Viser arkivet for stikkord stongfjorden

Bygda vår er i forfall.

Dette var hovudsaka i Firda 9 september, der Thomas Karlsen var avbilda på framsida og teksten lydde: Butikken i Stongfjorden lagt ned- No rauk skulen og håpet om setjefiskanlegget ser ut til å være ute. Det er ikkje mykje att her. Bygda vår er i forfall.

Underteikna og vi vil tru mange andre Stongfjordingar ser ikkje so svart på framtida som Thomas Karlsen og Roy Sævik gir uttrykk for i Firda. Vi synes sjølvsagt det er svært trasig at det ser ut til at butikkdrifta ikkje vert vidareført av nye drivarar. Vi veit butikken er viktig både for oss fastbuande, næringsliv og turistar og ikkje minst er butikken i ei grend som Stongfjorden viktig som møteplass. Spesielt vanskeleg kan det verte for dei som sjølv ikkje kan køyre eigen bil til Kvammen eller Askvoll for å handle og er prisgitt det busstilbodet vi har.
Når det no dessverre ser ut til at butikkdrift ikkje vert vidareført er vi glade for den store innsatsen til hovudaksjonær i selskapet som eig bygget, Helge Myklebust har gjort med å få laga til kafe/pub-lokale i «butikk»bygget. Vi håpar inderleg at han lykkast med å få nye leigetakarar som greier å utnytte potensialet og skape ein møteplass både på dag og kveldstid, kvardag og helg.
Når det gjeld Marine Harvest sitt setjefiskanlegg hevdar Karlsen at dette er torpedert (det var so mange som gjekk mot det at det ser ikkje ut til å bli noko av). Reguleringsplanen vart stadfesta/ godkjent sist veke. Fylkesmanne opplyser 9 september at dei ikkje har behandla søknaden om utsleppsløyve. Dei seier at dei har vore i kontakt med Marine Harvest og bedt dei vurdere å utgreie et alternativt utsleppspunkt før søknaden vert endeleg behandla. Pr d.d. hadde ikkje Fylkesmannen motteke nokon tilbakemelding frå Marine Harvest, på kva dei ville gjere. Anten få søknaden behandla slik den ligg føre eller gjere tilleggsutgreiing. I samtale med Marine Harvest 9 september vert uttalen frå Fylkesmannen stadfesta og dei seier vidare at dei pr d.d ikkje har sendt inn ny/korrigert søknad. Dei har ikkje tatt stilling til kva dei vil gjere. Marine Harvest opplyser at dei hadde hastverk med å få større kapasitet på setjefiskanlegga då dei starta arbeidet med framlegg til privat reguleringsplan i Stongfjorden. Men sidan reguleringsarbeidet tok tid og dei i mellomtida har fått utvida/ nye anlegg andre stadar i landet, er ikkje behovet i dag prekært. Andre faktorar som no er vel so viktige for realisering av anlegget i Stongfjorden er finansiering. Marine Harvest sin representant delte ikkje framstillinga i Firda, men han trudde det ville ta litt lenger tid en først tenkt å få bygt setjefiskanlegget.
Elles vil vi hevde at investeringane som er gjort i primærnæringane siste åra i Stongfjorden viser eit bilde av stor optimisme og er langt frå påstandane som kjem fram i Firda. Utan at vi sit med konkrete tal, meiner vi at vi ikkje tek for mykje i om ein seier det er investert for om lag 25 mill siste 2-3 år.
Personleg har vi fått regulert eit område for fritidsleilegheiter i fjøresteinane på eigendommen vår. Vi har nett gjennomført et forprosjekt for å greie ut kva marknaden vil ha av slike tilbod, noko som enda med etablering av Nesavika Fritid.
Vi delar IKKJE pessimismen til Thomas Karlsen og Roy Sævik og ser heller optimistisk på framtida med tanke på utsiktene til utvikling og fornying både i bygda og elles kringom i kommunen Vi har tru på at vi skal få realisert vårt prosjekt og håpar andre lykkast med sine planar.

Liv og Gisle Stafsnes

(11.09.2014)

Kyrkjemassakre i Asvoll kommune

Soknerådsleiar i Askvoll Ole Andreas Myrstad har tatt på seg oppgåve med å leggje ned to kyrkjer i kommunen. For meg kan dette samanliknast med ein ukristeleg massakre.
Han fortel til Firda at soknerådet ikkje har informasjonsplikt. Har det ikkje? Kanskje det, men det er no verkeleg rett og rimeleg at slik info kjem ut til kyrkjas brukarar og bygdene sine innbyggjarar før det blir fatta eit vedtak. Eg synest rett og slett det er respektlaust av soknerådet å gå for eit slikt forslag.
At det er dårleg oppmøte på gudstenesene, kan eg vere samd i, men når vi reknar gjennomsnittet pr. innbyggjar er eg ikkje trygg på at hverken Værlandet eller Stongfjorden kjem noko dårlegare ut enn dei andre kyrkjene. Kyrkjene slit generelt med besøkstala sine i heile kongeriket, og dersom talet besøkjande skal avgjere oppretthalding av kyrkjer vil mange Gudshus bli avvikla. Og det er etter det eg kan minnast ikkje heilt i tråd med den bibelsoga vi lærde på den nedlagde Stongfjorden skule. Der kom det fram at sjølv den minste menigheit skulle få tilgang på Ordet og Vegen.
Om soknerådet meiner at talet på sokneborn vil stige i dei kyrkjene som ennå er att som følgje av desse avviklingane, trur eg ein vil bli skuffa. Resultatet blir berre at nokre færre får høyre den gode bodskapen, i tillegg til at liva til dei som bur i desse bygdene blir gjort vanskelegare, ikkje minst i stituasjonar då ein treng kyrkje mest av alt; t.d. under gravferder og dåp.
Avstanden blir for stor ein søndag føremiddag. Soknerådet har også lagt til grunn avstanden til næraste alternative kyrkje.Jaha; Askvoll, Holmedal eller Kvammen. Sjå føre dykk eit gravfølgje gjennom Eidsfjorden eller heilt ifrå Kvammen…. Trur det blir mangen som ikkje blir følgd heilt til grava då. Ved dåpen får vi vårt første møte med kyrkja og ved døden avsluttar vi det. I mellomtida har vi kanskje både konfirmert oss og gifta oss i desse kyrkjene.
Mange har eit forhold til si kyrkje, som ikkje kan erstattast med andre kyrker. Ein skal ikkje kimse av kultur og identitet i slike saker. Dessutan er det ikkje berre “netto” å leggje ned kyrkja i Stongfjorden. Huset er ikkje eigd av bygda fullt og heilt, så vedlikealdkostnadar vil det likevel vere. Biskopen si avgjer skal ikkje takast før i juni, så her må det klagast for alt det det er verdt. Biskopens rolle er å forfekte orda hente frå songen; “…kom til den hvitmalte kirke”, ikkje å stenge døra for sokneborna, sjølv om dei ein vanleg søndag kan vere få.
Ingelin Stang, Stongfjorden/Florø

Småkommunanes svøpe

Måndag la Askvoll kommunestyre ned skulen der eg gjekk mine første seks skuleår. Vemodig og trist for meg, sjølsagt. Tragisk for barna som går der i dag. Og for bygda. For samtidig tok dei kvelartak på eit sterkt og vitalt engasjement, og ein optimisme som har blomstra i Stongfjorden dei siste åra.

Mens Askvoll kommune har halta av garde med eit sviktande folketal og eit næringsliv som i beste fall har stått i stampe, har Stongfjorden hatt vind i segla, skapt fleire arbeidsplassar og dratt store mengder nye innbyggarar til bygda og kommunen. Skatteinntekter. Det viktigaste ein kommune treng.

Og så, når effekten av engasjementet er i ferd med å materialisere seg, elevtalet i skulen peikar oppover, barnehagen er sprengt og mange fleire står klare til å flytte til bygda, så bestemmer altså administrasjonen og dei som er valde til å vere politikarar seg for legge ned skulen. Grunnpilaren i eit levedyktig samfunn. Eit hastevedtak, køyrt igjennom i ekspressfart, utan konsekvensutgreiing, med umiddelbar verknad, ifølge dei som har følgt prosessen tett.

Tragedien starta med at Askvoll-politikarane jubla over at dei var i ferd med å få skikk på den sedvanleg skakkøyrde økonomien, heilt til ein eller anna utpå ettervinteren oppdaga ein utgiftspost på seks-sju millionar som nokon hadde gløymt å ta med i rekneskapet.

Som alltid når det har stått dårleg til med økonomien i Askvoll, og det har det stort sett gjort, er det nedlegging av Stongfjorden skule som er løysinga. Sju gonger dei siste 13 åra har protestane ljoma og fornufta sigra til slutt hos eit fleirtal av politikarane. Genitrekket som til slutt overlista fornufta, var ingen utgreiing og minimal betenkningstid.

Etter at Høgre-ordføraren og hennar våpendragarar hadde feira nedlegginga denne måndagen, sette ho seg på Facebook og delte stolt ei lenke til Dagblad-artikkelen om at Askvoll er Norges nest billegaste kommune å bu i. Ingen eigedomsskatt og minimalt med andre kommunale avgifter. Berre slått av Sola i Rogaland.

Høgreordførarens hovering fekk underteikna til å kommentere med følgande:

”Interessant å sitte utanfor og sjå inn på det som skjer i ein kommune som er ei naturperle med alle muligheiter. Endeleg toppar Askvoll ei liste med positivt forteikn. Og då kan det vere naturleg for deg som ordførar å slå deg på brystet. Så gratulerer! Den store skilnaden mellom nummer ein og to på denne Dagblad-lista, er at Sola er eit mønsterbruk. Veldriven, oljesmurt og nedsylta i oljemillionar. At dei kan tillate seg å sponse innbyggarane med låge avgifter, kan forståast.

I motsett ende av den skalaen fins Askvoll, bankerått, minimal næringsvekst og konstant jaga av fråflyttingsspøkelset. Det er imponerande, eller kanskje heller oppsiktsvekkande, at de har råd til å vere så rause med innbyggarane. Eller har de eigentleg råd? Var det ikkje slik at de la ned kommunens mest tradisjonsrike skule i går? For å bøte på kommunens økonomiske vanstyre.

Dei fleste ordførar i din situasjon ville nok håpa at ingen las denne Dagblad-artikkelen. At dette var for pinleg. Og aller mest skammeleg. Og frykteleg provoserande for barna og bygda som ufortent må betale prisen.”

Ordføraren svara aldri på kommentaren. Ho fjerna innlegget frå FB. Det var lurt.

Små kommunar slit ofte med å rekruttere gode folk til styre og stell, det er ei kjent sak og eit verkeleg problem. Ein kommune er som ei stor verksemd med mange tilsette. Skilnaden er at det i næringslivet oftast handlar om å bygge kapital, profitt, pengar. I kommunen handlar det alltid om å jobbe for folket. Kommunen er utelukkande til for folket, ikkje omvendt. Gjere livet godt å leve for dei som har valt å bu der.

For å få til det, trengs god økonomi og god økonomistyring. Det siste har med kompetanse å gjere. Det første handlar om langsiktigheit og klokskap. Eit bedriftsstyre som med opne auger legg ned ei av sine potensielt viktigaste inntektskjelder, blir fort kasta av aksjonærane. I ein kommune er det folket som er aksjonærar.

Folket i Stongfjorden, og mange andre bygdefolk kringom, kan berre håpe at ei kommunesamanslåing kjem raskt.

Stongfjorden skule

I oppslag i Firda 29.05. kan vi lese at ordføraren i kommunen er bekymra for det faglege og sosiale miljøet for elevane ved Stongfjorden skule, og nemner dette i samband med debatten om skulen skal oppretthaldast eller avviklast. I avisartikkelen vert det ikkje vist til bakgrunn for uroa ein kjenner.

Så langt har diskusjonen rundt skulestruktur handla om kommuneøkonomi, og i dokumenta frå administrasjonen i kommunen går det fram at det ikkje er heilt enkelt å rekne ut nøyaktig innsparing på å legge ned skulen i Stongfjorden. Dersom ein skal uttale seg om elevane sitt faglege og sosiale miljø, er ein inne på element som er endå vanskelegare å måle og ev. samanlikne.

Sant nok er Stongfjorden skule liten, med 9 elevar på 1.-4. klassesteg. Det tette samarbeidet med barnehagen (skulen og barnehagen er éi eining med felles leiar) gjer likevel at miljøet for både elevar og lærarar er større enn det elevtalet ved skulen tilseier. Gjennom samvere og samarbeid med barnehagebarna utviklar skuleelevane ein sosial kompetanse som dei vil ha nytte og glede av gjennom heile livet – og som dei fleste foreldra i bygda ser på som så viktig at dei har valt å bruke nærskulen sin. Også barna i barnehagen profitterer på å vere saman med skuleelevane i leik og læring.

Dersom kommuneleiinga er i tvil om det faglege og sosiale miljøet ved ein skule er godt nok, bør dette røkjast etter og takast opp på andre måtar enn gjennom avisa. Utdanningsforbundet Askvoll har kome med ein eigen høyringsuttale i samband med eventuell nedlegging av Stongfjorden skule. Vi viser til denne uttalen, og forventar at debatten om skulestruktur i kommunen vert ført med argument som er utgreidde og kjende for alle partar.

Utdanningsforbundet Askvoll
Magnhild Hoddevik, leiar

Vinterlys ved Stongfjorden i Askvoll.