulasjonar om kva som kan ligge bak. Som historikar likar eg best å halde meg til fakta. Så får ein sjå nærmare på det når det endelege vedtaket er gjort. Kanskje det da kjem fram meir haldefast informasjon.

Hestehandel om undervisingstilbodet ved dei ulike vidaregåande skulane i fylket vårt er ikkje noko ny øving. For Høyanger vgs sin del hendte det mykje i åra 1998 til 2005. I tråd med «Strukturplan for vidaregåande opplæring 1998-2000» fekk Høyanger vgs utvida tilbodet i Formgjevingsfag (i dag kalla Design og handtverk) i frå skuleåret 1998/99. Frisørfaget, som alt var eit godt etablert fag ved skulen sidan 1969, var no plassert innunder denne fagparaplyen. No kom det andre fag i tillegg. Fylket satsa på dette tidspunktet å ha formgjevingsfaget ved to skular. I tillegg til Høyanger var dette eit sentralt fag ved den no føreslegne nedlagde vidaregåande skulen på Vassenden i Jølster.

Dette vart eit populært fag som trekte fleire søkarar. Det vart på kort tid bygd opp eit fagmiljø i Høyanger, og skulen fekk fleire bein å stå på. Men det var andre skular som ønskte å satse på dette faget. I Nordfjord prøvde Eid vgs å få i gang eit slikt tilbod. I indre Sogn gjorde Luster vgs det same. Hovudutvalet for utdanning heldt i første omgang igjen. Men Eid og Luster gav seg ikkje. Frå 2001 fekk Eid vgs tilbod om Formgjevingsfag, året etter vann også Luster vgs fram. No hadde fire skular i fylket tilbod om Formgjevingsfag. Retningslinjene i strukturplanen var brotne, og resultatet vart overkapasitet. Noko måtte gjerast.

Leiar i Hovudutval for opplæring, jølstringen Knut M. Olsen frå Sp, såg nok dette problemet. I utgangspunktet hadde fylkesdirektøren tilrådd å vidareføre tilbodet for Formgjevingsfag til skuleåret 01/02 for Høyanger vgs. Men på møtet i Hovudutval for opplæring 29.11.2000 kom det forslag frå Olsen på vegne av SP, Høgre, Venstre og KrF om å flytte VK I og VK II teikning/form/farge frå Høyanger til Jølster. Forslaget vart vedteke med 6 mot 3 stemmer. Dette var første steget i ein prosess som enda opp med at Høyanger vgs i frå 2005 sat igjen med ein grunnkursklasse i Formgjeving (Vg 1 Design og handtverk) og VK 1 Frisørfag (Vg 2 Frisørfag).

Dette er fakta som ein kan lese seg fram til i sakspapira frå ulike møter og frå det som er referert i avisene frå denne prosessen. Dette kjeldematerialet nytta eg i «Høyanger vgs 1933-2008», som vart utgjeve i samband med Høyanger vgs sitt 75 årsjubileum. Kva som skjedde i korridorane den gong hadde eg liten kontroll på. Dette vart det diverre ikkje tid til å gå meir i djupna på ved det høvet. Dette er eit interessant tema som ein historikar eller journalist med betre innsikt i fylkespolitikken enn meg kan ta tak. I den samanheng er den pågåande prosessen med skulebruksplan for vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane særs interessant, og burde i seg sjølv vere nok til ei eiga bok.

I denne omgang får vi håpe at fylkespolitikarane kjem over i reint trav og satsar på våre hestar. Les Vg1 Helse- og oppvekstfag, Vg2 Ambulansefagarbeidar og Vg2 Frisør i Høyanger. Dette er viktig for at Høyanger vgs også i framtida skal stå fram som ein livskraftig skule.

Mo som avdeling under Øyrane?

Utdanningsforbundet, Naturvitarane, Lektorlaget og Fagforbundet sine lokallag på Mo har den 10. januar oppmoda ulike organisasjonar og faglag om å engasjerer seg for å halde på Mo som eigen skule.

Kvifor det?

Mo og Jølster vgs har 20 års erfaring med å vere to avskilte avdelingar med 10 km avstand.
Dette har vore krevjande for begge avdelingane, og det er fleire grunnar til det:
Det er liten eller ingen rasjonaliseringsgevinst å hente når skulane ikkje er samlokaliserte.
Det er to ulike kulturar som møtes med ulike prioriteringar.
Det er vanskeleg å vere tydeleg ved marknadsføring av undervisningstilbodet.
Det pedagogiske utviklingsarbeidet er meir krevjande.

Dessutan er Mo fylket sin største eigedom. Skulen driv mellom anna eit aktivt gardsutsal og er ein av dei beste i landet innan mjølkeproduksjon. Mo er ei stor bedrift og ikkje berre ei «avdeling».

Knut Vebjørnsen
Arbeidslivskontakt Mo og Jølster vgs

Betre mediefag i Førde

På leiarplass i Firda Tidend fredag 31. mai vert det påstått at programfaget medium og kommunikasjon (MK) går ei usikker framtid i møte på Hafstad vgs. Dette er ein heilt feil påstand, utan hald i verkelegheita.

Firda Tidend-redaktør Bjørn Grov skriv at medielina «i Førde skal alt byggast opp frå null på ein sprengt skule». Dette er ei meining som tidlegare har vorte omtalt m.a. på debattsidene i Firda, då i regi av tilsette på Firda vgs. Dette er i beste fall feil, og i verste fall eit forsøk på å undergrave den kompetansen medielærarane som har sagt seg villige til å bli flytta dit, sit inne med.

Fagmiljøet som alt er etablert i Sunnfjord i form av MK på avdeling Jølster, har mange og sterke relasjonar med næringsliv, organisasjonar og andre aktørar i Førde – der mange av fylkets aller største mediebedrifter har sin base. I tillegg har lokallaget av Utdanningsforbundet i Førde jobba tett med å legge til rette for ein best mogleg flytting av fag frå avd. Jølster til Førde-skulane.

Hafstad vgs., der MK i Førde ligg plassert i planane til fylkesutvalet, har faget Medie- og informasjonskunnskap (MIK). MK og MIK har mykje til felles, noko som vil tilføre nye impulsar og eit større fagmiljø. Avgjerda med å støtte ei flytting frå avd. Jølster til Førde er ikkje tilfeldig. Vi har vore på Hafstad, vi har snakka med lærarar og sett på lokale. Vi veit at medielinja der vil gje elevane eit om mogleg betre tilbod enn i dag.

Hafstad vgs. er heller ikkje sprengd, og har ikkje vore det i nokon av modellane som har vore i spel. Med det noverande forslaget frå utvalet, der Hafstad har gått ned frå fem til fire parallellar studiespesialiserande og frå to til ein påbyggsklassar, har skulen veldig god plass med fleire ledige klasserom, sjølv med MK med to parallellar.

Les heile innlegget her!

Fylkesrådmannen vil ha Design og tekstil linja ut av fylket!

Kven skal føre det verdifulle handverket vidare då??

Fylkesrådmannen sitt forslag som står på side 31 i fråsegna til skulebruksplanen er: «Fylkesrådmannen tilrår at fylkeskommunen ikkje skal ha eige tilbod i vidaregåande trinn 2 (vg2) Design og tekstil, men må vurdere å kjøpe plassar i andre fylke». Er det slik vi vil ha det her i Sogn og Fjordane?
At ingen i framtida skal få opplæring i handverket innafor nokon av dei 11 tekstile fagområda? Vi vil gjerne ha eit svar, og det håpar vi vert positivt den12. juni?
Vg2 Design og tekstil: Dersom det vert slik at fylket skal kjøpe dette tilbodet i andre fylke, så vil det gi negative konsekvensar i framtida:
• ei typisk jentefag-linje forsvinn ilag med jentene langt utover våre fylkesgrenser.
• dei får oppretta lærlingplassar i det fylket dei har fått skuleplass
• svekkjer folketalsauke i fylket vårt
• mister verdifull fagkompetanse innafor små, verneverdige handverksfag i vårt eige fylke
• mister faglærarar med lang erfaring og fagkompetanse innafor dei tekstile handverksfaga

Litt av vår historie gjennom meir enn 25 år:

Sunnfjordregionen har lang tradisjon på saum/ tekstilutdanning. Vi er i dag lokalisert på Mo og Jølster vidaregåande skule (vgs.) med linja Vg2 Design og tekstil som byggjer vidare på Vg 1 Design og handverk. Tidlegare låg denne linja på Øyrane vgs. Saumutdanninga innan Kjole og draktsaum med avsluttande sveinebrev låg frå starten av på Førde yrkesskule, som i 1994 vart flytta til Øyrane. Ny reform gjorde til at elevane no går 2 år på skule og 2 år opplæring i lærebedrift.
I alle desse åra har vi hatt godt samarbeid med dei fagbedriftene som er i Førde og Sunnfjordområdet. Den kompetansen som elevane får på Design og tekstil har resultert i at elevar har fått jobb innafor kles- og tekstilbransjen generelt og innan handel i Førde. Vidare som lærlingar i bunad, kostyme, kjole og draktsaumfaget. Det er og elevar som gjennomfører berre ein del av opplæringa, og opparbeider seg fagkompetanse innan avgrensa del av handverksfaget.

Kva har vi i dag?

Vi har eit verdifullt handverk og ei tradisjonsrik fagutdanning som vi ynskjer å behalde.
Det gode samarbeidet og partnarskapsavtalar som Design og Tekstil har opparbeidd, med næringslivet gjennom mange år, vil falle i grus dersom vi ikkje skal få behalde dette tilbodet lenger.
Design og tekstil samarbeider med fagbedriftene om utplassering av elevar i lengre og kortare periodar. Dette har resultert i at elevar har fått seg arbeid der dei kan bruke den kunnskapen som dei får på Design og tekstil. Vi faglærarane ved Design og tekstillinja har også utført samarbeid og hospitering med aktuelle bedrifter i Førde i blant anna faga, bunad, klesdesign med pc og kostymesyar.

Dei lærlingplassane som dei siste åra har blitt oppretta innanfor desse verneverdige1 faga, har stor betyding for at Sogn og Fjordane får behalde ungdommen og fagkompetansen også inn i framtida, det er meiningslaust om dette vert rive ned no!
Førde har pr. i dag 2 lærlingar: ein i kostymesyarfaget ved Sogn og Fjordane teater og ein i Kjole og Draktfaget ved Tekon as. I Jølster har vi 1 lærling hjå Jølster Design i Handvevarfaget (som er den eine av to lærlingar i dette faget i heile landet). Ho som var lærling hjå Audhild Vikens Vevstove i Bunadstilverkarfaget, har i dag fått sveinebrev i faget, og har no fått fast jobb i bedrifta for å føre bunadsfaget vidare.

1: Verneverdig fag: når det er mindre enn 5 kontrakter på landsbasis i eit fag, vert det rekna som verneverdig. Bedrifter som tek inn lærlingar i desse faga etter Design og tekstil, får ekstra økonomisk støtte for å setje i gang lære.

Kva kvalitet og tilbod vil vi ha i vidaregåande skule i framtida?

Vi vil ha breidde og høg kvalitet i opplæringa, slik fylkesrådmannen også vil (fråsegna s.44) vidare seier han at: ynskt situasjon for vgs. inneheld tilbod om alle utdanningsprogram og breidde i programfag innan 2015. Han seier vidare: «bidra til både å halde på fagkompetanse og til å rekruttere ny kompetanse» (fråsegna s.48) Dette er vi einige i og dette bør vise at også vårt fag er likeverdig med andre yrkesfag og skal få fortsetje inn i framtida.
I Meld. St.20 (2012-2013) På rett vei (s. 134) Står det også at det skal satsast på yrkesfag og fleire lærlingplassar i framtida, og auke talet på vaksne som tek sveinebrev. Departementet vil og gjennomføre forsøk med alternativ til Vg3 i skule for elevar som ikkje får læreplass (s.138).
Fylkesrådmannen ynskjer at skulbruksplanen skal gi grunnlag for langsiktig planlegging som fremjar kvalitet, robuste einingar og fagmiljø (fråsegna s.54). Det ynskjer vi og i framtida, og ein må lytte til oss fagpersonar som er på grasrota, og sit inne med kompetansen. Difor må ikkje politikarar tillate å flytte utdanninga ut av fylket, men behalde den i Sunnfjord, der den i over 60 år har vore eit tilbod!
Berekraftig utvikling ynskjer fylkesrådmannen (fråsegna s.53) og med auke i yrkesfaga. Kvifor skal då alt av saumkunnskap flyttast ut av fylket?
No i desse maidagar då både konfirmantar og mange fleire enn før brukar bunad, kven skal gi opplæring i å sy Sunnfjord- Sogne- og Nordfjordbunad her i Sogn og Fjordane fylke i framtida? I dag har vi denne kompetansen, men i kor mange år inn i framtida vil det vare? –Elevane som eventuelt vert flytte ut av fylket for å ta utdanninga, vil få opplæring og kunnskap om andre bunader der dei er i lære! Kven skal ta ansvar for dette, kunnskap om våre eigne bunader, dersom vi ikkje skal kunne gjere det i vårt eige fylke?? Korleis kan fylkesrådmannen seie at med å ta vekk Vg2 Design og tekstil tilbodet så vert konsekvensane for lokalsamfunnet små?? (fråsegna s.14).
Fylkesrådmannen meiner dei smale tilboda innafor praktisk estetiske fag må vere eit tilbod i fylket (fråsegna s.31), det er heilt soleklart, men i og med at elevnedgangen blir minst i Sunnfjord, vil det vere naturleg og framleis ha desse tilboda i Førde, som tilfeldigvis er midt i fylket. Førde har mange nabokommunar som elevane kan pendle frå, og dermed kan mange fleire elevar bu heime og faga kan vekse seg endå større i framtida. (fråsegna s.45)
Fylkesrådmannen vil også at dei vidaregåande skulane i Førde må samarbeide meir i framtida, (fråsegna s.38). Det vil vi og, ikkje berre med skulane, men mykje tettare med næringslivet også.
Vi ynskjer no at politikarar og næringsliv og alle andre som har interesse for at desse (11) handverksfaga vi representerer, skal vere eit tilbod i framtida, seier i frå!! Vårt sterkaste ynskje er å få bestå med Vg1 Design og handverk og Vg2 Design og tekstil i Førde.

Faglærarar i Design og tekstil ved Mo og Jølster vgs.
Siv Kristin Flekke og Berit Sælen

Firda fortener ei medielinje, og medielinja fortener Firda.

1MKA er sjølvsagt veldig imot at Firda vgs mister nokon av linjene som er foreslått, men vi vil sei vår meining om Medium og kommunikasjonslinja, med tanke på at vi er elevar der.

Vi meiner det er naivt av fylkeskommuna å tru at det går an å flytte ei linje som Medium og kommunikasjon frå ein skule som Firda, til ein heilt ny plass. At dei trur at det er så lett å bygge opp eit nytt miljø på ein plass der det ikkje har vore Medium og kommunikasjon tidlegare, er rett og slett sjokkerande.

På Firda samarbeidar Medium og kommunikasjon flittig med andre kreative linjer som Musikk, dans og drama. Og ut ifrå dette har vi fått erfaring og kompetanse innan film, foto, lyd, grafisk design og journalistikk. Berre dette året har vi laga plakatar, gjort fotooppdrag og hatt fleirkameraproduksjon, alt i samarbeid med linjene nemnt ovanfor. På Firda har vi ein unik moglegheit til å vere igjen etter skulen og jobbe. Vil Hafstad oppretthalde dette viktige tilbodet? På Firda er det eit tett samhald mellom linjene, og skulen blir ikkje det same utan dette. For Firda, det er meir enn ein skule.

Hybellivet kan vere utfordrande for ungdommar, og ikkje minst foreldre som «sender vekk» borna sine. For desse foreldra er det viktig å vite at ungane er trygge, og at dei har eit godt miljø å utvikle seg i.
Heilt sidan 1922 har Firda vore gymnas, og heilt sidan 1922 har ungdommar budd på hybel på Sandane. Då det er jo klart at heile bygda har erfaring med dette.
Sandane er lite, men sentralt. Det er passeleg med innbyggjarar og det er passeleg størrelse for ungdommar å vekse opp og bu i slutten av tenåringstida. Trygge omgjevnadar skapar eit godt læringsmiljø.

Elevane som går på Firda er ikkje vaksne, men det å bu heimanfrå gjere elevane meir vaksne og sjølvstendige enn andre jamnaldrande. Ein tar meir ansvar for å gjere skulearbeidet sjølv, og Firda er ein av dei skulane som ligg høgst oppe i fylket karaktermessig. Så det at ein bur på hybel kan ikkje brukast som motargument på nokon måte.

Elevane slepp å gå lange avstandar for å få tak i det mest nødvendige og skulen støttar opp om ein har vanskelegheiter med noko. Vi har og gode fritidstilbod, f.eks Open Skule, der ein får servert middag og kan vere ilag med andre. Her er drøssevis med kulturtilbod som Gloppen Scene, og ikkje minst blei Gloppen kåra til kulturkommuna i 2011. Det er gode treningstilbod i bygda òg, noko som også er viktig for trivselen blant elevane. Trivselen står sterkt på vår skule, for dette er ein trygg og god stad å vere.

Dei fleste andre skular stengjer dørene når skulen er ferdig, dette er ikkje tilfelle på Firda. Her kan du alltid sjå arbeidsame elevar vere igjen for å jobbe med skulearbeid, vere sosiale og skaffe seg meir erfaring innan faga. Elevane vil vere der, for dei elskar skulen sin.

Kvifor ha ein stor klasse på 30 elevar på ein ny stad utan medielokale og fagmiljø, i staden for å ha ein parallell på Firda og ein i Sogndal der tilboda allereie står svært sterkt. Medium og kommunikasjon er ei yrkesfageleg linje, men samtlege av elevane går tre år, og ikkje to som då mange kanskje trur.

Grunnen til at alle velger å gå tredje året er fordi det er lagt opp til at ein kan fortsette med medieundervisning og at ein får studiekompetanse. I det avsluttande året lærar ein mykje om marknadsføring og finansiering ved å gjere det i praksis, dette er svært viktig for framtidsfylket Sogn og Fjordane.

Ein kjekk skulegong vil gjere at fleire fullførar utdanninga si, så kvifor ta frå desse populære linjene som dei siste åra har hatt store søkartal? Vi forstår det berre ikkje.

Firda fortener å ha ei medielinje, og medielinja fortener å vere på ein skule som Firda.

1MKA ved Firda vidaregåande skule

Kjære fylkespolitikar,

Det er om lag 30 prosent fråfall i den vidaregåande skulen i Norge i dag. Samtidig er det om lag tre prosent av jobbane i arbeidslivet ein ikkje treng noko form for utdanning for å utføre. Dette reknestykket gir då løfte om ei dyster framtid for mange ungdommar. Kva gjer ungdommar som ikkje får seg arbeid, utan håp for framtida? Det har vi sett døme på i Europa, også i våre naboland.
Ein rapport frå Statistisk Sentralbyrå (2011) om kor mange som fullfører vidaregåande utdanning seier følgjande: “Sogn og Fjordane var det fylket som hadde høyest gjennomstrømningsandel for elevene som startet på videregående opplæring i 2006. 77 prosent av elevene oppnådde studie- eller yrkeskompetanse i løpet av fem år.”

Dette må politikarane ta inn over seg no. Kutta må komme der dei smertar minst! Å legge ned Høyanger vidaregåande skule (HVGS) er definitivt ikkje vegen å gå då. Lange pendlaravstandar og prematurt hybeltilvære vil føre til dårleg statistikk for “Framtidsfylket”. Slike statistikkar får ikkje folk til å flytte hit.

Eg tok med meg mann og barn frå Oslo og heim til Høyanger, fordi eg visste at det var godt å vekse opp her. No kjenner eg meg snytt av fylkeskommunen. Ei fylkesleiing som i det eine andedraget seier “Kom hit! Kom til Trivselsfylket/Framtidsfylket!”, men som på innpust kviskrar “…men ikkje rekn med at barna dine får den utdanninga dei ønskjer, eller at huset ditt blir verdt planken det er bygd av når vi er ferdige…” svik ikkje berre dei som allereie bur her, men svindlar dei som flyttar hit i god tru på den rosemåla reklamen. Det var ikkje skulenedlegging og rasering av lokalsamfunn som trakk oss hit.

Å flytte til Høyanger var ei lett avgjerd. Sjølv etter å ha tålt mange trøkkar, har framleis høyangeringen tru på at det vil bli betre tider. Når fylkeskommunen no vil sparke ein som er i ferd med å forsøke å reise seg, vitnar det om ein kynisme som nesten ikkje er til å tru.

Sogn og Fjordane har om lag 108.000 innbyggjarar. Rundt 83.000 av desse bur IKKJE i Førde, Florø, Eid eller Sogndal. Om dei mindre stadene skal bli utarma, vil mange måtte flytte på seg. Heldigvis er ikkje vegen ut av fylket stengt for dei som ikkje finn seg i slik behandling av fylkeskommunen. Kvifor skal dei støtte eit fylke som på det grovaste har svikta dei? Fylkeskommunen og fylkespolitikarane har eit ansvar for heile fylket, ikkje berre dei såkalla ”store” stadene! Sogn og Fjordane kan vente seg folke- og kompetanseflukt, dersom skulenedleggingar blir gjennomførte. Det er vel neppe det ”Framtidsfylket” ønskjer.

Det er klart det må komme kutt. Men kutta må komme der elevgrunnlaget sviktar. Kutta må komme der elevar kan bu heime og har ei pendlaravstand som ikkje tar knekken på ungdommen om bord i bussen. Ungdommane skal ha overskot til lekser, fritidsaktiviteter og sitt eige liv, i tillegg til skulegangen. HVGS er den skulen som ligg lengst unna nærmaste alternativ, og ungdom i ein stor region av fylket vil bli tvinga på hybel i altfor ung alder. Tidene har endra seg, og hybelliv i dag er ikkje det same som for 10-20-30 år sidan. Ikkje alle foreldre har råd til å sende ungane på hybel. Dermed vil vi få eit klasseskilje vi ikkje ønskjer.

Eg seier ikkje at ingen elevar skal bu på hybel. I eit fylke som Sogn og Fjordane er det umuleg. Målet må vere færrast muleg. Pendlaravstanden er det vesentlege. Målet må være at flest muleg kan bu heime, altså pendle til/frå skule, utan at det skal ta lang tid. Då legg ein som nemnt ikkje ned den skulen som ligg lengst vekke frå dei andre. Det strider jo imot all fornuft!

Alt dette veit både fylkesadministrasjon og politikarar så inderleg vel. HVGS vil ha ein stabil elevmasse i tida som kjem. Det sviktande elevgrunnlaget er andre stader, og dermed må kutta også komme der. Argumentet om at det er negativt at HVGS er ein liten skule er reinspikka vås. Ein av suksessfaktorane til HVGS er nettopp størrelsen, og at der er tette band mellom elev og lærar. Ein desentralisert skulestruktur er suksessfaktoren til Sogn og Fjordane, samanlikna med resten av landet. Fylket vårt er ikkje som andre fylke – og det er det heller ikkje meininga at vi skal vere. Vi må våge å vere litt annleis, ta vare på dei kvalitetane som skil oss frå røkla.

Så, kjære fylkespolitikar, når det kjem til vidaregåande opplæring er vi best i klassen! Statistikkane lyg ikkje.

Lenke til SSB-rapport

Linda L. Stølen
– heimflytta høyangering

Dersom politikarane ikkje satsar på regionen vår – kvifor skal vi gjere det?

Forslaget om å leggje ned Dale vgs er for oss heilt hårreisande og bak mål på alle moglege måtar. Kvifor skal ein leggje ned eit av dei viktigaste samlingspunkta i heile HAFS-regionen? Dale vgs er så mykje meir enn ”berre ein vidaregåande skule”. Her vert det knytt relasjonar som varer livet ut, ungdommane får trygge oppvekstvilkår og storleiken til skulen legg til rette for at lærarane verkeleg kan engasjere seg i elevane, noko som resulterar i gode lærings- og vekstforhold.

Eit godt døme på dette er nettopp Krabbetor FK, som har eksistert sidan 2007. Hadde det ikkje vore for banda vi knytte ved Dale vgs, er sjansane for at utflyttarane frå HAFS-områda hadde starta klubben monaleg mindre. Klubben har i dag både herre- og damelag og fungerar som eit sosialt nettverk i Bergen. Medlemma i klubben får dermed dyrka felles interesser og klarar å oppretthalde samhaldet og relasjonane som stammar frå dei glade ungdomsåra, i tillegg til at identitetskjensla til heimstaden vår held seg sterk.

Truslar om nedlegging av skulen uroar difor dagens studentar. Dersom det skal vere aktuelt for oss å flytte heim, er Dale vgs eit absolutt ”must”! Vi som sjølv fekk bu heime medan vi gjekk på vidaregåande ynskjer sjølvsagt denne mogelegheita for våre eigne born. Difor kan mangel på dette tilbodet føre til at ein gjerne vegrar seg for å flytte heim. Vil politikarane at vi skal tenkje slik?

Endeleg får vi snart Dalsfjordbrua som vi har kjempa for i så mange år, samstundes som næringslivet i regionen elles er i vekst. Nedlegging av Dale vgs vil vere eit stort tilbakesteg i høve denne positive trenden. Tidlegare i vår hadde vi ei markering for skulen med slagordet ”Framtid i HAFS = Dale vgs”, der vi på kort tid klarte å samle heile 130 personar med same innstilling. Med dette ynskte vi å gi tydelege beskjedar til fylkespolitikarane. Både i klubben og HAFS-miljøet elles i Bergen er det svært mange som går med ei lyst til å flytte heim etter at vi er ferdig utdanna, så kvifor vil politikarane fjerne eit av dei største trekkplastera? Ikkje ta frå oss draumen om å flytte heim!

Fortvila helsing
Styret i Krabbetor FK

Ta heile Sogn og Fjordane i bruk

Sogn og Fjordane fylkeskommune må legge til rette for at heile fylket vert teke i bruk. Då må alle regionane få sjanse til utvikling, og ungdom i alle delar av fylket få høve til å ta grunnutdanning i sitt eige område. Dette kravet gjeld rettferdig fordeling av goda. Minstekravet må vere minst ein vidaregåande skule i kvar region. HAFS er ein eigen region, og Dale vgs er einaste vidaregåande skulen i HAFS. Alle dei andre regionane har fleire skular.

Senterpartiet i HAFS-kommunane og Gulen ser det som sjølvsagt at fylkeskommunen tek vare på og styrkar den einaste fylkeskommunale institusjonen vi har i heile HAFS-området – Dale vgs (om vi ser vekk frå tannhelsetenesta). Vi har ingen fylkeskommunale kulturinstitusjonar. Vi var sist i fylket med å få ein vidaregåande skule, og det vil vere heilt uakseptabelt om vi skulle bli fråtekne dette tilbodet. Dette bør rett og slett vere politisk umogleg.

Senterpartilaga i HAFS og Gulen meiner at dersom fylkeskommunen vil vere ein regional utviklingsaktør også for HAFS-regionen i åra framover, vil samarbeid om vidareutvikling av Dale vgs vere ein av dei viktigaste nøklane til suksess. I eit tett samarbeid med det nye HAFS Karrieresenter og regionen sitt spreidde men mangfaldige næringsliv, vil skulen kunne spele ei avgjerande rolle for utnytting av verdiskapingspotensialet på kysten (energi, oppdrett, offshoraktivitet, skipsbygging m.m.). I Hordaland har dei vedteke å legge ned bygg- og anleggslinja ved Austrheim vidaregåande skule. Denne skulen vert mellom anna nytta av elevar frå Solund og Gulen – Hordalandsavtalen. Det betyr at ved eit vedtak om nedlegging av Dale vgs vil det ikkje eksistere eit slikt tilbod mellom Knarvik og Førde. Dette forsterkar vanskane for rekruttering til bygg- og anleggsbransjen ytterlegare.

Med Dalsfjordbrua på plass og etablering av omfattande industriaktivitet på Lutelandet i framtida, ser vi føre oss at nye rutemønster i ytre delar av Dalsfjorden og Solund vil presse seg fram. Her vil skulen kunne bli ein aktiv part for å sikre at elevar frå delar av Solund og dei ytste øyane i Askvoll kan få akseptabel dagpendleavstand til vidaregåande skule i framtida.

Solund og Gulen har i dag spesielle utfordringar i høve kommunikasjon til eige fylke, og vi ser det som svært viktig for desse kommunane å framleis kunne ha eit tilbod om dagpendling til vidaregåande skule i Hordaland. Senterpartilaga i HAFS og Gulen ber om at Hordalandsavtalen vert vidareført som ein del av skulebruksplanen for fylket. Vi vil også presisere at Hordalandsavtalen er med på å skape eit større bu- og arbeidsområde for kommunane. Dette vert endå meir aktuelt med planlagt auka industrisatsing i Gulen og Nordhordalandsområdet.

Det er viktig for lokalmiljøet å ha ungdomane i bygda når dei er i alderen 16-19 år. Då er det også større sjanse for at dei vender tilbake til staden etter ferdig utdanning. Ungdomane i denne alderen er viktige for det frivillige organisasjonslivet og som ekstrahjelpar i mellom anna helseteneste og butikkar. Dale vgs er ein stor og viktig arbeidsplass, nedlegging vil føre til fråflytting.

Hybellivet høver ikkje for alle, og bør difor vere frivillig. Ei nedlegging av Dale vgs og ein Hordalandsavtale som ikkje blir vidareført, fører til at store elevgrupper vert tvinga ut i eit ufrivillig hybelliv, og vil stå i uforståeleg kontrast til dei samferdsletiltaka som gjennom dei siste åra har vorte gjennomførte for å skape felles bu- og arbeidsområde på kysten.

I dag kan ein stor del av elevane i HAFS dagpendle til skulen. Dersom skulen forsvinn, vil det verte omlag 100 nye hybelbuarar som må bu ute av HAFS. Vi meiner at dei som har gode arbeidsvanar og er ressurssterke gjerne kan greie seg på hybel, men vi må også hugse alle dei som treng motivasjonen heimanfrå for å få gjort leksene og som også treng dei faste rammene som heimen representerer. Desse ser ein ofte bort frå.

Senterpartilaga i HAFS og Gulen meiner det er viktig med ein god og nær oppfølging av elevar med særskilte behov. Dale vgs har ei eiga spesialpedagogisk avdeling og eigen spes.ped.koordinator som legg til rette for elevar med fysisk og/eller psykisk utviklingshemming, slik at dei kan ha eit fullverdig og godt læringsmiljø på skulen. Dale vgs har eit utstrekt samarbeid med alle ungdomsskulane i regionen og sikrar såleis ei trygg overføring frå ungdomsskule til vidaregåande skule. Vi kan vanskeleg sjå korleis mange av desse svakaste gruppene skal få eit fullgodt tilbod ved ei sentralisering der dei vil miste eit viktig nettverk. Senterpartilaga i HAFS og Gulen vil halde fram med å støtte opp om desse verdisyna, og kjempe mot sentralisering og nedbygging av distrikta.

Fjaler Senterparti
Askvoll Senterparti
Hyllestad Senterparti
Solund Senterparti
Gulen Senterparti

HAFS treng fagutdanna arbeidstakarar innan bygg- og anleggsteknikk!

Bygg- og anleggsbransjen i HAFS ser på det som sjølvsagt at fylkeskommunen tek vare på og styrkar den einaste fylkeskommunale institusjonen vi har i heile HAFS-området, Dale v. g. skule. I modell 1 opprettheld ein skulen, men til fortviling i bransjen tek ein bort utdanningsprogrammet; bygg- og anleggsteknikk. Dette vil ikkje berre utarme Dale v. g. skule, men vere ei katastrofe for denne næringa i heile HAFS-regionen:

1.
Gode erfaringar med samarbeid med Dale v. g. skule i samband med utplassering, prosjekt til fordjuping, læreplassar. I tillegg vil vi få påpeike at vi og er mottakarar av elevar med fagvanskar/andre vanskar i forhold til praksisplassar/lærekandidatplassar som alternativ opplæringsarena.
2.
I Norge har bygg- og anleggsbransjen problem med rekruttering av arbeidskraft. I HAFS har vi rekruttert mange arbeidstakarar/ sjølvstendig næringsdrivande frå bygg- og anleggslinja ved
Dale v. g. skule. Erfaringane våre at dette vert stabil arbeidskraft ved at dei gjennom utdanninga ved den lokale skulen og samarbeidet med næringslivet får tilknyting til regionen. Vi ser ikkje korleis vi skal greie å rekruttere ungdom til denne næringa i regionen vår utan ei bygg- og anleggslinje ved
Dale v. g. skule. I regionen vår er det stor etterspurdnad etter tømrarar og lang ventetid for å få utført oppdrag.
3.
I Hordaland har dei vedteke å legge ned bygg- og anleggslinja ved Austrheim v. g. skule. Denne skulen vert nytta av elevar frå Solund og Gulen; Hordalandsavtalen. Det betyr at ved eit liknande vedtak for Dale v. g. skule vil det ikkje eksistere eit slikt tilbod mellom Knarvik og Førde. Dette forsterkar vanskane for bransjen vår ytterlegare.
4.
Bygg- og anleggsbransjen i HAFS ynskjer også i framtida å vere opplæringsbedrifter i tett samarbeid med Dale v. g. skule.
5.
Vi krev at Dale v. g. skule får behalde utdanningsprogrammet bygg- og anleggsteknikk for å ta vare på ei grunnleggande næring og ikkje minst hindre fråflytting frå regionen

Ryland Bygg, Hyllestad
Maritime Montering, Gaular
Bill Steinsvik, Askvoll
Øybygg as, Solund
Betong og Murarfirma Eivind Antonisen, Fjaler
Straumsnes Bygg, Fjaler
M.Leiknes, Askvoll
Tømrar Norodd Myklebust, Fjaler
Tømrar Gunnar Leirpoll, Fjaler
VVS Service Rune Berge, Fjaler
Byggeriet Mjømen og Berge Byggeverksemd, Gulen
Byggmester Nordnes, Fjaler
Vestbygg, Fjaler
Gravdalgruppa as, Førde
Mass Kjell Myklebust as, Fjaler

HAFS, skulebruksplanen og "själva livet".

Til fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane – HAFS, april månad 2013

«Alle dessa dagar som kom och gick, inte visste jag at det var själva livet.»

Det er kanskje vågalt å starte ei fråsegn i ein debatt om skulestruktur med eit svensk sitat, men dei heller få dagane fram til de skal ta endeleg avgjerd til framtidig struktur kan bokstavleg talt vise seg å vere «själva livet» for nokre av dei vidaregåande skuletilboda i fylket vårt. Dette gjeld m.a. skulen i vår region, Dale vidaregåande skule, og skuletilbodet som er etablert i nabofylket vårt gjennom Hordalandsavtalen.

Meir vesentleg er likevel dei store fylgjene ei nedlegging av desse skuletilboda kan føre til for regionen vår over tid.

Med dette som bakteppe ynskjer FAU (foreldra sine arbeidsutval) ved samtlege grunnskular i HAFS-regionen å gje til kjenne nokre synspunkt i høve skulebruksplanen, synspunkt som vi vonar de vil ta med dykk i dei vanskelege avvegingar de står over for den næraste tida.

Les meir ….

Skulestruktur og langtidsplanar

Konklusjonen etter gjennomgangen av skulestrukturen i Førde kommune vart nedlegging av Angedalen Skule fordi ein likevel må bygge på Slåtten Skule. For oss i Angedalen føles ikkje det som ein veldig god grunn. Det skal sjølvsagt sparast litt og, men her er marginane så små og usikkerheita så stor at det er vanskeleg å vite kor mykje ein kan spare. Sjølv om det er vanskeleg å vise til sparing er det fleire som meiner at ein heilt sikkert vil spare på det før eller seinare. Når alt kjem til alt er vi ikkje heilt sikker på om behovet for innsparing eigentleg har vore så viktig.

At det er behov for å bygge på Slåtten Skule tvilar vi ikkje på. Men når det først skal gjerast meiner vi at ein må bygge nok. Ser vi historisk på det har ein heile tida vore i etterkant av behovet i krinsen. Slåtten Skule stod ferdig til skulestart i 1994. Den blei bygd som ein 2-parallellars barneskule, men var alt frå starten av for liten. Etter alt eit år vart eit større overbygg bygd om til garderobe. Etter to år måtte den utvidast igjen. Litt av grunnen var riktig nok 6-årsreformen, men mykje og på grunn av stor elevtalsauke i krinsen. Elevtalsauken har berre fortsatt og skulen er igjen for liten. I planen som vart sendt ut på høyring i haust kunne vi lese om situasjonen på Slåtten slik den er i dag:

_Når det gjeld undervisningsrom er skulen bygd for 17 klassar. I dag er det 18, og skulen har ikkje plass til fleire.

Skulen har behov for utbygging av omsyn til elevauken som har vore og som kjem framover. Skulen er i dag sprengd, og har stort press på spesialromma. Skulen har også for tronge lokale for personale som fylgje av at skulen berre var bygd for 2 parallellar.

Om skulen vert bygd på er det liten kapasitet i gymsal og formingsrom. Det er ellers mangel på grupperom. Gymsal og formingsrom er sprengde/har ingen ledige timar i løpet av veka. Skulen har ikkje natur-/miljøfagrom._

Det er tydleg at påbygging er nødvendig, men i lys av dette stiller vi oss undrande til planane som rådmannen legg fram om å bygge på 3-4 klasserom og ekstra arbeidsrom til lærarane. Skal ein nok ein gong bygge for lite? Kva med spesialromma, grupperomma og gymsalen? Når skal det bli orden på dei? Ein av grunnane som blir brukt for at ein kan legge ned Angedalen Skule er at ein forventar fortsatt stor elevtalsauke i krinsen. Når ein aukar frå 2 til 3 parallellar, aukar og kapasiteten på skulen frå 392 til 588 elevar. Når det i dag er stort press på spesialromma blir det ikkje betre når ein legg til elevane frå Angedalen. Frå hausten av vil ein ha nærmare 430 elevar på skulen, og frå neste haust når rådmannen meiner ein er ferdig å bygge klasseromma har ein om lag 440 elevar. Framleis med same antal spesialrom og grupperom, og fremdeles med like liten gymsal. Det har heile tida vore understreka at den nye skulebruksplanen skulle legge til rette for at skuletilbodet er pedagogisk forsvarleg og at planen skal vere langsiktig. Vi er litt usikker på om det som ein no legg opp til på Slåtten er pedagogisk forsvarleg. Langsiktig er det i alle fall ikkje.

Vi er innforstått med at skulen vår skal leggast ned, sjølv om vi meiner det er feil. Vi meiner det er godt grunnlag for skuledrift i Angedalen. Men sidan kommunen ikkje vil drive skule i dalen har vi tatt konsekvensen av det og vil starte opp montessoriskule. Det er stor interesse for dette blant foreldra med barn i og under skulealder i Angedalen. Vi har og fått positive meldingar frå foreldre i Førde sentrum som meiner dette vil vere eit godt supplement til skuletilbodet i Førde. Eit tilbod som vi reknar med fleire av dei ynskjer å nytte seg av. Vi meiner alvor med planane og vonar kommunen og ser nytte av tilbodet vi kan gje. Vi er godt i gang med arbeidet, og vil etter planen ha skulen klar til hausten 2014. Sjå forøvrig www.angedalenprivatskule.net for meir informasjon.

Vi meiner det einaste rette er at kommunen driv Angedalen Skule vidare eitt år til. Bruk tida på å legge ein skikkeleg plan for korleis Slåtten Skule, og dei andre skulane, skal vere i framtida. Vi vil bruke tida på å få i gang montessoriskulen i Angedalen. På den måten oppnår ein faktisk å få eit godt pedagogisk tilbod, og ein plan som ikkje minst er langsiktig.

Styret Angedalen Privatskule SA
Solgunn Systaddal, Irene Sønnervik, Per Christian Gjerde, Roger Indrebø, Ann Kristin Sønnervik, Malin Tefre, Rune Hegrenes
(20.03.2013)

Åpent brev til politikarane i Førde

For å kunne spare 2,125 millionar på skulestrukturen har rådmannen anbefalt politikarane å legge ned Angedalen Skule. Anbefalinga og utrekningane er basert på folketalet per 01.01.2013. Første gangen innsparinga for denne modellen vart berekna brukte ein folketalet per 01.09.2012. Ein kom då til at innsparinga var i snitt 1,3 millionar. Det som var utslagsgjevande var at det i løpet av dei 4 månadane flytta 1 elev, slik at ein for kommande 4. årstrinn kan ha 2 klassar i staden for 3 klassar. For det er antall klassar som betyr noko når ein skal beregne kostnadar. Kjem det inn igjen 1 elev er ein tilbake på 1,3 millionar i snitt. Det same er tilfelle for 2. årstrinn. Kjem det inn 1 elev til der så går innsparinga ytterlegare ned.

Ein kan argumentere for at ein vil ha ein så stor auke i området at ein uansett vil ha 3 klassar per årstrinn på Slåtten skule. Forutsetninga er at ein har ein auke på minimum 17% for begge av dei to minste årstrinna. Samstundes er det slik at ein auke på meir enn 17% for dei største årstrinna vil føre til at ein må ha 4 klassar og innsparinga går ned. I tillegg er ein då i den situasjonen at skulen er for liten igjen.

Konklusjonen er at sjansane for å kunne spare 2,125 millionar på å legge ned Angedalen skule er små. Spesielt når ein tar med andre utgifter som vil auke som f.eks. spesialundervisning og transport. Ein vil aldri kunne klare å spare 2,125 millionar på å legge ned Angedalen Skule. Tar ein med alle dei negative konsekvensane det er å legge ned ein grendaskule må ein jo spørre seg om det er verdt det? Svaret på det er forøvrig nei.

Det virkar for at politikarane gøymer seg bak vedtaket om å spare 2,125 millionar og at dei difor ikkje har noko anna val enn å gå for framlegget til rådmannen. Rådmannen seier i si innstilling av marginane er små. Vi har vist kor små dei faktisk er. Skulesjefen har ved fleire høve sagt at dette er den vansklegaste planen han har jobba med. Dette burde få varsellampene til å lyse for dei som no skal ta avgjersla. Det er på tide å innsjå at innsparinga på 2,125 millionar ikkje er muleg å nå ved å legge ned Angedalen Skule.

Rune Hegrenes
FAU Angedalen Skule
(26.02.2013)

Kreativitet, innovasjon og marknadsføring

Den vidaregåande skulen på Vassenden (ein avdeling av Mo og Jølster vgs) er, og har vore, den einaste skulen i fylket med tilbod berre innan eitt fagfelt. I starten var det handverk og husflid, seinare teikning, design, medier og kommunikasjon og formgjeving. Skulen har i alle år vore det eine og det sterke fagsenteret i kreative fag i fylket vårt.

No har eit konsulentfirma, truleg utan kjennskap til fagområdet og historia, laga fleire modellar til skulebruksplan der ein i alle modellane vil pulverisere eit tydeleg fagmiljø. Manglar også fylkesrådmannen og hans stab kunnskap om viktigheita av kreativitet og innovasjon i samfunnet i dag? Veit dei kor viktig det er at elevane får utvikle sine kreative evner – noko som er viktig i mange ulike yrker? Veit dei og kor mange ulike yrker på høgskulenivå desse tilboda innan kreative fag kan føre til?

Det burde jo vore lovande at det står i planen: «Mange av dei arbeidsplassane vi skal leve av i framtida er ikkje skapte. Nyskaping krev innovative og kreative eigenskapar.» Men kan ein vere trygg på at det blir forstått av fylkesrådmannen og politikarane kva det vil seie?

Eit av dei 3 tilboda på Vassenden, er Studiespesialisering med Formgjevingsfag. Formgjevingsfag kan sidestillast med Musikk, dans og drama og idrett, som alle gir generell studiekompetanse. Tilbodet ligg berre på ein skule i fylket og er altså fylkesdekkande. I 1996 blei Formgjevingsfaget gøymt under paraplyen «Studiespesialiserande» noko som gjer det meir usynleg enn det var før. Dette kan gjere at politikarane ikkje ser tilbodet som sjølvstendig og viktig. No må vi vakne opp og sjå dette viktige tilbodet ein har!

I forslaget til plan tenker ein ikkje berre på å fjerne ein skule, men og å flytte og rive fagmiljøet frå kvarandre og sende dei 3 ulike tilboda i kvar si retning! Ein tenker å sende eit tilbod til Eid, eit til Sandane og kanskje eit til Førde! Kvifor kome med ein slik ide?

I planen hevdar ein og at ein får sterkare og betre fagmiljø på store skular. Men det er ingen forsking som viser dette heilt klart! Små fylkesdekkande fag, blir heller ikkje større og sterkare om dei blir skilt og spreidde ut på større skular. I nokre fylker i landet har ein gjort dette og resultatet er at småfag har drukna mellom dei store. Kontakt gjerne Vestfold og Hordaland for å få fleire detaljar om flytting av det vesle Formgjevingsfaget til store skular.

Men på større skular kan fylket kanskje spare pengar ved t.d. å setje lærarar inn som vikar i fleire fag dei ikkje har formell kompetanse i. Det å spare pengar er kanskje det einaste «geniale» ved heile planen?

Meiner politikarane at økonomi er det viktigaste, og meiner at skulen på Vassenden må leggast ned, må en flytte fagtilbodet samla! Det minste ein kan gjere å halde kreativitet og marknadsføring samla! Sjå på prislønte elevbedrifter som er laga på skulen gjennom åra. Media og kommunikasjon, Design og handverk og Studiespesialisering med Formgjevingsfag er viktig for regionen og kompetansemiljøet bør ikkje splittast opp.

For at dei kreative faga skal vere gode undervisningstilbod, er ein avhengig av å kunne vitje og bruke fleire fagmiljø i fylket. Dei institusjonane skulen nyttar og samarbeider med no – og framleis må kunne få bruke framover – ligg tett i indre Sunnfjord (Jølster/Førde-området).

Her ligg m.a. Eikaasgalleriet, Astruptunet, Sunnfjord museum, Sogn og Fjordane teater, fleire reklamebyrå, Avishuset Firda, NRK Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Desse institusjonane treng skulane – og elevane treng fagleg påfyll og inspirasjon utafor skulen. Elevane kan her få nærare kjennskap til kultur, få oppleve kunst/kultur-utstillingar og ha prosjektarbeid i samarbeid med andre fagmiljø. Ingen annan del av fylket har samla så mange slike institusjonar. Dei omtalte kreative faga må ligge i Indre Sunnfjord – der sentrale institusjonar og arbeidsplassar ligg.

I den prosessen som går føre seg no med forslag til skulebruksplan, vil folk verkeleg sjå og føle kva verdi dei ulike vidaregåande skulane har, og kva dei betyr for bygdene og byene i fylket. Dette trur eg vi vil ha nytte av i mange år. No bør alle som veit noko om kva skulen på Vassenden har betydd når det gjeld kreativitet og skulemiljø uttale seg i media.

Det som no kanskje kan skje med nokre kreative fag, kan bli ein skandale!

Helsing Astrid Wittersø

PS. Når det gjeld dei kvalifiserte lærarane i dei små faga ved ei eventuell nedlegging av skulen på Vassenden, skal det ikkje lang og grundig analyse til å forstå at pendlaravstanden frå Jølster, Førde og Naustdal til Eid er for stor. Det vil vere vanskelig, og vil ta lang tid, å skaffe nye fagkvalifiserte lærarar på ny skule.
DS

Kva er viktigast av grensa og eleven?

Leiar i hovudutval for opplæring, Norvall Nøringset (SV) har kome med nokre hjartesukk denne veka, med utfall mot politikarar frå HAFS-regionen, og særskilt mot politikarar frå Solund og Gulen. Hans utfall mot oss politikarar skal eg ikkje legge meg så tungt opp i, slik er no ein gong det politiske spelet, det eg reagerer på er at han tydeleg ikkje forstår viktigheita for foreldre å kunne vite at moglegheitene for oppveksande born å bu heime under vidaregåande opplæring er alvorleg viktig.

Les meir…

Førde Framover?

Administrasjonen og politikarane i Førde har no fullført sin turné rundt om på skulane. Dei har fått sjå engasjementet til innbyggarane. Om ein lurte på det før, bør det no være innlysande – dette betyr noko for oss. Med mange møter og mykje informasjon på relativt kort tid vil eg tru det har vore ei travel tid for dei fleste. Det har vore travelt for oss i grendene også – i lang tid, for vi har hatt fokus på med dette i vel eit år no.

Tilbake på skulane og i grendene er nok mange usikre på om dei fekk fram alt dei ville ha fram. Forstod politikarane det ein prøvde å seie? Skulle ein ha gjort meir? Det er ikkje godt å seie når vi skal snakke og politikarane berre skal lytte. Utan tilbakemeldingar er det vanskeleg å vete kva som faktisk har betydning til slutt.

Denne saka er to-delt. På den eine sida har kommunen behov for å spare, og på den andre sida skal ein ha ein ny skulebruksplan. Ein skulebruksplan har i seg sjølv ikkje noko med sparing å gjere. Det er ein plan for korleis ein skal organisere skulen i tida framover, slik at ein får gitt det tilbodet ungane skal ha. Skal ein spare pengar på skulestruktur er det sjølvsagt i samband med ny skulebruksplan ein må gjere det, men det er som sagt ikkje hovudmålet.

Eg er nok naiv, men eg trudde det viktigaste var at ein bygde den beste skulen. Så langt i denne prosessen har eg ofte fått inntrykk av at det er berre sparinga som er målet. Sjølv om ein av og til får høyre at ein er opptatt av kvalitet og langsiktige planar kjem ein fort tilbake til sparing. Eg forstår at kommunen er i ein utfordrande situasjon for å få budsjettet i balanse, men det kan ikkje gå ut over noko så grunnleggande viktig som skule trass alt er. Då er berre det beste godt nok.

Førde Framover var eit dugnadsprosjekt som gjekk i perioden 2008 til 2010, og som hadde fokus på byforming, omdømme og visjon. Prosjektet vart etablert etter initiativ frå Førde Forum og Førde kommune, men hadde ingen kommunale eller politiske bindingar. Prosjektet fekk utført ei innbyggarundersøking, og i sluttrapporten til prosjektet står det å lese:

Undersøkinga gjort av Markedsinfo på oppdrag av Førde Framover, slo fast at folk i Førde er mest fornøgd med butikkutval, nærleik til naturen og kultur- og skuletilbod.

Ein av dei tinga folk i Førde er fornøgd med er altså skuletilbodet. Og det har vi grunn til å vere. Mykje hardt arbeid dei siste åra har ført Førdeskulen opp på førsteplass på Kommunal Rapport sitt kommunebarometer. Det er kanskje noko ein skal ta til seg når ein no vurderer å gjere endringar i skulestrukturen.

Omdømmebygging var eit av punkta Førde Framover ville jobbe med. Ein vekstkommune som Førde er, og vil vere, må ha eit godt omdømme for å kunne rekruttere fleire innbyggarar. Spesielt på dei områda som betyr noko for folk som vurderer kvar dei skal bu. Folk er opptatt av at ungane kan få gå på ein god og trygg skule. I skulesektoren har ein jobba hardt for å få skulane opp på det nivået ein er i dag. Det ville være veldig synd om ein no skulle øydelegge dette i eit forsøk på å spare pengar. Tapet i omdømme kan då fort blir større enn innsparinga.

Det at arealplanen først blir klar eit år eller to etter skulebruksplanen er i beste fall uheldig. Eigentleg syns eg det er veldig rart at ein har komme i denne situasjonen. Arbeidet med arealplanen er starta, men er uansett heilt i startfasen. Det er då veldig viktig at politikarane alt no har i tankane kvar folk skal busette seg dei neste åra, og er lydhøyre for det som kjem av innspel til arealplanen.

Starten på det heile var handsaminga av økonomiplanen for 2012 – 2015. Då vart det sagt følgjande:

I økonomiplan 2012-2015 framkjem det at vidareføring av dagens drift medfører at kommunen ikkje har rom for nye drifts- og investeringstiltak utan å gjere salderingstiltak.

Det blir kanskje litt spissformulert, men likevel: Dersom ein ikkje legg ned ein eller fleire skular så kan ein ikkje gjere nye investeringar. Ja ja, det er greitt for meg. Ein treng ikkje kvitte seg med noko ein har, og ikkje minst treng, berre for å kunne kjøpe noko nytt.

God jul!

Rune Hegrenes
FAU Angedalen Skule

Nedbygging av mediefag i vidaregåande opplæring

I Norconsult sitt framlegg til framtidig organisering av vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane, framstår utdanningsprogrammet medium og kommunikasjon som «den store taparen».

Les meir…