Viser arkivet for stikkord sp

SV si rolle i ei ny raudgrøn regjering

Etter å ha lese reportasjen om “gruve-utolmod” hjå Sp i Sogn og Fjordane og i Naustdal Sp, er eg ikkje i tvil om kva som er ei av dei viktigaste rollene SV vil ha i ei ny raudgrøn regjering. SV er rett og slett den sosialistiske og rettferdige miljøvaktbikkja. Verken Ap eller Sp står for eit miljøsyn som er eigna til å stå aleine, det kjem ikkje minst til uttrykk i den nemde reportasjen. Men saman med SV ser alt mykje betre ut.

Høgre og Frp i fylket har og flagga eit skremjande syn i denne saka, at nye pendlar-arbeidsplassar(les: utanlandske) og Nordic Mining sin aksjekurs er viktigare enn omsynet til eigne innbyggarar, Førdefjorden og framtida til eksisterande næringar.

Dette viser i alle høve at SV ikkje er gått ut på dato. Miljøvernminister Bård Vegard Solhjell er ein av dei tøffaste og mest uredde politikarane eg veit om. At han klarte å få med seg resten av regjeringa på det som vart det foreløpige svaret til gruveselskapet vert ståande som ein miljømilepæl i denne saka. Etter 4års sakshandsaming var det endeleg nokon som tok seg tid til å lese sakspapira, og som høyrde på dei kritiske røystene. 95% er ikkje berre andelen av fjellet som skal dumpast som slam og støv i Førdefjorden, det er også prosenten av negative innspel i den kommunale prosessen. Miljøvernministeren og SV gjorde det som resten av kobbelet ikkje hadde ryggrad til, å spyrje seg om det kanskje kunne vere noko i det når alle faglege råd gjekk imot til dømes sjødeponi.

For meg som kjenner saka betre enn eg eigentleg skulle ynskje, som har vore med gjennom heile prosessen og prosessane som har vore tidlegare, er det rimeleg surrealistisk å lese og høyre kva enkelte politikarar får seg til å kome med. Førdefjorden er ikkje noko “eksperimentell leikeplass” for storkapital og avfallsdumping. Mineralindustrien har ikkje nokon unik rett til å kunne forsøple matfatet vårt, og ruinere eksisterande næringar til lands og til vanns. Eg forventar at lokale politikarar i Naustdal og Sogn og Fjordane forøvrig evnar å sjå andre enn sine eigne behov, og evnar å sjå det store bilete. Rutilen på Engebø reiser ingen stader, i alle fall ikkje i havet om SV har noko dei skulle sagt. Teknologisk og kunnskapsbasert næringsutvikling og miljøvern er ikkje motsettingar, men 2 sider av same sak. Det eine overlev ikkje utan det andre.

Sjølvsagt skal vi take vare på miljøet seier dei alle som ein. Korleis då? Korleis vil de ta vare på miljøet når de ikkje ein gong har tolmod til å vente på utgreiingar som i det minste kan gje eit lite innblikk i forutsettingane for tiltaket? Eg trur nesten eg no er so pass frampå at eg forlangar eit konkret svar.

Lat mineralet ligge til det er forsvarleg å hente det ut. Naustdal kommune treng å bruke energien sin på tiltak som faktisk gavnar innbyggarane og kommuneøkonomien, det er og har vore mitt viktigaste argument. Naustdal er på god veg til å verte ein av sunnfjords bustadpærler, draumen midt mellom Førde og Florø. Det einaste som manglar er ein fornuftig og edrueleg, men ekspansiv og framtidsretta næringspoltikk. Hovudet framoverlent, men begge føtene godt planta på landjorda.

SV ynskjer å fortsetje i regjering, med Sp og Ap, nettopp fordi vi betyr ein forskjel. Ap, Sp og SV utgjer eit fullstendig og komplett politisk bilete, med god politikk på mange områder. At SV ikkje får betalt for alle sigrane i regjering er noko som fyljer med eit slikt samarbeid, men det betyr ikkje at vi har mista funskjonen vår. SV er miljøalibiet til den raudgrøne regjeringa. Og vi trengast i aller høgaste grad framleis. Dersom du meiner miljø og rettferd er viktig, treng du ikkje vere i tvil om kva parti du skal stemme 09.09.13.

SV i regjering er naudsynt for å få Noreg gjennom miljønålauget. Godt val.

Set ”ikkje fornybare” arbeidsplassar framfor alt

Ei samla miljørørsle varslar enorme konsekvensar om Nordic Mining skulle få løyve til prosjektet sitt på Engebø. Dei fleste faglege råd går imot, og nye og eksisterande næringsinteresser står mot kvarandre.

Men nokre lokale politikarar raslar no med sablane i media og krev snarleg avgjerd. Eg forstår det slik at ein gjerne vil ha æra for desse ”ikkje fornybare arbeidsplassane” for ein kvar pris, men kva er det som hastar? Og kven er desse arbeidsplassane for? Er det slik at vi skal byte ut eksisterande arbeidsplassar for å få dette til? Ser ein på dei store linjene so er det ikkje nye risikoarbeidsplassar Noreg treng, men arbeidskraft. Vi må arbeide for å trygge dei arbeidsplassane vi har, og legge til rette for at eksisterande bedrifter kan få utvikle seg og vekse bærekraftig. Nye arbeidsplassar må og skapast, sjølvsagt. Men her og må vi tenke og handle bærekraftig. SV ynskjer ei satsing på fornybare ressursar og grøne arbeidsplassar. Tida er ikkje moden for å starte eit mineraleventyr utan sidestykke eller omsut for samfunn og miljø.

Noregs befolkning har valt eit storting til m.a. å forvalte naturressursane vi har til rådvelde. Dette skal dei gjere til beste for folk, natur, dyreliv og miljø. Kan vi leve med at nokre få kortsiktige arbeidsplassar og Nordic Mining si botnlinje er viktigare enn langsiktige skadeverknader av prosjektet? Eg har ikkje noko forståing for det valdsame politiske engasjementet for Nordic Mining. Selskapet har teke ein risiko, og den får dei stå inne for. For Noreg er det heilskapen som må ligge på vektskåla, ikkje kortsiktig økonomisk vinning og populisme.

Dersom Ap og Sp “skjer igjennom” i regjering, handlar dette om noko heilt anna enn miljø og arbeidsplassar. Sintef sin rapport på inntektspotensiale, bestilt av Sunnfjord Næringsutvikling tek ikkje stilling til nokon av dei store spørsmåla knytt til dette prosjektet, heller ikkje til nokon av kostnadssidene ved ei eventuell utbygging. Eg har vanskar med å sjå kva denne rapporten eigentleg er tenkt brukt til.

Nordic Mining sine planar for mineralutvinning på Engebø er framleis ikkje noko bærekraftig prosjekt, og vert ikkje betre av at lokale politikarar prøvar å koke saka ned til eit spørsmål om arbeidsplassar og inntekt. Dersom Noreg skal satse vidare på mineralnæring, so må dette gjerast med eit ressursøkonomisk generasjonsperspektiv. Minerala skal ikkje berre kome “oss” til gode, men og framtidige generasjonar. Vi kan ikkje fortsetje med kortsiktig gevinst på eingongsressursar. Arbeidsplassar og økonomisk vinning må vere sekundært, miljø og ressursforvalting primært. Kva hjelp det med arbeid i dag, om du ikkje finn mat i morgon?

Signert
Ole Erik Thingnes
Miljøpolitisk talsmann
Sogn og Fjordane SV

Regjeringa si svekking av posttenestene

Dei politiske partia Ap, SV og Sp har vore i ein fleirtalsregjering sidan 2005. Den skadelege utviklinga innan posttenestene har fortsatt under disse partia, med mange nedleggingar av postkontor.

Dei tilsette på postkontora hadde ein spesialkompetanse som ikkje har blitt teke vare på. Postkontor og daglegvarehandel er faktisk to ulike ting, og akkurat som butikkmedarbeidarar med fleire års erfaring med daglegvarehandel kan denne typen verksemd best, så var det dei som hadde arbeida på postkontor som hadde størst forståing for posttenester.

Å bytte ut postkontor med «Post i butikk» er snikprivatisering, og det står dessutan, slik eg ser det, i direkte motsetnad til denne formuleringa i regjeringa si eiga politiske plattform, ‘Soria Moria II’: «Vi vil føre ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk (…)».

«Post i butikk» er eit dårlegare tilbod enn eit postkontor, og nesten alle som bur i Sogn og Fjordane må no nytte eit «Post i butikk»-tilbod. Posttenestene i Sogn og Fjordane har altså vorte dårlegare i regjeringstida til Ap, SV og Sp. Dette meiner eg er ein skikkeleg dårleg politikk.

Anders Hamre Sveen
Vara til landsstyret i Raudt
Stryn

Illusjonisten Håkon Myrvang

I Firda 09.09.2011 tek ordførar Håkon Myrvang seg friheita å kritisere to av sine kanskje argaste konkurentar i ordførarkampen i Naustdal, Sp sin Viggo Leikanger og SV sin Ole Erik Thingnes(underteikna). I sin iver etter å undergrave sine meddebattantar, og politiske motstandarar tek han ufine middel i bruk. Det han kjem med her vekker ikkje “undring” hjå meg, det vekker oppsikt. Dette er direkte feilinformasjon, Illusjonisme på sitt verste.

Når det gjeld val av trassè for 420kv kraftline kan vi takke Naustdal Ap for at ikkje Naustdal har gått samla mot og krevd sjøkabel/kabling. Myrvang har gjennom heile prosessen argumentert og jobba FOR 420kv line gjennom Naustdal. Dette harmonerar dårleg med “illusjonisten” Håkon Myrvang sine påstandar, og no krav om kompensasjon.

I angrepet på meg og SV, hevdar ordføraren at Naustdal SV stemde for Engebø prosjektet og sjødeponi…..? Ikkje at eg bekymrar meg for effekten, eg trur SV sine standpunkt og meinigar i denne saka er viden kjendt og heva over ein kvar tvil. Det som er oppsiktsvekkande her er Myrvang sin evne til å snu på fakta og henge ut andre utan rot i verkelegheit. Den saka Myrvang refererar til frå juni 2010 var vedtaket om å sende saka ut til 2.gangshøyring. Kan ordføraren forklare meg kvifor SV skulle stemme mot å sende saka på høyring? Naustdal SV har gjennom heile perioden kjempa for at alle skulle verte høyrde, og at saka so skulle debaterast mellom dei folkevalde.

Her er eit utklipp frå sakshandsaminga i planutvalet i juni 2010:

Utval for plansaker har ikkje teke stilling til om kommunen bør gå inn for det omsøkte
tiltaket. Reguleringsplanen består av konsekvensutgreiing, risiko- og sårbarheitsanalyse,
plankart og reguleringsføresegner. Planen vert lagt ut til offentleg ettersyn for å hente inn
innspel og merknader til alle delane av reguleringsplanen, medrekna om tiltaket bør
gjennomførast eller ikkje.

So kjem Myrvang med illusjon nummer 3. Han hevdar at kommunestyret har hatt fleire politiske dagar, der vi har debattert saka, m.a i oktober 2010. Kvar har du dette frå Håkon, og kvifor har ikkje nokon av dei andre i kommunestyret vore invitert til desse debattane?

Er det ingen som veit kva dei står for lengre?

Etter utallige telefonar frå vener og venniner, satt eg meg i kveld ned foran tv-en for å sjå nyheitene. Og eg er skuffa. No vil regjeringa opne opp for oljeboring utanfor kysten av Møre. Der har ein av verda sine største fiskebestandar gyteplass. Kvart år blir det tatt opp fisk til omtrent 2 milliardar måltid frå det området. Etter at Fredrik Hauge, leiaren for Bellona og Norsk Havforskningsinstitutt hadde uttalt seg, satt eg igjen, rimeleg skuffa. Sp og Sv kallar seg sjølve for miljøparti. Og no sit dei i regjering med Ap, som tydelegvis ikkje veit heilt kvar dei står lengre. Om Sv og Sp seier ja til dette, trur eg dei signerar sin eigen dødsdom. Sp som ofte blir rekna som bondepartiet, og som er rimeleg store her i Sogn og fjordane, vil ha levande bygder. Men no sit dei i ei regjering som vil øydelegge eit område som gjev arbeid til så utruleg mange. Dei vil kanskje vere med på å øydelegge ei næring som har utruleg lang tradisjon. Og nok ein gang kjem spørsmålet om oljeboring opp. Er det riktig at fisken alltid må vike for olja? Kvar dag døyr tusenvis av menneskjer av sult. Og her i Noreg vil vi forureine og øydelegge matressursar slik at vi skal bli enda rikare. Skal grådigheita inga ende ta? Bryr vi oss ikkje lengre om omverdenen. Har vi mista all for for medynk med andre menneskje? Når regjeringa kom med denne uttalelsen skapte det stor provokasjon hos mange. Og eg er einig. Skal dei berre få styre på som dei vil? Er det ingen som skal sette foten ned og seie; Nok er nok? Eg seier meg i alle fall einig med fiskaren. Om Sv og Sp vil ha velgarar og ei framtid innanfor politikken, bør dei sette foten ned no! Eller komme seg til svarte ut av regjeringa.

- Provosert NU medlem.

Farleg sosialistisk køkultur

Ein av dei tinga som verkeleg kjenneteiknar dagens sosialistiske regjering beståande av Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet er at dei køane som påverkar folk sine liv som mest, har auka dramatisk. Det står fleire i bilkø enn nokon gong tidlegare. Fleire står i helsekø enn nokon sinne. Fleire rusmisbrukarar står i kø for å få rusbehandling, og fleire ungdommar ventar på psykiatrisk behandling.

Liv går tapt i desse køane. Det må folk snart ta innover seg.

Dei mest graverande av desse køane, slik eg ser det, er helsekøane. I eit land som Noreg skal ein ikkje stå årevis i kø for å få behandling. Difor reduserte Høgre helsekøane med 85.000 pasientar, med 85.000 menneske, medan vi sat i regjering for fire år sidan. Stoltenberg-regjeringa som Liv Signe Navarsete, Erling Sande, Reidar Sandal, Ingrid Heggø og Heidi Grande Røys anten støttar på Stortinget eller sjølv direkte er ein del av, har auka køane med 36.000 pasientar; med 36.000 menneske. Og det berre dei siste to åra. No står over 250.000 menneske i helsekø.

Liv går tapt i desse køane. Detdesse personane snart ta innover seg!

Desse same personane som eg ramsa opp ovanfor har alle fått prenta Jens Stoltenberg sitt slagord nummer éin i panna: ”Velferd framfor skatteletter!” – eit utslag av allergi for alt som luktar av privat eigarskap og utvikling – som står fram som det evige mantra frå koalisjonen. Sanninga er at skatteletter aukar den private velferda for folk flest- som etter mitt skjønn er vel så viktig som den offentlege. Det er ei velplassert retorisk modifisering av røynda, ein blank løgn, at skatteletter fører til reduserte inntekter for det offentlege. Tvert imot ser vi at når det generelle skattetrykket letnar for både bedrifter og privatpersonar fører dette til større aktivitet og skaparlyst og følgjeleg ein større skatteinngang for storsamfunnet.

Med intensjonen til regjeringa, eller i alle fall den påståtte intensjonen i bakhovudet må vi vel kunne einast om at det må kallast sjølve definisjonen på dobbelmoralisme at talet på private helseforsikringar òg har auka under denne regjeringa. Eg legg i tillegg til at tal plassar i private rehabiliteringsinstitusjonar har vorte redusert med 53.000 under dagens regjering, til trass for at mange står i kø for å få eit tilfredsstillande rehabiliteringstilbod, eller eit rehabiliteringstilbod i det heile. Min konklusjon vert difor: AP, SV og SP er mest opptekne av den ideologiske kampen for det offentlege monopolet, enn av pasientane sitt ve og vel, og nektar å betale for nødvendig behandling i private institusjonar. For det er det Høgre vil: staten skal betale for at du skal få behandlinga du treng anten det er ein privat eller ein offentleg tilsett lege som behandlar deg. Det viktigaste for oss er at du får behandlinga du treng, ikkje ideologiske kjepphestar og billeg retorikk partia imellom.

Med Høgre i regjering skal køane ned, og helst vekk. Høgre har kutta i køar før. Til hausten vil vi gjerne gjere det igjen.

Jacob Nødseth, stortingskandidat for Sogn og Fjordane Høgre

Naturvernforbundet er ein klimabremse

Erling Sande

Naturvernforbundet meinar at utbygging av småkraft trugar det biologiske mangfaldet. Senterpartiet vert skulda for å ikkje greie å ha to tanker i hovudet samstundes.

Sjølv har leiaren i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, mange tankar – men det nyttar lite når dei står i direkte motstrid med kvarandre. Han markerer seg både med krav om auka satsing på fornybar energi, samstundes med protest mot anlegga som skal produsere energien.

STIKK KJEPPAR I HJULA
Naturvernforbundet har berre dei siste åra markert motstand både mot vindkraftverk, vasskraft og mot bioenergi i skog gjennom å gå mot utbygging av skogsvegar. Dei protesterar også mot kraftliner som skal føre straumen fram. Det vert lite utbygging av ny rein og fornybar energi av slikt.

Senterpartiets politikk tek omsyn både til miljøet og til ny fornybar energi. Vi og Naturvernforbundet er begge tilhengarar av opprustning av eksisterande kraftverk. Haltbrekken meinar at utbygde og ”øydelagde” område kan utnyttast, mens urøyrd natur må sparas. Her tek han feil på to punkt.

SMÅ INNGREPSTOR VERDI
Først er det viktig å presisere at sjølv om eit område er utbygd, er det ikkje øydelagt. Dagens utbyggingar tek store miljøomsyn. Småkraftverk er ofte små utbyggingar som gjer minimale inngrep i naturen. Samstundes produserer dei verdifull og rein kraft. Vindturbinar må stå på stader der det bles. Slike område er ofte ikkje bygd ut. Med andre ord blir det særs vanskeleg å få fullt trøkk på vindkraftsatsinga om ein skal følgje Haltbrekkens råd.

Dersom vi ikkje skal få bygge anlegg til å bygge fornybar energi, så kjem det heller ikkje meir fornybar energi på marknaden. Dermed får vi heller ikkje erstatta den forureinande energiproduksjonen.

Senterpartiet tar trugsmålet om tap av biologisk mangfald på alvor. Nettopp difor må vi satse vidare på småkraft og anna ny fornybar energi. Vi er einige i at nokre naturområde og vassdrag skal skjermast mot utbygging, men Naturvernforbundet rundt om i landet protesterer mot nær sagt alle prosjekt.

GRØN ENERGI MOT KLIMAENDRING
Haltbrekken har grunn til å frykte tap av biologisk mangfald – men for å få gjort tiltak som verkeleg monner, må han løfte blikket litt. Klimapanelet til FN (IPCC) har anslått at ved en temperaturauke på til dømes 4 grader, vil over 40 % av dagens kjente arter utryddast.

Fortsetter dagens utvikling i forhold til CO2-utslipp, kan utfallet bli dystrare. Det aller største trugsmålet mot verdas biologiske mangfald, er klimaendringane. Dersom vi ikkje lukkast i å få frem meir grøn fornybar energi, lukkast vi ikkje i klimakampen.

Av Erling Sande, energi- og miljøpolitisk talsperson for Senterpartiet.