Viser arkivet for stikkord skulestruktur

Stongfjorden skule

I oppslag i Firda 29.05. kan vi lese at ordføraren i kommunen er bekymra for det faglege og sosiale miljøet for elevane ved Stongfjorden skule, og nemner dette i samband med debatten om skulen skal oppretthaldast eller avviklast. I avisartikkelen vert det ikkje vist til bakgrunn for uroa ein kjenner.

Så langt har diskusjonen rundt skulestruktur handla om kommuneøkonomi, og i dokumenta frå administrasjonen i kommunen går det fram at det ikkje er heilt enkelt å rekne ut nøyaktig innsparing på å legge ned skulen i Stongfjorden. Dersom ein skal uttale seg om elevane sitt faglege og sosiale miljø, er ein inne på element som er endå vanskelegare å måle og ev. samanlikne.

Sant nok er Stongfjorden skule liten, med 9 elevar på 1.-4. klassesteg. Det tette samarbeidet med barnehagen (skulen og barnehagen er éi eining med felles leiar) gjer likevel at miljøet for både elevar og lærarar er større enn det elevtalet ved skulen tilseier. Gjennom samvere og samarbeid med barnehagebarna utviklar skuleelevane ein sosial kompetanse som dei vil ha nytte og glede av gjennom heile livet – og som dei fleste foreldra i bygda ser på som så viktig at dei har valt å bruke nærskulen sin. Også barna i barnehagen profitterer på å vere saman med skuleelevane i leik og læring.

Dersom kommuneleiinga er i tvil om det faglege og sosiale miljøet ved ein skule er godt nok, bør dette røkjast etter og takast opp på andre måtar enn gjennom avisa. Utdanningsforbundet Askvoll har kome med ein eigen høyringsuttale i samband med eventuell nedlegging av Stongfjorden skule. Vi viser til denne uttalen, og forventar at debatten om skulestruktur i kommunen vert ført med argument som er utgreidde og kjende for alle partar.

Utdanningsforbundet Askvoll
Magnhild Hoddevik, leiar

Endring og samarbeid

Dersom studieretning Media og kommunikasjon (MK) i framtida får same fag- og timefordeling som Idrettsfag og Musikk, Dans og Drama (MDD): Vil det då ikkje bli lettare for desse 3 studieretningane å samarbeide? Og feil å skilje desse studieretningane ved ein skule der dei i dag samarbeider svært godt?

Les meir…

Smertefulle skuleoffer og kritisk journalistikk

Når dei vidaregåande skulane i Førde skal få auka klassetal og _ åleine_ fleire elevar enn både Nordfjord og Sogn; Har Førde og Sunnfjord då gjort «smertefulle offer» og kan stille knallharde krav om nedbygging av Nordfjordskulane, slik Sunnfjord- og spesielt Førde-politikarane har gjort i Firda og andre media siste tida?

Les meir…

Fogderi, flagg og fylke

Korleis ser fogderiflagga og riksvåpena til Nordfjord, Sunnfjord og Sogn ut? Kva heiter dei store fjellkjedane som skil desse småkongedømma? Kor høge er tollsatsane på eksport og import av elevar mellom desse småstatane?

Les meir…

Ope brev til Tor Bremer.

Hei Tor.

Eg tenkte eg skulle sende deg ein e-post sidan du er representant for Sogn og Fjordane, i tillegg til at du sit i den rette komiteen.

Det eg lurer på er kva du meiner om det som skjer i ditt eige fylke når det gjeld skulestruktur. Eg veit at det er fylkeskommunen som er ansvarleg for dei vidaregåande skulane, men når dei vil få overført mindre midlar, ligg ansvaret og hjå sentralpolitikatane.

Eg reknar med du veit bakgrunnen til den endra skulestrukturen, nemleg at elevtalet går ned. Eg tykkjer det er leit at Sogn og Fjordane, som er eit såkalla grisgrendt fylke, ikkje skal få tilført meir midlar når det gjeld drift av dei vidaregåande skulane. Vi er best i landet når det gjeld vidaregåande opplæring, takka vere den strukturen vi har hatt. Det kostar meir å drive skule i eit fylke som Sogn og Fjordane da vi berre er omlag 108.000 innbyggarar fordelt på eit relativt stort geografisk område.

Om ikkje lenge vert truleg den vidaregåande skulen i heimkommunen din vekke. Dette er nok trist for mange. Trøysta er at dei alle innan rimelig avstand kan ta utdanninga si ved Sogndal VGS, om dei ikkje vel å flytte på hybel. Om ikkje lenge kan og den vidaregåande skulen i min heimkommune vere vekke. Fylkesrådmann Tore Eriksen, og hans administrasjon, ser føre seg å legge ned Høyanger VGS. Dei vil ikkje legge ned HVGS fordi elevtalet går ned her. Elevtalet ved HVGS er det mest stabile av alle skulane i fylket. Nei, administrasjonen vil ofre Høyanger Vidaregåande Skule for å oppretthalde elevtalet ved dei større skulane. For elevane ved HVGS vil ein kvardag med 3 timar pendling KVAR DAG verte ein realitet. Er det akseptablet at nokon skal måtte pendle 1,5 time kvar veg for å ta vidaregåande utdanning? Alternativet er at dei flyttar på hybel. At vi tømmer Høyanger for ungdommar mellom 16 og 19 år. Dei seier seg sjølv kva det vil få å seie for idrett og kultur i kommunen.

Arbeiderpartibastionen Høyanger har mista 600 arbeidsplassar sidan 2001. Det er mest i landet. Om vi misser skulen vår, er det slutten for Høyanger. Hydro, som er ein av dei største arbeidsgivarane i fylket, vil ikkje kunne drifte fabrikken sin da dei vil slite med å få folk med rett kompetanse hit. Dei vil og misse ein del av dei arbeidarane dei allereie har. Det same gjeld sjølvsagt andre bedrifter.

Eg er sjølv ein av dei som kjem til å forlate bygda mi om nedlegging av Høyanger VGS vert eit faktum. Som mange andre vel eg da å reise ut av fylket. Eg vil ikkje lenger bu i eit fylke som har svikta meg og mine born. Sogn og Fjordane som skulle vere eit ‘annleisfylke’ viser seg å vere nett som alle andre, der sentraliseringstankane rår. Sogn og Fjordane kan ikkje lenger nytte seg av kallenavn som ‘Trivselsfylket’ og ‘Framtidsfylket’, da administrative grep og overgrep på små lokalsamfunn kveler dei kvalitetane vi som fylke har hatt, der hensynet til sentraliseringa veg tyngre enn skulekvardagen til eit hundretals ungdommar frå det mest prøva samfunnet i fylket.

Kvifor er det ikkje slik i eit land som vårt, der staten på nokre område “kastar peng etter folk” anten dei bur i Noreg eller ikkje, at ungane våre ikkje kan få gå på skule innanfor rimeleg avstand frå der dei bur? Kvifor ser ikkje sentralpolitakarane at fylka i landet er forskjellege, og kanskje må då bevilgningane vere det same? Er det slik at når lokal- og fylkespolitikarar vert sentralpolitikarar så gløymer dei kvar dei kjem frå? Eg trudde dei skulle kjempe for heimfylket sitt, kjempe for dei som faktisk har gjeve dei moglegheita til å vere sentralpolitikar.
Sogn og Fjordane krev ein desentralisert skulestruktur. Regjering og stortingspolitikarar må klare å tenkje at utdanninga til ungdommen er investering i framtida, og dei må evne å sjå forskjellane i dei ulike fylka. Å løyve mindre pengar til skule er eit tapsprosjekt som den rødgrønne regjeringa bør halde seg for god for!!

Med venleg helsing
Eva Fredriksen
Mor til fire og
Adjunkt ved Høyanger Vidaregåande Skule

Vidaregåande skular i Måløy, Florø og Dale er ein rasjonell struktur i kystregionen!

Av 13 vidaregåande skular i fylket ligg 3 i kystregionen: Måløy, Florø og Dale. Under Kystveg-konferansen i Florø nyleg peika Victor Normann på at dei næringane som har sterkast produktivitetsvekst og såleis best føresetnader for framtida er nesten alle kystnæringar. Sogn og Fjordane er i ferd med å oppdage moglegheitene i sin kystregion. Kravet om internt vegsamband i regionen synest no å vere akseptert av alle politiske partia i fylket. Kanskje Sogn og Fjordane vil driste seg til å prøve det som har vore suksessoppskrifta elles på Vestlandet: satse på kystnæringar og kystsamfunn. Kystvegen er ein av føresetnadene. Ein annan er tilgang på vidaregåande skule med relevant fagkrins. Å utvikle samferdsle samstundes som ein byggjer ned skulesektoren, er dårleg strategi. Næringsstrukturen i regionen er i dag prega av verksemder med høg kompetanse. VG skular er ein vesentleg del av den infrastrukturen som trengst for at slike verksemder skal kunne utvikle seg her. Å rasjonalisere vg skulestrukturen er truleg naudsynt. Med vg skule i Måløy, Florø og Dale er strukturen rimeleg rasjonell i denne delen av fylket.

Her har me lyst til å vera ?

“Me har fossar som heng i ei snor, beint ned i verdas lengste fjord(…) Her har me faktisk det meste me treng. Her har me vener og kjende i fleng, Her er det nok å gjere. Her har me lyst til å vera”.
Eg hugsar enno den dagen då vi song denne songen, hakk i plata. Det var på barneskulen ein gong, på Dingemoen skule i Fjaler og vi skulle spele inn denne songen for bruk på radio eller til eit prosjekt. Kvifor er ikkje så nøye, teksten var like fengande den gong då som no. Sogn og Fjordane. Åra har gått, eit viss eigarskap trur eg mange har til songen, i ei tid kor den kan koplast til samfunnsdebatten om skulestruktur.

Her er det nok å gjera
Kva er det som gjer at ein har lyst til å vera ein stad? I songen om ”Sogn og Fjordane” er viktige moment at «her er det nok å gjera”. Nok å gjere kan vere knytt til arbeid, men også til fritid. Arbeid vert rangert som hovudmotiv ved flytting (Sørlie, 2006:1) og er soleis eit viktig element for å tiltrekke seg og halde på innbyggarar. Nok å gjere med tanke på fritid kan vere så mangt, i ei lita bygd står ungdom sentralt i å oppretthalde eit fritidstilbod for innbyggarane. Både arbeid og fritid kan igjen knytast til skulestrukturen og skuledebatten. For arbeidsplassar er tilgang på kompetent arbeidskraft viktig, og vidaregåande opplæring spelar ei viktig rolle. Då eg skreiv mastergradsoppgåve ved Høgskulen i Volda skreiv eg om høgkompetent utanlandsk arbeidskraft i den maritime klynga på møre. Eit av funna var at skule for borna deira var svært viktig, og då særleg ein skule av internasjonal karakter, til dømes som kunne tilby IB linje. I Sogn og Fjordane er det eit aukande behov for arbeidskraft og då også utanlandsk arbeidskraft. Det å legge ned skular står sterk i kontrast til denne utviklinga. Eit forslag som har blitt fremma i debatten er til dømes å kunne sjå synergiar mellom UWCRCN (United World College Red Cross Nordic) og den nedleggingstruga Dale Vidaregåande skule. På den måten kan ein sjå synergiar for samarbeid og skape spanande moglegheiter saman.

Her har me vener og kjende i fleng
Vener og kjende i fleng vert også nemnt i songen om Sogn og Fjordane. Det er nemleg slik at over halvparten av befolkninga bur i den kommunen som dei vaks opp i (Sørlie, 2006:1), så Stedje har nok eit poeng i songen han lagde. Den andre halvparten har nok kanskje følgt straumen og reist til meir sentrale strøk, og det er nok ikkje usannsynleg når det gjeld Sogn og Fjordane.

Ved å gjennomføre vidaregåande opplæring i tett tilknyting til sin heimstad, slik at ein framleis kan bu heime, så kan dette for mange auke tilhøyre til staden og vere med å forme identiteten i stor grad. No er det jo sjølvsagt ikkje slik at dersom ein vel å ta vidaregåande opplæring ein annan stad, så vert ein identitetslaus utan ei kjensle av å høyre til. Men dersom ein får bu heime fortsatt medan ein tek vidaregåande opplæring, så kan dette vere ein grobotn for at ein seinare vel å busetje seg i kommunen, eller i Sogn og Fjordane. Det er også slik at det ikkje er for alle å flytte på hybel som 15 – åring. Det kan hende det er slik, og det kan hende det ikkje er slik. Det er vel her mykje av kjerna ligg, ein veit for lite om konsekvensane av nedlegging av skulane og flytting av ungdom på hybel. Ein bør vite meir om det før ein sett i verk slike drastiske tiltak. Ser ein på studiar som er gjennomførte i til dømes Finnmark, vert det hevda at ein årsak til fråfall i den vidaregåande opplæringa kan vere at kvar tredje elev må flytte heimanfrå for å kunne gjennomføre vidaregåande opplæring (Markussen et al , 2008). Det burde vere eit tankekors for Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane. Kor vidt ein kan samanlikne desse funna frå Finnmark med Sogn og Fjordane det skal eg ikkje spekulere i, men det er vel verdt å sjå nøyare på funna. Det er ikkje ønske å lage noko komparativ analyse av desse to, men det kan vere vel verdt å merke seg utfallet av at so mange elever må flytte heimanfrå for å fullføre vidaregåande opplæring og kva konsekvens dette får for gjennomføring av vidaregåande opplæring. Det levnar liten tvil om at nedlegging av skular i fylket slår i sterk kontrast til fleire av dei andre satstingsområda til fylket, og undergravar fleire av dei viktige elementa som ein bør satse vidare på skal ein bli eit fylke ein trivst i, og eit fylke med auka verdiskaping.

Mellom barken og veden
“Skulebruksplanen skal vise korleis Sogn og Fjordane fylkeskommune, innanfor framtidige økonomiske rammer, kan organisere ei vidaregåande opplæring med høg kvalitet og utnytte bygg og eigedommar mest mogleg kostnads – effektivt”.
Sitatet overfor er henta frå Fylkesutvalsvedtak 48/12, 23.05.2012, og syner til korleis ein kan samstundes tilby innbyggarane høg kvalitet i skulen men også kunne gjere dette kostnadseffektivt. Her er det fleire moment som er usikre eller som ein kan setje spørsmålsteikn ved. Kva er dei framtidige økonomiske rammene, altså kva baserer ein desse på? Korleis vil desse bli påverka av at ein legg ned skular? Ei vidaregåande opplæring av høg kvalitet – korleis måle kvalitet? Kvalitet i opplæringa eller kvalitet sett i eit økonomisk perspektiv?

Eg kjem ikkje med ei ny tolking av modellane, ei heller eit konkret tiltak til skulestrukturplanen (anna enn til dømes sjå synergiar mellom UWCRCN og Dale Vidaregåande skule), ei heller elevtal og kva næringslivet ønsker, jamfør dei punkta som fylkeskommunen skisserte over kva ein ønskte innspel på innanfor fristen denne veka. Men eg kjem med nokre refleksjonar om kva som gjer ein stad og eit fylke attraktivt, om kva som kan skape tilhøyre og skape liv på ein stad. Her står den vidaregåande opplæringa sentralt. Ikkje berre fordi den er viktig for tidlegare, framtidige og dagens elevar og for dei som arbeider ved skulen, men for ringverknadane ein slik skule har og betyr for eit samfunn.

Her står me små og store syng i det same koret
Avslutningsvis, så skriv Stedje i songen sin, at “her står me små og store og syng i det same koret”.

Det er vel det vi gjer, innbyggarar – tilflyttarar eller heimattkomne, dei fråflytta, fylkeskommunen, syng i same koret. Syng for å bevare skulen vår.

I stortingsmelding nr.25 om ”Lokal vekstkraft og framtidstru, om distrikts – og regionalpolitikken” kan ein lese at: “Regjeringa vil at alle skal ha reell fridom til å busetje seg der dei vil. Vi vil sikre likeverdige levekår og ta ressursane i heile landet i bruk. Regjeringa vil oppretthalde hovudtrekka i busetnadsmønsteret for å vidareføre og vidareutvikle det mangfaldet i historie, kultur og ressursar som ligg i dette” (St.meld,2009:7). Korleis kan ein ha reell fridom til å busetje seg der ein vil når ein ikkje kan få gå på vidaregåande opplæring i tilknyting til heimstaden sin? Korleis er dette å sikre likeverdige levekår? Som utflytta Fjalerbu ønskjer eg å synge i koret for å bevare Dale vidaregåande skule. Kanskje i ein annan form enn slik den er i dag, men å legge ned ein skule i ein kommune med lange skuletradisjonar, utan å ta høgde for alle som allereie må reise langt for å gå på denne skulen, utan å vite nok om kva konsekvensar dette kan få for framtidig regional utvikling, er ikkje å leve opp til songen om Sogn og Fjorande: her har me lyst til å vera.

Sogn og Fjordane: Alle gode ting er ?

Nokre refleksjonar og kommentar til Breidablikk om at diskusjonen må gå på generell samfunnsutvikling,
frå ei utflytta Fjalerbu,
Marte C.W.Solheim

Referanser
Markussen, E., Frøseth, M.W., og J.B.Grøgaard (2009): «Inkludert eller segregert? Om spesialundervising i videregående opplæring like etter innføringen av kunnskapsløftet», NIFU STEP.
http://www.udir.no/Upload/Rapporter/EvaKL/5/Sluttrapport_Spesialundervisning_videregaende.pdf

Solheim, M.C.W (2011): ”På Nebo Bjerg? Ein studie av møtet mellom høgkompetent utanlandsk arbeidskraft og den maritime klynga på møre”, Mastergradsoppgåve i samfunnsplanlegging og leiing, Høgskulen i Volda.
http://ask.bibsys.no/ask/action/show?pid=114136394&kid=biblio

Stortingsmelding nr.25 (2008-2009): «Lokal vekstkraft og framtidstru. Om distrikts-og regionalpolitikken».
http://www.regjeringen.no/pages/2175012/PDFS/STM200820090025000DDDPDFS.pdf

Sørlie, K. (2006): ”Bosettingspreferanser, flyttemotiver og flytteprosesser. Status og perspektiver omkring den regionalebefolkningsutviklingen i Norge”, Notat til Kommunal og regionaldepartementet, 16.02.2006.

Kreative fag og nedlegging av skulen på Vassenden/flytting til Førde.

Her i distriktet er det visst ikkje vilje til å ta vare på noko som helst. Siste no er bråvending frå pressa lokale jølstrapolitikarar m.fl. Her er det no om å gjere å få flytta den velrennomerte skulen i kreative fag ned til Førde. Er det ledig kapasitet på skulen i Førde, er det hyblar til elavane, er noko klart i det heile? No må svake lokalpolitikarar rette seg i ryggen for å verne skulen som klart har framtid der den ligg. Er dette begynnelsen på slutten for dei kreative faga i fylket ? Kva har skjedd i kulissane i denne skulesaka, brått er alle vel foreinte og samde i å få denne skulen flytta/nedlagt ? Det er lov til å undre seg.

IKKJE TVING UNGDOMMEN PÅ HYBEL!

Det er allereie poengtert at å pendle til og frå Førde for å gå på skule der, er vanskeleg for å ”leve som ein ungdom”. Med ei reisetid på 1 time og 25 minuttar per veg, vil det vere lite igjen av dagen til å gjere lekser, vere sosiale eller drive med fritidsaktivitetar. Dette vil eigentleg tvinge Høyanger ungdommen på hybel i ein alder av 15 år! Er det sånn vi vil ha det?

Nei! Ikkje alle er klar for å bu på hybel når ein er 15 år. Det var i alle fall ikkje eg! Å alltid ha mamma og pappa nær meg har gjort vidaregåande tryggare enn kva eg vil tru det hadde vore om eg hadde budd på hybel. Ein har ikkje same moglegheitene til å få hjelp og rådgiving eller bare det å sleppe å lage middag kvar dag, når ein bur på hybel, som ein har om ein bur i hus saman med foreldra sine.

Men eit problem eg har tenkt mykje over er: I dag er det allereie press på hyblar både i Førde og i Sogndal, korleis skal det då gå når det kjem 200 elevar til som må flytte på hybel frå Høyanger? For det første vil det presse prisane på hyblar opp, og med eit stipend som ikkje dekkar dagens prisar, korleis vil de tru at det skal dekke desse utgiftene? Og det er ikkje alle foreldre som har moglegheit til å gi barnet deira fleire tusen i månaden for å dekke utgifter som mat, aktivitetar og i tillegg husleige! Ungdommane frå Høyanger vil også få same rett som ungdommane frå Førde til å komme inn på skulane der. Dette vil føre til at dei svakaste elevane i Førde også må vekk for å bu på hybel, og det er nettopp dei svakaste elevane som verkeleg treng å bu heime!

Økonomiske utfordringar, det å bu aleine utan foreldre, det å måtte flytte på hybel før ein er klar for det, og det at svake elevar andre plassar også må flytte vekk for å få den utdanninga dei vil ha, er bare nokre av konsekvensane som ei nedlegging av Høyanger vgs vil føre med seg. Samfunnet i Høyanger vil også bli kraftig påverka. Utan den vidaregåande skulen vil Høyanger bli ein mindre attraktiv stad å bu på, og det kan vere vanskeleg for bedriftene her å lokke til seg kompetente arbeidstakarar frå andre stader. I staden kan Høyanger oppleve det stikk motsette, nemleg å miste kompetansearbeidsplassar. Lærarar mistar jobbane sine og må derfor finne seg nytt arbeid andre stadar. Sjansen er då stor for at dei vil flytte frå bygda og ta med seg heile familien sin, kanskje dei til og med flyttar ut av fylket. Eg har og høyrt foreldre seie at det er uaktuelt at deira 15 åring skal bu på hybel og at dersom skulen blir nedlagt, så vil dei flytte med ungen sin dit den skal gå på skule. Dette er ikkje eit resultat vi ønskjer oss etter at Høyanger i lengre tid no har jobba med eit eige Kom Heim prosjekt, retta mot nemleg det å få ungdommen tilbake. Tilbake til kva?

Skulen i Høyanger er viktig for oss, ikkje bare for at elevane skal få ei trygg og lærerik utdanning, men også for bedriftene og familiane her. Høyanger vidaregåande skule er ein god skule. Elevane trivast der og miljøet på skulen er godt. Og vi har gode lærarar. Ein stor skule er ikkje nødvendigvis ein betre skule. Og fagmiljø har vi sjølv om skulen er liten, i dagens teknologiske verden, er ein ikkje lenger enn ein videokonferanse unna.

Mari Wolff Nedberge
Leiar Høyanger AUF

Vidaregåande skular og regiontenking

Etter orienteringsmøte i Dale om framtidig struktur for dei vidaregåande skulane i fylket fekk Rolf Skår fyldig dekning i FIRDA om sin ”regionmodell” som han brukte tre timar på å lage. I FIRDA 25. mars er han igjen ute med same tankar og same modell, men no som lesarinnlegg. Han demonstrerer igjen at han har lite kunnskap om opplæringstilbodet i fylket og spesielt elevane sitt søknadsmønster, og innlegget ber meir inntrykk av ønskjetenking enn av realisme. Eg vil rå til at han les meir i vedlegga til utkast til skulebruksplan for å finne ut meir om realitetane omkring dette.

I Rolf Skår sin ”modell” er kvar kommune i fylket plassert i ein region der elevane i desse kommunane primært skal gå på ”sin” regionskule. Til dette er å seie at ingen region i fylket har, eller vil få, eit opplæringstilbod som dekkjer heile breidda innan vidaregåande opplæring i fylket. Dette ser ein m.a. på dagens fordeling av elevane frå kvar kommune på dei vidaregåande skulane i fylket. Utan unntak har alle kommunar elevar spreidd over store delar av fylket. Dette kjem av at elevane har sitt ønskje om utdanningsprogram som 1. prioritet, og slik bør det også vere. For elevar som i alle fall må bu på hybel kjem kanskje også andre ønskje inn som er med å påverke skuleval, t.d. skulemiljø, hybel hos slekt, kommunikasjon etc. Oftast spelar det for desse mindre rolle om heimreisa tek ein time meir.

I sin modell er Rolf Skår freidig når han definerer omland for ”sin skule”. Her tek han m.a. med Solund, Gulen og Gaular. Ser ein på dei faktiske forhold slik dei er i dag så bur samtlege av dei 14 elevane frå Solund på hybel. Berre 2 av dei går i Dale. Likeeins går berre 5 av 42 elevar frå Gulen i Dale. Resten av elevane frå desse kommunane er spreidd over heile fylket og nokre i Hordaland. Også når det gjeld Gaular går ein svært liten del av elevane i Dale, det store fleirtalet går i Førde. Og det skulle berre mangle at elevane frå Gaular ikkje primært skal sokne til Førde der det både er langt breiare opplæringstilbod, betre veg og kortare reisetid.

Når det gjeld Midtre Sogn meinar Skår at elevane frå Vik skal sokne til Høyanger vgs. Dette samsvarer lite med verkelegheita. I dag går 1 av 92 elevar frå Vik i Høyanger. Det store fleirtalet går i Sogndal. Eg trur nok at elevar og foreldre i Vik vil ha eit ord med i laget her.

Også i Nordfjord er Skår sin modell langt frå verkelegheita. I hans modell soknar m.a. Bremanger til Flora vgs. Men ser ein på kva skule elevane går på i dag, så går berre 31 av elevane frå Bremanger i Florø, medan 68 går på skular i Nordfjord og av desse 45 på Firda. Også i Bremanger må vel elevar og foreldre få eit ord med i laget. I tillegg til Bremanger kan også store delar av Jølster like gjerne sokne til Nordfjord som til Sunnfjord.

Firda vgs, som Rolf Skår vil legge ned, har i dag både fylkesdekkande og regionale opplæringstilbod og ligg strategisk til for å dekke desse også i framtida med omlag same reisetid både frå Ytre Nordfjord, Ytre Sunnfjord, Indre Sogn og Midtre Sogn.

Mitt ønskje er at fylkespolitikarane våre vil vurdere elevane sine ønskje, opplæringstilbod og kvalitet i den vidaregåande skulen høgare enn streng elevstyring med tette skott ved kommune- og regionsgrenser.

Gunnar Nygjerd
Sandane

Skulestrukturdebatten

Utgreiinga om framtidig skulestruktur i fylket er sendt ut på høyring og tida for at politikarane må kome til ei avgjerd nærmar seg. Det er ei vanskeleg tid for skular som kjennar seg truga, men ikkje minst vert dette ei vanskeleg sak for fylkespolitikarane våre. Eg har likevel tiltru til at politikarane vil finne ei løysing som er til det beste for ungdommane i fylket vårt.

Opplæringstilbodet
Vi har i dag eit godt opplæringstilbod i fylket og dette må ivaretakast også ved endring i skulestrukturen. Men vi må innsjå at med det elevtalet vi har i fylket vårt kan vi ikkje tilby alle opplæringstilbod i alle regionar. Nokre tilbod er i dag fylkesdekkande og det vil dei framleis måtte vere. Nokre vil vere regionale medan nokre tilbod kan dei fleste nå med skuleruter. Uansett kva modell ein endar på må mange elevar bu på hybel.

Fordeling av elevplassar på regionane
I media har vi sett at enkelte har påpeika ei svært skeiv fordeling av elevplassar mellom regionane. Denne framstillinga har etter mitt syn vore litt for lettvint. Vi har nokre skular med fylkesdekkande tilbod og elevplassane på desse må sjølvsagt trekkast ut før ein ser på fordelinga av elevplassar på regionane. Ein region kan ikkje krevje sin del av elevplassane innan eit opplæringstilbod dei ikkje har!

Hybelbuarar og fråfall
I avisene har vi også sett bastante påstandar om det er større fråfall blant hybelbuarar. Dette er ein myte og direkte usann. Hybelbuarar er ikkje overrepresenterte blant dei som fell frå. Slik var det i mi tid som skuleleiar og eg er ganske sikker på at det framleis er slik. Men mange hybelbuarar ved ein skule krev at skulen har tett oppfølging av hybelbuarane med t.d. hybelkurs, sosiale aktivitetar, open skule og leksehjelp. Dei fleste skulane med mange hybelbuarar er flinke til dette.

Elevstyring
I Sogn og Fjordane har det vore praktisert ei moderat form for elevstyring i mange år. Dette har fungert godt. I media ser eg no nye former for elevstyring som eg sterkt vil frårå. Høyanger kommune vil gje stipend til hybelbuande elevar frå eigen kommune som vil gå på den vidaregåande skulen i Høyanger. Dette vert direkte konkurransevridande og kan medverke til at desse elevane kanskje vel eit anna opplæringstilbod enn det dei primært ynskjer. Og kva viss alle ”utsette” skular skulle ”kjøpe” seg elevar på denne måten?
Nei, elevane må få stå fritt til å velje det tilbodet dei sjølv ønskjer og i størst mogleg grad også få velje kva skule dei vil gå på!

Gunnar Nygjerd
Pensjonert lektor

FrP og nedlegging av Firda vgs

Eg ser i media at Frank Willy Djuvik og FrP har sitt eige framlegg til ny skulestruktur, der dei m.a. vil legge ned Firda vgs på Sandane. Eg veit ikkje kor gjennomtenkt dette var, men eg må nemne nokre moment som eg håpar Frp vil ta med i vurderinga.

  • Firda har i alle år vore blant dei beste skulane i fylket når det gjeld eksamensresultat.
  • Firda er den skulen i fylket som klart har markert seg mest i dei nasjonale realfagskonkurransane.
  • Firda er einaste skulen i fylket med Newton-rom. Dette er eit spesialdesigna rom med utstyr og opplæringsmodular som skal nyttast for å motivere elevar i grunnskule og vidaregåande skule til å velje realfag (sjå www.newton.no). ”Energidagane” som Firda arrangerer i samarbeid med lokale bedrifter er eit godt døme på korleis Firda fungerer som kompetansesenter.
  • Firda er truleg den vidaregåande skulen i landet som har dei beste fasilitetane for utdanningsprogrammet Musikk, dans, drama. (Omkring 15 spesialbygde/lydisolerte øvingsrom, grupperom og samspelrom, spesialsalar med ballettgolv for dans, black-box til dramaundervisning og stor konsert/teater-sal vegg i vegg).
  • MK-avdelinga ved Firda driv også eit kommersielt mediesenter. I tillegg til å tilby kompetanse og tenester i kommersiell retning, skal denne verksemda sikre at elevane får relevant erfaring med yrkeslivet gjennom utdanninga. MK-avdelinga har i mange år hatt godt samarbeid med Vestnorsk filmsenter i Bergen, m.a. om fleire utviklingsprosjekt.
  • Q-film festivalen var den første filmfestivalen for ungdom i fylket, og vert i år arrangert for ellevte gong – og har gjennom desse åra fått fram gode filmtalent og skapt eit sterkt fagleg miljø for filminteressert ungdom. Q-film samarbeider med NRK Sogn og Fjordane om publikumsprisen for beste kortfilm.
  • Friluftssenteret ved Firda vgs er involvert i fleire utviklingsprosjekt lokalt og regionalt, spesielt innafor folkehelsearbeid og arbeid kring tilrettelegging og utvikling av naturbaserte opplevingar- både for lokalbefolkninga og for reiselivsnæringa.
  • I fleire elevundersøkingar har Firda vist at dei er mellom dei beste i fylket når det gjeld elevtrivsel.
  • Firda er truleg også den skulen i fylket som har best tilbod til hybelbuarar utanom skuletid.

Bygningar
Eg har forstått det slik at ved eventuell nedlegging av skular ynsker fylkeskommunen å selje skulebygningar for å finansiere utviding ved andre skular. Ved Firda er det slik at alle bygningar som er bygt før Trivselshagen er finansiert lokalt og deretter vederlagsfritt overført frå Gloppen kommune til fylkeskommunen. Dette gjeld også Firdahallen. Einaste unntak er eit fylkeskommunalt bidrag på 2-3 mill. til utbygginga i 1974. Det ville vere eit svik mot Gloppen kommune å selje desse bygningane til andre no. Truleg vil det også vere svært vanskeleg å finne kjøpar også.

Trivselshagen
FrP må merke seg at ved bygging av Trivselshagen vart det inngått ein bindande avtale mellom fylkeskommunen og Gloppen kommune om bygging og drift av desse anlegga. Eg trur neppe Gloppen kommune vil akseptere at fylkeskommunen trekkjer seg frå denne avtalen. Når siste byggetrinn i Trivselshagen er ferdig til neste haust vil Firda truleg også ha dei beste fasilitetane for idrettsfag i fylket, med m.a. innadørs aktivitetsareal svarande til fire handballbaner, 25 meter basseng med stupetårn, spesialsal for turn, innadørs sprintbaner, klatrevegg og buldrevegg.

Konklusjon
Ei nedlegging av Firda vil rive ned eit sterkt fagleg miljø som har vore bygt opp gjennom fleire tiår og ikkje minst vil fylkeskommunen miste det eineståande gode elevmiljøet som Firda i alle år har vore kjend for.

Gunnar Nygjerd
Pensjonert Firda-lektor

Framtida til Høyanger-samfunnet.

Det har no gått nokre dagar sidan Norconsult la fram sin rapport om korleis dei meiner skulestrukturen i Sogn og Fjordane kan sjå ut i framtida. Rapporten var nok eit sjokk for fleire enn berre elevar og tilsette ved skulane, men og for dei som har bestilt denne rapporten. Min skule er føreslegen nedlagd i alle modellane til Norconsult. I seg sjølv er det ikkje noko overrasking at dei vil leggje ned skular, men nokre av dei skulane dei føreslår nedlagde, strir imot rapporten sine eigne tal om elevtalsutvikling. Vi veit alle, og har visst lenge, at det vil kome ein nedgang i elevtalet i fylket. Heile 10 av 13 skular vil få svekka elevtalet sitt. Tre skular derimot, får eit auka elevtal frå 2016 fram til 2024 om dagens struktur held fram. Desse tre skulane er føreslegne nedlagde i modellane til Norconsult. Høyanger Vidaregåande Skule er den skulen i fylket med størst elevauke dei kommande åra. Skulen vil auke elevtalet sitt med 41 elevar frå 2016, noko som ifølgje Norconsult vil halde seg stabilt fram til 2024. Likevel er Høyanger Vidaregåande Skule føreslegen nedlagd i alle modellane. Norconsult føreslår da å leggje ned Høyanger Vidaregåande Skule for så å flytte dei vel to hundre elevane våre til Sunnfjord og Nordfjord for at nedgangen ved skulane der vil verte mindre. Med buss vil det ta elevane minimum 1 time og 15 minutt kvar veg om dei skal pendle til Førde, og det seier seg sjølv at det er for mykje ifølge dei retningslinjene som er satt for kor mykje tid elevar skal måtte bruke på å pendle, som er 90 minutt pr. dag.
Ja! Høyanger Vidaregåande er ein liten skule. Men Høyanger er heller ikkje ei stor bygd. Om vi må sende dei vel to hundre ungdommane våre på hybel andre stader vil vi ta vekk ein betydeleg del av befolkninga i bygda. Høyanger er og i ein fase med planlegging av etablering av fleire nye bedrifter som vil auke talet arbeidsplassar i kommunen. Om vi misser skulen vil det slå beina under desse planane, da vi ikkje vil kunne stole på nok tilflytting til å fylle dei nye arbeidsplassane, men må slite med fråflytting i staden. Vi stolar på at politikarane tar fylket si rolle som regional utviklar på alvor, og at dei ser at om dei vel å legge ned skular med elevtalsauke vil gå imot sine eigne prinsipp for framtidig skulestruktur i fylket.

Eva Fredriksen, tillitsvald Utdanningsforbundet ved Høyanger Vidaregåande Skule

Skal det bu folk i Vevring?

I femten år har det vore planer om rutilutvinning i Engebøfjellet. Eit gigantprosjekt med i overkant av 150 arbeidsplassar men med enorme miljøkonsekvensar. Skal ikkje gå inn på det her men siterer berre eit TV2 oppslag: ”De vil knuse et helt fjell og dumpe det i en nasjonal laksefjord”

Men prisen for denne bandlegginga av Vevringbygda til gruveindustri har vore at det har hindra satsing på andre næringar, spesielt turisme. For å ta eit tilfeldig eksempel som slett ikkje krev så store investeringar: Ei hyttegrend i området Redal til Vevring har vore og er, mildt sagt eit risikoprosjekt.

Om nokre månader vil rådmannen i Naustdal truleg legge fram ei positiv tilråding til gruvedrift i Engebøfjellet. Dette vil bli grunngjeve med at prosjektet er positivt for kommuneøkonomien, skaper arbeidsplassar, tilflytting til Naustdal og Vevring, indirekte arbeidsplassar osv. Eller for å sitere Jan Herstad, rådgjevar i Nordic Mining: ”Det vil bli stor aktivitet i Vevring”

Slik som det ser ut no vil kommunestyret i Naustdal vedta Nordic Mining sin reguleringsplan for Engebø. Ein plan som etter mange tilhengarar si meining skal gje vesentleg tilflytting til Vevring.

Men like før dette skal avgjerast foreslår rådmannen å legge ned skulen Vevring – ”ei bygd som skal få auka aktivitet”, og fleirtalet av utbyggingstilhengarane i kommunestyret ser ut til å støtte dette.

Då er det freistande å stille spørsmålet: Trur utbyggingstilhengarane på sin eigen argumentasjon, eller skal Vevring leggast ned for å gje plass til gruveindustrien?

Arne Underlid
Leiar i Vevring og Førdefjorden miljøgruppe

Vevring skule og det sosiale miljøet

Rådmannen uttalte ml.a. i Firda 15.6.2010 at elevane i Dalen og Vevring vil få eit større og betre sosialt miljø om dei blir flytta til sentrum. Vi lurer på kva grunnlag rådmannen har for å kunne uttale seg om dette.

På foreldrerådsmøte i Vevring diskuterte vi dette og vi bestemte oss for at vi vil seie litt om kva sosialt liv borna vil få om dei skal pendle til NBU frå 4. trinn.

• Det er sosialt for barn å gå saman til skulen. Det er ikkje sosialt å sitje på ein buss i vel 2 timar kvar dag. Barna vil få mindre tid til å vere saman i lokalmiljøet og mister delar av den fritida dei har i dag.

• Elevane frå krinsane må stå på ekstra mykje for å skaffe seg venner og byggje opp relasjonar til elevane i klassen i skuletida. Ekstra fokus på det å hengje med sosialt i den korte tida dei har til disposisjon, vil heilt klart gå ut over læring og konsentrasjon.

• Det er svært viktig for barn å ha kort avstand til det sosiale fellesskapet dei skal etablere seg i. Det går føre seg mykje nettverksbygging i fritida, når klassekameratar går på besøk til kvarandre, feirar bursdagar og deltek i ulike fritidsaktivitetar. Foreldre i Vevring må kjøre mykje til Naustdal, vente der og kjøre borna heim igjen om borna skal få treffe vennene sine utanom skuletida.

• Foreldre i Naustdal må og vere viljuge til å kjøre sine barn ut i krinsane. Vi veit at mange foreldre i sentrum gruar seg for å kjøre på den dårlege vegen til Vevring, det er tidkrevjande og besøk må planleggast i god tid.

• Det er mange gode fritidstilbod i Vevring som linedance, taekwondo, barnekor og barnegrupper i organisasjonar. Desse aktivitetane vil truleg bli lagt ned om borna i Vevring skal delta på fritidsaktivitetar i sentrum for å hengje med sosialt.

Om elevane blir flytta til NBU vil dei miste mykje av det sosiale miljøet i lokalmiljøet, samtidig som dei heile tida vil vere på sidelinja sosialt i sentrum.

Det er heller ingen dokumentasjon på at elevane vil få eit betre fagleg tilbod ved flytting til ein stor sentrumsskule.

Vevring 15.06.10

Foreldrerådet Vevring skule v/ Grete Bjørndal