Viser arkivet for stikkord utdanningsforbundet

BUP må skjermast mot nedskjeringar!

Sogn og Fjordane har tre poliklinikkar for barn og unge som treng psykiatrisk hjelp. Men for mange er det langt å reise til Eid, Førde eller Sogndal der desse ligg. Barna og ungdommane dette gjeld, har og ofte behov for at foreldre eller føresette reiser til behandling saman med dei. Slik går det fort ein arbeids- og skuledag med til kvar konsultasjon på BUP. For å bøte på dette, har Helse Førde hatt som praksis at spesialistar kan reise ut frå poliklinikkane for at pasientane skal få hjelp i eigen kommune. Med dei budsjettkutta som no er føreslegne vil det ikkje vere rom for dette lenger, og alle som skal ha behandling ved ein av poliklinikkane må reise dit. Personlege møte mellom behandlarane og dei som treng hjelp kan ikkje utan vidare erstattast med telefon- eller videomøte, til det er problemstillingane for vanskelege og pasientane for sårbare.

I tillegg til helsepersonell som arbeider direkte med barna/ungdommane, har BUP og tilsett spesialpedagogar som har ei viktig rolle i å rettleie barnehagane og skulane der pasientane på BUP har kvardagen sin. Desse stillingane er no på kuttlista, og vi risikerer at den rolla BUP sine pedagogar har hatt no skal fyllast av kommunane sine tilsette i PP-tenesta.

Konsekvensane av å redusere dette tilbodet kan bli at barn/unge og familiane deira vegrar seg for å oppsøke poliklinisk hjelp, og det vil særleg råke dei som bur i utkantane i fylket. Barnehagar og skular får ikkje hjelp frå spesialistar når dei skal legge til rette for desse pasientane i kvardagen, men er prisgitt kapasiteten til det lokale PPT-kontoret. Vi risikerer at det vert endå større skilnader på tilbodet til barn og unge med psykiske vanskar.
Pasientane og deira pårørande vil med dei føreslegne nedskjeringane få ein dårlegare livskvalitet fordi vanskar får vekse seg større før dei vert tekne fatt i. Kommunane si PP-teneste vert sett under endå sterkare press enn tidlegare, og det vil gå ut over kommuneøkonomien. I tillegg vil dei kostnadene ein sparer ved å kutte i løyvingane til polikliniske tenester truleg komme att i form av at fleire pasientar vil få behov for døgnbehandling. Det er og grunn til å tru at barn og unge som ikkje får hjelp med psykiske vanskar, vil få det verre som vaksne med eit større behandlingsbehov enn det dei hadde i utgangspunktet. Det er såleis snakk om ei kortvarig innsparing for Helse Førde, men med store konsekvensar for både dei barna/ungdommane som vert råka og for lokalsamfunna dei bur i.

I utgangspunktet er barn og unge som treng hjelp frå psykiatrien blant dei aller svakaste gruppene i samfunnet. Det er krevjande for alle familiar når eit barn eller ein ungdom må få hjelp utanfrå for å takle kvardagen sin. Dette er og pasientar som manglar pressgrupper, og som slik kan bli gått forbi på prioriteringslistene. Dei er difor avhengige av at vi som fagpersonar seier frå. Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane meiner at Helse Førde må skjerme barn og unge med psykiske vanskar, slik at dei framleis får eit godt tilbod uavhengig av kvar i fylket dei bur.

Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane
Magnhild Hoddevik, nestleiar

Stille før stormen?

Riksmeklaren og forhandlingsdelegasjonane på KS-området har starta innspurten, og er no snart på oppløpssida i meklinga. Dersom dei ikkje kjem fram til ei løysing innan midnatt 25. mai vil det bli konflikt med streik som resultat.

Unio har stilt økonomiske krav for sine medlemmer i kommunesektoren – dei fleste av dei er sjukepleiarar og lærarar i barnehage og skule. Lønskrava våre er moderate og rettkomne, det handlar om å sikre at kommunane også i framtida vil ha tilgang på høgt utdanna arbeidskraft som leverer gode tenester til innbyggarane sine. Utdanning må lønne seg også i offentleg sektor!

I tillegg står kampen om lærarane si arbeidstid. Denne kampen handlar både om retten til å inngå sentrale tariffavtaler, og om sikring av eit likeverdig skuletilbod i heile landet. Sentrale tariffavtaler er ein berebjelke i den norske samfunnsmodellen. Dette gjev både leiarar og arbeidstakarar faste rammer som ein organiserer arbeidet innanfor. Lokalt kan ein forhandle om endringar, men rammene er dei same. For elevane i skulen betyr ein sentral arbeidstidsavtale at dei får eit likeverdig utdanningstilbod, uansett kvar i landet vårt dei bur. Dette er eit anna, viktig prinsipp i det norske velferdssamfunnet, nemleg fellesskulen.

Skulen må vere sikra eit minimum av tid til for- og etterarbeid for kvar lærar. Lærarane skal gje undervisning og vurdering av høg kvalitet, tilpassa kvar enkelt elev. Til dette trengst meir tid enn ein no har til rådvelde, ikkje mindre. Kvar time ein lærar jobbar ut over elevane sitt skuleår, vil gje ein time mindre til elevane når dei er på skulen og treng lærarane si tid og merksemd. Undervisning er ferskvare, derfor må lærarane sitt arbeidsår i størst mogeleg grad vere samanfallande med elevene sitt skuleår.

Utdanningsforbundet krev å få behalde retten til å forhandle ein sentral avtale, medan KS ønskjer auka fleksibilitet og styringsrett lokalt. Dette vil gje større forskjellar i skulen, både mellom kommunar og mellom deler av landet. Det vil og gje ulike rammer frå år til år, og gjere det vanskeleg å legge dei lange linjene i utviklingsarbeidet. Vi som er lærarar og leiarar i skulen veit dette, vi erfarer det kvar dag. Derfor har vi i heile vår kjempa for å behalde ein sentral avtale, for å halde oppe og auke kvaliteten på elevane si opplæring.

Om ein tenker seg ei fotballbane der sidelinjene og mållinjene ikkje lenger skal definerast og der spelereglane varierer frå kamp til kamp, forstår alle som kjenner fotballen at spelet ikkje vil fungere. Dei ville protestere og kjempe imot ei slik endring, medan andre kanskje ikkje ville sjå konsekvensane. Derfor er det klokt å lytte til ekspertane. Det gjeld og når det vert foreslått endringar i skulen – då bør ein lytte til dei som utfører arbeidet der, og som ser kva endringane kan føre med seg: Lærarar og skuleleiarar er ekspertar i skulen.

Vi håpar KS har teke til vit under meklinga. Om ikkje er vi klare til å kjempe for at norske elevar skal få ein best mogeleg skulekvardag med kvalifiserte lærarar som er til stades for dei.

Enno er det stille, men snart kjem kanskje stormen!

Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane v/fylkesleiar Gunn Marit Haugsbø

Høyanger 1. mai 2014 - appell frå Utdanningsforbundet

1. mai er arbeidarane sin internasjonale kampdag.
Det er både ein festdag og ein kampdag – dagen er også eit symbol på fagrørsla sin styrke.

1. mai er ein arena for politisk påverknad og haldningsskaping. Under ligg kampen om kva verdiar som skal liggje til grunn i samfunnet vårt og kva verdiar som skal styre samfunnsutviklinga: solidaritet på tvers av landegrenser, fellesskap, respekt for alle og like mulegheiter

Kva vi vel å gjere i fellesskap betyr noko for framtida. Og dei vala kvar og ein av oss gjer betyr noko for dei som kjem etter oss.

I 2014 markerer vi eit svært viktig jubileum. Det er 200 år sidan landet vårt fekk si eiga grunnlov. Dette er fundamentet for vårt demokrati, for vårt norske folkestyre. 200 år der kvinner og menn har kjempa kampar for fellesskapsløysingar som kvar og ein av oss i dag haustar av og tek for gitt.
Kanskje er dette, at vi tek opparbeidde, felles rettar for gitt, ei av vår tids store utfordringar.
Solidaritetstanken er hjarte og grunnmuren i ei fagforeining, men fellesskapsverdiar er under sterkt press. Aukande individfokusering og rettigheitstenking er ein samfunnstrend. I lys av dette er det verd å dvele ved Grundtvig sine ord: ”Kun den er fri som vet seg bundet.”
”Kun den er fri som vet seg bundet” er ei sterk utsegn – ei utsegn som minner oss om at det er rammene og grensene rundt oss, handheva av menneske med omsorg og pliktkjensle, som har gitt oss den tryggleiken og det rotfeste vi er avhengige av for å kunne utvikle oss til handlande og frie menneske.

Omgrepet individualisme kan ha to ulike tydingar. Den eine er den retten kvar enkelt har til sjølvstendig utvikling og frie val. Den andre er trongen til individuell sjølvhevding. Det ligg ei spenning i desse to tydingane. Spenninga oppstår fordi vi på same tid både er enkeltindivid og deltakarar i ein fellesskap. Her ligg det ei klassisk konflikt der løysinga er å finne god balanse mellom omsynet til den enkelte og omsynet til fellesskapen. Slik er det i skulen og slik er det på arbeidsplassen og i samfunnet elles. Dersom ein ikkje legg rammer rundt fridomsutøvinga til den enkelte, blir fridomen truga for alle. Denne innsikta har vore ein berebjelke for fagrørsla. Det er dette som er solidaritet.

For nokre år sidan skreiv Stein Aabø i Dagbladet følgjande:
”Vi tenker sjelden over den store forvandlingen som skjer. For hvert år blir vi mer og mer vår egen lykkes smed. Politikerne reduserer seg selv til å bli tilretteleggere og forsikringsselskap.
Før bygde politikerne landet. Nå overlater de alt som betyr noe for oss til markedet og til våre bekymringer.”

Dette er ikkje først og fremst ein strid mellom dei som ønskjer at alle skal få like gode offentlege velferdstilbod, og dei som ønskjer at dei som har pengar til å betale med, skal få det beste. Det avgjerande er synet på konkurranse og marknad som reiskap for å oppnå kvalitet og effektivitet på alle område. Espira er eit norsk barnehagekonsern som sidan 1992 har bygd og drive barnehagar i Norge. 1. april 2014 vart selskapet selt til nye eigarar i Sverige. Gründerane sit i dag med store millionformuar – formuar bygde på offentlege midlar – midlar som burde komme borna, dvs fellesskapet, til gode. Dette handlar om politikk og politiske vegval. Det vil alltid vere ei spenning mellom individ og fellesskap. Omsynet til fellesskapen er noko vi aldri kan leggje heilt til side som rettesnor for handlingane våre. Finanskrisa synte oss at landet vårt var betre rusta for denne utfordringa enn dei fleste andre – det minte oss på at det er bruk for fellesskapen og fellesskapsløysingane, men kor lang tid går det før dette er glømt?

Sett i eit historisk lys, kva kan vi eigentleg takke fagrørsla for? Spørsmålet er verd å reflektere over for kvar og ein av oss. «Tvers igjennom lov til seier, ikke går der andre veier til vårt drømte, frie land», skreiv arbeidarpoeten Rudolf Nielsen. Ein av dei første store kampane for fagrørsla galt arbeidstid. For lærarane står det denne våren ein svært viktig kamp, nettopp om arbeidstid. Lærarprofesjonen må ha eit handlingsrom til å utøve både kollektivt og individuelt lærararbeid. Avtalen om arbeidstid må derfor sikre at lærarane har nok tid til å førebu god undervisning og følgje opp elevene. Lærarprofesjonen må ha kontroll over vilkåra for profesjonell yrkesutøving. Det treng lærarane og skulen for å sikre at kvalitet i arbeidet blir definert på grunnlag av faglege standardar og ikkje ut frå kommuneøkonomi. Det vil slå svært uheldig ut for elevane og det vil vere ein trussel mot den norske fellesskulen.

Barn og unge kjem til skulen med svært ulike utgangspunkt. Med ulike evner og føresetnader. Vi veit at når vi yter vårt beste, når vi oppmuntrar og legg til rette for kvar enkelt, vil dei alle utvikle seg og lære. Dei kan strekkje seg langt, bryte grenser og oppleve gleda av å meistre, av å kunne. Men då må læraren ha TIDTID til kvar elev, TID til å førebu og gjennomføre god undervisning og TID til å følgje opp elevane.

Kampen står om å bevare retten til å forhandle ein sentral avtale, medan motparten ønskjer auka fleksibilitet og styringsrett lokalt. Då tek det ikkje lang tid før det blir endå større forskjellar i skulen.
Tenk deg ei fotballbane der sidelinjene og mållinjene ikkje er definerte og der spelereglane varierer frå kamp til kamp. Dei som kjenner fotballspelet forstår at det ikkje vil fungere – nokre av oss andre ser kanskje ikkje konsekvensane. Derfor er det klokt å lytte til ekspertane. I mitt tilfelle dei som utfører arbeidet i skulen, lærarar og skuleleiarar.

Lærarane og skuleleiarane i Sogn og Fjordane har utfordra politikarane denne våren. KS forhandlar på vegne av kommunane – der politikarane er definerte som skuleeigarar. Paradokset er at KS sitt forhandlingsmandat ikkje er forankra, verken politisk eller administrativt, i kommunane.
Folket sin tillit til demokratiet og folkestyret er avhengig av korleis politikarane forvaltar rolla si og korleis dei nyttar kompetansen dei har opparbeidd seg gjennom politiske verv. Dette er eit høgst aktuelt tema – det byrjar bli vanleg at ex-politikarar som har site i sentrale posisjonar sel kompetansen sin til dei som evnar betale for den.

Oppdraget til skulen er å skape gagns menneske. Gagns menneske veit at dei er bundne. På det grunnlaget er dei frie, kritiske, kunnskapsrike og engasjerte samfunnsborgarar.
Etter mitt syn er det viktigare enn nokon gong å ha sterke og samarbeidande fagforeiningar! Dei rettane og dei vilkåra vi i dag nyt godt av har tidlegare generasjonar kjempa fram – gjennom sine fagforeiningar. Til minne om dei og for å gje oss kraft og mot til å stå i dagens og morgondagens kampar, for våre barn, takkar eg for meg med Stig Holmås sitt – Dikt til mine barn:

Jeg etterlater mine barn dette diktet
For at de skal lære å elske vindene, havet
den søte lukten av stor kjærlighet,-
og fagforeningene.
Uten dem hadde vi ingenting.
Den sultne ser ikke det vakre.
Den trette orker ikke elske.

Jeg etterlater mine barn dette diktet
For at de skal lære å elske vindene, havet,
den søte lukten av stor kjærlighet,-
og fagforeningene.
Uten dem hadde vi ingen ting.

GRATULERER MED DAGEN!

Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane
v/ Gunn Marit haugsbø

Konkrete mål for læringsutbytte, ei sikring av kvaliteten i barnehagen?

Den norske barnehagetradisjonen har alltid vore prega av eit heilskapleg syn på barn og deira utvikling. OECD har framheva dette som ein viktig kvalitet ved den norske barnehagen. Den siste tida har nokre forskarar og næringslivstoppar teke til orde for auka kvalitet ved at tilsette i barnehagen i større grad skal styre aktivitetane etter konkrete mål for læringsutbytte. Det kan vere lett å hamne i ei slik felle dersom fokuset vert retta mot raske målbare resultat for læring.

Barn lærar med heile seg til ei kvar tid. I røynda jobbar barnehagelærarane på tvers av fleire fagområde og ved hjelp av ulike metodar gjennom barnehagedagen. Slik er læraren i barnehagen med på å vidareutvikle det unike i kvart enkelt barn. Samstundes blir barna styrkte i å mestre livet her og no, og ein legg eit viktig grunnlag for å lukkast vidare i livet. Det kan vere vanskeleg å få auge på denne sentrale kvaliteten ved barnehagen, dersom ein ikkje veit kva ein skal sjå etter eller har eit for snevert syn på korleis barn lærar. Dag Skram uttrykkjer dette på ein framifrå måte i sin artikkel «Femåringar lærer best gjennom leik» i Aftenposten 3. februar: «På ein måte kan vi seie at barnet er i leiken samtidig som læringa skjer i barnet. Gjennom leik tileignar barn seg eit heilt språk på ein to-tre år, dei lærer seg alle dei viktige omgrepa som gjer dei i stand til å kommunisere med andre. På den måten legg dei grunnlaget for vidare læring». Det er derfor avgjerande at læringa og leiken i barnehagen ikkje blir redusert til enkle målbare mål for læringsutbytte. Fordi dette er barnehagelæraren sin ekspertise er det avgjerande å ha tillit til profesjonen sin kompetanse om ein vil utvikle barnehagar med høg kvalitet.

Barnehagelæraren har gjennom høgskuleutdanninga si dei kvalifikasjonane som gjer dei kompetente til å ta ansvar for barnehagen sitt breie samfunnsmandat. Dette arbeidet skal utførast i samspel med kollegaer, leiing og ut frå nasjonale styringsverktøy som rammeplan og barnehagelov. I eit samfunn i stadig endring, er det naudsynt med fagleg påfyll. Eit godt etter- og vidareutdanningssystem vil vere med på å sikre at barnehagelærarane blir i barnehagen og kan utvikle det gode pedagogiske arbeidet som allereie er etablert. TNS Gallup har laga ein rapport som tek føre seg årsakene til at mange barnehagelærarar sluttar å jobbe i barnehagen. Ei av hovudårsakane er at dei ikkje får bruke faget sitt slik dei meiner er naudsynt for å halde oppe høg kvalitet.

Flora kommune har over fleire år satsa på to-pedagogordning i barnehagane. Dei har tilsett to pedagogiske leiarar på kvar avdeling. Utdanningsforbundet sine tillitsvalde og medlemmer i Flora meiner at auka pedagogtettleik, dvs. fleire barnehagelærarar i kvar barnehage, har vore med på å auke profesjonaliteten, både i høve pedagogisk samarbeid og fagleg utvikling. Dette kjem barna og dei andre tilsette i barnehagen til gode. Ettersom det på landsbasis har vore problematisk å skaffe nok barnehagelærarar, kunne ein frykte at ordninga ville føre til auka tal dispensasjonar. Dette har ikkje vore eit problem i Flora. Tvert imot ser to-pedagogordninga ut til å verke rekrutterande. Dersom ein ser dette i lys av undersøkinga til TNS Gallup, gjev auka pedagogtettleik barnehagelærarane rom for å nytte faget sitt. Dette er avgjerande for kvaliteten i barnehagen.

No er det tid for å halde stø kurs. Innsnevra læringsmål og jakta på raske, målbare resultat er ikkje rett veg å gå. Læring for livet krev at alle aktørar tek sitt ansvar for å sikre ein framtidig barnehage av høg kvalitet. Vidare utvikling av kvaliteten i barnehagen er derfor avhengig av at vi lyttar til profesjonen og gjev barnehagelærarane vilkår som bidreg til at dei kan ta barnehagen sitt breie samfunnsansvar på alvor.

Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane
Gunn Marit Haugsbø, fylkesleiar
Torill M. K. Karlsen, styremedlem med ansvar for barnehage

Saman om ein god skule? Kommentar til Jenny Følling sitt lesarinnlegg i lokalpressa

Vi er glade for at KS sitt fylkesstyre stadfestar at dei vil lytte til Utdanningsforbundet sine innspel. Utdanningsforbundet er samde med KS i at debatten om lærarane si arbeidstid må diskuterast ut frå realitetar og målet om at vi saman skal skape den beste skulen for elevane våre. Dette er ei viktig presisering. Derfor har vi behov for å følgje opp nokre av KS sine oppklaringar i lesarinnlegget.

KS Fylkesstyre i Sogn og Fjordane v/leiar Jenny Følling seier at KS ønskjer at lærarane skal få «meir tid til elevane, meir tid til samarbeid og meir tid til etter- og vidareutdanning».
Det KS ikkje seier noko om, er kva lærarane skal bruke mindre tid på. Alle som arbeider i skulen, forstår at konsekvensen blir mindre tid til føre- og etterarbeid, altså dårlegare vilkår for å vere godt førebudd til undervisninga og gjere eit godt vurderingsarbeid. Det vil svekke kvaliteten i skulen.

I Utdanningsforbundet er vi sjølvsagt opptekne av at lærarane og skuleleiarane har tid til samarbeid og tid til etter- og vidareutdanning. Gjennom mange år har leiarar og lærarar i vårt fylke teke ein stor del av ansvaret for fagleg påfyll gjennom vidareutdanning. Kommunane i Sogn og Fjordane er godt vande med ansvarsfulle lærarar og leiarar. Vi er samde i at arbeidsgjevar må ta eit større ansvar for kompetanseheving.

Det har komme tydeleg fram at KS har eit svakt mandatet. Slik vi ser det, er mandatet ytterlegare svekka når vi no endeleg har fått høve til å lese rapporten som KS legg til grunn. Jenny Følling skriv at KS fekk mandatet sitt frå KS sitt hovudstyre 18.09.2013. KS Sogn og Fjordane drøfta og fekk tilslutning til at forhandlingane gjekk inn i hovudtariffoppgjeret så seint som på Fylkesmøtet 5. februar. Då var allereie brotet mellom sentrale partar eit faktum.

Måten KS har kommunisert på vekker ikkje tillit. Dette gjeld både grunnlaget for tilbodet og presentasjonen av tilbodet. Det er KS sitt ansvar å rydde opp i situasjonen som er skapt.

Fylkesstyret i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane
v/ Gunn Marit Haugsbø, fylkesleiar

Utdanningsforbundet er grunnleggande kritiske til KS sitt mandat

KS sine krav om endring i lærarane si arbeidstid har tre fokuspunkt. Det har KS gjort greie for i grunngjeving for krava. KS Sogn og Fjordane har repetert det i sine utspel:

1. «Meir tid med elevane».
- Lærarane er i dag til stades heile den tida elevane er på skulen, underviser eit fast oppsett timetal, har tilsyn og er tilgjengeleg for samtalar. Dette utgjer eit fast timetal pr. år, avhengig av skuleslag.

2. «Meir tid til etter- og vidareutdanning».
- Det er i dag avsett 6 dagar pr år (45 t) til planlegging og kompetanseheving. Mykje av denne tida går til planlegging og mange lærarar kunne nok tenkt seg noko meir fagleg påfyll. Samtidig veit dei at skal dette skje, må andre oppgåver vike plass.

3. «Meir tid til samarbeid».
- Avtalefesta tid til samarbeid, er no på ca 7 t/veke.
KS vil ha «meir tid» til delar av arbeidet, men det krev ein viss balanse i rekneskapet. Skal reknestykket gå opp og vere truverdig, må KS også seie kva det skal bli mindre av. Det seier ikkje KS noko om.

Konsekvensen blir, og det forstår lærarane, at det blir mindre tid til føre- og etterarbeid, altså dårlegare vilkår for å vere godt førebudd til undervisninga og gjere eit godt vurderingsarbeid. Det svekkjer kvaliteten i skulen.

For å løyse skulen sine utfordringar, krev KS at alle sentrale reguleringar i avtalen skal bort, og rektor ved den enkelte skulen skal ha styringsrett over lærarane si «sjølvstendige tid», kor mange timar kvar enkelt lærar skal undervise og kor langt kvar lærar sitt arbeidsår skal vere.
KS hevdar at kommunane og rektorane har gitt klart mandat til forhandlarane, det seier også Jenny Følling, leiar av KS Sogn og Fjordane. Vi er langt frå sikre på at dette mandatet er så sterkt som KS vil ha det til.

Har Rambøll-rapporten styrka KS sitt mandat?
Til støtte for krava, viser KS til ein rapport frå konsulentfirmaet Rambøll (2013). Rapporten er basert på spørsmål til skuleeigarar (kommunar) og skuleleiarar (rektorar). Vi har no lese denne rapporten, som lenge var halden unna offentlegheit. Og vi er svært forundra over at rapporten blir brukt som grunnlag for det mandatet KS sitt sentralstyre og forhandlarar har fått. Krava som KS har stilt, stemmer dårleg med dei sentrale funna Rambøll har gjort, og som står i rapporten.
Vi skal gje nokre gode døme på det:

«Undervisningspersonalet har behov for en egen arbeidstidsavtale som sikrer like vilkår uavhengig av hvor i landet man underviser». Utsegna blir støtta av 72 % av respondentane. Heile 79 % av rektorane i grunnskulen støttar ein avtale som er lik for heile landet. Dette er ikkje teke omsyn til i det heile når KS krev at innhaldet i heile årsverket skal avgjerast på den enkelte skulen, med rektor sin styringsrett.
«Undervisningspersonalet må gis mulighet til å disponere deler av arbeidstiden selv». Støtta av 64 % av respondentane. Det står i sterk kontrast til KS sitt krav om at rektor skal ha styringsrett over heile arbeidstida til lærararne.
«Undervisningspersonalet har behov for selvstendig tid for å sikre tid til for- og etterarbeid». Støtta av 66 % av respondentane, 71 % av rektorane. Det er ikkje betryggande at KS vil endre avtalen og brukar begrepet «tilstrekkeleg tid», altså ei vurdering for kvar enkelt lærar. I kvalitative intervju i rapport blir det endå til peika på at «frihet til å styre egen arbeidstid er en generell tendens i dagens arbeidsliv, og at det derfor vil være unaturlig å reversere den friheten lærerne til nå har hatt.»(Rambøll)
«Undervisningspersonalet har behov for en egen arbeidstidsavtale som sikrer ressurstilfanget». Støtta av 53 % av respondentane. Berre 21 % tykkjer dette er eit uvesentleg element. Difor står dette i kontrast til at KS vil oppheve dei siste kriteria for ressurstildeling til skulane.
Rapporten viser vidare at det er sterk støtte til at det framleis skal vere årsrammer for kor mange timar ein lærar skal undervise (57 %). Berre 24 % ønskjer å fjerne årsrammene. Likevel krev KS at det ikkje lenger skal vere rammer for kor mange timar ein lærar skal undervise.

KS har i si kravformulering opna opp for eit arbeidsår på inntil 45 veker og normalarbeidsdag (7,5 t) for lærarar. Dette har liten støtte i Rambøll-rapporten. Ei slik ordning vil også ha omfattande konsekvensar for organisering av skulen. Ved å flytte arbeidstid vekk frå den delen av året der elevane er på skulen, blir det mindre tid til elevane når dei er til stades.
Vi har også lese i rapporten at mange leiarar og skuleeigarar ønskjer konkrete endringar i avtalen. Det betyr nødvendigvis ikkje at dei ønskjer å fjerne dei sentrale bestemmingane gjennom ei total omlegging – det finst andre og betre løysingar.

KS, sentralt og i Sogn og Fjordane, viser til Rambøll-rapporten når dei skal forklare mandatet for KS sine krav. Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane meiner at det er få haldepunkt i rapporten som kan gje støtte til dei konfliktskapande krava som KS har lagt fram.

Er total omlegging nødvendig?
KS hevdar at deira krav er grunngjevne med utvikling i skulen.
Ein analyse av arbeidstidsavtalen for lærarar, utført av Rambøll i 2011, har fleire interessante hovudfunn. Lokale arbeidstidsavtalar, inngått mellom lokale partar, er vurderte og konklusjonen er slik: «Flertallet av både skoleeiere og skoleledere som har inngått lokal avtale, oppgir at den fungerer godt eller meget godt. Arbeidsgivere som har lykkes med å framforhandle lokale avvikende avtaler, er også i stor grad tilfreds med avtalen».
Kvifor har desse lukkast? Rapporten kan fortelje at 100 % av rektorane (altså alle) seier at det er to føresetnader for å få til gode prosessar:
• En arbeidsgiver som er åpen for innspill fra de ansatte
• Relasjon mellom skoleleder og tillitsvalgt basert på åpenhet, ærlighet og tillit.

Lokale avtalar har altså fått godt skussmål i rapporten og i Sogn og Fjordane har vi prøvt å arbeide ut frå dette. I 2012 avtalte vi med KS i vårt fylke at vi skulle gjennomføre felles utviklingsverkstad om arbeidstid. Denne satsinga vart skrinlagd av KS våren 2013. Med det kravet som KS no har lagt fram, forstår vi kvifor det ikkje vart noko av prosjektet.

KS hevdar at dei skal basere seg på godt samarbeid med tilsette og tillitsvalde. Leiar i KS, Gunn Marit Helgesen, seier: «Det er ikke sant at KS ønsker å styre lærerens arbeidsdag enda sterkere enn i dag». Det store problemet er at lærarane ikkje trur på slike forsikringar. KS har ikkje søkt råd hos lærarane og dei har ikkje teke omsyn til klare signal frå rektorane. Det er difor det er blitt så mykje frustrasjon, raseri og uro ute på skulane. I tillegg har KS kravd at ein skal forlate normale prosessar i arbeidslivet, med forhandlingar og tvisteløysingar, og gå over til eit nytt regime der arbeidsgjevar har full styringsrett.

KS har valt konfrontasjon og då blir det gode samarbeidet med tilsette og tilsette umuleg å ta vare på. Det er ei ulukke for den enkelte skulen, som gjerne vil halde fram med eit tett samarbeid mellom rektor og tilsette, – for å sikre ei god utvikling og god kvalitet for skulen. Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane beklagar dette på det sterkaste, men det er KS som må bere heile ansvaret for den vanskelege situasjonen vi no er komne i.

Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane
Gunn Marit Haugsbø, fylkesleiar
Jarle Hessevik, nestleiar

Kommentar til kommunalsjef for skule i Eid, Harald Sivertsen

Kommunalsjef for skule i Eid, Harald Sivertsen seier til Firda laurdag 8. februar at «lokale avtalar, tilpassa den enkelte skule, vil vere til beste både for elevar, lærarar og arbeidsgjevar». Dette i motsetnad til ein sentral arbeidstidsavtale, som han omtaler som «rigid». Vidare meiner han at KS sitt tilbod i forhandlingane ikkje er eit sparetiltak for kommunane.

Det Sivertsen ikkje seier noko om, er det store handlingsrommet som finst i dagens avtale. Både undervisningstid og lengda på arbeidsåret kan ein gjere lokale avtaler om på kvar skule, nettopp for at ein skal kunne tilpasse seg kvardagen på skular der mykje er ulikt. 20% av skulane i Noreg har slike arbeidstidsavtaler.

I Sivertsen sin eigen kommune, Eid har ein prøvd ut lokale avtalar som skil seg relativt mykje frå den sentrale arbeidstidsavtalen. På Eid ungdomsskule auka lærarane talet på undervisningstimar for å dele elevane i mindre grupper eller vere to lærarar i utvalde fag. Dette var alle nøgde med heilt til Eid kommune begynte å redusere i budsjettet til skulane. Då forsvann mykje av ressursane som var omfordelte, og den lokale arbeidstidsavtalen fungerte ikkje lenger etter intensjonane.
Stårheim skule er eit anna døme. Der gjekk den lokale avtalen ut på at lærarane skulle ha såkalla normalarbeidsdag. Dei skulle gjere mykje av arbeidet sitt i løpet av denne tida, samtidig som dei var tilgjengelege for kvarandre og elevane. Avtalen vart evaluert etter eitt år og konklusjonen var at dette ikkje fungerte slik det var tenkt.

Den store skilnaden på noverande avtale og KS sitt tilbod i forhandlingane er likevel at ein ynskjer å fjerne den sentralt avtalte undervisningsplikta. Sjølv om denne kan omfordelast internt på skulane, slår ho likevel fast kor mange lærarstillingar det skal vere på kvar skule. Faktisk er undervisningsplikta den siste, sentrale sikringa av ressursar til skulane. Som tidlegare hovudtillitsvald og rektor veit Sivertsen godt at sjølv dei beste intensjonane står for fall når skulen eller kommunen sitt budsjett skal salderast. Å nekte for at KS sitt framlegg til ny arbeidstidsavtale for lærarane vil verte brukt til innsparingar i kommunane, kan i beste fall kallast å kaste blår i augene på folk.

Gunn Marit Haugsbø
Fylkesleiar i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane

Helsing til KS-Sogn og Fjordane sin Strategikonferanse.

Eg skulle gjerne ha vore til stades for å snakke om arbeidstid – lærarane si arbeidstid, men det veit vi at eg ikkje får høve til. Slik er spelereglane, – men dersom eg kunne vore der, ville eg ha snakka om samarbeid. Mi erfaring gjennom mange år som fylkesleiar, er at samarbeidet mellom KS og Utdanningsforbundet, er viktig for skuleutvikling i vårt fylke. Saman med Fylkesmannen, høgskulen og sjølvsagt kommunane og fylkeskommunen, vert det lagt felles strategiar som bidreg til at vi kan halde trykk på skuleutvikling. Dette blir lagt merke til langt ut over fylkesgrensene. Samtidig skal det ikkje leggjast skjul på at partssamarbeid også kan vere krevjande. Partane skal respektere kvarandre sine roller og vise vilje til å lytte til kvarandre sine argument. Tillit er ein avgjerande faktor.

Nokre prosessar er meir krevjande enn andre. Forhandlingar om arbeidstid skaper høg temperatur i skulen. Forhandlingane om lærarane si arbeidstid stranda sist veke og partane står svært langt frå kvarande. KS vil binde meir av lærarane si arbeidstid og ønskjer å legge meir av lærarane si arbeidstid i det som er elevfrie periodar. Det vert argumentert for at det er urimeleg at ikkje arbeidsgjevar har styring over tida. Lærarane på si side opplever at arbeidssituasjonen stadig blir meir krevjande. Stadig nye oppgåver skal løysast og dei opplever at kjerneoppgåvene, dvs. førebuing, gjennomføring og oppfølging av undervisninga blir salderingspost. Dette går ut over kvaliteten på elevane si opplæring.

Det er vel eigentleg de, skuleeigarar og våre arbeidsgjevarar, som er i posisjon til å gje KS eit forhandlingsmandat. Kor godt kjenner de skulen og utfordringane til skulen i dykkar kommune? Kva innspel har de fått frå skuleleiarar og fagkompetansen på kommunenivå? Kjenner de til lærarane sine synspunkt? Har de skaffa dykk eit godt grunnlag for å gje KS eit klokt mandat? Eg er redd for at kampen om lærarane si tid no sporar fullstendig av. Er dette blitt ein ideologisk kamp – der det avgjerande er å få styring over lærarane si arbeidstid? Er det målet om auka kvalitet i opplæringa som er det avgjerande? Eller handlar det eigentleg om kontrollbehov og mistillit til lærarane og skuleleiarane?

Lærarane sin noverande arbeidstidsavtale har ei tydeleg målsetting, – den skal både sikre skuleutvikling og verne lærarane mot for stor arbeidsbelastning. Samtidig er det ein lokal avtale der ein gjennom lokale prosessar står fritt til å forme ein avtale ut frå lokale behov. Som arbeidsgjevarar har de ansvar for å nytte ressursane best mogeleg. Samtidig har de ansvar for at dei tilsette har dei ressursane som skal til for å løyse oppgåvene de har gitt dei. Konflikten og lærarane sin aukande mistilliten til KS bidreg ikkje til konstruktive diskusjonar om lokal skuleutvikling. Skuleleiarane i vårt fylke seier at handlingsrommet, som faktisk ligg i dagens avtale, er tilstrekkeleg til at vi framleis kan ha ein utviklingsorientert skule, med fokus på kvalitet. Her ligg eit stort lokalt handlingrom – har det blitt teke i bruk?

Det er avgjerande for kvaliteten på opplæringa at lærarane har tid til å gje elevane ei opplæring av høg kvalitet og at rektorane har tid til pedagogisk leiing. Lærarane må derfor ha tid til å førebu, gjennomføre og følgje opp undervisninga på ein god måte, – når elevane er til stades på skulen. Undervisning er ferskvare! Derfor er det uklokt å gjere lærarane til funksjonærar, det er uklokt å fjerne rammene for undervisning og det er uklokt å flytte ein stor del av arbeidstida til lærarane bort frå den tida elevane er på skulen. Ein avtale utan rammer for undervisning og tid til føre- og etterarbeid, fordrar dessutan lokale prosessar som vil krevje at rektorane må få auka tid til leiing.

Vi har felles mål om å skape ein god skule. Derfor er det avgjerande at vi saman legg grunnlaget for at skulane kan ta i bruk arbeidstidsavtalen på ein måte som bidreg til høg kvalitet på opplæringa til elevane, – samtidig som skulen er ein god arbeidsplass for lærarane. Begge deler fordrar tillit og begge deler er avgjerande for rekrutteringa til læraryrket.

Eg håpar de vil ta innspela mine med dykk inn i drøftingane på konferansen. Resultatet er avgjerande for oss som skal bidra til å skape gode skular i kommunane og fylkeskommunen!
Lukke til med konferansen, – og ha framfor alt fokus på kvaliteten i skulen.

Gunn Marit Haugsbø,
Fylkesleiar i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane

Kvalitet krev tid

Det er viktig å ha ei ramme for undervisning som gjev nok tid til planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisninga. Den arbeidstidsavtalen KS ynskjer seg gjer det ikkje enklare for lærarane å gjere ein god jobb for elevane. Læraren sitt fokus i kvardagen vert stadig trekt meir og meir vekk frå elevane og det som bør vere det viktigaste i læraroppdraget, nemleg undervisninga.

Vi som skuleleiarar vil ha ein arbeidstidsavtale som sikrar at elevane, har godt førebudde lærarar, med nok tid til det arbeidet dei skal gjere. Det oppnår ein best ved at lærarane er tilstades og tilgjengelege når elevane er på skulen.

Det vi som skuleleiarar har bruk for, er fyrst og fremst tid til pedagogisk leiing. Eit godt samarbeid for å byggje tillit mellom skuleleiing, tillitsvalde og lærarane, er viktig for å utvikle skulane våre.
Vi meiner at ein arbeidstidsavtale etter KS sine krav vil vere eit trugsmål mot både kvaliteten i skulen og for god skuleutvikling. Vi som skuleleiarar og lærarane våre ynskjer å gjere ein god jobb, og å bidra til kvalitet og utvikling i skulen. For å få dette til, er vi avhengige av ein arbeidstidsavtale som gjev gode rammer for arbeidet vårt. Vi meiner at den avtalen vi no har er fleksibel, med rom for gode lokale løysingar, og den beste løysinga for skulane våre.

Ole Jørgen Øygarden, rektor Flatbygdi skule
Jarle Christensen, rektor Feios skule
Anne Gro Stadheim, rektor Valsvik skule
Kirsten Bøtun, rektor Fresvik skule
Jon Berge Sunde, rektor Vangsnes skule

Skuleleiarar kritiske til KS

Allereie før arbeidstidsforhandlingane starta, kunngjorde KS at dei vil fjerne kravet om partssemje i lokale arbeidstidsavtalar og binde meir av lærarane si arbeidstid. Dei meiner at skuleleiarane er utolmodige etter å få ei modernisering av lærarane sin arbeidstidsavtale, og slik få auka sitt eige handlingsrom. Så vidt vi kjenner til, har KS ikkje spurt skuleleiarane til råds, men går likevel høgt ut med at det er behov for ein ny avtale. Utdanningsforbundet sine leiarmedlemmer meiner derimot at dagens arbeidstidsavtale fungerer godt slik den er.

Arbeidstid var tema på medlemsmøte for skuleleiarar i Utdanningsforbundet Sogn og Fjordane tidlegare i haust. Signala frå dei 80 frammøtte var eintydige: Avtalen slik den er i dag har den fleksibiliteten som trengst for å drive ein god skule og finne lokale tilpassingar for det mangfaldet av skular som er i fylket. Arbeidstidsavtalen for lærarane bør vere ein sentral avtale med rom for tilpassingar ved semje lokalt. Dette gjev skuleleiarar, tillitsvalde og tilsette handlingsrom og tryggleik til å finne gode, lokale løysingar.

Som skuleleiarar meiner vi at avtalen i dag er eit greitt utgangspunkt for lokal tilpassing, og på dei aller fleste skular har rektorar og tillitsvalde funne eit format på arbeidstid som fungerer. «Vetoretten» KS vil fjerne er ikkje at sentrale partar kan stoppe ein avtale som lokale partar er samde om, men at dei sentrale partane skal bistå dersom ein ikkje blir samde lokalt. Vi kjenner ikkje til at det har vore bruk for bistandsforhandlingar om arbeidstid i vårt fylke, noko som syner at vi allereie har den fleksibiliteten KS etterlyser.

Deltakarane på Utdanningsforbundet sitt medlemsmøte var klare på at inndelinga av lærarane sitt årsverk i undervisningstid, fellestid på arbeidsplassen og individuell tid er tenleg for kvaliteten i opplæringa. Mange av leiarane peika òg på at det er viktig å behalde årsrammene for undervisning, og at ei sentral avtale er avgjerande for å unngå store forskjellar mellom kommunane. Behov for meir fellestid må løysast gjennom å redusere undervisningstida, ikkje ved å ta frå lærarane si individuelle tid til før- og etterarbeid.

Det er viktig å ha ei ramme for undervisning som gir nok tid til planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisninga. Lærarane sitt sjølvstendige og kollektive ansvar for arbeidet må vere tydeleg. Skulen treng rom for kvalitet og profesjonsutvikling, ikkje sterkare regulering. Det vi som skuleleiarar har bruk for, er først og fremst tid til pedagogisk leiing. Vi treng tid til dei tilsette, ikkje meir kontroll over dei.

Vi meiner at ein arbeidstidsavtale etter KS sine krav vil vere eit trugsmål mot både kvaliteten i skulen og mot samarbeidet og tilliten mellom skuleleiing, tillitsvalde og lærarane – som igjen er svært viktig for å få til god skuleutvikling. Tillit er avgjerande. Lærar og skuleleiarar ønskjer å gjere ein god jobb, og å bidra til kvalitet og utvikling i skulen. Lærarane si individuelle tid og organisasjonane sin innverknad på lokale avtalar om arbeidstid er ikkje «sand i maskineriet», men gjev rom for felles forståing lærarar og skuleleiarar i mellom, i arbeidet med å gjere skulen endå betre.

Anne Marit Aasen, inspektør Trudvang skule
Geir Knapstad, rektor Flora ungdomsskule
Kjell Skåheim, rektor Førde ungdomsskule
Marta Sofie Vange, rektor Sogndal vidaregåande skule
Norunn Kjøsnes, rektor Eid ungdomsskule
Kristin S. Råsberg, avdelingsleiar Høyanger vidaregåande skule
Steinar Strømsli, ass. rektor Halbrend skule

Stongfjorden skule

I oppslag i Firda 29.05. kan vi lese at ordføraren i kommunen er bekymra for det faglege og sosiale miljøet for elevane ved Stongfjorden skule, og nemner dette i samband med debatten om skulen skal oppretthaldast eller avviklast. I avisartikkelen vert det ikkje vist til bakgrunn for uroa ein kjenner.

Så langt har diskusjonen rundt skulestruktur handla om kommuneøkonomi, og i dokumenta frå administrasjonen i kommunen går det fram at det ikkje er heilt enkelt å rekne ut nøyaktig innsparing på å legge ned skulen i Stongfjorden. Dersom ein skal uttale seg om elevane sitt faglege og sosiale miljø, er ein inne på element som er endå vanskelegare å måle og ev. samanlikne.

Sant nok er Stongfjorden skule liten, med 9 elevar på 1.-4. klassesteg. Det tette samarbeidet med barnehagen (skulen og barnehagen er éi eining med felles leiar) gjer likevel at miljøet for både elevar og lærarar er større enn det elevtalet ved skulen tilseier. Gjennom samvere og samarbeid med barnehagebarna utviklar skuleelevane ein sosial kompetanse som dei vil ha nytte og glede av gjennom heile livet – og som dei fleste foreldra i bygda ser på som så viktig at dei har valt å bruke nærskulen sin. Også barna i barnehagen profitterer på å vere saman med skuleelevane i leik og læring.

Dersom kommuneleiinga er i tvil om det faglege og sosiale miljøet ved ein skule er godt nok, bør dette røkjast etter og takast opp på andre måtar enn gjennom avisa. Utdanningsforbundet Askvoll har kome med ein eigen høyringsuttale i samband med eventuell nedlegging av Stongfjorden skule. Vi viser til denne uttalen, og forventar at debatten om skulestruktur i kommunen vert ført med argument som er utgreidde og kjende for alle partar.

Utdanningsforbundet Askvoll
Magnhild Hoddevik, leiar

Konsekvensar ved nedlegging av Dale vidaregåande skule

Dale vidaregåande skule er foreslått nedlagd i fleire av utkasta til konsulentselskapet. Vi er innforstått med fallande elevtal i vår region, men ynskjer å peike på andre viktige moment i debatten som no er i gang.

Dersom Dale vgs. vert lagd ned, må alle ungdommane i våre kommunar flytte heimanfrå som 15- eller 16-åringar. Dette er ei stor belastning for ungdommane sjølve og for familiane deira, både praktisk og økonomisk. Vidaregåande opplæring krev langt større oppfølging av foreldra no enn tidlegare, både når det gjeld formelt og uformelt samarbeid mellom heim og skule.

I vår region er også den vidaregåande skulen ein viktig arbeidsplass for personar med høgskuleutdanning. Tap av desse arbeidsplassane vil få store konsekvensar for skatteinngangen i kommunane våre, men og sannsynlegvis for folketalet, både i regionen og i fylket. Ein lærar som misser arbeidet sitt i Dale vil fort ta med seg familien sin og flytte til ein annan stad – som like gjerne kan ligge utanfor Sogn og Fjordane.

Dersom våre kommunar misser alle ungdommane i aldersgruppa 16-19 år, vil dette prege lokalmiljøet på mange måtar. Særleg vil frivillig arbeid, kultur- og organisasjonsliv verte skadelidande, fordi desse ungdommane er viktige bidragsytarar på dette feltet. I tillegg vil ungdomsmiljøet for dei som vert att, merke dette ved at dei som går i ungdomsskulen vil gå inn i rollene til dei litt eldre ungdommane. Særleg for jentene kan dette verte problematisk.

Vi må og nemne næringslivet i regionen vår. Dei har eit allereie opparbeidd samarbeid med Dale vgs., og er avhengige av rekruttering frå skulen for å halde bedriftene sine med godt utdanna folk – folk som ynskjer å bu i dette distriktet også i framtida. Dersom skulen forsvinn er det lite truleg at ungdommane kjem att til vår region, noko som vil bety slutten for mange lokale bedrifter i området. Det er heller ikkje lett å lokke innflyttarar til ein region utan ein vidaregåande skule innanfor rimeleg nærleik.

Som vi prøver å vise i dette innlegget, vil det få store konsekvensar på mange område i vår region dersom vi skal verte utan ein vidaregåande skule her. Vi oppmodar planutvalet til å utgreie dei sosiale og distriktspolitiske konsekvensane enno djupare, og ta høgde for desse konsekvensane i det vidare arbeidet.

Bente Haugen, lokallagsleiar og hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Fjaler
Hilde K. Solheim, lokallagsleiar Utdanningsforbundet Hyllestad
Inger Hauken, hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Hyllestad
Magnhild Hoddevik, lokallagsleiar og hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Askvoll

Arbeidstid for lærarar

Onsdag 18. januar kom meldinga om at forhandlingane om ny arbeidstidsavtale for lærarar var brotne. Begge partar beklagar dette, men brotet er like fullt eit faktum, og vi går eit uoversiktleg tariffoppgjer i møte denne våren.

På nettsidene sine nemner KS kva prioriteringar dei har hatt i forhandlingane, og som skuleleiarar og hovudtillitsvald i ein liten vestlandskommune er det særleg ei av desse som undrar oss: Kva ynskjer ein å oppnå med at alle tidsressursar skal fordelast etter drøftingar på kvar einskild skule? Med dagens avtale har vi ei sentral regulering av undervisningstida i dei ulike faga, som i tillegg til å avgjere den einskilde læraren sin timeplan også syner kor mange lærarstillingar ein skule treng for å gje elevane dei undervisningstimane læreplanen gir dei rett til. På same tid har leiinga både på kommune- og skulenivå stor påverknad på resten av lærarane si arbeidstid, så høvet til lokal tilpassing er absolutt til stades i den gjeldande avtalen.

Har KS spurt skuleleiarane om dei ynskjer å bruke tid og krefter på å drøfte kor mange timar kvar einskild lærar skal undervise? Dette vil føre med seg ein enorm tidsbruk på skulenivå – kvart einaste skuleår. Både rapporten frå Tidsbrukutvalet og Stortingsmelding 19 (Tid til læring) peikar på at vi som lærarar og skuleleiarar allereie i dag er under sterkt tidspress for å løyse dei oppgåvene som skulen er pålagd. Korleis kan då KS sjå seg tent med ei ordning som stel endå meir tid frå det pedagogiske arbeidet på skulane?

Vi som arbeider i skulen treng at vår arbeidsgjevar vernar om arbeidstida vår, slik at vi får gjere arbeidet vårt best mogleg. Det vi ikkje har bruk for, er fleire spørsmål som skal avgjerast etter drøftingar lokalt, og som tappar tid og krefter frå både leiarar og tillitsvalde.

Asgeir Torvanger, rektor Bulandet skule
Lasse Vie, rektor Stongfjorden skule
Frank Ask, inspektør Askvoll skule
Magnhild Hoddevik, hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Askvoll

Venstre tek kunnskap på alvor

Venstre har gjennom heile inneverande stortingsperiode løyva meir midlar enn den raudgrøne regjeringa til utdanning og forsking. Dette vil vi gjerne halde fram med frå regjeringsposisjon.

Venstre vert i eit lesarinnlegg frå leiaren i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane utfordra på vår kunnskapspolitikk. Den utfordringa tek vi på strak arm, og vi vonar samstundes at kunnskap vert eit viktig tema denne valkampen.

Det viktigaste for Venstre er kvalitet i skulen. Venstre vil ha ein solid offentleg skule som gjev alle like moglegheiter til utdanning uavhengig av geografisk, sosial eller kulturell bakgrunn. Kunnskap og kompetanse er avgjerande for framtidig verdiskaping i Noreg, så vel som for elevane sitt framtidige høve til å ta del i samfunnsutviklinga som opplyste og kunnskapsrike borgarar.

For å leggje til rette for einskildeleven si utvikling treng vi tydelege læringsmål, klåre krav til eleven og gode lærarar. Læraren sin faglege og pedagogiske kompetanse er avgjerande for elevane sitt læringsutbytte, og Venstre vil difor prioritere fleire og betre lærarar framfor heildagsskule. Vi meiner det er ein dårleg idé å utvide skuledagen i komande stortingsperiode, slik somme andre parti går inn for, all den tid vi veit at lærarmangelen diverre vil verte meir og meir prekær. Skulen er eit undervisningstilbod, ikkje eit velferdstilbod, og tilgongen på mange og dyktige nok pedagogar er avgjerande for kvaliteten på undervisninga. Det er grunnleggjande for Venstre at skulen skal vere ein stad å lære, ikkje berre ein stad å vere.

Venstre har i inneverande periode kome med framlegg om fleire målretta tiltak særleg retta mot lærarrekruttering og kompetanseheving, utan å få støtte frå den raudgrøne regjeringa. Mellom anna vil vi:

• Etablere pedagogiske kvalifiseringsstipend, slik at vi kan rekruttere lærarar frå andre relevante yrke
• Innføre eit kompetanseår for lærarar
• Gjere læraryrket meir attraktivt gjennom ei utvida og betra 5- årig masterutdanning
• Innføre seniortiltak for å halde på verdifull kompetanse i skulen. Tre av fire lærarar ynskjer å arbeide etter fylte 60 år, men opplever at det i liten grad vert lagt til rette for dette.

Når det gjeld barnehagar er Venstre sitt mål full barnehagedekning, samt kvalitet og valfridom i tilbodet.

Barnehagen skal vere ein stad for leik, kreativitet og kvile, men barnehagen er òg eit pedagogisk tilbod. Venstre vil difor i stortingsperioden leggje vekt på ei utvikling av kvaliteten i barnehagane, samt rekruttering av fleire pedagogar.

Vi meiner at Venstre sin politikk er den beste løysinga for å ta steget over i kunnskapssamfunnet. Det gjer også Abelia, NHO sin organisasjon for kunnskapsbedrifter, som etter ein systematisk gjennomgong av partia sine stortingsprogram gjev Venstre høgast totalscore på kunnskapspolitikk. Ei røyst på oss den 14. september vil vere eit viktig bidrag til å omsetje denne politikken i praksis.

Gunvald Ludvigsen, stortingsrepresentant og 1. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre
Bjørg Mikalsen, lærar og 2. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre