Viser arkivet for stikkord ungdom

BUP må skjermast mot nedskjeringar!

Sogn og Fjordane har tre poliklinikkar for barn og unge som treng psykiatrisk hjelp. Men for mange er det langt å reise til Eid, Førde eller Sogndal der desse ligg. Barna og ungdommane dette gjeld, har og ofte behov for at foreldre eller føresette reiser til behandling saman med dei. Slik går det fort ein arbeids- og skuledag med til kvar konsultasjon på BUP. For å bøte på dette, har Helse Førde hatt som praksis at spesialistar kan reise ut frå poliklinikkane for at pasientane skal få hjelp i eigen kommune. Med dei budsjettkutta som no er føreslegne vil det ikkje vere rom for dette lenger, og alle som skal ha behandling ved ein av poliklinikkane må reise dit. Personlege møte mellom behandlarane og dei som treng hjelp kan ikkje utan vidare erstattast med telefon- eller videomøte, til det er problemstillingane for vanskelege og pasientane for sårbare.

I tillegg til helsepersonell som arbeider direkte med barna/ungdommane, har BUP og tilsett spesialpedagogar som har ei viktig rolle i å rettleie barnehagane og skulane der pasientane på BUP har kvardagen sin. Desse stillingane er no på kuttlista, og vi risikerer at den rolla BUP sine pedagogar har hatt no skal fyllast av kommunane sine tilsette i PP-tenesta.

Konsekvensane av å redusere dette tilbodet kan bli at barn/unge og familiane deira vegrar seg for å oppsøke poliklinisk hjelp, og det vil særleg råke dei som bur i utkantane i fylket. Barnehagar og skular får ikkje hjelp frå spesialistar når dei skal legge til rette for desse pasientane i kvardagen, men er prisgitt kapasiteten til det lokale PPT-kontoret. Vi risikerer at det vert endå større skilnader på tilbodet til barn og unge med psykiske vanskar.
Pasientane og deira pårørande vil med dei føreslegne nedskjeringane få ein dårlegare livskvalitet fordi vanskar får vekse seg større før dei vert tekne fatt i. Kommunane si PP-teneste vert sett under endå sterkare press enn tidlegare, og det vil gå ut over kommuneøkonomien. I tillegg vil dei kostnadene ein sparer ved å kutte i løyvingane til polikliniske tenester truleg komme att i form av at fleire pasientar vil få behov for døgnbehandling. Det er og grunn til å tru at barn og unge som ikkje får hjelp med psykiske vanskar, vil få det verre som vaksne med eit større behandlingsbehov enn det dei hadde i utgangspunktet. Det er såleis snakk om ei kortvarig innsparing for Helse Førde, men med store konsekvensar for både dei barna/ungdommane som vert råka og for lokalsamfunna dei bur i.

I utgangspunktet er barn og unge som treng hjelp frå psykiatrien blant dei aller svakaste gruppene i samfunnet. Det er krevjande for alle familiar når eit barn eller ein ungdom må få hjelp utanfrå for å takle kvardagen sin. Dette er og pasientar som manglar pressgrupper, og som slik kan bli gått forbi på prioriteringslistene. Dei er difor avhengige av at vi som fagpersonar seier frå. Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane meiner at Helse Førde må skjerme barn og unge med psykiske vanskar, slik at dei framleis får eit godt tilbod uavhengig av kvar i fylket dei bur.

Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane
Magnhild Hoddevik, nestleiar

Eit smell - og vi er vekk

Så enkelt er det. Eit smell, og vi vil mest sannsynleg ikkje overleve. I dag finst det 19 000 slike smell. Ni land, som vi veit, har mogelegheit til å utsette oss for eit slikt smell. Og ein million av oss vil døy. Ikkje berre terroristen amerikanarane ville stoppe. Ikkje berre politikaren Nord-Korea ynskja å råke. For det er slik ei atombombe verkar. Den skil ikkje.

Atomdiskusjonen som prega 1960- og 70-talet har dabba av. Vi føler ikkje lenger den frykta ein følte under den kalde krigen. Men trusselen har ikkje minka. Det blir stadig fleire land som får seg atomvåpen. Bombene blir stadig sterkare. At Storbritannia og Frankrike sine leiarar skal sprenge ei atombombe, virkar kanskje fjernt. At Obama i USA skal velje å bruke atomvåpen mot sine «fiendar» kan virke meiningslaust. Så kvifor skal vi då bry oss om at ni land har dette våpenet?

Først og fremst er det faren for at det kan hamne i hendene på andre, som ikkje treng tenke konsekvensar. Kva skjer om kunnskapen om atomvåpen kjem i hender på terroristar som ikkje treng bekymre seg for politikk eller å verne borgarane sine? Då er vi ikkje like trygge.

I tillegg har ein dei humanitære katastrofane. Alle menneske som er nær nok, vil døy. Og er du heldig nok til å vere utanfor dette området, vil skadane du pådrar deg fortsatt føre til store og alvorlege skadar. Så kjem neste problem. Det vil vere eit ufatteleg stort antal skadde, som treng akutt hjelp. Den hjelpa vil dei ikkje få. Infrastrukturen vil vere heilt nede. Hjelpemannskap og frivillige vil stå i kø for å kome å hjelpe, men strålinga vil vere for sterk til at ein kan nærme seg området. Men du trur du er trygg om ei atombombe går av i Pakistan, i India eller i USA? Det er du ikkje. Ei atombombe, eller fleire, vil påverke klimaet over lang tid. Så konsekvensane skjer ikkje berre der atombomba blir slept. Heile verda blir påverka.

At eit fly skal sleppe ei atombombe over Førde, eller kor som helst i Noreg, kan virke lite truleg. Men det kan skje. Menneskeleg svikt skjer. Det såg vi i 1966 – då eit amerikansk bombefly kolliderte med eit anna fly. Vi såg det også i 1968 – då eit amerikansk bombefly tok fyr. Konsekvensane kunne vore så mykje større. Så eg spør deg: har vi råd til å stole på atomvåpenlanda?

For meg er svaret enkelt. Nei. Eg vil ikkje gamble med mitt, og over ein million andre sitt, liv. Derfor meiner eg at eit forbod må på plass!

Katrine Apelseth
Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom Sunnfjord

Deponi-ja på sviktande grunnlag

Senterpartiet og partileiar og kommunalminister Liv Signe Navarsete flaggar på fylkesårsmøtet at partiet går inn for å la Nordic Mining utvinne mineral frå Engebøfjellet i Naustdal. Det er enno ikkje kome ei avgjersle frå regjeringa, men mykje tyder på at avgjersla ikkje kjem før etter valet til hausten. Dette er eit tiltak som er svært omstridd. Striden står i hovudsak rundt alternativa for dumping av store mengder restmassar frå ei eventuell rutil-utvinning i Engebøfjellet.
Riktig nok vedgår Navarsete at ein må ta miljøomsyn og ikkje øydeleggje Førdefjorden som har status som nasjonal laksefjord. Men ho innrømmer likevel at ein må tole ”nokre” minussider knytt til å ha eit sjødeponi. Retorisk seier då ho at dersom vi ikkje hadde vore viljuge til å tole nokre minussider, så hadde vi ikkje hatt oljeverksemd eller fiskeoppdrett. Dersom ein ikkje aksepterer minussidene, så blir det ingen mineralnæring i Noreg. Underforstått, det er berre å køyre på for fleire arbeidsplassar. Konsekvensane er ikkje så nøye. Det har vore kjent at både Arbeidarpartiet og Framstegspartiet er tilhengarar av sjødeponi, og seinast i førre veke målbar Bjørn Lødemel og Høgre sitt ja-standpunkt, og argumentasjonen er den same. Og kva er det då som gjer at dei er så skråsikre på at dei har kome til rett konklusjon? I realiteten så har dei ikkje teke inn over seg motsegna frå Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet sine bekymringar kva følgjer dette vil få, og heller ikkje fleire motsegner frå ulike personar og fiskenæringa som held til i Førdefjorden.
Det einaste grunnlaget ja-sida baserer seg på, er Norsk institutt for vannforsking (NIVA) som Nordic Mining har hyra som konsulent, og i deira uttale går dei riktig nok for deponi, men rapporten gjev ikkje like eintydige svar på kva konsekvensane blir. Som fagleg grunnlag er dette svært svakt sidan ikkje fleire instansar har gjeve si godkjenning. Det syner at ja-sida er nokså selektiv i kva dei vil leggje til grunn for sitt standpunkt. Ei anna side er at Navarsete hevdar at Senterpartiet har stått samla om dette standpunktet. Det er ei sanning med sterke modifikasjonar. Riktig nok har Naustdal Senterparti halde ja-fana høgt i denne saka og gjekk så langt i si grunngjeving i fråsegna på fylkesårsmøtet om å støtte gruvedrift og deponi med å kome med ei tvilsam samanlikning av Førdefjorden med Brulandsvellene som eit månelandskap, og at deponi soleis kan aksepterast. Men seriøst, er det rett å samanlikne brakklegging av Førdefjorden med Biltema o.l på Bruland i Førde? Rett nok er jordvernet i Førde eit lite verdifullt stykke arbeid, og sjølvsagt burde ein ikkje nytta matjord til parkeringsplassar, men å tru at dette kan samanliknast med ein næringskjede og eit økosystem i ein fjord?
Dette står i sterk kontrast til partilaget Førde Senterparti, som i 2010 støtta ei felles fråsegn vedteken i bystyret om at Førde kommune vil avise deponi, fordi faktagrunnlaget er for tynt. Dette heng ikkje i hop med realitetane.
Ei tredje moment i denne saka faktisk det store omfanget av gruvedrifta. Det skal kunne gravast ut seks millionar tonn masse som skal knusast og 95% eller meir skal dumpast i fjorden. Resten, altså høgst 300000 tonn rutil, for det meste titandioksid, skal vinnast ut og seljast på verdsmarknaden. Iallfall så lenge prisane er gode. Titandioksid inneheld ca 60% titan, og enkelte debattantar har lagt fram visjonar om titanproduksjon og industriarbeidsplassar. Då kunne kanskje førekomsten vare i eit par hundre år i staden for 50. Men målsettinga for gruveselskapet er å tømme fjellet for mineral på kortast mogleg tid og dumpe avfallet i fjorden blanda med kjemikaliar. Dette er noko som ikkje har vore prøvd ut. Det har vore føreslått å overvake utsleppa. Men sjølv det er ein risiko, og skulle konsekvensane bli for omfattande, vil gruveselskapet redusere eller stogge drifta etter at millionane er investert?
Dette her er direkte uansvarleg det desse politikarane går inn for. Vil storting og regjering gå inn for at Noreg står i spissen i lag med dei få landa i verda som tillet avfallsdumping i sjøen og stå fram som ein miljøversting? Dette held ikkje, dei har eit ansvar og dette handlar om truverd. Ta til vet og sei nei til sjødeponi!

Sigbjørn Løland Torpe, leiar i Studentlaget i Natur og Ungdom ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Kronikk.

La boblene briste!

Boblene stig oppover i raskt tempo. Ved kjøkkenbenken står tre forventningsfulle barn, med open munn, fascinert over kva som nettopp skjedde. For ei fantastisk maskin! Tenk at det er mogleg å gjere vatn om til brus! SodaStream heiter han. Vidundermaskina som kan trylle vatn om til alle moglege brusdrikker.

Men, den morosame maskina som gleder store og små verda over, er tufta på eit dystert faktum: det israelske selskapet SodaStream som produserer bobler og brusmaskiner har si verksemd på okkupert palestinsk jord; nærare bestemt Mishor Adumim Industrial Zone på Vestbreidda. Israel sin okkupasjon av området er i strid med internasjonal lov, Folkeretten.

Israel har sidan 1967 oppretthalde den ulovlege okkupasjonen av palestinsk landområder. Palestinarane blir systematisk utestengt frå handel og moglegheit til arbeid gjennom israelsk militær kontroll, og stadig utbygging av nye busettingar. Okkupasjonen av Palestina står i vegen for deira kollektive rett til sjølvbestemming, og medfører omfattande brot på menneskerettsfråsegnene. Vald, lite fridom, øydelegging av eigedom og restrikasjonar på rørslefridom er noko av mange forhold som gjer livet under okkupasjonen vanskeleg

Bedrifter som SodaStream får skattelette av den israelske staten for å leggje produksjonen sin til dei israelske bosettingane. Dette er svært problematisk fordi det bidrar til å integrere busettingane som ein del av Israel. Ved å importere og kjøpe slike busettingsvarer, bidrar vi til å oppretthalde den ulovlege okkupasjonen og gjere den økonomisk bærekraftig.

Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom og Fagforbundet Ungdom meiner ikkje at norske forbrukarar ikkje under nokon omstende bør kjøpe varer frå Israel. Problemet er at varer som er produsert i busettingane blir merka «Made in Israel», og ikkje indikerer at dei er produsert i okkupert Palestina. Dermed blir det umogleg for den vanlege forbrukar å vite at varene faktisk blir produsert i dei okkuperte områda. Dette er i strid med Markedsføringsloven §7 jfr. §6.

Marknaden til SodaStream er digert. Selskapet eksporterer til heile verda, og berre i Sverige eig 25 prosent av alle hushaldningar ei slik maskin. Marknade er stort også i Noreg. Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom meiner difor at det er naudsynt å innføre ein strengare merking, slik at det blir lettare for nordmenn å bli etisk bevisste forbrukarar.

Vi krev ei nøyaktig merking av produkt som er produserte på okkuperte territorium, og oppmodar alle forbrukarar til å vise solidaritet med palestinarane og boikotte SodaStream.

La boblene briste!

Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom Sunnfjord og Fagforbundet Ungdom Sogn og Fjordane

Ungdomsbedrift

Kvart einaste år på Sogndal VGS dannar fleire av vg2 og vg3 elevane ei ungdomsbedrift. Ein av desse ungdomsbedriftene er Spectrum UB. Spectrum UB er generelt ei fotobedrift frå vg2 Medium og Kommunikasjon, men dei kan også tilby design i form av logo og anna. Ungdomsbedrifta skal pågå i eit år og avsluttast når året er omme. Grunnen til ein oprettar ungdomsbedrifta er for å tjene pengar til klassetur i andre klasse. I dette tilfellet, London tur i April. Elevande syntest at dette er utrulig spennande både å finne kunder, markedsføre seg og utføre eit arbeid. Dei forklarar at det er godt å endelig komme seg ut frå klasserommet å få føle korleis det er i det verkelege arbeidslivet. Akkurat no jobba bedrifta med eit prosjekt frå ein barnehage i Sogndal. Der dei skal fotografere ungane som foreldra seinare kan henge opp på veggen. Spectrum UB gledar seg å sjå kva resten av året bringer, og kor mange prosjekt dei får.

IKKJE ØYDELEGG FRAMTIDA VÅR MED MONSTERMASTER

Vedtaket om å bygge Monsterlina gjennom Sima-Simnanger er eit åtak på rettane til vår generasjon. Dersom Monstermastane vert bygd ut, er naturen vi skal leve med og av i framtida som vert råka. Nok ein gang har Arbeiderpartiet og Senterpartiet sett vekk frå omsynet til miljøet og rettane til oss som er unge i dag.

Statsminister Jens Stoltenberg talar pent om ansvar. Men kva for ansvarskjensle er det i å øydelegge nokre av landet og kanskje verdas mest majestetiske naturområde for å spare nokre kroner? Kva ansvarskjensle er det som har styrt Stoltenberg når han ikkje ein gang vil lytte til alle vi som veit det finst alternativ til nett denne utbygginga, alternativ som kunne trygga energitilgangen utan å øydelegge naturområder?

Vedtaket om å bygge ut Monsterlinene rører dei to mest råtne delane av norsk politikk; Mangelen på respekt for synspunkta og opplevingane til vanlege folk, og samrøret mellom kraftkapitalen og folkevalde. Når Stoltenberg ler av motstandarar og seier at ” alle vil ha straum, men ingen vil ha straummaster,” viser han kor lite han forstår av kvardagen utanfor Oslo sentrum, og kor lite villig han er til å lytte til dei som vert påverka av politikken statsministeren fører. Vi er mange som har synt at det finst alternativ som både kunne sikra Bergensområdet trygg tilgang til straum og samstundes verna naturområda. Men det vil ikkje Stoltenberg og Riis-Johansen lytte til. Og når vi veit at ein av dei viktigaste grunnane til at Monstermastene ”må” byggjast, er at oljeindustrien har behov for meir energi, så burde det vere rett og rimeleg at dei betalte for transportalternativ som verna naturen i Hardanger. Men samrøret mellom oljeselskapa og toppolitikarane er som vanleg sterkare enn det sunn fornuft kan bryte ned.

Vi som er unge i dag kjempar ein kamp om retten til å bestemme over eigen framtid. Den er endå ikkje tapt. Sosialistisk Ungdom kjem til å støtte folkeaksjonane og ungdomsråda i kampen, vi har lenkene klare.

Olav Magnus Linge
Leiar i Sosialistisk Ungdom

Aleksander Eilertsen
Fylkesleiar i Hordaland Sosialistisk Ungdom

Albert A. Øydvind
Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Sosialistisk Ungdom

Frå laksefjord til giftfjord

Gruveselskapet Nordic Mining vil dumpe fleire millionar tonn med giftig steinstøv i Fjørdefjorden, ein av våre nasjonale laksefjordar. Natur og Ungdom meiner at dette er ei katastrofe for det biologiske mangfaldet. Avfallet frå gruvedrifta i Engebøfjellet vil drepe alt liv på botnen av fjorden, og det vil få store konsekvensar for resten av økosystemet i og ved fjorden.
Nordic Mining vil lage et deponi i Førdefjorden, der dei skal dumpe giftig steinstøv som kjem frå gruvedrifta. Heile 97-98% av det dei skal ta ut av Engebøfjellet vil faktisk hamne i fjorden. Utan nokon garanti for at det vil halde seg der eller om fjorden nokon gang vil få tilbake det rike dyrelivet som den har i dag. Men det er ikkje berre miljøet som vil tape på dette. Innbyggjarane i Vevring må belage seg på støy døgnet rundt og gift i lufta som er til dels kreftframkallende. Nokon vil også bli tvangsflytta frå familiegarden sin som dei har levd på i generasjonar. Prisen ein må betale er altså utrydding av alt liv på botnen av fjorden og mogleg spreiing av giftig steinstøv til resten av fjorden. Det vil og bli uana konsekvensar for resten av økosystemet i tillegg til støy, luftforureining og tvangsflytting. Dessutan er naturen i området verdifull og uerstatteleg. Ein gamblar ikkje med så dyrebar og unik natur!
Rutilutvinninga er ikkje noko som vil utvikle eller gje liv til bygda. Det er ikkje noko som vil få fleire innbyggjarar til fylket og det er ikkje noko som vil gje “framtidsfylket” ei betre framtid. Heller tvert om. For kva skjer når gruva er tom, fjorden er død og lufta er forureina? Kva skal min generasjon gjere om 50 år når ein treng nye næringar i fylket, og vi finn ut at ressursane er tappa eller øydelagt? For det er det Nordic Mining vil gjere. Øydeleggje ressursane i fylket som vår generasjon også kan dra nytte av. Ressursane som er bærekraftige og har ei framtid. Eg trur at viss politikarane opnar for rutilutvinning i dag, vil vår generasjon i morgon få det vanskelig med å halde folk i fylket og ikkje minst få fleire til å flytte hit. Ingen vil bu i “giftfylket” der du får kreft av lufta og vatnet og fisken i fjorden er blitt utrydda av giftig steinstøv. Så eg ber politikarane om å tenkje seg om ein gang til før dei sel unik natur for arbeidsplassar. For eg trur det er ein dårlig deal.
Nordic Mining må stoppast i planane sine, og det heile er opp til politikarane. Folk må gjere noko aktivt for å påverke i denne saken. For viss skaden blir gjort, vil kanskje ikkje vår generasjon sjå den dagen den blir retta opp. Denne usikkerheita er grunn nok til å stoppe dette prosjektet som vil rasere ein unik og dyrebar fjord. Skadane som vil bli påført fjorden og fylket, vil vere enorme og langvarige. Vi vil ikkje at Førdefjorden skal gå frå å vere ein nasjonal laksefjord til å bli ein nasjonal giftfjord. Stopp rutilutvinninga!

Sondre Nave, 1. nesteleiar Sogn og Fjordane Natur og Ungdom

Lokalt Naturmangfald - Svar til Fossum

Administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum, svarte i Firda 11. mars på innlegget mitt om lokalt naturmangfald. Fossum skreiv at Natur og Ungdom har misforstått omgrepet naturmangfald. Det er tydeleg fleire mistydingar ute og går.

Ei lang rekke lag, forskarar og miljøorganisasjonar kjem med kraftige åtvaringar mot den planlagde gruvedrifta i Vevring. Drifta vil føre til eit enormt naturinngrep, og har ein høg risiko for å øydelegge Førdefjorden.

Fossum brukar konsekvensutgreiinga (KU) som dokumentasjon på at gruveprosjektet i Engebøfjellet er utan fare for naturmangfaldet i Førdefjorden. At gruveprosjektet vil vere miljømessig trygt og langsiktig utan konsekvensar for verken raudlisteartar eller andre artar. Dette stemmer ikkje. KU er ikkje ferdig, og kan ikkje reknast som eit bevis for at økosystemet i fjorden ikkje vil bli påverka av fjorddeponiet. Fleire forskarar anbefalar vidare utredningar på mange område.

Norsk fjordlandskap er for andre gong blitt kåra til eit av dei beste reisemåla i verda. Vevring er eit kreativt og livleg bygdesamfunn, og ligg ved ein av dei reinaste og flottaste fjordane i landet. Eg tykkjer det er naivt og ulogisk å tru at gruvedrift og fjorddeponering vil vere miljøvenleg på den måten det er lagt fram. Lokalpolitikarane står ovanfor ei stor avgjerd. Kor mykje risiko for øydelegging av miljøet vil de godta? Gruveindustri der ein risikerar å øydelegge Førdefjorden for all framtid, eller ei fornybar satsing der ein tek vare på naturmangfaldet og livet i bygda. Kva veg tyngst?

-Inger Fure Grøtting, Fylkesleiar i Natur og Ungdom

Lokalt naturmangfald

I følge FN sitt klimapanel, skjer tapet av naturmangfold 100 til 1000 gongar raskare i dag enn for 50 år sidan. Vi er godt ute i 2010, Naturmangfaldsåret til FN. Medan FN i år set inn ekstra innsats for å stoppe tapet av naturmangfoldet i verda, gjer lokalpolitikarane det motsette.

Førdefjorden er omtalt som ein av dei reinaste fjordane i landet, og er ein nasjonal laksefjord. På verdsbasis har artar dødd ut til alle tider, men i dag skjer tapet av naturmangfold i eit ekstremt høgt tempo. I vårt eige land står nesten 4000 artar i fare for å dø ut. Nokre av desse raudlisteartane lever i vår eigen Førdefjord.

Det er utruleg mange grunnar for å hindre Nordic Mining til å starte gruvedrift i Engebøfjellet, og stoppe dei med å dumpe avfall i fjorden. Ein av dei er det rike og flotte naturmangfoldet vi har. Om FN skal klare å stoppe tapet av naturmangfold, er det på tide å byrje med vårt eige lokalsamfunn. Slutt å prat, og start å gjere handlingar!

- Inger Fure Grøtting
Fylkesleiar i Natur og Ungdom

JA, kulturkampen er viktig og held difor fram.

Oddvar Reiakvam, ungdomskandidaten til Sogn og Fjordane Frp skriv i eit innlegg at kulturkampen er ein viktig ideologisk kamp for Frp om kva rolle staten skal ha i samfunnet.

Aldri har skiljelinjene i kulturpolitikken vært klarare enn ved årets Stortingsval. Kulturløftet til AP har gitt ei historisk kultursatsning på to milliardar kroner. Eit regjeringsskifte, og eit stort Frp, vil kunne stoppe dette arbeidet.

Kunst og kultur er etter mitt og Ap sitt syn grunnleggande goder som bør tilfalle alle i samfunnet. Når fleire hundre kulturutøvarar har gått saman for å hindre Frp i å komme til makta betyr det at kultur er viktig for mange. Det er faktisk ikkje snakk om særinteresser slik som Reiakvam hevdar.

Reiakvam seier at Fr vil kutte i kulturstøtta og heller gje skattelettelsar til folk flest slik at dei sjølv kan bestemme kva kulturtilbod dei vil ha. Realiteten er at då at folk flest ikkje vil få noko særleg val.

Ap meinar at alle , uansett om du bur i ein storby eller i Sogn og Fjordane ,skal ha tilgang til gode kulturopplevelsar. Gjennom kulturløftet har kultur-Norge fått eit historisk løft. Opera Nordfjord og satsing på kulturskulane våre er 2 gode eksempel på dette. Åge Starheim har sjølv bekrefta at Opera Nordfjord ikkje hadde vore bygd dersom Frp fekk bestemme.

Igjen viser Frp at dei er eit parti for dei med størst lommebok. ”Folk flest” vil nemleg ikkje ha råd til å nytte seg av ulike kulturtilbod dersom Frp sin politikk vert ein realitet.

AP vil at folk skal kunne nytte seg av ulike kulturtilbod utan å måtte betale skjorta av seg. Vi vil videreutvikle den kulturelle spaserstokk og den kulturelle skulesekken . Vi vil satse meir på kulturskulane våre slik at pris ikkje skal være avgjerande for om ungane kan gå der eller ikkje.

AP vil også at ungdom skal få lettare og billigare tilgang til kultur gjennom eit kulturkort for ungdom. Denne ordninga er allerede på plass i mange fylker, og no vil vi at ungdom i Sogn og Fjordane òg skal være med.

Det er dette de vil få om de stemmer Ap. Ikkje skattelette til dei som har mest frå før.

Vil de ha kultursatsing også etter valet, ja då veit de kva de bør stemme.

Karianne Torvanger
Fylkestingsmedlem Sogn og Fjordane AP

Framtidsretta frå UH og FpU

Leiarane i Framstegspartiets Ungdom og Unge Høgre har kome fram til ei lang rekke ”krav” til moderpartia våre i samband med danning av ei eventuell koalisjonsregjering etter haustens val. Lista inneheld mange gode punkt. Mellom anna er FpU og UH samde om at formueskatten, arveavgifta og dokumentavgifta bør fjernast. I tillegg vil vi mellom anna auke botnfrådraget til 120 000 kroner samt heve innslagspunktet for toppskatten.

Ikkje uventa har fleire på venstresida reagert på fleire av framlegga. Mellom dei er Karianne Torvanger i Sogn og Fjordane Ap. Spesielt reagerar ho på nokre av kutta vi vil gjere på utgiftssida i statsbudsjettet. FpU og UH er samde om at det bør innførast to karensdagar. Dette har synt seg å vere eit treffsikkert verkemiddel i kampen mot korttidssjukefråvær. Mellom anna i Finland. I tillegg ynskjer FpU og UH at fleire uføre skal nytte restarbeidsevna si i større grad enn i dag. I dag mottek heile 700 000 personar i arbeidsfør alder ein eller annan form for offentlig støtte. Det som er mest bekymringsfullt med dette talet er at det er sterkt aukande, og krev ein stadig større del av statsbudsjettet. Dessverre har ikkje den sitjande regjeringa gjort noko for å betre situasjonen. Kvar gong nokon frå Høgre eller FrP nemner dette problemet vert vi med ein gong sett i bos som ”usosiale”. Til og med Karl Marx meinte at folk skulle yte det dei kunne. Nordmenn har aldri hatt betre helse og arbeidstilhøve. Då kan ikkje Regjeringa berre sitje å sjå på at fleire og fleire vert avhengige av trygdeytingar.

Når det gjeld skattelettelsane FpU og UH føreslær so vil mesteparten av pengane gå med til å heve botnfrådraget til 120 000 kroner. Dette er eit tiltak som kjem ALLE skatteytarar til gode, uavhengig av inntekt. So at det er eit skatteopplegg som fyrst og fremst tener dei rike, slik som Torvanger hevdar, er direkte feil. I FrP sitt alternative statsbudsjett for 2009 gjorde vi framlegg om å gje 10 milliardar i skattelette til dei som tener under 300 000 kroner. Gruppa som tener over ein million i året vart tilgodesett med 0,4 milliardar, eller 2% av dei samla skattekutta vi gjorde framlegg om. Vårt skatteopplegg har berre ein tapar, og det er staten.

Den raudgrøne regjeringa har auka statens utgifter med 100 milliardar kroner sidan den tiltredde, men kva resultat har dei eigentleg å syne til? Det vert stadig fleire fattige, trass i rekordhøge trygdeutgifter. Helsekøane veks med 20 000 personar i året sjølv om sjukehusbudsjettet er rekordstort. Norske elevar gjer det dårligare og dårligare på internasjonale undersøkingar sjølv om vi brukar meir pengar på skule enn nokon gong og vi har fleire lærarar pr. elev enn dei fleste andre OECD-land. Då er det ingen grunn til å tru at dei raudgrøne sine lovnader om meir pengar skal vere det saliggjerande. Det må systemendringar og reformar til. Det er på høg tid å fornye Norge. Skal vi få til det må den systemkonservative og reaksjonære regjeringa vi har i dag få avløysing av ei ny, blå-blå regjering.

Oddvar Reiakvam
Ungdomskandidat
Sogn og Fjordane FrP

Lokal korpsungdom spelar på TV

Lokal korpsungdom

I kveld sett 45 unge og entusiastiske medlemmar i Nordvest Ungdomskorps, NUK blant vener, seg på bussen med kurs for Oslo og medverknad i TV2s morgonsending «God morgen, Norge». Utfrå datoen var det nok fleire som mistenkte at det heile var ein aprilspøk då TV2 tok kontakt. Men no er bussen tinga og forventingsfulle musikarar er klare for eit døgn på reise for å oppleve nokre minutt framfor TV-kamera. Ungdommane kjem frå heile Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, men skulekorpsa i Høyanger og Førde er sterkt representerte med heile sju stykker. For mange kjem nok dette som eit kjærkomment klapp på skuldra ettersom korpsmusikk ikkje alltid blir like høgt verdsatt av jamnaldrande.

Invitasjonen frå TV2 heng saman med konsertprogrammet «Sinatra Our Way» og samarbeidet med finalisten frå Idol 2006, Jonas Thomassen. Han er gjestevokalist i forestillinga og snart klar med sitt andre album etter deltakinga i Idol. Saman skal dei altså framføre utdrag frå showet på Karl Johan om morgonen 2. april. I tillegg blir det intervju i studio og nokre timar på byen før heimvegen ventar. To dagar seinare, laurdag 4. april, har «Sinatra Our Way» premiere i Operahuset på Eid. Den skal deretter spelast i Ålesund søndag 5. april før dei kjem til Førde og Førdehuset måndag 6. april.

Så om det er nokon som framleis trur at korps berre passar til å spele ‘Ja, vi elsker’ og ‘Gammel jegermarsj’, vil dei få sjå og høyre noko anna på TV-skjermen torsdag morgon. Større storband enn NUK skal du for tida leite lenge etter. Her er det trøkk og swing av høg klasse. På same måte som Sogn og Fjordane Brass Band er NUK er eit representasjonskorps for Norges Musikkorps Forbund region Nordvest, men det er ungdommane sjølv som står for opplegg og regi bak det musikalske.