Viser arkivet for stikkord vår

Snøklokker fornekter seg ikkje, det er vår i kjømda sjølv om kalenderen syner 12.februar

Ei som held utkikk etter skumle farar som måtte dukke opp.

Slik såg det ut i Naustdal på denne tida i fjor. Det er 20.05.2012.

  • Isplugg i elva. 15.04.2013 — Det er vår. Isen smeltar, og lagar denne ispluggen i Nausta, ved Indrekvam i dag.
  • Isplugg i elva. 15.04.2013 — Det er vår. Isen smeltar, og lagar denne ispluggen i Nausta, ved Indrekvam i dag.
  • Isplugg i elva. 15.04.2013 — Det er vår. Isen smeltar, og lagar denne ispluggen i Nausta, ved Indrekvam i dag.
  • Isplugg i elva. 15.04.2013 — Det er vår. Isen smeltar, og lagar denne ispluggen i Nausta, ved Indrekvam i dag.

Endelig er våren komt på Apalseth i vakre Vevring

"Hylla te gylla"

Når heile nasa seg fylle
Av fersk og nylagt gylle
Då e da berre å gje tapt
Da hjelpe ikkje med glas eller ventilar
Vifte, rens eller silar
Da so e skapt, da e skapt

Ein må berre vente til gassen letta
Og det grønkast og veks på sletta
Og alt er blitt normalt

Du får deg heller gle og trøste
At det framleis finst bønder som vil høste
At ikkje alle he slutta trass alt
Så får me tåle litt nasarive
Når dei gylla si ut hive
Sjølv om da kan bli litt kvast!

Sakte men sikkert smeltar isen no. Naustdal 05.04.2012.

Eit fargerikt fellesskap

Når eg les Ole Fosse Fardal sitt innlegg i Firda, Potetkjellaren i samfunnet vårt, så føler eg at han går ned på eit debattnivå som vi kanskje hadde for 30-40 år sidan. Eg tilhøyrer dei som framleis hugsar dei første invandringsdebattane, og der var SV og deira likesinna blant dei mest blåøygde. Dei som har vore kritiske til norsk innvandringspolitikk, vart gjerne karakteriserte som rasistar. FrP har alltid vorte sett i den båsen. FrP har vore kritiske til norsk innvandringspolitikk. Om vi skulle evaluere den politikken i dag, så har vi ikkje fått det fargerike fellesskapet vi vart førespegla. Skal vi halde fram med vår innvandringspolitikk, så er det første vi må gjere å bygge fleire fengsel. Norske fengsel er oppfylte med innvandrarar og når bandar frå Austeuropa vert tekne, så må vi sleppe dei lause att fordi alle fengsel er fulle. Det er resultat av m.a. SV sin frie innvandringspolitikk, ikkje av FrP sin politikk.
Kvinner i dei islamske landa har ikkje høg status når verdien vert sett etter kor mange sauer eller geiter dei kan verte bytta bort for. Dei vert også steina for den minste ting. Berre dersom eigaren deira protesterer kan dei sleppe fri. Er SV tilhengar av sharia og steining av utru kvinner?
Islam er ikkje ein human religion der du skal elske din neste som deg sjølv. Nei, dersom du forlet islam og vert t.d. kristen, så er det dødsdom for deg. Dette er barbari. Personleg kan eg ikkje sjå at Islam kan tilføre det norske samfunnet noko positivt, og har ikkje lyst å stille klokka tilbake til mellomalderen. I islamske land kan du verte straffa for å utøve din religion offentleg, medan vi tek mot alle religionar med åpne armar og til og med gjev dei statsstøtte. Trur du SV sin snilistiske innvandringspolitikk føre til at Norge blir eit betre land å leve i for våre etterkomarar?