Viser arkivet for stikkord sosialistisk

Fleire med hovudet i sanden.

Ole Erik Thingnes seier i Firda 4/7 at eg er ramma av “strutsesyndromet”. Eg vil hevde at syndromet rammar breiare. Naustdal SV argumenterte jo klart mot dette prosjektet i kommunestyret lenge før vi visste noko som helst om konsekvensane. Partiet tok standpunkt i denne saka før det var utført konsekvensutgreiing. Er ikkje det og å stikke hovudet i sanden? Er ikkje det å nekte å ta inn over seg kunnskap og fakta?

Det er reagerer mest på er retorikken og svartmalinga som motstandarane kjem med. Den er det ikkje faktagrunnlag for. Dei eventuelle negative konsekvensane blir sterkt overdrive, medan dei positive konsekvensane for kommunen og for regionen blir bagatelliserte. Vi må prøve å sjå heile bildet. Thingnes veljer, truleg heilt bevisst, å sjå heilt vekk frå at det ligg til grunn ei svært grundig konsekvensutgreiing som er utarbeida av eit anna renommert fagmiljø i Noreg, og som konkluderer med at dei negative konsekvensane mest sannsynleg blir små og mellombelse.

IKKJE ØYDELEGG FRAMTIDA VÅR MED MONSTERMASTER

Vedtaket om å bygge Monsterlina gjennom Sima-Simnanger er eit åtak på rettane til vår generasjon. Dersom Monstermastane vert bygd ut, er naturen vi skal leve med og av i framtida som vert råka. Nok ein gang har Arbeiderpartiet og Senterpartiet sett vekk frå omsynet til miljøet og rettane til oss som er unge i dag.

Statsminister Jens Stoltenberg talar pent om ansvar. Men kva for ansvarskjensle er det i å øydelegge nokre av landet og kanskje verdas mest majestetiske naturområde for å spare nokre kroner? Kva ansvarskjensle er det som har styrt Stoltenberg når han ikkje ein gang vil lytte til alle vi som veit det finst alternativ til nett denne utbygginga, alternativ som kunne trygga energitilgangen utan å øydelegge naturområder?

Vedtaket om å bygge ut Monsterlinene rører dei to mest råtne delane av norsk politikk; Mangelen på respekt for synspunkta og opplevingane til vanlege folk, og samrøret mellom kraftkapitalen og folkevalde. Når Stoltenberg ler av motstandarar og seier at ” alle vil ha straum, men ingen vil ha straummaster,” viser han kor lite han forstår av kvardagen utanfor Oslo sentrum, og kor lite villig han er til å lytte til dei som vert påverka av politikken statsministeren fører. Vi er mange som har synt at det finst alternativ som både kunne sikra Bergensområdet trygg tilgang til straum og samstundes verna naturområda. Men det vil ikkje Stoltenberg og Riis-Johansen lytte til. Og når vi veit at ein av dei viktigaste grunnane til at Monstermastene ”må” byggjast, er at oljeindustrien har behov for meir energi, så burde det vere rett og rimeleg at dei betalte for transportalternativ som verna naturen i Hardanger. Men samrøret mellom oljeselskapa og toppolitikarane er som vanleg sterkare enn det sunn fornuft kan bryte ned.

Vi som er unge i dag kjempar ein kamp om retten til å bestemme over eigen framtid. Den er endå ikkje tapt. Sosialistisk Ungdom kjem til å støtte folkeaksjonane og ungdomsråda i kampen, vi har lenkene klare.

Olav Magnus Linge
Leiar i Sosialistisk Ungdom

Aleksander Eilertsen
Fylkesleiar i Hordaland Sosialistisk Ungdom

Albert A. Øydvind
Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Sosialistisk Ungdom