Viser arkivet for stikkord vidaregåande

Framtidsfylket, eit glansbilete?

Sogn og Fjordane, fylket mitt og heimstaden min. Sjølv om eg bur og betalar skatt til eit fogderi i aust, er det likevel fjordfylket eg ser på som heimstaden min. Eg blir stolt når eg les at Sogn og Fjordane til stadigheit er det mest gåvmilde fylket under TV-aksjonen, kry blir eg når nokon seier; «skulle ønske jeg også hadde en dialekt», men trist blir eg – når eg ser heimstaden min blir riven sund i debatten om skulebruksplanane.

Eg har alltid lagt verdi i å opptre sakleg, forme meiningar på grunnlag av fakta og vurdere eit tema frå fleire vinklar – slik at rettferd kan nåast og objektive slutingar kan takast. Dette forventar eg òg frå dei folkevalde. Med det lagt til grunn forstår eg kvifor denne debatten er så full av kjensler. Kven vil ikkje behalde skulen sin, elevane, tilbodet og arbeidsplassane? Ei sak lyt likevel behandlast ut frå fakta og ei objektiv vurdering – ikkje meiningar farga av subjektivitet og lokalpolitikk. Folk flest forstår dette, og vil godta slutningar som er grunna i fakta og tal.

Les meir…

Framtidsfylket: Ein terrorbalanse?

Eg har alltid hatt stor tru på fylket Sogn og Fjordane. Eg veit at dette er eit lite, rart og usakeleg krangleferdig fylke, men samstundes er det eit fylke der trivselen er høg, folkehelsa er god og der den vidaregåande utdanninga er av dei beste i landet. Og eg må innrømme at eg har ein litt pussig men veldig sterk kjærleik for mangfaldet ein finn i dette vesle fylket: Dialektane, folkemusikken og folkelynnet har vore ulikt i dei ulike fjordane og bygdene i lang tid.

Difor riv det i hjarte å sjå at dette mangfaldet vert brukt som brekkstong til å rive dette fine fylket i frå kvarandre. Skulebruksplana om den vidaregåande opplæringa i fylket er ei vond og vanskeleg sak, som kjem til å råke mange. Men er det ikkje sånn at elevane sine ønskjer som skal telje mest? Eg høyrde fylkestingpolitikkarane snakke om elevane sin valfridom før valet. Nokre (Heisann, Framstegpartiet!) hadde nokre vage planar om at “dei skulane som fekk flest søkarar skulle få bestå”… Ei logisk slutting utifrå denne tankegongen ville vore å styrkje dei skulane som har best resultat og høg trivsel mellom elevane. So kvifor høyres det no ut som det viktigaste er at dei ulike fogderia skal få kvar sin del?

Fogderia. Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Dette var skatteinnkrevingsområder for ulike futar på slutten av 1600talet, og ein ser den dag i dag at dei har ulike dialektmerker og springartakt… Fine ting dette, men skal desse skilja verkeleg vere hovudpoenget i skuledebatten anno 2013? Skal variasjonar i springartakt vege meir enn kvaliteten på utdanninga vi gjev framtidige Sogn-og Fjordingar? Det verkar nemleg for å vere slik hjå enkelte av dei som har (litt for mykje) makt her i fylket.

Eg brenn særleg for Firda Vidaregåande Skule. Somme vil påstå at det er fordi eg er gløppar, men den gong ei: Eg brenn for Firda VGS fordi denne skulen er ein av dei få tinga som gjev fylket einskap. Dette er ei boble av sameksistens, mangfald og kjærleik i eit elles stundom kaldt og splittande fylke. Her har ein elevar frå alle dei 26 kommunane i fylket som utfaldar seg saman i drama, musikk, realfag, idrett og mediafag, for å nemne noko. Ein skule med mange hybelbuarar som trivs og som vert teke vare på av skulen. Ein skule som er meir enn ein skule, ein stad du som elev vert eit betre menneskje. Ein skule fylket burde vore stolt av; med gode elevresultat og høge søkjartal er Firda VGS ein skule som særleg Framstegsparitet burde halde tett til bringa. Elevane sjølve skulle bestemme, var ikkje det slik?

Men når Trude Brosvik i fylkesutvalet går inn for å halde på Media og kommunikasjon på Firda VGS, linja som er særleg kjend for Q- filmfestivalen og som passar som hand i hanske med dei andre faga på skulen , vert ho avfeia av Nils P. Støyva . Å gjere noko sånt vil nemleg vere" eit brot på den terrorbalansen som eksisterar mellom fogderia“. Alle skal kutte like mykje, same kor mykje kvalitet ein mister på vegen.

Terrorbalanse. Smak på ordet. Terrorbalanse. Det smakar av stammekrigar, død, blod og umenneskeleg pine. Er det verkeleg slik vi vil bygge framtida for fylket vårt? Framtidsfylket? På ein terrorballanse? Mellom ulike dialektområder?! Sukk hjarte, men brest ei! For det er endå tid for politikkarane å snu: Dei kan bygge framtida på kvalitet og ikkje på ein svak terrorbalanse. Ei god byrjing på denne haldingsendringa er då å behald Media og kommunikasjon på Firda Vidaregåande skule!

4 vidaregåande skular borte vekk i Sogn og Fjordane ?

Skulen på Jølster er den 4. skulen som er tenkt lagt ned i forslaget til Skulebruksplan. Heimeyrkeskulen blei starta i 1949. Skulen har berre nokre av desse åra vore saman med jordbruksskulen på Mo.

Skulen er den eine skulen med berre tilbod innan visuelle/estetiske fag i fylket. Skulen er fylket sitt flaggskip og stoltheit innan visuelle fag! Sogn og Fjordane har ein ”visuell” skule å vere stolt av heilt opp på landsplan.

Framlegget til skulebruksplan vil splitte og pulverisere dette sterke fagmiljøet med eit pennestrøk – og utan å argumentere, eller omtale, dette overgrepet spesielt.

Kvifor ikkje flytting til i Førde, slik fagmiljøet ønskjer?
Sitat frå planen: ”Kvaliteten på opplæringa ved skulen er høg. Avdeling Jølster har ein eit godt fagmiljø på tvers av utdanningsprogramma. Fleire av høyringsfråsegnene, mellom frå Samarbeidsforum i Sunnfjord, omtalar mellom anna viktigheita av å vidareføre utdanningsprogramma ved avdeling Jølster på ein av dei vidaregåande skulane i Førde.”
Her ligg sentrale institusjonar og arbeidsplassar innan dette feltet – ingen annan del av fylket har samla så mange slike institusjonar. Formgjevingsfag har, og må ha, eit fagleg samarbeid med fleire viktige institusjonar i Sunnfjord/Førde – som S. og Fj. Kunstmuseum, Sunnfjord museum, S. og Fj. Teater, NRK S. og Fj. Avishuset Firda m.fl. Desse banda må ikkje brytast – og det er naudsynt at tilbodet blir liggande samla midt i fylket.
*Dette tek ikkje framlegget omsyn til. *

Kvifor flytte formgjevingsfag til Eid vgs.?
Sitat frå planen: ”Fylkesrådmannen tilrår, i motsetnad til SIS, å lokalisere design og handverk og studiespesialisering med formgjevingsfag som fylkesdekkjande tilbod til Eid vidaregåande skule. Dette er gjort ut frå ei vurdering av samla behov i fylket. Fylkesrådmannen har òg lagt vekt på å nytte eksisterande kompetanse, areal, utstyr og samarbeid med eksterne aktørar.”
Design og handverk på Eid har eit naturleg samarbeid med Opera Nordfjord. Formgjevingsfag har, og må ha, eit fagleg samarbeid med fleire viktige institusjonar i Sunnfjord/Førde.
*Dette tek ikkje framlegget omsyn til. *

Fagkompetansen på Jølster er den sterkaste i fylket.
Eid blir utafor pendlaravstand for dei tilsette på Jølster.

Sitat frå planen: ”Nær 80 % av dei tilsette ved Mo og Jølster vidaregåande skule bur i Førde eller Jølster kommune. For tilsette som får tilbod om arbeid i Førde har nedlegginga små konsekvensar.” Meiner ein at det små konsekvensar også for dei som får tilbod om å pendle til Eid? Planen manglar vurdering av pendling mellom Førde/Jølster og Eid. Kvifor ser fylkesmannen bort frå den lærarkompetansen som er på Jølster innan formgjevingsfag?
*Dette tek ikkje framlegget omsyn til. *

*Noverande viktig samarbeid mellom Formgjevingsfag og Medium og kommunikasjon. *
Dei to tilboda vil, etter ny stortingsmelding, bli studieførebuande tilbod. Dette vil også gjere det enda enklare timeplanmessig å bruke lærarkompetansen på tvers av dei to tilboda.
I begge tilboda er kreativitet, innovasjon og marknadsføring svært viktig. Formgjevingsfaget har derimot, i oppbygging og innhald, mindre til felles med yrkesfaget Design og handverk.
*Dette tek ikkje framlegget omsyn til. *

Kjennskapen til tilbodet Studiespesialsering med formgjeving.
Kunnskapen om dette tilbodet er dessverre ikkje god blant politikarane – sjølv om elevbedrifter på Jølster har vunne fleire prisar på fylkes- og landsplan dei siste åra.
Tilbodet Teikning, form og farge (1994 til 2006) og no tilbodet Studiespesialisering med Formgjevingsfag (frå 2006) har heilt sidan 1994 gitt generell studiekompetanse. Dette er altså ikkje noko nytt. Formgjevingsfag er ikkje eit yrkesfag i vgs. Tilbodet inneheld m.a. visuelle kunstfag, arkitektur, design og visuell kultur og samfunn. Etter ny stortingsmelding vil Formgjevingsfaget bli plassert som eit studieførebuande tilbod – saman med Idrett, Medium og kommunikasjon, Musikk og Dans og drama. Formgjevingsfag er klart retta mot høgskulestudiar og mot yrker som arkitekt, designar, ingeniør, lærar m.m.

1. prioritet
Oppretthalde skulen på Jølster og gjere den til sjølvstendig skule igjen – og arbeide vidare med å forsterke og samle dei kreative faga her midt i fylket.
NB. Det nyare bygget på Vassenden med spesialrom bygd til dei kreative faga, er ikkje er nemnt og verdsett i skulebruksplanen.

2. prioritet
Flytting av tilboda til Førde – til Øyrane eller Hafstad vgs. For å gje elevane eit tilsvarande tilbod som ein har i dag på Jølster, er det avgjerande viktig at ein har tilgang til tilsvarande nye spesialrom. Vassenden kan vere ei avdeling under Hafstad eller Øyrande inntil ein kan tilby/ha bygd ut spesialromma ein treng i Førde.

Eg oppfordrar politikarane i Hovudutval for opplæring og på Fylkestinget til å skaffe seg informasjon og kunnskap – slik at deling og flytting av dei visuelle faga frå Jølster ikkje blir gjort slik framlegget til Skulebruksplan foreslår. Det ville vere eit stort feilgrep!

Astrid Wittersø
lektor i estetiske fag

VGS og nedgang i elevtal i Nordfjord og Sunnfjord

I fleire oppslag i FIRDA har det vore prøvd å skape eit inntrykk av at elevtalet i vidaregåande skule ”stuper” i Nordfjord, og underforstått – slik er det ikkje i Sunnfjord. Eg kan m.a. vise til artikkel i FIRDA 25. april der rektorane i Førde-regionen gjerne vil ha 16 nye klassar og viser til at ”Nordfjord har elevplassane, men ikkje elevane”. Likeeins kristiserar Olav Øygard (fotograf og medielærar ved Mo og Jølster) underteikna for å nytte søkjartala for komande skuleår, for å vise at elevplassane i fylket er godt fordelt på regionane (FIRDA 30. april). Han meinar eg heller burde bruke statistikken over framskrivne årskull av 15-åringar i åra framover, som i følgje han viser at ”elevtallet i Nordfjord stuper”.

Statistikken han viser til finn ein som vedlegg nr. 11 i utkastet til skulebruksplan. Tabellen der viser framskrivne tal for på 15-åringar pr. kommune frå 2010 til 2021. Eg har samanlikna talet på ungdommar i Nordfjord og Sunnfjord for dei tre årskulla som går på vidaregåande skule i 2013 med dei tilsvarande tre kulla som vil gå på vgs i 2020, og har nytta tala frå GIS (Grunnskolens Informasjonssystem).

Og kva viser så denne samanlikninga? Jau, elevgrunnlaget i Nordfjord viser ein nedgang på 155 ungdommar i desse årskulla og i Sunnfjord er nedgangen nøyaktig den same – 155. Så stuper elevtalet i Nordfjord, så stuper det også i Sunnfjord. Samanliknar ein 2013 med 2021 viser tala same tendensen, nedgang på 147 i Nordfjord og 145 i Sunnfjord. Det positive dette året er at elevtalet stig igjen i begge regionane. Når så søkjartala for neste skuleår viser godt samsvar med elevplassane på dei vidaregåande skulane slik dei i dag er fordelt i fylket, og nedgangen i elevtal fram til 2021 er den same i Nordfjord og Sunnfjord, kjem påstandane frå dei tre rektorane og Olav Øygard i eit underleg lys.

Men rett skal vere rett. I Sunnfjord kjem den store elevtalsnedgangen i Ytre Sunnfjord og lite eller ingen nedgang i Indre Sunnfjord. Men sidan skulane i Førde-regionen rekrutterer mange elevar frå Ytre Sunnfjord vert også dei berørt av nedgangen der.

Mitt råd til Olav Øygard og dei tre rektorane i Førde-regionen er at dei i alle fall må bruke same briller på eigen region som dei brukar på andre. Å flytte klassar frå ein skule til annan gjev ingen bidrag til dei nedskjeringsproblema fylket står overfor.

Gunnar Nygjerd
Sandane

Kreative fag og nedlegging av skulen på Vassenden/flytting til Førde.

Her i distriktet er det visst ikkje vilje til å ta vare på noko som helst. Siste no er bråvending frå pressa lokale jølstrapolitikarar m.fl. Her er det no om å gjere å få flytta den velrennomerte skulen i kreative fag ned til Førde. Er det ledig kapasitet på skulen i Førde, er det hyblar til elavane, er noko klart i det heile? No må svake lokalpolitikarar rette seg i ryggen for å verne skulen som klart har framtid der den ligg. Er dette begynnelsen på slutten for dei kreative faga i fylket ? Kva har skjedd i kulissane i denne skulesaka, brått er alle vel foreinte og samde i å få denne skulen flytta/nedlagt ? Det er lov til å undre seg.

Vidaregåande skular og regiontenking

Etter orienteringsmøte i Dale om framtidig struktur for dei vidaregåande skulane i fylket fekk Rolf Skår fyldig dekning i FIRDA om sin ”regionmodell” som han brukte tre timar på å lage. I FIRDA 25. mars er han igjen ute med same tankar og same modell, men no som lesarinnlegg. Han demonstrerer igjen at han har lite kunnskap om opplæringstilbodet i fylket og spesielt elevane sitt søknadsmønster, og innlegget ber meir inntrykk av ønskjetenking enn av realisme. Eg vil rå til at han les meir i vedlegga til utkast til skulebruksplan for å finne ut meir om realitetane omkring dette.

I Rolf Skår sin ”modell” er kvar kommune i fylket plassert i ein region der elevane i desse kommunane primært skal gå på ”sin” regionskule. Til dette er å seie at ingen region i fylket har, eller vil få, eit opplæringstilbod som dekkjer heile breidda innan vidaregåande opplæring i fylket. Dette ser ein m.a. på dagens fordeling av elevane frå kvar kommune på dei vidaregåande skulane i fylket. Utan unntak har alle kommunar elevar spreidd over store delar av fylket. Dette kjem av at elevane har sitt ønskje om utdanningsprogram som 1. prioritet, og slik bør det også vere. For elevar som i alle fall må bu på hybel kjem kanskje også andre ønskje inn som er med å påverke skuleval, t.d. skulemiljø, hybel hos slekt, kommunikasjon etc. Oftast spelar det for desse mindre rolle om heimreisa tek ein time meir.

I sin modell er Rolf Skår freidig når han definerer omland for ”sin skule”. Her tek han m.a. med Solund, Gulen og Gaular. Ser ein på dei faktiske forhold slik dei er i dag så bur samtlege av dei 14 elevane frå Solund på hybel. Berre 2 av dei går i Dale. Likeeins går berre 5 av 42 elevar frå Gulen i Dale. Resten av elevane frå desse kommunane er spreidd over heile fylket og nokre i Hordaland. Også når det gjeld Gaular går ein svært liten del av elevane i Dale, det store fleirtalet går i Førde. Og det skulle berre mangle at elevane frå Gaular ikkje primært skal sokne til Førde der det både er langt breiare opplæringstilbod, betre veg og kortare reisetid.

Når det gjeld Midtre Sogn meinar Skår at elevane frå Vik skal sokne til Høyanger vgs. Dette samsvarer lite med verkelegheita. I dag går 1 av 92 elevar frå Vik i Høyanger. Det store fleirtalet går i Sogndal. Eg trur nok at elevar og foreldre i Vik vil ha eit ord med i laget her.

Også i Nordfjord er Skår sin modell langt frå verkelegheita. I hans modell soknar m.a. Bremanger til Flora vgs. Men ser ein på kva skule elevane går på i dag, så går berre 31 av elevane frå Bremanger i Florø, medan 68 går på skular i Nordfjord og av desse 45 på Firda. Også i Bremanger må vel elevar og foreldre få eit ord med i laget. I tillegg til Bremanger kan også store delar av Jølster like gjerne sokne til Nordfjord som til Sunnfjord.

Firda vgs, som Rolf Skår vil legge ned, har i dag både fylkesdekkande og regionale opplæringstilbod og ligg strategisk til for å dekke desse også i framtida med omlag same reisetid både frå Ytre Nordfjord, Ytre Sunnfjord, Indre Sogn og Midtre Sogn.

Mitt ønskje er at fylkespolitikarane våre vil vurdere elevane sine ønskje, opplæringstilbod og kvalitet i den vidaregåande skulen høgare enn streng elevstyring med tette skott ved kommune- og regionsgrenser.

Gunnar Nygjerd
Sandane

Kreativitet, innovasjon og marknadsføring

Den vidaregåande skulen på Vassenden (ein avdeling av Mo og Jølster vgs) er, og har vore, den einaste skulen i fylket med tilbod berre innan eitt fagfelt. I starten var det handverk og husflid, seinare teikning, design, medier og kommunikasjon og formgjeving. Skulen har i alle år vore det eine og det sterke fagsenteret i kreative fag i fylket vårt.

No har eit konsulentfirma, truleg utan kjennskap til fagområdet og historia, laga fleire modellar til skulebruksplan der ein i alle modellane vil pulverisere eit tydeleg fagmiljø. Manglar også fylkesrådmannen og hans stab kunnskap om viktigheita av kreativitet og innovasjon i samfunnet i dag? Veit dei kor viktig det er at elevane får utvikle sine kreative evner – noko som er viktig i mange ulike yrker? Veit dei og kor mange ulike yrker på høgskulenivå desse tilboda innan kreative fag kan føre til?

Det burde jo vore lovande at det står i planen: «Mange av dei arbeidsplassane vi skal leve av i framtida er ikkje skapte. Nyskaping krev innovative og kreative eigenskapar.» Men kan ein vere trygg på at det blir forstått av fylkesrådmannen og politikarane kva det vil seie?

Eit av dei 3 tilboda på Vassenden, er Studiespesialisering med Formgjevingsfag. Formgjevingsfag kan sidestillast med Musikk, dans og drama og idrett, som alle gir generell studiekompetanse. Tilbodet ligg berre på ein skule i fylket og er altså fylkesdekkande. I 1996 blei Formgjevingsfaget gøymt under paraplyen «Studiespesialiserande» noko som gjer det meir usynleg enn det var før. Dette kan gjere at politikarane ikkje ser tilbodet som sjølvstendig og viktig. No må vi vakne opp og sjå dette viktige tilbodet ein har!

I forslaget til plan tenker ein ikkje berre på å fjerne ein skule, men og å flytte og rive fagmiljøet frå kvarandre og sende dei 3 ulike tilboda i kvar si retning! Ein tenker å sende eit tilbod til Eid, eit til Sandane og kanskje eit til Førde! Kvifor kome med ein slik ide?

I planen hevdar ein og at ein får sterkare og betre fagmiljø på store skular. Men det er ingen forsking som viser dette heilt klart! Små fylkesdekkande fag, blir heller ikkje større og sterkare om dei blir skilt og spreidde ut på større skular. I nokre fylker i landet har ein gjort dette og resultatet er at småfag har drukna mellom dei store. Kontakt gjerne Vestfold og Hordaland for å få fleire detaljar om flytting av det vesle Formgjevingsfaget til store skular.

Men på større skular kan fylket kanskje spare pengar ved t.d. å setje lærarar inn som vikar i fleire fag dei ikkje har formell kompetanse i. Det å spare pengar er kanskje det einaste «geniale» ved heile planen?

Meiner politikarane at økonomi er det viktigaste, og meiner at skulen på Vassenden må leggast ned, må en flytte fagtilbodet samla! Det minste ein kan gjere å halde kreativitet og marknadsføring samla! Sjå på prislønte elevbedrifter som er laga på skulen gjennom åra. Media og kommunikasjon, Design og handverk og Studiespesialisering med Formgjevingsfag er viktig for regionen og kompetansemiljøet bør ikkje splittast opp.

For at dei kreative faga skal vere gode undervisningstilbod, er ein avhengig av å kunne vitje og bruke fleire fagmiljø i fylket. Dei institusjonane skulen nyttar og samarbeider med no – og framleis må kunne få bruke framover – ligg tett i indre Sunnfjord (Jølster/Førde-området).

Her ligg m.a. Eikaasgalleriet, Astruptunet, Sunnfjord museum, Sogn og Fjordane teater, fleire reklamebyrå, Avishuset Firda, NRK Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Desse institusjonane treng skulane – og elevane treng fagleg påfyll og inspirasjon utafor skulen. Elevane kan her få nærare kjennskap til kultur, få oppleve kunst/kultur-utstillingar og ha prosjektarbeid i samarbeid med andre fagmiljø. Ingen annan del av fylket har samla så mange slike institusjonar. Dei omtalte kreative faga må ligge i Indre Sunnfjord – der sentrale institusjonar og arbeidsplassar ligg.

I den prosessen som går føre seg no med forslag til skulebruksplan, vil folk verkeleg sjå og føle kva verdi dei ulike vidaregåande skulane har, og kva dei betyr for bygdene og byene i fylket. Dette trur eg vi vil ha nytte av i mange år. No bør alle som veit noko om kva skulen på Vassenden har betydd når det gjeld kreativitet og skulemiljø uttale seg i media.

Det som no kanskje kan skje med nokre kreative fag, kan bli ein skandale!

Helsing Astrid Wittersø

PS. Når det gjeld dei kvalifiserte lærarane i dei små faga ved ei eventuell nedlegging av skulen på Vassenden, skal det ikkje lang og grundig analyse til å forstå at pendlaravstanden frå Jølster, Førde og Naustdal til Eid er for stor. Det vil vere vanskelig, og vil ta lang tid, å skaffe nye fagkvalifiserte lærarar på ny skule.
DS

Konsekvensar ved nedlegging av Dale vidaregåande skule

Dale vidaregåande skule er foreslått nedlagd i fleire av utkasta til konsulentselskapet. Vi er innforstått med fallande elevtal i vår region, men ynskjer å peike på andre viktige moment i debatten som no er i gang.

Dersom Dale vgs. vert lagd ned, må alle ungdommane i våre kommunar flytte heimanfrå som 15- eller 16-åringar. Dette er ei stor belastning for ungdommane sjølve og for familiane deira, både praktisk og økonomisk. Vidaregåande opplæring krev langt større oppfølging av foreldra no enn tidlegare, både når det gjeld formelt og uformelt samarbeid mellom heim og skule.

I vår region er også den vidaregåande skulen ein viktig arbeidsplass for personar med høgskuleutdanning. Tap av desse arbeidsplassane vil få store konsekvensar for skatteinngangen i kommunane våre, men og sannsynlegvis for folketalet, både i regionen og i fylket. Ein lærar som misser arbeidet sitt i Dale vil fort ta med seg familien sin og flytte til ein annan stad – som like gjerne kan ligge utanfor Sogn og Fjordane.

Dersom våre kommunar misser alle ungdommane i aldersgruppa 16-19 år, vil dette prege lokalmiljøet på mange måtar. Særleg vil frivillig arbeid, kultur- og organisasjonsliv verte skadelidande, fordi desse ungdommane er viktige bidragsytarar på dette feltet. I tillegg vil ungdomsmiljøet for dei som vert att, merke dette ved at dei som går i ungdomsskulen vil gå inn i rollene til dei litt eldre ungdommane. Særleg for jentene kan dette verte problematisk.

Vi må og nemne næringslivet i regionen vår. Dei har eit allereie opparbeidd samarbeid med Dale vgs., og er avhengige av rekruttering frå skulen for å halde bedriftene sine med godt utdanna folk – folk som ynskjer å bu i dette distriktet også i framtida. Dersom skulen forsvinn er det lite truleg at ungdommane kjem att til vår region, noko som vil bety slutten for mange lokale bedrifter i området. Det er heller ikkje lett å lokke innflyttarar til ein region utan ein vidaregåande skule innanfor rimeleg nærleik.

Som vi prøver å vise i dette innlegget, vil det få store konsekvensar på mange område i vår region dersom vi skal verte utan ein vidaregåande skule her. Vi oppmodar planutvalet til å utgreie dei sosiale og distriktspolitiske konsekvensane enno djupare, og ta høgde for desse konsekvensane i det vidare arbeidet.

Bente Haugen, lokallagsleiar og hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Fjaler
Hilde K. Solheim, lokallagsleiar Utdanningsforbundet Hyllestad
Inger Hauken, hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Hyllestad
Magnhild Hoddevik, lokallagsleiar og hovudtillitsvald Utdanningsforbundet Askvoll

Nedbygging av mediefag i vidaregåande opplæring

I Norconsult sitt framlegg til framtidig organisering av vidaregåande opplæring i Sogn og Fjordane, framstår utdanningsprogrammet medium og kommunikasjon som «den store taparen».

Les meir…

debatt om debatt om facebook

Er facebook i fylkestinget kome for å bli?

Eg les i FIRDA at fylkesvaraordføraren meiner dette – og han kommenterer også at det er fullt muleg å vere aktiv i debattane på begge arena samstundes. Eg trur også det er muleg, men kvaliteten på konsentrasjonen kan verte varierande. I respekt for tingseta og politiske kollegaer trengst kanskje ikkje skjermen framme under sjølve sakshandsaminga?

Meiner AP at det er ok at elevar i grunnskulen og vidaregåande skule er pålogga facebook i undervisningstida? Dette er eit viktig spørsmål for lærarar og elevar. Vi ventar at stortingskandidaten frå AP gjev eit tydeleg svar på dette

Norunn Lunde Furnes, fylkestingsrepresentant for KrF

KrF vil framleis ha friskular

I helga har SV hatt landsmøte i Bergen. Det vedtaket som fekk mest merksemd var deira forslag om å avvikle alle former for private skular. SV viser her sitt sanne ansikt. Dei ønskjer ikkje at det skal finnast alternativ til den offentlege skulen. Alle barn og unge skal kvernast gjennom same kverna for å bli gode borgarar av staten. SV ønskjer med dette å ta bort foreldra sin rett til å velje andre alternativ for sine born. Er det verkeleg slik at SV veit betre enn foreldra kva som er best for borna? Det verkar ikkje som om SV er spesielt opptekne av at dette bryt med menneskerettighetar og norske lover, og sist med privatskuleforliket. Det er under fire år sidan Øystein Djupedal fekk æra for å ha laga eit forlik om privatskulane. Regjeringspartia og KrF var samde om å lage forutsigbare rammer for privatskulane. Dette forliket har tydeligvis SV gløymt no.

Prinsipielt er det mange problemstillingar med dette vedtaket. I tillegg dukkar ein del lokale problemstilingar opp. Etter kvart som kommunane legg ned grendeskular veks det fram private initiativ frå foreldre som ikkje vil miste hjartet i lokalsamfunnet. SV ønskjer ikkje at desse grendeskulane skal ha livets rett.

I Sogn og Fjordane har vi berre ein privat vidaregåande skule, Sygna vgs i Balestrand. På denne skulen er det om lag 150 elevar, noko som svarar til rundt 3,5 % av elevane i Sogn og Fjordane. Sygna rekrutterer frå heile landet, og kan vanskeleg sjåast på som noko trugsmål mot dei andre vidaregåande skulane i fylket.

Ei SV-ønskja nedlegging av Sygna vil ikkje ha noko særleg positiv effekt på dei andre vidaregåande skulane i fylket. Det kan derfor ikkje seiast at nedlegging av Sygna styrker den offentlege skulen. Kva andre implikasjonar vil nedlegging av Sygna ha?
• Balestrand kommune misser om lag 50 kompetansearbeidsplassar
• Kommunen vil vidare miste om lag 100 innbyggarar ettersom det ikkje er andre arbeidsplassar for denne gruppa i kommunen
• Næringslivet i kommunen vil merke at tilsette med familie, samt 150 elevar ikkje er i Balestrand lenger. Butikkar, kino og andre aktørar vil få eit redusert driftsgrunnlag
• Balestrand kommune vil misse ei rekke vikarar og deltidstilsette inn mot helsetenestene
• Kulturliv og idrettslag vil merke ein nedgang i tal leiarar og deltakarar

Balestrand KrF er sterkt kritisk til SV sitt landsmøtevedtak. Totalitære haldningar der ein ønskjer å leggje ned forbod mot alt ein er usamd i, er ein dårleg måte å skape mangfald og toleranse. Vi vil framleis ha friskular i landet vårt som byggjer på alternative pedagogiske og religiøse standpunkt. Balestrand KrF ser og at dette vedtaket vil ha store lokale implikasjonar i Balestrand. Vi kan ikkje tru at innbyggarane i kommunen og omegn er samde i dette. Kanskje vi skal bruke vår demokratiske rett og fortelje SV kva vi meiner om dette i stortingsvalet til hausten?