Nye bilder

Død over landbruket, hilsen AP, SP, SV og de andre høyreliberale!

Vi agerer som idioter, særlig i landbrukspolitikken!

Nå får vi daglig beviset på at jordbruket og bøndene i Norge har fått dødsstøtet fra luringene i den sittende regjeringskonstellasjonen og de andre høyrliberale middelmådighetene i norsk politikk. Ikke makter de få bøndene ,som fremdeles gidder å arbeide dobbelt for luselønn, å skaffe nok kjøtt og heller ikke nok melk, -vi må importere enda mer. Og dette faktum ene og alene fordi vi har for få bønder til å opprettholde nødvendig produksjon!

Heilhjarta støtte til bøndene!

Sogn Avis refererer 7. mai tal frå Statens Landbruksforvaltning. Siste 10 åra er tal såkalla ”husdyrbedrifter” redusert med 14.000 her i landet (over 30 ). Talet på gardar med dyrehald i Sogn og Fjordane er redusert frå 4189 til 2665 (36) dei siste 10 åra. Klassekampen kan 15. mai fortelje at det for 20 år sidan var over 100.000 gardsbruk i landet, men at det blir lagt ned 1.000 bruk i året. Avisa skriv vidare at tilskota til landbruk i dag er på rekordlåge 1,7 % av statsbudsjettet mot 8 % i 1978.

Vi kan vidare lese følgjande:

Framtida for bondestanden

Noreg har vorte utvikla som eit moderne samfunn siste hundre åra. Utviklinga i jordbruket har vore ein del av moderniseringa; I 1960 hadde vi 200 000 bruk. I 1990 var brukstalet 100 000. No er det registrert 45 000 bruk. Kor mange bruk skal vi ha om 20 år? 20 000?

Dei som har bakgrunn i bondeyrket, er arbeidsame folk. Dei har gått inn i mange slags yrke. Mange vart industriarbeidarar. Mange sektorar i Noreg har bruk for arbeidskraft i vår tid. Bønder som sluttar, vil kunne velje i mange slags yrke. Men det vil vere vanskeleg å erstatte dei som jordbrukarar. Drifta på den garden som vert nedlagd, vil berre sjeldan bli teken opp att. Busetnaden i bygde-Noreg er under sterkt press. Vidare reduksjon i jordbruket gjer vondt verre.

Folkemusikk i Fjaler

Godeste Hallvard Arstein.

Har lese innlegget ditt om Folkemusikk i Fjaler og eg må seie at eg kjenner meg lite att i det du skriv. Eg trur heller ikkje at du oppnår noko med å skrive lange debattinnlegg i Firda om ting lesarane ikkje kjenner til. Dalsfjorden Spelemannslag har hatt eit problem som dei burde ha gripe tak i for lenge sidan. Til sist var det to lag som vart løysinga.

Arbeidarpartiet bondefangar Liv Signe

No er sirkuset og dragkampen omkring landbruksoppgjeret i gong igjen.

AP sine representantar, sentralt og lokalt, har i alle år forfekta at dei ville oppretthalde småskalalandbruk. Når ein i bygdene ser kva som har skjedd vil ein fort oppdage at det AP hevdar utad ikkje på nokon måte stemmer. Slik det har vore siste åra den raud/grøne regjeringa har styrt har på ingen måte landbruket sine krav vorte innfridd. Bondelag og SP har då sete igjen med smular, og må registrere at dei overhode ikkje har nådd fram med sine krav.

Minnesmerker og minoritetshensyn

Regjeringen har utnevnt styreleder i Human-Etisk Forbund, Åse Kleveland, til å lede arbeidet med å reise to minnesmerker etter terroren og massedrapene den 22. juli. Hun avviser at minnesmerket i Oslo skal ligge ved Domkirken med begrunnelsen at det vil virke ekskluderende på folk som ikke er kristne. Har hun glemt det faktum at folket valgte seg Domkirken i dagene etter terrorhandlingene? Har hun glemt at vi lever i et demokrati der flertallet og majoriteten skal bestemme? Har hun glemt Statsministerens ord om mer demokrati og ikke minst mer raushet? Hun bør ta inn over seg det faktum at flertallet i Norge er kristne og at forbundet hun er styreleder i utgjør marginale 1,6 prosent av Norges innbyggertall. Youngstorget er heller ikke et egnet sted for den tidligere trubadur. Hun velger seg heller Nisseberget – et sted utenfor allfarvei, kjent for en nazistatue under krigen og som tilholdssted for hasjrøykende ungdom på 70-tallet. Kjære Åse, blås støvet av gitaren og sett deg på Nisseberget, du. Vi har nemlig fått nok av minoritetsdiktatur og ultra-ateisme i dette landet!

Oppblåst klimakrise

I Firda fredag 11. mai har fylkesleiaren i Miljøpartiet Dei Grøne et innlegg som angriper Magne Dvergsdal for å ”reprodusere gammalt tøys fra andre klimaskeptikarar”. Som andre rettroende i klimadebatten truer fylkesleiaren med ragnarokk på linje med atomkrig om vi ikke følger anbefalingene til majoriteten av verdens klimaforskere. Han etterlyser fakta i debatten og her skal han få fakta som forhåpentligvis han redusere skråsikkerheten han uttrykker i diskusjonen med Dvergsdal.

Det er klimamodellene som spår katastrofale temperaturøkninger, ikke virkelige målte temperaturdata. Modellene har feilet fullstending i sine forutsigelser. På tross av rekordhøye CO2-utslipp har ikke global temperatur økt i det hele tatt i det årtusenet vi nå er inne i. Når observerte data ikke stemmer med modell, så er modellene feil. Dette er et grunnprinsipp i all vitenskap. Direkte økning av global temperatur som følge av dobling av CO2-innhold i luften, er beregnet til ca. 1 grad. Laboratorieforsøk viser mye mindre økning, men det er omstridt om de er overførbare til jordens klimasystem. Klimamodellene opererer med mange ganger høyere effekt av CO2 på temperatur, typisk 3-6 grader. Dette oppstår via såkalt positiv tilbakekobling i modellene som multipliserer opp effekten av CO2. Andre klimaforskere mener det er negativ tilbakekobling som vil føre til høyst en halv grads oppvarming ved dobling av CO2. En slik negativ effekt kan komme fra mer skydekke siden høyere temperatur gir mer vanndamp i luften. Dette samsvarer med at et hvert system som utsettes for forandring, vil motsette seg dette (LeChatelier´s prinsipp).

Det er noko sjukt i Arbeiderpartiet

Jens Stoltenberg er flink med nekrologar, no kan han snart forberede nekrologen over folkestyret og velferdsstaten som døydde!

AP knuser og raderer ut norsk landbruk. AP opnar for at internasjonal gruveindustri kan forsyne seg fritt av norske mineraler og samstundes fritt dumpe avfall og giftstoff i det som har vore rein natur. Den utanlandske gruveindustrien slepp å skatte til Norge og det einaste som vert att er arbeidsplassane, resten forsvinn til utlandet.

Har vi politikarar som er istand til å løyse problema i verda?

Vi har ein tendens til at det vert fleire politiske broylere i politikken. Er dette ei god utvikling? Vi står nemleg overfor ei framtid med globale utfordringar som ikkje lar seg løyse retorisk. Eg vil nemne som problem nummer ein, folketalsauken. Det vil føre til enorme konsekvensar dersom vi ikkje får stoppa denne utviklinga. Det er ei grense for kor mange det er mogeleg å brødfø her i verda. Vi ser likevel at politikarane er meir opptekne av CO2 i atmosfæren enn av at millionar svelt. Vi har altså eit hungersproblem som er for vanskeleg til at politikarane vågar å gripe fatt i det. Eit tredje problem dukkar opp og det er mangel på drikkevatn. Og no snakkar vi ikkje lenger berre om den tredje verda. I enkelte folkerike strøk i England held store vassreservoar på å tørke inn. Det er innført forbod mot å dusje og vaske bilen. Både drikkevatn og mat vert viktigare og viktigare for milliardar av menneske.

Det sjukepleiarane gjer er ikkje tilfeldig

I dag 12 mai feirar sjukepleiarar over heile verda Den internasjonale sjukepleiardagen – til minne om Florence Nightingale sin innsats for den moderne sjukepleie. Den kunnskapsutvikling ho og mange andre sjukepleiarar har stått for har vore ein avgjerande faktor for helse og utvikling både nasjonalt og internasjonalt.

Norge utdannar årleg mange kunnskapsrike og kompetente sjukepleiarar. Kvar dag brukar sjukepleiarane sin kunnskap slik at du skal vere trygg på å få rett behandling, pleie og omsorg. Det sjukepleiarane gjer er ikkje tilfeldig men basert på kunnskap.

Det sjukepleiarane gjer er ikkje tilfeldig

I dag 12 mai feirar sjukepleiarar over heile verda Den internasjonale sjukepleiardagen – til minne om Florence Nightingale sin innsats for den moderne sjukepleie. Den kunnskapsutvikling ho og mange andre sjukepleiarar har stått for har vore ein avgjerande faktor for helse og utvikling både nasjonalt og internasjonalt.

Norge utdannar årleg mange kunnskapsrike og kompetente sjukepleiarar. Kvar dag brukar sjukepleiarane sin kunnskap slik at du skal vere trygg på å få rett behandling, pleie og omsorg. Det sjukepleiarane gjer er ikkje tilfeldig men basert på kunnskap.

Folkemusikk i Fjaler

Viser til oppslag i “Firda” fredag 4. Mai, der Havbrusen folkemusikklag får heiderleg omtale.

Pga. direkte faktafeil, manglande fakta, og det som heilt klart kjem under kategorien usant, kan ikkje denne omtalen stå uimotsagt.

Sviket frå dei Raudgrøne !!

Tilbodet frå staten til bøndene i jordbruksforhandlingane er på 900 mill kroner. Dette er milevis unna kravet frå oss bønder, som var på 2,2 mrd. Breim Bondelag har omtala landbruksmeldinga som positiv, med mange gode målsettingar og intensjonar. Meldinga har faktisk skapt optimisme og tru på at politikarane endeleg har teke svak økonomi og bruksnedlegging på alvor. Når manglande verkemiddel og konkrete tiltak har blitt etterlyst i meldinga, har det heile tida vore peika på at dette kjem under jordbruksforhandlingane. Etter at vi har delteke på informasjonsmøte om meldinga med Lars Peder Brekk, so fekk vi følelsen av at no kjem der eit lite løft i heile landbruket, snakk om mageplask ! Når tilbodet til bøndene totalt manglar dei verkemiddel som skulle gje bøndene eit løft økonomisk so må dette kallast eit svik. Det er eit svik mot oss som bønder og eit svik mot forbrukarane, som er klare på at dei ynskjer trygg norsk kortreist mat.

Når ein ser litt på kva som ligg i tilbodet so er det berre 625 mill som er inntektsskapande, og over halvparten av dette er igjen knytt til auka målpris, som vi ikkje på nokon måte er garantert å greie å hente ut i marknaden. På mange måtar kan ein seie regjeringa si vilje til auka lønnsemd i landbruket, og dermed auka matproduksjon, er 227 mill som er auken i budsjettmidlar frå 2012 til 2013. Og dette rimar dårleg med å oppfylle målsettingane i meldinga.

Gode samfunn er aktive samfunn

Firda presiserar på leiarplass 8. mai 2012 at dei gjentekne gongar har sagt frå om at havbruksnæringa er for lite viktig for vertskommunane. Ho er viktig for staten, men uviktig lokalt. Dette kan vitne om ei noko snever oppfatting av korleis samfunnet er sett saman. For kommunane får vel stort sett sine midlar attendeført frå staten? Og kven betalar inn dei pengane staten delar ut att til kommunane?

Skattesystemet er, i forenkla termar, slik; privatpersonar betalar skatt til stat, fylke og kommune. Verksemder betalar skatt til staten, og eventuelt eigedomsskatt til kommunane. Dette gjeld og for havbruket, slik Firda nemner. Staten sender pengar attende til kommunane, først og fremst i høve til folketalet. Folkefattige kommunar kan altså vere ute for at dei har rike verksemder som betalar mykje skatt til staten, men lite kjem att i retur. Som ordføraren i Austevoll kommune sa det; ”me sender trailerar med pengar til Oslo, og får att ei og anna brevdue”. Når pengane blir sendt inn heiter dei skatt, når dei kjem att kallast dei gjerne subsidiar.

Litt opplysning om klima for grøne politikarar.

.

Det må nok veldig enkle reknestykke til for å få litt kunnskap inn i hovudet på politikarar som er hjernevaska. Lat oss ta dette med drivhuseffekten som er heilt sentral i påstandane om menneskeskapte klimaendringar. Alle er vel einige om at vassdamp og skyer utgjer 96 % . Resten, 4% er CO2 Metan, Ozon og lystgass, der CO2 står for halvparten dvs 2%. For å vere nøyaktig så er det 385 ppm CO2 og 30 000 ppm vassmolekyl. Dvs omlag 80 gonger så mange vassmolekyl. Vidare så er vassmolekyl meir effektive til å absorbere varmestråling enn CO2. Når det gjeld CO2 si evne til å absorbere infraraudt lys, dvs varmestråling, så kan det berre skje i eit smalt felt av spekteret ved ei bestemt bølgelengde. All varmestråling som ikkje har den rette bølgelengda, vil gå rett ut i verdsrommet viss der ikkje er skyer.

Kapitaltilgang for Grundere i S&Fj. svar til Halvor Flatland

Det er flott at Halvor no tar opp dette problemet, og eg håpar at det også følger penger med. Dette er ikkje noko nytt for dei som kvar dag føler dette problemet på kroppen, og S&Fj er i ein særklasse når det gjeld mangel på kapital til tidlegfase bedrifter. Vi likar å kalle oss trivselsfylket, verdens beste stad å bu, men investorar utanfrå ser det med litt andre auge. Dårlige vegar, ekstreme billett prisar på fly, lite kunnskaps miljø, og små ambisjonar. Ein investor spurte meg ein gong om det var mulig å drive noko som helst i dette miniatyr fylket.

Dette er desverre det som møter grundere med ambisjoner i dette fylket. Heile fylket er kjempestolte av Moods og det som dei har fått til, men vil Moods være ei bedrift i Sogn og Fjordane i framtida? Har ikkje Simen & co flytta til Oslo? kor tid tar dei med seg resten av bedrifta? og kvifor gjer dei det, når vi bur i verdens beste del av Norge?

Til bunaden min!

Etter å ha lurt på det i fleire år

Og grudd meg like lenge

Naturlandskap på billegsal

Raudt Høyanger går mot utbygging av Østerbø og Randalen kraftverk på Høyanger sørside. Vi gjer det for å verne naturen mot ei utbygging som fører til tap av viktige landskaps- og miljøverdiar. Partiet går mot også fordi kommunen får dårleg betalt for å gje frå seg dette og at kommunen dessutan får mindre enn det kommunen tidlegare var førespegla.

Det er ei stor utbygging på rundt 200 mill. kilowattimar (200 GWh, på fagspråket). Utbygginga er i det villaste naturlandskapet i sitt slag så langt vest i fylket – eit landskap som til no har vore spart for tyngre inngrep. Særmerkte landskapsformer blir degraderte/øydelagde gjennom bruk som reguleringsmagasin, og overføring/tørrlegging av elvar svekkar landskapet. Krafta som skal produserast let seg ikkje frakte ”trådlaust” til meir sentrale brukarar. Eit kraftlinjealternativ (som kommunen går inn for) inneber ei estetisk forureining av den særmerkte og vegetasjonsrike Sørebødalen – ei sjeldan naturperle. Eit anna alternativ vil gå rett over Østerbøvatnet og innom stølsområde på Bjordalsida dersom det ikkje vert gjort noko drastisk – t.d. i form av kabling. For Raudt var dette i og for seg gode nok grunnar til å gå mot utbygginga.

Rett til heiltid – no!

Raudt Høyanger forventar betre resultat frå Høyanger kommune i arbeidet mot ufrivillig deltid. Det er ingen sakleg grunn til forskjellsbehandling av oss kvinner. Vi støttar kravet om lovfesta rett til heiltid slik ein av parolane var i 1. mai-demonstrasjonen. Vi forventar at ein AP-styrt kommune realiserer dette før lovfesting må til for å sikre resultat i kommunar uavhengig av politisk styre.

I kommunen si årsmelding for 2010 står det tydeleg at 55,8 % av kvinnene går på deltid men berre 22,6 % av mennene. Det er i omsorgsyrka ufrivillig deltid er mest utbreidd. Kvinner er tilsette i låge stillingsprosentar, men arbeider likevel mykje meir. Vi går på tilkalling – må vere tilgjengelege nesten til ei kvar tid for å få så mange ekstravakter at vi nærmar oss ei full inntekt. Og er vi ikkje tilgjengelege, så minskar sjansen for å bli oppringt eller for å bli den utvalde når det ein vakker dag blir utlyst ei heiltidsstilling.

Har Norge fri klimaforskning?

Norge bruker i dag mange millionar på klimaforskning. Er dette fri forskning? Då Cicero, norsk senter for klimaforskning, vart oppretta på slutten av 80-talet, hadde dei ein formålsparagraf, som gjekk ut på at forskningsarbeidet skulle bevise at CO2 hadde påverknad på klimaet og at vi har menneskeskapte klimaendringar. Pål Presterud har uttalt at »forskningen drives frem av kritiske tilnærminger og skeptiske holdninger». Korleis kan det gå til når ein går ut med at menneskeskapt CO2 påverkar klimaet før ein har bevis for det? Her manglar både kritisk tilnærming og skeptisk haldning!

Klimaskepsis og forskninga.

Magne Dvergsdal (FrP) kjem i eit innlegg i Firda fredag 04. mai med oppsiktsvekkande påstander: Vi har ikkje noko «global warming». Heile klimakrisa kan avfeiast! Det er imponerande at det er ein tannlege frå Jølster som kjem med denne oppsiktsvekkande avsløringa. Er dei internasjonale nyhendebyråa varsla? Sjølvsagt er dei ikkje det, for Dvergsdal har ikkje oppdaga nokon ting. Han reproduserar kun gamalt tøys fra andre klimaskeptikare.

Det er forstemmande at ein høgt utdanna mann kan fare med slikt tant og fjas. Klimaforskning er nettopp det; forskning. Det vi veit om klimaendringar er ikkje dikta opp av venstreradikale på Youngstorvet slik Dvergsdal later til å insinuere. Nei det er resultata av eit århundre med forskning, frå Vilhelm Bjerknes sine oppdagingar innan meteorologi og fram til i dag. Det er konsensus blant verdas klimaforskarar at vi menneskje er i ferd med å utløyse alvorlege klimaendringar, og at det er ei av dei aller største utfordringane befolkninga på jorda står overfor ved sida av trugselen for atomkrig.

Grøn politikk

Norske politiske parti er fulle av symbolpolitikk. Nokre parti kallar seg grøne, men er dei det? Felles for desse partia er at dei ser på drivhusgassar som det som kan utslette kloden. Dei trur på at vi vil få uakseptable høge temperaturar og at temperaturauken skuldast menneskelege utslepp av CO2. På Senterpartiets landsmøte for nokre år sidan var det ein som tok til orde for at partiet måtte gå inn for å fjerne all CO2 frå atmosfæren. Det ville vere det same som å utslette alt liv på Jorda. Utan CO2 ville det ikkje vekse eit grønt strå. Det å kalle seg eit grønt alternativ og på same tid gå inn for å bruke milliardar på å få ned CO2 i atmosfæren, er direkte sjølvmotseiande. CO2 er livets gass og utan nok av den i lufta og i havet, vil vi svelte ihel. Dersom vi ikkje får bukt med overbefolkninga, vil vi trenge all den CO2 som er i atmosfæren for å auke matproduksjonen.

Trivsels-, framtids- og annleisfylket - og byen utan 1. maimarkering.

Underteikna er lukkeleg eigar av eit nyteikna Firda-abonnement som ikkje har vore aktivt stort lengre enn sidan saka om Sogn og Fjordane si konstruktivistiske leiting etter identitet – noko som kan skilje “oss” frå “dei”. Avisa i dag, 30.04.12, var innhaldsmessig den absolutt beste utgåva so langt, med fleire personar med identitet (i ein vidare forstand): noko dei kjenner tilhøyrighet til, noko større enn dei sjølv.

Send tekst og bilete til Firda:

Følgt av 1197 medlemmar.

» Arrangement til «Det skjer» (Rettleiing)

» Nytt debattinnlegg (Reglar)

» Last opp lesarbilete.

» Les og diskuter leiarartiklar

Dersom du i tillegg kryssar av for «Publiser med ropert», så vert bidraget synleg på fylkessona Fjordaglimt.no, og slik får du maksimal merksemd kring det du har på hjarta. Meir om sona

Origo Send tekst og bilete til Firda: er ei sone på Origo. Les meir
Annonse