Viser arkivet for stikkord vindkraft

Innbyggjarinitiativ i Solund

Lesarbrev frå Solund Høgre si kommunestyregruppe v/Ole Gunnar Krakhellen, Vigdis Ravnøy, Sveinung Kråkås, Otto Einen og Steinar Krakhellen

Torsdag 20. juni handsama Solund kommunestyre eit innbyggjarinitiativ om ei ny folkeavrøysting om vindkraft i kommunen. 375 innbyggjarar har skrive under på at dei meiner at det er nye moment i saka som gjev grunnlag for ei ny folkeavrøysting. I Solund kommunestyre vart det nesten sådd tvil om dei underskrivne visste kva dei skreiv under på. Solund Høgre har den tiltrua til innbyggjarane våre at vi trur dei . Dei har ikkje sagt noko om dei er for eller mot vindkraft, men dei har bede om høve til å seie si meining på ny.

Når Solund Høgre føreslo å halde ny folkeavrøysting om vindkraft i tilknyting til stortingsvalet 9. september så grunngav vi det ut frå dette:
- Avtalen med Sula Kraft AS var ikkje klar før etter folkeavrøystinga, og desse momenta var ikkje kjende:

  • Verdisetjinga av kaier, vegar m.m.
  • Fiberkabel framført til Ytre Sula til ein verdi på 4 mill. kr.
  • Prognosen i avtalen er årlege inntekter dei ti første åra på 14mill kr. I informasjonsmateriellet nytta til folkeavrøystinga var prognosen på eigedomsskattepotensialet satt til 7 mill. kr. årleg dei første 10 åra. Det har altså vore ein auke i prognosen på 100%.

- Sula Kraft har føreslege å legge sjøkabel til Lutelandet i staden for luftlinje. Dette har Solund kommune og Sula Kraft avtalefesta i ein tilleggsavtale at skal leggast til grunn for konsesjonssøknad.

Dei nye sidene ved saka, som vi har synt over, var ikkje kjende før etter folkeavrøystinga. Noko av dette vart fastlagt i avtalen 14.02.12, medan det siste punktet om sjøkabel har vorte aktualisert våren 2013 og avtalefesta i ein tilleggsavtale med kommunestyrevedtak 20.juni. Samla sett meinte Solund Høgre at desse endringane var å sjå på som vesentlege endringar.

Solund Høgre reknar med at viss ei folkeavrøysting hadde gjeve eit nytt resultat i innbyggjarane sitt syn på vindkraft, så ville NVE ha hatt forståing for eit krav frå Solund kommune om at sjøkabel må leggast til grunn for konsesjon. I møter tidlegare i prosessen har NVE sagt at dei legg vekt på dei kommunale høyringsuttalane.

Det viktigaste momentet for Solund Høgre var uansett det faktum at over halvparten av dei røysteføre innbyggjarane i Solund, 375 innbyggjarar, har bede om å få sei si meining på nytt gjennom ei ny folkeavrøysting. Dette la Høgre vekt på. Sist Solund kommunestyre vedtok folkeavrøysting om vindkraft kom det som eit benkeframlegg frå eitt enkelt parti i samband med handsaming av kommuneplanen, denne gongen kom det som massivt innbyggjarinitiativ frå 375 innbyggjarar. Første gongen fekk det fleirtal i kommunestyret, denne gongen vart det avvist. Solund Høgre stemde difor, saman med ein representant frå PULS, for å ta innbyggjarinitiativet til fylgje. Fleirtalet frå AP/SP/FrP/1 frå PULS stemde ned innbyggjarinitiativet.

Nå skal stemmene til Gulen Senterparti innløses

Vindmøller har det vært argumenterter mot i Gulen, helt siden de første planene ble lagt frem for anlegget på Setenesfjellet. Den gang med Fred Olsen Renewables som utbygger, et selskap som i dag ikke er blant søkerne for anleggene.

Det kan sies mye om vindkraft, men påstander om at dette er bra for kommunen, eller for folketallsvekst eller for arbeidsplasser kan bare oppfattes som ren propaganda, det finnes ikke tall og beregninger som underbygger påstanden. Selv NVE lover ikke noe konkret til oss som utbygger kommune.

Det er ingen i dette landet som prinsipielt er i mot vindmøller, men det vi er i mot er plasseringen av møllene. Alle gode argumenter om at vi må bidra for felleskapet og for miljøet er forsvunnet. Med tiden er det blitt avklart at dette dreier seg ikke om miljø, men om nasjonale lovnader. Vi skal derfor gi fra oss det mest dyrebare vi har fordi vi har en regjering som har lovd mer ren kraft til Eu. En kraft som koster fellesskapet 1 kr. pr kw å produsere. Det det handler om, er å rasere det området av Norge som koster fylket og staten minst å miste, og som har minst innvikning på bruttonasjonalprodukt nemlig kystlandskapet.
Les hele saken nå!

Vindkraft i Solund

Skrive av: Ole Gunnar Krakhellen (leiar Solund Høgre) og Otto Einen (nestleiar Solund Høgre)

Solund Høgre har på medlemsmøte diskutert dei tre høyringssakene om vindkraft som skal handsamast i Solund kommunestyre, og Høgre har gått inn for full vindkraftutbygging i Solund. Fornybar energi er eit satsingsområde i Europa og i Noreg. EU si målsetjing om ein fornybarandel på 20% av total energibruk innan 2020, går att i fornybardirektivet som vart innlemma i EØS-avtalen 19.desember 2011, der målet er ein fornybarandel i Noreg på 67,5 prosent i 2020. Dette er den høgaste målsetjinga om fornybar energiproduksjon i Europa, og den også forpliktar Noreg. Fornybar energi er basis for ordninga med grøne sertifikat i Noreg og Sverige, som omfattar prosjekt som vert satt i drift innan utgangen av 2020.

Noreg må satse på både energiøkonomisering, vasskraft og vindkraft for å nå måla i fornybardirektivet. Sogn og Fjordane fylkeskommune har utarbeidd ein regional plan for vindkraft, der ein har sagt at Sogn og Fjordane fylke bør vere eit pilotfylke innan vindkraft, med tilrettelegging for utbygging av 1000MW innan 2025. Solund har gode vindforhold og dei omsøkte prosjekta tilsvarar nesten 1/3 av fylkeskommunen si målsetjing. Solund kommune har ei moglegheit til å verte ein pilotkommune i pilotfylket innan vindkraft.

Høgre ser at ei vindkraftutbygging i Solund vil verte konfliktfylt, men har samla sett vurdert at fordelane veg tyngre enn ulempene. Høgre vil her tydeleggjere kva vurderingar som er gjort i denne saka.

Vindkraftindustrien er ein høvesvis ny industri i Noreg, med ei stor utvikling sidan tusenårsskiftet. Effektiviteten i produksjonen har vorte betre, og er etter alle solemerke ei næring for framtida. Solund kan bygge opp eit miljø rundt med spanande arbeidsplassar. Over tid har det vorte færre innbyggjarar og arbeidsplassar i Solund. Høgre ser at vindkraftindustrien kan bidra til ein større variasjon i arbeidsmarknaden i Solund, og tilføre 10-15 arbeidsplassar. Med ein høvesvis liten arbeidsmarknad, er dette ei stor auke i arbeidsplassar i Solund.

Naturinngrepa er store ved utbygginga, men Høgre ser bidrag som avbøter noko av den negative effekten. Mellom anna kan vi nemne at vegar i terrenget kan gjere område meir og lettare tilgjengelege for friluftsliv enn i dag. Vidare kan Solund få nye mogelegheiter med mellom anna etablering av 2 djupvasskaier i kommunen, kaier som kanskje kan nyttast til anna næringsføremål etter utbyggingsperioden. Det vil også verte nye vegar der delar av desse heilt eller delvis kan gjerast tilgjengeleg for motorisert ferdsel.

Kva kommunen vil sitje att med etter ei vindkraftutbygging har i media vorte framstilt som eit usikkerheitmoment ved folkeavrøystinga. Dersom det vert full utbygging vert det truleg innført eigedomsskatt på verk og bruk, eit noko unøyaktig omgrep som omfattar industri- og produksjonsverksemder (t.d. skipsverft og oppdrettsanlegg), men ikkje næringseigedommar (t.d. forretningsbygg og overnattingsverksemder). Utnyttar kommunen det fulle potensialet, vil ein etter opptrapping av eigedomsskatten til makssatsen på 7 promille kunne sitje att med om lag 26,5 millionar årleg frå vindkraftparkane dei 10 første åra, deretter vert det ei retaksering. Dei statlege overføringane til Solund vil nok verte reduserte, men ikkje slik at alle inntektene forsvinn, ein vil uansett sitje att med ei monaleg inntektsauke. Faktum er at dersom ein øyremerka eigedomsskatten til å betale ned lånegjelda til Solund kommune vil Solund vere om lag gjeldsfri på 2 år, noko som ville frigjere om lag 4 millionar årleg som i dag går med til å betale renter og avdrag.

Kommunestyret har merka i mange år at kommuneøkonomien er stram. Så stram at ein ikkje har klart å oppretthalde det handlingsrommet som ein ynskjer. Til dømes har kulturskulen vore helde på eit minimumsnivå i ei årrekkje, og vi har også mange andre områder der det er forbetringsmoglegheiter, men det manglar økonomi til å utløyse potensialet. Investeringsbudsjetta for dei neste åra er eit eksempel, der Solund kommune i 2012 investerer ganske mykje i Solund-målestokk. Samla om lag 5,7mill, der ombygging av Hardbakke barnehage og nytt bustadfelt i Storehaugen (4 tomtar) er dei to største einskildpostane som tek 3,5mill av dei samla investeringane for 2012. Dei påfylgjande åra i økonomiplanen er investeringane mykje mindre. Hadde vi hatt eit større økonomisk handlingsrom hadde det vore enklare å bidra til å realisere gode prosjekt som kunstgrasbane og kulturhus på Hardbakke, og kommunen kunne hatt eit større fokus på næringsutvikling enn kva det er høve til i dag.

Høgre er eit ansvarleg parti, og vi ser at dersom det ikkje vert ei utbygging av vindkraft som vil gje oss framtidige utsikter til ein betre kommuneøkonomi frå 2015, så må vi gjere nokre tøffe val. Utan ei brå forbetring i kommuneøkonomien, vil kommunen høgst sannsynleg verte tvungne til å innføre eigedomsskatt uavhengig av om det vert utbygging av vindkraft i Solund eller ikkje. Skilnaden er at dersom det ikkje vert vindkraft i Solund så lyt ein truleg innføre eigedomsskatt på både verk/bruk, næringseigedommar og hus/hytter. I tillegg er det ikkje uttenkeleg at det må gjerast ein gjennomgang av den kommunale tenesteproduksjonen for å finne moglegheiter for innsparingar. Høgre er ikkje tilhengarar av eigedomsskatt, men det kan verte naudsynt å innføre den i Solund.

Nokre vil hevde at Høgre freistar å svartmale situasjonen dersom det ikkje kjem vindkraft, men det ynskjer vi ikkje å gjere. Dette lesarbrevet er ei kort oppsummering av dei argument som vart vektlagt på medlemsmøtet der vi gjekk inn for vindkraftutbygging i Solund. Vi har freista å sett heilskapleg på det, og vi har vege fordelane opp mot ulempene. Solund Høgre ser større handlingsrom for Solund med vindkraft enn utan, og vi trur at vindkraft kan vere ei drivkraft for Solund inn i framtida.

Viss nokon har spørsmål så kan Solund Høgre nåast på solund.hogre@gmail.com

Vindkraft - eit miljøvenleg alternativ...?

Det føreligg no planar om anlegg for utbygging av vindkraft langs heile kysten vår, frå sør til nord. I Solund er vi i gang med ei folkeavrøysting som skal vere rådgjevande til kommunestyret når dei skal ta stilling til planane.

Det vert sagt at vindkraft er miljøvenleg. Når vi veit kva konsekvensar landbasert vindkraft har, er det vanskeleg å sjå at dette kan vere rett.

Kysten er motorvegen for trekkande fugl kvar haust og vår. Mange av dei planlagde anlegga vil bli liggande midt i trekkrutene til fleire ulike fugleartar. Dette gjeld også for anlegg i Solund.
Vi veit at dei fleste sjøfuglane våre slit og bestandane er i nedgang. Vi veit også at mange trekkfuglar, som blant anna stare, låvesvale, vipe og storspove er i tilbakegang. Vindkraftanlegga vil bli nok ei belastning for fleire tital fugleartar som har utfordringar nok frå før.

I fylkeskommunen sitt framlegg til regional plan for vindkraft i Sogn og Fjordane, står det å lese om biologisk mangfald;
”Med unntak av enkeltområde lengst nord i fylket, har Solund dei tettaste førekomstane av hekkande, kollisjonsutsette raudlistefuglar i Sogn og Fjordane.”

Ei vindkraftutbygging av kysten slik planane no ligg føre, vil føre med seg store konsekvensar for fleire fugleartar, både regionalt og nasjonalt.

Solund er eit særs særprega øyrike av devonsk konglomorat. Dette i seg sjølv er spesielt i nasjonal samanheng.
Landskapet er i tillegg særdeles kupert og oppreve. Ein finn ikkje maken i Noreg, truleg heller ikkje utanfor Noreg sine grenser.

Mange trur det vil vere enkelt å føre fram vegar i eit steinlandskap som Solund. Det er ikkje rett. Her er bratte fjell, dalar og skar.
Kvar meter må skytast og planerast. Skjeringane vil ofte bli svært høge og fyllingane store og skjemmande.
Her er lite vegetasjon og lausmassar. Tilbakeføring av landskapet er umogleg. Det er totalt irreversible inngrep vi talar om.

Turistar som kjem til Solund let seg fascinere, nettopp av landskapet. Mantraet er at dei aldri har sett noko liknande.

Vi veit at økoturisme er aukande. Vi veit også at rein natur fri for inngrep, minkar dag for dag.
I perioden 2003 – 2008 vart heile 96 kvadratkilometer urørd natur, heilt eller delvis utbygd berre i Sogn og Fjordane.

Naturen ikring oss vert altså stadig meir dyrebar!

Eg oppmoder alle sulingar til å bruke røysteretten sin, tenkje langsiktig og å røyste for eit livskraftig kystlandskap!

Nils Chr. Bjørgo

Vindkraftutbygging i Solund?

9. januar skal innbyggjarane i Solund gje råd korleis dei meinar at Solund skal stille seg til vindkraftutbygging i Solund. Solund kommune har gjeve ut eit informasjonshefte med fakta om dei tre konsesjonssøkte vindkraftparkane i kommunen saman med røystesetelen. Vidare har det vore helde folkemøte om desse anlegga i samband med at dei er melde til NVE, og siste møte var etter at konsesjonssøknad med konsekvensutgreiingar vart lagt ut på høyring av NVE. I tillegg til NVE var også utbyggjarane til stades på møta samt konsulentar som har vore engasjert i arbeidet med konsekvensutgreiingar.

Dette er ei stor sak for Solund med ein mengde informasjon omkring vindkraft. Det er såleis svært krevjande å oppdatere seg i sakskomplekset.

Som ventande kan vere, så er det ulike syn på ei slik sak i Solund som det er i resten av landet. Derfor er det viktig å gjere sine vurderingar ut frå dei fakta som er tilgjengelege.

Det som er heilt klart:
• Gjennom EU direktiv er Noreg pålagt å bygge ut ny fornybar energi innan 2020.
• Frå 2012 vert det innført grøne sertifikat og vi som straumkundar, slik eg tolkar det, må betale ca kr 200 inn til denne ordninga per år.
• Det er meldt og konsesjonssøkt langt fleire vindmølleparkar enn det som vil bli utbygd i denne omgang.
• Konsesjonsmyndigheitene kan såleis velje mellom dei beste prosjekta for å nå EU direktivet sitt mål.

I Solund kommune er det konsesjonssøkt tre vindkraftparkar. Det finns fordelar og ulempar ved vindkraftutbygging, også i Solund, og det er vår oppgåve å vekte desse mot einannan før me avgjer vår stemme.

Dersom utbyggarane får dei nødvendige løyver vil investeringane føre til stor aktivitet i kommunen i utbyggingsfasen, med mogelegheiter også for lokalt næringsliv. Det vil seinare gje 15 – 20 arbeidsplassar til sjølve drifta av anlegga med tillegg av ringverknadar. Investeringane vil gje årlege inntekter til Solund kommune i storleiken 12 – 15 mill kroner, noko som er ein vekst i Solund kommune sine eigne skatteinntekter med minst 75%.

I eit informasjonsskriv til innbyggarane frå ein organisasjon som kallar seg ”Nei til vindkraft i Solund” kjem det fram eit regnestykke om at Solund taper kr 400 mill. over konsesjonsperioden samanlikna med ein Mørekommune. Ikkje har eg funne tak i leiing for denne organisasjonen, og ikkje har eg funne Mørekommunen som har denne avtalen, men vonar forhandlingsutvalet i Solund tek dette med seg, slik at me kjem på same utbyttenivå som andre vindkraftkommunar med landbaserte anlegg.

Skrivet frå Nei til vindkraft i Solund tek og føre seg noko om samfunnsøkonomien i vindkraft. Det kan heilt sikkert førast ein lang debatt omkring det, men faktum er at EU-direktiv, målsetting og innføring av grøne sertifikat er vedtekne av våre sentrale myndigheitar, og kan ikkje endrast om Solund seiar ja eller nei til vindkraft korkje gjennom folkerøysting eller vedtak i kommunestyret. Eit nei i Solund kommune vil mest truleg føre til at tilsvarande vindkraftutbygging med tilhøyrande inntekter vil komme i andre kommunar.

Som leiar i Ulvegreina grunneigarlag må eg også få lov å kommentere påstanden om at 40 % av grunneigarane har bustadadresse utanfor Solund. Ved framlegging av avtalen tidleg på våren 2007, var 2 av 20 grunneigarar busette utanfor kommunen. I dag er tilhøva endra mest på grunn av arveoppgjer, og ein utflytta. Framleis er omlag 75% av grunneigarane busette i Solund. Legg ein arealet til grunn for grunneigarar busette i Solund utgjer dette mellom 85-90 %. Så det er rimeleg god lokal forankring når det gjeld arealet til Ulvegreina Vindpark.

Eg har sett lesarinnlegg i media der det vert påpeika at det er nok kraft til oss sjølve, så kvifor skal vi produsere for eksport? Ved sidan av motargument som at det, mellom anna, gjev inntekter, arbeidsplassar samt klimagevinst er dette, etter mi meining eit uheldig utgangspunkt for utvikling og nyvinning. Er dette ein logikk som vi skal nytte for all næring og aktivitet? Kva skjer om vi prøver same påstanden, men no om ein av våre tradisjonsrike næringar? ”Solund er sjølvforsynt med fisk, så kvifor produsere for eksport?” Dette er ei haldning som ville ramme oss hardt og mange arbeidsplassar innan fiskeri og havbruk ville bli borte.

I dag er dei fleste statlege arbeidsplassar i Solund strukturert bort, ved at televerket, kystverket, postverket, trygdeetat, likningsetat og politi er omorganisert.

Vi treng nye arbeidsplassar, og ikkje minst inntekter til kommunen for å oppretthalde den servicen vi er pålagt å yte våre innbyggjarar.

Det er heilt sikkert plass for både vindkraft, og auka reiseliv og anna aktivitet på det arealet vi har i Solund.

Med omsyn til vindkraft så trur eg det vil bli lenge til liknande tilbod til aktivitet og inntektsgrunnlag for Solund kommune vil komme.

Konsesjon er ikkje gjeve endå. Eit rimeleg stort fleirtal av grunneigarane er positive. Ut frå dei målingar som er føretekne er det god vindkvalitet. Det er mogeleg å få produksjonen på nett. Det står att ein uttale frå Solund kommune som no bed om eit råd. Mi vurdering er at det er grunn for Solund kommune å sluttføre forhandlingane med utbyggarane med sikte på ein god avtale for kommunen, slik at konsesjon kan tilrådast.

Møt og gi di røyst 9. januar, slik at rådet til kommunen bygger på eit breitt grunnlag frå innbyggarane i Solund.

Godt val

Steinar Krakhellen
Leiar Ulvegreina grunneigarlag
(Ynskjer å få innlegget publisert i papirutgåva til Firda innan 7.januar 2012.

Til Bremangerpolitikarar og grunneigarar! 13.12.2011

De står overfor ei svært alvorleg avgjersle, når de skal seie ja eller nei til Vindkraft utbygging i Bremanger.

Ha Terra-saka friskt i minne, og ikkje la dykk lure av utspekulerte utbyggarar som seier og gjer kva som helst for å få dette i gjennom. Dei veit godt at dei må ”smi mens jernet er varmt”, det er ikkje mange år til at eit slikt forslag kan sjå langt etter eit ”ja” frå kommunestyremøtet. Litt god gammaldags ”bonde-skepsis” kan komme godt med her.

Vindkraftutbyggarane har det travelt med å få godkjent anlegga sine på vestlandet, før ulempar og alvorlege konsekvensar blir allmenn viten.

Det ironiske med den planlagde vindkraftutbygginga er, er at ein byggjer ut for å produsere miljøvennleg fornybar energi, men alle som er i mot er stort sett miljøvernorganisasjonar og den miljøbeviste del av befolkninga. Kva er det som gjer at nokon er positive til slike dramatiske inngrep i eit område som er klassifisert til ”stor regional verdi”? Og kvifor ikkje bruke pengar og ressursar på å effektivisere dei vasskraftverka og linjene vil allereie har. Siemens og Bellona har bevist at vi kan
auke energiproduksjonen vår med 20 TWH ved å effektivisere eksisterande anlegg, det er 7 TWH meir enn det vi har forplikta oss internasjonalt å produsere.

Men problemet med effektivisering av eksisterande vasskraftverk er at det ikkje gjev meir pengar i kassa til ”grådige” grunneigarar, utbyggarar og kommunar. Og dei ekstra kronene er vel også den einaste grunnen til at nokon kan vere for slike inngrep. Er det verd det?

Husk også at de som seier ja til dette må for alltid stå til ansvar for kva de har gjort. Husk at det er de som har all skuld når vi i framtida seier ”dette skulle vi aldri ha gjort!”. Vi kan ikkje skulde utbyggarane, dei har fått ja frå grunneigarar og politikarar. På same måte som Terra-meglarane fekk signatur på sitt papir.

Kva følgjer kan dette få for komande generasjon? Bremanger Kommune har stadig forsøk på å få utflytta Bremangarar tilbake til kommunen. Eg kan for min eigen del seie at ei vindkraftutbygging lokkar ikkje meg heim, heller tvert imot. Ein set også store ”kjeppar i hjula” for vidare utvikling av det som kanskje er Bremanger sitt største produkt i framtida, nemleg naturen. Eg kan ikkje sjå føre meg ei einaste næring i framtida som kan nyte godt av eit fjell pepra av vindmøller.

Som NRK journalisten påpeikar i klippet frå Ut i Naturen(sjå adresse under), vil kanskje inntekter frå framtidig øko-turisme kome lokalbefolkninga minst like mykje til gode som inntektene frå vindmøllene. Sjølv om øko-turisme ikkje gjev dei store inntektene i Bremanger endå, sørgjer enn i allefall, ved å gå inn for vindkraft, at komande generasjonar heller ikkje vil kunne starte opp med slik næring.

Husk også at OljeNoreg i dei fleste samanhengar er skrytt opp i skyene når vi snakkar om teknologi og kompetanse. Likevel vel ein no ei svært primitive løysingar, i jakta på ny fornybar energi. I mine auge er det svært lite miljøvennleg å øydelegge slike naturområder for å produsere meir fornybar energi, samtidig som alle våre eksisterande vasskraftverk kunne vore utnytta langt betre.

På same måte med Hardangermastene. Ikkje fortel meg at vi ikkje kunne lagt kabelen i fjorden, vi har både pengane og teknologien som skal til. Noreg har nyleg bygd verdas lengste og mest kompliserte rørledning på havbotnen, 1300 km frå Aukra i Noreg til Easington i England, gjennom svært vanskeleg terreng. Så når ein no vel primitive løysingar for både Bremanger og Hardanger, der ein utset naturen for alvorlege inngrep, er det ikkje mangel på teknologi som er problemet. Men mangel på vilje til å investere i løysingar som produserar fornybar energi og samtidig skånar naturen.

Er det rett at vi skal ofre vår unike kyst for å forsyne Europa med energi. Eg trur vi skal sjå langt etter at Europa ofra sine flottaste område i Alpane for same sak. Alpe-landa, som er komen langt lengre enn oss i Noreg når det gjeld turisme, veit godt at turistane ikkje er interessert i vindmølle-safari. Etterspurnaden etter urørt natur vil bli større i framtida, og om vi då har klart å holde fingrane våre vekke frå det som enno er urørt, har Noreg mykje å kunne tilby.

Eg tenkjer at vi burde ha vore komne lenger enn dette i 2011, å byggje ut heile norskekysten til eit industriområde, fint kalla ”vindpark”, må vere gamaldags. Med litt vidare forsking er det ikkje lenge før ein har mykje betre alternativ som kan utvinne meir energi og samstidig bevarar naturen. Det blir som å kjøpe seg skrivemaskin dagen før datamaskina vart lansert.

I første omgang kan vi starte med å effektivisere vasskraftverka våre, her har vi den teknolgien som trengst.

Eg oppfordra alle til å sjå Ut i Naturen sitt program om vindkraftutbygging, bruk denne adressa: http://www.nrk.no/nett-tv/klipp/193197/

Bekymra helsing

Kristian Kvamme

Flora bystyres falitterklæring mot vindindustri

Det satt mange unge tilflyttere og tilbakeflyttere i Bystyresalen i Florø på tirsdag, tilhørere med et håp om at Flora Bystyre ville vise mot, visjoner og for en gang skyld ikke la seg blende av ordet “industri”. Det var med enorm skuffelse vi innså at endel ting aldri endrer seg i Flora. Det er fremdeles slik at industri alltid prioriteres over natur. Dette er utrolig gammeldags og visjonsløst, og ikke fremtidsrettet på noen måte.

Takk til de politikerne som av ulike grunner viste motstand – Katrine Dale, Jan Henrik Nygård, Bengt Solheim Olsen, Jan Arve Midtbø, Bente Nilsen Halvorsen, Elisabeth Norman Leversund, Oscar Bergheim, Odd Bovim, Hanne Husabø Kristensen, Anne Lise Nordstrand, Bjørn Hollevik, Jarle Storevik og Embla Belsvik.

Av: Kjetil Høidal, Eivind Hauge, Sara Steine, Svein Bruheim, Sissel Strømmen, Siri Stavang, Silje Jansen Nybø, Janne Kristin Fristad

Flora bystyres falitterklæring mot vindindustri

Det satt mange unge tilflyttere og tilbakeflyttere i Bystyresalen i Florø på tirsdag, tilhørere med et håp om at Flora Bystyre ville vise mot, visjoner og for en gang skyld ikke la seg blende av ordet “industri”. Det var med enorm skuffelse vi innså at endel ting aldri endrer seg i Flora. Det er fremdeles slik at industri alltid prioriteres over natur. Dette er utrolig gammeldags og visjonsløst, og ikke fremtidsrettet på noen måte.

Takk til de politikerne som av ulike grunner viste motstand – Katrine Dale, Jan Henrik Nygård, Bengt Solheim Olsen, Jan Arve Midtbø, Bente Nilsen Halvorsen, Elisabeth Norman Leversund, Oscar Bergheim, Odd Bovim, Hanne Husabø Kristensen, Anne Lise Nordstrand, Bjørn Hollevik, Jarle Storevik og Embla Belsvik.

Av: Kjetil Høidal, Eivind Hauge, Sara Steine, Svein Bruheim, Sissel Strømmen, Siri Stavang, Silje Jansen Nybø, Janne Kristin Fristad

Har vi vore på same møte, Larsen?

Av Ole Gunnar Krakhellen, leiar Solund Høgre

John Kåre Larsen, som er Framstegspartiet sin gruppeleiar i Solund kommunestyre, hadde i Firda laurdag 12.mars eit innlegg som gav ei ”interessant” skildring av eit møte som eg trudde vi begge var på i Solund kommunestyre. Når eg har lese gjennom lesarbrevet, så er eg faktisk ikkje lenger sikker på om vi var på same møte.

Det vert antyda at Solund Høgre ikkje er interessert i at innbyggjarane skal få høve til å seie kva dei meiner om vindkraft. Det er fullstendig feil! Høgre har mellom anna hatt eit eige, ope temamøte om vindkraft i Solund, der vi inviterte alle som var interessert i dette temaet. På dette møtet var det 20-30 frammøtte. Vi hadde innleiingar frå både tilhengarar og motstandarar, men stemninga hjå fleirtalet vart oppfatta som positiv av m.a. meg. Høgre har og vore representert på dei fleste lokale folkemøta om dette temaet. Så vi lyttar meir enn gjerne til medinnbyggjarane våre! Vi er heller ikkje framande for å ta eit klart standpunkt til vindkraft i programmet vårt, slik at innbyggjarane i Solund veit kva dei har å halde seg til.

Larsen skriv at Høgre var skeptisk til folkerøystingar frå talarstolen. Det er rett. Eg meiner det er kommunestyrerepresentantane si oppgåve å setje seg inn i og gjere ei heilskapleg vurdering. Innspel frå innbyggjarane i Solund ligg sjølvsagt inne i denne vurderinga. I debatten var Høgre skeptisk til om ein ville få gjennomført ei slik folkerøysting på ein god måte. Då Høgre stilte spørsmål om dette, fekk vi ein replikk frå John Kåre Larsen – som heller ville dra parallellane attende til folkerøystingane i 1905. Viss det skulle vere tvil, så er eg ikkje motstander av 1905-folkerøystingane, og metodemessig var det ikkje vanskelege avrøystingar sidan det var JA/NEI-spørsmål.

Kommunestyret fekk opplyst i sakspapira at det berre er ein kommune som har gjennomført ei folkerøysting om vindkraft, nemleg Frøya i Trøndelag, medan Austevoll i Hordaland hadde gjennomført ei spørjeundersøking. I Frøya var det spørsmål om ja eller nei til vindkraft. I kommunestyret var Høgre oppteken av korleis vi i ei folkerøysting skulle takle faktumet at det er i tre ulike område det er planar for vindkraft, samt at det er mange andre ting som kunne spele inn på folk sine meiningar om vindkraft. Nokon er kanskje for vindkraftparkar med kabling, men mot dersom linjene kjem i master. Vil ein kanskje ha mindre omfang av dei føreslegne parkane, eller er ein heilt mot uansett? Osv. Dette samansette biletet er vanskeleg å få fram i ei folkerøysting. Ei spørjeundersøking utarbeidd av folk som KAN metodeteknikk/-faget for folkerøysting ville kunne gje oss eit oppsett som ville dekke ein mykje større del av problematikken enn kva ei JA/NEI-avrøysting ville få fram.

Difor er det viktig å ta med kva Høgre gjorde framlegg om i denne saka, det held ikkje å referere halvparten av røynda. Vi understreka også at vi ynskte å høyre på innbyggjarane. Her er difor Høgre sitt alternative framlegg:

1. Det vert gjennomført ei spørreundersøking i staden for folkeavstemming.
2. Ein vil nytte ein profesjonell aktør til utarbeiding og gjennomføring av undersøkinga.
3. Kommunen går i forhandlingar med utbyggjarane om å få finansiert undersøkinga.

Høgre bad om ei prøverøysting på dette framlegget, men det fekk berre Høgre sine to røyster. Difor trekte Høgre framlegget og stemde faktisk for folkeavrøysting. Dette kom ikkje fram i Larsen sitt innlegg.

Vi meinte at vi kunne fått betre oversikt over innbyggjarane sine meiningar med dette framlegget, men når det ikkje var stemning for det, trekte vi framlegget. Vi gjorde så framlegg om at folkerøystinga skulle gjennomførast med hjelp frå ein profesjonell aktør. Dette for å redusere dei problema som vi ser med korleis røystinga skal utformast. Dette framlegget vart vedteke mot ei røyst frå AP.

I ein kommune, også om den liten, er det rett å vere bevisst på eventuelle dobbeltroller. Høgre har m.a. søkt råd hos fylkeskommunen på inhabilitet. Vi ser no at dette truleg kjem opp att på nytt. Då får vi handsame sakene samvitsfullt som før. Spørsmål om inhabilitet har ikkje alltid bastante svar, men Fylkesmannen sine synspunkt gjeld heilt klart. Men likevel er det lite fruktbart å nærast ”kaste skit på” politiske meiningsmotstandarar, slik som Larsen langt på veg gjorde i sitt lesarbrev. Slik vi ser det, bør ein ha som utgangspunkt at alle i Solund kommunestyre, også eins meiningsmotstandarar, vil det beste for kommunen. Så får vi tåle at det kan vere usemje om vegen framover. Eg reagerer på FrP sin måte å framstille kva som har skjedd i kommunestyret. Høgre ynskjer gjerne synspunkt frå medinnbyggjarar i kommunen. Vi vert ofte kontakta med idear, og vi ber ofte om innspel.

Larsen har erfaring som ordførar, og bør kanskje tenke på at han til neste kommunestyremøte bør lytte betre, og tenkje gjennom korleis han framstiller det som har skjedd. Viss FrP ynskjer å konkurrere om ordførarvervet i Solund må dei tenke over korleis ein skal vere samlande og representativ for kommunestyret. Når ein referer til ei sak bør heile sanninga leggast fram. Vedtaket om folkerøysting om vindkraft var nemleg samrøystes!

Utbygging av vindkraft i Sogn og Fjordane.

Arbeidarpartiet og fagrørsla vil at energiforsyninga i Noreg skal vere den mest miljøvenlege i verda. Vi vil avgrense veksten i energiforbruket, og vi vil vere i fremste rekkje med å ta i bruk nye teknologi innanfor energiproduksjon og kraftforsyning. Noreg må ikkje gjere seg avhengige av import av forureinande kolkraft og atomkraft. Arbeidarpartiet og fagrørsla meiner at Noreg må ha som mål å minst vere sjølvforsynt med elektrisk kraft i år med normal nedbørmengde.
Land- og havbasert vindkraft kan bli eit nytt stort satsingsområde for Noreg. Sogn og Fjordane har størst produksjonspotensiale for vindkraftutbygging av alle fylke i Sør-Noreg. Havområda utanfor Stad har den høgaste vindhastigheita i landet med årsmiddelvind på 10,5 m/ps i 80 m/høgde
For at vårt fylke skal kunne ta del i vindkraft- og industriutviklinga, meiner vi at følgjande moment er avgjerande for å lukkast:

1. 420 kV linja mellom Ørskog og Fardal må få ei rask realisering for å sikre naudsynt nettkapasitet for vidare utbygging av småkraft og vindkraft.

2. Fylkeskommunen har i desse dagar ute på høyring ein fylkesdelplan for vindkraft. Det er viktig at det blir sett av stort nok område til vindkraftutbygging slik at det er realistisk å nå måla om utbygging av 1000-1500 MW vindkraft på land i Sogn og Fjordane innan 2025.

3. Utbyggjarar av vindkraft må i størst mogeleg grad nytte seg av lokale og regionale selskap. Dette for at ein skal kunne bygge opp kompetanse i fylket på m.a. prosjektering, bygging, drift og vedlikehald av vindparkar. Vindkraftselskap som vil byggje ut prosjekt i fylket skal vere etablert i fylket med eigen stab og organisasjon.

4. Det er naudsynt med målretta satsing på å byggje opp industriretta utdannings- og opplæringstilbod i Sogn og Fjordane knytt til vindkraft. Utdanninga må sjåast i samanheng med pågåande satsingar på Sikkerheitssenteret i Måløy og planlagt utbygging på Lutelandet.

5. Utvikling av framtidig vindkraft må sjåast i samanheng med utbygging av annan infrastruktur på kysten. Bygging av kystvegen mellom Bergen og Ålesund inkludert 45-minuttsregionen samt bygging av Stad skipstunnel er viktige for å oppnå sterke arbeidsmarknadsregionar. Dette vil også binde saman og kople kompetansemiljø slik at det kan realiserast storskala industrisatsingar på m.a. offshore vind.

6. For å lukkast med vindkraftsatsinga er ein avhengig av auka statlege løyvingar til realisering av test- og demonstrasjonsanlegg for ny offshore vindkraftteknologi, slik at det mellom anna er mogeleg å byggje opp industriell aktivitet knytt til testområda på Lutelandet og på Stadhavet.

7. Utbygging av vindkraft i fylket må sjåast i samanheng med andre industrisatsingar i fylket knytt til offshore vind m.a. innanfor kompositteknologi og samanstilling av offshore vindturbinar.

8. For å lukkast med vindkraftsatsinga må staten setje krav om elektrifisering av petroleumsanlegg på sokkelen i Nordsjøen. Dette kravet må ein sjå i samanheng med utbygging av offshore vindkraft.

Samarbeidskomiteen meiner Sogn og Fjordane si satsing på vindkraft kan medvirke til å utvikle eksisterande industri, leggje grunnlag for ein ny stor industri innan vindkraft, auke talet på arbeidsplassar, samt auke verdiskapinga i fylket. For å lukkast med denne satsinga må næringslivet, NHO, LO, kommunane og statleg styresmakter samarbeide tett. Berre på denne måten kan vi greie å løfte fram vindkraftutbygginga og den tilhøyrande industrien.

Med helsing

Nils Støyva Arvid Langeland
fylkesleiar i Ap- -distriktssekretær i LO

Utbygging av vindkraft i Sogn og Fjordane.

Arbeidarpartiet og fagrørsla vil at energiforsyninga i Noreg skal vere den mest miljøvenlege i verda. Vi vil avgrense veksten i energiforbruket, og vi vil vere i fremste rekkje med å ta i bruk nye teknologi innanfor energiproduksjon og kraftforsyning. Noreg må ikkje gjere seg avhengige av import av forureinande kolkraft og atomkraft. Arbeidarpartiet og fagrørsla meiner at Noreg må ha som mål å minst vere sjølvforsynt med elektrisk kraft i år med normal nedbørmengde.
Land- og havbasert vindkraft kan bli eit nytt stort satsingsområde for Noreg. Sogn og Fjordane har størst produksjonspotensiale for vindkraftutbygging av alle fylke i Sør-Noreg. Havområda utanfor Stad har den høgaste vindhastigheita i landet med årsmiddelvind på 10,5 m/ps i 80 m/høgde
For at vårt fylke skal kunne ta del i vindkraft- og industriutviklinga, meiner vi at følgjande moment er avgjerande for å lukkast:

1. 420 kV linja mellom Ørskog og Fardal må få ei rask realisering for å sikre naudsynt nettkapasitet for vidare utbygging av småkraft og vindkraft.

2. Fylkeskommunen har i desse dagar ute på høyring ein fylkesdelplan for vindkraft. Det er viktig at det blir sett av stort nok område til vindkraftutbygging slik at det er realistisk å nå måla om utbygging av 1000-1500 MW vindkraft på land i Sogn og Fjordane innan 2025.

3. Utbyggjarar av vindkraft må i størst mogeleg grad nytte seg av lokale og regionale selskap. Dette for at ein skal kunne bygge opp kompetanse i fylket på m.a. prosjektering, bygging, drift og vedlikehald av vindparkar. Vindkraftselskap som vil byggje ut prosjekt i fylket skal vere etablert i fylket med eigen stab og organisasjon.

4. Det er naudsynt med målretta satsing på å byggje opp industriretta utdannings- og opplæringstilbod i Sogn og Fjordane knytt til vindkraft. Utdanninga må sjåast i samanheng med pågåande satsingar på Sikkerheitssenteret i Måløy og planlagt utbygging på Lutelandet.

5. Utvikling av framtidig vindkraft må sjåast i samanheng med utbygging av annan infrastruktur på kysten. Bygging av kystvegen mellom Bergen og Ålesund inkludert 45-minuttsregionen samt bygging av Stad skipstunnel er viktige for å oppnå sterke arbeidsmarknadsregionar. Dette vil også binde saman og kople kompetansemiljø slik at det kan realiserast storskala industrisatsingar på m.a. offshore vind.

6. For å lukkast med vindkraftsatsinga er ein avhengig av auka statlege løyvingar til realisering av test- og demonstrasjonsanlegg for ny offshore vindkraftteknologi, slik at det mellom anna er mogeleg å byggje opp industriell aktivitet knytt til testområda på Lutelandet og på Stadhavet.

7. Utbygging av vindkraft i fylket må sjåast i samanheng med andre industrisatsingar i fylket knytt til offshore vind m.a. innanfor kompositteknologi og samanstilling av offshore vindturbinar.

8. For å lukkast med vindkraftsatsinga må staten setje krav om elektrifisering av petroleumsanlegg på sokkelen i Nordsjøen. Dette kravet må ein sjå i samanheng med utbygging av offshore vindkraft.

Samarbeidskomiteen meiner Sogn og Fjordane si satsing på vindkraft kan medvirke til å utvikle eksisterande industri, leggje grunnlag for ein ny stor industri innan vindkraft, auke talet på arbeidsplassar, samt auke verdiskapinga i fylket. For å lukkast med denne satsinga må næringslivet, NHO, LO, kommunane og statleg styresmakter samarbeide tett. Berre på denne måten kan vi greie å løfte fram vindkraftutbygginga og den tilhøyrande industrien.

Med helsing

Nils Støyva Arvid Langeland
fylkesleiar i Ap- -distriktssekretær i LO