Viser arkivet for stikkord unge

Ingrid Heggø og svartmålingskosten – eit underhaldande syn

Gode Ingrid Heggø, eg viser til ”synderegisteret” ditt i Ytre Sogn fredag 11.juli. Det fyrste eg vil anbefale, er at du legg frå deg svartmålingskosten med ein gong, og at når du fyrst skal male, vel andre sanne fargar.

Det er eit faktum at Heggø før og under valkampen skreiv fleire innlegg med rein løgn for å skremme veljarane vekk frå den borgarlege sida. Det kan diskuterast om ho oppnådde noko særleg med det, med tanke på den fantastiske og historiske oppslutnaden dei borgarlege partia fekk. Det merkast òg i hennar eigen heimkommune, Høyanger, der Høgre vart nest største parti og gjekk fram nærmast sju prosentpoeng.

I staden for at Heggø kallar dette eit spel frå regjeringa si side, vil eg konstatere med ein gong at dette ikkje er spel, men politikk, og politikk handlar om prioriteringar og menneska i eit samfunn sitt beste, der ulike parti har sine syn på korleis det kan gjerast. Kanskje vil det slå hardast tilbake på Heggø om det er spel ho vil spele, og ikkje diskutere verkelege løysingar på verkelege utfordringar, for det er det regjeringa er godt i gong med.

Sjå for dykk ein ørken, utan væske og dynamikk. Det er ein illustrasjon av den raudgrøne regjeringa. Som i åtte år dreiv med rein idétorke, og det at ein ikkje hadde nye løysingar slik som dei borgarlege hadde under valkampen, er kanskje den største grunnen til at det raudgrøne regjeringsalternativet vart valet sin store tapar. Eg hadde også vore misunneleg på regjeringa hadde eg vore Heggø som må no sjå på at regjeringa får til noko og haustar skryt.

”Privatisering” er kanskje opposisjonen sitt favorittord. No skal me skremme veljarane, tenkjer dei. Den faktiske realiteten, er den at helsekøane var historisk lange under den raudgrøne regjeringa, medan det var ledig kapasitet hjå det private som det offentlege kunne betale for. Høgre ynskjer å korte ned på desse helsekøane, difor har Bent Høie no presentert det fyrste steget i ei omfattande helsereform. Det går ut på at pasientar innan rus og psykiatri skal sjølv få velje om dei vil behandlast av offentlege eller private. Rekninga skal dekkast av staten. For meg er det eit riktig steg i riktig retning, og eg er glad for at statsminister, Erna Solberg, har sett psykisk helse på dagsordenen.

Vidare er tida moden for ei kommunereform. Det er 50 år sidan kommunekartet har vorte endra på, og mykje har skjedd sidan den tid. Me treng at kommunar slår seg saman for å auke kompetansen og kvaliteten og få til ei effektivisering i dei offentlege tenestene og for å styrke lokaldemokratiet. Økonomi, velferd og demokrati er tre gode grunnar til kommunesamanslåing. Om me verkeleg vil at ungdomen skal flytte heimatt til trivselsfylket, må me ha klart ein attraktiv bu– og arbeidsmarknad, ikkje at me driv kvar vår vetle kommune der ein ikkje klarar å oppretthalde mange og gode nok tenester til innbyggjarane sine. Samarbeid er eit nøkkelord, og det at det skal gjerast av fri vilje skal vere det absolutt overordna.

Eg kunne ha drive på i heile sumar, hausten og vinteren med å rette opp i løgnene dine, Heggø. Men det har eg ikkje tid til, fordi eg skal drive med politikk og få Noreg på sitt beste. Så er det ikkje til å stikke under ein stol at synderegisteret til den raudgrøne regjeringa ville vore for langt til å passe inn i denne avisa, og heldigvis er det ikkje i mi interesse å lage synderegister til respektive parti, og det tykkjer eg Ingrid Heggø burde vere for god til å lage òg.

Lise-May Sæle

Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre

Å styre unna det varmare, våtare og villare

Verda og menneskeætta står ovanfor enorme problem som til tider kan sjå uløyselege ut. Kva gjer ein? Kva gjer ein når havnivået stig, når verda mest liknar eit grått hôl og når forbruket til oss egoistiske menneske aukar meir enn aldri før? Me kan ikkje lene oss tilbake og tru at reddande englar skal hjelpe oss ut av klisteret. Eit kvart menneske på denne jorda har sitt ansvar, og det må me skjøne.

Innan 2050 må verda redusere klimagassutsleppa med 50-85 prosent dersom me skal hindre konsentrasjonen av CO2 i atmosfæren å overstige 450 ppm. Kun slik kan me hindre ei verdsomspennande oppvarming på meir enn 2 grader °C. Dette vil krevje store teknologiske framsteg.

Noreg sine utslipp av klimagassar på om lag 12 tonn CO2-ekvivalentar per innbyggjar er mellom dei høgaste i verda. Norsk energibruk per innbyggjar ligg over gjennomsnittet i OECD-land. Det er òg eit faktum at 20 prosent av befolkninga brukar 80 prosent av jorda sine ressursar. Allereie her startar det urettferdige. I kva tunnel skal ein sjå framover?

Fornybart. Ordet er “fornybart”. Bruke energi slik at atmosfæren ikkje vert som fleire dundyner rundt jorda – jorda må få puste. Kvifor ikkje nytte meir fornybar energi? Er me redde for å tenkje nytt og ta i bruk nye metodar? Er det nye farleg for oss? Noreg har dei beste tilhøva for å verte eit leiande fornybart energi-land. Men likevel ligg me bakpå og nyttar oss av ein liten del av det me kan nytte oss av.

Vindenergi, ofte i form av vindmøller, kan hjelpe oss å produsere straum for befolkninga – ei evig energikjelde. Men det kostar å konstruere, og vindmøller skapar ofte ein ubalanse i det biologiske mangfaldet.

Bylgjeenergi er eit godt alternativ. Ved å utnytte dei store rørslene i havet, kan me produsere store mengder med elektrisk energi – sett vekk frå at bylgjeenergi er særs krevjande og dyrt. Høgdeskilnaden mellom flod og fjære kan ofte variere frå fem centimeter, ti meter og opp til heile femten meter. Desse høgdeskilnadene kan me utnytte for å produsere elektrisk energi.
Ein kan òg utnytte den frigjeringa av store mengder av energi når ferskvatnet frå elvane møter havet – denne utnyttinga kallast saltkraft. Sjølv om Noreg har nokre av dei beste tilhøva til å drive med saltkraft, er det framleis på prøvestadiet.

Sola er kjelda til alt liv, og sola er ein viktig faktor i naturprosessar på Tellus. Men ein kan òg ta i bruk sola direkte. Stader der det ofte er eit temperert klima og behaglege varmegrader, har ein byrja å nytte seg av solcellepanel. Solcellene har den eigenskapen at når dei vert trufne av sollys, så vert det frigjort elektron frå materialet. Då er det sjølvsagt at solcellepanel produserer mest straum når det er varmast. Framtida for solcellepanel i Noreg er då ikkje så lønnsam her, sidan Noreg ikkje har så sterkt sollys.

Drivstoffet som me nyttar her i verda kan, på sikt, ikkje halde fram med å vere fossilt brensel. Det er gode alternativ til det fossile. Eg meiner at ein burde gjere det endå meir populært og attraktivt med biodiesel og det å bruke hydrogen som brennstoff. Forsking og innovasjon på dette området kan hjelpe oss fleire store steg i klimautfordringane me står ovanfor. Eit tiltak som òg må realiserast, er og i større grad å leggje opp skatte- og avgiftssystemet slik at det kostar å forureine og er lønnsamt å opptre miljøvenleg. Avgiftsfordelane i dag ved kjøp og bruk av nullutsleppsbilar må førast vidare, og avgiftssystemet for køyretøy må i større grad stimulere til låge utslepp.

Det er mange alternativ – difor meiner me i Høgre at me må byrje å tenkje bêrekraftig – med nye idear og betre løysingar. Høgre ynskjer å styrkje forskinga på miljø og klima, særleg innanfor fornybare energikjelder, energiøkonomisering, karbonfangst og -lagring. Me meiner òg at Noreg skal ta eit særleg ansvar for utvikling av klimavennleg teknologi.

Egoisme er vår verste fiende, men me veit ikkje det endå. I dette tidspunkt nyt me egoismen. Har me tenkt på kva ilt den gjer oss og våre etterkommarar? Klimautfordringane me står ovanfor er som når me skal velje kva me skal studere – ein har eit hav av moglegheiter som gjer at du vil lukkast. Eller du vel å ikkje sjå havet med moglegheitene, og berre sitje der med skjegget i postkassa og ikkje utdanne deg. Me er utanforståande, global oppvarming og ein øydelagd drivhuseffekt er altfor abstrakt for oss menneske. Me veit ikkje kva det er godt nok til å kunne forandre vår levemåte – og me veit ikkje kva som kjem til å møte oss. “Framtida” – eg får frysningar nedover ryggen. For eit skummelt ord.
“It is too late to be a pessimist.”

Lise-May Sæle
Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Unge Høgre

Feminist, men ikkje sosialist

Heilt sidan slutten av 1800-talet har norske kvinner kjempa for å bli likestilte med menn. Sidan den gong har kvinnene kjempa seg til full likestilling på alle plan i samfunnet. Og i dag ser me verkeleg fruktene av det arbeidet kvinnene i Noreg byrja på for over 100 år sidan!

I 1884 vart den fyrste kvinneorganisasjonen i Noreg skipa, Norsk Kvindesagsforening. I 1901 fekk kvinner for fyrste gong delta i politiske val, om dog berre ved kommuneval, og i 1910 vart allmenn stemmerett ved kommuneval innført. I 1911 kom Anna Rogstad på Stortinget som den fyrste kvinna i Noreg. Men ikkje før i 1913 vart det innført allmenn røysterett ved alle val. Kvinnene har oppnådd svært mykje gjennom kampen mot mannsdominansen; I 1888 vart gifte kvinner myndige, ved lover av 1918 og 1927 vart kvinner likestilte med menn i ekteskap når det gjaldt skilsmisse, myndigheit over eventuelle born og eigendomsrett, i 1952 fekk kvinnene full adgang til dei offentlege embeta og etter likestillingslova av 1978 er all forskjellsbehandling av kvinner og menn forbode. Sidan kvinnekampen byrja har me sett at kvinnene i Noreg har utkjempa ein hard kamp for å bli godtekne av det norske samfunnet på lik linje med menn.

I dag lev me i det samfunnet som kvinnene for 100 år sidan berre kunne drøyme om. Kvinner er nemleg godt representerte i høge stillingar, svært mange vel høgare utdanning og dei stiller svært ofte til val. Og ikkje minst: alle har mogelegheita til å bestemme fullt og heilt over sitt eige liv. Ordningar som barnehage, SFO og fødselspermisjon har gjort det mogeleg for kvinner å vere mødre i tillegg ti å ha ei yrkeskarriere. Dette er privilegium kvinner ikkje hadde for 100 år sidan.

Til tross for at kvinner og menn alltid vil vere ulike skal dei ha like rettar. Det at me i år feirar at kvinnene har hatt stemmerett i 100 år ser me i Unge Høgre på som ei hylling av all den innsatsen kvinnene gjennom historia har lagt ned for å bli godtekne som nettopp kvinner. Kvinnene er ikkje lenger berre fine å sjå på, dei sit inne med viktig kompetanse og kunnskap som hjelper til med å dra Noreg framover!

I dag er det allmennkjent at dersom ein er feminist, ja da må ein også vere sosialist. Men dette stemmer ikkje. Både i Unge Høgre og i resten av samfunnet har me mange sterke, kompetente og flinke kvinner som ikkje definerer seg sjølv på venstresida av den kjende politiske skiljelinja, men som likevel ser på seg sjølve som feministar.

Unge Høgre ser på normene med kvotering i mellom anna arbeidslivet som utdaterte. Kvifor skal kvinner kvoterast inn nettopp fordi dei er kvinner? Nei, dei skal få jobbane fordi dei har den kompetansen, arbeidsvilja, arbeidsmoralen og den stå-på vilja som trengs for å få arbeidet gjort! Kvotering ser fint ut på papiret, men det fungerer ikkje i praksis. Det er viktig at kvinner ikkje berre vert sett på som kvinner, men som sjølvstendige individ som er kapable til å gjere den same jobben som menn.

I Unge Høgre meiner me at utdaterte normer som jantelova er ei krenking på individa sin fridom til å uttrykkje det dei meiner og det dei er flinke til. For kvinner er flinke, ja faktisk uendeleg flinke! Og dei kan også i dag vere flinke utan å vere avhengige av ein mann.

Jentene i Unge Høgre er stolte døme på at ein ikkje treng vere sosialist for å vere feminist. Me er liberalkonservative feministar, og me er stolte av det!

Vilde Tøfte Øvstetun for Sogn og Fjordane Unge Høgre,
også Stortingskandidat for Sogn og Fjordane Høgre for Stortingsvalet 2013

Verdas beste hobby

Å engasjere seg kan tolkast på fleire måtar. Sidan me alle er ulike, har me ulik nerve som fortel oss kva me verkeleg brenn for. Definisjonen på å engasjere seg vil me seie er å ha sterk interesse for noko eller å vise aktiv deltaking. Somme brenn for klede, andre brenn for Justin Bieber, medan andre brenn for at bestemora deira skal få best mogleg tilbod når ho vert så gamal at ho ikkje kan ta vare på seg sjølv.

I det siste har det vore ei reflekteringssak rundt kvifor Førde-ungdomen ikkje viser det nivået av engasjement som er forventa av Sogn og Fjordane sin største by. Engasjementet som er sakna gjeld når det kjem til det å drive med ungdomspolitikk. ”Kvifor er det slik?” kan ein gjerne spørje seg sjølv. For mange verkar ikkje politikk som ein interessant hobby, men sanninga er at det er svært givande. Ved å engasjera seg politisk gjev ein noko att til samfunnet, samstundes som ein er med på å forme si eiga framtid, og ikkje minst framtida til dei komande generasjonane. For sjølv om me er unge har me mykje innverknad.

For oss i Sogn og Fjordane Unge Høgre har politikken gjeve oss nye verdiar og ny kunnskap. Grunnverdiane til Unge Høgre – fridom, mangfald og toleranse – har fylgt oss jamt og trutt i vårt politiske laup. Majoriteten i vårt fylkeslag seier at det å snakke framfor ei folkemengd ikkje er noko problem lenger. Det å vere med i ein politisk ungdomsorganisasjon gjev deg også eit heilt nytt sosialt nettverk med mange nye personar som deler dei same verdiane som du har.

Å vere engasjert skal ikkje vere noko negativt. Om ein ynskjer å vere engasjert, skal ein få rom til det. I Sogn og Fjordane Unge Høgre er det høgt under taket, og alle er velkomne. Å klare og seie si meining har aldri før vore meir verdifult enn no. Verda er urettferdig. Difor engasjerer me oss.

No kjem muslimane og tek oss

I Sogn og Fjordane bur det etter kvart mange truande muslimar. Etter Unge Venstre sitt syn er det heilt naturleg og flott at desse ytrar ynskje om eit eige gudshus.

I si nye valavis til husstandane i Sogn og Fjordane, går Framstegspartiet ut og lovar at dei vil «hindre byggjing av moskéar i bygdene våre». Korleis dei skal klare dette er ei interessant problemstilling. Nei, forresten, det er det eigentleg ikkje. For dersom reguleringsplanar og anna opnar for oppføring av gudshus, og nokon ynskjer å byggje ein moské, kan eit kommunestyre vanskeleg hindre dette utan å gå på tvers av grunnleggjande menneskerettar som religionsfridom og retten til ikkje-diskriminering. Ei nekting av byggjeløyve vil såleis truleg vere i strid med både Grunnlova og menneskerettslova.

Det mest interessante spørsmålet er difor kva som ligg bak eit slikt utspel frå Frp. Etter mitt og Unge Venstres syn kan der berre vere tre moglege forklaringar:
1: Åge Starheim og Frp kan ingenting om grunnleggjande menneskerettar.
2: Åge Starheim og Frp bryr seg ikkje om grunnleggjande menneskerettar.
3: Åge Starheim og Frp veit at utspelet er meiningslaust og utan politisk innhald, men spelar medvite på frykt, fordomar og grumsete haldningar for å skape oppslutnad kring eige parti.

Personleg er eg redd forklaring nr. 3 er mest sannsynleg. Utspelet føyer seg nemleg inn i ei rekkje av saker, der det tydelegvis ikkje er grenser for kor langt Frp vil gå i å trampe på religionsfridomen for å sanke veljarar. Eit anna døme på dette er Frp i Oslo, som viljug røystar for oppstartsløyve til kristne privatskular, men som – utan vidare grunngjeving – set foten ned for muslimske privatskular. Dette er inkonsekvent og diskriminerande. Eg går ut frå at Frp ikkje vil hindre byggjing av kristne kyrkjer i «bygdene våre»?

For meg og Unge Venstre er religionsfridom heilt avgjerande for eit moderne samfunn. Difor ser vi med glede på at muslimar i Noreg ynskjer å dyrke religionen sin, på same måte som vi ser med glede på at kristne, jødar og katolikkar gjer det same. Omsynet til religionsfridom er også ein av grunnane til at vi går inn for eit fullt skilje av stat og kyrkje. Det er nemleg noko grunnleggjande feil med eit samfunn der Trond Giske har vetorett over kven som skal vere leiarar i eit religiøst trudomssamfunn. På same måte vil det vere grunnleggjande feil om Åge Starheim skal ha vetorett over kven som skal få byggje gudshus.

Sogn og Fjordane er eit moderne fylke, og vi er eit fylke som vert jamt meir multikulturelt. Dette tykkjer Unge Venstre er grunnleggjande positivt. Likevel er nok ikkje sjansen særleg stor for at vi ser ein byggje-boom i moské-bransjen med det aller første. Om nokon likevel skulle ynskje å byggje ein moské i Sogn og Fjordane, slik som det mellom anna er planar om i Førde, skal ein vere bra religionsfiendtleg for å sjå dette som negativt. Eg trur derimot dette vil vere eit heidersmerke for fylket vårt! Sogn og Fjordane er ein del av ei moderne verd og ein moderne nasjon, ein nasjon som har rom for personar med ulik bakgrunn og religion. Då er det viktig at vi held fast på religionsfridomen som ein av våre mest grunnleggjande menneskerettar. Det ynskjer vi i Unge Venstre å gjere, og vi sel ikkje unna vår menneskerettslege integritet for å kapre veljarar.

No kan det sjølvsagt tenkjast at Åge Starheim og Frp eigentleg berre vil fjerne årsakene til at det oppstår trong for moskéar i Sogn og Fjordane. Men så vondt vil eg ikkje tru om dei.

Av Sveinung Rotevatn, Nordfjordeid, sentralstyremedlem i Noregs Unge Venstre

Framtidsretta frå UH og FpU

Leiarane i Framstegspartiets Ungdom og Unge Høgre har kome fram til ei lang rekke ”krav” til moderpartia våre i samband med danning av ei eventuell koalisjonsregjering etter haustens val. Lista inneheld mange gode punkt. Mellom anna er FpU og UH samde om at formueskatten, arveavgifta og dokumentavgifta bør fjernast. I tillegg vil vi mellom anna auke botnfrådraget til 120 000 kroner samt heve innslagspunktet for toppskatten.

Ikkje uventa har fleire på venstresida reagert på fleire av framlegga. Mellom dei er Karianne Torvanger i Sogn og Fjordane Ap. Spesielt reagerar ho på nokre av kutta vi vil gjere på utgiftssida i statsbudsjettet. FpU og UH er samde om at det bør innførast to karensdagar. Dette har synt seg å vere eit treffsikkert verkemiddel i kampen mot korttidssjukefråvær. Mellom anna i Finland. I tillegg ynskjer FpU og UH at fleire uføre skal nytte restarbeidsevna si i større grad enn i dag. I dag mottek heile 700 000 personar i arbeidsfør alder ein eller annan form for offentlig støtte. Det som er mest bekymringsfullt med dette talet er at det er sterkt aukande, og krev ein stadig større del av statsbudsjettet. Dessverre har ikkje den sitjande regjeringa gjort noko for å betre situasjonen. Kvar gong nokon frå Høgre eller FrP nemner dette problemet vert vi med ein gong sett i bos som ”usosiale”. Til og med Karl Marx meinte at folk skulle yte det dei kunne. Nordmenn har aldri hatt betre helse og arbeidstilhøve. Då kan ikkje Regjeringa berre sitje å sjå på at fleire og fleire vert avhengige av trygdeytingar.

Når det gjeld skattelettelsane FpU og UH føreslær so vil mesteparten av pengane gå med til å heve botnfrådraget til 120 000 kroner. Dette er eit tiltak som kjem ALLE skatteytarar til gode, uavhengig av inntekt. So at det er eit skatteopplegg som fyrst og fremst tener dei rike, slik som Torvanger hevdar, er direkte feil. I FrP sitt alternative statsbudsjett for 2009 gjorde vi framlegg om å gje 10 milliardar i skattelette til dei som tener under 300 000 kroner. Gruppa som tener over ein million i året vart tilgodesett med 0,4 milliardar, eller 2% av dei samla skattekutta vi gjorde framlegg om. Vårt skatteopplegg har berre ein tapar, og det er staten.

Den raudgrøne regjeringa har auka statens utgifter med 100 milliardar kroner sidan den tiltredde, men kva resultat har dei eigentleg å syne til? Det vert stadig fleire fattige, trass i rekordhøge trygdeutgifter. Helsekøane veks med 20 000 personar i året sjølv om sjukehusbudsjettet er rekordstort. Norske elevar gjer det dårligare og dårligare på internasjonale undersøkingar sjølv om vi brukar meir pengar på skule enn nokon gong og vi har fleire lærarar pr. elev enn dei fleste andre OECD-land. Då er det ingen grunn til å tru at dei raudgrøne sine lovnader om meir pengar skal vere det saliggjerande. Det må systemendringar og reformar til. Det er på høg tid å fornye Norge. Skal vi få til det må den systemkonservative og reaksjonære regjeringa vi har i dag få avløysing av ei ny, blå-blå regjering.

Oddvar Reiakvam
Ungdomskandidat
Sogn og Fjordane FrP

Den tredje vegen

Dei beste løysingane er korkje raude eller blå, men grøne.

Den lange valkampen er for lengst i gong. Mest sannsynleg sit mange i fylket no med eit inntrykk av at dei til hausten må velje mellom Jens og Jensen, eller mellom Heggø og Starheim. Dette er ikkje så rart.

Arbeidarpartiet har nemleg for lengst plukka ut sin favorittmotstandar – Framstegspartiet – og media heng seg på denne karikerte framstillinga av ein todelt politisk røyndom. Heldigvis for veljarane samsvarar ikkje dette biletet med realitetane.

Der finst nemleg ein løyndom korkje Frp eller Ap ynskjer å avsløre: Dei to partia er faktisk ikkje så ulike som dei likar å framstille seg. Båe to er ekspertar på statlege, sentraliserte normalløysingar som vert tredd nedover hovudet på borgarar og lokaldemokrati. Båe to står for ein menneskevond og folkerettsstridig asylpolitikk. Og ikkje minst: Båe to er totalt uinteresserte i miljø- og klimapolitikk. Lista kunne gjerast mykje lenger. For dei av oss som er levande opptekne av lokaldemokrati, ein human asylpolitikk og ein berekraftig miljø- og klimapolitikk kan valet til hausten såleis synast som eit val mellom influensa og svineinfluensa.

Det er det ikkje. Der finst nemleg eit anna alternativ: Den tredje vegen. Venstre trur korkje på sosialisme eller høgrepopulisme, og er ein garantist mot ekstreme fløyparti i regjering – anten dei heiter SV eller Frp. Venstre er eit liberalt parti, som kjempar for at alle skal kunne leve liva sine slik dei vil, med mindre det går ut over andre sin fridom. Difor er vi motstandarar av venstresida si einsretting, der borgarane berre får tilbod om normerte, statlege løysingar som mange ikkje passar inn i. Og difor er vi like sterke motstandarar av høgresida sine trangsynte verdiar som gjer politikk av mellom anna religion og seksuell legning. Liberalarar meiner at gudstru og kjærleik er ein privatsak, og vi trur på lokale og differensierte velferdsløysingar. Vi lever ulike liv – heldigvis.

Å vere liberal handlar om å kjempe for fridom for alle – ikkje berre for LO-medlemmar (Ap og SV), bønder (Senterpartiet), heterofile fråhaldsfolk (Kristeleg folkeparti), kvite menn i dress (Høgre) eller kvite menn i grilldress (Frp). Å vere liberal handlar om å drive politikk fri frå særinteresser, og å gå for politiske løysingar fordi dei er riktige for samfunnet og den einskilde, ikkje fordi dei gjev mest mogleg pengar i valkampkassa.

Dette er grunnen til at vi i Unge Venstre no lanserer kampanjen «Den tredje vegen», der vi fram mot valet vil nytte heimesida http://tredjevei.no til å peike på kvifor både Jens og Jensen tek like feil, og kva alternative løysingar du i staden kan få ved å gje ei røyst til eit liberalt sentrumsalternativ. Norsk politikk er ikkje berre raudbrun og blåbrun – den er også grøn.

Sveinung Rotevatn, Nordfjordeid, sentralstyremedlem i Unge Venstre