Viser arkivet for stikkord utdanning

Mediaelevar har krav på overgangsordning

Frå og med neste skuleår vert Sogn og Fjordane fylke truleg åleine i landet om å ikkje tilby studieplassar innan vg3 Medium og kommunikasjon. Resultatet er utvilsamt at elevane frå Sogn og Fjordane får eit langt dårlegare utgangspunkt enn medieelevar frå resten av landet når dei skal inn på høgare medieutdanning.

Les heile innlegget her!

Rektor struktureres til taushet

Skolestrukturdebatten i Sogn og Fjordane har nådd et engasjement knapt noen hadde forutsett. Engasjementet har vist seg å være både kreativt og destruktivt. SIS-utspillet fra Sunnfjord tenker jeg alle må betrakte som løsningsorientert, og sogningene var raskt på plass med forslag der de også gjør sine offer for en god og framtidsrettet sak. Også venter alle på Nordfjord.

Det siste innspillet fra Nordjord er representert med en undrende mann som knapt trodde sine egne øyne da han så at tre rektorer fra Sunnfjord i det offentlige rom uttalte seg om hvordan de så for seg framtidsstrukturen: At Nygjerd gjør akkurat samme tabben som opplæringskontoret har gjort de siste årene, som vi alle har tapt flere ti-talls millinoner kroner på, kan være så sin sak: Han ser på tallene som ligger rett framfor nesa (neste års elevsøkning) og glemmer at vi har svært gyldig statestikk for de neste 16 årene der elevtallet i Nordfjord stuper.

Men det er betydelig mer skremmende den holdningen Nygjerd representerer ellers i innlegget sitt. Han mener rektorene burde ha «vit til å halde ein låg profil» hvis de ikke allerede har fått munnkurv fra opplæringsavdelinga, noe han mener burde være like naturlig. Gunnar Nygjerd er ikke alene om å hevde slike tanker som jeg mener er totalitære og helt klart udemokratiske. Rektorer ved videregående skoler bør representere den høyeste og beste kompetanse i å uttale seg i skolestruktursaken. Det er knapt noen som kan se bedre dette helhetsbilde av behovene til samfunnet, elevens ønsker, ressursene som finnes (og ikke finnes) i sitt nærmområde og fylket. Denne viktige kunnskapen (og mye mer til) som skal til for å danne seg et oversiktlig bilde av situasjonen, når en skolestruktur for hele fylket skal setles, den mener jeg rektorene besitter.

Det er svært gledelig at rektorene i Førde tar bladet fra munnen og deler kunnskap i det offentlige rom. Det er vide kjent i skoleforsker-kretser at den norske videregående skole er av de minst autonome skolene sammenlignet med tilsvarende skoler i OECD-området. Dette er en skremmende situasjon som ikke tjener samfunnet vårt. Rektorposisjonen i skolen er en talerstol som har kvaliteter du ikke kan finne andre steder: Den er ikke kommersiell, den er ikke politisk, og den har ingen bindinger utover det som eventuelt skole-eiger (les fylkeskommunen) måtte tre ned over institusjonen. Dette forteller oss at vi allerede er inne i en samfunnsorden som Gunnar Nygjerd taler for fra sin posisjon i Nordfjord, og som det bare finnes gode grunner for å kjempe mot. Det er hverken et demokrati verdig eller tjener videregående utdanning i fylket vårt. Vi trenger rektorer som har mot til å være framtidsrettet og vi skulle gjerne sett at denne talerstolen ble langt mer brukt.

Førde 28. april 2013
Fotograf og medialærer | Olav Øygard

Ungdom, yrke og internasjonalisering

Norvall Nøringset, leiar i opplæringsutvalet i fylkeskommunen, refsar i Firda 4.juli unge volleyballtalent og foreldra deira for manglande vilje til å satse i eige fylke når dei søker Topp Volley Norge (TVN) på Sand i Rogaland og ikkje det komande volleyballtilbodet ved Hafstad vgs. Nøringset er feilinformert når han synest meine desse to tilboda kan direkte samanliknast.

Les meir…

Hysterisk detaljstyring

Tysdag 17.april behandla Fylkestinget i Sogn og Fjordane spørsmålet om fritt skuleval. Etter framlegg frå FrP, der vi gjekk inn for at elevane sjølv skal få definere si eiga framtid og følgje draumane sine, vart det ein debatt som tydeleg synte forskjellen på dei raudgrøne og Framstegspartiet. For der AP sine styringskåte politikarar, som berre er redd for å miste si eiga makt, talte varmt for elevstyring der dei kunne definere både innhald og kor elevane skulle gå på skule, fronta Framstegspartiet eit prinsipp om at og elevar er i stand til fatte val på eigne vegne, og at elevane sjølv klarer å tenkje utan å få hjelp frå Kristin Halvorsen. Det var faktisk ein politikar frå AP som klarte å uttale at elevane kunne ikkje ta eigne val, fordi dei ikkje var i stand til å fatte konsekvensane av valet. Vel, eg trur den eleven heller vil ta konsekvensen av sitt eige val enn av AP-politikaren sitt val.

Jens Stoltenberg og raudgrøne politikarar på veljarjakt snakkar ofte om dei fryktelege marknadskreftene og kor gale alt kjem til å gå viss marknaden får styre. Jens Stoltenberg har sågar uttalt at «Marknaden er ein god tenar, men ein dårleg herre». Vel, i denne samanhengen var marknaden elvane. Så det Stoltenberg faktisk sa, var at «Elevane er ein god tenar, men ein dårleg herre». Eg veit ikkje kva Stoltenberg trur om seg sjølv, men det må være ganske mykje. Gud gav menneske fri vilje, og eg trur ikkje han hadde tenkt at Stoltenberg skulle ta den tilbake. Kjære Statsminister, forskjellen på meg og deg er at der du ynskjer å være herre, å styre elevane, så meiner eg at det er elevane som er herre og du som er tenaren. Viss ein som politikar ikkje skjønner at ein er vald for å tene innbyggjarane så har ein ikkje noko som Statsminister å gjere.

Når Stoltenberg spring rundt å snakkar nedsettande om marknaden så er det han eigentleg gjer å snakke nedsettande om sine eigne innbyggjarar. For det er innbyggjarane som er marknaden, det er me som er kundar og brukarar av det offentlege tenestetilbodet. Når han seier at marknaden ikkje kan styre i eldreomsorga, så seier han faktisk at Olga på 93 og Olav på 87 er for dumme til å fatte eigne val. Når han seier at ein ikkje kan ha marknadstenking i skulen, så seier han at han veit betre kva som er best for meg og andre elevar, enn det me veit sjølv. Korleis er det muleg å verte Statsminister når du har ein så låge tankar om innbyggjarane dine?

Og dersom marknaden, altså me som er brukarar av dei offentlege tenestene, skal ha høve til å fatte våre val, då kan vi ikkje ha ein monopolsituasjon på tilbodssida. Dersom me gjennom våre val skal kunne definere kva tilbod som er bra, og kva tilbod som er dårleg, og kva tilbod vi ynskjer å bruke, og ikkje bruke, så er me avhengige av at vi faktisk har noko å velje i. Men slik det er i dag så har AP tatt på seg å både definere tilbudet på vegne av det offentlege, og jammen har dei ikkje tatt på seg å bestemme kva brukarane, anten det er dei eldre eller elevane, skal velje blant desse tilboda også.

Eg har aldri engasjert meg i politikk fordi eg ynskjer å styre eller definere korleis andre skal leggje opp livet sitt. Eg har valgt å engasjere meg i FrP fordi eg ynskjer å leggje til rette for at folk sjølv skal få høve til å ta eigne val, følgje draumane sine, og definere si eiga framtid. Både elevar og andre er fullt ut i stand til å tenkje sjølv, dei treng ikkje hjelp av verken Jens Stoltenberg, Kristin Halvorsen eller Liv Signe Navarsete. Eg håpar derfor at dei raudgrøne kan gi opp denne hysteriske detaljstyringa av norske borgarar, og halde dei klamme fingrane sine for seg sjølv.

Yrkesfag og høgare utdanning

Vi treng større utval av utdanningstilbod innan høgare utdanning i Sogn og Fjordane. Per i dag har vi ikkje, som eit av få fylke i landet, eit tilbod innan høgare utdanning for data og IT. Det er openbart at dette er kritisk for rekruttering og kompetanse innan desse fagfelta i Sogn og Fjordane.

Høgskulen i Sogn og Fjordane hadde for ein del år tilbake studietilbodet dataingeniør i Førde. Dette tilbodet vart nedlagt grunna for få søkjarar dette året. Når ein legg ned ei linje fordi at det ikkje er nok søkjarar eit år, er det ekstremt vanskeleg å få studietilbodet på plass igjen neste år. Korleis skal ein då kunne søke på ei linje som ikkje eksisterer?

Ein bør også gjere tiltak for at yrkesfagutdanninga skal bli meir attraktiv for å sikre rekruttering til næringslivet. Som nemnd er det vanskeleg å gjenopprette ei linje som har lege brakk over lenger tid. Her har Øyrane vidaregåande skule si vg3 dataelektronikerlinje i Førde vore heldig. Linja vart lagt ned hausten 2009 fordi at linja hadde èin søkjar mindre i Førde enn i Sogndal og på Nordfjordeid. I 2010 kom linja tilbake fordi fylkeskommunen heldt studietilbodet i dvalemodus. Dette året var det diverre Sogndal vidaregåande skule si dataelektronikerlinje som trakk det kortaste strået. Ved Høgskulen i Sogn og Fjordane er dataingeniørlinja heilt borte. Dette er trist.

Vi treng fleire høgare utdanna med erfaring frå yrkesfaglege utdanningsprogram samt erfaring frå arbeidslivet. Dette er viktig for å få den grunnleggjande forståinga av korleis det heile heng saman.
Alt for mange vel studietilbodet “Påbygging til generell studiekompetanse”. Det er dette som er den største utfordringa til yrkesretta utdanning. Det er nok mange som tenkjer at eit fagbrev er ein endestasjon. Langt derifrå. Eit fagbrev er ei solid plattform å byggje ei utdanning vidare på.

Dei siste åra har det dukka opp eit tilbod som heiter “Y-vegen”. Dette er eit tilbod for dei som har fagbrev, og er lagt opp på ein måte som gjer at ein kuttar vekk enkelte av faga som ein har erfaring med frå yrkesutdanninga, og jobbar meir med fag som matematikk og fysikk. Det skal og seiast at fagbrevet kvalifiserer til forkurs ved høgskulane.

Jenny Følling sitt utspel i Firda onsdag denne veka er forhåpentlegvis starten på ein diskusjon innan dette temaet. “Vi treng kompetanse til næringslivet, og vi treng at ungdom utdannar seg til jobbar vi har her i fylket.” Eg er heilt einig med Følling sitt utspel. Vi må legge til rette ved å opne opp for fleire ulike studietilbod. Kanskje ein slags dvalemodus for å sanke søkjarar kan vere ein idè?

Sogn og Fjordane er framtidsfylket, er det ikkje?

Hvor mange mobbere må til før regjeringen gjør noe?

I Elevundersøkelsen i 2007 kom det frem at 14 500 ble mobbet en eller flere ganger i uken. Siden den gang har antallet bare økt. Det samme tallet i 2005 var 10 500.

Før Jens kom til makten i 2005 var mobbingen i norsk skole på vei nedover. Hva skjedde?

Det første den rødgrønne regjeringen gjorde etter at de kom til makten var nemlig å fjerne det vellykkede antimobbeprogrammet som den borgerlige regjeringen hadde innført. Den daværende kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell sa at det var lagt inn et lite “hvileskjær”.

Med tiden lanserte den rødgrønne regjeringen et manifest mot mobbing. Nylig, på en utvalgt Oslo-skole, på en tungt profilert pressekonferanse kunne vi høre Jens Stoltenberg presentere sitt nye “Manifest mot mobbing 2011-14”, der krevde han blant annet at landets ordførere skulle skrive under, i den hensikt at kommunene da forplikter seg til å arbeide mot mobbing blant barn og unge. Han sa blant annet at:
- Både fordi mobbing fortsatt har et altfor høyt nivå og fordi mobbingen tar nye former, har partene bak samarbeidet utformet et nytt manifest. Kunnskapsministeren Kristin Halvorsen nikker enig.

I Dagbladet 19. februar kunne du lese den tårevekkende historien til Antonie Helen Eck. Hun er en av dem som gir tallene og talen til Jens et ansikt. Hun ble mobbet nesten hele skolegangen sin, og på et tidspunkt vurderte hun å ta sitt eget liv. Hun var livredd for å leve og dødsredd for å dø. Hun ble mobbet fordi faren hennes satt i rullestol, og fordi moren hennes ikke jobbet, og fordi hun var større enn de andre. Ofte satt hun alene på rommet sitt et sted i Sunmøre, og tenkte på dagens dose av skjellsord hun hadde blitt servert. Tårene rant. Jeg kan ikke tenke meg hvordan det må være å sitte der helt alene å gråte, og samtidig vite at det sannsynligvis er mange tusen tårer igjen. Hun forteller at det blant annet var organisasjonen MOT som hjalp henne ut av mobbehelvete. Det smertet henne at lærere på skolen som visste, ikke gjorde noe. Hun skulle nå bristepunktet.

Professor Edvard Befring ved UIO er en av landets fremste eksperter på læring og problematferd. Han forklarer suksessen MOT har hatt med holdningskampanjene sine slik:
- MOT lærer ungdom at de er velgende vesener og dermed ser de seg som ansvarlige for valgene de gjør. Videre forteller han at han ikke tror på sanksjoner som pedagogisk metode.
- Mobbere er ikke onde mennesker, de er bare ikke opplyste nok, de har ikke oversikt over situasjonen, sier han.

Vi kan oppsummere det to vidt forskjellige tiltakene slik: Antimobbeprogrammet til den borgerlige regjeringen var et blinkskudd med stor effekt. Mobbemanifestet til Jens har påkostet mange såre tårer. Jeg undres egentlig hvorfor den rødgrønne regjeringen absolutt måtte “finne på” sitt eget tiltak, når det som allerede var innført fungerte så godt. Hvorfor spasere rundt med bind for øynene, når det allerede er gjort krystallklart hva som fungerer? Mobbingen under den borgerlige regjeringen gikk ned med over 30 prosent, mot en gjennomsnitlig økning på 10 prosent i årene fra 1995-2001.

Det er altså svært tydelig hva som fungerer og hva som ikke fungerer. Det hjelper ikke å bare henge opp plakater med “Ikke gjør dette” eller forfatte manifester. Mennesket er av natur ikke i stand til å kunne lene seg på regler og strukturer alene. Av og til trenger vi å bli minnet på at det du sier og gjør mot andre faktisk er av stor betydning. I et oppgjør mot mobbingen må menneskeverdet og mennesket være i sentrum. Dette har antimobbeprogrammet og t.d MOT bevist.

Vi må bruke kraftigere våpen enn penn og papir, vi må gjøre elevene obs på sitt ansvar overfor andre elever og stille de krav. Etter seks år med dårlige resultater, burde kanskje dette synke inn hos regjeringen?

Even Sønsterudbråten
1. nestleder i Sogn og Fjordane Unge Høyre

Venstre tek kunnskap på alvor

Venstre har gjennom heile inneverande stortingsperiode løyva meir midlar enn den raudgrøne regjeringa til utdanning og forsking. Dette vil vi gjerne halde fram med frå regjeringsposisjon.

Venstre vert i eit lesarinnlegg frå leiaren i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane utfordra på vår kunnskapspolitikk. Den utfordringa tek vi på strak arm, og vi vonar samstundes at kunnskap vert eit viktig tema denne valkampen.

Det viktigaste for Venstre er kvalitet i skulen. Venstre vil ha ein solid offentleg skule som gjev alle like moglegheiter til utdanning uavhengig av geografisk, sosial eller kulturell bakgrunn. Kunnskap og kompetanse er avgjerande for framtidig verdiskaping i Noreg, så vel som for elevane sitt framtidige høve til å ta del i samfunnsutviklinga som opplyste og kunnskapsrike borgarar.

For å leggje til rette for einskildeleven si utvikling treng vi tydelege læringsmål, klåre krav til eleven og gode lærarar. Læraren sin faglege og pedagogiske kompetanse er avgjerande for elevane sitt læringsutbytte, og Venstre vil difor prioritere fleire og betre lærarar framfor heildagsskule. Vi meiner det er ein dårleg idé å utvide skuledagen i komande stortingsperiode, slik somme andre parti går inn for, all den tid vi veit at lærarmangelen diverre vil verte meir og meir prekær. Skulen er eit undervisningstilbod, ikkje eit velferdstilbod, og tilgongen på mange og dyktige nok pedagogar er avgjerande for kvaliteten på undervisninga. Det er grunnleggjande for Venstre at skulen skal vere ein stad å lære, ikkje berre ein stad å vere.

Venstre har i inneverande periode kome med framlegg om fleire målretta tiltak særleg retta mot lærarrekruttering og kompetanseheving, utan å få støtte frå den raudgrøne regjeringa. Mellom anna vil vi:

• Etablere pedagogiske kvalifiseringsstipend, slik at vi kan rekruttere lærarar frå andre relevante yrke
• Innføre eit kompetanseår for lærarar
• Gjere læraryrket meir attraktivt gjennom ei utvida og betra 5- årig masterutdanning
• Innføre seniortiltak for å halde på verdifull kompetanse i skulen. Tre av fire lærarar ynskjer å arbeide etter fylte 60 år, men opplever at det i liten grad vert lagt til rette for dette.

Når det gjeld barnehagar er Venstre sitt mål full barnehagedekning, samt kvalitet og valfridom i tilbodet.

Barnehagen skal vere ein stad for leik, kreativitet og kvile, men barnehagen er òg eit pedagogisk tilbod. Venstre vil difor i stortingsperioden leggje vekt på ei utvikling av kvaliteten i barnehagane, samt rekruttering av fleire pedagogar.

Vi meiner at Venstre sin politikk er den beste løysinga for å ta steget over i kunnskapssamfunnet. Det gjer også Abelia, NHO sin organisasjon for kunnskapsbedrifter, som etter ein systematisk gjennomgong av partia sine stortingsprogram gjev Venstre høgast totalscore på kunnskapspolitikk. Ei røyst på oss den 14. september vil vere eit viktig bidrag til å omsetje denne politikken i praksis.

Gunvald Ludvigsen, stortingsrepresentant og 1. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre
Bjørg Mikalsen, lærar og 2. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre