Viser arkivet for stikkord visuelle

Politikarar som vil rive ned - eller byggje opp?

Det å legge ned ein skule (på Vassenden), må ikkje og bør ikkje, vere det same som å ønskje å splitte opp og øydeleggje fylket sitt eige estetiske fagmiljø! *
Ordførarane i SIS gjekk med på å legge ned av delinga på Vassenden på vilkår av at dei 3 undervisningstiboda blei flytta samla. Kva gjer Hovudutvalet? Dei vil legge ned utan å ta hensyn til oppsette vilkår. No gjeld det at fylkestingspolitikarane kan sjå det ubrukelege i vedtaket frå Hovudutvalet.
I alle lesarinnlegg når det gjeld dette fagområdet, har ein vist til kvifor tilboda på Vassenden må flyttast samla til Førde. Førdeskulane har plass, og her har ein samarbeidspartnarane / instusjonane som fagfeltet treng. Ingen har argument som kan seie noko anna!
Målet må vere at den nye Skulebruksplan skal bli brukeleg også for dei visuelle faga i fylket!
*Lukke til med godt arbeid på Fylketinget !!