Viser arkivet for stikkord sv

Arbeidsplassar og miljø, ikkje enten eller!

Nordic Mining har kome med utgreiingane Miljøverndepartementet, og miljøvernminister Bård Vegard Solhjell kravde i 2013. Eller har dei det?

Eg har lese meg gjennom den enorme mengda med dokument og underlagsrapportar som Nordic Mining(NM) har lagt fram. Og sit med ein lei følelse av at: “Dette har eg sett før”.

Les meir…

Naustdal og Strutsesyndromet

Ein ting skal du no ha, du skjuler ikkje mangelen på forståing for argument og poeng Odd. Men eg vel å tolke innlegget ditt i Firda 08.07(som tilsvar til mitt) dertil at du gjerne framviser kva som gjekk gale i den kommunale handsaminga av Engebøprosjektet. Dersom du sit att med minnet om at eg sidan starten har argumentert mot saka, forstår eg litt meir av posisjonen din. Men er dette korrekt? Dagens situasjon, med den kunnskapen vi no sit med, ville derimot gjeve meg full tillit for eit slikt utgangspunkt. Saka har vist seg som ein tverrpolitisk verkebyll av dimensjonar. Det som no er det største problemet, er at regjeringa må handtere eit lokaldemokratisk fatta vedtak som i utgangspunktet burde vere nesten proforma opp gjennom systemet, men som viser seg totalt blotta for fornuft og reell politisk handsaming. Det er nok ikkje enkelt for dei.

Men kva var det eg argumenterte mot Odd? Kva er det eg har ”svartmåla”? Eg stemde imot planprogrammet i 2007, av den enkle grunn at eg fann grunnlaget for tynt og for smalt. For eksempel skulle ein berre utgreie sjødeponi, sjølv om ordføraren bedyra at andre løysingar kunne kome til, noko han har teke 100% avstand frå i ettertid. Samstundes meinte eg at det var galskap å setje bukken til å konsekvensutgreie havresekken. Sidan 2007 las eg meg opp på alt som kom frå Nordic Mining og NIVA, all anna relevant informasjon og kunnskap eg kunne kome over som omhandla gruvedrift og ikkje minst sjødeponi. Samt erfaringar frå eksisterande og tidlegare bruk av sjødeponi. Alt peika i same retning, sjødeponi var ei utdatert form for avfallshandtering.

Frå konsekvensutgreiinga kom på bordet i 2009, brukte eg tida mi på å gjennomgå denne, og setje problema opp imot løysingane, og alternativa. Det som slo meg var at der var ”ingen problem”. Alt som ikkje var bra kunne løysast enkelt, gjennom avbøtande tiltak. Kva er eit avbøtande tiltak Odd? Her skulle det dumpast 11tonn kjemikalieblanda støv og slam i minuttet, 24timar i døgnet, 365 dagar i året i 40-50år i ein nasjonal laksefjord med tilhøyrande nasjonale laksevassdrag, utan at dette var problematisk???

Eg har gjenteke SV sine krav i den lokalpolitiske handsaminga av prosjektet til det kjeisame. Men eg registrerar at du framleis vel å sjå vekk ifrå dei. Gjekk SV i Naustdal kategorisk imot gruvedrift på Engebø Odd? Har eg på noko tidspunkt argumentert imot gruvedrift som næring Odd? Kva er det du meiner eg har argumentert imot?

Det viktigaste eg les utav svarinnlegget ditt Odd, er at du peikar på det største, og antakeleg utløysande problemet i Naustdal si handsaming av saka. Problemet var ikkje at eg la vekt på dei positive sidene ved prosjektet, men at resten berre la vekt på dei problematiske sidene. Her er eit tankeeksperiment Odd: Dersom du avgjer ei sak utifrå dei positive sidene, korleis løyser du problema? Dersom du ikkje tek tak i det som ikkje er so bra, korleis gjer du noko betre?

Dersom eg og hadde avgjort min ståstad i saka utifrå kva positivt som kunne kome utifrå gruvedrift på Engebø, kven skulle då ha sett fokus på alt ved denne saka som er problematisk? Eller løyser alle slike problem seg av seg sjølv, berre vi let dei vere? Kanskje dei negative konsekvensane ikkje vert noko av, om vi berre vil det nok? Eg let dette tankeeksperimentet henge litt, so kan du kome attende med svar om du vil. Det kan vert interessant.

Fleire med hovudet i sanden.

Ole Erik Thingnes seier i Firda 4/7 at eg er ramma av “strutsesyndromet”. Eg vil hevde at syndromet rammar breiare. Naustdal SV argumenterte jo klart mot dette prosjektet i kommunestyret lenge før vi visste noko som helst om konsekvensane. Partiet tok standpunkt i denne saka før det var utført konsekvensutgreiing. Er ikkje det og å stikke hovudet i sanden? Er ikkje det å nekte å ta inn over seg kunnskap og fakta?

Det er reagerer mest på er retorikken og svartmalinga som motstandarane kjem med. Den er det ikkje faktagrunnlag for. Dei eventuelle negative konsekvensane blir sterkt overdrive, medan dei positive konsekvensane for kommunen og for regionen blir bagatelliserte. Vi må prøve å sjå heile bildet. Thingnes veljer, truleg heilt bevisst, å sjå heilt vekk frå at det ligg til grunn ei svært grundig konsekvensutgreiing som er utarbeida av eit anna renommert fagmiljø i Noreg, og som konkluderer med at dei negative konsekvensane mest sannsynleg blir små og mellombelse.

SV si rolle i ei ny raudgrøn regjering

Etter å ha lese reportasjen om “gruve-utolmod” hjå Sp i Sogn og Fjordane og i Naustdal Sp, er eg ikkje i tvil om kva som er ei av dei viktigaste rollene SV vil ha i ei ny raudgrøn regjering. SV er rett og slett den sosialistiske og rettferdige miljøvaktbikkja. Verken Ap eller Sp står for eit miljøsyn som er eigna til å stå aleine, det kjem ikkje minst til uttrykk i den nemde reportasjen. Men saman med SV ser alt mykje betre ut.

Høgre og Frp i fylket har og flagga eit skremjande syn i denne saka, at nye pendlar-arbeidsplassar(les: utanlandske) og Nordic Mining sin aksjekurs er viktigare enn omsynet til eigne innbyggarar, Førdefjorden og framtida til eksisterande næringar.

Dette viser i alle høve at SV ikkje er gått ut på dato. Miljøvernminister Bård Vegard Solhjell er ein av dei tøffaste og mest uredde politikarane eg veit om. At han klarte å få med seg resten av regjeringa på det som vart det foreløpige svaret til gruveselskapet vert ståande som ein miljømilepæl i denne saka. Etter 4års sakshandsaming var det endeleg nokon som tok seg tid til å lese sakspapira, og som høyrde på dei kritiske røystene. 95% er ikkje berre andelen av fjellet som skal dumpast som slam og støv i Førdefjorden, det er også prosenten av negative innspel i den kommunale prosessen. Miljøvernministeren og SV gjorde det som resten av kobbelet ikkje hadde ryggrad til, å spyrje seg om det kanskje kunne vere noko i det når alle faglege råd gjekk imot til dømes sjødeponi.

For meg som kjenner saka betre enn eg eigentleg skulle ynskje, som har vore med gjennom heile prosessen og prosessane som har vore tidlegare, er det rimeleg surrealistisk å lese og høyre kva enkelte politikarar får seg til å kome med. Førdefjorden er ikkje noko “eksperimentell leikeplass” for storkapital og avfallsdumping. Mineralindustrien har ikkje nokon unik rett til å kunne forsøple matfatet vårt, og ruinere eksisterande næringar til lands og til vanns. Eg forventar at lokale politikarar i Naustdal og Sogn og Fjordane forøvrig evnar å sjå andre enn sine eigne behov, og evnar å sjå det store bilete. Rutilen på Engebø reiser ingen stader, i alle fall ikkje i havet om SV har noko dei skulle sagt. Teknologisk og kunnskapsbasert næringsutvikling og miljøvern er ikkje motsettingar, men 2 sider av same sak. Det eine overlev ikkje utan det andre.

Sjølvsagt skal vi take vare på miljøet seier dei alle som ein. Korleis då? Korleis vil de ta vare på miljøet når de ikkje ein gong har tolmod til å vente på utgreiingar som i det minste kan gje eit lite innblikk i forutsettingane for tiltaket? Eg trur nesten eg no er so pass frampå at eg forlangar eit konkret svar.

Lat mineralet ligge til det er forsvarleg å hente det ut. Naustdal kommune treng å bruke energien sin på tiltak som faktisk gavnar innbyggarane og kommuneøkonomien, det er og har vore mitt viktigaste argument. Naustdal er på god veg til å verte ein av sunnfjords bustadpærler, draumen midt mellom Førde og Florø. Det einaste som manglar er ein fornuftig og edrueleg, men ekspansiv og framtidsretta næringspoltikk. Hovudet framoverlent, men begge føtene godt planta på landjorda.

SV ynskjer å fortsetje i regjering, med Sp og Ap, nettopp fordi vi betyr ein forskjel. Ap, Sp og SV utgjer eit fullstendig og komplett politisk bilete, med god politikk på mange områder. At SV ikkje får betalt for alle sigrane i regjering er noko som fyljer med eit slikt samarbeid, men det betyr ikkje at vi har mista funskjonen vår. SV er miljøalibiet til den raudgrøne regjeringa. Og vi trengast i aller høgaste grad framleis. Dersom du meiner miljø og rettferd er viktig, treng du ikkje vere i tvil om kva parti du skal stemme 09.09.13.

SV i regjering er naudsynt for å få Noreg gjennom miljønålauget. Godt val.

Har Førdefjorden ingen verdi?

Igjen kan vi lese eit innlegg i Firda(10.04.2013) frå nokon i Sogn og Fjordane som ikkje ser verdien av Førdefjorden. Ikkje berre er han i utakt med folket(ref:undersøking gjort av Nationen), men og med eiga regjering og Føre-var-prinsippet.

Mineralstrategien som regjeringa nyleg har lagt fram er eit godt reiskap for kartlegging av ressursar, og fornying av mineralnæringa. Her skal det mellom anna forskast på meir miljøvenleg teknologi for handtering og minimering av restavfall, og på teknologi for å redusere bruk av kjemikaliar. Regjeringa tek med denne strategien mål av seg til å gjere Noreg til eit av dei verdsleiande landa på miljøvenleg gruvedrift.

Her er i ligg problemet med prosjektet på Engebø. Dette prosjektet legg slett ikkje opp til å gjere dette på best mogeleg måte for miljø, natur, folk eller eksisterande næringar. Mineralstrategien opnar heller slett ikkje for sjødeponi i Førdefjorden slik enkelte hevdar. Referert frå mineralstrategien: ” Det er ikke mulig å angi på generelt grunnlag hvilken type deponering som er miljømessig mest forsvarlig. Hvilken deponeringsløsning man bør velge må vurderes konkret i hvert enkelt tilfelle….Valg av deponiløsning må avgjøres på bakgrunn av en grundig og faktabasert vurdering av påvirkning på naturmiljøet, kostnader og mulige konsekvenser for annen næringsvirksomhet og andre interesser.”.

Når MD so finn faktagrunnlaget i søknaden ufullstendig, og alle faglege høyringsinstansar peikar på manglar, kva gjer dei? Jau dei krev utgreidd manglane, for å kunne gjere ei grundig og faktabasert vurdering. Kva anna kunne dei gjere? Dei kunne sjølvsagt sagt nei. Hadde vi vore nøgd då?

Til slutt i lesarinnlegget står der å lese fyljande: ”Prosjektet toler ikkje vidare utsettingar og ørkenvandring utan at det blir gitt eit konkret svar”. Nei det skulle eg meine. Men toler Førdefjorden eit ja til oppstart av dette prosjektet? Toler vi eit ”Ørkenprosjekt” i Førdefjorden? Alle faglege råd går imot, men nokon veit altso betre?

Prosjektet på Engebø er ikkje godt nok utreda, slik er det berre. Og det vert ikkje betre enn kor mange fråsegner, lesarinnlegg eller årsmøtevedtak nokon måtte ha. No må vi slutte å kalle ein spade for noko anna enn ein spade. Vi får avvente til resultata av dei supplerande utgreiingane ligg føre, og skulle dei vise at konsekvensane vert negative for fjorden so forventar eg at regjeringa og MD seier nei til prosjektet. Ganske enkelt fordi:

Naturen og miljøet har ein verdi! Folket og næringane langs Førdefjorden har ein verdi! Og ikkje mist, Førdefjorden har ein verdi!

SV og Førdefjorden

Solhjell og leiinga i SV feira i helga vedtaket om mellombels utsetting av sjødeponi-saka i Naustdal. Men kva var det eigentleg som skjedde? Jo, det var dei faglige råda som gjekk i gjennom og fikk styre, mens SV tek vedtaket til inntekt for si miljøsatsing. Offentleggjeringa av vedtaket var godt tima av SVs politiske rådgjevarar til same helga som SVs landsmøte og Naturvernforbudet i Sogn og Fjordanes årsmøte. Sett slik flaks, eller kanskje ikkje.

Miljøpartiet Dei Grøne i Sogn og Fjordane stør sjølvsagt SV i denne saka. Mottoet for valkampen vår i Sogn og Fjordane er nettopp «Reine Fjorder!» MDG vil aldri godta sjødeponi i Vevring og vil være garantist for at kommersielle interesser ikkje skal få presse igjennom sine planar i strid med faglege råd og miljøomsyn. Hovuddelen av kritikken må rettast mot Arbeiderpartiet og Høgre som i denne saka er inkonsekvente og dansar etter næringslivets pipe.

Samstundes er det viktig at SV viser at dei kan føre ein heilskapleg miljøpolitikk utover symbolsakane. Det står att med lite truverde i klimasaka etter å ha gjeve sin støtte til rekordhøge investeringar på over 300 mrd. i olje- og gass-sektoren i statsbudsjettet. Kvifor sitt Audun Lysebakken som partileiar i Helse- og Omsorgskomiteen viss miljø- og klimasaka er den viktigaste for SV? Og kvifor skal det være slik at miljø- og klimasaka skal dominerast av anten SV-sosialistar eller Venstre-liberalister?

Noreg treng eit blokkuavhengig miljøparti som ikkje binder seg til ein storebror slik SV og Venstre gjer. Eit parti som alltid vil ha miljø- og klimasaka høgst på agendaen både i valkamp og budsjettforhandlingar. Eit parti som byggjer politikken på forsking og empiri meir enn ideologi. Det partiet er Miljøpartiet Dei Grøne.

Set ”ikkje fornybare” arbeidsplassar framfor alt

Ei samla miljørørsle varslar enorme konsekvensar om Nordic Mining skulle få løyve til prosjektet sitt på Engebø. Dei fleste faglege råd går imot, og nye og eksisterande næringsinteresser står mot kvarandre.

Men nokre lokale politikarar raslar no med sablane i media og krev snarleg avgjerd. Eg forstår det slik at ein gjerne vil ha æra for desse ”ikkje fornybare arbeidsplassane” for ein kvar pris, men kva er det som hastar? Og kven er desse arbeidsplassane for? Er det slik at vi skal byte ut eksisterande arbeidsplassar for å få dette til? Ser ein på dei store linjene so er det ikkje nye risikoarbeidsplassar Noreg treng, men arbeidskraft. Vi må arbeide for å trygge dei arbeidsplassane vi har, og legge til rette for at eksisterande bedrifter kan få utvikle seg og vekse bærekraftig. Nye arbeidsplassar må og skapast, sjølvsagt. Men her og må vi tenke og handle bærekraftig. SV ynskjer ei satsing på fornybare ressursar og grøne arbeidsplassar. Tida er ikkje moden for å starte eit mineraleventyr utan sidestykke eller omsut for samfunn og miljø.

Noregs befolkning har valt eit storting til m.a. å forvalte naturressursane vi har til rådvelde. Dette skal dei gjere til beste for folk, natur, dyreliv og miljø. Kan vi leve med at nokre få kortsiktige arbeidsplassar og Nordic Mining si botnlinje er viktigare enn langsiktige skadeverknader av prosjektet? Eg har ikkje noko forståing for det valdsame politiske engasjementet for Nordic Mining. Selskapet har teke ein risiko, og den får dei stå inne for. For Noreg er det heilskapen som må ligge på vektskåla, ikkje kortsiktig økonomisk vinning og populisme.

Dersom Ap og Sp “skjer igjennom” i regjering, handlar dette om noko heilt anna enn miljø og arbeidsplassar. Sintef sin rapport på inntektspotensiale, bestilt av Sunnfjord Næringsutvikling tek ikkje stilling til nokon av dei store spørsmåla knytt til dette prosjektet, heller ikkje til nokon av kostnadssidene ved ei eventuell utbygging. Eg har vanskar med å sjå kva denne rapporten eigentleg er tenkt brukt til.

Nordic Mining sine planar for mineralutvinning på Engebø er framleis ikkje noko bærekraftig prosjekt, og vert ikkje betre av at lokale politikarar prøvar å koke saka ned til eit spørsmål om arbeidsplassar og inntekt. Dersom Noreg skal satse vidare på mineralnæring, so må dette gjerast med eit ressursøkonomisk generasjonsperspektiv. Minerala skal ikkje berre kome “oss” til gode, men og framtidige generasjonar. Vi kan ikkje fortsetje med kortsiktig gevinst på eingongsressursar. Arbeidsplassar og økonomisk vinning må vere sekundært, miljø og ressursforvalting primært. Kva hjelp det med arbeid i dag, om du ikkje finn mat i morgon?

Signert
Ole Erik Thingnes
Miljøpolitisk talsmann
Sogn og Fjordane SV

Kva er viktigast av grensa og eleven?

Leiar i hovudutval for opplæring, Norvall Nøringset (SV) har kome med nokre hjartesukk denne veka, med utfall mot politikarar frå HAFS-regionen, og særskilt mot politikarar frå Solund og Gulen. Hans utfall mot oss politikarar skal eg ikkje legge meg så tungt opp i, slik er no ein gong det politiske spelet, det eg reagerer på er at han tydeleg ikkje forstår viktigheita for foreldre å kunne vite at moglegheitene for oppveksande born å bu heime under vidaregåande opplæring er alvorleg viktig.

Les meir…

Regjeringa si svekking av posttenestene

Dei politiske partia Ap, SV og Sp har vore i ein fleirtalsregjering sidan 2005. Den skadelege utviklinga innan posttenestene har fortsatt under disse partia, med mange nedleggingar av postkontor.

Dei tilsette på postkontora hadde ein spesialkompetanse som ikkje har blitt teke vare på. Postkontor og daglegvarehandel er faktisk to ulike ting, og akkurat som butikkmedarbeidarar med fleire års erfaring med daglegvarehandel kan denne typen verksemd best, så var det dei som hadde arbeida på postkontor som hadde størst forståing for posttenester.

Å bytte ut postkontor med «Post i butikk» er snikprivatisering, og det står dessutan, slik eg ser det, i direkte motsetnad til denne formuleringa i regjeringa si eiga politiske plattform, ‘Soria Moria II’: «Vi vil føre ein aktiv distrikts- og regionalpolitikk (…)».

«Post i butikk» er eit dårlegare tilbod enn eit postkontor, og nesten alle som bur i Sogn og Fjordane må no nytte eit «Post i butikk»-tilbod. Posttenestene i Sogn og Fjordane har altså vorte dårlegare i regjeringstida til Ap, SV og Sp. Dette meiner eg er ein skikkeleg dårleg politikk.

Anders Hamre Sveen
Vara til landsstyret i Raudt
Stryn

Asylpolitikken må vere rettferdig, streng og konsekvent.

”La ungane bli!” skriv Hege Lothe og Vibeke Johnsen i Firda 22.03.2012. Men vil det vere rett? Debatten om dei 450 asylborna går høgt om dagen. Desse borna tilhøyrer familiar som ikkje har rett på opphald i Noreg. Trass avslag på søknad om asyl har desse familiane latt tida gå. Det har gått år. Dei har nekta å reise tilbake til familiens heimland.

Samstundes er det mange av dei som ikkje har rett på opphald som reiser ut frivillig. Andre blir sendt ut med tvang. Norsk asylpolitikk må vere streng, rettferdig og konsekvent. Vi må gi opphald til dei som verkeleg treng det. Og vi må behandle alle likt etter lova. Kor rettferdig vil det vere å la dei som har trenert heimreise i mange år, som bryt lova, bli premiert med opphald? Kva tenkjer dei som reiste frivillig om rettferd då? Det er ikkje rettferdig.

Enkelte vil utsetje utsending av desse familiane til stortingsmeldinga er ferdig. Men om ein tenkjer på borna, vil ikkje det å forlenge tida med usikkerheit og utryggleik berre gjere det vondt verre? Eg trur det. Det viktigaste av alt no vil vere å få avklart situasjonen, slik at dei slepp å gå i uvisse lengre. Dei har venta alt for lenge. Ei rask avklaring vil vere til bornas beste.

Lothe og Johnsen nevner FN sin barnekonvensjon. Regjeringa bryt ikkje denne ved å sende ut desse borna. Dette var statssekretær Lønseth klar på i radioprogrammet Dagsnytt 18 mandag 21.mars.

Det er lett å la seg rive med av kjensler og enkeltskjebnar i media. Men eg meiner det er veldig viktig at politikarane er konsevente og rettferdige her. Dei som har rett på opphald, etter lover bestemt av fleirtalet på Stortinget, skal vi konsentrere oss om å hjelpe. Dei som ikkje har rett på opphald må reise. Så enkelt er det eigentleg. Noreg er truleg som ei honning-krukke for mange mennesker i verda. Men vi kan desverre ikkje hjelpe alle som vil komme til landet vårt.

Odd Frantzen
Naustdal

Illusjonisten Håkon Myrvang

I Firda 09.09.2011 tek ordførar Håkon Myrvang seg friheita å kritisere to av sine kanskje argaste konkurentar i ordførarkampen i Naustdal, Sp sin Viggo Leikanger og SV sin Ole Erik Thingnes(underteikna). I sin iver etter å undergrave sine meddebattantar, og politiske motstandarar tek han ufine middel i bruk. Det han kjem med her vekker ikkje “undring” hjå meg, det vekker oppsikt. Dette er direkte feilinformasjon, Illusjonisme på sitt verste.

Når det gjeld val av trassè for 420kv kraftline kan vi takke Naustdal Ap for at ikkje Naustdal har gått samla mot og krevd sjøkabel/kabling. Myrvang har gjennom heile prosessen argumentert og jobba FOR 420kv line gjennom Naustdal. Dette harmonerar dårleg med “illusjonisten” Håkon Myrvang sine påstandar, og no krav om kompensasjon.

I angrepet på meg og SV, hevdar ordføraren at Naustdal SV stemde for Engebø prosjektet og sjødeponi…..? Ikkje at eg bekymrar meg for effekten, eg trur SV sine standpunkt og meinigar i denne saka er viden kjendt og heva over ein kvar tvil. Det som er oppsiktsvekkande her er Myrvang sin evne til å snu på fakta og henge ut andre utan rot i verkelegheit. Den saka Myrvang refererar til frå juni 2010 var vedtaket om å sende saka ut til 2.gangshøyring. Kan ordføraren forklare meg kvifor SV skulle stemme mot å sende saka på høyring? Naustdal SV har gjennom heile perioden kjempa for at alle skulle verte høyrde, og at saka so skulle debaterast mellom dei folkevalde.

Her er eit utklipp frå sakshandsaminga i planutvalet i juni 2010:

Utval for plansaker har ikkje teke stilling til om kommunen bør gå inn for det omsøkte
tiltaket. Reguleringsplanen består av konsekvensutgreiing, risiko- og sårbarheitsanalyse,
plankart og reguleringsføresegner. Planen vert lagt ut til offentleg ettersyn for å hente inn
innspel og merknader til alle delane av reguleringsplanen, medrekna om tiltaket bør
gjennomførast eller ikkje.

So kjem Myrvang med illusjon nummer 3. Han hevdar at kommunestyret har hatt fleire politiske dagar, der vi har debattert saka, m.a i oktober 2010. Kvar har du dette frå Håkon, og kvifor har ikkje nokon av dei andre i kommunestyret vore invitert til desse debattane?

Næringsinnvikling i Naustdal

Det einaste eg kan realitetsberekne utifrå dette luftslottet du beskriv i innlegget ditt om “Næringsutvikling på Engebø” Myrvang, er nokre tal på arbeidsplassar og bedrifter du vil jobbe for at skal “oppstå” på Engebø. Men den raude tråden i dette innlegget er ein beskrivande mangel på verkelegheitsoppfatting og realisme, noko som kan forklare mykje av Djupvik sine ankepunkt i Ap si økonomistyring av Naustdal kommune dei siste 4åra.

For det fyrste:
“Mineralprosjektet på Engebø vil gje kommunen mange ettertrakta og sårt trengte arbeidsplasser”

Kva legg du i dette? Sjølvsagt er det viktig å jobbe for nye arbeidplassar i kommunen, og syte føre utviklingsmogelegheiter for dei vi allerede har. Sjølvsagt er det viktig at innbyggarane i Naustdal har ein jobb å gå til, men kan du venlegast utdjupe kva du meiner med ettertrakta og sårt tiltrengde?
Sogn&Fjordane har den lavaste arbeidsløysa i landet, som i tillegg er rekordlåg i eit lenger tidsperspektiv. Og kvar ligg Naustdal på denne statistikken, jau vi ligg på “botnen” i landsgjennomsnittet på arbeidsløyse. Arbeidsløysa i fylket låg 1.juli på 1,7%, og Naustdal kunne skilte med 1,2%. Korleis skal vi då tolke “sårt tiltrengde”?

Skal Naustdal “vekse” monaleg, og skape ein slik vekst som du beskriv her, vert det på bekostning av nærliggande etablerte arbeids- og næringssenter. Er dette realistisk? Hadde du sagt at Førde og Florø får ein mogelegheit til å skape 10 nye bedrifter dei neste 4åra, som ein konsekvens av at Engebøprosjektet får klarsignal, ville eg stilt meg undrande til kva desse bedriftene skulle drive med. Men å tru at 10 bedrifter skal etablere seg på Engebø, dei neste 4åra??? Og kvar på Engebø skulle dette skje, alt areal på Engebø vert nedbygd av NM.

For det andre:

“I dag har vi ei konsekvensutgreiing som viser eit framtidsretta og bærekraftig industriprosjekt”

Kvar i KU hentar du denne konklusjonen? Og er dette eit kvalitetssikra dokument, og kven har i sofall kvalitetssikra det?

For det 3’de:

“Engebøprosjekt utan sjødeponi er umulig.”

Seier kven? Nordic Mining? Har Naustdal utfordra dei på dette? Har vi krevd utreda andre alternativ? Var det ikkje du som uttalte 05.05.2011, og brukar for alt det er verd, at dersom Naustdal ynskja utreda andre alternativ, so måtte vi har gjort det i planprogrammet i 2007? Stemmer ikkje dette heller, og burde ikkje uansett det då vore eit tema i 2007? Naustdal SV stemde for ordensskuld mot planprogrammet, nettopp grunna mangel på breidde i KU.

Og for det 4’de:

“Ein stopp i Engebøprosjektet betyr at 170 direkte og 200 indirekte arbeidsplassar går tapt, innkjøp av service og vedlikehald i kommunen og regionen for 150 millionar kroner kvart år går tap, inkubatoren og nye bedrifter med utgangspunkt i denne går tapt, forsking mot nye og miljøvennlige prosesser for vidareforedling av rutil går tapt. Dette betyr i praksis at nye inntekter til kommunen for å kunne yte betre velferdstilbod til innbyggarane går tapt.”

Dette er antekne tal, og visjonar utan verkelegheits tilhøyrigheit. Men gjeve at dette var kvalitetssikra tal og realistiske berekningar basert på andre eksisterande tiltak av same dimensjon og med tilsvarande utprøvd prosess(t.d eit nytt smelteverk eller ein oljebase sett i forhald til ein eksisterande lokalitet i drift), kven kan vi i sofall takke for at prosjektet vert skrinlagd? Er det SV som jobbar for å gjere prosjektet miljømessig akseptabelt? Er det fiskeri og havbruksnæringa som kjempar for eksisterande arbeidsplassar? Er det lokalbefolkinga som nektar å verte tvangsflytt frå gard og grunn, eller er redd for sine eksisterande arbeidsplassar? Er det NM som har levert eit for dårleg prosjekt? Eller er det kommunestyret i Naustdal og deg Myrvang, som ikkje har stilt krav til prosjektet, og sytt føre at løysingane og utgreiingane er gode nok til at Regjering og departement kan gå med på det?

Landbruk og utvikling i Naustdal

Naustdal er ein tradisjonell landbrukskommune, men har som mange andre vestlandskommunar dei siste åra hatt ein kraftig nedgang, spesielt i tal mjølkeprodusentar. Tal landbrukseigedomar i drift i Naustdal har og hatt ei negativ utvikling. Dette har føljer for tilboda til dei som framleis driv. Kulturlandskap forfell som ein konsekvens av nedgang i beitedrift, samstundes som dyrkamark gror att og får konsekvensar for bu og driveplikt. Landbruket har dei siste åra opplevd stadig nye regelendringar og krav til kvalitet, produksjon og utstyr. Stønadssystem og tilskotsordningar til nyinvesteringar og ombyggingar har ikkje vore tilstrekkeleg til at småbruka på vestlandet har klart dei store omstillingane. Busetting og utvikling i distrikta har historisk sett hatt nær tilknyting til primærnæringane landbruk og sjøbruk. Skal Naustdal auke busettinga i bygdene, treng vi ei satsing som aukar dei økonomiske rammene, men ikkje minst interessa for å drive desse bruka.

Attåtnæring til landbruk er eit nyttig verkty for å sikre eit økonomisk grunnlag for drift av småbruk i distrikta. Nokre viktige områder som Naustdal har gode føresetnader for å dra nytte av er reiseliv og opplevingsbaserte næringar. Vi har t.d Nausta som nasjonalt laksevassdrag, Førdefjorden som nasjonal laksefjord, landskapsverneområdet Naustdal-Gjengedal og mindre verne områder over heile kommunen. I tillegg har Naustdal ein fantastisk langstrakt geografi som strekk seg frå fjell til hav. Naustdal har store nasjonale og internasjonale natur og miljøkvalitetar, noko vi kan bygge merkevare på.

Fleire mindre konstellasjonar av grunneigarar, og enkelt personar sit med gode idear og tankar om kva dei vil drive med. Nokon driv med ulike formar for attåtnæring i dag, enkeltvis eller i samarbeid med andre. Mange små einingar kvar for seg kan gjerast til eit robust nettverk av ulike og varierte tilbod som kan dra nytte av kvarandre. Naustdal kommune har starta opp eit primærnæringsprosjekt, som mellom anna har til formål å hjelpe fram desse tankane og ideane til drivverdige prosjekt. Prosjektet i regi av kommunen bør vere starten på eit løft for landbruket i Naustdal, men då må kommunestyret fylje det opp og legge til rette for auka omstilling og nyskaping. Kommunebudsjettet er ikkje rusta til åleine å greie dette løftet, men ein aktiv politikk for å legge til rette, og å hente inn ekstern stønads- og prosjektmidlar er ein minst like viktig utløysande faktor.

Naustdal SV vil og jobbe for ei auka satsing på økologisk landbruk i Naustdal kommune. Det er pr. i dag 4-6 økologiske bruk i kommunen. Denne næringa burde kunne vekse kraftig i Naustdal, noko som er eit mål for SV. Økologisk landbruk er ein meir skånsam måte å drive landbruk på for dyr, natur og miljø, og burde soleis vere eit utmerka satsingsområde for ein kommune med store verna areal og nasjonale naturverdiar. Naustdal SV vil jobbe for å auke talet økologiske landbruk innan 4 års perioden. I dette ligg der og ei auka satsing på kunnskapsdeling og marknadsføring av temaet i kommunen, og mot eksterne aktørar.

Målet med desse tiltaka er å gjere det attraktivt for tilflytting, omsetting av eigedom, ny drift på fråflytta og nedlagde bruk, samstundes som ein vil legge eit grunnlag for nyinvesteringar i bruk som vert drive marginalt i dag. Bygdene i Naustdal har store utviklings mogelegheiter om nokon tek ansvar og dreg lasset. Det brenn vi etter å gjere. Etter 8 år med representasjon i komité for landbruk teknikk og miljø(KLTM), søkjer vi i Naustdal SV å styrke vår posisjon for å kunne realisere mange av tankane vi har gjort oss, og prosjekta vi veit ligg i skuffer og skåp rundt om i kommunen. Naustdal har store natur- og miljøkvalitetar som storsamfunnet har sett pris på i form av vern og avgrensing av tekniske inngrep. Dette må Naustdal nytte til sin fordel, og skape aktivitet og utvikling rundt desse verdiane. Naustdal SV vil aktivt jobbe opp mot sentrale styringsmakter for å auke stønadsordningane og rammebetingelsane for ”Vestlandsbruket”.

Set oss i stand til å løfte landbruket i Naustdal, gjere det framtidsretta og bærekraftig, samt å skape utvikling rundt naturkvalitetane i kommunen. Stem Naustdal SV 12.september.

Ole Erik Thingnes
Ordførarkandidat for Naustdal SV

Ope brev til Miljøverndepartementet og miljøvernministeren

Sogn og fjordane Sosialistisk Venstreparti forventar at Miljøverndepartementet føretek synfaring på Engebø i Naustdal kommune i samband med handsaming av Nordic Mining sitt forslag til reguleringsplan for mineralutvinning. Saka har grunna motsegn frå Fiskeridirektoratet fått ei anna handsaming enn vanleg, og ligg no til endeleg handsaming hjå MD.

Denne saka har enorme dimensjonar men er ikkje godt lokalpolitisk handverk. Lovlegkontroll og klager på vedtak fyljer i fotspora. Samstundes vil eit positivt vedtak skape presedens for nye mineralprosjekt langs heile kysten av Noreg. Etter at dei involverte kommunane gjorde vedtak har fleire andre liknande prosjekt på vestlandet kome fram, endå fleire ligg på vent. Ei samla miljørørsle saman med ei samla fiskeri og havbruksnæring går mot prosjektet. Store verdiar er på spel.

Mineralførekomstane i Noreg vert omtala som ”den nye oljen” og bergverksdrift som det ”nye” industrieventyret, men vi har ikkje råd til å bruke naturen som dumpingplass for avfallet frå denne industrien. Store mengder kjemikaliar, gruveslam, støy og støv vil påføre det marine økosystemet store negative konsekvensar. Store negative konsekvensar vil det og utvilsamt verte for plante og dyreliv rundt fjorden. Førdefjorden er eit unikt godt oppvekst område for den raudlista kysttorsken, med fleire kjende lakseelvar, store yngel- og oppvekst områder for reke, breiflabb og ei heil rekke raudlista fiskeslag. Grunnen til at tiltakshavar Nordic Mining vel å dumpe avfallet rett i ein av Noregs rikaste og reinaste fjordar, ein NASJONAL LAKSEFJORD! , er at det er det enklaste og billegaste alternativet, men udiskutabelt det verste og minst bærekraftige. 11tonn kjemikaliblanda knust steinstøv og slam per minutt, 24timar i døgnet, 365 dagar i året, i minimum 50år. Dette er ikkje miljømessig forsvarleg! Men ingen andre alternativ er vurdert.

Det totale kjemikalibehovet i dette tiltaket er heller ikkje per i dag kjent, då den industrielle prosessen ikkje er endeleg klarlagt, eller pilotprosjekt gjennomført. Rutil har ikkje tidlegare vorte utvunne frå denne type førekomst i fast fjell. Førdefjorden vert lokalitet for eit gedigent forsøk, og skal eksperimenterast med for økonomisk vinning. Ein NASJONAL LAKSEFJORD!
Noreg har eit internasjonalt ansvar i miljøsaker, og skal gå føre med eit godt eksempel. Det er ikkje internasjonalt akseptert å bruke sjø og fjord som deponi for gruveavfall. 4-5 land i verda vel å bryte med dette prinsippet, og aksepterer slik ”miljøkriminalitet”, Noreg kan og skal ikkje vere eit av dei. Noreg skal vise veg i kampen mot klima og miljø forureining, ikkje halde att….

Sogn og Fjordane Sosialistisk Venstreparti forventar at dette prosjektet vert stogga, og fjordeponi avvikla som avfallsplass for mineralindustrien i Noreg. Miljøvernministeren har her eit særskilt ansvar som forsvarar av natur og miljøverdiar. ”Føre var prinsippet” frå Soria Moria må handhevast!

Signert
Fylkesstyret i Sogn & Fjordane SV

Om vekst og utvikling i Naustdal

Det er flott at ordføraren i Naustdal endeleg har byrja nytte sosialt aksepterte medier til å hevde sine meiningar i Engebøsaka. Denne, som mange andre saker til handsaming i Naustdal inneverande periode har ikkje vore plagsamt mykje debattert og utgreia polistisk. Dette tilskriv eg ordførar Haakon Myrvang det heile og fulle ansvaret for.

Når det er sagt, skal eg ta meg den friheita å vurdere innlegget til Myrvang opp mot mi eiga realitetsforståing som kommunestyrerepresentant for SV i Naustdal. Ordføraren konkluderar i dette innlegget, som han har gjort sidan 2007, med at dei samfunnsmessige positive ringverknadane overstig dei negative. Utifrå kva grunnlag trekk du desse sluttningane ordførar? Kan du sei meg kva reèlle tiltak du viser til med desse påstandane? Deretter seier du at “vi som politikarar må leggje til grunn kva som er til det beste for heile kommunen”. Ja, er det det vi har gjort meiner du? Har vi handla heilt korrekt på vegne av alle innbyggarane i kommunen? Var vedtaket vi fatta 11.05 lovleg i det heile? Kva eg legg i det, kjem vi attende til……i løp av veka.

So kjem eit hjertesukk: Du seier at eit nei frå MD til sjødeponi, vil sei eit nei til Engebøprosjektet, og vil igjen sei ein ny og alvorleg situasjon for Nordic Mining. Har du ikkje forstått det før no? Kor mange gongar har ikkje SV brukt dette som grunn for at Naustdal burde krevje andre løysingar?!!! Kva om MD seier nei, har ikkje Naustdal tenkt på det før no?

Som Sv sa i planutvalsmøte før mekling med Fiskeridirektoratet i nettopp denne saka, og som vi gjentok til Nrk i eit intervju rett etter møtet: Naustdal har ingen plan B. Dette var basert på at Naustdal legg alt inn på at MD skal godkjenne planane, noko eg nektar å tru at dei kjem til å gjere.

Det viktigaste vi gjer for framtida, er å leggje tilrette for gode arbeidsplassar, gode velferdstilbod, gode bu- og oppvekstvilkår for innbyggarane i kommunen, samtidig som vi tek ivare natur og miljø for komande generasjonar. Men ikkje slik som dette Haakon. Ikkje utan å setje krav til noko som helst, ikkje ved å gje vekk arven på vegne av alle som kjem etter oss, ikkje utan å tore krevje det beste for Naustdal. Eg ville frykta for den partipolitiske framtida for Ap i Naustdal om eg var deg, nettopp med tanke på kva de har oppnådd i denne saka her. Der står eit kommuneval for døra, og det som går føre seg i kommunestyret er ikkje spesielt godt “valstoff” for alle partia, for å seie det slik.

Alle vi andre i kommunen har vorte tvinga til å ta stilling til kva vi vil med bygdene og kommunen i framtida, med eller utan Engebø. Har vi vorte ført bak lyset? Eksisterar der ikkje eit alternativ utan Engebø, eller utan sjødeponi?

Mitt spørsmål til deg Haakon vert som fyljer: Kva er plan B i Naustdal?

Mvh
Ole Erik Thingnes
Naustdal SV

Nordic Mining svarar Naustdal SV

Det er prisverdig at Nordic Mining ser seg nødde til å svare Naustdal SV, etter ein reportasje i Firda 12.04.2011. Dette viser i beste fall at dei finn krava vi har sett fram relevante.
Problemet er berre at det er Nordic Mining som tek på seg det politiske ansvaret ved å svare.
Bakgrunnen for reportasjen er at Naustdal SV har formulert nokre krav til den politiske handsaminga av saka, krava var ikkje meint som ei direkte oppfordring til svar frå utbyggar, i media.
Vi har gjennom ein lang prosess(Nordic Mining meldte si interesse i 2006) aktivt bidrege til å skape debatt om prosjektet, og desse krava har vekse fram hjå oss under denne prosessen.
Krava har materialisert seg utifrå enrome mender dokument, folkemøter, planprogram, konsekvensutgreiing/reguleringsplan, og lange diskusjonar innad i partiet samt i dei nemde folkemøter.

Det som heilt klart er eit problem med handsaminga av den potensielt største saka i nyare tid(iallefall i vår kommune), er at kommunestyret i Naustdal framleis ikkje har debattert saka.
Dei folkevalde har ikkje ein gong vore på Engebø og synfere området som er omsøkt regulert til “stor industri”. Kvifor er det slik?
Med so store konsekvensar og so store utfordringar som denne saka har vist seg å by på, er det vel å forvente at dei folkevalde har gjort seg grundig føre før ein går til vetak?
Men å gå til vedtak 11.05.2011 etter nær 4 års sakshandsaming, utan å ha diskutert saka i kommunestyresalen ein einaste gong, kan vel få dei fleste til å lure på kva det er vi har drive med.

Eg har stor forståing for at debattane som har rast i media, der debattantane vert sett opp mot kvarandre og meiningane kraftig “polarisert”, vert litt for mykje for “mannen i gata”.
Men slik vert det når dei folkevalde ikkje får diskutere sakene i kommunestyret, då vert media einaste talerøret.

Alle gongane Naustdal SV har prøvd å få saka på bordet til dei folkevalde, har ordførar Haakon Myrvang avist dette med at “…vi skal handtere dette når administrasjonen har kome med si tilråding”.
Ordførar Haakon Myrvang har klart det kunststykket å føre denne saka fram til handsaming utan politisk debatt og utan synfaring. Er dette ein “inkluderande prosess” ordførar?

Nrk gjorde i ein reportasje eit poeng utav at Naustdal Ap og Naustdal Høgre har fleirtal i kommunestyret om dei stemmer samla. Er det dette ordføraren har kalkulert utifrå?
Treng han ikkje legge til rette for debatt fordi han kjenner avstemmingsresultatet?
Eg har større tiltru til dei folkevalde i Naustdal enn dette. Eg trur at i ei sak med so store og langvarige rammer som her(50-100år?), so treng vi vissheit om at det vi vedtek er det rette.
Dei folkevalde treng å stille kvarandre spørsmål, diskutere ope og kanskje endåtil kome fram til betre løysingar. Det har vi ingen mogelegheit til under handsaminga av rådmannen si tilråding 11.05.2011.

Dei folkevalde i Naustdal har krav på ein betre prosess enn dette her. Vi skal handtere den sannsynleg største saka vi nokon gong kjem til å ta del i 11.05. Har ordføraren tenkt at dette skal vere møtet der vi gjer endeleg vedtak?
Har vi stilt dei rette krava til utbyggar, har vi fått på bordet gode nok avtalar, er vi trygge på konsekvensane, og har vi fått svar på det vi treng vite for å gjere våre val?
Det vert ein dårleg dag for Naustdal, og ikkje minst velgjarane som ga oss vårt mandat for 4 år sidan, om ordføraren får det vedtaket han seier i media at han vil ha.

Mandag 18.04.2011 kom rådmannen si tilråding, samt framforhandla avtalar med Nordic Mining på bordet. Er vi nøgd? Ein forhandlings situasjon, er eit spørsmål om makt. Har Naustdal stilt polistisk makt bak krava?

Naustdal SV fastheld sine krav.

For Naustdal SV
Ole Erik Thingnes

Svar på tiltale

Gledeleg lesning i firda i dag, 06.09.2010, “No må politikarane vakne”. Ikkje gledeleg at dei ikkje er vakne, men gledeleg at det vert sett fokus på den manglande politiske handsaminga av den omtala saka.

Mineralforekomstane i Engbøfjellet i Naustdal kommune har lege i kulissane i snart 40år, men har dei siste 3-4åra teke nye former. Nordic Mining er siste skotet på stammen av “lukke jegarar” som har funne vegen til fjellet. Eg skal ikkje dra over heile historia att, den burde vere kjend for dei fleste av Firda sine lesarar siste tida.

Det eg skal ta for meg her er politikarane og dei tilsette i Naustdal og Askvoll kommune si rolle i jakta på “gull” i grøne skogar. Som tydeleg framheva i innlegget til Ivar Longvastøl har debatten kring prosjektet teke andre vegar enn fleire av oss hadde håpa på. SV har sidan saka kom på bordet i form av planprogram for konsekvensutgreiing i 2007 gjeve tydelege tilbakemeldingar både til kommune, fylket, utbyggar og via media, om kva vi ser som “problematisk” ved prosjektet.

Det kjem ikkje som noka overrasking på oss i SV at Havforskingsinstituttet konkluderar slik dei gjer i sine høyringssvar. Dette har SV hevda sidan planprogrammet vart offentleggjort, og gjeve inn som høyringssvar til den kommunale handsaminga etter at konsekvensutgreiinga vart lagd ut på høyring, samt til Klima- og forureiningsdirektoratet si handsaming av utsleppsløyve.

Det som skremjer oss i SV er administrasjonen i kommunane si handtering av høyring og inkomne uttalelsar, og andre politiske parti si tilsynelatande latente og tilbakelente innstilling til heile prosessen. Det har vist seg slik at sjølv om SV gjentekne gongar har krevd å verte informert om stoda i handsaminga, og å få oppsummert høyringsprosessen for dei folkevalde, er det lite informativt som har kome utav dette. Formannskapet har hatt saka på bordet ved nokre få tilhøve utan at diskusjonen har vist seg interresant for dei folkevalde, medan kommunestyra verkar fornøgde med ikkje å verte brydde med den slags.

Naustdal SV har årsmøtevetak på å gå imot ope dagbrot, landdeponi og sjødeponi. Vi ser det ikkje som berekraftig utvikling, eller god forvalting av dei naturressursane som må vike for dette enorme prosjektet. Dette har vi teke vidare til SV på fylket som fylde opp med tilsvarande vedtak, og som igjen tok saka til vedtak i landsstyret. SV har lokalt krevd reguleringsplan avvist grunna manglande utgreia konsekvensar og store usikkerheitsmoment knytt til fleire av rapportane frå utbyggar. SV har frå fylkesnivå krevd saka stoppa i Klima- og forureiningsdirektoratet grunna tilsvarande store usikkerheitsmoment knytt til utsleppsløyve.

Dimensjonane i dette prosjektet er enorme, og sannsynleg mykje større enn Nordic Mining har teke med i konsekvensutgreiing, og søknad om utsleppsløyve. På lokale folkemøter vert vi “beroliga” av ein usedvanleg talefør Ivar S.Fossum som fortel at :“Steinkrossen har Nordic Mining kjøpt utmålsrettane til for å sikre seg mot konkurranse”!? Kva fortel Nordic Mining om desse verdiane til dei som verkeleg betyr noko for dei, investorane? Noko heilt anna, har komt oss for øyra. Får Nordic Mining dei løyva dei treng for å starte jakta på investorar, er kommunane sett ut av spel. Kva dimensjonar prosjektet då får kan vi berre spekulere i, Engebø er berre toppen av “rutil fjellet”. Der er mange fleire førekomstar i Sogn og Fjordane enn beskrive i dette prosjektet..

Men ein ting er sikkert, Nordic Mining kjem ikkje til å ta rekninga for verken opprusting av F611 eller delar av “kystvegen” som enkelte har fått forståinga av. Desse “knappane og glansbileta” kjem opp i debatten utan anna formål enn å tåkelegge dei mindre hyggelege sidene av saka. Det vi treng er ein sakleg debatt på korleis vi skal forhalde oss til dei ressursane vi har i naturen kring oss. Ikkje lat dykk spore av! Dette handlar om framtida til innbyggarane i kommunane våre, samt nasjonale laksefjordar og store verdiar i urørd natur. Ikkje bru over Ålasundet eller kystveg, begge noko eg for ordensskuld er ein stor tilhengarane av.

Skulle nokon framleis vere i tvil:

SV ser ikkje Engebøprosjektet slik det er omsøkt som bærekraftig forvalting av Noregs natur. Prosjektet må avvisast lokalt(reguleringsplan), og sentralt(utsleppsløyve).

Ole Erik Thingnes
Naustdal SV

Er det ingen som veit kva dei står for lengre?

Etter utallige telefonar frå vener og venniner, satt eg meg i kveld ned foran tv-en for å sjå nyheitene. Og eg er skuffa. No vil regjeringa opne opp for oljeboring utanfor kysten av Møre. Der har ein av verda sine største fiskebestandar gyteplass. Kvart år blir det tatt opp fisk til omtrent 2 milliardar måltid frå det området. Etter at Fredrik Hauge, leiaren for Bellona og Norsk Havforskningsinstitutt hadde uttalt seg, satt eg igjen, rimeleg skuffa. Sp og Sv kallar seg sjølve for miljøparti. Og no sit dei i regjering med Ap, som tydelegvis ikkje veit heilt kvar dei står lengre. Om Sv og Sp seier ja til dette, trur eg dei signerar sin eigen dødsdom. Sp som ofte blir rekna som bondepartiet, og som er rimeleg store her i Sogn og fjordane, vil ha levande bygder. Men no sit dei i ei regjering som vil øydelegge eit område som gjev arbeid til så utruleg mange. Dei vil kanskje vere med på å øydelegge ei næring som har utruleg lang tradisjon. Og nok ein gang kjem spørsmålet om oljeboring opp. Er det riktig at fisken alltid må vike for olja? Kvar dag døyr tusenvis av menneskjer av sult. Og her i Noreg vil vi forureine og øydelegge matressursar slik at vi skal bli enda rikare. Skal grådigheita inga ende ta? Bryr vi oss ikkje lengre om omverdenen. Har vi mista all for for medynk med andre menneskje? Når regjeringa kom med denne uttalelsen skapte det stor provokasjon hos mange. Og eg er einig. Skal dei berre få styre på som dei vil? Er det ingen som skal sette foten ned og seie; Nok er nok? Eg seier meg i alle fall einig med fiskaren. Om Sv og Sp vil ha velgarar og ei framtid innanfor politikken, bør dei sette foten ned no! Eller komme seg til svarte ut av regjeringa.

- Provosert NU medlem.

Redd lokalsjukehusa!

Sogn og Fjordane SU reagerer kraftig på planane styret i Helse Førde legg fram i strategidokumentet sitt om å gjera dei to lokalsjukehusa i fylket til distriktsmedisinske senter. Dette vil i praksis vera ei nedlegging, og soleis eit brot med den raudgrøne regjeringserklæringa Soria Moria II.

Noko av det viktigaste helsevesenet gjer er å gje folk eit tilbod om akuttbehandling og fødetilbod nært heimen deira. Dette handlar om tryggleik for folk flest og vita om at ein ikkje må reisa langt av garde dersom ein plutseleg skulle bli råka av alvorleg sjukdom eller skade. Det er ogso veldig viktig i høve til å redda so mange liv som mogleg i dei situasjonane der kvart minutt tel. Lokalsjukehusa sikrar i dag dette og syter for at folk har eit desentralisert helsetilbod nært heimen sin.

Me i S&F-SU meiner at prinsippet om nærleik til akutt- og fødetilbod må vera det som ligg til grunn for sjukehusstrukturen i fylket og at det overordna målet må vera å redda so mange menneskje som mogleg. Då kan ein heller frakta pasientar der det ikkje er ein akutt situasjon, som planlagde kneoperasjonar, til Førde eller Bergen. S&F-SU ynskjer å behalda dagens sjukehusstruktur i fylket, med ei styrking av lokalsjukehusa.

I dag er ikkje sjukehusa underlagt demokratisk kontroll. Det er fullstendig håplaust at våre folkevalde skal ha so lite å sei for korleis noko so viktig som sjukehusa våre drivast. Føretaksmodellen med dei einkelte føretaksstyra har soleis eit enormt demokratisk underskot. I tillegg ser me at modellen i dag tvingar fram innsparingar og nedleggingar som er mot folkevilja og heller ikkje er naudsynte. Utrekningsmodellane Helse Førde presenterer i strategidokumentet er laga av PriceWaterHouseCoopers. Dersom me skal tru utrekningane Helse Førde har presentert for oss tidlegare og som vart brukt sist gong ein gjennomførte store innsparingar i fylket, so burde føretaket i dag gå med overskot. Ein har heller ikkje teke med utgiftsidene av å legga ned lokalsjukehusa i det totale reknestykket, og grunnlaget forslaga er laga på er jamnt over veldig svakt. Det er difor stor grunn til å tvila på at innsparingane som no er føreslått faktisk vil føra til reelle innsparingar og at situasjonen på sikt vil betra seg. I staden set Helse Førde målet om so store innsparingar som mogleg over eit trygt helsetilbod for folket i Sogn og Fjordane.

I dag står faktisk styret i Helse Førde ribba for besluttnadsmakt etter at Helse Vest har lagt ned rammene sine og driv i hovudsak med ting som like godt kunne vore administrativt arbeide. Det at Helse Førde fungerer som ei marionettedukke for Helse Vest, utan at innbyggjarane i Sogn og Fjordane har noko dei skulle ha sagt viser med all tydelegheit galskapen i føretaksmodellen og den enorme mangelen på demokratisk styring.

Difor er det ekstremt naudsynt, både for å sikra demokratisk styring og for å stogga raseringa av Helse Noreg som pågår, å endra måten sjukehusa styrast på og kasta vrak på Arbeidarpartiet sin føretaksmodell. S&F-SU meinar at ansvaret og styringa av sjukehusa våre skal førast attende til fylkeskommunen.

Sogn og Fjordane Sosialistisk Ungdom krev:
- At målet om eit godt og desentralisert akutt- og fødetilbod går framfor målet om budsjettbalanse og innsparingar hjå Helse Førde.
- At departementet grip inn mot planane om nedlegging av lokalsjukehusa.
- At føretaksmodellen vrakast og styringa overførast til fylkeskommunen.
- At ein satsar på og overførar meir pengar lokalsjukehusa i staden for å byggja dei ned.
- At ein fjernar stykkprisfinansieringa i helsevesenet, og erstattar den med rammeoverføringar.

På vegne av; Sogn og Fjordane Sosialistisk Ungdom
- Albert Andersen Øydvin, fylkesleiar

Heidi - aktiv og engasjert for fylket!

Gode veljar.

SV går til val på sakene rettferd, kunnskap og miljø, og 4 nye år med ei raud-grøn regjering!
Saman med Arbeiderpartiet og Senterpartiet har SV fått til mykje, men store oppgåver står framleis att. Eit sterkt SV er naudsynt for meir fordeling og enno sterkare miljøsatsing.

  • SV vil ha monsterlina (420kV) i sjøkabel.
  • Vi vil styrke forvaltninga av nasjonalparkane.
  • SV vil ha framtidsretta næringsutvikling, og seier nei til rutilutvinning og stort deponi i laksefjorden i Naustdal.
  • Vi satsar på kunnskap i skulen, fleire lærarar og god SFO.
  • Vi har bygd ut barnehageplassar til lågare pris – no skal vi styrke kvaliteten på innhaldet i barnehagane!
  • Studentar skal få studielån i 11 månader, og vi skal styrke og vidareutvikle Høgskulen i Sogn og Fjordane.

SV, med Heidi i regjering, har sikra framtidsretta kompetansearbeidsplassar i fylket. Ho har m.a skaffa 30 fleire årsverk på Leikanger, og støtte til spennande og bærekraftige IKT-prosjekt i Vågsøy. Vi har bygd ut breiband i distrikta, gjennom statlege løvyingar der marknaden ikkje byggjer. Dette er svært viktig for å sikre nye, framtidsretta arbeidsplassar – og for å sikre dei eksisterande. Dette arbeidet må halde fram for at fylket skal få vekst og tilflytting

Heidi var på Stortinget frå 2001 til 2005, og etter valet i 2005 vart ho fornyings- og administrasjonsminister i den mest radikale regjeringa i Europa. No må vi sikre at representantar frå alle dei 3 raud-grøne partia kjem på Stortinget!

SV kjempar om fjerdemandat og treng røysta di i Stortingsvalet 14. september for å sikre at Heidi kan halde fram med arbeidet!

Godt val!

Sigbjørn Løland Torpe, leiar i Førde SV.

(Innlegget bør publiserast seinast 14. september.)

FrP må flagge EU-standpunkt

På firda.no og nrk.no kan ein lese at FrP sine Stortingskandidatar nektar å flagge EU-standpunkt. Det er rett fram uærleg oppførsel. EU-standpunkt er viktig, sjølv om ikkje medlemskapsdebatten er her akkurat no. (Denne går og til AP sin Ingrid Heggø, som burde skamme seg.)

Det er viktig at stortingskandidatane flaggar EU-standpunkt, for EU-medlemskap er ikkje det einaste stridsområdet i høve EU. Som det kjem fram i artikkelen på nrk.no skal det handsamast endringsforslag til Grunnlova, ein situasjon det er særs viktig at ein har nei-folk på Stortinget! Ikkje nok med det, men tenk og på alle direktiva som kjem tikkande frå EU som skal takast stilling til. Ikkje eit har ein klart å stogge, fordi det er fleirtal i Stortinget for å ta i mot alt som kjem frå det haldet.

Det er uærlig og feigt av FrP sine kandidatar å ikkje flagge standpunkt. Vi fortener å vite kva haldningar til EU som stiller til val.

SV sin Stortingskandidat er eit klart nei til EU, vil stogge det nye posttenestedirektivet, og vil i alle fall ikkje endre Grunnlova til fordel for EU-medlemskap. Styrk SV i regjering for å ta opp kampen med AP!

Slutt og tøys, stem Heidi Grande Røys :)

Frode Grimelid
4. kandidat
Sogn og Fjordane SV

SV, eit studentparti

Valet nærmar seg med stormskritt, og for mange studentar betyr dette at det er på tide å vende nasa mot stemmelokala, anten du skal førehandsstemme eller stemme på valdagen. For meg, som student, er det viktig at dei eg stemmer på er flinke på studentpolitikk, og det same seier 65 % av studentane i dette landet. Og med dette utgangspunktet er eg ikkje i tvil om kven eg skal stemme på.

SV er eit parti for studentar. Då Norsk Studentunion, NSU, tidlegare i år skulle kåre det beste partiet på studentpolitikk, basert på forslaget til program før haustens val, var SV ein klår vinnar.
SV var tidleg ute med forslag om 11 månaders studiestønad, for å gjere sommaren noko lettare for oss som studerar resten av året og jobbar om sommaren. For SV er dette ei av prioriteringane den neste stortingsperioden, og dette kjem godt med for studentar som oftast ikkje får den fyrste sommarferieløna før i slutten av juli.

Medan SV har vore i regjering, har det vore noko auke i studentstønaden. Medan vi i 2005 mottok 80 000 i året, etter mange stilleståande år, er støtta no oppe i 87 600 kroner. Likevel er det framleis for lite pengar å overleve på for ein heiltidsstudent, og det langsiktige målet til SV er å få auka støtta til 2G, som per no ligg på vel 145 000 kroner i året. For å realisere heiltidsstudenten er dette naudsynt, og arbeid ved sidan av studiane er ei belastning for resultata til mange studentar.

Ei anna viktig studentsak, er bygging av studentbustader. SV har programfesta bygging av 1000 nye studentbustader kvart år, og dette er viktig. Kvart år er det stor kamp om studentbustadene, og dei som ikkje får, må ut på den private marknaden, som stadig blir tøffare og tøffare. Ikkje berre er det vanskeleg for ein student å finne leilegheit på dei tre vekene mellom inntak og studiestart, men høge prisar til låge standardar gjer studiekvardagen trong, både økonomisk, tidsmessig og i husrom.

Mat og ein stad å bu er grunnleggjande nødvendige for menneskje, og som studentar krev ein ofte ikkje meir enn akkurat det, men SV vil ha ein studentkvardag som opnar for betre velferd. Eit døme på dette er kulturkortet, som opnar for billegare kultur og som SV òg vil ha for studentar. Dette er kanskje ekstra viktig her i Sogn og Fjordane. I eit fylke som er truga av fråflytting, vil eit kulturkort opne for all kulturen vi har, og kanskje vil det få fleire studentar til å bli verande etter studietida.

Studentar er viktige for samfunnet, og SV vil ta vare på dei.

Bruk reservasjonsretten: Nei til posttenestedirektivet!

Postenestene er ein viktig del av vår infrastruktur for å oppretthalde busetting og næringsliv i heile landet, og posten har framleis einerett til å få brev under 50 gram til alle postkasser i Noreg seks dagar i veka.
Denne eineretten har gjort det mogleg å oppretthalde den såkalla ” einskapsportoen”, som gjer at det t.d kostar like mykje å sende brev frå Førde til Oslo som mellom to ulike bydelar i Oslo. Portoen for distribusjon av lønsame sentrale strøk ”subsidierer” på den måten portoen for distribusjon til og frå distrikta.
I dag er det i praksis dei store postutsendarane i næringslivet i sentrale strøk som subsidierar portoutgiftene til bedrifter, kommunar og folk i distrikts-Noreg.

Men, dette kan det bli slutt på når EU sitt 3. posttenestedirektivet blir innført frå og med 1. januar 2011, som i praksis betyr fri konkurranse på postmarknaden dersom Storting og regjering vel å følgje dette direktivet. 11 landa i EU har kravd utsetting, men i Noreg har debatten om dette enno ikkje starta.

SV har tydeleg signalisert at dei vil gå imot ei slik innføring. Senterpartiet vurderer å gjere det same. Samferdsleminister Liv Signe Navarseter (Sp) har enno ikkje bestemt seg. Arbeidarpartiet er førebels i tenkjeboksen.
Det som er sikkert er at saka kjem til å kome opp i regjering og storting etter valet som utan tvil kjem til å bli eit verdival. Vi kan ikkje rekne med at høgresida kjem stoppe dette direktivet.

For folk og næringsliv kan ei slik innføring av direktivet føre til dyrare og dårlegare posttenester særleg hardast for distrikta.

Konkurranse i dei store byane vil redusere Posten sine moglegheiter for overskot. Posten vil ikkje kunne oppretthalde ein langsdekkande distribusjon 6 dagar i veka til same pris som konkurrentane i aukande grad ”skummar fløyten” der det er lønsamt.
Det er ingen tvil om at dette vil sette ordninga med einskapsportoen i fare fordi det vil svekke Posten sine økonomiske resultat i fare i kampen med konkurrerande firma.
I så fall for å kunne oppretthalde eit langsdekkande posttilbod tilbod av gode, likeverdige og rimelege posttenester utan høve til å dekke dette av overskotet frå einerettsområde, eller gje økonomisk kompensasjon via løyvingar over statsbudsjett.
Følgjene vil vere at med EU sin liberaliseringspolitikk må posten finansierast gjennom auka skattar eller mindre pengar til dømes helse, kultur, skule etc.
Verknadane av liberaliseringa og konkurranseutsettinga vil også råk arbeidstakarane direkte. Posten i lang tid har vore gjennom effektivisering og omorganisering, og ein kan også risikere at nye aktørar i postmarknaden, som undergrev eksisterande tariffavtalar, fører til sosial dumping.
Det er ikkje utan grunn at dei posttilsette, gjennom deira forbund Postkom, protesterar mot dette.

Postteneste med god kvalitet og til lik pris i heile landet, er viktig for å sikre eit mangfaldig næringsliv og busetnad i distrikta.
Om EU sitt 3. postdirektiv blir norsk lov gjennom EØS, vil dette føre til full liberalisering av den norske postmarknaden.

Dette kan vi ikkje akseptere, at posten som samfunnsbyggjande institusjon skal pulveriserast til fordel for marknaden.

Vi i SV krev at regjeringa og stortingsfleirtalet brukar reservasjonsretten i EØS-avtalen for å stoppe EU si avgjerd om å liberalisere postmarknaden, posttenestedirektivet.

Du kan vere med på påvekerke utfallet av denne saka det kan vere ved folkleg engasjement og å bruke røysteretten ved årets stortingsval.
Røyst gjerne SV.

Sigbjørn Løland Torpe, leiar i Førde SV.