Viser arkivet for stikkord strutsesyndromet

Naustdal og Strutsesyndromet

Ein ting skal du no ha, du skjuler ikkje mangelen på forståing for argument og poeng Odd. Men eg vel å tolke innlegget ditt i Firda 08.07(som tilsvar til mitt) dertil at du gjerne framviser kva som gjekk gale i den kommunale handsaminga av Engebøprosjektet. Dersom du sit att med minnet om at eg sidan starten har argumentert mot saka, forstår eg litt meir av posisjonen din. Men er dette korrekt? Dagens situasjon, med den kunnskapen vi no sit med, ville derimot gjeve meg full tillit for eit slikt utgangspunkt. Saka har vist seg som ein tverrpolitisk verkebyll av dimensjonar. Det som no er det største problemet, er at regjeringa må handtere eit lokaldemokratisk fatta vedtak som i utgangspunktet burde vere nesten proforma opp gjennom systemet, men som viser seg totalt blotta for fornuft og reell politisk handsaming. Det er nok ikkje enkelt for dei.

Men kva var det eg argumenterte mot Odd? Kva er det eg har ”svartmåla”? Eg stemde imot planprogrammet i 2007, av den enkle grunn at eg fann grunnlaget for tynt og for smalt. For eksempel skulle ein berre utgreie sjødeponi, sjølv om ordføraren bedyra at andre løysingar kunne kome til, noko han har teke 100% avstand frå i ettertid. Samstundes meinte eg at det var galskap å setje bukken til å konsekvensutgreie havresekken. Sidan 2007 las eg meg opp på alt som kom frå Nordic Mining og NIVA, all anna relevant informasjon og kunnskap eg kunne kome over som omhandla gruvedrift og ikkje minst sjødeponi. Samt erfaringar frå eksisterande og tidlegare bruk av sjødeponi. Alt peika i same retning, sjødeponi var ei utdatert form for avfallshandtering.

Frå konsekvensutgreiinga kom på bordet i 2009, brukte eg tida mi på å gjennomgå denne, og setje problema opp imot løysingane, og alternativa. Det som slo meg var at der var ”ingen problem”. Alt som ikkje var bra kunne løysast enkelt, gjennom avbøtande tiltak. Kva er eit avbøtande tiltak Odd? Her skulle det dumpast 11tonn kjemikalieblanda støv og slam i minuttet, 24timar i døgnet, 365 dagar i året i 40-50år i ein nasjonal laksefjord med tilhøyrande nasjonale laksevassdrag, utan at dette var problematisk???

Eg har gjenteke SV sine krav i den lokalpolitiske handsaminga av prosjektet til det kjeisame. Men eg registrerar at du framleis vel å sjå vekk ifrå dei. Gjekk SV i Naustdal kategorisk imot gruvedrift på Engebø Odd? Har eg på noko tidspunkt argumentert imot gruvedrift som næring Odd? Kva er det du meiner eg har argumentert imot?

Det viktigaste eg les utav svarinnlegget ditt Odd, er at du peikar på det største, og antakeleg utløysande problemet i Naustdal si handsaming av saka. Problemet var ikkje at eg la vekt på dei positive sidene ved prosjektet, men at resten berre la vekt på dei problematiske sidene. Her er eit tankeeksperiment Odd: Dersom du avgjer ei sak utifrå dei positive sidene, korleis løyser du problema? Dersom du ikkje tek tak i det som ikkje er so bra, korleis gjer du noko betre?

Dersom eg og hadde avgjort min ståstad i saka utifrå kva positivt som kunne kome utifrå gruvedrift på Engebø, kven skulle då ha sett fokus på alt ved denne saka som er problematisk? Eller løyser alle slike problem seg av seg sjølv, berre vi let dei vere? Kanskje dei negative konsekvensane ikkje vert noko av, om vi berre vil det nok? Eg let dette tankeeksperimentet henge litt, so kan du kome attende med svar om du vil. Det kan vert interessant.