Viser arkivet for stikkord venstre

Stortingspolitikarar utan ryggrad.

Avisa Firda skriv om den høgaktuelle OL-saka og stortingsrepresentantane frå Sogn og Fjordane i dag. Kva meiner dei om dette? Det viser seg at dei meiner både det eine og det andre. På same tid! Ingen av dei mannar seg opp til eit klart standpunkt! Her skal vi altså svi av eit tosifra milliardbeløp på ein fest i Oslo samstundes som det skal kuttast inn til beinet i Sogn og Fjordane. Svaret frå stortingspolitikarane burde sjølvsagt ha vore eit rungane NEI til OL i Oslo i 2022.

Kva skal vi med slike politikarar? Kva skal vi med politikarar som ikkje maktar å ta klare standpunkt? Kva skal vi med politikarar som ikkje maktar å stå rakrygga opp mot makta i Oslo? Kva skal vi med politikarar som berre er opptatt av taktikk og snur kappa etter vinden? No må vi snakke eit språk dei forstår. Vi må skape veljarflukt. Stem på dei partia som seier nei til OL i Oslo i 2022, både ved kommunevalet neste år og ved neste stotingsval. No er det lenge til stortingsvalet i 2017, og politikarane kjem til å spekulere i at vi veljarar har dårleg hugs. Men då trur eg dei gjer opp rekning utan vert.

Mindre mediemangfald gjev mindre ytringsfridom

Til avisa Klassekampen seier stortingsrepresentant for Venstre i Sogn og Fjordane, Sveinung Rotevatn at Venstre er for å gjere «endringar i pressestønaden». Med eit nytt stortingsfleirtal er trugsmålet om kutt i pressestønaden klart og tydeleg, og om leiinga i Høgre og Framstegspartiet får det som dei vil, så kan dette i verste fall få heilt konkrete følgjer, til dømes for talet på aviser i Nordjord, i resten av Sogn og Fjordane og i heile Noreg.

Mindre mediemangfald gjev mindre ytringsfridom. Om færre røyster får delta i den offentlege debatten så vil det så klart gjere at folk får færre kanalar og hente informasjon, samtidig som omfanget av lesarbrevspaltar vert mindre.

Det er framleis uklart kva regjeringa til Høgre og Framstegspartiet har tenkt å gjere med pressestønaden. Formuleringa i regjeringsplattforma deira er uklar, der står det berre at: «Over tid skal pressestønaden omlegges og nivået reduseres».

Det nye stortingsfleirtalet bør høyre på Høgre-veteranane som ikkje er samd med Høgre og Framstegspartiet i denne saka. Tidlegare kulturminister og Høgre-politikar Lars Roar Langslet åtvarar Høgre mot å bidra til å øydelegge for det norske mediemangfaldet i eit intervju i Dagsavisen. Han har saman med andre Høgre-politikare skreve under på eit opprop mot kutt i pressestønaden, eit opprop som har vorte signert av til dømes Høgre-politikaren, og den tidlegare leiaren av Fritt Ord, Francis Sejersted, tidlegare stortingsrepresentant for Høgre og tidlegare direktør for Datatilsynet Georg Apenes og Ingeborg Moræus Hansen, ein Høgre-politikar som tidlegare var kinodirektør i Oslo. Oppropet er òg signert av tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik (KrF).

Om Bjørn Lødemel (H) og Sveinung Rotevatn (V) tek sine eigne festtalar om fridom, demokrati og ytringsfridom på alvor, så går dei imot den påtroppande regjeringa sin plan om kutt i den offentlege pressestønaden.

Raudt er mot kutt i pressestønaden. Raudt vil vidare gå i heilt motsett retning, og utvide pressestønaden til å omfatte gratis kvalitetsaviser og tidsskrift på internett.

Anders Hamre Sveen, nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane

Alkoholpolitikk i valkampen.

Kvifor er det ikkje meir alkoholpolitikk i valkampen? Eg meiner det er eit viktig tema. Uheldig bruk av alkohol er årsak til mange sosiale og helsemessige problem. Årsak til vald, ulukker og kriminalitet. Årsak til sjukdom og for tidleg død. Dette må vi ta på alvor. Alkoholinntaket auker i den norske befolkninga.

Slik det ser ut på meiningsmålingane no, ligg det an til at vi får ein meir liberal alkoholpolitikk etter valet. Høgre vil gjere alkoholen letteare tilgjengeleg ved å utvide opningstidene. Dei vil at det skal kunne seljast alkohol i butikk til kl. 22 på kvardagar og laurdag. Og dei vil opprette ei ordning med pol i butikk i område der det ikkje er vinmonopolutsal. Dei vil og tillate avgrensa alkoholsal direkte frå produsent.

Frp skil seg klart ut. Partiet har den mest liberale alkoholpolitikken av alle partia som er representert på Stortinget. I partiprogrammet sitt seier dei: “Fremskrittspartiet tror en mer liberal alkoholpolitikk vil føre til et mer avslappet forhold til alkohol og til sunnere drikkevaner, samt få omsetning av alkohol inn i lovlige former.” Mon det. Dette er i direkte strid med forsking, som seier klart at tilgang har direkte samanheng med alkoholkonsum. Frp vil fjerne monopolet for omsetjing av alkoholhaldige drikker. Dei vil senke avgiftsnivået på alkohol slik at avgiftene kjem på linje med nabolanda.

Venstre, som og kan kome i regjering, har og ein liberal alkoholpolitikk. Dei vil tillate lokal produksjon og omsetjing av alkoholhaldige drikker. Venstre vil ikkje at staten skal bestemme tidene for salg og skjenking i kommunane. Dette vil dei overlate til det lokale sjølvstyret. Eg er redd det betyr vidare opningstider. Dei aller fleste kommunane ligg i dag på det som er maksimaltidene i alkohollova. I tillegg vil Venstre at det skal bli lov å selje øl og vin i daglegvarebutikkane.

Greier KrF å demme opp mot dette? Eg har mine tvil om det. Dersom vi får eit regjeringsskifte etter valet 09.september kjem landet til å få ein meir liberal alkoholpolitikk. Eg trur det er ei god oppskrift på fleire alkoholrelaterte problem. Eg er i alle fall overbevist om at det betyr at det totale alkoholkonsumet kjem til å gå opp.

Velferd i Naustdal

Venstre meiner at eit velferdssamfunn målast etter korleis vi tek vare på dei svakaste. Vi arbeidar for at hjelpa skal ytast nærast mogleg den einskilde borgar og pasient, og at langt fleire helse- og omsorgstenester skal utførast lokalt.

Frå 2012 vil samhandlingsreforma gradvis innførast, og den vil leggje store oppgåver på kommunen når det gjeld førebygging og behandling. Venstre støttar innføringa av reforma, men ser også at ei redusering i tal på kommunar truleg bør følgje i kjølvatnet.

Kommunane samarbeidar i dag interkommunalt innanfor ulike tenester og det må ein også gjere for å realisere oppgåvene som kjem med reforma. Stadig meir interkommunalt samarbeid vil imidlertid svekkje demokratiet. Venstre meiner at større kommunar truleg er einaste farbare vegen å gå skal ein sikre god kvalitet på kommunale tenester og ei demokratisk styring av desse.

Venstre vil arbeide for å at det vert laga ein interkommunal plan for innføring av samhandlingsreforma som også legg til rette for strukturar som ikkje går på tvers av ein framtidig fornuftig kommunestruktur, slik at ein legg til rette å gje framifrå og forutsigbare tenester inn i framtida.

Det førebyggande helsearbeidet blir særs viktig med samhandlingsreforma. Målet er sjølvsagt å betre helsetilstanden i befolkninga, men også å stogge den aukande negative utviklinga innan livsstilssjukdomar og psykisk sjukdom. Denne oppgåva som vert pålagt kommunane er særs krevjande og krev kunnskap, planlegging, kompetanse, ressursar, samarbeid og kanskje til og med ei kulturendring i forhold til det som tradisjonelt har vore helsevesenet si oppgåve, nemleg behandling.

Skal ein kunne førebygge med effektive tiltak må ein også kjenne tilhøva i eigen kommune. Derfor meiner Venstre at ein i samarbeid med andre kommunar må kartlegge helsetilhøva og legge til rette for forsking som kan gje grunnlag for målretta innsats i det førebyggande arbeidet.

Vi vil arbeide for å etablere frisklivssentral i sentrum av Naustdal og vidare arbeide for at det lokalmedisinske senteret for Sunnfjord etablerast i tilknytning til Førde sentralsjukehus. Dette er viktig for å sikre naudsynt kompetanse og nærleik til tenestene for omliggande kommunar.

Naustdal Venstre vil:

• Ha på plass ein plan for korleis Naustdal som ein liten kommune skal få nytte av samhandlingsreforma.
• Arbeide for å etablere eit distriktsmedisinsk senter i Førde i tilknytting til sjukehuset.
• Prioritere forebyggande arbeid blant barn og unge, styrke skulehelsetenesta.
• Arbeide for at ein kan tilby einerom for bebuarar som ønskjer det, og styrke eldreomsorga.
• Arbeide for å kunne innføre ordningar som kan avlaste pårørande med omsorgsansvar for eldre.
• Styrke lavterskeltilbodet på kommunenivå for psykologisk behandling utan tilvisning.

Sammenslåingstrollet

For kommunalminister Liv Signe Navarsete (Sp) er lokaldemokrati ikke like viktig som ideologiske tvangstanker. 10. mai varslet kommunalminister Liv Signe Navarsete at regjeringen vil fremme forslag i Stortinget om å lovfeste samkommunen. Nyheten fremkalte sannsynligvis ikke mer enn et lite gjesp hos de fleste som tilfeldigvis fikk den med seg. Men bak forslaget, som ved første øyekast fortoner seg som bare enda et eksempel på en lovfestingskåt regjering, ligger det kommunalpolitisk sprengstoff.

Les meir…

KULTUR- OG NÆRINGSFOND I NAUSTDAL?

Det var med stor interesse eg fann den nylig framforhandla sideavtalen med Nordic Mining godt gjømd i postlistene til Naustdal kommune på deira internettsider, og ikkje som ein del av ”Engebøprosjektet” slik eg hadde forventa.

For å kunne seie noko om og forstå denne sideavtalen er det mi meining at det er viktig å sette seg inn i sjølve avtalen, og ikkje nødvendigvis stole på kva andre trur og meinar om innhald og betydning.

Frå fleire hald ser det ut til at ein sit med eit inntrykk av at sideavtalen omhandlar eit ”nærings- og kulturfond” og at Nordic Mining ASA (NM) legg heile 30 millionar inn i eit slikt fond.

Undringa var derfor stor når eg las denne sideavtalen. Forventningane i utgangspunktet var langt frå skyhøge, men det var nesten som eg ikkje trudde det eg las.

Kvar er dette fondet? Uansett kor mykje ein leitar i den to sider lange avtalen så er ikkje ordet ”fond” nemnt ein einaste gong. Eg har ein følelse av at vi vert haldne for narr!

Så kva seier sideavtalen eigentleg?

Avtalen seier at det skal opprettast eit aksjeselskap kontrollert av Nordic Mining. Dette selskapet har som formål å ”auke kommersiell utnytting av mineralressursen i Engebø”, og vert omtala som eit ”industri- og mineralinkubatorselskap”.

I årsrapporten til Nordic Mining for 2010 beskriver NM sjølv sin visjon som: ”Vi skal være et ressursselskap med integrerte operasjoner i leting, utvinning og foredling av høyverdige mineraler og metaller”.

Selskapet som vert oppretta skal altså gjennomføre forsknings og utviklingsaktivitetar (FoU) som underbygger NM sin visjon. Det bør derfor vere heilt klart at dette er aktivitetar som NM vil gjennomføre uavhengig av denne sideavtalen, då det er i deira eigeninteresse og forankra i deira eigen visjon.

NM viser med denne avtalen at dei er ekstremt dyktige til å berike sine aksjonærar. I tillegg til at dei sjølv seier at selskapet sine aksjonærar vil bli berika med meir enn 350 millionar dollar frå Engebø, har dei klart å få subsidiar frå skattebetalarane. Ved å skilje ut delar av selskapet sine FoU-aktivitetar knytt til Engebøprosjeket i eit eige selskap som ’folk flest’ ser ut til å tru er eit nærings- og kulturfond, klarer dei å løyse ut 15 millionar kroner frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune, samt at det er ei målsetning om å løyse ut ytterlegare 15 millionar frå staten.

NM har også klart å nytte seg av eit eldgamalt triks for å blåse opp verdiane i avtalen, ved å snakke om framtidige utbetalingar som ikkje er indeksregulerte. Eg trur folk flest er klar over at 1 krone i framtida ikkje er like mykje verdt som 1 krone i dag.

No er det slik at ein ved å nytte heilt ordinær finansmatematikk kan seie noko om kor mykje framtidige pengesummar er verdt i dagens pengeverdi. Forutsetter ein at rutilproduksjonen er etablert om 5 år og det er 5% årleg lønsvekst er Nordic Mining si samla innskotsplikt begrensa til 1,8 millionar kr pr år i ti år. Ikkje totalt 30 millionar slik ein ved første augekast kan få inntrykk av. Dess lenger det tar før ordinær produksjon er etablert, og jo høgare lønnsveksten i samfunnet er – jo lågare vert verdien av denne innskotsplikta.

NM vil faktisk stå for mindre enn halvparten av innskotsplikta i selskapet dei sjølv skal kontrollere. Resten skal kome frå stat og fylkeskommune. Offentlege pengar vert altså brukt i arbeidet for å fullbyrde NM sin eigen visjon og tene ytterlegare pengar for aksjonærane. Dette kan vanskelig forståast som noko anna enn ei offentleg subsidiering av eit børsnotert selskap.

Kva får så Naustdal kommune i følgje denne avtalen?

Ein får i alle fall ingen garanti om korkje antall arbeidsplassar eller størrelse på eigedomskatt. Det er både underlig og bekymringsfullt.

Avtalen slår fast at gruva si ”dagleg leiing med operative funksjonar vert lagt til kommunen.” Sjølvsagt er det greitt å slå dette fast i ein avtale, men er det truleg at dette ikkje skulle bli lagt til kommunen uansett? Eg vil i alle fall tru at den daglege styringa av gruvedrifta, produksjonsanlegget og vedlikehald av maskiner og utstyr er svært vanskelig å få gjort på ein god måte frå Aker Brygge.

Naustdal kommune får også ein styrerepresentant i inkubatorselskapet, samt at selskapet seier det skal bidra til kunst og kultur i Naustdal og Askvoll .

Rekna i dagens pengeverdi er NM sitt årlege innskot i selskapet 1,8 millionar, og avtalen seier at hovuddelen av midlane skal gå til sine eigne næringsaktivitetar. Når løn, arbeidsgjevaravgift, husleige, konsulenttjenester, reisekostnader, telefon, porto og papir til kopimaskina er betalt, kor mykje er då att til kunst- og kulturaktivitetar i dei to kommunane?

Dersom gruvedrifta vert ein realitet er det flott at NM har som intensjon å utvikle prosjektet, og som innbyggjar i kommunen har eg ikkje noko imot at statlege midlar vert brukt her. Men å forstå denne avtalen som at den omhandlar eit ”kultur- og næringsfond” vitnar om at ein enten ikkje har lest avtalen eller forstått innhaldet. Mest truleg begge deler.

Det vert ikkje oppretta korkje kultur- eller næringsfond i Naustdal. Naustdal Kommune får ingen kompensasjon og ingen midlar til fri bruk. Dei som i samband med denne avtalen åtvarar mot korrupsjon stiller seg sjølv i eit underlig lys.

Naustdal Kommune har liten grunn til å vere ein part i avtalen slik den ligg føre. Avtalen omhandlar i all hovudsak forhold i NM si eigeninteresse og der størsteparten av pengane kjem frå stat og fylke.

Samstundes med at NM etter eigne utsegner reknar med å gå med hundretals av millionar i overskot pr år, skal altså stat og fylkeskommune overføre fleire tiltals millionar til eit selskap som er kontrollert av NM og som arbeider for at NM skal tene endå meir pengar. Flott for NM.

NM viser med denne avtalen at dei ikkje tar sitt samfunnsansvar på alvor, men nyttar skattebetalarane sine pengar til å berike eigne aksjonærar på bekostning av miljø, samfunn og Naustdal sitt omdøme.

Så lenge sideavtalen ikkje inneheld ein betydelig kompensasjon for miljø-, omdøme- og samfunnsrisiko må avtalen avvisast. Eg har enno til gode å høyre eit einaste gyldig argument om kvifor Naustdal ikkje skal ha ein slik kompensasjon. Ein kompensasjon vil korkje spenne beina under prosjektet eller frårøve aksjonærane det som kan omtalast som ein framifrå avkastning.

Eg vil oppfordre den interesserte lesar til å gå inn på postlistene for den 18. april på Naustdal Kommune sine internettsider og sjølv lese avtalen.

Øystein Djupvik

KRAV OG REALISME I ENGEBØSAKA

Redaktør,

Eg viser til innlegget til Dag-Rune Mallasvik frå Naustdal Høgre i Firda den 18. april, der han forsøker å skape eit inntrykk av manglande realisme og lovheimlar for mitt utspel om kompensasjon frå Nordic Mining (NM).

Dessverre er det slik at debattinnlegget til Mallasvik vitnar om manglande forståelse for vesentlige punkt som er grunnleggande for mitt hovudpoeng. At han ikkje er aleine om det gjer det dessverre ikkje betre. Størsteparten av det sittande kommunestyret ser ut til å ha levd i ei vedtatt sanning over tid, og har ukritisk kjøpt alle salsargumenta til NM.

NM har nemlig klart det kunststykket å innbille kommunepolitikarane at plan- og bygningslova sine rammer for utbyggingsavtalar gjer at ein ikkje kan krevje økonomisk kompensasjon gjennom sideavtalar. NM har til og med klart å få dette inn som ein del av saksutgreiinga til den nylig framforhandla sideavtalen.

Sideavtalar har som føremål å få på plass ordningar som ligg utanfor det ein kan krevje i ein utbyggingsavtale, men som politikarane må ha på plass for å vere villige til å gje NM løyve til oppstart.

Det er avtalefridom i kongeriket. Derfor står partane fritt til å avtale innhaldet i ein slik sideavtale. Og kva ein får gjennomslag for i slike avtalar er i hovudsak basert på forhandlingsmakta til partane.
Kva meinast med forhandlingsmakt? La meg forklare.

På den eine sida sit NM. Dei har satsa mykje tid og ressursar for å drive fram prosjektet. Dei har fleire avtalar på plass i forhold til leveranse av rutil og granat, dei har fleire tilbod om finansiering av prosjektet, eit prosjekt som etter eige utsagn vil berike sine eigne aksjonærane med meir enn 350 millionar dollar utover normal avkastning. Enkelte uavhengige analytikarar anslår til og med meirverdien i prosjektet til å vere over 1000 millionar dollar i det dei kallar eit forsiktig anslag! For å få fatt i denne meirverdien er NM heilt avhengig av å få tilgang til rutilen på Engebø.

På den andre sida er Naustdal Kommune. Det er ingen andre enn eit fleirtal i kommunestyret i Naustdal som kan opne for gruvedrift på Engebø. Kommunestyret har med andre ord makta i denne saka.

For NM representerer Engebøfjellet ein gigantisk pengebinge, og Naustdal Kommunestyre er portvaktaren til desse gigantverdiane.

Når politikarane i Naustdal, over fleire år, har vore tydelige på at dei vil sleppe NM til – utan å stille krav, har ein samstundes spela vekk si eiga forhandlingsmakt. NM veit at dei berre treng vise litt godvilje – nærare bestemt 3 millionar i året til næring og kultur, fordelt på to kommunar – så går prosjektet gjennom.

Det er ikkje nok. Så lenge prosjektet representerer ein risiko knytt til miljø, omdøme og samfunn, skal kommunen ha kompensasjon for dette. Ein fekk det til i forbindelse med LRA-deponiet i Gulen. Kvifor ikkje i Naustdal?

Mallasvik forsøker også i innlegget sitt å stille spørsmål kring realismen i mine krav. Kven skal avgjerde kva som er realistiske krav, og på kva grunnlag? Eg baserer meg på det NM seier til sine aksjonærar kring økonomien i Engebøprosjektet, grunnleggande finansmatematikk og økonomisk logikk. Kva fundament, faktaopplysningar og logiske resonnement lenar Høgre seg på?

Eg er redd mantraet til Høgre om ”realisme” baserer seg på usikkerheit. Det verkar som om ein har manglande kunnskap og forståelse for det økonomiske potensialet i prosjektet. Høgre sitt mantra om realistiske krav er såleis blitt til eit mantra om å ikkje stille krav.

Det er ikkje første gangen Naustdal Høgre snakkar om realisme, og det er ikkje første gongen dei drar fram at dei har tru på at NM skal vidareforedle rutilen til titan gjennom å etablere eit smelteverk med over 200 tilsette.

NM har i ei offisiell melding til Oslo Børs den 1. oktober i fjor, sagt at dei har inngått ein intensjonsavtale med det Saudi-Arabiske selskapet Cristal om ein langsiktig salsavtale for rutilen frå Engebø. Altså sal av rutil, ikkje vidareforedling i Naustdal. Kvar fins det mest realisme, Mallasvik? I inngåtte avtalar eller i framtidsdraumar?

I innlegget vert det også antyda at eit kommunalt aksjekjøp er eit godt alternativ til ein direkte kompensasjon frå NM. Her er enten Mallasvik og Naustdal Høgre på gyngande grunn, eller så forstår dei ikkje at eg snakkar om krav om kompensasjon, og ikkje avkastning.

Det er ein nøye samanheng mellom avkastning og risiko. Med andre ord vil eit kommunalt aksjekjøp i NM utsette kommunen for finansiell risiko. Betalinga for denne risikoen er potensiell avkastning.

I Engebøprosjektet tar Naustdal vesentlig risiko i forhold til miljø og omdøme i tillegg til vesentlig samfunnsrisiko som etableringa av ei hjørnesteinsbedrift med avgrensa tidshorisont medfører. Dette er risikoar ein ikkje får betalt for gjennom eit aksjekjøp med tilhøyrande utsikter til økonomisk avkastning. Den einaste måten å få betalt for dette er gjennom ein direkte avtale med NM om kompensasjon.

Om ein ønskjer at kommunen sin kompensasjon skal vere knytt opp mot lønsemda til selskapet kan det vere ein ide å krevje ein omsetningsbasert kompensasjon som slår inn ved lønsemd. Var ikkje det dette den eine representanten til Høgre forsiktig ymta om i møte i utval for plansaker den 31. mars?

Kjenner det sittande kommunestyret si besøkelsestid, bør dei utsette saka og krevje nye forhandlingar.

Valet til hausten representerer ei unik moglegheit til å sende saka som ein lissepasning over til neste kommunestyreperiode der ein kan skape eit fleirtal for å sette krav, og dermed gjenvinne kommunen si forhandlingsmakt. Både kommunen, innbyggjarane, lokaldemokratiet og Naustdal Høgre har alt å vinne på det.

Alt som skal til er litt is i magen. Det første tilbodet er aldri det beste.

Øystein Djupvik

No kjem muslimane og tek oss

I Sogn og Fjordane bur det etter kvart mange truande muslimar. Etter Unge Venstre sitt syn er det heilt naturleg og flott at desse ytrar ynskje om eit eige gudshus.

I si nye valavis til husstandane i Sogn og Fjordane, går Framstegspartiet ut og lovar at dei vil «hindre byggjing av moskéar i bygdene våre». Korleis dei skal klare dette er ei interessant problemstilling. Nei, forresten, det er det eigentleg ikkje. For dersom reguleringsplanar og anna opnar for oppføring av gudshus, og nokon ynskjer å byggje ein moské, kan eit kommunestyre vanskeleg hindre dette utan å gå på tvers av grunnleggjande menneskerettar som religionsfridom og retten til ikkje-diskriminering. Ei nekting av byggjeløyve vil såleis truleg vere i strid med både Grunnlova og menneskerettslova.

Det mest interessante spørsmålet er difor kva som ligg bak eit slikt utspel frå Frp. Etter mitt og Unge Venstres syn kan der berre vere tre moglege forklaringar:
1: Åge Starheim og Frp kan ingenting om grunnleggjande menneskerettar.
2: Åge Starheim og Frp bryr seg ikkje om grunnleggjande menneskerettar.
3: Åge Starheim og Frp veit at utspelet er meiningslaust og utan politisk innhald, men spelar medvite på frykt, fordomar og grumsete haldningar for å skape oppslutnad kring eige parti.

Personleg er eg redd forklaring nr. 3 er mest sannsynleg. Utspelet føyer seg nemleg inn i ei rekkje av saker, der det tydelegvis ikkje er grenser for kor langt Frp vil gå i å trampe på religionsfridomen for å sanke veljarar. Eit anna døme på dette er Frp i Oslo, som viljug røystar for oppstartsløyve til kristne privatskular, men som – utan vidare grunngjeving – set foten ned for muslimske privatskular. Dette er inkonsekvent og diskriminerande. Eg går ut frå at Frp ikkje vil hindre byggjing av kristne kyrkjer i «bygdene våre»?

For meg og Unge Venstre er religionsfridom heilt avgjerande for eit moderne samfunn. Difor ser vi med glede på at muslimar i Noreg ynskjer å dyrke religionen sin, på same måte som vi ser med glede på at kristne, jødar og katolikkar gjer det same. Omsynet til religionsfridom er også ein av grunnane til at vi går inn for eit fullt skilje av stat og kyrkje. Det er nemleg noko grunnleggjande feil med eit samfunn der Trond Giske har vetorett over kven som skal vere leiarar i eit religiøst trudomssamfunn. På same måte vil det vere grunnleggjande feil om Åge Starheim skal ha vetorett over kven som skal få byggje gudshus.

Sogn og Fjordane er eit moderne fylke, og vi er eit fylke som vert jamt meir multikulturelt. Dette tykkjer Unge Venstre er grunnleggjande positivt. Likevel er nok ikkje sjansen særleg stor for at vi ser ein byggje-boom i moské-bransjen med det aller første. Om nokon likevel skulle ynskje å byggje ein moské i Sogn og Fjordane, slik som det mellom anna er planar om i Førde, skal ein vere bra religionsfiendtleg for å sjå dette som negativt. Eg trur derimot dette vil vere eit heidersmerke for fylket vårt! Sogn og Fjordane er ein del av ei moderne verd og ein moderne nasjon, ein nasjon som har rom for personar med ulik bakgrunn og religion. Då er det viktig at vi held fast på religionsfridomen som ein av våre mest grunnleggjande menneskerettar. Det ynskjer vi i Unge Venstre å gjere, og vi sel ikkje unna vår menneskerettslege integritet for å kapre veljarar.

No kan det sjølvsagt tenkjast at Åge Starheim og Frp eigentleg berre vil fjerne årsakene til at det oppstår trong for moskéar i Sogn og Fjordane. Men så vondt vil eg ikkje tru om dei.

Av Sveinung Rotevatn, Nordfjordeid, sentralstyremedlem i Noregs Unge Venstre

Venstre tek kunnskap på alvor

Venstre har gjennom heile inneverande stortingsperiode løyva meir midlar enn den raudgrøne regjeringa til utdanning og forsking. Dette vil vi gjerne halde fram med frå regjeringsposisjon.

Venstre vert i eit lesarinnlegg frå leiaren i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane utfordra på vår kunnskapspolitikk. Den utfordringa tek vi på strak arm, og vi vonar samstundes at kunnskap vert eit viktig tema denne valkampen.

Det viktigaste for Venstre er kvalitet i skulen. Venstre vil ha ein solid offentleg skule som gjev alle like moglegheiter til utdanning uavhengig av geografisk, sosial eller kulturell bakgrunn. Kunnskap og kompetanse er avgjerande for framtidig verdiskaping i Noreg, så vel som for elevane sitt framtidige høve til å ta del i samfunnsutviklinga som opplyste og kunnskapsrike borgarar.

For å leggje til rette for einskildeleven si utvikling treng vi tydelege læringsmål, klåre krav til eleven og gode lærarar. Læraren sin faglege og pedagogiske kompetanse er avgjerande for elevane sitt læringsutbytte, og Venstre vil difor prioritere fleire og betre lærarar framfor heildagsskule. Vi meiner det er ein dårleg idé å utvide skuledagen i komande stortingsperiode, slik somme andre parti går inn for, all den tid vi veit at lærarmangelen diverre vil verte meir og meir prekær. Skulen er eit undervisningstilbod, ikkje eit velferdstilbod, og tilgongen på mange og dyktige nok pedagogar er avgjerande for kvaliteten på undervisninga. Det er grunnleggjande for Venstre at skulen skal vere ein stad å lære, ikkje berre ein stad å vere.

Venstre har i inneverande periode kome med framlegg om fleire målretta tiltak særleg retta mot lærarrekruttering og kompetanseheving, utan å få støtte frå den raudgrøne regjeringa. Mellom anna vil vi:

• Etablere pedagogiske kvalifiseringsstipend, slik at vi kan rekruttere lærarar frå andre relevante yrke
• Innføre eit kompetanseår for lærarar
• Gjere læraryrket meir attraktivt gjennom ei utvida og betra 5- årig masterutdanning
• Innføre seniortiltak for å halde på verdifull kompetanse i skulen. Tre av fire lærarar ynskjer å arbeide etter fylte 60 år, men opplever at det i liten grad vert lagt til rette for dette.

Når det gjeld barnehagar er Venstre sitt mål full barnehagedekning, samt kvalitet og valfridom i tilbodet.

Barnehagen skal vere ein stad for leik, kreativitet og kvile, men barnehagen er òg eit pedagogisk tilbod. Venstre vil difor i stortingsperioden leggje vekt på ei utvikling av kvaliteten i barnehagane, samt rekruttering av fleire pedagogar.

Vi meiner at Venstre sin politikk er den beste løysinga for å ta steget over i kunnskapssamfunnet. Det gjer også Abelia, NHO sin organisasjon for kunnskapsbedrifter, som etter ein systematisk gjennomgong av partia sine stortingsprogram gjev Venstre høgast totalscore på kunnskapspolitikk. Ei røyst på oss den 14. september vil vere eit viktig bidrag til å omsetje denne politikken i praksis.

Gunvald Ludvigsen, stortingsrepresentant og 1. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre
Bjørg Mikalsen, lærar og 2. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre

Det store miljøSViket

Den globale oppvarminga er vår tids største utfordring. Venstre vil ta steget over i lågutsleppssamfunnet og gjere Noreg om til ein føregangsnasjon på klimaområdet.

Mange av oss var særs uroa då dei raudgrøne kom til makta etter valet i 2005. Med det ideologiske utgangspunktet til dei tre nye regjeringspartia (eller for somme: Mangelen på dette) stod det klart at Noreg no ville verte ført i ei anti-liberal og lite nyskapande retning. Men på eitt område var det likevel mogleg å ikkje vere fullt så uroa: Klima og miljø. Rett nok er Arbeidarpartiet verste guten i klassen på dette området – og Senterpartiet kunne knappast brydd seg mindre – men det var von om at i det minste SV ville våge å styre den raudgrøne skuta i klimavenleg retning. Partiet har jo gjennom åra i opposisjon markert seg som eit standhaftig og progressivt miljøparti. Vonbrotet var difor desto større då det synte seg at eit samla regjeringskollegium har gjeve blanke blaffen.

Lat meg først slå fast utgangspunktet til regjeringa: Dei raudgrøne har reint fleirtal og kan gjere akkurat kva dei vil på Stortinget. Vidare har dei hatt meir pengar til rådvelde enn noka anna regjering i norsk historie – dei enorme krisepakkane kjem i tillegg. Og sist men ikkje minst: Dei har hatt meir kunnskapar om klimaendringane enn noka anna regjering. Lat meg vidare slå fast fasiten: Norske klimautslepp har aldri vore høgare enn under dei raudgrøne, og dei har aldri auka meir enn i inneverande regjeringsperiode.

Kvar på vegen gjekk det gale? Den første feilen SV gjorde var nok å gå til sengs med Ap og LO – den mest daudbringande kombinasjonen i norsk klimapolitikk. Vidare er det sjølvsagt slik at SV har vunne nokre miljøslag gjennom dei siste fire åra. Problemet er berre at tapslista er så mykje, mykje lengre.

Det mest openberre sviket er sjølvsagt «månelandinga» på Mongstad. CO2-reinsing av gasskraftverket skulle vere på plass frå dag éin – lova SV på tru og ære. Planen er no utsett til dag eittusenfirehundreogtrettiéin, om den ikkje vert utsett på ny. Planane om reinsing på Kårstø vart utsett i same handvending. Og når ein først er inne på CO2-utslepp: Dei kvotene Noreg faktisk har til overs har regjeringa no gått inn for å selje til andre land – slik at dei totale utsleppa ikkje går ned. Kvotene burde i staden vore sletta.

Mange har fått det verre under den raudgrøne regjeringa, men éin industri har levd livets glade dagar: Oljeindustrien. Regjeringa har rundhåna delt ut 178 leiteløyve til oljeselskapa, noko som er ein solid noregsrekord. Dessutan har dei sårbare havområda i Barentshavet og utanfor Jan Mayen for første gong vorte opna for petroleumsindustri. Dette kjem på toppen av regjeringa (Statoil) sine investeringar i det ekstremt forureinande oljesandprosjektet i Canada.

Av plassomsyn vil eg til sist nøye meg med å nemne skrinlegginga av 9 av 10 vindmølleprosjekt, motstanden mot etablering av ei ordning med grøne sertifikat – som ville sett fart i utviklinga av fornybar energi – samt utsetjinga av Ringeriksbana – som ville korta ned reisetida mellom Oslo og Bergen med ein time og lagt grunnlaget for høgfartsbane. Og sist, men ikkje minst: Klimaforliket på Stortinget, der SVs Inga Marte Thorkildsen fekk i oppgåve å prute ned Venstre, KrF og Høgre sine ambisiøse og klimavenlege framlegg, til føremon for regjeringa sitt stusselege førsteutkast. Heldigvis fekk vi pressa regjeringa til å vedta meir ambisiøse mål og konkrete tiltak enn dei først kom med.

Alt er likevel ikkje heilsvart. Den 9. juli vart det gjeve finansiering til opninga av 4 nye vindmølleparkar. Dette er veldig bra! Det skal likevel seiast at finansieringa ikkje kom på plass før regjeringa fekk ei finanskrise i fanget som gav høve til å dele ut meir midlar. For øvrig vart det gjeve finansiering til heile 16 vindmølleparkar under førre Venstre-regjering.

Denne mangelen på miljøsatsing er ein av dei viktigaste grunnane til at Noreg treng ei ny regjering, ei regjering som vågar å ta klimautfordringa på alvor og å ta radikale grep i miljøpolitikken. Ei slik regjering får ein berre med eit stort Venstre. Kan vi likevel hevde å ha meir truverde enn SV i miljøpolitikken? Ja, det vil eg definitivt seie. Venstre har tidlegare synt at vi er viljuge til å setje regjeringsdeltaking på spel i viktige miljøsaker. Vi har tidlegare gått av på grunn av forureinande gasskraftkraftverk (sentrumsregjeringa, år 2000), og vi seier nei til å sitje i ei regjering som opnar for oljeverksemd utanfor Lofoten og Vesterålen. I tillegg har våre føretrukne samarbeidspartnarar Høgre og KrF synt seg å vere langt meir miljøvenlege enn Arbeidarpartiet, sist gjennom klimaforliket i Stortinget. I alle tilfelle vil Venstre aldri selje miljøsjela si for å klamre seg fast til statsrådslimousinane. Det er meir enn ein kan seie om SV.

Miljø- og klimapolitikken er for viktig til å la dei raudgrøne administrere landet i fire nye år. Difor vonar eg du vil gje meg og Venstre høve til å ta dei grepa som må til i neste stortingsperiode.

Gunvald Ludvigsen
Stortingsrepresentant og 1. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre

Den tredje vegen

Dei beste løysingane er korkje raude eller blå, men grøne.

Den lange valkampen er for lengst i gong. Mest sannsynleg sit mange i fylket no med eit inntrykk av at dei til hausten må velje mellom Jens og Jensen, eller mellom Heggø og Starheim. Dette er ikkje så rart.

Arbeidarpartiet har nemleg for lengst plukka ut sin favorittmotstandar – Framstegspartiet – og media heng seg på denne karikerte framstillinga av ein todelt politisk røyndom. Heldigvis for veljarane samsvarar ikkje dette biletet med realitetane.

Der finst nemleg ein løyndom korkje Frp eller Ap ynskjer å avsløre: Dei to partia er faktisk ikkje så ulike som dei likar å framstille seg. Båe to er ekspertar på statlege, sentraliserte normalløysingar som vert tredd nedover hovudet på borgarar og lokaldemokrati. Båe to står for ein menneskevond og folkerettsstridig asylpolitikk. Og ikkje minst: Båe to er totalt uinteresserte i miljø- og klimapolitikk. Lista kunne gjerast mykje lenger. For dei av oss som er levande opptekne av lokaldemokrati, ein human asylpolitikk og ein berekraftig miljø- og klimapolitikk kan valet til hausten såleis synast som eit val mellom influensa og svineinfluensa.

Det er det ikkje. Der finst nemleg eit anna alternativ: Den tredje vegen. Venstre trur korkje på sosialisme eller høgrepopulisme, og er ein garantist mot ekstreme fløyparti i regjering – anten dei heiter SV eller Frp. Venstre er eit liberalt parti, som kjempar for at alle skal kunne leve liva sine slik dei vil, med mindre det går ut over andre sin fridom. Difor er vi motstandarar av venstresida si einsretting, der borgarane berre får tilbod om normerte, statlege løysingar som mange ikkje passar inn i. Og difor er vi like sterke motstandarar av høgresida sine trangsynte verdiar som gjer politikk av mellom anna religion og seksuell legning. Liberalarar meiner at gudstru og kjærleik er ein privatsak, og vi trur på lokale og differensierte velferdsløysingar. Vi lever ulike liv – heldigvis.

Å vere liberal handlar om å kjempe for fridom for alle – ikkje berre for LO-medlemmar (Ap og SV), bønder (Senterpartiet), heterofile fråhaldsfolk (Kristeleg folkeparti), kvite menn i dress (Høgre) eller kvite menn i grilldress (Frp). Å vere liberal handlar om å drive politikk fri frå særinteresser, og å gå for politiske løysingar fordi dei er riktige for samfunnet og den einskilde, ikkje fordi dei gjev mest mogleg pengar i valkampkassa.

Dette er grunnen til at vi i Unge Venstre no lanserer kampanjen «Den tredje vegen», der vi fram mot valet vil nytte heimesida http://tredjevei.no til å peike på kvifor både Jens og Jensen tek like feil, og kva alternative løysingar du i staden kan få ved å gje ei røyst til eit liberalt sentrumsalternativ. Norsk politikk er ikkje berre raudbrun og blåbrun – den er også grøn.

Sveinung Rotevatn, Nordfjordeid, sentralstyremedlem i Unge Venstre

Venstre har gode sjansar i fylket

I sitt lesarinnlegg i Firda den 27. juni slår Alf Kollsete uttrykkjeleg fast at «[i] Sogn og Fjordane er Venstre sine sjansar til å få eit mandat lik null!». Eg veit ikkje kva Kollsete tenkjer å røyste den 14. september, men han kan vere viss på at ei røyst på Venstre slett ikkje vil vere fånyttes. Snarare tvert imot.

Onsdag 1. juli publiserte Sunnmørsposten ei mandatutrekning for fylket vårt basert på gjennomsnittet av alle meiningsmålingar i juni. Med andre ord er bakgrunnsmaterialet solid. Utrekninga syner at Venstre kaprar sistemandatet i Sogn og Fjordane, slik vi også gjorde det ved sist val. Når ein i tillegg har med seg at Venstre tradisjonelt gjer det betre ettersom valet nærmar seg, bør såleis sjansane våre vere gode. Våren før sist stortingsval låg Venstre så langt nede som 2-3 prosent på målingane, men fekk eit valresultat på 5,9 prosent. Denne våren har Venstre i gjennomsnitt hatt ca. 6 prosent på målingane, og har vore heilt oppe og snusa på 9-talet, noko som er målsetnaden vår både i fylket og på nasjonalt plan denne hausten. Alt borgar såleis for eit godt resultat for Venstre den 14. september.

Eg oppfattar det likevel slik at Kollsete er mest uroa for at eit stort Venstre vil hindre at Frp kjem til makta. Dette er heilt riktig. Venstre er ein garantist mot ekstreme fløyparti i regjering, anten dei heiter SV eller Frp. Vi trur det er betre for landet å få ei mindretalsregjering der den politiske avstanden er overkomeleg, heller enn ei kunstig oppstilt fleirtalsregjering der den politiske avstanden er så stor at ein i realiteten vert handlingslamma. Dagens raudgrøne fleirtalsregjering er eit godt døme på det siste, ei ny sentrum-høgre-regjering vil vere eit godt døme på det første.

Eg kan i alle høve garantere Kollsete éin ting: Nærast uansett valresultat vil Venstre spele ei avgjerande rolle som parti på vippen i Stortinget. Dette vil vonleg resultere i stort gjennomslag for våre kjernesaker: Å fornye velferdssamfunnet, å ta steget over i kunnskapssamfunnet og å setje klima og miljø som prioritet nummer éin. Er ein samd i desse sakene er ei røyst på Venstre det tryggaste valet denne hausten. Også i Sogn og Fjordane.

Gunvald Ludvigsen, stortingsrepresentant og 1. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre