Viser arkivet for stikkord til

Dersom politikarane ikkje satsar på regionen vår – kvifor skal vi gjere det?

Forslaget om å leggje ned Dale vgs er for oss heilt hårreisande og bak mål på alle moglege måtar. Kvifor skal ein leggje ned eit av dei viktigaste samlingspunkta i heile HAFS-regionen? Dale vgs er så mykje meir enn ”berre ein vidaregåande skule”. Her vert det knytt relasjonar som varer livet ut, ungdommane får trygge oppvekstvilkår og storleiken til skulen legg til rette for at lærarane verkeleg kan engasjere seg i elevane, noko som resulterar i gode lærings- og vekstforhold.

Eit godt døme på dette er nettopp Krabbetor FK, som har eksistert sidan 2007. Hadde det ikkje vore for banda vi knytte ved Dale vgs, er sjansane for at utflyttarane frå HAFS-områda hadde starta klubben monaleg mindre. Klubben har i dag både herre- og damelag og fungerar som eit sosialt nettverk i Bergen. Medlemma i klubben får dermed dyrka felles interesser og klarar å oppretthalde samhaldet og relasjonane som stammar frå dei glade ungdomsåra, i tillegg til at identitetskjensla til heimstaden vår held seg sterk.

Truslar om nedlegging av skulen uroar difor dagens studentar. Dersom det skal vere aktuelt for oss å flytte heim, er Dale vgs eit absolutt ”must”! Vi som sjølv fekk bu heime medan vi gjekk på vidaregåande ynskjer sjølvsagt denne mogelegheita for våre eigne born. Difor kan mangel på dette tilbodet føre til at ein gjerne vegrar seg for å flytte heim. Vil politikarane at vi skal tenkje slik?

Endeleg får vi snart Dalsfjordbrua som vi har kjempa for i så mange år, samstundes som næringslivet i regionen elles er i vekst. Nedlegging av Dale vgs vil vere eit stort tilbakesteg i høve denne positive trenden. Tidlegare i vår hadde vi ei markering for skulen med slagordet ”Framtid i HAFS = Dale vgs”, der vi på kort tid klarte å samle heile 130 personar med same innstilling. Med dette ynskte vi å gi tydelege beskjedar til fylkespolitikarane. Både i klubben og HAFS-miljøet elles i Bergen er det svært mange som går med ei lyst til å flytte heim etter at vi er ferdig utdanna, så kvifor vil politikarane fjerne eit av dei største trekkplastera? Ikkje ta frå oss draumen om å flytte heim!

Fortvila helsing
Styret i Krabbetor FK

Landbruksmelding med fine ord og lite tiltak

Sogn og Fjordane KrF er svært skuffa over at den raudgrøne regjeringa ikkje vil gjere tiltak for å oppretthalde og auke matproduksjonen i distrikta . At regjeringspartia ikkje ville gå med på KrF sine framlegg om jordvern og eit inntektsløft for bonden er sterkt beklageleg.
Etter dette spør vi oss om landbruksmeldinga berre skal vere fine ord utan innhald ? For å sikre matvareforsyninga i landet og rekrutteringa til landbruket er økonomi og bonden si inntekt viktige faktorar. Her hadde regjeringa ein sjanse til å syne i praksis at dei vil ta heile landet i bruk. Det ville dei ikkje!!
Signala i store delar av landet er i følgje Bondelaget at jordbruksarealet går ned og at produksjonen pr innbyggjar vert mindre. Dersom matproduksjonen skal auke i takt med folketalsauken i landet frå 5 til 6 millionar menneske på 16 år, vil det seie auke i matproduksjonen på 20% i mange år.
Å snakke om auka produksjonsmål utan å styrke dei to sentrale punkta som gjeld rekruttering og økonomi i landbruket er urealistisk!

Norunn Lunde Furnes, fylkesleiar KrF Sogn og Fjordane

Landbruksmelding med fine ord og lite tiltak

Sogn og Fjordane KrF er svært skuffa over at den raudgrøne regjeringa ikkje vil gjere tiltak for å oppretthalde og auke matproduksjonen i distrikta . At regjeringspartia ikkje ville gå med på KrF sine framlegg om jordvern og eit inntektsløft for bonden er sterkt beklageleg.
Etter dette spør vi oss om landbruksmeldinga berre skal vere fine ord utan innhald ? For å sikre matvareforsyninga i landet og rekrutteringa til landbruket er økonomi og bonden si inntekt viktige faktorar. Her hadde regjeringa ein sjanse til å syne i praksis at dei vil ta heile landet i bruk. Det ville dei ikkje!!
Signala i store delar av landet er i følgje Bondelaget at jordbruksarealet går ned og at produksjonen pr innbyggjar vert mindre. Dersom matproduksjonen skal auke i takt med folketalsauken i landet frå 5 til 6 millionar menneske på 16 år, vil det seie auke i matproduksjonen på 20% i mange år.
Å snakke om auka produksjonsmål utan å styrke dei to sentrale punkta som gjeld rekruttering og økonomi i landbruket er urealistisk!

Norunn Lunde Furnes, fylkesleiar KrF Sogn og Fjordane

Den verste straffa

Anders Behring Breivik er strafferettsleg utilrekneleg og blir truleg dømd til eit liv i ein psykiatrisk institusjon. Det kjennest umiddelbart opprørande for mange av oss at ikkje ein terrorist og massemordar skal få si straff i fengsel. Og sjølv blei han fornærma av rettspsykiatarane sin diagnose blir det meldt.
Kvifor blir han fornærma? Og kvifor blir vi opprørte?
Fordi dette rører ved noko heilt grunnleggande i oss. Å bli diagnostisert og sjukleggjord, bli gjort til alvorleg sinnslidande, er å misse si mest grunnleggande menneskelege verdigheit: ansvaret for eigne handlingar, evna til å gjere eigne, sjølvstendige val. Breivik lever i sitt eige sjuke univers, og dette universet styrer hans handlingar. Han kan ikkje gjere eigne val, difor kan han heller ikkje straffast.
Men han gjorde altså det viktige valet – og dermed var det kanskje nokon som berga livet – at han overgav seg då politiet kom. Var dette også styrt av lovene i hans univers, eller hadde han i dette tilfellet eit val? Rettspsykiaterane meiner tydelegvis det første – men korleis kan dei vite det, dei var der jo ikkje. Er Breiviks sjuklege tilstand heilt utan innslag av normalitet?
Ville Quisling, viss han levde idag, blitt gjort til pasient?
Spørsmåla er ubehagelege, men vi kan ikkje la dei ligge: Har vi gått for langt i å fråta menneske ansvaret for eigne handlingar?
Eller er dette ein heilt nødvendig del av den langvarige og i sanning nødvendige prosessen det er å gjere mennesket litt meir sivilisert?
Men det paradoksale opp i det heile, er at vi som meiner at Anders Behring Breivik burde råtne i fengsel resten av livet – og det bokstaveleg talt – vi står truleg for den mildaste straffereaksjonen.
Den hardaste og verste straffa – det tyder også Breiviks sin reaksjon på – den er truleg retten, evna til
å vere eit menneske med ansvar for eigne handlingar. Til straff for det han gjorde, skal han behandlast bokstaveleg talt til døde.

Frå radikal gymnasiast til NHO-blåruss

Det er godt mogeleg at Næringslivets Hovudorganisasjon (NHO) har gjort eit skikkleg scoop ved å tilsette Firda sin nyleg avgåtte sjefredaktør Jan Atle Stang som ny regiondirektør. Som avislesar håpar eg neste sjefredaktør sørgar for at Firda vert ei meir maktkritisk avis!

Jan Atle Stang har på ingen måte valt minste motstands veg for å bli regiondirektør i NHO: Oppvaksen i Stongfjorden, raddis på Førde Gymnas, sjølproletarisering som tømrar, studietid, back-packing i Sør-Amerika, lærarjobb og journalist- og redaktørkarriere i både Firdaposten og Firda.

Som avislesar har eg merka meg Jan Atle Stang sine politiske prioriteringar på leiarplass i Firda. Påfallande mange leiarartiklar dreiar seg om lokalpolitiske saker i ein kommune Firda tradisjonelt ikkje har hatt så mange abonnentar: Flora. Stang er samtidig medlem av Flora Arbeiderparti. På bakgrunn av dette bør ein stille spørsmål ved Firda-sjefredaktøren sin politiske agenda. Det er ikkje umogeleg at Jan Atle Stang har hatt ambisjonar om å stille som ordførarkandidat i ein framtidig storkommune tilsvarande Firda sitt dekningsområde, men eg føler meg likevel trygg på at akkurat det er eit temmeleg urealistisk prosjekt.

Firda sine lesarar har nok av og til latt seg provosere av Stang sine meiningsytringar, men truleg er det sjeldan desse ytringane har skapt verkeleg lesarstorm. Eit heiderleg unntak var kanskje ifjor då sjefredaktøren i Firda som faktisk er ei Førde-avis tok til orde for å legge ned Førde lufthamn for derigjennom å styrke trafikkgrunnlaget og rutetilbodet ved flyplassen i Florø.

Eg trur Jan Atle Stang på sett og vis har ein idelistisk motivasjon for å bli regiondirektør i NHO. Det er udiskutabelt at Stang har eit ekte og varmt engasjement for Florø-Førde som vekstakse. Å også vere oppteken av verdiskapinga på kysten er sjølvsagt vel så bra. Som avislesar saknar eg maktkritisk journalistikk. Eksempelvis gravejournalistikk om maktkonsentrasjon og samrøre mellom politikk og næringsliv. NHO i Sogn og Fjordane har ikkje latt seg skremme av sjefredaktøren i fylkets største avis, tvert imot. Etter mitt syn bør den neste sjefredaktør i Firda gjera noko med det!

Hallgeir Løland Torpe, Bergen

Fristar og sjukdom

Pasientrettighetslova bestemmer at pasientar har rett til å få sin helsetilstand vurdert innan tretti virkedagar. Ved mistanke om alvorleg sjukdom er fristen femten virkedagar. Regjeringa har nyleg introdusert eit nytt omgrep, ”forløpstid”, der 20 forløpsdagar er maksimumsfrist for helseføretaka til å iverksetje behandling for minimum 80 prosent av kreftpasientane. Dei resterande 20 prosent som fell utanfor, skal ha dokumentert i sin journal kvifor dei tilhøyrer den gruppa.

Spesialisthelsetenesta set frist for behandlingsoppstart for den enkelte pasient i tråd med prioriteringsrettleiarane. Rettleiarane skal bidra til at like pasientar blir vurdert likt, uavhengig av kvar i landet dei bur og kva sjukehus dei blir tilvist til – og er eit praktisk hjelpemiddel når spesialisthelsetenesta skal ta stilling til om ein pasient som er tilvist skal ha nødvendig helsehjelp. Rettleiarane inneheld lister/tabellar over tilstandar eller kliniske bilde, med rettighet og frist for kvar tilstand.

Dersom pasienten har fått rett til helsehjelp og sjukehuset ikkje held fristen, kan pasienten kontakte Helfo pasientformidling – som vil ta dette opp med det helseføretaket som sette fristen. Dersom det då ikkje straks blir gitt eit behandlingstilbod, utløyser det rett til behandling ved ein annan behandlingsstad.

Lange fristar og fristbrot, blir opplevd dramatisk og alvorleg for pasienten og dei pårørande. Opplevinga blir verre i takt med sjukdommen sin alvorlighetsgrad. Helsetilsynet er klageinstans – og har krav på seg om å ha klagen ferdigbehandla innan tre månader. For enkelte pasientar kan det tilseie ei samla forløpstid på fem til seks månader frå fastlegen sendte tilvisinga, til det er gitt svar på om fristen var rett eller feil, eller ein får vite om det var uforsvarlig ikkje å halde den fristen som vart gitt. Uansett er dette tid pasienten aldri får tilbake.

For pasientane er det difor viktig å raskt få tilbakemelding om ein har fått rett til helsehjelp eller ikkje, og kva frist ein eventuelt har fått. Ei rask avklaring av dette, gjer at pasienten kan bruke fritt sjukehusval, eller andre strategiar for å få helsehjelp. Fastlegen kan vere ein viktig medhjelpar i slike situasjonar.

Ove Mjåtveit
Pasient- og brukarombod